Standardbrevmal På Bokmål
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Hydro Energi A/S Roaldkvamvegen 4244 NESFLATEN Deres ref. Vår ref. (bes oppgitt ved svar) Dato Sak nr. 2017/10102 / AOD 17.11.2017 HYDRO ENERGI A/S - SØKNAD OM DISPENSASJON TIL TILTAK I SAMBAND MED FORSTERKING AV DAMANLEGG VED HOLMAVATNET, SVR LANDSKAPSVERNOMRÅDE, HOLMAVASSÅNO BIOTOPVERNOMRÅDE, GNR/BNR, 1/4, BYKLE KOMMUNE, GNR/BNR, 68/1, 68/16, 67/14, SULDAL KOMMUNE Viser til søknad datert 13.10.2017 om dispensasjon til å gjennomføre tiltak i samband forsterking av damanlegga ve Holmavatnet. Verneområdestyret for SVR har fatta det dette vedtaket i møtet 15.11.2017. Klagerett Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet. Klaga skal sendast til verneområdestyret for vidare handsaming. Klagefristen er 3 veker frå mottak av vedtaket. Alle partar med klagerett har rett til innsyn i saksdokumenta. Skrifteleg klage skal sendast til SVR, postboks 24, 4748 RYSSTAD. Oppgi kva for eit vedtak detvert klaga på, dei endringane klagar ynskjer og grunngjeving for klaga. Dersom det vert klaga så seint at det kan vere tvil om det er klaga i rett tid, må det opplysast når brevet kom fram. Med vennleg helsing Alf Odden Verneområdeforvaltar SVR Brevet er godkjent elektronisk og sendast utan underskrift Kopi Suldal kommune, Fylkesmannen i Rogaland POSTADRESSE: BESØKSADRESSE: TELEFON: E-POST: [email protected] POSTBOKS 24 SAKSBEH: ALF ODDEN N-4748 RYSSTAD WEB: WWW.SVR.NO Side 2/11 VERNEOMRÅDESTYRET FOR SETESDAL VESTHEI, RYFYLKEHEIANE Saksfremlegg OG FRAFJORDHEIANE Arkivsaksnr: 2017/10102-0 Saksbehandler: Alf Odden Dato: 08.11.2017 Utvalg Utvalgssak Møtedato Verneområdestyret for SVR 40/17 15.11.2017 Hydro Energi A/S - Søknad om dispensasjon til tiltak i samband med forsterking av damanlegg ved Holmavatnet, SVR landskapsvernområde, Holmavassåno biotopvernområde, gnr/bnr, 1/4, Bykle kommune, gnr/bnr, 68/1, 68/16, 67/14, Suldal kommune Saksprotokoll i Verneområdestyret for SVR - 15.11.2017 Vedtak Vedtekter i tråd med innstilling Forvalters innstilling I medhald av kapittel III og kapittel IV, punkt 1.1 i Føreskrift om vern av Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde, kapittel III, kapittel IV, punkt 1 og kapittel VI, punkt 1 i Forskrift om vern av Holmavassåno biotopvernområde, samt naturmangfaldsloven sin § 48, får Hydro Energi dispensasjon til å gjennomføre forsterkingstiltak på damanlegga Dam Holmavasskilen, Dam Holmavatnet og Dam Naustdalen. Dispensasjonen omfattar tiltak som graving, sprenging, flytting og utfylling av masse, støyping, etablering av riggområder og etablering av mellombels anleggsveg under HRV, slik det er omtalt i søknaden. I medhald av kapittel III og kapittel IV, punkt 5.1, bokstav a, i Føreskrift om vern av Setesdal Vesthei- Ryfylkeheiane landskapsvernområde, kapittel III, kapittel IV, punkt 3 og kapittel VI, punkt 4 i Forskrift om vern av Holmavassåno biotopvernområde, samt naturmangfaldsloven sin § 48, får Hydro Energi dispensasjon til naudsynt motorferdsel i samband med gjennomføring av forsterkingstiltak på damanlegga Dam Holmavasskilen, Dam Holmavatnet og Dam Naustdalen. Dispensasjonen omfattar motorferdsel med anleggsmaskinar i dei aktuelle anleggsområda, samt frakt av anleggsmaskinar med båt og lekter over Holmavatnet. Anleggsarbeid og motorferdsel ved Dam Naustdalen er særleg problematisk for villreinen sin trekkaktivitet i området, og er på grensa for kva som kan tillatast i eit biotopvernområde. Hydro Energi og forvaltningssekretariatet må derfor ha ein tett dialog under planlegging og gjennomføring av anleggsarbeid og motorferdsel. Eventuelle tidsavgrensingar for motorferdsel og anleggsarbeida ved dei tre lokalitetane, avklarast nærare gjennom denne prosessen. I denne prosessen skal og eventuelle avbøtande og Side 3/11 kompenserande tiltak for å betre tilhøva for villrein og kulturminne drøftast. Ein viser elles til saksutgreiinga. Delen av søknaden som omfattar damanlegget ved Salttjørn blir ikkje handsama ettersom denne lokaliteten ikkje omfattar verna areal. Dispensasjonen blir gitt med desse vilkåra: • Riggområder og kjøretrasear over HRV skal arronderast og tilbakeførast til naturleg tilstand. Dette omfattar og utlegging av stadeigen vegetasjon for å sikre raskare revegetering. Masser og frø frå andre stadar må ikkje tilførast. • Mellombelse anleggsvegar under HRV skal arronderast slik at dei er minst mogleg synleg når vasstanden i Holmavatnet er lågare enn HRV. • Det gamle steinbrot ved Dam Holmavasskilen skal arronderast med overskotsmasse. Det skal og leggast ut stadeigen vegetasjon for å sikre raskare revegetering. • Dyregrav og hustuft i Naustdalen er viktige kulturminne, og må ikkje skadast av den mellombelse anleggsvegen ved Naustdalstjørn. • Motorferdsla på Holmavatnet og anleggsvegen skal avgrensast så mykje som råd under anleggsperioden. Saksopplysninger Bakgrunn for søknaden Syner til dispensasjonssøknad frå Hydro Energi A/S (Hydro) datert 13.10.2017, og Hydro sin orientering om planane til SVR og Suldal kommune.Hydro søkar om dispensasjon for å gjennomføre ei rekke forsterkingstiltak på dammane i Holmavatnet. Det søkast og om naudsynt motorferdsel for gjennomføring av tiltaka. Dammane ved Holmavatnet har blitt vurdert etter «Føreskrift om sikkerhet ved vassdragsanlegg». I denne prosessen vart det registeret nokre avvik i høve til føreskrifta. Dam Naustdalen og Dam Holmavatnet, som er betongdammar, mangla stabilitet mot velting og gliding, mens steinfyllingsdammen i Holmavasskilen mangla opp- og nedstraums skråningsvern og setningsboltar. Tekniske planar for utbetring av dammane Holmevatn I-IV, Holmavasskilen og Naustdalen vart planane godkjende av NVE i brev dagsett 27.05.2014. Hydro har hausten 2017 sendt søknad om arealbruksplan for damforsterkinga til NVE. NVE har sendt arealbruksplanen for Dam Holmavasskilen ut på høyring, og reknar med og sende ut planane for dei andre dammane med det første. Holmavatnet er ein del av Røldal-Suldal reguleringa frå slutten av 1960-talet, og har ein HRV på 1058 moh og LRV på 1046 moh. Dammane Naustdalen og Holmavatnet ligg langs søraustbreidda og inngår i Holmavassåno biotopvernområde, men Dam Holmavasskilen ligg lengst i søraust og innanfor ligg innanfor Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Side 4/11 Kart over dei aktuelle dammane i Holmavatnet Hydro opplyser at anleggsarbeida er planlagt gjennomført sommaren 2018. Ein reknar med og kunne starte opp arbeida tidleg i juni, og at ein treng 16 veker fram til midten av september for å gjennomføre arbeida. Arbeidet er planlagt gjennomført på dagtid, til dømes 07-19 på kvardagar og 07-14 på laurdagar. Det vil ikkje bli arbeidd på søndagar. Dam Holmavatn består av fire ulike betongdammar med ein høgde på 3 m og ei lengde på 20-150 m. Desse dammane vil få innstalert nye setningsboltar og dammane vil få ny betongpåstøyp oppstrøms eksisterande dam. Fundamentet for påstøpen må reinskast for lausmasse og laust fjell, og eksisterande betongflata skal reingjerast. Før arbeidet vert sett i gang må dammane tørrleggjast. Magasinet er normalt tappa ned i løpet av vinteren/ våren og vert derfor ikkje fylt opp over kote 1050 moh før etter nærare avtale. Det ligg att ein del av vegen frå anleggsperioden på 1960 talet på luftsida av dam II, III og IV. Det er naudsynt å jamna vegen for å få tilkomst til damfundamenta på dam I og II. Arealbruksplan Dam Holmavatnet Dam Naustdalen består av ein 4 m høg og 10 m lang betongdam. Denne skal forsterkast på same måte som Dam Holmavatn. Anleggsmaskinar vil bli frakta inn til Naustdalen med båt og lekter over Holmavatnet. Det Side 5/11 vil bli bygd ein midlertidig veg på om lag 600 m inne i magasinet frå terskel av utløpet Naustdalstjørn. Vegen vil liggja under HRV og følgja traseen som vart nytta på 1960 talet. Arealbruksplan Dam Naustdalen Dam Holmevasskilen er ein 12 m høg og 60 m lang steinfyllings-dam. Dammen skal forsterkast med eit opp- og nedstraums skråningsvern med tilfredsstillande steinstorleik. For å få gjennomført denne påbygginga, og for å oppnå tilstrekkeleg tryggleik mot utglidingar, vil dammen også bli påbygt med ei innanforliggande sone med samfengt sprengstein. I tillegg skal dammen utstyrast med deformasjonsboltar for måling av deformasjonar på damkrone og skråningar. Grensa for verneområdet går midt gjennom dammen slik at halve dammen, mellomlageret og det gamle steinbrotet blir liggande innanfor vernegrensa. Nytt riggområde og steinbrotet som skal brukast ligg rett på utsida. Steinbrotet ligg og under HRV. I samband med anleggsarbeida skal det gamle steinbrotet i verneområdet arronderast betre. Side 6/11 Arealbruksplan Dam Holmavasskilen Formell bakgrunn for vurdering og vedtak • Forskrift om vern av Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane landskapsvernområde av 28.04.2000. • Forskrift om vern av Holmavassåno biotopvernområde av 26.09.1997. • Naturmangfaldlova • Forvaltningsplan for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane, godkjent 2015 • Rundskriv om forvaltning av verneforskrifter, veileder M106-2014, Miljødirektoratet 2014 Heimelsgrunnlag Holmavassåno biotopvernområde vart oppretta ved kongeleg resolusjon 26.09.1997. I kapittel III i verneføreskrifta for Holmavassåno biotopvernområde heiter det at «Føremålet med biotopvernet er å sikre viktige trekkvegar for villreinen i fjellområdet mellom Kvanndalen landskapsvernområde og Dyraheio landskapsvernområde». Tiltak i samband med kraftutbygging i Holmavassåno biotopvernområde blir regulert av verneforskrifta kapittel IV, punkt 1, kor det heiter at det ikkje må iverksetjast tiltak som kan endre dei naturgjevne produksjonstilhøva, gjera villreinen sitt livsmiljø ringare eller hindre villreinen