Årsmelding for Trusopplæringa I Kyrkjelydane I Vanylven 2017
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Årsmelding for trusopplæringa i kyrkjelydane i Vanylven 2017 DØYPE, LÆRE OG LEVE i TRU, HÅP OG KJÆRLEIK 0 - 18 Trusopplæringa i kyrkjelydane i Vanylven Tlf.70022160/91795715 TRUSOPPLÆRINGA 2017: BABYSONG FOR 0-1-ÅRSGRUPPA I ÅRAM KYRKJE Vi har hatt 11 samlingar i Åram kyrkje og totalt 8 babyar og mødrene deira var med. Samlingane startar med songstund og deretter lunsj og prat rundt bordet. Brit Irene Kvamme har hatt ansvar for songstunda og Ann Elin Hammer for lunsjen. Utfordringa er fortsatt å få fleire til å møte opp, kanskje som den einaste frå si bygd. BABYSONGGUDSTENESTE MED 1-ÅRINGAR i ÅRAM KYRKJE 5 born møtte og kosa seg på fremste benk og på madrassa i midtgongen. Vi prøvde ut for- bøn med stasjonar med lystenning og vass-kors ved døypefonten. Positive tilbakemelding- ar. Boka og CD-en «Sanger ved sengekanten» vart utdelt. HELSING TIL 1, 2 og 3 - ÅRS DÅPSDAG Det har vorte sendt ut helsing i høve dåpsdagen til 20 1-åringar, 18 2-åringar, og 12 3- åringar. Korta vi brukar vart laga for lenge sidan, og det er kanskje på tide med ei fornying? NOAH-SAMLING FOR 2-3-ÅRINGAR I ST.JETMUND Dessverre møtte berre eitt barn til denne samlinga. Vi kosa oss med dyra i Noahs Ark og fiskekakeburger til middag. Utfordringa er å få med fleire neste gong ! KVELDSSONG FOR DEI SMÅ , OPE FOR 0-5 ÅR, MEN MÅLGRUPPE 2-4 ÅR Etter at vi utpå vårparten la samlinga til kyrkjekontoret, vart vi einige om å samlast der kvar gong. Brit Irene Kvamme har kokt pølser og vore ansvarleg for songstunda. Brita Vik har spelt piano til songane. Fleire frivillige har stilt opp som sjåførar for Brita og foreldra har hjelpt til med matserveringa. Vi serverer først pølse med brød. Deretter har vi ei samling med ei bibelforteljing og songar som passar til. Sidan signala frå Molde går på at Kvelds- song eigentleg er eit kontinuerlig tiltak, har vi i haust prøvt å splitte det opp og knyte det til fleire av trusopplæringstiltaka. T.d. inviterte vi 5-åringane før hausttakkefesten og -4 åringane før 4-årsboka. Vi vil fortsetje med kveldssong, men i hovudsak knytt til andre til- tak. Fortsatt er det ei utfordring korleis få med fleire ?? 4-ÅRSBOK MED UNDRETUR I VANYLVEN KYRKJE Undreturen vart gjennomført første gong i 2016 og må seiast å vere vellukka. 13 barn fekk utdelt boka om Linda og den vesle kyrkja. Preika i gudstenesta var knytt til lottospelet som borna får utdelt, og borna fekk hjelpe til med å snu lottobrikker i stort format. Etter gudste- nesta vart det servert pølse m/brød før born og foreldra gjekk rundt på undretur. FILMKVELD MED KIRKEROTTENE FOR 5-ÅRINGAR i SYVDE KYRKJE Til den første Kirkerottesamlinga møtte det 3 kjekke jenter. Dei kosa seg med pop-corn me- dan dei såg film om kirkerottene. Dei fekk også med seg heim DVD-en om Kirkerottene og Lea Mus. Alt nytt må innøvast. Denne gongen la vi samlinga til ein kvardag kl. 17. Neste gong prøver vi laurdag ettermiddag. HAUSTTAKKEFEST OG KVELDSSONG MED 5-ÅRINGANE : I forkant av hausttakkefesten hadde vi kveldssong der 5-åringane vart spesielt inviterte. FØRSTEKLASSES OG FØRSTEKLASSES GUDSTENESTE I VANYLVEN KYRKJE Vi hadde 8 samlingar på kvar av dei 3 skulane og avslutta med felles gudsteneste i Vanyl- ven kyrkje der 1.klassingane fekk boka «Tre i eit tre» Liv Fluevåg og Karin Helgøy hadde samlingane på Fiskå skule, Brit Irene Kvamme og Magni Petra Eikrem var på Myklebust skule og Brit Irene Kvamme og Oddfrid Øvreberg på Åheim skule. Her lærte borna ymse Bibelforteljingar og songar og arbeidde med oppgåver i ei bok. På gudstenesta deltok alle med song og dans. Sidan timen på skulen vert ganske kort, har vi kome til at vi må finne ei anna arbeidsbok der borna kan gjere oppgåvene raskare og utan så mykje hjelp . ANDREKLASSEKLUBBEN I forkant av hausttakkefesten var Brit Irene Kvamme rundt på alle skulane i bussventetida . Dessverre var det ingen påmelde på Myklebust., men 13 born frå dei to andre skulane var med. Andreklassingane hadde 3 samlingar der dei arbeidde i bok med klistremerke og lærde Bibelforteljingar om Skapinga, Abraham og Moses. Fleire av andreklassingane var med på hausttakkefesten. FORTELJARSTUND FOR HEILE STORFAMILIEN OG MÅLGRUPPE 8-10 ÅR Opplegget med forteljarstund fortsette og i 2017 hadde vi 5 samlingar i Rovde Kyrkje på kveldstid kl. 18-18.45. Innhaldet er ei blanding av lokalhistorie og bibelsoge saman med salmesong. Vigdis Knardal fortel frå bøkene sine om livet i gamle dagar m.a. på Rovde- stranda og knyter desse til Bibelforteljingar. Per Knardal har teikna til, og teikningane blir viste på skjerm. Og så syng vi saman frå salme-boka. Brit Irene Kvamme leier det heile og spelar gitar til songen. Nokre gongar har vi hatt song og musikkinnslag , speidarane i Dals- fjorden har vore med, skulebarna og konfirmantane på Rovde har delteke med bering av frukt på hausttakkefest, lystenning på lysmesse m.m. Vi avsluttar med kveldsmat (Pølser med brød) og tiltaket er populært på Rovde, men dessverre er det ingen i målgruppa som har vore med frå dei andre sokna. TÅRNAGENTHELG FOR 9-ÅRINGAR I SYVDE KYRKJE Tårnagenthelg for 3.klassingar har etter kvart også vorte ein tradisjon. Marit Synnøve Nor- dal og Brit Irene Kvamme hadde ansvar for samlinga som går over to dagar og vert avslutta med gudsteneste. Mange foreldre stilte som «englevakter» Ester Sørdal og John Willy Klungre låner velvilllig vekk åkeren sin til skattejakt., men denne gongen måtte vi flytte skattejakta inn pga kraftig regnver. På gudstenesta fekk borna boka «Skatten i Liljedal» Tårnagentane får dessutan «Agentbevis» og ein Tårnagenthelg-buff. BIBELBOK TIL 4.KLASSE i VANYLVEN KYRKJE 4.klassingane fekk boka «Mi vesle Bibelhistorie» og var aktivt med i preika saman med sokneprest Ivar Austrheim. LYS VAKEN FOR 11-ÅRINGAR I ÅRAM KYRKJE Lys Vaken har vi halde på med nokre år. I år var det berre 3 påmelde og sidan kyrkjelyds- pedagogen var sjuk, valde vi å avlyse samlinga. KONFIRMANTUNDERVISNING 28 konfirmantar vart konfirmerte våren 2017. Dette året berre frå Syvde og Vanylven sokn. Desse hadde eit kjekt år med fellessamlingar og gruppeundervisning. Fasteaksjonen og turen til Selja saman med konfirmantane frå Selje var siste samling før samtalegudste- nester og konfirmasjon. I haust vart 30 nye konfirmantar presenterte og desse har fått med seg Bli-kjend-dag og Reformasjonsfest på Åram, Nattcup i Nordfjordhallen og Lysmes- ser før jul. Konfirmantane får konfirmantbibelen. Prestane har det meste av konfirmant- undervisninga, men kantor, kyrkjelydspedagog og mange frivillige har også vore med. UNGDOMSGUDSTENESTE FOR 16-17-åringane i St.Jetmund KYRKJE Ein fredagskveld i februar inviterte vi alle 16– og 17-åringane til Pizzakveld på Åheim Mi- sjonshus og fakkeltog til St.Jetmund kyrkje der vi avslutta med gudsteneste. Over 20 ung- dommar var med på Ope Hus i Misjonshuset og rundt 30 tok del på gudstenesta. Berre 4 frå målgruppa møtte, men mange av konfirmantane var med. Prestane Ivar og Eli tok an- svar for gudstenesta saman med kantor, og kyrkjelydspedagogen var ansvarleg for pizza- kvelden. Takk til snille foreldre som baka pizza! Takk også til Åheim kr. Ungdomsklubb for godt samarbeid ! SAMARBEIDSTILTAK I tillegg til trusopplæringstiltaka for dei ulike aldersgruppene har vi også hatt samarbeid med Fiskå søndagsskule - alle 4-åringar i deira område får invitasjon til søndagsskulen saman med 4-årsboka. Det same har vi med Ope Hus. Her får alle 7.klassingane invitasjon om våren til å kome på besøk for å sjekke ut kva det er for noko. Ope Hus tar nå imot ungdom frå heile kommunen ! Fleire av deltakarane på Dalsfjordleir som vert arrangert av m.a. Dalsfjord kyrkjelyd, kjem frå Syvde og Rovde. Dette er eit supert tiltak og Brit Irene og Harald Kvamme hadde i år ansvar for båttur/fisketur for ei gruppe deltakarar. 15 ungdommar frå Vanylven var dessutan med på ski-weekend til Orrenesetog på Stran- dafjellet ei helg i mars i regi av Dalsfjord sokn. Brit Irene Kvamme var med som leiar, men utan ski ! SLUTTORD Også 2017 har vore eit spanande år for trusopplæringa i Vanylven ! Nokre tiltak er enno ikkje komne i gong, men 23.01.2018 fekk vi gladmeldinga om at planen er endeleg god- kjend av biskopen! Takk til foreldre, besteforeldre og andre for flott innsats som frivillige ! Og så må vi alle snakke varmt om kor viktig det er med trusopplæring , slik at fleire kan verte med.! Den største utfordringa vår er å få fleire til å ta del !.