PLANPROGRAM for Kommuneplanen Sin Arealdel (KPA)
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
PLANPROGRAM For kommuneplanen sin arealdel (KPA) Drøftingsutkast januar 2020 Bømlo kommune – planprogram KPA 2020 drøftingsutkast BLÅ TEKST - BLIR FERDIGSTILT I HØYRINGSUTKAST Innleiing [ordførar - introduksjon] 1 Planprogram Ein kommune skal i følgje plan- og bygningslova (PBL) §11 – 1 ha ein samla kommuneplan som omfattar ein samfunnsdel (KPS) med handlingsdel (budsjett, økonomiplan) og ein arealdel (KPA). I gjeldande planstrategi er det vedteke at begge delane skal rullerast. Bømlo kommune sin samfunnsdel, #BØMLO2049, blei godkjent av kommunestyret i juni 2019 SAK PS XX/19. Både for KPS og KPA er det lovfesta at kommunen skal starte prosessen med å utarbeide eit planprogram (PBL §§ 4-1 og 11-13). Dette dokumentet er eit framlegg til planprogram for rullering av kommuneplanen sin arealdel. Planprogrammet skal gjere greie for: Eit planprogram skal skildre kva som skal bli løyst i planen og korleis det skal leggjast opp til ein prosess som sikrar god deltaking og medverknad. Vidare skal planprogram skildre kunnskapsbehov og kva tema som skal utgreiast. Dette er viktig for å kunne vega positive og negative verknadar av ulike tiltak på samfunn og miljø. Planprogrammet er altså ei «oppskrift» for prosessen med rulleringa av arealdelen, og kan sjåast på som ein samfunnskontrakt med avtaler korleis planarbeidet skal bli gjennomført. • formålet med planarbeidet • planprosessen, med fristar og deltakarar • opplegget for medverknad, spesielt med omsyn på grupper som ein kan tenkje seg å bli særleg berørte • kva for alternativ som vil bli vurdert og behovet for utgreiingar • Framlegg til planprogram skal bli sendt ut på høyring og offentleg ettersyn. Samstundes blir det varsla planoppstart. Endeleg planprogram blir handsama og godkjent av kommunestyret. 2 Formålet med planarbeidet Arealdelen av kommuneplanen er med å fastsetja rammene for korleis den langsiktige forvaltninga av kommunen sine areal og naturressursar skal skje. Kommuneplanen fastset bruk og vern av arealressursar i den angjevne planperioden. Dei ulike arealføremåla gjev moglegheiter og avgrensingar for bruk og utbygging til ulike føremål. Til dei ulike arealformåla og omsynssonane skal det utarbeidast planvedtekter og retningsliner i samsvar med nasjonale retningsliner og rettleiarar. 1 Bømlo kommune – planprogram KPA 2020 drøftingsutkast Det er i samfunnsdelen kommunen skal ta stilling til dei langsiktige utfordringane, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon (PBL §11 – 2). Samfunnsdelen er det viktigaste grunnlaget for samfunnsutviklinga og kommunen si framtidige arealdisponering. KPA blir difor lagt opp som ei oppfølgjing av kommuneplanen sin samfunnsdel (KPS) #BØMLO2049. 2.1 Rettsleg grunnlag Plan og bygningslova (PBL) legg dei ytre rammene for korleis kommunen skal planleggje og kva rammefaktorar kommunen skal ta omsyn til. Lovverket er eit grunnlag og gjev eit minimum av føringar for arbeidet: § 1-1 Lovens formål Loven skal fremme bærekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjoner. Planlegging etter loven skal bidra til å samordne statlige, regionale og kommunale oppgåver og gi grunnlag for vedtak om bruk og vern av ressursar. I lovverket er rammene for KPA omtala slik: § 11-5.Kommuneplanens arealdel Kommunen skal ha en arealplan for hele kommunen (kommuneplanens arealdel) som viser samanheng mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk. Det kan utarbeides arealplaner for deler av kommunens område. Kommuneplanens arealdel skal angi hovedtrekkene i arealdisponeringen og rammer og betingelser for hvilke nye tiltak og ny arealbruk som kan settes i verk, samt hvilke viktige hensyn som må ivaretas ved disponeringen av arealene. 2.2 Planavgrensing Planen vil følgje planavgrensinga i gjeldande arealplan og omfatta heile kommunen sitt land- og sjøareal. Kommuneplanens arealdel skal omfatte plankart, føresegn og planskildring kor det skal komme fram korleis nasjonale mål og retningslinjer, og overordna planer for arealbruk, er ivareteke. Plankartet skal i nødvendig utstrekning vise hovudformål og omsynssoner for bruk og vern av areal. Det vert også utarbeidd plankart og juridisk, bindande føresegn til arealplanen. Alle planer som vert lagt ut til offentleg ettersyn skal innehalde ei planskildring, jamfør PBL § 4-2. Denne skal skildra planen sitt formål, hovudinnhald og verknad, samt planen sitt forhold til rammer og retningslinjer for planområdet. Planskildringa vil verta oppdatert gjennom planprosessen og vera ein del av plandokumenta ved sluttvedtak. 2.3 Gjeldande plan og behov for revidering Gjeldande arealdel er frå 2013. Må rullerast mellom anna fordi: Tekst ferdig til høyringsutkast. Stikkord: - Nytt behov no; fleire krav til utreiingar, kvalitetssikring; nye plantema dei siste åra. - Behov for å rydde i gamle planar og gjeldande KPA. - Nye lovar og forskrifter og retningslinjer). Avklaring mellom kommuneplan og eldre reguleringsplanar blir viktig. 2 Bømlo kommune – planprogram KPA 2020 drøftingsutkast - Unngå dispensasjona. - Meir omsyn og betre tilpassing til regionale planar. 3 Planprosessen – føringar, forventingar Kommunen sitt planarbeid skal ta omsyn til nasjonale, regionale og lokale føringar og forventningar. Dette inkluderer mellom anna ei rekkje overordna lover, forskrifter, retningsliner og planar i si kommuneplanlegging. KPA skal følgje opp samfunnsdelen, som er det viktigaste, lokale styringsdokumentet. Dette kapittelet gjev eit oversyn over nokre av desse føringane og forventningane. Forutan plan og bygningslova er det ein rekkje særlover og forskrifter som vil verta lagt til grunn i arbeidet. Det gjeld til dømes lov og forskrifter om: Tekst -> link til lovane • folkehelsearbeid (folkehelselova) • forvaltning av naturens mangfald (naturmangfaldlova) • friluftslivet, friluftslova • jord, jordvern, jordlova • akvakultur • skogbruk, skogbrukslova • kulturminne, kulturminnelova • vatn, grunnvatn, drikkevatn Lista er ikkje uttømande. 3.1 Lokale føringar #Bømlo2049 Kommuneplanen sin samfunnsdel (KPS) KPA skal følgje opp samfunnsdelen, #Bømlo2049, og byggje på dei same prinsippa og jobbe for å nå dei same måla. Sjå omtale av enkelttema i kapittel 5. Kommunen og FN sine berekraftsmål Berekraftsmåla skal etter kvart vere gjennomgåande i planverket i Bømlo kommune. Arealforvaltninga er ein viktig faktor for å kunne nå fleire av desse måla. 3 Bømlo kommune – planprogram KPA 2020 drøftingsutkast Grunnleggjande planprinsipp Bømlo kommune legg til grunn tre prinsipp som skal styre planlegginga: • All planlegging skal vere berekraftig med omsyn på klima, sosialt liv og økonomi (KSØ) • All planlegging skal vere helsefremjande • All planlegging skal leggje «føre var»-prinsippet til grunn Fire overordna hovudutfordringar I samfunnsdelen peiker ein på fire hovudutfordringar for Bømlo kommune: • Tilflytting, rekruttering og inkludering • Naturbasert kystliv • Bustadkvaliteter • Differensiert og nyskapande næringsliv Samfunnsdelen inneheld mange tematiske målsettingar for ulike tema. Mange av desse vil ha arealmessige konsekvensar, til dømes sikring av tryggje gang- og sykkelvegar kring lokalsentra, eller helsefremjande bustad - og næringsområde. Desse blir viktige plantema, omtala i kapittel 5, og grunnlag for grovsortering av innspel. I tillegg til det som er nemnt her vil det til ei kvar tid vere pågåande planarbeid som må sjåast i samanheng med arbeidet med KPA. Det vil til dømes gjelde ny sentrumsplan for Svortland, Bømlopakken, fiskerihamn Bømlo, arbeidet med ny brannstasjon, Moster 2024 og nye omsorgsbustader på Moster. Det som er beskrive her i avsnitta 2.1 – 2.4. styrar den overordna planlegginga av kommunen. Dette vil bli lagt stor vekt på i utforminga av silingskriterier og i sorteringsarbeidet til KPA. 3.2 Nasjonale forventningar og planretningslinjer Nasjonale forventningar til lokal planleggjing For å fremja ei berekraftig utvikling utarbeider regjeringa kvart fjerde år nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Dei noverande forventningane vart vedtekne i mai 2019. Dei nasjonale forventningane samlar mål, oppgåver og interesser som regjeringa forventar kommunane skal leggja særleg vekt på i planlegginga i åra som kjem. Desse legg me til grunn for rullering av KPA. 4 Bømlo kommune – planprogram KPA 2020 drøftingsutkast Hovudfokuset i dei nasjonale forventningane er: • Å skape et berekraftig velferdssamfunn • Å skape et økologisk berekraftig samfunn gjennom blant annet en offensiv klimapolitikk og en forsvarleg ressursforvaltning • Å skape et sosialt berekraftig samfunn • Å skape et trygt samfunn for alle Statlege planretningslinjer Retningslinjene skal leggjast til grunn for kommunal planlegging, underståande retningsliner er aktuelle i vidare arbeid med kommuneplanen sin arealdel: • Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging (2016) • Statlige planretningslinjer for samordnet bolig-, areal- og transportplanlegging (2014) • Retningslinje for behandling av luftkvalitet i arealplanlegging (2012) • Statlige planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsonen langs sjøen (2011) • Statlig planretningslinje for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing i kommunene (2018) • Rikspolitiske retningslinjer for å styrke barn og unges interesser i planleggingen (1995) • Nasjonale føringer for arbeidet med oppdatering av de regionale vannforvaltningsplanene (19.mars 2019) 3.3 Regionale planar og føringar Hordaland fylkeskommune har fleire relevante regionale planar som ligg til grunn for kommuneplanarbeidet. Serleg relevant for Bømlo er (liste: