Sunnfjord kommune ArkivsakID: 20/3398 JournalpostID: 20/9553 Saksbehandlar: Liv Janne Bell Jonstad

Dato: 10.03.2020

Saksframlegg

Saksnr. utval Utval Møtedato 052/20 Formannskapet 19.03.2020

Planprogram for kommune sin samfunnsdel i kommuneplanen 2020 - 2032 - høyring og offentleg ettersyn

Vedlegg i saka: 11.03.2020 Planprogram Kommuneplanen sin samfunnsdel 2020 - 1342088 2032

Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak:

Med heimel i pbl § 11-13 vert framlegg til planprogram, dagsett 11.03.20, sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 20.03 – 01.05.20. Planprogrammet omtalar arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel 2020 - 2032, samt planstrategi for perioden 2020 – 2024.

Samstundes vert det, med heimel i pbl § 11-12, varsla oppstart av arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel 2020 – 2032 og planstrategi for perioden 2020 – 2024.

Behandling i Formannskapet 19.03.2020:

Avrøysting: Kommunedirektøren sitt framlegg vart samrøystes vedteke

FORM-052/20 Vedtak: Med heimel i pbl § 11-13 vert framlegg til planprogram, dagsett 11.03.20, sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 20.03 – 01.05.20. Planprogrammet omtalar arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel 2020 - 2032, samt planstrategi for perioden 2020 – 2024.

Samstundes vert det, med heimel i pbl § 11-12, varsla oppstart av arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel 2020 – 2032 og planstrategi for perioden 2020 – 2024.

Bakgrunn for saka: Kommuneplanen sin samfunnsdel er kommunen sin overordna plan for utvikling av samfunnet og organisasjonen. Det må no utarbeidast ein slik plan for Sunnfjord kommune.

Sunnfjord kommune må også utarbeide ein planstrategi som er ei oversikt over kva planoppgåver som bør vidareførast eller starte opp for å legge til rette for ønska utvikling i kommunen dei komande 4 åra. Plan- og bygningslova (pbl) stiller krav om at kommunen vedtek ein planstrategi innan eit år etter at nytt kommunestyre er konstituert.

Pbl § 4-1 set krav om planprogram som skal leggast ut på høyring og offentleg ettersyn samstundes med varsel om oppstart og kunngjering av arbeidet. Fristen for uttale er seks veker.

Saksutgreiing: Kommunane Førde, , og Jølster vart Sunnfjord kommune frå 01.02.20. Den nye kommunen må no utarbeide kommuneplanen sin samfunnsdel for å gje det nye kommunestyret og administrasjonen ei retning å styre etter. Planen skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for samfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon (pbl § 11-2). Planen har eit 12-års perspektiv.

I tillegg skal kommunen, innan eitt år etter at nytt kommunestyre er konstituert, vedta ein planstrategi. Vanlegvis startar kommunen arbeidet med planstrategi først og får vedtak på denne, før vi utarbeider kommuneplanen sin samfunnsdel. Dersom Sunnfjord kommune skulle følgje ein slik prosess, ville vi truleg ikkje fått vedteke ein samfunnsdel før 2. halvår 2021, som er halvvegs i kommunestyreperioden. Ettersom vi er ein nyetablert kommune, er det tenleg å få utarbeidd både planstrategi og samfunnsdel så raskt som råd, slik at både kommunestyre og administrasjonen får ei klar retning å styre og arbeide etter.

Pbl § 10-1, fjerde ledd opnar derimot opp for at ein kan utarbeide og vedta ein planstrategi samtidig med – og som ein integrert del av samfunnsdelen. Sunnfjord kommune legg derfor opp til ein slik prosess i forslag til planprogram.

Planprogrammet som er utarbeidd, skisserer korleis vi tenkjer at planarbeidet skal skje. Den synleggjer val av tema, problemstilling og satsingsområde i planen, den gjer greie for sentrale utviklingstrekk og forventningar, og den seier noko om prosessar kring medverknad i planarbeidet.

Val av tema og problemstilling: Kommuneplanen sin samfunnsdel skal legge føringar for korleis vi ynskjer at Sunnfjord kommune skal utvikle seg – både som samfunn, men også som organisasjon.

Dei 4 kommunestyra i Førde, Gaular, Jølster og Naustdal vedtok i 2015 ein intensjonsavtale for samanslåingsprosessen. Denne intensjonsavtalen seier noko om målsettingane med å slå seg saman og korleis vi ynskte å utvikle organisasjonen og samfunnet Sunnfjord kommune. Sjølv om Sunnfjord kommune no er etablert, må vi likevel jobbe vidare for å nå målsettingane i intensjonsavtalen. Målsettingane er sentrale for dei utfordringane kommunen står overfor også i dag, og vi meiner dei er svært relevante å jobbe vidare med. For å avgrense omfanget av planarbeidet, ynskjer vi derfor å bygge vidare på intensjonsavtalen når vi utarbeider forslag til kommuneplanen sin samfunnsdel. Sunnfjord kommune har også utarbeidd visjon og verdiar for kommunen som organisasjon. Visjonen er: «Saman blir vi drivande gode». Verdiane er EIN: Engasjert, Inkluderande og Nær. Desse vert i dag aktivt nytta internt i organisasjonen for å styrke fellesskapskjensla og for å vise retning for korleis vi ynskjer å vere overfor innbyggjarane våre. Vi tilrår derfor å byggje vidare på desse når vi legg målsettingar for korleis vi skal utvikle oss som organisasjonen Sunnfjord kommune. «Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2019 – 2023» slår fast at FN sine 17 berekraftsmål skal vere ein del av grunnlaget for samfunns- og arealplanlegginga i kommunane. Desse må såleis bli ein integrert del av planarbeidet. Oppsummert ynskjer vi derfor å legge til grunn at arbeidet med planstrategi og Sunnfjord kommune sin samfunnsdel til kommuneplanen skal bygge på: · Intensjonsavtalen for Sunnfjord kommune · Sunnfjord kommune sin visjon og verdiar · FN sine berekraftsmål

I tillegg syner utviklingstrekk og utfordringar at kommunen særleg må rette merksemda mot: demografiske endringar, klimaendringar, globalisering, urbanisering, digitalisering, omsorg, inkludering, stadutvikling, næringsutvikling og sosial berekraft (folkehelse). Tidlegare felles interkommunale planar vert også sentrale å integrere i den nye kommuneplanen. Dette gjeld særleg Strategisk næringsplan for Sunnfjord for perioden 2019-2022 og Interkommunal plan for klimaomstilling som vart vedteken i 2019. Medverknad: Plan- og bygningslova stiller krav til ein minimum av medverknad i samband med kommuneplanarbeidet. Medverknad er ofte ein suksessfaktor for ein vellukka og folkeleg forankra kommuneplan, men slike prosessar er ressurskrevjande.

Vi legg opp til ein relativt rask planprosess og dette utfordrar oss når det gjeld medverknad. Vi foreslår derfor at vi nyttar eksisterande strukturar (råd, utval, nærmiljøråd, elevråd m.v) i medverknadsprosessane. Det vil bidra til at Sunnfjord kommune lukkast med ein effektiv planprosess, samstundes som at brei innbyggarmedverknad er oppretthaldt.

Metodar vi vil nytte i medverknadsprosessane er: · Tradisjonelle metodar (folkemøte, workshops, facebook) · Orientering og drøfting med eksisterande råd og utval, samt aktuelle elevråd · Digitale innspel t.d. gjennom spørjeundersøking · Planforum: medverknad og samarbeid med fylkeskommune, fylkesmann og andre statlege og regionale aktørar

Organisering og framdrift: Organisering av planarbeidet og opplegg for utgreiingar er skildra i planprogrammet. Framdriftsplanen legg opp til at kommuneplanen sin samfunnsdel med planstrategi vert vedteke i nov-20.

Utarbeiding av framlegg til planprogram er gjort av ei administrativ arbeidsgruppe, og val av tema og problemstillingar har vore drøfta i leiargruppa. Kommunedirektøren rår til at det vert varsla oppstart av arbeid med planstrategi og kommuneplanen sin samfunnsdel 2020 – 2032, og at planprogrammet vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn.

Førde, den 10.03.2020

Ole John Østenstad Øystein Høyvik kommunedirektør Prosjektleiar