Massedeponi Lie Planid 202005 Planomtale Datert: 10.11.2020

Til 1. gongs handsaming

Vedtak: Kommunestyret ………., sak ……

Sivilingeniør Elias Bolstad, 6876 Skjolden Reguleringsplan Massedeponi Lie side 2

Innholdsliste Planomtale ...... 1 Innleiing ...... 2 Innkomne merknader til planoppstart ...... 3 Bakgrunn ...... 5 Omtale av planområdet ...... 5 Krav om driftsplan ...... 6 ...... 8 Driftsomtale ...... 8 Støy ...... 8 Etterbruk ...... 8 Arealbruk i reguleringsplanen ...... 8 Anleggsområde ...... 8 Massedeponi ...... 8

Vedlegg: Risiko og sårbarheitsanalyse (ROS)

Innleiing Massedeponi Lie skal drivast av Lie stein og anlegg AS. Rolf Lie er dagleg leiar av selskapet og er grunneigar av det aktuelle området. Rolf Lie søkte den 07.11.2019 om dispensasjon frå arealdelen i kommuneplanen for kommune for å etablera eit massedeponi for gravemassar på gnr 123 bnr 3. Svar datert 20.11.2019 frå Rådmannen var negativt. Grunngjevinga var at det omsøkte arealet i gjeldande kommuneplan for Luster er LNF-område. Følgjeleg vil ei eventuell etablering ikkje vera i tråd med føremålet i planen. Det vart også synt til at i gjeldande kommuneplan er eit område i nær Lambhaug avsett til dette føremålet. Denne uttalen førde til at Lie stein og anlegg AS la bort etableringsplanen. Men etter kort tid tok kommunen kontakt og melde interesse for at det vert arbeidd vidare med å etablera massedeponiet.

Prosjektinformasjon Prosjektnamn Massedeponi Lie Planid 2020005 Oppdragsgjevar Lie stein og anlegg AS Representant for oppdragsgjevar Rolf Lie Plankonsulent Siv ing Elias Bolstad Oppstartmøte 11.03.2020 Oppstartvarsel i Avis 21.03.2020 Offentleg gjennomsyn i perioden 21.03. - 25.04.2020

Sivilingeniør Elias Bolstad, 6876 Skjolden Reguleringsplan Massedeponi Lie side 3 Innkomne merknader til planoppstart

Planarbeidet vart annonsert i Sogn Avis den 21.03.20. Nabo nemnd under vart varsla med e-post av 25.03.20 om oppstart av planarbeid. Dei offentlege høyringsinstansane vart også varsla med e-post.

Grunneigar/nabo: Gnr/bnr: 121/5 Ervin Morken, 6873 Marifjøra

Offentlege høyringsinstansar: Fylkesmannen i Vestland fylkeskommune Statens vegvesen, Region Vest Bergvesenet Norges vassdrags- og energidirektorat, Region Vest Luster Energiverk

Frist for å koma med merknader var sett til 25.04.20. Det har kome inn følgjande merknader til planoppstart (kommentar er skrive i kursiv):

1. Ervin Morken, motteke 23.04.20: - Det er ynskjeleg at vegetasjon mot Ervin Morken sin eigedom blir ståande som skjerming for eventuell støy og innsyn. På grunn av kvaliteten på vegen mellom Fruli og Morki vert det rekna med at massetransporten vil gå om Li.

- Merknadene vert tekne til vitande.

2. Vestland fylkeskommune, datert 24.04.20: - Vestland fylkeskommune har i dag ikkje kunnskap om automatisk freda kulturminne i tiltaksområdet. Tiltakshavar har plikt til å visa varsemd og til straks å å melda frå til Vestland fylkeskommune dersom ein under arbeidet skulle støyta på automatisk freda kulturminne.

- Det er ikkje registrert automatisk freda kulturminne i området.

3. Statens vegvesen, datert 27.03.20: - Statens vegvesen ventar at avklaringar knytt til auka bruk av dagens kryss mellom fv. 55 og Morki vil skje i dialog med Vestland fylkeskommune. Statens vegvesen ventar at avkøyrsla frå kommunal veg vert utforma med siktkrav 4x45 meter og at dette vert regulert inn i plankartet og føresegnene til planen.

- Merknadene vert teke til vitande.

4. Fylkesmannen i Vestland. datert 17.09.20: - Fylkesmannen skriv at grunna feil kjem fråsegna til oppstartvarslet først no. Fylkesmannen ser det som viktig at det som kjem fram av vurderingane i planomtalen vert innarbeidd i plankart (bruk av grønt- formål, omsynssoner m.v.) og gjennom krav i reguleringsføresegnene.

Sivilingeniør Elias Bolstad, 6876 Skjolden Reguleringsplan Massedeponi Lie side 4 - Merknadene vert teke til vitande. Det vert synt til planomtalen og reguleringsføresegnene.

5. Norges vassdrags- og energidirektorat, Region Vest, datert 20.04.20: - Dette planområdet ligg innanfor aktsemdsområde for snøskred og steinsprang, og i tillegg jord- og flaumskred. Omsyn til klimaendringar skal også vurderast. Omsynet til flaum må også sjåast i samanheng med lokal handtering av overvatn.

Det vert synt til ROS-analysen.

Sivilingeniør Elias Bolstad, 6876 Skjolden Reguleringsplan Massedeponi Lie side 5 Bakgrunn Som nemnd i innleiinga signaliserte Luster kommune at det var interesse for at Lie Stein og anlegg AS arbeider vidare med å etablera massedeponi i Li. Oppstartmøte vart halde den 11.03.2020.

Planlagd massedeponi markert med svart sirkel Omtale av planområdet Lokalisering Planområdet ligg ved kommunevegen «Liarmen» på Indre . Sør og nord for området er det gardsbruk. På vestsida er steinbrotet «Lie stein og anlegg AS» der Rolf Lie er grunneigar og deltakar i driftsselskapet. Tilkomsten er enten via kommunal veg til Mollandsmarki eller via kryss mellom «Liarmen» og FV55. Avkøyringa frå FV55 skal nyttast. Det meste av bygge- og anleggsaktiviteten i kommunen går føre seg i eller Hafslo. Fråstandane til deponiet er høvesvis ca 10 km og ca 8 km. Den beste plasseringa av deponi for gravemassar er nærast muleg anleggsstaden. Kommunen har i kommuneplanen peika på eit område i nærleiken av Lambhaug til dette føremålet. Plasseringa i Li er såleis i godt samsvar med kommuneplanen. Etter at kommunen har avslutta sitt massedeponi på Røneidsgrandane er Sivilingeniør Elias Bolstad, 6876 Skjolden Reguleringsplan Massedeponi Lie side 6 ikkje etablert noko nytt og kommunen har gjeve uttrykk for at det ynskjeleg med ein erstatning for dette.

Landbruk og landskap I NGU sitt lausmassekart består lausmassane i dette området av grunnlendte morene- avsetningar normalt mindre enn 0,5 m djupn med stadvis fjell i dagen. Berggrunnen er hovudsakleg granittisk gneis. Området er i DN sin naturbase katalogisert som barskog med høg bonitet. Sjølv om boniteten er høg, er ikkje verdien i jordbrukssamanheng spesielt høg. Skogen er mest lauvskog med spreidde furutre inn i mellom. Skogbotnen består for det meste av lyng og kratt, bregner og viltveksande bringebærplanter. Landskapet vil bli endra som følgje av deponiet. I første omgang vil skogen verta avvirka og humuslaget teke vare på. Etter avslutta drift vil lausmassane verta lagd attende og skogbotnen vil kunna verta reetablert som den er i dag.

Viltinteresser. I utmarka på Indre Hafslo er det ein bestand av hjortevilt. Ein del av hjortestammen har tilhald i nærområdet utan at akkurat dette området har nokon spesiell verdi i denne samanheng. Det er heller ikkje registrert vilttrekk gjennom området. Dessutan fører nærleiken til den trafikkerte vegen til at viltet ikkje har fast tilhald her.

Overvasshandtering. Det vert synt til ROS-analysen

Natur og friluftsliv Det er ikkje registrert av raudlista planter eller verdifulle naturtypar i planområdet. Friluftsinteressene vil ikkje verta berørde då det ikkje er turvegar og stiar gjennom området. Etter at bruken av området er avslutta vil området kunna nyttast som før.

Sårbarheit. Det vert synt til ROS-analysen.

Forureining. Deponiet vil berre ta imot reine organiske massar. Stein vert sortert ut og levert til steinbrotet for vidare handsaming. Jordmassar vil verta fråsorterte og lagra slik dei kan omsetjast til dømes til opparbeiding av tomtar og liknande. Røter og greiner vil verta kverna opp og kan såleis nyttast mellom anna til dekkmateriell eller kompostering. Det vert elles synt til ROS-analysen.

Krav om driftsplan I kommuneplanen står det under avsnittet om massedeponi at det for permanente anlegg skal liggja føre godkjend reguleringsplan. Reguleringsplanen skal innehalda krav om driftsplan som skal regulera tilhøva under og etter driftsperioden. Ein kan ikkje sjå at det er naudsynt å utarbeida ei detaljert driftsplan då området er relativt lite og einsarta. Det hallar einsidig mot vest. Det må difor fyllast frå den lægste delen. Det er planlagd å starta fyllinga med ei steinfylling for å sikra mot utgliding. Deponiet vert permanent. Massane skal sorterast. Den delen som kan nyttast enten som fyllmassar eller til jordforbetring skal omsetjast. Det er ikkje aktuelt å føra opp permanente bygningar på området. Det er heller ikkje aktuelt å lagra drivstoff ol. då steinbrotet i nærleiken er betre eigna til dette føremålet.

Sivilingeniør Elias Bolstad, 6876 Skjolden Reguleringsplan Massedeponi Lie side 7 Oversiktskart over Massedeponi Lie

Sivilingeniør Elias Bolstad, 6876 Skjolden Reguleringsplan Massedeponi Lie side 8

Driftsomtale a. Avdekkingsmassane skal leggjast til side og leggjast på toppen når området er ferdig oppfylt. b. Området er vurdert til å kunna romma om lag 60 000 m³ fast masse. c. Dersom det vert teke mot 5 000 m³ masse kvart år og 50% av desse vert omsette, vil området kunna nyttast i ca 20 år framover. d. Dersom området vert raskare fylt opp enn rekna med, kan det relativt enkelt utvidast mot aust. Rolf Lie er også eigar av dette området. Støy e. Det er ikkje spesielt støyande utstyr som skal nyttast i arbeidet. Det skal ikkje nyttast knuseverk. Stein skal eventuelt bearbeidast i steinbrotet. f. Arbeidet skal i størst muleg grad føregå i vanleg arbeidstid. g. Området ligg godt skjerma mot naboane. Skogen mot den næraste busetnaden skal ikkje fjernast. Etterbruk h. Etterbruken av området er ikkje teke som ein del av reguleringsføresegnene på grunn av at dette sannsynlegvis ligg bortimot 20 år inn i framtida. Mest sannsynleg vert bruken den same som tidlegare.

Arealbruk i reguleringsplanen

Anleggsområde Massedeponi 7,2 daa Randsone mot bekk 2,3 daa

Veggrunn -grønt- Avkøyrsle frå kommuneveg 1,6 daa område mm. Omsynssone Høge skråningar 2,1 daa Totalt (ca tal): 13,2 daa

Frisiktsona er ikkje med i arealoversikten, då føremålet ligg skravert over andre føremål.

Sivilingeniør Elias Bolstad, 6876 Skjolden