Sakshandsamar, innvalstelefon Vår dato Vår referanse Øistein Aasland, 5557 2322 21.01.2015 2014/10533 432.3 Dykkar dato Dykkar referanse

Jakob H. Eitrheim Eitrheim 68 5750

Løyve til gjenreising og flytting av tuft for nedbrent hytte/jakt-/fiskebu på gnr. 155, bnr. 1, festenr. 9 - Fiskos ved Litlosvatnet i herad innanfor Hardangervidda Nasjonalpark. Søkjar: Jakob H. Eitrheim.

Fylkesmannen gjev Jakob H. Eitrheim løyve til gjenreising og flytting av tuft for nedbrent hytte/jakt-/fiskebu på gnr. 155, bnr. 1, festenr. 9 - Fiskos ved Litlosvatnet i Ullensvang herad etter verneforskrifta for Hardangervidda nasjonalpark. Det er sett vilkår til løyve.

Vi viser til søknaden, datert den 11. aug. 2014, og til brev frå Ullensvang herad datert den 27. aug. 2014. Og til målsette teikningar, datert 3. sept. 2014 frå Høyer Odda AS.

Det vart halde synfaring på staden den 12. aug. 2014, der Ullensvang herad, Ullensvang fjellstyre, Tilsynsutvalet i , Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland var representer. Vi viser elles til saksdokumenta.

Bakgrunn for søknaden Hytta til Jakob H. Eitrheim ved Fiskos, Litlosvatnet brann ned den 2. aug. 2014. Han søker difor om å få gjenreise hytta. Den nedbrente hytta var på om lag 25m². Eigar søkjer no om å få setje opp ei ny hytte på 34m². Hytta skal innehalda to soverom, gang, hems og stove. Han ynskjer å endra på plasseringa av hytta om lag 20 til 30 meter sør-aust for der den opphavlege hytta stod, slik at hytta no vert sett på fast grunn. Den gamle hytta låg slik i terrenget at snøen tynga ned hytta og grunnmuren seig ut.

Vår vurdering Fylkesmannen viser til verneforskrifta og til Forvaltningsplanen for Hardangervidda nasjonalpark (godkjent av Miljødirektoratet i jan. 2011). Det er pkt. 4.1.3a. i verneforskrifta; «Ombygging av bygningar innanfor eksisterande grunnflate» som må nyttast i denne saka, saman med pkt. 4.1.3b. «Mindre tilbygg til bygningar». Pkt. 4.1.3a seier at; «Dersom bygningar innanfor verneområde vert øydelagt av brann eller naturskade, skal ein normalt gje løyve til nytt bygg med same storleik. Dersom det er ønskjeleg med ein ny plassering av bygget, skal dette avklarast i samråd med eigar.»

Saka har vært på høyring hos Tilsynsutvalet i Hordaland. Dei fatta følgjande samrøystes vedtak i sak TUV-017/14 frå møte den 27. okt. 2014:

Statens hus E-post: Miljøvern- og klimaavdelinga Kaigaten 9, 5020 Bergen [email protected] Postboks 7310, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Internett: Org.nr: 974760665 Telefaks: 55 57 28 51 www.fylkesmannen.no/hordaland «Med bakgrunn i saksutgreiinga tilrår Tilsynsutvalet i Hordaland at søkjar får løyve som omsøkt, med fylgjande villkår:  Takvinkelen vert justert til 28°  Innvendig takhøgd vert justert til 200 cm  Kledningen skal beisast med ein nøytral farge.  Det auka arealet skal dekka alle uthusfunksjonar som lager og toalett.  Reint trevirke kan kappast opp og brukast som ved. Anna bygningsavfall må leverast til godkjent mottak.  Byggjeprosjektet må vera ferdig innan utgangen av oktober 2017. Det vert gjeve løyve til motorisert ferdsel etter søknad og innsending av godkjent byggjeløyve frå kommunen.»

Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet handsama saka i arbeidsutvalet og kom med ein uttale i brev av 15. sept. 2014; «Villreinnemda for Hardangerviddaområdet har ut i fra villreinhensyn ingen kommentarer til søknaden. Vi ber om at det tas hensyn til villrein i forbindelse med transport av materialer og under byggeperioden.»

Hordaland fylkeskommunen kom med ein kulturminnefråsegn, datert 4. des. 2014. Til grunn for sin uttale la dei vekt på at; «Den omsøkte bygningen er ca. 25 m2 og vert utvida til ca. 32,5m2. Mønet har tilnærma same retning som i terrenget som den brende hytta. Plasseringa på ei lita forhøgning i landskapet er etter vår vurdering ikkje i strid med landskapsomsynet. Det nye tiltaket er godt løyst både i hovudform og detaljar. Hordaland fylkeskommune er positiv til at det vert søkt om atterreising og flytting av tuft for nedbrend hytte ved Litlosvatnet. Konklusjon: Hordaland fylkeskommune meiner det nye byggetiltaket på gnr. 155, bnr. 1, festenr. 9 ved Litlosvatnet i Ullensvang herad kan aksepterast og vil ikkje rå i frå omsøkte tiltak.»

Det var som nemnd ein synfaring den 12. aug. 2014 der søkjar, Ullensvang herad, Ullensvang fjellstyre, Tilsynsutvalet i Hordaland, Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland var representer. Vi fekk då sett på staden den gamle hytta hadde stått - branntomta. Vi såg på ulike alternativ for plassering Opprinnelig hytte av ny hytte. Det blei lagt ned (nedbrent) fire steinar som indikerte hjørnepunkta for den plasseringa vi fann mest hensiktsmessig på staden. Ca ny plassering av hytte Denne staden ligg om lag 20- 25 meter søraust for branntomta. (sjå flyfoto henta frå Statens Kartverk)

2 Søknaden om å gjenreise og flytte tufta for nedbrent hytte/jakt-/fiskebu på gnr. 155, bnr. 1, festenr. 9 - Fiskos ved Litlosvatnet i Ullensvang herad er og vurdert etter naturmangfaldlova §§ 8-12.

§ 8 kunnskapsgrunnlag: Fylkesmannen meiner vi har eit godt kunnskapsgrunnlag i denne saken. Vi har vore på staden, der vi har sett tuftene etter den nedbrente hytta. Vi såg og på konkrete stader der det kunne være aktuelt å byggje opp ny hytte. Fiskos ved Litlosvatnet ligg i teig 3. Teigen skal oppretthaldast som eit relativt urørt naturområde utan tyngre tekniske inngrep. Det skal takast omsyn til villreinen sin bruk av området i sommarsesongen. Vi ser ingen fare for at den omsøkte gjenreisinga og flytting av hytta vil påverke villreininteressene eller området sin urørthet, da bruken av området er etablert ved at hytta blei oppført allereie i 1917. Dei landskapsmessige verknadane vert heller ikkje så store sjølv om hytta vert flytta om lag 20-25 meter mot søraust, og at den vert utvida med nokre kvadratmeter i høve til den opphavlege hytta.

§ 9 føre-var-prinsippet: Slik vi ser det vil det ikkje være fare for at den omsøkte gjenreisinga/flyttinga og utvidinga vil ha ukjende, store negative konsekvensar for verneverdiane.

§ 10 økosystemtilnærming og samla belastning: Vi kan ikkje sjå at det omsøkte tiltaket vil auke den samla belastninga for området i nokon grad.

§ 11 kostnadene ved miljøforringing skal berast av tiltakshavar: Vi ser ikkje at det er relevant å vurdere dette, då det ikkje er stor fare for miljøforringing ved gjennomføring av tiltaket.

§ 12 miljøforsvarlege teknikkar og driftsmetode: Byggjeavfall etter byggjearbeidet må handterast på ein forsvarleg måte. Det er viktig at søkjaren planlegg anleggsperioden og transporten slik at verknaden av arbeidet og transporten vert så liten og kortvarig som mogleg. Utover dette har vi ingen merknader til dette punktet. Motorferdsle i samband med transport av byggemateriale til hytta må avklarast med Tilsynsutvalet i Hordaland.

Vedtak Fylkesmannen gjev Jakob H. Eitrheim løyve til gjenreising og flytting av tuft for nedbrent hytte/jakt-/fiskebu på gnr. 155, bnr. 1, festenr. 9 - Fiskos ved Litlosvatnet i Ullensvang herad etter verneforskrifta for Hardangervidda nasjonalpark. Løyvet er gjeve med heimel i verneforskrifta for Hardangervidda nasjonalpark pkt. 4.1.3a. «Ombygging av bygningar innanfor eksisterande grunnflate» som må nyttast i denne saka, saman med pkt. 4.1.3b. «Mindre tilbygg til bygningar».

Det vert sett følgjande vilkår til løyvet:  Tufta for gjenreisinga av ny hytte skal flyttast om lag 20-25 meter mot søraust (sjå flyfoto med innteikningar - lenger oppe).  Hytta kan ha ein maks storleik på 5,1 x 6,5 meter (målt utvendig), dvs. om lag 34 m². Det skal byggast i samsvar med teikningar frå Høyer Odda as, datert den 3. sept. 2014, med unntak av takvinkel og høgde opp til raftet (sjå lenger ned).  Innvendig høgde (frå grunnmur og opp til raftet) skal ikkje vera høgare enn 200 cm.

3  Takvinkelen skal vera mellom 22 og 28 grader. Taket kan tekkast med shingel/takpapp, treverk eller torv. Takutstikk skal vera så små som mogleg, og fylgje lokal byggjetradisjon i området.  Hytta skal liggje så lågt i terrenget som mogleg.  Grunnmuren skal forblendast med stein frå området.  Det skal nyttast liggjande, kanta kledning, som skal beisast i ein farge som gjer at bygget vert minst mogleg synleg i terrenget, eller det kan stå ubehandla - slik at det får ein naturleg gråning.  Do-, bod- og lagerfunksjon skal innlemmast og løysast inne i hytta.  Reint trevirke kan kappast opp og brukast som ved. Anna bygningsavfall må leverast til godkjent mottak.  Byggjearbeid og riving skal vere avslutta og plassen rydda innan 1. oktober 2017.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet av part i saka eller andre med rettsleg klageinteresse, jf. forvaltningslova § 28. Klagefrist er 3 veker etter at ein er kjent med vedtaket. Klage skal stilast til Miljødirektoratet, men skal sendast til Fylkesmannen i Hordaland.

Med helsing

Magnus Johan Steinsvåg Øistein Aasland seniorrådgjevar seniorrådgjevar

Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift.

Kopi til: Ullensvang herad Statskog SF v/Kristin A. Midtmageli Tilsynsutvalet i Hordaland Villreinnemnda for Hardangerviddaområdet Hordaland fylkeskommune v/ kulturminne SNO-Hardangervidda v/Knut Nylend Miljødirektoratet

4