Stig- Og Løypeplan
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Stig- og løypeplan 2012 - 2015 Vedtatt av kommunestyret juni 2012 Samandrag Plangrunnlag og prosess: Arbeidet med første generasjon skiløypeplan starta i 2006 med bakgrunn i kommunal forskrift om motorferdsel i utmark og vassdrag. Kommunestyresak 21-07 avklarte kommunen si administrative og økonomiske rolle i samband med skiløyper og turstigar. Vedtatt landbruksplan (2009 – 2012) har utarbeiding av stig- og løypeplan som høgt prioritert tiltak. Utkast til stigplan (stigar, sykkelruter og ridestigar) var på foreløpig høyring i 2010. I og med at det framdriftsmessig låg til rette vart stigplan og skiløypeplan slege saman til stig- og løypeplan. Dette var både temamessig og ressursmessig ei god løysing m.a. med auka fokus på tidlegløyper og heilårsløyper/fleirfunksjonsløyper. Planen blir knytt til kommunens plansystem ved revidering av kommuneplanens arealdel. Visjon: Friluftsliv for alle – for samfunn og næring Hovudmål: • Friluftsliv skal vera viktig grunnlag for helse, trivsel og identitet • Friluftsliv skal vera viktig opplevingsprodukt for reiselivet • Friluftsliv skal vera med å legga grunnlag for utviklinga av tilleggsnæring i landbruket. • Natur- og kulturmiljø, landbruk og andre brukarinteresser skal ivaretakast gjennom heilskapstenking og berekraftig tilrettelegging. Hovudpunkta i planen: • Organisering – samarbeid. Planen omtalar organisering og samarbeid mellom kommune, løypelag og grunneigarane. ” Det er i samarbeid med grunneigarane utarbeida rammeavtale for turstigar og skiløyper. Tilsvarande er det utarbeida avtale mellom løypelaga og kommunen som definerar rollefordeling og ansvar. • Stigplan har gjennomgåande hovudruter for fottur og sykkel aust – vest og nord – sør som hovudsatsingsområde. Planen har også fokus på universell tilrettelegging, toppturar, vassdragsnært friluftsliv, lokale tur og kartområde samt merking, skilting og informasjon. ”Støl i mellom” er sentralt omgrep i samband tilleggsnæring og reiseliv. • Skiløypeplan har utvikling av Danebuløypa, heilårsløyper/fleirfunksjonsløyper, tidlegløyper samt tekniske tiltak (bruer) som hovudsatsingsområde. Felles system for klassifisering, skilting og informasjon er framheva som sentralt for turoppleving, sikkerheit og reiselivsprodukt. Innovativ fjellturisme’ sin modell for klassifisering, skilting og info er framheva med bakgrunn i utprøving i Yddin – Javnlie løypelag sitt område.. • Friluftsområde er definert og verdisett med utgangspunkt DN – handbok 25/04. Resultat syner at kommunen har stort mangfald av friluftsområde (funksjonsområde) med høg kvalitet. Eit særpreg er kulturlandskapet i stølsfjellet som gjev ein ekstra dimensjon til turopplevinga. • Motorferdsle – transportløyper – verneområde – sårbare / stille mråde: Transportløyper er vurdert i forhold til vernevedtak for Langsua. Enkelte mindre justringar av transportløype ut frå behov og omsyn til turgåarene. Løyver blir heretter tildelt parallelt med revisjon av løypeplan. Elles er det framlegg om å vidareføra eksisterande leigekjørarordning. Framlegg om definering av området nord for Vinstern og aust for FV51 som ”sårbart/stille” område. • Handlingsprogram – omtalar tilskotsordningar og andre finansieringskjelder. For planperioden 2012 – 2015 er 38 tiltak oppført i handlingsprogram. Kostnadene med tilrettelegging av stigar, sykkelruter, rullestolløyper og skiløyper er utrekna til 3, 7 mill. kr. 2 Forord Arbeidet med utarbeiding av fyrste generasjon skiløypeplan starta 2006 med bakgrunn i kommunal forskrift om motorferdsel i utmark og vassdrag, jfr. pkt. 3 bokstav b. Kommunestyresak 21-07 avklarte kommunen si administrative og økonomiske rolle i samband skiløyper og turstigar. Arbeidet med stigplan starta i 2010 med foreløpig høyring. I forkant var det i samband med oppstart av planarbeidet nedsett arbeidsgrupper for ulike tema (stigar, sykkelstigar og ridestigar). Det vart gjennomført opne møte og arbeidsmøte. Landbruksplan (2009 - 2012) har innafor temaet arealbruk utarbeiding av stig- og løypeplan som høgt prioritert tiltak. I og med at det framdriftsmessig låg til rette for det vart skiløypeplan og stigplan slege saman til stig- og løypeplan. Dette var både ressursmessig og temamessig ei god løysing m.a. med bakgrunn i auka fokus på tidlegløyper og heilårsløyper/multifunksjonsløyper. Innleiingsvis er det halde informasjonsmøte/arbeidsmøte og det er motteke ei rekke innspel frå løypelag, andre lag/organisasjonar samt enkeltpersonar. Det er gjennomført synfaringar/synfaringsmøter i samband med innspel og foreløpig høyringsuttale. Kistefoss skogtenester har vore engasjert til å utarbeide delar av plandokument. Fagavdeling for næring og miljø har vore fagleg og administrativt ansvarleg for utarbeiding av planen. Stor takk rettast til alle som bidrege til arbeidet. Dersom ikkje anna er opplyst har kommunen teke foto og utarbeidd illustrasjonar brukt i planen. 3 1 Planstatus og planforankring................................................................................................... 5 2 Nasjonale og regionale rammer.............................................................................................. 5 2. Organisering og samarbeid................................................................................................... 10 3. Natur- og kulturgjevne føresetnader for friluftsliv............................................................... 12 4. Visjon og hovudmål ............................................................................................................ 12 5. Stigplan................................................................................................................................. 12 5.1 Foreløpig høyring........................................................................................................... 12 5.2 Stignett ........................................................................................................................... 13 5.2.1 Status stignett .............................................................................................................. 13 5.2.2 Hovudsatsingsområde turstigar.................................................................................. 13 5.3 Sykkelnett....................................................................................................................... 14 5.3.1 Status for sykkelnett.................................................................................................... 14 5.3.2 Hovudsatsingsområde for sykkelruter......................................................................... 14 5.4 Universell tilrettelegging – trasear aktuelle for rullestol................................................ 16 5.5 Støl i mellom .................................................................................................................. 16 5.6 Merking – skilting – informasjon................................................................................... 17 6 Skiløypeplan.......................................................................................................................... 18 6.1 Skiløyper ........................................................................................................................ 18 6.1.1 Status løyper................................................................................................................ 18 6.1.2 Status merking - skilting - info.................................................................................... 19 6.2 Hovudsatsingsområde skiløyper .................................................................................... 21 6.2.1 Trasear og tekniske tiltak ............................................................................................ 21 6.2.2 Klassifisering – merking/skilting – info og sikkerheit.............................................. 25 7. Vassdragsnært friluftsliv ...................................................................................................... 25 7.1 Status .............................................................................................................................. 25 7.2 Hovudsatsningsområde vassdragsnært friluftsliv........................................................... 26 8. Friluftsområde ...................................................................................................................... 26 8.1 Metode for kartlegging og verdsetting av friluftsområde .............................................. 26 8.2 Registrerte friluftsområde med verdsetting.................................................................... 27 9. Motorferdsle – transportløyper – verneområde - sårbare/stille område.............................. 28 9.1 Transportløyper .............................................................................................................. 28 9.2 Verneområde og transportløyper.................................................................................... 29 9.3 Sårbare – stille område................................................................................................... 29 10. Handlingsprogram.............................................................................................................. 30 10.1 Tilskotsordningar ......................................................................................................... 30 10.2 Anna finansiering - moglegheitene framover............................................................... 31 10.3 Prioritering av tiltak og framdriftsplan........................................................................