Årsmelding Sogn Og Fjordane Turlag 2009
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
ÅÅRRSSMMEELLDDIINNGG SSOOGGNN OOGG FFJJOORRDDAANNEE TTUURRLLAAGG 22000099 Deltakarar på fellesmøtet november 2009 i Skjerjehamn, Gulen kommune. Foto: Atle Holsen TILLITSVALDE I SOGN OG FJORDANE TURLAG 2009 Leiar Marino J. Ask ST Klippavegen 22 6856 Sogndal Nestleiar: Gunnar Skjølberg KT Ryland 6727 Bremanger Skrivar: Sissel Strømmen FT Båtevika 45 6900 Florø Styremedlem: Linda M. Hantveit BT- Gulen 5661 Brekke Styremedlem : Asle Veien IST Liavegen 39 c 6800 Førde Varamedlem 1: Britt Småvik YNT Gt. 6 nr. 87 6700 Måløy Varamedlem 2: Tore Sønnesyn LuT Engjadalsveg 4 6868 Gaupne Varamedlem 3: Eli Gjertsen Hjelle MNT 6770 Nordfjordeid Kurs- og Fjellsportutvalet: Leiar: Irene Befring IST Stardalen 6843 Skei i Jølster Medlem: Jorunn Vågen IST Furelia 3 b 6800 Førde Medlem: Marino J. Ask ST Klippavegen 22 6856 Sogndal Vara: Per-Henning Nybø ST Øvre Amla 27 6854 Kaupanger Naturvernutval: Leiar : Alvar Melvær IST Kvieneset 6800 Førde Medlem: Jørgen Bruheim LæT Hillegård 19 6887 Lærdal Valnemnd: Leiar: Åse Evebø INT 6783 Stryn Medlem: Atle Holsen IST 6819 Holsen Varamedlem: Arne I. Lerum ST Rusebakken 4 6856 Sogndal Rekneskapsførar: Berit Holme Revisor: Inter Revisjon Fjordane AS Styreleiar: Marino J. Ask, [email protected] Leiar Kurs-og Fjellsport: Irene Befring, [email protected] Leiar Naturvernutvalet: Alvar Melvær, [email protected] Dagleg leiar kontor: Astrid Kalstveit, [email protected] 2 Medlemstal og nye lokallag Sogn og Fjordane Turlag har samla 379 medlemer i auke og totalt i fylket 4.712 medlemer pr. 31.10.09. Dette er ein auke på 8,7% og mykje fleire enn forventa. Vi har mål å verte endå fleire medlemer, og oppretta nye lag i dei kommunane som er att. Svært gledeleg er nye Barnas Turlag i Hyllestad og Leikanger. Dei er med å auke tal innmelde born, i tillegg til alle dei 20 aktive BT-laga våre. Også driftige DNT-ung lag i Indre Nordfjord, Luster, Årdal, Sogndal og Indre Sunnfjord er viktige for å halde på dei større borna, som vert eldre og treng nye utfordringar. BaseCampen på Hoffslåttene i Gaular kommune, som vart arrangert i juni i år, var ein viktig arena for dei unge. Dette tilbodet håpar me skal bli fast arrangement kvart år. Vi helsar nye lag og aktivitetar velkomen, som skal fremje eit enkelt, allsidig og naturvenleg friluftsliv for personar i alle aldrar. Aktivitetar i Sogn og Fjordane Turlag I 2009 blei det arrangert til saman 480 heildagsturar. Tal turdeltakarar har hatt ein solid auke med heile 1.522 personar, og nærare 13.900 som har tatt del på våre turar/arrangement. Også Barnas Turlag har hatt ein fantastisk auke med rundt 3.650 og til saman 6.209 born ut på tur. Deltakarar på dei populære midtveketurane i åtte lokallag er talde med. I tillegg er turlaga arrangør eller medarrangør på dei svært populære topp-trimpostane i lokallaga Keipen, Ytre Nordfjord, Luster, Midtre Nordfjord, Lærdal og Årdal og Flora. 135.049 personar har vitja desse postane i 2009. Hyttene Hyttene har jamne gode tal besøk, men Fuglesteg er den store vinnaren med 4000 dagsbesøk og 450 overnattingar. Tal overnatting på Målsete har dobla seg og svært gledeleg. Ny hytte Råkeneset er teken i bruk av Sogndal Turlag i år og har hatt bra oppstart med 30 overnattingar og 150 dagsbesøk. Longevasshytta hadde 20 års jubileum i år og 207 overnattingar og 149 dagsbesøk registrert. 4 fellesturane i regi av Sogn og Fjordane Turlag (SFT) vart gjennomførde og hadde til saman 140 deltakarar Kontoret SFT har i 2009 hatt dagleg leiar Astrid Kalstveit i 80 % stilling og ope fire dagar i veka frå tysdag-fredag. I månadane mars – august blei kontoret drifta med vikar Helene H. Bergvatn som tilsett. Dagleg leiar har hatt eit lengre sjukefråvær dette året, og vi er takksame for at Helene kunne ta over på kort varsel. Turinteresserte finn vegen inn for å kjøpe varer, melde seg inn i turlaget og på kurs. Samarbeidet med lokallaget Indre Sunnfjord Turlag er svært godt, og kontoret vert nytta til lager og mindre møte av dei. Dagleg leiar har vidare delteke og førebudd årsmøte, styremøta, fellesmøte og klargjort alle sakspapir til utsending i samråd med styret og styreleiar Marino J. Ask. Vidare har den tilsette vore på Dagleg leiar samling i Oslo, der representantar frå heile landet tek del. Styreleiar tok del på styreleiarsamling i Harstad i slutten av oktober. Turprogrammet 2009 er utforma av dagleg leiar og sendt til alle m.a. husstandar i fylket. Marino J. Ask har hatt hovudansvaret for det innhaldsrike Turmagasinet, i lag med redaksjonsgruppa. Turmagasinet blei trykt og distribuert i mai månad. Nettsida, www.turistforeningen.no/sognogfjordane/ - media Dagleg leiar har hatt ansvar for SFT si nettside med layout, bilde og tekst og det er stor auke i mengd saker lagt ut i 2009. Lenkje direkte til alle lokallaga ligg på venstre side på hovudsida vår. Nettsida vår er informativ med mange og store bilete i tillegg til tekst om nyhende og aktivitetar. Målet er å forbetre sida og få inn endå meir 3 nyhendestoff. SFT ynskjer å få eigne sider oppe å gå i laga Keipen og frittståande BT lag. Vi ynskjer at alle laga skal ha malen DNT har utforma for bruk av nettside. Turlaga kan registrere stadig auke innslag i lokalaviser og NRK Sogn og Fjordane. Laga er stadig framme i media med turomtalar og referat frå dei mange turane våre og alltid krydra med masse flotte bilete. Spesielt stor ros til dei mange lokale BT-laga våre for hyppige turreferat. Slikt vekkjer merksemd og mange ser kva med steller med og får lyst ta del og starte lag i sin kommune. Spesielt vil eg rose dei nye laga sine omtalar nye styre og turar, slik at innbyggjarane kan lese om nye tilbod i sin kommune SFT er også ofte framme i media om naturvernsaker. Marino har gitt oss mykje positiv omtale av turlagsarbeidet i presseoppslag, og Astrid har hatt omtale om innhald turprogram på radio og i aviser. Møteverksemd Årsmøte blei avvikla på Skei hotell laurdag 24. januar. 25 personar var tilstades og Heidi Vallestad hadde innlegg om BaseCamp og DNT ung satsing i fylket. Også Anne Rudsengen var tilstades og tok imot innspel til nytt Turmagasin. Marino J. Ask fekk fornya tillit som styreleiar. Terje Eggum frå Sogn Avis var tilstades under heile møtet. Heile årsmøtelyden samla på Skei. Foto Terje Eggum SA Styret har halde 7 styremøte dette året og desse har vore på møterom i Førde Postgard. Styreleiar, Dagleg leiar, Linda M. Hantveit og Alvar Melvær frå SFT var tilstades på heile og deler av DNT sitt Landsmøte i Bergen 4.-7. juni. Fellesmøtet blei arrangert i Skjerjehamn 7.-8. november og 23 påmelde til denne samlinga. Marie Brøvig Andersen, DNT ung, var gjest og fyldig referat nede i årsmeldinga. Kurs- og Fjellsport, SFT Kurs- og Fjellsportutvalet har i 2009 vore samansett slik: Leiar: Irene Befring,Indre Sunnfjord Turlag Styremedlemmar: Jorunn Vågen, Indre Sunnfjord Turlag ” Marino J. Ask, Sogndal Turlag Varamedlem Per- Henning Nybø, Sogndal Turlag Sjå eiga årsmelding! Telemarkkurs, Sogn Kom deg ut dag. Kajakk kurs i Bulandet i juni. Grunnleggjande turleiarkurs i Jølster. 4 Naturvernutvalet Naturvernutvalet har i 2009 vore samansett slik: Alvar Melvær, Flora Turlag, leiar. Jørgen Bruheim, Lærdal Turlag Sjå eiga årsmelding! Nytt BT-lag i Hyllestad Oppstart 29. september i Kommunehuset i Hyllestad. F.v. bak: Eva Mette Høie, dagleg leiar SFT Astrid Kalstveit, Sigrid Solberg, Solfrid Andersen og Linda Hantveit BT- kontakt i fylkeslaget og leiar BT-Gulen. Sitjande framme med Turbo, Halvar Horne, som får med seg Eva Mette, Sigrid og Solfrid i nytt interimsstyre. Bilete til høgre er frå fyrste turen i Kvernsteinsparken, som samla over 100 små og store til bål, mat og tur. Nytt BT-lag i Leikanger Oppstart 19. november heime hjå Anne Lise Breidvik i Leikanger. Linda formidla viktig informasjon. F.v. Torbjørn Hasund, Sigve Takle, Lise Olsmo Oen, Anita Instefjord og Anne Lise Breidvik. Fellessamling BT-laga i Gåsvær Referat frå BT-kontakt SFT, Linda M. Hantveit Sogn og Fjordane Turlag arragerte si andre fellessamling for Barnas Turlag, 15.-16. august, og Solund Barnas Turlag var vertskap. Eit inspirerande og spennande turprogram var lagt for helga, men samla berre 6 vaksne og 6 barn i frå Solund, Gulen og Florø. Me kom til Krakhella i striregn og frisk bris, men turgleda var det ingen ting å seie på. Første stopp var Lauvika der aktivitet i fjøra stod på programmet. Her fann ein både padde i stien ved vika , og i fjøresteinane fann ein krabbar og skjel. Der plukka me ei bøtte med hjarte- og blåskjel som me seinare skulle ha på kveldsmenyen. Så gjekk turen vidare til turlags hytta Råkenes. Der var det felles lunsj, og me koka oss kakao og kaffi å varma oss på. 5 Vidare tok me turen til Avløp og der fekk me prøve fiskelykka, medan me ventar på båtskyssen til Gåsvær. Fiskelykke hadde me også, og på kroken fekk me både ein blåstål og ein heller sjeldan kutling. Så dette var spennande for både liten og stor, og i det me høyrer båtduren og snurrar inn snøret, kjem det ei flott havørn og seglar over fjorden. Framme på Gåsvær venta Anne- Marie med nykokt fiskesuppe, og det var ein smakfull start på ei helg her ute i havgapet. Så var Turbo klar for båttur igjen og trekking av krabbeteiner. Fangsten var så stor at her måtte både liten og stor hjelpe til for å få fangsten om bord. Spennande blei det også når alle skulle få lære seg teknikken og halde dei store krabbane. Til tider blei det nok vel spennande, men me reiste alle heim igjen utan blåe fingrar! Så var det klart fort havets festbord med kreps, reker, krabbe, hjarte- og blåskjel m.m.