Fv. 61 8 Og Fv. 620 I Selje Kommune, Utgreiingsoppdrag - Bestilling
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Sogn og Fjordane fylkeskommune Askedalen 2 6863 LEIKANGER Behandlande eining : Sakshandsamar / telefon : Vår referanse : Dykkar referanse : Vår dato : Region vest Eli Marita Vik Næss / 57655744 1 6/58908 - 1 3 05.04.201 7 Fv. 61 8 og fv. 620 i Selje kommune, utgreiingsoppdrag - bestilling Vi viser til dykkar brev av 06.01 .201 7. Vedlagt følgjer notat av 31 .03.201 7 for fv. 61 8 og fv. 620, flaskehalskartlegging med vedlegg. Vegavdeling Sogn og Fjordane Med helsing Svenn Egil Finden avdelingsdirektør Eli Marita Vik Næss Dokumentet er godkjent elektronisk og har difor ingen handskrivne signaturar . Postadresse Telefon: 02030 Kontoradresse Fakturaadresse Statens vegvesen Askedalen 4 Statens vegvesen Region vest firmapost - [email protected] 6863 LEIKANGER Regnskap Postboks 43 Postboks 702 6861 LEIKANGER Org.nr: 971 032081 981 5 Vadsø Statens vegvesen 31 .03 .201 7 Notat Til : Sogn og Fjordane fylkeskommune Frå : Statens vegvesen Region vest Kopi til : Bestilt av: Bjarte Sandal , plan - og forvaltningsseksjonen Utarbeidd av: Otto Eikeset , planseksjonen, ressursavdelinga Fv. 6 1 8 og fv.620, flaskehalskartlegging Grunnlag for Regional transportplan 201 8 - 2027 Innleiing I samband med revisjon av Regiona l transportplan (RTP) ønskjer Sogn og Fjordane fylkeskommune at Statens vegvesen utarbeider eit notat om fv. 61 8 Almenningsfjellet – Eide og fv. 620 Årsheimstranda frå kryss fv. 61 8/620 i Kjødepollen til kryss fv. 620/631 i Sandvika i Selje kommune. På desse strekningane er det i dag flask ehalsar og krevjande par ti som legg hindringar for vidare utvikling i Selje kommune. På Stadlandet har næringslivet problem med å få tilført gods av ei viss lengde fordi fv. 620 er smal og uoversikteleg. Fv. 61 8 er til tider tungt belasta med vogntog frå Pelagia Selje. Elles er v egen mykje brukt som pendlarveg mellom Selje og Måløy. Selje kommune ønskjer å sette fokus på desse strekningane i samband med rev isjon av Regional transportplan, og har difor vore delaktige i utarbeiding av notatet. Fylkeskommune ønskjer å få oversik t over følgjande: • Flaskehalsar som er til hinder for næringstransport og arbeidsreis er. Kva kan g jerast med desse flaksehalsane? • Smale og uoversiktlege punkt på fv. 61 8 og fv. 620 med behov for betre framkome og sikt. Kva tiltak kan gjerast på desse ? • Eventuelt behov for nye/større møteplassar på dei to strekningane . • Eit overslag på kostnader for dei aktuelle tiltaka. Som grunnlag for å utarbeide dette notatet er det laga ei samanfatti n g der ein har lista opp dei fleste problemområda på dei to fylkes vegane. Ein har ikkje utført kostnadsvurdering for alle tiltaka, men ein har tek ut nokre av dei punkta som ein ser på som prekære å få utbetra på kortare sikt . Det er som tilleggsinformasjon i notatet lista opp ein del tiltak som går direkte på drift - og vedlikehald. Dei to viktigaste tiltaka er fjerning av vegetasjon (skog) langs veg, primært i kurver, og oppsetting av rekkkverk. Desse tiltaka påverkar dei aktuelle vegstrekningane direkte med tanke på trafikktryggleik. Tiltaka er kostnadskrevjande. Dei er difor nemnde i dette notatet. 2 Figur 1 : Oversiktskart fv.61 8 Allmenningsfjellet - Eide (ill.: Statens vegvesen). 3 1 .0 3 .201 7 3 Figur 2 : Oversiktskart fv.620 Kjødepollen - Sandvika (ill. : Statens vegvesen) Fv.61 8 Allmenningsfjellet - Eide Grunnlagsdata • I Nasjonal vegdatabank er det registrert følgande årsdøgertrafikk for strekninga Allmenningsfjellet - Eide : o Allmenningsfjellet - Flatraket, ÅDT = 600, 9 % tunge , år 201 6 o Flatraket - Eide, ÅDT= 400 , 1 0 % tunge , år 201 6 Strekninga er på om lag 33 km og f artsgrense er i større grad 60 eller 80 km/t . Framtidig trafikk på fv. 6 1 8 vil henge saman med utviklinga i denne delen av Selje kommune. Vert busetnad og næringsaktivitet som i dag forventar ein at trafikken held seg stabilt på dagens nivå. Vert det auka busetnad og næringsaktivitet, reknar ein med at trafikken vil auke. Stadt skipstunnel vil få innverknad på trafikkmengda på strekninga. Kor mykje dette vil utgjere er på følgande tidspunkt ukjent . Om ein kun ser på trafikkprognosar for fylkesvegane i Sogn og Fjordane rekna 1 0 år fram i tid, vil ein få følgande trafikktal på strekningane: 3 1 .0 3 .201 7 4 o Allmenningsfjellet - Flatraket, ÅDT= 684 , 9 % tunge , år 2027 o Flatraket - Eide, ÅDT= 456 , 1 0 % tunge , år 2027 Dagens vegstandard Fv.61 8 mellom Allmenningsfjellet og Eid følgjer i større grad dei fire fjord armane Sørpollen, Nordpollen, Barmsundet og Moldefjorden. T errenget på innsida er ofte sidebratt. Det er fleire flaskehalsar på vegen som er til hinder for båd e næringstransport og person t ransport . Kombinasjonen av smal veg og skarpe kurver er mykje av årsaken til dette. Vegen har til tider s mal vegbane, mange stadar under 5 meter og det manglar møteplassar . Grøftene langs vegen er ofte trange. Særleg gjeld dett e der vegen passerer terrengformer som gjev høge skjeringar på innsida. Dess e gjev og utfordringar for drift med tanke på nedfall av stein og is samt overflate vatn. Gjennom dei fleste k urvene på strekninga er ikkje sikt a framover tilstrekkeleg . Særleg er d et sideterrenget som gjev utfordringar med dette, men og mykje vegetasjon (skog) som står inn mot vegbana hindrar for sikta. Fleire stader er rekkverket av dårleg kvalitet (låg støypekant). Sidan vegen i større grad følgjer sjøkanten medførerer dette ei n større risiko for utforkøyring til sjø og då i særskild grad i ytterkurvene . Dagens kryss ved Eide har i dag ei uheldig og trafikkfarleg utforming og bør på sikt byggjast om til eit t - kryss med trafikkøy og passeringslomme . Figur 3 : Sørpollbakkane på fv. 61 8. Smal veg og få møteplassar (foto: Statens vegvesen). 3 1 .0 3 .201 7 5 Figur 4: Sikthindrande vegetasjon i kurve (foto: Statens vegvesen). Figur 5: Kryss ved Eide . Uheldig utforming (foto: Statens vegvesen) 3 1 .0 3 .201 7 6 Utfordringar for fv.61 8 Dei viktigaste utfordringane er: • Redusert framkomst pga. punktvis dårleg vegstandard (smal, svingete, sikthinder ) • For få eller dårleg utforma møteplassar • Topografi • Ulykker, spesielt utfork ø y ringsulykker Mål for fv.61 8 Statens vegvesen legg til grunn desse måla for strekn inga: • Auka trafikktryggleik . Fokus på å hindre utfork ø y ringsulykker og møteulykker i kurver. Rekkverk er eit viktig trafikksikkerheitstiltak i dette. • Betre framkomst for å styrkje konkurransekrafta i nærings livet og for å bidra til samanknyting av felles bu - og arbeidsområde gjennom å fjerne dei verste flaskehalsane på strekninga. Utbetringa kan skje gjennom å utvide vegbane på aktuelle punkt eller utbetre/byggje nye møteplassar. Flaskehalsar med kostnadsoverslag på fv.61 8 Det er lite truleg at det vert aktuelt å utbetre heile strekninga til vegnormalstandard. Ei full utbetring vil bety store inngrep og innløysing av mange eigedomar. På strekninga er d et valgt ut nokre konkrete punkt som det er gjort grove kostnadsoverslag på, basert på erfaringsprisar fo r liknande anlegg . Det er såleis ikkje utført fullverdige kostnadsoverslag, og feilmarginen kan vere stor (pluss - minus 20 til 40 %). Ei samanfatting av dei fleste problemområda finn ein som vedlegg til dette notatet. Dei fleste tiltaka vi l krevje reguleri ngsplan etter plan - og bygningslova. 1 Sørpollbakkane Breiddeutvide vegbane til 6,5 kr 35 500 000 meter. I ei lengde på om lag 640 meter. Tungt terreng. Skjeringshøgde 1 0 - 1 5 meter. 2 Flatraket - Seljeneset Etablere to nye møteplassar kr 940 000 på strekninga og utbetre to eksist. 3 Seljeneset - Håvik Etablere fem nye møteplassar kr 1 360 000 på strekninga 4 Kvernevik nord - Breiddeutviding av veg til 6,5 kr 1 0 300 000 Vetrhusstranda meter over ei strekning på om lag 1 350 meter. Utbetringa går gjennom eit område med ein del 3 1 .0 3 .201 7 7 busetnad. Lett til middels tungt terreng. 5 Rundereims s tranda Utviding av vegbane og kr 1 830 000 grøfter gjennom tre kurver og utbetring av ein møteplass. Middels til tungt terreng. Samla kostnad kr 49 930 000 Oversikt over kostnader for fem utbetringstiltak på fv.61 8 Fv.620 Kjødepollen - Sandvika Grunnlagsdata • I Nasjonal vegdatabank er det registrert følgande årsdøgertrafikk for strekninga Kjødepollen - Sandvika: o ÅDT = 350, 1 0 % tunge , år 201 6 Strekninga er på om lag 22 km og f artsgrense er vekselsvis 60 og 80 km/t . Framtidig trafikk på fv. 620 vil henge saman med utviklinga i denne delen av Selje kommune. Vert busetnad og næringsaktivitet som i dag forventar ein at trafikken held seg stabilt på dagens nivå. Vert det auka busetnad og næringsaktivitet, reknar ein m ed at trafikken vil auke. Stadt skipstunnel vil få innverknad på trafikkmengda på strekninga. Kor mykje dette vil utgjere er på følgande tidspunkt ukjent. Om ein kun ser på trafikkprognosar for fylkesvegane i Sogn og Fjordane rekna 1 0 år fram i tid, vil ei n få følgande trafikktal på strekningane: o Kjødepollen - Sandvika , ÅDT= 400, 1 0 % tunge , år 2027 Dagens vegstandard Fv.620 mellom Kjødepollen og Sandvika følgjer Vanylvsfjorden nord over . Terrenget på innsida er variabelt, men ofte sidebratt. Ein passerer fleire mindre grender på strekninga med nærføring både mot driftsbygningar og bustadhus. Det er mange flaskehalsar på vegen som er til hinder for både næringstransport og persontransport. Vegen har til tider særs s mal vegbane, mange stadar ned mo t 3,5 meter og møteplassane er få eller har dårleg utforming. Vegen har dårleg bærevne og fleire stader er 3 1 .0 3 .201 7 8 det tydelege teikn på kantskadar. Grøftene langs vegen er ofte trange og lite hensiktmessige . Særleg gjeld dette der vegen passerer terrengformer som gjev høge skjeringar på innsida. Gjennom dei fleste kurvene på strekninga er ikkje sikta framover tilstrekkeleg, særleg er det sideterrenget som gjev utfordringar med dette, men og mykje vegetasjon (skog) som står inn mot vegbana hindrar for sikt.