Styrets Melding Desse Utgjorde Styret For
Styrets melding Desse utgjorde styret for Havforskingsinstituttet i 2008: Leiar Otto Gregussen, Trondheim Nestleiar Lisbeth Berg Hansen, Bindalseidet Fiskeridirektør Liv Holmefjord (frå oktober) Fiskeridirektør Peter Gullestad (til og med september) Professor Lars Walløe, Oslo Generalsekretær Jan Skjærvø, Norges fiskarlag Førsteamanuensis Turid Moldenæs, Tromsø Reidun Ann Støle, Haugesund Magnus Johannessen, representant for dei tilsette, Havforskingsinstituttet Kathrine Michalsen, representant for dei tilsette, Havforskingsinstituttet Varamedlemmar: Mette Strand, Lakselv Arne Pedersen, Vestre Jakobselv Kjellrun Hiis Hauge, 1. vara for vitskapleg personell Karin Boxaspen, 2. vara for vitskapleg personell Guri Nesje, 1. vara for teknisk/administrativt personell Helene Pedersen, 2. vara for teknisk/administrativt personell Styret ved Havforskingsinstituttet vert oppnemnt av eigaren, Fiskeri- og kystdepartementet. Dette styret hadde sitt første år arbeidsår i 2008 og det vart eit år utfordrande år for instituttet. Styret hadde sju møter og hovudtema gjennom året var utvikling av handlingsplan for operasjonalisering av instituttet sin strategi. Havforskingsinstituttet sin strategi vart vedteken i 2006 og gjeld til 2011. Handlingsplanen som styret vedtok i desember 2008 definerer tre faglege satsingsområde: akvakultur og kystsona med målsetting å leggje grunnlag for forvalting av dei marine økosystema i kystsona når det gjeld berekraftig fangst, fiskeri, havbruk, energiutvinning og rekreasjon havområda for å forske og gi råd for ei berekraftig forvalting av økosystema Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen ytre påverknad med formål å forske, overvake og gi råd om effekten av tilførsel av framandstoff (forureining) og annan type ytre påverknad knytt til menneskeleg aktivitet i hav- og kystområde Gjennom 2008 viste det seg og at dei økonomiske utfordringane i drifta av instituttet var store. Auka bunkersutgifter på grunn av høge oljeprisar og høge prisar på nødvendige vedlikehaldsoppgåver på fartøya våre gjorde det naudsynt med sterkt fokus på styring av drifta.
[Show full text]