Reguleringsplan for A1 Og A2 Ved Tveit, Del Av Gnr
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Reguleringsplan for A1 og A2 ved Tveit del av gnr. 18 bnr. 1 i Evje og Hornnes kommune PlanID REGULERINGSPLAN FOR A1 OG A2 VED TVEIT, DEL AV GNR. 18 BNR. 1 EVJE OG HORNNES KOMMUNE 2 Tittel Forslag til reguleringsplan for A1 og A2 ved Tveit, del av gnr.18 bnr. 1 i Evje og Hornnes kommune Prosjekt Nr. Prosjektnamn Sider 206 Tveit - fritidsbustad 20 Prosjekttype Dato Detaljplan – fritidsbustadar med parsellhage 19.10.2012 Prosjektansvarlig Kvalitetskontroll: Kontaktperson oppdragsgivar Gunhild Austjord Kathrin Hinz Sven Reiersen Ekstrakt Planen gjeld detaljregulering av 10 tomter for fritidsbustadar med høg standard. Hyttene skal byggjast ut med energi frå CraftEngine – eit kraftanlegg basert på flisfyring som produserar varme + noko elektrisitet. Utbygginga skal ha ein gjennomgåande miljøprofil, der bygningar og anlegg skal ha former og utsjånad som reflekterar energieffektivisering og ein ny hytteprofil. I tilknyting til tomtene ligg det dyrkamark som er tenkt nytta til parsellhage. Området er omfatta av godkjent områdeplan vedtatt 13.05.2011 med krav til detaljregulering og gjeld byggjeområde A1 og A2. At Plan as, 3870 Fyresdal REGULERINGSPLAN FOR A1 OG A2 VED TVEIT, DEL AV GNR. 18 BNR. 1 EVJE OG HORNNES KOMMUNE 3 Innhald 1 Bakgrunn ........................................................................................................................4 2 Planstatus .......................................................................................................................5 3 Varsel av planarbeidet ....................................................................................................6 4 Føresetnader for planarbeidet .........................................................................................8 4.1. Kartgrunnlag ...........................................................................................................8 4.2. Krav frå Evje og Hornnes kommune .......................................................................9 5 Omtale av planområdet .................................................................................................10 5.1. Generelt om arealet ..............................................................................................10 5.2. Landskap og vegetasjon .......................................................................................10 5.3. Eksisterande bygg ................................................................................................10 5.4. Veg og trafikktilhøve .............................................................................................11 5.5. Vatn ......................................................................................................................11 5.6. Naturverdiar, biologisk mangfald ..........................................................................11 5.7. Kulturminne ..........................................................................................................11 5.8. Friluftsliv ...............................................................................................................11 5.9. Skogbruksinteresser .............................................................................................11 6 Omtale av planforslag, løysingar og vurderingar ...........................................................12 6.1. Samanstilling av registreringar/analyse ................................................................12 6.2. Omtale av planforslag ...........................................................................................12 6.2.1. Energiløysing og standard på hyttene 12 6.2.2. Arealformål 13 6.2.3. Bygningar og anlegg 14 6.2.4. Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur 15 6.2.5. Landbruks-, natur- og friluftsområder 15 6.2.6. Hensynssoner 15 6.3. Vurderingar og konsekvensar av planforslaget .....................................................15 6.3.1. Konsekvensutgreiing for Tveit hyttefeltet 15 6.3.2. Hytteplassering og omfang 15 6.3.3. Byggjeskikk 15 6.3.4. Omsynet til born og unge 15 6.3.5. V/A - anlegg 16 6.3.6. Fareområde 16 6.3.7. Risiko og sårbarheit 16 6.3.8. Konsekvensar av planframlegget 17 At Plan as, 3870 Fyresdal REGULERINGSPLAN FOR A1 OG A2 VED TVEIT, DEL AV GNR. 18 BNR. 1 EVJE OG HORNNES KOMMUNE 4 1 Bakgrunn Bakgrunn for planarbeidet er utvikle eit nytt, lite hyttefelt i tilknytting til eksisterande hytteområde ved Stangeråsen på Tveit. Grunneigar av gnr. 18 og bnr. 1 er Sven Reiersen, som har vore kontaktperson for utarbeiding av detaljplanen. AT Plan AS er leigd inn for å gjere arbeidet med detaljregulering av området, for å leggje til rette for utbygging av 10 tomter for fritidsbustader. Tomtene skal planleggjast for høg sanitær standard. I feltet skal det etablerast eige, lokalt energiforsyningsanlegg – CraftEngine frå DVG, basert på flisfyring. Anlegget er ei nyvinning og skal testast ut i hyttefeltet på Tveit. Vidare er dyrkamark i området regulert til dyrkingsparsellar for fritidsbusetnaden, ut frå eit ”kolonihage” – konsept. Bilete 1: Raud, avmerket arealet er området for detaljplan Tveit. At Plan as, 3870 Fyresdal REGULERINGSPLAN FOR A1 OG A2 VED TVEIT, DEL AV GNR. 18 BNR. 1 EVJE OG HORNNES KOMMUNE 5 2 Planstatus I "Områdeplan Tveit, gnr. 18, bnr. 1, 4 og 5" er området lagt ut som byggeområde A1 og A2, med krav om detaljregulering. Overordna planar og retningsliner: Nasjonale St. meld. Nr. 26 (2006 – 2007): Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand St. meld. Nr. 21 (2005 - 2006): Hjarte for heile landet. Om distrikts- og regionalpolitikkjen Rettleiar T – 1450: Planlegging av fritidsbebyggelse Andre aktuelle retningsliner Relevante planar Kommuneplan for Evje og Hornnes 2011 - 2021 "Områdeplan Tveit, gnr. 18, bnr. 1, 4 og 5", vedtatt 13.05.2011 Bilete 2: Område O er planområde for detaljplan A1 og A2. Utsnitt frå områdeplan Tveit At Plan as, 3870 Fyresdal REGULERINGSPLAN FOR A1 OG A2 VED TVEIT, DEL AV GNR. 18 BNR. 1 EVJE OG HORNNES KOMMUNE 6 3 Varsel av planarbeidet AT Plan har vore i dialog med Evje og Hornnes kommune i førekant av arbeidet, og fekk klarsignal om oppstart av planarbeidet. Naboar, hytteeigar, Evje og Hornnes kommune og regionale myndigheitar vart varsla 26.06.2012, med frist for innsending av innspel 13. august 2012. Planarbeidet vart i tillegg kunngjort i avisa Fædrelandsvennen og på heimesida til Evje og Hornnes kommune. Det har kome inn fylgjande innspel til planarbeidet: Statens vegvesen gjer merksam på at krysset ved Fv 42 ikkje er opparbeida ennå. Ein ny utforming av krysset blir omtala i "Områdeplan Tveit" og endringa forankra i føresegnene. Vegvesen krev at denne føresegna (1.3) i tillegg til punkt 9.4 - frisiktsoner i områdeplan takast med i planen. Vegvesen minner vidare om byggjegrense frå riksvegen på 50 meter frå senterlinja ifølgje vegloven. Dei oppmodar til trafikksikre løysingar, dvs. at ein unngår kombinasjonar av element som bratt stigning, krappe kurver og lite sikt, og at siktsoner i kryss og avkøyrsel får en trafikksikker utforming. Kommentar: Føresegner om utbygging av krysset og frisiktsona er tatt med i planen. Planen følgjer vegloven om 50m byggjegrense til Fv42. Eksisterande fritidsbygg på 18/1/4 ligg 52 m frå senterlinje til fylkesvegen. Byggeområde til festetomta ligg utanfor 50m grense. Utforminga av kryss og vegar er søkt planlagt slik vegvesen tilrår. Fylkesmannen i Aust Agder viser til føresegner i områdeplanen. Dei ser det som viktig at det leggast vekt på landskapstilpassing ved utforming av planen, særlig god terrengtilpassing i samband med anlegging av veg, og at V/A anlegg og straum følgjer vegtraseen for å minimere inngrepa i området. Landbruksavdelinga synest bruk av dyrka mark til parsellhagar er ein god løsning og ber om regulering av en vegetert buffer til hyttefeltet. Fylkesmannen vidare gjer merksam på krav om gjennomføring av risiko- og sårbarhetsanalyse. Kommentar: Det er ikkje regulert buffer mellom kolonihagane og område for fritidsbusetnad. Meininga er at tomtene nærast dyrkamarka skal ha direkte kontakt med parsell til tomta. Aust Agder fylkeskommune har ingen særlege merknader og ser positiv på energiforsyningsanlegget, miljøprofil til feltet og bruken av dyrka mark til parsellhagar. Seksjon for kulturminnevern har ingen merknader til planarbeidet. Kommentar: Til vitande. At Plan as, 3870 Fyresdal REGULERINGSPLAN FOR A1 OG A2 VED TVEIT, DEL AV GNR. 18 BNR. 1 EVJE OG HORNNES KOMMUNE 7 Norges vassdrags- og energidirektoratet peikar på at delar av planområdet er innanfor område markert som fareområde for snøskred, jf. www.skrednett.no og at det må gjerast ei konkret vurdering av om det er reell skredfare. Vidare minner dei om at viss det planleggast tiltak som rører ved vassdrag, må konsekvensane av dette omtalast, som grunnlag for ev. vurdering etter vassressurslova. NVE viser vidare til rettleiingsmateriell på www.nve.no, blant anna NVEs Retningslinje nr. 2/2011 Flaum- og skred i arealplanar. Kommentar: Omsyna er søkt ivareteke i planen. Reidar Gunstensen er eiger av eigendom 18/11 (fritidsbustad) ber om å bli informert om planar og utvikling av dette prosjektet. Han har tidlegare tatt forbehold om eksisterande vatntilførsel ( brønn ) til eigedom og at denne ikkje må forringas ved planlagt utbygging. Det same gjelder også ved vegrett og tinglyst avtale om vedlikehald av denne. Kommentar: Eigedomen ligg rett på utsida av planområdet, og vil ikkje verte råka av utbygginga direkte. At Plan as, 3870 Fyresdal REGULERINGSPLAN FOR A1 OG A2 VED TVEIT, DEL AV GNR. 18 BNR. 1 EVJE OG HORNNES KOMMUNE 8 4 Føresetnader for planarbeidet 4.1. Kartgrunnlag