Møtebok, vassområdeutval

Tid: 12.10.20 kl. 18.00-19.00 Sted: Digitalt møte, TEAMS Saksbehandler: Jarle Lunde

Saker Sak 23/20: Godkjenning av møteinnkalling Sak 24/20: Orientering - status for vassforvaltningsarbeidet i Ryfylke Sak 25/20: Orientering - status for revidering av regional vassforvaltningsplan Sak 26/20: Prioritering av vassdrag i regionalplan for vassforvaltning i neste planperiode Sak 27/20: Overføring av fylkeskommunale vassmiljømidlar til vassområda Sak 28/20: Eventuelt

Til stades/ikkje til stades Både medlem og varamedlem var kalla inn til møte Medlem Møtt Varamedlem Møtt Hjelmeland komune Silje Sværen X Morten Hetland kommune Kristian Landro X Asbjørn Birkeland Strand kommune Petter Korneliussen X Kalle Stokka Gjesdal kommune Trygve Ravndal X Hanne Tove Hildal Suldal kommune Magne Langeland X Iren Klungtveit Slagstad Ullensvang kommune Dag Sverre Ekkje Meldt forfall Lars O. Seim - Sandnes kommune* Inger Lise Erga X Jan Refsnes fylkeskommune Kristoffer Amdal X Ragnvald Nilsen

Andre Fylkesmannen i Rogaland Ørjan Simonsen X Rogaland fylkeskommune Anneli Vatshaug Jenssen X Ryfylke vassområde Jarle Lunde X

Møteboka er elektronisk godkjend av deltakarane i møte.

Sand 16.10.20 Jarle Lunde

Sekretariat: Postadr.: Sandsvegen 122, 4230 Sand. Tlf: 52 79 24 35 (404 18 967) E-post: [email protected]. Nettside: http://vannportalen.no/ryfylke Saker

Sak 23/20: Godkjenning av møteinnkalling

Framlegg til vedtak Ryfylke vassområdeutval godkjenner innkallinga til møtet.

Behandling Ingen merknad.

Vedtak Ryfylke vassområdeutval godkjenner innkallinga til møtet.

Sak 24/20: Orientering - status for vassforvaltningsarbeidet i Ryfylke Vassområdekoordinator Jarle Lunde gav ein kort status for arbeidet i vassområdet. Oppsummert: 1) Sjøaureprosjektet: Er no kome i tiltaksfasen. Det er gjennomført tiltak i Risvollelva (Sauda, Jelsabekken og Hålandselva (Suldal), Bergsvikbekken (Strand), Eiaåna og Espedalselva med sidebekker (Sandnes) og Kvitlå (Gjesdal). For nokre prosjekt er det nytta entreprenør, men dei fleste er restaurert med hjelp av fantastisk dugnadsånd. Nokre prosjekt er utsett til 2021. Nye bekker blir kartlagt. I Hjelmeland, Strand og Sandnes blir det nytta fagkonsulent til dette. 2) Vasskraft: - Sauda: I Storelva er det gjennomført ein flaskehalsanalyse. Oppfølging blir viktig. - Røldal-Suldal: Det er no gjennomført undersøkingar som gir eit nytt kunnskapsgrunnlag. Blei presentert på eit ope møte på Nesflaten tidlegare i haust. Dialog mellom kommunane og Hydro og vidare framdrift. - Ulla-Førre: Statkraft skulle levert revisjonsdokument 1. oktober. Noko utsett. - Tauvassdraget: Det blir arbeid med søknad for å gjere vassdraget lakseførande. - Sira-Kvina: Vandringshinderet i Giljajuvet i Dirdalsvassdraget er opna opp no på etter- sommaren. Frivillig tiltak frå regulant. 3) Det blir elles arbeid med tiltak innafor landbruk, spreidd avløp med meir innafor den enkelte kommune. Dette er nærare omtalt i siste møtereferat frå arbeidsgruppa i Ryfylke vassområde 25.09.20).

Framlegg til vedtak Ryfylke vassområdeutval tek saka til orientering.

Behandling Magne Langeland meinte det er bra at ein no er komen over i ein tiltaksfase. Han ønskja at vassområdekoordinator kunne orientera om vassforvaltningsarbeidet i relevant politisk utval i kommunen. Vassområdekoordinator tek dette til etterretning og vil prioritere dette framover.

Vedtak Ryfylke vassområdeutval tek saka til orientering.

Sak 25/20: Orientering - status for revidering av regional vassforvaltningsplan Anneli Vatshaug Jenssen frå Rogaland fylkeskommune orienterte om status for revidering av gjeldande vassforvaltningsplan. Arbeidet er forskyvd med tre månadar i heile landet. I planen vil det bli lagt fram planretningslinjer for arealforvaltning. Utkast til planen vil bli lagt fram for Ryfylke vassområdeutval i desember. Sjå elles vedlagt PowerPoint presentasjon.

Framlegg til vedtak Ryfylke vassområdeutval tek saka til orientering.

Behandling Ingen merknad.

Vedtak Ryfylke vassområdeutval tek saka til orientering.

Sak 26/20: Prioritering av vassdrag i regionalplan for vassforvaltning i neste planperiode

Saka Rogaland fylkeskommune ber Ryfylke vassområde om å komme med forslag til prioriterte nedbørsfelt i Ryfylke vassområde 2022-2027.

Som i gjeldande vassforvaltningsplan skal det i revidert plan (under arbeid) gis ein oversikt over prioriterte vassdrag og fjordar for tiltaksinnsats og kunnskapsinnhenting. Bakgrunnen for ei geografiske prioritering er å få til ei heilskapleg vassforvaltning på tvers av sektormyndigheiter. For å klare å oppnå måla i desse nedbørfelta er det naudsynt at alle sektorar drar i same retning og gjennomfører tiltak.

Noverande geografisk prioritering er å finne på side 30 og 33 i planen. Tiltaksprioritering er å finne frå side 34 (https://www.rogfk.no/_f/p1/i019d9b95-0f68-451c-9b84- 62ee762b14f1/tiltaksprogram-for-vannregion-rogaland-2016-2021.pdf).

Det er laga kriterium for utveljing av prioriterte vassdrag i vassregion Rogaland. Det blir lagt opp til a) Prioriterte nedbørsfelt, b) Prioriterte sektor-/tiltaksområder, og c) Prioriterte sektorovergripande verkemidlar. Kriteria er nærare omtalt i vedlegg 1.

Vurdering

Arbeidsgruppa i Ryfylke vassområde diskuterte saka i møte 25.09.20. Vassområdekoordinator la i møte fram forslag til prioritering med bakgrunn i ovannemnde kriterium. Arbeidsgruppa slutta opp om forslaget.

Forslaget inneberer vidareføring av seks prioriterte nedbørsfelt frå førre periode, samt å leggje til fire nye og ta bort fire. Dei vidareførte er Husstølsåna, Ulla og Førre (Hjelmeland), Leirangbekken /Erevikbekken i Strand, og Årdal- og Saudafjorden.

Årdalselva og Espedalselva er føreslått teke ut som prioriterte nedbørsfelt. Vassdraga treng habitatforbetrande tiltak i åra som kjem. Dette er prioritert under «Prioriterte sektor- /tiltaksområder», noko som bør vere tilstrekkeleg for at ein framleis får gjennomført tiltak i vassdraga. Røldalsvassdraget blir og føreslått teke ut som eit eige prioritert nedbørsområde. Årsaka til at denne låg inne i førre periode var eit behov for å kartlegging av miljøtilstand. Dette er no gjennomført. Anadrom sone inngår i «Suldalsvassdraget» (ny). Same årsak var at Jøsenfjorden var prioritert i førre periode. Kunnskapsgrunnlaget er no betre også her.

Forslag til nye nedbørsfelt

- Tauvassdraget (Strand/Hjelmeland): Vassdraget er påverka av kraftregulering og vassuttak. Elva har eit betydeleg potensiale for produksjon av laks og sjøaure som ikkje kan bli realisert utan at det vert lagt til rette for oppgang av anadrom fisk (pga av vandringshinder), og nedvandring av smolt og vaksen fisk. Opning av vassdraget vil og kunne ta vare på vare på dei truga artane ål og elvemusling. Det er og noko diffus avrenning av næringsstoff til vassdraget.

- Storelva (Sauda): Laksebestanden i Storelva har i lengre tid vært lav, og sjøaurebestanden er redusert. Vassdraget er regulert og har i tillegg vært påverka av forsuring og avrenning frå industri og gruvedrift. I 2006 blei det innført minstevassføring i vassdraget og det er utført ei rekkje habitattiltak. Samstundes er og forsuringssituasjonen endra som eit resultat av mindre sur nedbør. Til tross for dette har ikkje bestandane av laks og sjøaure i Storelva tatt seg opp, ein situasjon som synes å stå i sterk kontrast til utviklinga i mange andre laksevassdrag i regionen.

- Suldalsvassdraget (Suldal): Vassdraget er påverka av fleire store vasskraftreguleringar (Røldal-Suldal, Ulla-Førre). Dette har mellom anna medført negative effektar for habitat for laksefisk i Suldalslågen, blant annet i form av sedimentering og begroing av substrat. Det er føreslått ei rekkje tiltak både i Lågen og i sidebekker. Suldalslågen blir i dag kalka. Suldalslågen er eit nasjonalt laksevassdrag. Konsesjonsvilkår er under revidering. Brattlandsdalsåna og Roalkvamsåna er historisk sett anadrome. Elvene er ikkje minst viktig som funksjonsområde for storaurebestanden i Suldalsvatnet, men reguleringa her er av stor negativ betydning for bestanden. Det er venta revisjon av konsesjonsvilkår.

- Vostervatnet (Strand): Vatnet har vore undersøkt fleire gangar i seinare tid og oppnår ikkje god tilstand. Her er påverknad frå landbruk, men truleg og frå spreidd avløp. Fleire tiltak er iverksett, men meir må til. Ansvarsarten elvemusling er i Fiskåna, nedstrøms vatnet.

Framlegg til vedtak Ryfylke vassområdeutval anbefaler å prioritere følgjande nedbørsfelt i regional plan for vassforvaltning i vassegion Rogaland 2022-2027.

Vassdrag Kommune Behov for handling Årsak til prioritering

Husstølåna Hjelmeland Konkrete tiltak for å bedre Først og fremst (Steinslandåna) økologisk miljøtilstand elvemusling Miljøtilpassa vannføring Laksevassdrag

Leirangbekken og Strand Konkrete tiltak for å bedre Elvemusling Erevikbekken økologisk miljøtilstand

Ulla elva (anadrom Hjelmeland, Miljøtilpassa vannføring Fysiske inngrep strekning) Suldal Habitatforbedrende tiltak Viktig laksevassdrag Åpne vandringshinder Sportsfiske

Førreåna (anadrom Hjelmeland, Miljøtilpassa vassføring Fysiske inngrep strekning) Suldal Habitatforbedrende tiltak Viktig sjøaure og laksevassdrag

Årdalsfjord-indre Strand, Kartlegge Ukjent grad av Hjelmeland forurensningstilstand og forurensning. Behov for vurdere behov for tiltak mer kunnskap

Saudafjorden Sauda, Suldal Kartlegge Antatt stor grad av forurensningstilstand og forurensning vurdere behov for tiltak

Vostervatnet Strand Konkrete tiltak for å fjerne Forurensning forurensningsbidrag og Rekreasjonsområde bedre økologisk Elvemusling nedstrøms miljøtilstand

Tauvassdraget Strand, Åpne vandringshinder Vandringshinder for Hjelmeland Habitatforbedrende tiltak anadrom fisk Redusere diffus avrenning Elvemusling i sidebekker

Storelva Sauda Habitatforbedrende tiltak Fysiske inngrep Tiltak for å bedre Historisk god fiskeelv vannkvalitet Svært dårlig tilstand etter kvalitetsnorm for laks

Suldalsvassdraget Suldal Habitatforbedrende tiltak Fysiske inngrep (anadrom strekning) Miljøtilpassa vannføring Viktig laksevassdrag Nasjonalt laksevassdrag (Suldalslågen) Sportsfiske Viktig storaurebestand (Suldalsvatnet med tilløpselver)

Behandling Anneli Vatshaug Jensen orienterte om prioriteringar og vilkår og understreka at det er viktig at prioriteringane blir godt forankra i vassområdeutvalet. I planen vil det bli føreslått at prioriteringane blir gjennomgått og eventuelt revidert i vassområdeutvalet anna kvart år for deretter å bli lagt fram i vassregionutvalet.

Jarle Lunde orienterte om forslaget til geografisk prioritering av vassførekomstar og prosessen bak.

Magne påpeikte 1) at arbeidet med vasskraftrevisjonar vil ta mange år, og 2) at nedre del av Brattlandsdalsåna og Roalkvamsåno er føreslått teke inn som prioriterte vassdrag (under Suldalsvassdraget). Korleis vil ein inkludere dette arbeidet med naudsynt flaumsikring? Jarle svarte at det i sommar har vore møte/synfaring mellom regulant (Hydro), NVE og kommunen. Det vil bli arbeida med flaumsikring i tida som kjem. I den samanheng må ein prøve å få inn positive tiltak også for vassmiljøet slik at økologisk tilstand kan bli betre. Dette vil bli drøfta med Hydro no i haust.

Det var elles ingen merknad til framlegget.

Røysting Samrøystes i samsvar med forslag til vedtak

Vedtak Ryfylke vassområdeutval anbefaler å prioritere følgjande nedbørsfelt i regional plan for vassforvaltning i vassegion Rogaland 2022-2027.

Vassdrag Kommune Behov for handling Årsak til prioritering

Husstølåna Hjelmeland Konkrete tiltak for å bedre Først og fremst (Steinslandåna) økologisk miljøtilstand elvemusling Miljøtilpassa vannføring Laksevassdrag

Leirangbekken og Strand Konkrete tiltak for å bedre Elvemusling Erevikbekken økologisk miljøtilstand

Ulla elva (anadrom Hjelmeland, Miljøtilpassa vannføring Fysiske inngrep strekning) Suldal Habitatforbedrende tiltak Viktig laksevassdrag Åpne vandringshinder Sportsfiske

Førreåna (anadrom Hjelmeland, Miljøtilpassa vassføring Fysiske inngrep strekning) Suldal Habitatforbedrende tiltak Viktig sjøaure og laksevassdrag

Årdalsfjord-indre Strand, Kartlegge Ukjent grad av Hjelmeland forurensningstilstand og forurensning. Behov for vurdere behov for tiltak mer kunnskap

Saudafjorden Sauda, Suldal Kartlegge Antatt stor grad av forurensningstilstand og forurensning vurdere behov for tiltak

Vostervatnet Strand Konkrete tiltak for å fjerne Forurensning forurensningsbidrag og Rekreasjonsområde bedre økologisk Elvemusling nedstrøms miljøtilstand

Tauvassdraget Strand, Åpne vandringshinder Vandringshinder for Hjelmeland Habitatforbedrende tiltak anadrom fisk Redusere diffus avrenning Elvemusling i sidebekker

Storelva Sauda Habitatforbedrende tiltak Fysiske inngrep Tiltak for å bedre Historisk god fiskeelv vannkvalitet Svært dårlig tilstand etter kvalitetsnorm for laks

Suldalsvassdraget Suldal Habitatforbedrende tiltak Fysiske inngrep (anadrom strekning) Miljøtilpassa vannføring Viktig laksevassdrag Nasjonalt laksevassdrag (Suldalslågen) Sportsfiske Viktig storaurebestand (Suldalsvatnet med tilløpselver)

Sak 27/20: Overføring av fylkeskommunale vassmiljømidlar til vassområda

Saka Haugaland vassområde gjorde følgjande vedtak i møte 28.09.20: «Haugaland vannområdeutvalg henstiller til at Rogaland fylkeskommune, i samråd med vannregionens sentrale vannområder, utreder muligheten for at deler (eksempelvis halvparten) av de fylkeskommunale vannmiljømidlene tilfaller vannområdene.»

Ryfylke vassområde bør ta stilling om ein skal støtte opp om vedtaket.

Om tilskotsmidlane Rogaland fylkeskommune sin tilskotsordning til vassmiljøtiltak skal bidra til at vassførekomstar i Rogaland når sine vedtekne miljømål. Tilskotsordninga har dei seinare år vore på ca. 1,7 mill. kroner som vanlegvis vert tildelt etter to søknadsomgangar (februar/mars og september/oktober). I 2020 blei alle midlane tildelt i første tildelingsrunde då det var tilstrekkeleg med gode søknadar sett i forhold til tildelingskriteria.

Målgruppa for ordninga er vassområder, kommunar, organisasjonar og private tiltakshavarar. Det er kommunar og vassområdekoordinator som kan sende inn søknader. Søknader frå

organisasjonar og enkeltpersonar skal sendast aktuell kommune, som skal kvalitetssikre søknad og sende den til fylkeskommunen.

Meir om fylkeskommunens tilskotsmidlar, mellom anne tilskotskriteria kan ein sjå her: https://www.rogfk.no/vare-tjenester/stotte-stipend-og-priser/okonomisk-stotte-og- stipend/natur-klima-og-miljo/vannmiljotiltak/

Vurdering

Saka er eit godt initiativ frå Haugaland vassområde, og vassområdekoordinator meiner vassområdeutvalet bør støtte opp om dette.

Fylkeskommunens tilskotsmidlar har vore viktige for arbeidet i Ryfylke vassområde. Midlane har særleg vore nytta til å få gjennomført undersøkingar av miljøtilstand. Kunnskaps- innhenting vil vere viktig også framover, men midlar til tiltaksgjennomføring vil vere meir sentralt. Dersom vassområda får overført midlar vil dette frigjere tid som elles måtte nyttast til søknadsarbeid. Dei vil og kunne nyttast som «eigenandel» når ein søker om prosjektmidlar frå t.d. Miljødirektoratet. Dette vil gjere at ein har større moglegheit til å få eksterne midlar.

Vassregionutvalet i Rogaland behandla i 2017 sak om fordeling av statlege midlar. Det blei då vedteke at kr 290 000,- blei fordelt til kvart av dei fire vassområda (eingongsbeløp) på følgjande vilkår: «Beløpet skal brukes til tiltak eller kartlegging (kunnskapsforbedring), som er prioritert i regionalplan og regionalt tiltaksprogram for vannforvaltning 2016-2021.» I Ryfylke vassområde har desse midlane vore nytta i tråd med føresetnaden og gjort arbeidet enklare. Nokre tiltak har komme fort i gang pga av midlane. Ein bør nytte tilsvarande kriteria dersom det blir årlege overføringar.

Forslag til vedtak Ryfylke vassområdeutval støtter opp om Haugaland vassområdeutvalg sin henstilling om greie ut «muligheten for at deler (eksempelvis halvparten) av de fylkeskommunale vannmiljømidlene tilfaller vannområdene». Eit kriterium for overføring bør vere at midlane skal nyttast av vassområde til tiltak eller kartlegging (kunnskapsforbetring) som er prioritert i gjeldande regionalplan og regionalt tiltaksprogram for vassforvaltning.

Behandling Ingen merknad.

Røysting Samrøystes i samsvar med forslag til vedtak.

Vedtak Ryfylke vassområdeutval støtter opp om Haugaland vassområdeutvalg sin henstilling om greie ut «muligheten for at deler (eksempelvis halvparten) av de fylkeskommunale vannmiljømidlene tilfaller vannområdene». Eit kriterium for overføring bør vere at midlane skal nyttast av vassområde til tiltak eller kartlegging (kunnskapsforbetring) som er prioritert i gjeldande regionalplan og regionalt tiltaksprogram for vassforvaltning.

Sak 28/20: Eventuelt

TEAMS Dette var det første digitale møte i vassområdeutvalet og Jarle ønskja tilbakemelding på dette i forhold til fysiske møte. Det var semje om at det er fornuftig å ha Teamsmøte når saklista er så kort. Elles er fysiske møte å føretrekke.

Vedlegg 1

Prioriteringer av vannforekomster (frå e-post mottatt 24/9-20. Anneli Vatshaug Jenssen, Rogaland fylkeskommune)

Som tidligere, deles prioriteringene inn i tre kategorier, som er listet under.

1. Prioriterte nedbørsfelt. Basert på følgende: a. Forurensningsgrad: Stort behov for næringsreduserende tiltak eller opprydding av forurenset sjøbunn. b. Fysiske inngrep: Stort behov for habitatforbedrende tiltak. c. Uavklart: Stort behov for kartlegging for å finne årsaken til redusert tilstand på vannmiljøet og avklare tiltaksbehov. d. Tilstedeværelse av utvalgte indikatorarter: Elvemusling, laks eller sjøørret. Dette punktet i seg burde ikke være den eneste grunnen til at et vassdrag settes som prioritet, men vil heller gjøre det lettere å prioritere hvis valget står mellom forskjellige forekomster, hvor noen har indikatorarter og den andre ikke har det. e. Brukerinteresser: Viktig nærområde eller friluftslivsområde. 2. Prioriterte sektor-/tiltaksområder a. Forsuring (Langtransportert forurensning) b. Landbrukssektoren c. Vannkraftreguleringer d. Habitatforbedrende tiltak e. Vann- og avløpssektoren f. Forurensede sedimenter g. Fremmede arter 3. Prioriterte sektorovergripende virkemidler a. Arealplanlegging b. Sektorovergripende tiltaksplaner og utredninger c. Kunnskapsbygging og tiltaksovervåkning

Vil påpeke at kategoriene er likestilte, og vil foregå parallelt med hverandre.

For å utnytte lokalkunnskap, erfaringer, samt få prioriteringene forankret i vannområdene, anbefales det å gjennomgå dem i arbeidsgruppene og deretter vannområdeutvalgene før de inkluderes i kommende vannforvaltningsplan. Utover dette, anbefales det at prioriteringene gjennomgås og eventuelt omprioriteres i vannområdeutvalgene hvert andre år etter vedtatt vannforvaltningsplan. Prioriteringene vil og legges frem og vedtas i VRU.

Ønsker at vi forholder oss til samme hensikt for kategori 1, som ved inneværende planperiode (beskrevet i tiltaksprogrammet, side 30): «Hensikten med den geografiske prioriteringen, er å få til en helhetlig vannforvaltning på tvers av sektormyndigheter. For å klare å oppnå målene i disse nedbørfeltene, er vannregionen avhengig av at alle sektormyndighetene drar i samme retning og gjennomfører tiltak noenlunde samtidig. Behov for samarbeid vil gjelde både eksternt mellom sektormyndigheter, men også internt i en sektormyndighet. Alle involverte sektormyndigheter må samtidig samarbeide om å finne de rette tiltakene for det aktuelle nedbørfeltet.»

Vassdrag og kystvann som kommunene har ønske om å øke fokuset på, men som ikke passer inn under kategori 1, kan inkluderes inn under kategori 2, under relevant(e) tiltaksområde(r).

Til sist vil jeg minne om at vassdrag og kystvann som ikke er inkludert på prioriteringslisten, fremdeles skal jobbes med og skal oppnå vannmiljømålene innen de fastsatte fristene. Men for søknader om tilskudd, vil prioriterte vassdrag få «fortrinnsrett» hos deriblant fylkeskommunen og fylkesmannen.