Kartlegging Av Naturtypar I Fræna Kommune
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Kartlegging av naturtypar i Fræna kommune Rapport J. B. Jordal nr. 5-2005 Utførande konsulent: Kontaktperson/prosjektansvarleg: ISBN-nummer: Biolog John Bjarne Jordal John Bjarne Jordal 6610 Øksendal epost: [email protected] 82-92647-06-6 Oppdragsgjevar: Kontaktperson hos oppdragsgjevar: År: Fræna kommune Kjell Lode før mai 2004, deretter 6440 Elnesvågen, tlf. 71 26 81 00 May Britt Bjerke 2005 Referanse: Jordal, J. B. 2005: Kartlegging av naturtypar i Fræna kommune. Rapport J. B. Jordal nr. 5-2005. 140 s. Referat: Det er utført kartlegging av prioriterte naturtypar og raudlisteartar i Fræna kommune etter ein fastsett, nasjonal metodikk. Slik kartlegging skal utførast i alle kommunar for å betra det lokale kunnskapsgrunnlaget. Det er avgrensa og skildra 145 naturtypelokalitetar frå hovudnaturtypane havstrand/kyst, kulturlandskap, myr, ferskvatn/våtmark, skog, berg/rasmark og fjell. Fleirtalet av desse er nye basert på feltarbeid, rundt 31 var i den tidlegare Naturbasen til fylket, og ein del fleire fanst i litteraturen. Det er gjort 157 funn av 43 nasjonale raudlisteartar av lav, mosar, ferskvassblautdyr, planter og sopp. Materialet er presentert dels i rapportform, dels i database. Fræna kommune har 11 verneområde, 2 i myr, 2 i ferskvatn og 7 på havstrand. Dei er oppretta for å ta vare på plante- og/eller fuglelivet. I tillegg er Stavikvassdraget omfatta av Verneplan IV. Fræna sitt særpreg er særleg innanfor naturtypane havstrand med fleire store og viktige lokalitetar, ferskvatn/våtmark med rike kulturlandskapssjøar og viktige bekkedrag, skog med edellauvskog, gammal lauv- og furuskog, berg og rasmark med artsrike nordvendte kystberg og kalkrike fjellområde med rik, basekrevande flora. Av 57 prioriterte naturtypar nasjonalt er 37 funne i Fræna, noko som viser ei heilt uvanleg stor spennvidde. Emneord: Biologisk mangfald Prioriterte naturtypar Planter Kulturlandskap Sopp Myr Mose Skog Lav Havstrand Virvellause dyr Fjell Fugl Ferskvatn Framsidebilete: Øvst t.v.: Ved Kryssvatnet står den nordlegaste barlinden i Noreg, berre nokre meter frå kommunegrensa til Molde. Innfelt: nærbilete av barlindgrein. Øvst t.h.: Slåtteeng på Skutholmen ved Vikan. Dette er fiskarbonden sitt tradisjonelle landskap. Innfelt: slimjordtunge, ein av dei svært sjeldne beitemarkssoppane som veks her. Midten t.v.: Nordsida av Talstadhesten er vidt kjent blant botanikarar for ein utruleg rik flora av til dels kalkkrevande artar. Innfelt fagbotanikaren Leif Malme ved sommarhuset sitt i Malmefjorden. Han har skrive ei omfattande avhandling om Talstadhesten, og er truleg den som har gjort mest for den botaniske utforskinga av kommunen. Midten t.h.: Utsikt frå Talstadhesten mot Farstad med Langvatnet, Frelsvatnet og Hostadvatnet. I Hustadvassdraget finst fylkets største bestand av den freda elvemuslingen (innfelt). Nedst t.v.: Frå Hustadmyrane mot Aslaksteinen. Strandflata mellom Stavika, Bud og Hustad har eit av dei største myrområda i låglandet i heile Noreg. Fjellrekkja med Aslaksteinen har mykje edellauvskog (med alm og hassel) og ein rik flora av varmekrevande planter. Dessutan har desse fjella ei rekkje oseaniske (fuktkrevande og frostvare) artar av mosar, lav og planter. Nedst t.h.: Marianøkleblom er velkjent frå hagar, men i vill tilstand er det berre to veksestader i fylket: sanddynene på Farstad og Skotten. Sanddyner er sjeldne så langt nord. Mange spesialiserte sanddyneplanter er sørlege og varmekrevande, og fleire av dei har nordgrensa si i Fræna. Alle foto: John Bjarne Jordal ©. 2 FØREORD Forvaltning av natur har tidlegare i særleg grad vore eit statleg ansvar, men kommunane vil no gradvis få ein større del av dette ansvaret. Etter at Noreg slutta seg til Konvensjonen om biologisk mangfald i 1993 har Stortinget bestemt at alle norske kommunar skal gjennomføra ei kartlegging av viktige naturtypar for å styrka vedtaksgrunnlaget i det lokale planarbeidet, jf. St. meld. nr. 58 (1996-97) og St. meld. nr. 42 (2000-2001). Dette arbeidet går no mot slutten både i Møre og Romsdal og resten av landet. Fræna kommune har motteke statleg tilskot til dette arbeidet og også løyvd eigne midlar. Denne rapporten er laga på oppdrag av Fræna kommune av underteikna. Arbeidet er finansiert av Fræna kommune og Møre og Romsdal fylke. Rapporten er basert dels på samanstilling av kjent kunnskap og dels på innsamling av ny kunnskap gjennom feltarbeid og kontakt med folk. Materialet er systematisert etter ein fast metodikk som gjeld for heile landet. Det er meininga at rapporten skal kunne brukast som eit kunnskapsgrunnlag i både offentleg og privat planlegging. Forfattaren ønskjer å takka alle som har bidratt med opplysningar, både lokalt og elles. Jordalsgrenda 11.01.2005 John Bjarne Jordal prosjektansvarleg 3 INNHALD SAMANDRAG................................................................................................................................................................ 8 INNLEIING .................................................................................................................................................................. 13 BAKGRUNN............................................................................................................................................................... 13 KVA ER BIOLOGISK MANGFALD?........................................................................................................................... 13 VERDIEN AV BIOLOGISK MANGFALD .................................................................................................................... 13 TRUGSMÅL MOT DET BIOLOGISKE MANGFALDET............................................................................................... 13 FORVALTNING AV BIOLOGISK MANGFALD I KOMMUNANE ............................................................................... 14 FORMÅLET MED RAPPORTEN ................................................................................................................................. 15 NOKRE ORD OG UTTRYKK ...................................................................................................................................... 15 METODAR OG MATERIALE................................................................................................................................... 17 INNSAMLING AV INFORMASJON............................................................................................................................. 17 AVGRENSING, VERDSETTING OG PRIORITERING ................................................................................................. 18 PRESENTASJON ........................................................................................................................................................ 20 NATURGRUNNLAG................................................................................................................................................... 21 LANDSKAP M.M........................................................................................................................................................ 21 KLIMA ....................................................................................................................................................................... 21 GEOLOGI ................................................................................................................................................................... 21 LAUSMASSAR ........................................................................................................................................................... 22 NATUR- OG BIOGEOGRAFISK PLASSERING ........................................................................................................... 22 NATURTYPAR ............................................................................................................................................................ 24 HAVSTRAND/KYST................................................................................................................................................... 24 KULTURLANDSKAP ................................................................................................................................................. 25 MYR........................................................................................................................................................................... 25 FERSKVATN .............................................................................................................................................................. 26 SKOG ......................................................................................................................................................................... 26 RASMARK, BERG OG KANTKRATT ......................................................................................................................... 27 FJELL ......................................................................................................................................................................... 28 LOKALITETAR .......................................................................................................................................................... 29 1 LANGØYVÅGEN NATURRESERVAT (STRANDENGER, UNDERVASSENGER).................................................... 29 2 YTRE HOEMSVÅGEN (STRANDENGER)............................................................................................................... 29 3 INDRE-HOEMSVÅGEN (STRANDENGER,