Nasjonal Mytebygging
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Martin Ødegaard – Nasjonal mytebygging Verdens Gang og Aftenposten si framstilling av Martin Ødegaard sin overgang til Real Madrid: Ein tekstanalyse. Masteroppgåve i medievitskap Institutt for informasjons- og medievitenskap Universitetet i Bergen Av: Bård Henjum Mai 2016 1 2 Samandrag I denne masteroppgåva analyserer og diskuterer eg norsk presse som nasjonale mytebyggjarar, med hovudfokus på sportsjournalistikkens nasjonalmytiske rolle. Dette gjer eg gjennom ei kvalitativ tekstanalyse av Verdens Gang (VG) og Aftenposten si framstilling av Martin Ødegaard sin overgang til fotballklubben Real Madrid, mellom 1. desember 2014 og 1. februar 2015. Eg analyserer vidare ut frå eit samla helte- og nasjonalt perspektiv, der særskild nasjonalmytologiske framstillingar og betydingar frå avisene vert avdekka. For å klargjere dette kartlegg eg kva norske og heltemytiske ideal og verdiar som vert avspegla i avisene sin representasjon av Ødegaard. I tillegg ser eg på ulikskapar og likskapar mellom avisene for å få eit betre innblikk i norsk presse, knytt til oppgåvas hovudtema. Rammeverket for analysen er bestemt ut frå tre parameterar, som vidare er valt på bakgrunn av deira tilknyting til det teoretiske aspektet «den nasjonale sportshelten». Oppgåva viser at Aftenposten og VG har latente og medvitande referansar til norske folkeeventyr, der eventyrhelten Espen Askeladd indirekte vert nytta som referansepunkt i beskrivinga av Martin Ødegaard. Gjennom analysen visast det korleis denne framstillinga kan avspegla identifiserbare førestillingar kring norske, naturlege og modne element med Ødegaard. Samstundes kopla eg opp den universelle heltemyten med den narrative strukturen av Ødegaards medieomtale. Oppgåva syner også korleis Aftenposten har ei meir direkte og medvitande beskriving av Ødegaard som eit nasjonalmytisk element, medan VGs omtale av Ødegaard kan i større grad seiast å skapa assosiasjonar og symbolske førestillingar av det nasjonalmytiske. Funna i analysen avdekker korleis VG og Aftenposten indirekte, gjennom referansen til Askeladden, skapar ei forventingsramme kring Ødegaard som ein framtidig nasjonal sportshelt. Oppgåva viser dermed korleis denne ramma kan ha ein nasjonalmytisk løysning. 3 Forord Arbeidet med masteroppgåva har vore givande, inspirerande og spennande, men samstundes krevjande og utfordrande. For kvar dag som har gått har målet komme nærmare, men akkurat som i folkeeventyra om Espen Askeladd har det vist seg at målet ikkje kan nåast utan gode hjelparar. Som min største faglege støttespelar har rettleiar Peter Dahlén, gjennom konstruktive tilbakemeldingar og faglege råd og tips, ført meg på rett spor når eg ha bevega meg vekk frå oppgåvas område. Tusen takk! Ein stor takk går også til mine foreldre som er der for meg uansett kva det måtte være. Ei særs takk går til mi mor, Kjellaug Slinde, for korrekturlesing. Olav Selås Hauge fortener også ein takk for gode innspel og språklege korrigeringar, spesielt i innspurten då høgrehanda mi var gipsa. Eg vil også rette ein stor takk til lesesal 637 og 539 for godt vennskap og gode diskusjonar. Til slutt vil eg takka kompisar som har fått meg ut på ein pils eller to når eg har trengt avkopling. Ein stor takk til dykk alle. Bård Henjum Bergen, mai 2016 4 Innholdsfortegnelse 1. Introduksjon ........................................................................................................................... 7 1.1 Forskingstema ................................................................................................................... 7 1.2 Martin Ødegaard - Grunngjeving ..................................................................................... 9 1.3 Problemstilling ................................................................................................................ 11 1.3.1 Forskingsspørsmål ................................................................................................... 12 1.3.2 Formål ...................................................................................................................... 13 1.4 Liknande forsking, litteratur og oppgåver. ..................................................................... 14 1.4.1 Nordisk forsking ...................................................................................................... 15 1.5 Oppgåvestruktur ............................................................................................................. 17 2. Teori ..................................................................................................................................... 18 2.1 Media si rolle .................................................................................................................. 18 2.1.1 Mediefortellinga .......................................................................................................... 18 2.1.2 Den norske pressen ...................................................................................................... 20 2.2 Helteperspektivet ............................................................................................................ 22 2.2.1 Heltemytologi .......................................................................................................... 23 2.2.2 Myteforklaringa ....................................................................................................... 24 2.2.3 Mytologi i sportsjournalistikk .................................................................................. 25 2.2.4 Heltefortellinga som dynamisk mal ......................................................................... 27 2.3 Nasjonalperspektivet ...................................................................................................... 27 2.3.1.Banal nasjonalisme .................................................................................................. 28 2.3.2 Nasjonal identitet og sport ....................................................................................... 29 2.3.3 Nasjonal identitet i sportsjournalistikk .................................................................... 30 2.3.4 «Typisk norsk» ......................................................................................................... 32 2.4 Den nasjonale sportshelten ............................................................................................. 34 2.5 Det teoretiske rammeverket for oppgåva ........................................................................ 36 3. Metode .................................................................................................................................. 37 3.1 Kvalitativ tilnærming ...................................................................................................... 37 3.1.1 Kvalitativ innhaldsanalyse ....................................................................................... 38 3.2 Intertekstuelle forhold ..................................................................................................... 40 3.3 Bakgrunn for val av forskingsobjekt .............................................................................. 41 3.4 Analysens parameterar ................................................................................................... 42 3.5 Framgangsmåte ............................................................................................................... 45 5 3.6 Forskingskvalitet ............................................................................................................ 46 3.6.1 Reliabilitet ................................................................................................................ 46 3.6.2 Validitet .................................................................................................................... 46 3.6.3 Generalisering .......................................................................................................... 47 3.6.4 Forskingsetikk .......................................................................................................... 47 4. Analyse ................................................................................................................................. 49 4.1 Innleiing .......................................................................................................................... 49 4.2 Mediefortellinga til Martin Ødegaard ............................................................................. 50 4.2.1 Reisa frå heimlige omgjevnader .............................................................................. 51 4.2.2 Real-stjerne .............................................................................................................. 58 4.2.3 Eventyret er i gang ................................................................................................... 63 4.3 Samanfatting ................................................................................................................... 73 4.3.1 Prestasjon ................................................................................................................. 74 4.3.2 Personlege eigenskapar ............................................................................................ 76 4.3.3 Relasjon til publikum ............................................................................................... 79 5. Avslutning, funn og refleksjonar .......................................................................................... 82 5.1 Forskingsspørsmål 1 ......................................................................................................