Arne Garborg
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Astrid Kristine Fylling Hodne Eli Dallavara Haugstad ________________________________ Ein bibliografi om Arne Garborg Bacheloroppgave 2014 Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap Høgskolen i Oslo og Akershus, Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag Innhald Forord ............................................................................................................................................3 Innleiing ........................................................................................................................................4 Omfang og avgrensing ..................................................................................................................4 Ordning av bibliografien ...............................................................................................................5 Bibliografisk beskriving ................................................................................................................5 Register ..........................................................................................................................................7 Arbeidsprosess ..............................................................................................................................8 Kjelder ...........................................................................................................................................9 Trykte kjelder ......................................................................................................................................... 9 Elektroniske kjelder – bibliotekkatalogar og databasar ........................................................................ 10 Arne Garborg – ein kort biografi .................................................................................................12 Kortfatta oversikt av Arne Garborgs forfattarskap ............................................................................... 12 Litteraturliste ...............................................................................................................................16 Bibliografien ................................................................................................................................17 Emneregister ..............................................................................................................................147 Forfattarregister .........................................................................................................................151 2 Forord Me har som bacheloroppgåve i Bibliotek- og informasjonsvitskap våren 2014, valt å utforma ein bibliografi om Arne Garborg. Garborg er ein nasjonal forfattar, som er spesielt kjend for diktsyklusen Haugtussa og romanane Trætte mend, Bondestudentar og Fred. Me hadde ynskje om å velja eit tema for oppgåva vår som me kunne relatera til dagleglivet og som me kunne bruka i jobbsamanheng i folkebiblioteka der me arbeidar. Arne Garborg blei då eit naturleg val. Det har vore ei fantastisk læringsreise for begge to, og me har fått eit godt innblikk i litteraturen om Arne Garborg. Me vil takka vår rettleiar ved HiOA, Jofrid Holter, og dei tilsette ved Time bibliotek, Nasjonalt Garborgsenter og Hå folkebibliotek for god hjelp og støtte under arbeidet. Astrid Kristine Fylling Hodne og Eli Dallavara Haugstad Klepp/Bryne Mai 2014 3 Innleiing Den norske forfattaren Arne Garborg vart fødd på garden Garborg i Time kommune, og dei som veks opp på Jæren veit kven Arne Garborg er. Garborg si diktarstove og barndomsheim, Knudaheio og Garborgheimen, er i Time kommune si eige og gjort om til museum. Dei vert ofte nytta til ekskursjons- og turmål. Det er ikkje utan grunn at Garborg appellerer spesielt til oss sidan me kjem frå Jæren. Det har tidlegare vorte utarbeidd ein bibliografi over litteratur om og av Arne Garborg, av T.M. Andersen, utgjeven i 1945. Sidan då har det kome mykje ny litteratur om Garborg. Det har i tillegg vorte utgjeve omskrivingar av verka hans, og Nasjonalbiblioteket har digitalisert mykje av arbeidet hans. I innhentingsfasen til bibliografien har me oppdaga at det òg er fleire mindre Garborgbibliografiar, for eksempel ei hovudfagsoppgåve frå 1973, mindre bibliografiar i ulike verk og i Norsk litteraturhistorisk bibliografi frå 1900-1955. Dermed ser me at det er eit behov for ein samla bibliografi om Arne Garborg, som strekkjer seg frå hans debut og fram til og med 2013. Det eldste dokumentet me har funne er frå 1885. Nasjonalt Garborgsenter opna i september 2012, og er samlokalisert med Time bibliotek. Saman utgjer dei ein arena der kultur og litteratur kan møtast. ”Garborgsenteret skal vera ein nasjonal formidlingsarena for å fremja interessa for Arne og Hulda Garborg og deira tankar og visjonar. Senteret skal inspirera til samfunnsengasjement, til å lesa og til å skapa, og vera ein sosial møteplass” (Garborgsenteret, 2013). Det er til stor hjelp at ein av oss er tilsett ved Time bibliotek, og dermed har direkte tilgang til gode ressursar. Me har vore i dialog med Garborgsenteret og lokalsamlingsansvarleg ved Time bibliotek, og det har vorte uttrykt eit stort behov for ein oppdatert bibliografi. Det er ikkje kjennskap til at det blir utarbeidd denne type bibliografi av andre. Den ferdige bibliografien vil bli oppbevart i Time bibliotek/Garborgsenteret og bli lagt ut på heimesidene til Garborgsenteret. Omfang og avgrensing Bibliografien omhandlar dokument skrivne om Arne Garborg, og forfattarskapen hans. Bibliografien dekker ikkje det som er skrive av Arne Garborg, heller ikkje adapsjonar som er gjort av verka hans. (Verk av Arne Garborg vert presenterte i ein kort biografi). Dette er ein retrospektiv bibliografi, dokumenta me har teke med strekkjer seg frå perioden 1885-2013. Utarbeidinga av bibliografien fylgjer rettleiingar frå Sveum (2010) og Langballe (1991). 4 Me tek med dokument som i hovudsak handlar om Arne Garborg, men ikkje dokument der han kun er nemnd på spreidde sider, eller generelt vert framstilt mellom andre norske forfattarar frå den same perioden, og heller ikkje reine leksikonartiklar. Utifrå Langballe (1991, s.7) si utsegn om at ein artikkel på mindre enn ei side kan innehalde den fyrste melding om ei oppdaging, som kan få stor konsekvens, mens eit stort verk kan være eit oppkok av eldre litteratur, har me ikkje føreteke nokon seleksjon av fagleg tyngde i dokumenta, eller nedre grense for sidetal. Dokumenttypane som ein finn i denne bibliografien er avgrensa til: bøker, kapittel i bøker, artiklar i tidsskrift og årbøker, essays, doktoravhandlingar, masteroppgåver, bacheloroppgåver, hovudfagsoppgåver, småtrykk og video. Handskrivne små dokument og avisartiklar er ikkje tekne med, med unntak av spesielle særtrykk og ei forfattaravis om Arne Garborg som var vedlegg til Dag og Tid i 2001. Der det er elektroniske utgåver tilgjengeleg, til dømes i Nasjonalbibliotekets www.bokhylla.no, er det linka til varige lenker (URN). URN er ein unik og permanent identifikator for digitale dokument/nettressursar/elektroniske artiklar. Garborgsenteret rettar seg spesielt mot ungdom, og me vil gjera bibliografien brukarvenleg for «Google-generasjonen», og litteraturen om Garborg meir tilgjengeleg. Då ein av oss arbeider ved Time bibliotek/Garborgsenteret, vil det vera mogleg å oppdatera og vedlikehalda bibliografien. Dokumenta i bibliografien er avgrensa til norsk, dansk, svensk og engelsk litteratur utgjeven i Norden, og engelskspråkleg litteratur utgjeven utanfor Norden. Ordning av bibliografien Bibliografien er ordna i tre hovudgrupper: biografisk, generelt om forfattarskapen og om dei mest kjende verka. Innafor desse gruppene er dokumenta ordna alfabetisk etter forfattar, og deretter på tittel. Me har delt inn den biografiske delen i fleire undergrupper for at det skal bli lettare å bli kjent med Arne Garborg sine ulike sider: Garborg og målsaka, Garborg og religion, Samfunnsdebattanten Garborg og Garborg sine heimstader. Til slutt har me ei gruppe for «Anna», der me har plassert dokument som var vanskeleg å plassere i dei andre gruppene eller som dukka opp etter at løpenummer var påført i registera. Bibliografisk beskriving Me har valt å registrera dokumenta i ISBD-formatet, og innførslene er i samsvar med Katalogiseringsregler (2007, s. 18). Me har ei blanding av katalogiseringsnivå 1 og 2 (1.0D, 1.0D1., 1.0D2.), der me i det minste tek med (nivå 1): 5 Hovudtittel / fyrste opplysning om ansvarshavande, viss denne avvik frå hovudordningsordet i form eller tal, eller viss det ikkje er angitt noko hovudordningsord. – Utgåve. – Spesielle detaljar om materiale (eller publikasjonstype). – Fyrste utgjevingsstad : fyrste forlag, utgjevingsår. – Omfang. – Notar. – Standardnummer I tillegg tek me med (frå nivå 2): Parallell eller annan tittelinformasjon og vidare oppføring av ansvarshavande. Me fylgjer katalogiseringsregel A.46K. Substantiv og adjektiv brukt substantivisk, og nyttar dermed stor forbokstav i substantiv og adjektiv brukt substantivisk før 1907. Hovudordningsord vert utheva med feit skrifttype, og resten av opplysningane er rykte inn. Artiklar og kapittel i bøker har informasjon om i kva for dokument dei kan finnast («I:» analyttar). Me har valt å ta med ISBN der det er mogleg, for å vise til den eksakte utgåva me har funne opplysningane i. Det er ikkje alle dokument me har klart å oppdriva og verifisera, dei er merka med ein asterisk (*). Der det ikkje går fram av tittelen kva dokumentet handlar om, har me laga ei kort innhaldsnote etter å ha danna oss eit bilete av kva dokumentet handlar om.