Innbyggarhøyring I Bryggja Knytt Til Spørsmålet Om Grensejustering Ved Endring I Kommunestrukturen I Området
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Innbyggarhøyring i Bryggja Knytt til spørsmålet om grensejustering ved endring i kommunestrukturen i området BENT A. BRANDTZÆG OG AUDUN THORSTENSEN TF-notat nr. 35/2017 Tittel: Innbyggarhøyring i Bryggja Undertittel: Knytt til spørsmålet om grensejustering ved endring i kommunestrukturen i området TF -notat nr: 35/2017 Forfatt arar : Bent Aslak Brandtzæg og Audun Thorstensen Dato: 17.08.2017 ISBN: 978 -82 -336 -0064 -8 ISSN: 1891 -053X Pris: 120 (Kan last as ned gratis fr å www.telemarksforski ng.no) Framsidefoto: Telemarksforsking Prosjekt: Utgreiing av kystkommune i området Flora, Bremanger og Vågsøy Prosjektnr.: 20170790 Prosjektle ia r: Bent Aslak Brandtzæg Oppdragsgjevar : Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Spørsmål om dette notatet kan rettast til: Telemarksforsking Postboks 4 3833 Bø i Telemark Tlf: +47 35 06 15 00 www.telemarksforsking.no Resymé: Telemarksfors king har gjennomført ei innbyggar høyring om ei eventuell grensejustering som omfattar området Bryg- gja i Vågsøy kommune, og som er knytt til ei endring i kommunestrukturen i området. Kartlegginga er basert på tele- fonintervju og Norstat AS har hatt ansvar for gjennomføring av desse. Bent Aslak Brandtzæg er utdanna geograf (Cand.polit.) frå Universitetet i Bergen. Brandtzæg har vore tilsett som forskar ved Telemarksforsking sidan 1995, og er temaansvarleg for instituttets forsking knytt til interkommunalt samarbeid og kommunestruktur. Audun Thorstensen er utdanna statsvitar og har vore tilsett ved Telemarksforsking sidan 2007. Han arbeider spesielt med forskingsprosjekt innan kommunal økonomi, med statistiske analysar og bruk av KOSTRA-data som spesialfelt. 2 Innbyggarhøyring i Bryggja Forord Telemarkforsking har på oppdrag frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomført ei innbyggar- høyring om ei eventuell grensejustering som omfattar området Bryggja i Vågsøy kommune i sam- band med at Stortinget har vedtatt oppretting av to nye kommunar i området; Stad kommune og Kinn kommune. Kartlegginga er basert på telefonintervju og Norstat AS har hatt ansvar for gjen- nomføring av desse. Telefonintervjua vart gjennomført i perioden 3.-9. august 2017. Ved Telemarkforsking har Bent A. Brandtzæg vore prosjektleiar. Audun Thorstensen har delteke i analyse- og rapporteringsarbeidet. Bø, 17.08.2017 Bent Aslak Brandtzæg Prosjektleiar Innbyggarhøyring i Bryggja 3 Innhald Samandrag ..................................................................................................................................... 6 1. Innbyggarhøyring i Bryggja .................................................................................................... 7 1.1 Om undersøkinga ......................................................................................................... 7 1.2 Om respondentane ....................................................................................................... 7 1.3 Handel .......................................................................................................................... 9 1.4 Kommunale tenester ................................................................................................... 12 1.5 Kultur- og fritidstilbod ............................................................................................... 14 1.6 Vurdering av grensejustering ...................................................................................... 17 1.7 Konklusjon ................................................................................................................. 19 Vedlegg ........................................................................................................................................ 20 Innbyggarhøyringa – resultat i tabellform ............................................................................. 20 Innbyggarhøyringa – Spørjeskjema ....................................................................................... 25 Kart over grunnkretsar og delområde i Vågsøy kommune .................................................... 27 Innbyggarhøyring i Bryggja 5 Samandrag Dette notatet presenterer ei innbyggarhøyring blant innbyggarane i Bryggja-området i Vågsøy. Stortinget har vedteke at Selje og Eid skal slåast saman til Stad kommune og at Vågsøy og Flora skal slåast saman til Kinn kommune. Høyringa er gjennomført i samband med at det skal gjen- nomførast ei vurdering av om Bryggja-området skal vera ein del av Stad eller Kinn kommune. Undersøkinga vart gjennomført i perioden 3.-9. august, og Norstat AS har hatt ansvar for gjen- nomføring av intervjua. Det vart ringt til alle innbyggarar i Bryggja i stemmerettsalder og som var registert med fasttelefon eller mobiltelefon. I alt omfatta dette 298 personar. Undersøking gav svar frå 195 av desse, noko som utgjer ein svarprosent på 65. Spørsmåla la vekt på få fram innbyggarane i Bryggja si tilknyting til kommunane i området gjen- nom arbeid, handel, kommunale tenester og kultur- og fritidstilbod. Vidare er det stilt spørsmål om kor negative eller positive dei er til å bli en del av nye Kinn eller nye Stad kommune. Resultata frå undersøkinga er relativt eintydige. Undersøkinga viser at innbyggarane i Bryggja har langt større tilknyting til Eid og Selje samanlikna med Bremanger og Flora. Ein stor del av pend- linga skjer mot Eid. Det meste av handel, bruk av kommunale tenester og kultur- og fritidstilbod som skjer utanfor Vågøy, skjer òg i Eid. Bruken av slike tilbod i Bremanger og Flora er tilnærma lik null. Resultata syner at eit klart fleirtal er positive til å bli ein del av Stad kommune (79 pro- sent), medan eit klart fleirtal og er negative til å bli ein del av Kinn kommune (84 prosent). 6 Innbyggarhøyring i Bryggja 1. Innbyggarhøyring i Bryggja Telemarksforsking har gjennomført ei innbyggarhøyring om ei eventuell grensejustering som om- fattar området Bryggja i Vågsøy kommune. Kartlegginga er basert på telefonintervju og Norstat AS har hatt ansvar for gjennomføring av desse. I dette notatet vil vi gå igjennom av resultata frå undersøkinga. 1.1 Om undersøkinga Stortinget har vedteke at Selje og Eid skal slåast saman til Stad kommune og at Vågsøy og Flora skal slåast saman til Kinn kommune. I samband med dette skal det gjennomførast ein vurdering av om Bryggja-området skal overførast til Stad kommune, og Telemarksforsking har hatt ansvar for å gjennomføre ei innbyggarhøyring blant dei som bur i området. Spørsmåla i undersøkinga er utarbeidd av Telemarkforsking i samarbeid med Fylkesmannen. Gjennom undersøkinga har det vore ønskeleg å få svar på følgjande hovudspørsmål: • Kor pendlar innbyggjarane i Bryggja til? • I kva grad nyttar innbyggarane seg av tilbod utanfor Vågsøy kommune, og kor ligg desse tilboda? o Handel o Kommunale tenester o Kultur- og fritidstilbod • Korleis stiller innbyggarane seg til å bli ein del av Stad eller Kinn kommune? Sjølve spørjeskjemaet følgjer òg som vedlegg til notatet. Det detaljerte oversynet over spørsmåls- formuleringane går såleis fram av dette. Datainnsamlinga vart gjennomført via telefonintervju. Norstat AS har hatt ansvar for gjennom- føring av intervjua. Undersøkinga omfatta alle innbyggarar med stemmerett i Bryggja-området (alle med postadresse 6711 Bryggja) 1 og som også var registrert med fasttelefon eller mobiltelefon. Undersøkinga vart gjennomført i perioden 3.-9. august. 1.2 Om respondentane I og med at det samla sett er få innbyggarar i området, var det eit mål å få svar frå så mange som muleg. Norstat fann 298 personar i stemmerettsalder i området registert med fasttelefon eller mobiltelefon. Totalt fekk Norstat svar frå 195 respondentar, noko som gjev ein svarprosent på 65. Tabell 1 gir oversikt over ein del kjenneteikn ved respondentane. 1 Postadressene er i samsvar med grunnkretsane Maurstad, Bryggja og Totland. Kart over desse er lagt i vedlegg. Innbyggarhøyring i Bryggja 7 Vi ser at det er 48 prosent menn og 52 prosent kvinner som har svara på undersøkinga. Vi ser at ein stor del er 60 år og eldre, og dermed og ein stor del som ikkje er yrkesaktive. Av dei sysselsette er det flest som arbeider i privat og kommunal sektor. Ein liten del er sysselsett i statleg og fylkes- kommunal sektor. Av dei yrkesaktive er det 55 prosent som arbeider i Vågsøy, medan dei reste- rande har arbeid utanfor kommunen. Eid er den klart største utpendlingskommunen, og 24 pro- sent av dei sysselsette har arbeid der. Det er ingen som arbeider i Flora og ein prosent som arbei- der i Bremanger. Av dei som arbeider i Vågsøy, er det 36 prosent som har sin arbeidsstad i Bryg- gja, 53 prosent arbeider i kommunesenteret Måløy og 12 prosent har sin arbeidsstad ein annan stad i kommunen. Tabell 1 Bakgrunnsvariablar. Kjenneteikn. Bakgrunnsvariablar Prosent Kjøn Menn 48 % Kvinner 52 % Alder Under 30 år 10 % 30-44 år 14 % 45-59 år 31 % 60 år og eldre 50 % Yrkesaktivitet Yrkesaktiv kommunal 15 % Yrkesaktiv fylkeskommunal 2 % Yrkesaktiv statleg 5 % Yrkesaktiv privat 36 % Ikkje yrkesaktiv 43 % Arbeidsstad Vågsøy 55 % Selje 4 % Eid 24 % Bremanger 1 % Flora 0 % Vanylven 5 % Annan kommune 12 % Arbeidssted Vågsøy Bryggja 36 % Måløy (kommunesenteret) 53 % Annan stad i kommunen 12 % I og med at ikkje alle med stemmerettsalder busett i Bryggja-området har svara, eller har hatt høve til å svare, på innbyggarhøyringa, er det av interesse å sjå nærare på i kva grad dei som har svara er representative for innbyggarane totalt sett. Vi ser at dei som har vore med i undersøkinga er rimelig representative ut frå aldersfordeling og kjønn (jf. Tabell 2 og Tabell 3). Tabell 2 Aldersfordeling mellom deltakarane i undersøkinga samanlikna med