Høyring Mot Utbygging Av Vindkraft I Kvinnherad
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Olje- og energidepartementet v/ ekspedisjonssjef Andreas H. Eriksen og underdirektør Anja Skiple Ibrekk Postboks 8148 Dep 0033 Dep Husnes, 30.09.2019 Høyring mot utbygging av vindkraft i Kvinnherad Olje- og energidepartementet si høyring av NVE sitt forslag til ei «Nasjonal ramme for vindkraft på land» (NVE rapport nr. 12-2019, OED ref. 19/511). 1 Innhold 1. Vår oppmoding til høyringa ............................................................................................................. 3 2. Om Kvinnherad Turlag .................................................................................................................... 3 3. Om Kvinnherad kommune: ............................................................................................................. 6 4. Informasjon om aktuelle områder ................................................................................................. 8 4.1 Blådalen / Fjellhaugenområdet ..................................................................................................... 8 4.1.1. Friluftsliv, skifjell, sommarturmål, hytter, kulturminne og friluftslivturisme, fugle- og dyreliv 8 4.1.2. Oppsummering .............................................................................................................. 12 4.2. Uskedal-, Husnes-, Valen- og Utåkerfjella ............................................................................. 13 4.2.1. Friluftsliv, turisme, kulturminne, naturtypar, konsekvensar for naboar, lokalitetar av fugle- og dyreliv ............................................................................................................................. 13 4.2.2. Oppsummering .............................................................................................................. 23 4.3. Borgundøy, Fjelbergøy og Halsnøy ........................................................................................ 25 4.3.1. Halsnøy .......................................................................................................................... 25 4.3.2. Fjelbergøy ...................................................................................................................... 27 4.3.3. Borgundøy ..................................................................................................................... 28 4.3.4. Oppsummering .............................................................................................................. 30 5. Kva har vorte vektlagt i arealanalysane for Kvinnherad................................................................ 33 6. Argumentasjon mot utbygging av vindkraft i Kvinnherad ............................................................ 37 6.1. Storleverandør av grøn energi .............................................................................................. 37 6.2. Reiselivsdestinasjon og friluftsliv .......................................................................................... 37 6.3. Vinterfriluftsliv, isingspotensial og fare for iskast ................................................................. 38 6.4. Fugleobservasjonar og dyreliv ............................................................................................... 39 6.5. Konsekvensar for folkehelse, folketal/tilflytting ................................................................... 39 7. Direkte negative konsekvensar av vindkraftutbygging ................................................................. 40 8. Alternative kjelder til grøn energi og moglege positive ringverknader ........................................ 41 9. Andre dilemma ved utbygging av vindkraft på land ..................................................................... 42 10. Oppsummering .............................................................................................................................. 43 Takk til Sven Løkeland, Nicolas Rodriguez, Sigvald Robberstad, Sigve Solheim og Mari Teigen Varanes for viktige bidrag i arbeidet med denne høyringsuttalen. Takk til alle andre som har bidrege med viktig informasjon og lån av bilder. 2 1. Vår oppmoding til høyringa Olje- og energidepartementet skriv i høyringsbrevet, 1.april 2019: «Departementet ønsker innspill til NVEs forslag til nasjonal ramme og til om det bør fastsettes en nasjonal ramme for vindkraft i Norge». I det same høyringsbrevet står det «NVE har lagt vekt på unngå konflikter med viktige naturområder, og tatt betydelige hensyn til aktuelle tema, for eksempel friluftsliv, støy, fugle- og dyreliv, kulturminner og reindrift». Me vil orientere departementet om at NVE ikkje har tatt tilstrekkeleg omsyn til aktuelle tema som friluftsliv, folkehelse, støy, samanhengande naturområder med urørt preg, fugle- og dyreliv, landskap, kulturminner og samla last/sumverknader i den overordna prosjektstyringa i «ramma». Me ber difor departementet leggje til grunn innspelet vårt til saka, og me ber om at areala i Kvinnherad kommune vert tatt ut av ramma. Me meiner at det føreligg verdiar og omsyn i Kvinnherad kommune som NVE i sitt forslag i rapport nr. 12-2019 ikkje har vektlagt, men som det ville vere naturleg at ein la vekt på sjølv i analyser på eit overordna nivå. Me vil oppmode departementet om å setje seg godt inn i regionen og dokumentasjonen som vert lagt fram her i fråsegna frå Kvinnherad Turlag. Når det gjeld det prinsipielle spørsmålet om “det bør fastsettes en nasjonal ramme for vindkraft” i Noreg, så meiner me at det ikkje bør fastsetjast eit geografisk kart med «utpeikte områder». Det er ikkje tatt omsyn til «nasjonale og vesentlige regionale interesser» i områda i Kvinnherad, som inngår i føreslått utpeikt område. Det er heller ikkje tatt tilstrekkeleg omsyn til viktige lokale verdiar i kommunen. Det er heller ikkje tatt omsyn til samla last eller allereie tildelte energikonsesjonar i regionen. Me kan ikkje slutta oss til at desse områda vert fastsatt som del av eit utpeikt område i «Nasjonal ramme for vindkraft på land». I denne fråsegna vil vi peike på og dokumentere kva “nasjonale og vesentlige regionale interesser” som ikkje er vektlagt i rapport nr. 12-2019 for Kvinnherad sin del. Me forventar at departementet tek omsyn til dette og følgjer dette opp i den vidare prosessen. 2. Om Kvinnherad Turlag Kvinnherad Turlag er ein av dei største organisasjonane i Kvinnherad kommune med 966 medlemmer. Turlaget er eit lokallag av DNT og Bergen og Hordaland Turlag. Me har turar tilpassa barnefamiliar, ungdom, fjellsportsinteresserte og seniorar. Nærmiljøet i Kvinnherad gjev rikeleg høve til turar på sjø 3 og land, til fots, på ski eller sykkel. Den storfelte Kvinnherad-naturen gjev òg utfordringar for dei som ønskjer å driva med bre- og fjellsportsaktivitetar. Utbygging av vindkraftverk i Kvinnherad er ein direkte trussel mot desse formidable friluftsmoglegheitene som finst i Kvinnherad-naturen. Kvinnherad Turlag har gjeve innspel til høyringa 22.10.2018 i samband med NVE sitt arbeid med analyseområder. Då «Nasjonal ramme for vindkraft på land» vart presentert, der Kvinnherad framleis var del av planen, oppretta Kvinnherad Turlag Facebook-gruppa «Nei til vindmøller i Kvinnherad». Denne gruppa har i dag (27.09.19) 4748 medlemmer. 12.mai 2019 arrangerte turlaget «Støttemarsj for naturen». Her stilte vel 200 turgåarar og viste si støtte mot vindkraftutbygging i Kvinnherad-naturen. Politikarar og andre engasjerte haldt appellar, blant andre Høgre-ordførar Peder Sjo Slettebø, som sa at «Kvinnherad har gitt frå seg nok natur til fornybar energi. No er det nok» (nrk.no, 12.05.2019). Støttemarsj for naturen, 12.05.2019. Foto: Nils Gausvik. 4 Støttemarsj for naturen, 12.05.19. Foto: Mari Teigen Varanes. 28.05.2019 arrangerte Kvinnherad Turlag eit folkemøte om vindkraftutbygging. Festsalen i Kulturhuset var full, det var stort engasjement, mange appellar, og samtlege politiske parti i kommunen kunne fortelje innbyggarane at dei var imot vindkraftutbygging i kommunen (Kvinnheringen.no, 29.05.19). Dette viser også høyringssvaret frå Kvinnherad kommune. Etter folkemøtet vart det oppretta ei aksjonsgruppe i samarbeid med Kvinnherad Turlag. Denne aksjonsgruppa har jobba aktivt i fleire månadar med å spreie informasjon til innbyggjarane, og har oppmoda til motstand mot vindkraftutbygging i kommunen. Aksjonistane har vorte tekne svært godt imot, og inntrykket er at det generelt er stor motstand mot vindkraftutbygging blant innbyggarane i Kvinnherad, noko også Norfakta si undersøking viste, der 74 % sa at dei var imot og 15 % sa at dei ikkje hadde gjort seg opp ei meining (Kvinnheringen.no, 02.06.19). 5 3. Om Kvinnherad kommune Kvinnherad kommune er ein del av det utpeikte området «Sunnhordland og Haugalandet» i forslaget frå NVE til «Nasjonal ramme for vindkraft på land», jf. rapport nr. 12-2019. Kvinnherad kommune inngjekk også i arbeidet med analyseområde 15. Det same arealet er vidareført som del av NVEs forslaget til område 51; den nordaustlege delen av området. På s. 170 i rapporten med forslag frå NVE, så går det fram at «Den nordøstlige delen av området består av spredte arealer med til dels krevende topografi og viktige friluftslivsområder». I Kvinnherad inngår 676 km2 (inkl. fjord og øyer) av arealet til kommunen i det utpeikte området. Kommunen har eit landarealet som er 1043 km2, og inkluderer vi fjordane er arealet på kring 1500 km2. Område 51 «Sunnhordland og Haugalandet» er skildra på ss. 169-174 i forslaget til NVE. Figur 1 Kommunar i område 51 «Sunnhordland og Haugalandet». Kvinnherad kommune er utheva i gult. 6 I Kvinnherad er alt 90 % av vasskrafta