I BJØRNAFJORDEN KOMMUNE ER HER FOR UNGDOMANE Innleiing

«Heiagjengen i Bjørnafjorden koronapandemien. Samarbeidet kommune er her for mellom dei offentleg tilsette som ungdomane» er eit produkt arbeider for at ungdomane våre skal av tett og godt samarbeid ha gode vektsvilkår held fram. mellom sanitetsforeningane i og , tilsette Ungdomane, som deltok i i Bjørnafjorden kommune og planlegging av nemde arrangement, fylkeskommune, leiingane ba oss laga ein samla presentasjon ved Fusa ungdomsskule og Fusa over dei som kan bidra for vidaregåande skule og, ikkje minst, ungdomane, foreldra m.fl. I denne elevråda ved same skular. samanheng kalla «Heiagjengen til ungdomane». Med støtte frå N.K.S Fusa sanitetsforening fylte 100 Vestland Sør, Sparebanken Vest, år i juli 2020, og i samband med Lions Club Fusa og Fusa Kraftlag markeringa planla foreninga å har me fått designa ei trykt og ei gjera noko positivt for ungdomane elektronisk utgåve av faldaren. i nærmiljøet. Tilsette i kommunen I tillegg til dei de får presentert og fylkeskommunen, som arbeider her har me også mange frivillige med og for ungdomane våre, slutta organisasjonar, som gjer eit stort og seg til. Undersøkinga «Ung data» godt arbeid. i 2019 syner at det er behov for å arbeida systematisk med trygge Det er ei glede for oss å kunna oppvektvilkår til ungdomane presentera «Heiagjengen», og i kommunen vår. Mange unge håpar faldaren vil vera til nytte. uttrykkjer at dei slit, og er uroa for «Heiagjengen» håpar på framleis framtida. godt samarbeid og kontakt med ungdomane, føresette, skulane våre Planlegging av eit stort med fleire. arrangement på Fusa vidaregåande skule starta i byrjinga av januar Takk også til designfirmaet Glynt AS 2020. Arrangementet med for godt samarbeid og framifrå m.a. «Helsesista», Tale Krohn arbeid. Engvik, måtte avlysast grunna

2 INNHALD:

4 SLT-koordinator 5 Ruskonsulent 6 Ung Arena 7 Fjorden Arena 8 Ungdomskonsulent 9 Kommunepsykolog 10 Barneverntenesta 12 Meistringsteamet 13 NAV 14 Skulehelsetenesta 15 Helsestasjon for ungdom Elevtenestene: 16 • Fusa ungdomskule 17 • Nore Neset ungdomskule 18 • Os ungdomskule 20 • Os gymnas 22 • Fusa vidaregåande skule 24 • Os vidaregåande skule 25 Rettleiingstenesta 26 Politiet

27 Nasjonale hjelpetelefonar og nettsider SLT-KOORDINATOR

SLT står for samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggande tiltak.

Målet er å koordinera kunnskap og ressursar mellom politi, næringsliv, frivillige organisasjonar og aktuelle kommunale tenester for å utvikla godt samarbeid på tvers av etatane. SLT-koordinatoren har ein viktig funksjon i prosjekt «Heiagjengen i Bjørnafjorden kommune er her for ungdomane», og vil vera bindeleddet mellom dei ulike tenestene.

SLT-koordinatoren skal arbeida på systemnivå, og er i hovedsak retta mot barn og unge i alderen 0–23 år, med vektlegging av aldersgruppa 12–23 år.

Kontakt meg:

Elin Tuft SLT-koordinator

Telefon: 908 10 495 E-post: [email protected]

4 Ruskonsulent

Ruskonsulenten i Bjørnafjorden kommune er eit tilbod til deg som har, eller kjenner nokon som har, eit problem med rus eller annan avhengigheit. Tilbodet er gratis og du treng ikkje tilvising.

Ruskonsulenten tilbyr: • Støttesamtale med deg og/eller pårørande • Råd og rettleiing • Kartlegging • Tilvising til behandling • Fagleg rettleiing

Kven kan ta kontakt? Du kan ta kontakt om du sjølv eller ein av dine nære har utfordringar knytt til rus eller avhengigheit.

Kontakt meg:

Carl-André Dahl Ruskonsulent, Bjørnafjorden kommune

Telefon: 948 42 068 E-post: [email protected]

5 UNG ARENA

Ung Arena er ein møteplass / ein stad å vere, og eit samtaletilbod for barn og unge mellom 13 og 20 år (f.o.m. 8. klasse).

Ung Arena er ein stad ein kan snakke om det ein har på hjarta. Ingen problem er for store eller for små.

Møteplassen skal vere ein trygg og positiv stad å vere etter skuletid, med aktivitetar og fellesskap som bidreg til meistring og kjensla av å høyre til. Vi ønskjer aktivitetar og tiltak for å styrke helse- og livskvalitet. Tiltaka skal vere universelle, opne for alle, vere gratis og ha eit helsefremjande fokus. Møteplassen er stress-, press- og rusfri. Dette skal vere eit lågterskel- tilbod, der ungdom kan komme uansett grunn. Helsestasjon for ungdom er lokalisert på Ung Arena.

Kontakt oss:

Adresse: Oshaugen 2 (Os aktiv) Nettside: www.bjornafjorden.kommune.no/ungarena Instagram: ungarenabjornafjorden Facebook: Ung Arena Bjørnafjorden Snapchat: ungarenabjornaf Telefon: 917 26 225

Elin Tuft SLT-koordinator Telefon: 908 10 495 E-post: [email protected]

Anne Solberg Andersson Ungdomskonsulent / MOT-koordinator Telefon: 971 74 931 E-post: [email protected]

6 FJORDEN ARENA

Fjorden Arena i Eikelandsosen er ein fleirbrukshall som tilbyr noko for alle: e-sport, handball, volleyball, turn, badminton, klatring, styrketrening, dans, kafeteria, brettspel med meir. Kort sagt er Fjorden Arena ein sosial møteplass med varierte aktivitetar. Både idrettslag, skular, lag og organisasjonar og enkeltpersonar er velkomne i Fjorden Arena.

Faste opne aktivitetar som har vore så langt: • «Full pakke», allsidige gratisaktivitetar, tysdagar kl. 17.00–20.00. • Studietid for ungdomsskuleelevar, måndagar kl. 14.15–16.00. • «Open hall» for ungdom einskilde fredagar. • Basisballkurs. • E-sport i regi av FULK (fulk.no) på fredagar.

Bruk av styrkerom og klatrehall for enkeltpersonar Opningstida er kl. 05.00–23.00 alle dagar. For å nytta desse tilboda, må du ha tilgangskort og skriva under på ein brukaravtale. Dette kan du få ordna i Fjorden Arena.

Adresse: Stallabrotvegen 50, 5640 Eikelandsosen.

Nettside: https://bjornafjorden.kommune.no/kultur-idrett-og-fritid/idrett/ fjorden-arena/

Eigne sider på Facebook og Instagram

7 Ungdomskonsulent Ungdomskonsulenten arbeider med førebygging, bl.a gjennom samtalar og oppfølging med vekt på relasjon og låg terskel. Ungdomskonsulenten ønskjer å vere til stades på ulike sosiale arenaer der ungdommar møtest, for å bygge relasjonar, for å kunne tilby hjelp, og for å kunne vere ein samtalepartnar.

Ei av oppgåvene til ungdomskonsulenten er drift av lågterskeltilbodet Ung Arena Bjørnafjorden. Her skal ungdom mellom 13 og 20 år ha ein stad dei kan treffast og vere sosiale, og ein stad dei kan få hjelp om ein treng det.

Ungdomskonsulenten er óg MOT-koordinator og MOT-coach i Bjørnafjorden kommune.

Ikkje ver redd for å ta kontakt på telefon eller E-post dersom du ønskjer det!

Kontakt meg:

Anne Solberg Andersson Ungdomskonsulent Bjørnafjorden kommune

Telefon: 971 74 931 E-post: [email protected]

8 KOMMUNEPSYKOLOG Vi gir eit lågterskel samtaletilbod til ungdommar som sjølv opplever at dei har behov for det innanfor ei ramme av ca. 5 samtalar. Tilbodet er gratis, og du treng ikkje tilvising. Ungdommar kan sjølv ta direkte kontakt, eller foreldre, helsesjukepleiar eller fastlege kan ta kontakt på dine vegne i samarbeid med deg. Viss du er under 16 år, må vi som hovudregel ha samtykke frå foreldre.

Det at livet varierer er heilt normalt, og dei fleste av oss vil oppleve tunge periodar. Nokre gonger dreier det seg om ei livsbelastning, noko som står på som gir sterke kjensler og gjer det vanskeleg å fungere i kvardagen. For ungdommar kan det for eksempel vere kjærleikssorg, at foreldra skil seg, at nokon ein er glad i er sjuk eller rusavhengig, at ein blir mobba eller utestengd eller det er konflikt i vennegruppa, at ein er stressa og overvelda av skulearbeid eller anna type press, eller at ein har mista nokon ein er glad i. Andre gonger kan vanskar dukke opp utan ein openberr grunn, enten ved at dei dukkar opp plutseleg eller at dei utviklar seg over tid. Dette kan t.d. vere kjensler som tomheit og tristheit, eller angst og uro. Det kan også vere at ein får eit problematisk forhold til kropp og/eller mat, eller byrjar å få negative tankar om seg sjølv og livet sitt.

Hos oss kan du få hjelp med det som du sjølv syns er vanskeleg. Å ha nokon og snakke med vil ikkje alltid løyse situasjonen, men kan hjelpe deg å handtere det du står i og å kjenne deg sterkare og mindre aleine. Kontakt OSS:

Hanne-Marthe Liabø Kommunepsykolog Telefon: 469 47 919 E-post: [email protected]

Helene Freia Todtenhaupt Kommunepsykolog Telefon: 951 51 771 E-post: [email protected]

9 Barneverntenesta

Bjørnafjorden barnevernteneste består av 27 årsverk og arbeider for at barn og ungdom skal ha det best mogleg i heimen og i nettverket sitt. Bjørnafjorden barnevernteneste er inndelt i tre ulike avdelingar; dei som arbeider med undersøking av bekymringsmeldingar, dei som arbeider med oppfølging av familiar som får hjelp i heimen og dei som arbeider med oppfølging av barn og ungdom som bur i fosterheim og institusjon. Vi har også eigne familierettleiarar i tenesta vår.

Både foreldre, barn og ungdommar er velkomne til å ta kontakt for ein prat dersom dei kjenner at dei ikkje har det greitt heime. De kan og ta kontakt dersom de ser at andre ikkje har det bra. Grunnar til at barn, ungdom eller vaksne tek kontakt med barneverntenesta kan f. eks. vere at nokon er, eller har vore utsett for ulike typar vald, har foreldre som misbruker alkohol eller andre rusmidlar, eller at foreldra har andre utfordringar kring helsa si som gjer det vanskeleg å vere forelder i periodar.

Det kan og vere andre forhold kring heimesituasjonen som gjer at ein er bekymra for korleis barn og ungdommar har det heime. Det som er viktig er at ein våger å ta kontakt for ein samtale, då det kan vere med på å hjelpe ein sjølv eller andre. Barneverntenesta er ei hjelpeteneste som i hovudsak er frivillig, det vil sei at ein må takke ja til hjelpa som vi tilbyr familien etter at forholda i heimen er undersøkt. Men det er som kjent også slik at barneverntenesta kan setje i verk ulike tiltak dersom det er alvorlege forhold som tilseier at dette er naudsynt utan at ungdom eller foreldre er einig i det.

Offentlege tenester som skule, fastlege, politi og andre har meldeplikt til barneverntenesta, og sender bekymringsmelding dersom dei er bekymra for barn eller ungdom som dei er i kontakt med.

10 Vår dagvakttelefon er bemanna kvar dag frå 08.00–15.30. Telefonnummer er 901 82 850. Der kan ein ringe for å drøfte ei bekymring eller for å avtale ein samtale med ein av kontaktpersonane som arbeider i barneverntenesta. Ein kan også ta kontakt på E-post: [email protected].

Kontakt oss:

Linda Hevrøy Barnevernleiar Telefon: 971 56 989

Elin Askvik Kontaktperson Telefon: 900 46 395

Cathrine G. Instebø Kontaktperson Telefon: 911 01 987

11 MEISTRINGSTEAMET Meistringsteamet er eit tverrfagleg team sett saman av personar med pedagogisk, helsefagleg og sosialfagleg kompetanse. Meistringsteamet arbeider inn mot elevar i grunnskulane i Bjørnafjorden kommune som av ulike årsaker har vanskar med å meistre skulekvardagen. Det kan til dømes vera elevar med skulefråvær, åtferdsvanskar, sosiale vanskar og/eller psykiske vanskar.

Meistringsteamet er til stades kvar dag på dei tre ungdomsskulane og følgjer elevane tett. Vi hjelper dei i skulekvardagen både fagleg og sosialt, har samtalar med dei eller har dei med på alternativ opplæringsarena. Vi har også elevar saman i grupper. Dette kan vere grupper for elevar som har behov for eit avbrekk i skuletida eller grupper for elevar som har behov for å vere saman med jamaldra. Vi tilbyr også eigne sinnemeistringsgrupper for elevar som har vanskar med å regulere sinnet sitt.

På barneskulane arbeidar Meistringsteamet for å hjelpe elevane i skulekvardagen, gjennom å rettleie dei tilsette som arbeider rundt eleven. Her brukar vi mykje tid på observasjon og analyse av klassemiljø. Det er særleg viktig for oss å sikre eleven si stemme og kva han/ho tenker om eigen situasjon. Vi brukar derfor tid på å bli kjent og ha samtalar med eleven. Dette arbeidet kan vi også gjere på ungdomsskulane.

Meistringsteamet samarbeider tett med foreldre/føresette, tilsette på skulane og andre fagtenester. Det er den enkelte rektor som saman med Meistringsteamet avgjer kva for nokre elevar Meistringsteamet skal arbeide med.

For elevar på vidaregåande skule kan tilsette i Meistringsteamet, saman med andre kommunale tenester, tilby sinnemeistringskurs.

Kontakt oss:

Merete Lekven Leiar i Meistringsteamet Telefon: 469 53 298 E-post: [email protected]

12 NAV

NAV forvaltar ein tredel av statsbudsjettet gjennom ulike ordningar. Kommunane og staten samarbeider om å finne gode løysningar for dei som treng det.

Som ungdom er utdanning noko av det viktigaste du kan gjennomføra for å være godt rusta for framtida. Det styrker dine moglegheiter for ein god jobb, og dermed inntekt som vi alle er heilt avhengig av for å kunne betene utgiftene våre.

På våre nettsider finn du mykje informasjon om vegen vidare enten du skal gå vidare på skule eller er ferdig og ser etter arbeid. Her kan du også finna ut kven du skal kontakta for å få hjelp. https://veiledearbeidssoker.nav.no/ung-lite-erfaring?sprak=nb

Om du er 18 år eller eldre i en vanskelig eller sårbar situasjon, kan du ta kontakt med NAV. Vi kan blant anna hjelpe deg med økonomisk rettleiing.

Du kan ta kontakt med oss på telefon 55 55 33 33 eller via chat på https://www.nav.no/no/person

NAV vil også vere tilgjengeleg på Ung Arena.

LIONs Club Fusa

Førebyggande arbeid for barn og unge er eit satsingsområde for Lions Club Fusa. Slagordet til Lions sin tulipanaksjon er: «Det er betre å byggje barn enn å reparere vaksne». Lions ser det som viktig å kunna bidra for ungdomane i lokalsamfunnet.

13 SKULEHELSETENESTA – Det kan vere godt å ha nokon å snakke med!

Alle skulane i Bjørnafjorden kommune har skulehelseteneste. Dette er helsesjukepleiar og tilgang på lege. Omfang og organiseringa av dette er ulikt på dei ulike skulane. Finn ut sjølv korleis dette er på din skule! Sjå på skulen si heimeside eller anna informasjon på skulen.

Kva kan skulehelsetenesta hjelpe deg med? Du kan komme til oss med alt eigentleg. Det kan være psykiske, fysiske eller sosiale utfordringar eller spørsmål. Det kan være stort eller lite. Kanskje treng du berre å diskutere litt. Rydde i tankar. Helsesjukepleiar har teieplikt. Besøk hos skulehelsetenesta gir ikkje fråvær og tilbodet er gratis.

Undersøkingar: Me gjer helseundersøkingar som klamydiatest og graviditetstest. Prevensjon: Helsesjukepleiar gir veiledning og kan skrive ut resept på alle prevensjonsmiddel. Kan òg ordne innsetting av p-stav og hormonspiral. Samarbeid med skulen: Helsesjukepleiar samarbeider med skulen og er med i skulen sitt ressursteam. Det vil sei at me kan samarbeide om å hjelpe deg, viss du gir oss samtykke. Henvisning: Dersom du treng hjelp av andre vil me jobbe for at du får den hjelpa du treng. Det kan vere lege, BUP, PPT, psykolog, fysioterapeut, barnevern, ruskonsulent eller andre som har kompetanse innan dine utfordringar.

Samtykkekompetanse (Gjeld både skulehelseteneste og HFU.) Ungdommer over 16 år kan som hovedregel samtykke til helsehjelp selv, jf. pasient- og brukerrettighetsloven § 4-3 første ledd bokstav b[9].

Ungdom mellom 12 og 16 år kan samtykke til helsehjelp når foreldrene ikke er informert eller når det følger av tiltakets art, jf. pasient- og brukerrettighetsloven § 4-3 første ledd bokstav c. Dersom ungdommen er mellom 12 og 16 år skal det ikke gis opplysninger til foreldrene når ungdommen ikke ønsker det av grunner som bør respekteres, jf. pasient- og brukerrettighetsloven § 3-4[9].

14 HELSESTASJON FOR UNGDOM (HFU)

Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod til deg mellom 13 og 20 år. Dette er for alle i denne aldersgruppa, også dei som ikkje har tilknytning til ein skule. Her kan du snakke med helsesjukepleiar og få kontakt med lege. Dette er eit supplement til skulehelsetenesta. Innhaldet er mykje likt, men dette tilbodet går til fleire ungdommar. På Os er HFU ope til 16.30 to dagar i veka, slik at ein òg kan koma til etter skuletid.

Alle som jobbar på helsestasjon for ungdom har teieplikt.

Kva kan du koma til oss for? Du kan koma til oss med alt eigentleg. Det kan være psykiske-, fysiske- eller sosiale utfordringar eller spørsmål. Det kan være stort eller lite. Kanskje treng du berre å diskutere litt. Rydde i tankar.

Undersøkingar: Me gjer helseundersøkingar som klamydiatest og graviditetstest. Prevensjon: Helsesjukepleiar gir rettleiing og kan skrive ut resept på alle prevensjonsmiddel. Henvisning: Dersom du treng hjelp av andre vil me jobbe for at du får den hjelpa du treng. Det kan vera lege, BUP, PPT, psykolog, fysioterapeut, barnevern, ruskonsulent eller andre som har kompetanse innan dine utfordringar.

Kontakt oss:

Helsestasjon for ungdom Osøyro Du finn oss i Ung Arena i Os Aktiv-bygget (ved Os ungdomsskule) Opningstid: måndag og onsdag kl. 14.30–16.30. Stengt i skuleferiar. Du møter opp i opningstida for å få time.

Helsestasjon for ungdom Eikelandsosen Telefon: 979 65 039 Send SMS eller ring for å avtale tid med helsesjukepleiar. Me svarar snarast mogleg. Du vil få tid veldig snart, oftast same dag viss du ønsker det. Alle ungdomar i Bjørnafjorden kan koma på HFU i Ung Arena på Os når det er ope der. Då møter du berre opp og ber om tid.

15 ELEVTENESTA FUSA UNGDOMSSKULE

Utdanningsrådgjevar Svanhild Håland Riise kan hjelpa med å planlegga vegval vidare når tida ved ungdomsskulen er over. Ho har kvar veke kontakt med elevar i 10. klasse som går på skulen, for å rettleia dei i faget utdanningsval.

Kontakt meg:

Svanhild Håland Riise Telefon: 414 51 826 E-post: [email protected]

Miljøteam Miljøteamet si oppgåve er å leggja til rette for trivsel i skulekvardagen for alle elevar ved Fusa ungdomsskule. Det kan vera å stella i stand ulike overraskingar ein heilt vanleg skuledag eller organisera ulike aktivitetar, men mest av alt vera til stades som trygge vaksne som bryr seg. Miljøteamet består av to fagarbeidarar og avdelingsleiar Arild Matland.

Kontakt meg:

Arild Matland Telefon: 975 67 113 E-post: [email protected]

16 ELEVTENESTA NORE NESET UNGDOMSSKULE

Skulehelsetenesta Anne Birgitte Hodneland Sundfjord er helsesjukepleiar ved Nore Neset ungdomsskule. Ho er på skulen tysdagar, torsdagar og fredagar.

Meir informasjon om skulen finn du på nnus.no

Kontakt oss:

Anne Birgitte Hodneland Sundfjord Helsesjukepleiar Telefon: 911 73 771 E-post: [email protected]

Beate Haugsgjerd Rådgjevar Telefon: 56 57 58 05 E-post: [email protected] Sentralbord: 56 57 58 00

17 ELEVTENESTA Os ungdomsskule

Os ungdomsskule skal vera ein god stad å vera for alle elevar og vi skal gi kvar elev læring som grunnlag for fagleg og sosial utvikling. Våre kjerneverdiar er tryggleik, anerkjenning og meistring. Alle elevar skal oppleve å høyre til og vere inkludert. Alle skal bli sett og oppleve samhald, og alle elevar skal få tru på eigne evner.

Miljøteamet ved Os ungdomsskule Os ungdomsskule har eit nyoppstarta miljøteam beståande av to miljørettleiarar, ein vernepleiar og ein sosionom. Miljøteamet skal leggje til rette for positiv utvikling for alle elevar og arbeide førebyggande på individnivå, gruppenivå, klassenivå og skulenivå.

Vi har fått på plass eit samtalerom, «Hjarterom», på skulen som er tiltenkt både individuelle- og gruppesamtalar. Her vil det vere mogleg å få snakke med miljørettleiar i storefri tirsdag og torsdag, og dette er eit tilbod som vi ønskjer å utvide på sikt dersom vi ser behov for det. Hos oss er alle velkomne med både små og store utfordringar. Vi samarbeider også med rådgjevarar og skulehelsetenesta.

Føresette er også velkommen til å ta kontakt om dei treng rettleiing. Vårt mål er at alle skal ha ein god skulekvardag utifrå eigne forutsetningar. Veronica Buvik og Mari Minde

18 MOT-skule Os Ungdomsskule har i nærare 15 år vore ein MOT-skule. Som MOT-skule jobbar vi for å førebyggje mobbing, vald, rusmisbruk, psykiske vanskar og kriminalitet gjennom å utvikle robust ungdom som inkluderar alle. I løpet av tida på ungdomsskulen får alle klassar 12 besøk av våre MOT-coachar. I desse besøka legg ein vekt på kjerneverdiane – mot til å leve, mot til å bry seg og mot til å sei nei. Morten , Tonje Thorsnes Nybrot og Lill Sirèn P. Frantzen

Rådgjevingstenesta Hos ein av dei tre rådgjevarane ved skulen kan du få hjelp til det du måtte ha på hjartet, anten det gjeld sosiale eller skulefaglege utfordringar, og spørsmål knytta til vidaregåande skule og karriere.

Velkomen innom for god prat! Kontakt oss:

Gry B. Skarstein Rådgjevar Telefon: 56 57 59 05 E-post: [email protected]

Siv Janne Aarvik Bentsen Rådgjevar/Spes.ped.koordinator Telefon: 56 57 57 34 E-post: [email protected]

Hege Austegård Rådgjevar Telefon: 56 57 57 34 E-post: [email protected]

19 ELEVTENESTA OS GYMNAS

Avdelingsleiar for elevtenester Avdelingsleiar for elevtenester jobbar tett på elevane ved skulen. Ho har faste møte med elevrådet og elevrådsstyret, og ser til at elevane sine innspel både fagleg og sosialt vert tekne hand om. Avdelingsleiar for elevtenester er leiar for skulen sitt ressursteam.

Kontakt meg:

Hilde Paaske-Knauer Avdelingsleiar Telefon: 56 56 57 57 E-post: [email protected]

Rådgjevar • Rådgjevar gir rettleiing i spørsmål om val av fag og utdanning. • Rådgjevar samarbeider tett med kontaktlærar, faglærarar og avdelingsleiarane. • Rådgjevar sit i skulen sitt ressursteam og kan gi sosialpedagogisk hjelp og rettleiing ved personlege problem og utfordringar i kvardagen. Han har tett kontakt med OT/PPT og andre offentlege instansar. • Rådgjevar hjelper deg òg dersom du ønskjer å reisa på utveksling til utlandet. • Rådgjevar har teieplikt. Kontakt meg: Terje Bøthun Rådgjevar Telefon: 56 56 57 56 E-post: [email protected]

20 Helsesjukepleiar (helsesøster) Helsesjukepleiar på skulen vår heiter Annika Andersland. Ho kan hjelpe deg med både psykiske og fysiske vanskar. Ho er på skulen kvar onsdag.

Annika Andersland Helsesjukepleiar

Psykolog Psykolog Ida Drake Skrepstad er på skulen to tysdager i månaden.

Ida Drake Skrepstad Psykolog

Dersom du ikkje når personen du søkjer på telefon eller epost, kan du kontakta Bjørnafjorden kommune.

Telefon: 56 57 50 00

E-post: [email protected] ELEVTENESTA FUSA VIDAREGÅANDE SKULE

Skulemiljøteamet Skulemiljøteamet jobbar for eit trygt og godt skulemiljø. Me samarbeider tett med elevmentorane våre, og organiserer bl.a. open skule ein ettermiddag i veka. Skulemiljøteamet består av miljøfagarbeidarar, helsesjukepleiar og sosialrådgjevar.

Korleis jobbar skulemiljøteamet? For oss er skulemiljø/klassemiljø viktig, og me ønskjer å vera til stades der du er. Om noko er kjipt eller vanskeleg å ta opp med læraren eller foreldre, eller du berre vil snakka, er me her for deg. Me kan også hjelpe deg vidare til andre hjelpeinstansar som rådgjevar, helsesjukepleiar, psykisk helseteam, NAV etc.

Me kan hjelpa med tilrettelegging i skulekvardagen, i og utanfor klasserommet. Under frukost og lunsj er me tilgjengelege i kantina. Her kan du koma og sitja med oss og slå av ein prat. Me har tid til å høyre på deg og det du er opptatt av. Vårt mål er at kvar enkelt elev skal ha det bra på skulen. Det er ditt liv, tanker og erfaringar som er i fokus.

Elevmentorar På Fusa vidaregåande har me elevmentorar. Dei er vg2- og vg3-elevar. Alle vg1-klassane får kvar sine elevmentorar. Målet deira er å skapa eit kjekt og trygt skulemiljø for alle elevane. Elevmentorane skal bidra til at nye elevar på skulen føler seg sett og ivaretatt. Dei skal også gje klassen ein god start og drive tiltak me veit er viktig for å skapa tilhøyrsle, deltaking og motivasjon hos elevane. Elevmentorane skal først og fremst følgja opp elevane i klassen, men har også ein eigen aktivitetsplan for heile skulen. Innhaldet i aktivtetsplanen er det elevmentorane som lager, så elevane kan gleda seg til mange ulike aktivitetar gjennom skuleåret. For å kunne gjennomføra oppdraget som elevmentor deltar alle mentorar på ei obligatorisk opplæring før dei får tittelen elevmentor.

22 Sosialrådgjevar Hjå sosialrådgjevar kan du få hjelp til praktiske utfordringar i skulekvardagen. Sosialrådgjevar jobbar for å sikra eit trygt og godt skulemiljø for elevane. Ved å kontakta sosialrådgjevaren kan du få hjelp til blant anna:

• Er det noko som er vanskeleg i klassen? • Har du saker som er relevant for elevrådet? • Tilgjengeleg for elevane i skulekvardagen • Koordinator for skulemiljøteam • Samarbeidar tett med resten av elevtenesta

Kontakt oss:

Kristine Hjartnes Sosialrådgjevar Telefon: 970 19 917 E-post: [email protected]

Susanne Ulvenes Helsesjukepleiar Telefon: 979 65 039 E-post: [email protected]

Camilla Rabe Nesheim Avdelingsleiar Telefon: 56 58 09 09 E-post: [email protected]

23 ELEVTENESTENE/RÅDGJEVARTENESTA OS VIDAREGÅANDE SKULE

Sosial-pedagogisk rådgjeving • Hjelpe til med å finne seg til rette på skulen • Trivsel, einsemd, personlege/psykiske utfordringar • Fagleg tilrettelegging/spesialundervisning • Tilrettelegging i forbindelse med helserelaterte utfordringar

Utdanning- og yrkesrettleiing • Kva du kan utdanne deg til • Kva for skular du kan søkje • Individuelle samtalar og rettleiing i grupper • Hjelpe til ved feilval/omval • Legge til rette for å hospitere på andre utdanningsprogram/skular

Einar sitt ansvarsområde: Vg1: TIP, Elektrofag, Bygg- og anleggsteknikk Vg2: Transport og logistikk, Byggteknikk, Kjøretøy, Anleggsteknikk, Arbeidsmaskiner, El-energi Vg3: Anleggsmaskinmekanikar

Ingrid sitt ansvarsområde: Vg1: Helse- og oppvekstfag, Sal, service og reiseliv, Vg2: Barne- og ungdomsarbeidar, Helsearbeidarfag, Ambulansefag, Sal, Service og tryggleik Vg3: Påbygging til generell studiekompetanse

Kontakt oss: Einar Nystad Rådgjevar Telefon: 901 17 718 E-post: [email protected]

Ingrid Lund Eide Rådgjevar Telefon: 926 08 328 E-post: [email protected]

24

RETTLEIINGSTENESTA – Vestland fylkeskommune

Rettleiingstenesta skal gi elevar, lærlingar, lærekandidatar, ungdom og vaksne tilgang til aktuelle fagtenester i sine læringsmiljø. Rettleiingstenesta skal samarbeide med skular, arbeidsliv, offentlege instansar, opplæringskontor og lærebedrifter. Rettleiingstenesta omfattar: PPT, OT, Fagopplæring og Psykologteam (Vaksenopplæring kjem hausten 2020).

• Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) samarbeider med skulen for å legga opplæring betre til rette for elevar med særlege behov, og føl opp elevar med ulike vanskar som påverkar læring. • Oppfølgingstenesta (OT) jobbar med fråfallsførebygging på skulane, og oppfølging av ungdom mellom 16 og 21 år som har takka nei til skule eller ikkje har søkt skule. • Fagopplæring føl opp lærlingar, lærekandidatar og lærebedrifter • Psykologteam jobbar både med individ og systemsaker på skulen, som til dømes stressmeistring og klassemiljø.

Målet vårt er: • Auka læringsutbytte og fullføring • Fokus på det 4-årige løpet • Betre samarbeid mellom skule og arbeidsliv • Tett oppfølging av elev og lærling • Tidleg og samordna innsats Kontakt OSS: Telefon: 55 11 74 50 E-post: [email protected]

Oddbjørg Kvåle Bergesen Psykologspesialist Telefon: 55 11 74 50 / 45 29 89 64 E-post: [email protected]

Siriann Laupsa Telefon: 407 63 927 E-post: [email protected]

25 POLITIET Politiet har mange oppgåver i samfunnet, men ei av politiet sine viktigaste oppgåver er å førebyggja kriminalitet.

I Os og i Fusa har vi politikontaktar som skal vere kontaktpunktet mellom politi, kommune, næringsliv og andre lokale aktørar.

Politikontaktane og dei andre på lensmannskontora arbeider med mykje forskjellig; mellom anna etterforsking, dei tar bekymringssamtalar, dei er ute på skular og dei patruljerer.

Ta kontakt om du lurer på noko eller treng råd og veiledning.

Kontakt oss:

Anders Opsal Politikontakt Fusa lensmannskontor Telefon: 56 55 35 00 / 488 66 530

Kjartan Svendsen Politikontakt Fusa lensmannskontor Telefon: 56 55 35 00

Anne Lyssand Politikontakt og fagleiar førebyggjande, Bjørnafjorden lensmannskontor Telefon: 488 66 487

26 Nasjonale nettsider og hjelpetelefonar:

Generelle nettsider for ungdom: ung.no barneombudet.no unginfo.no korspåhalsen.no

Nettsider og tjenester med seksuell helse som tema: sexogsamfunn.no (Sex og samfunn) amathea.no (Amathea) youchat.no (helseutvalget) ungdomstelefonen.no (Skeiv Ungdom) sexfordeg.no (Sex og politikk)

Nettsider om psykisk helse: snakkommobbing.no (Blå Kors) kirkens-sos.no (Kirkens SOS i Norge) sidetmedord.no (Mental helse) selvhjelp.no (Nasjonalt kompetansesenter for selvorganisert selvhjelp)

Vold og overgrep Alarmtelefonen for barn og unge 116 111 (Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet) Landsdekkende telefon for incest- og seksuelt misbrukte 800 57 000 (Incestsenteret i Vestfold) Telefonen for tvangsekteskap og kjønnslemlestelse 815 55 201 (Røde Kors)

Rus Rustelefonen 08588 (Helsedirektoratet/Oslo Kommune) barsnakk.no (barn av rusmisbrukere)

Tobakk Slutta-appen (Helsedirektoratet) FRI (Helsedirektoratet)

27 SPONSORAR

Norske Kvinners sanitetsforening Dersom du vil lesa meir om N.K.S., (N.K.S.) vart etablert i 1896, og er eller ynskjer å vera medlem i dette landets største kvinneorganisasjon med fellesskapet, går du inn på: 42000 medlemer og 620 lokallag. N.K.S. www.sanitetskvinnene.no er ein politisk uavhengig organisasjon, og har tre hovudsatsingsområde: Foreningane når du på: • Fremja kvinners helse og livsvilkår [email protected] • Bidra til ein trygg og inkluderande [email protected] oppvekst [email protected] • Skapa trygge lokalsamfunn

Fusa sanitetsforening vart etablert i 1920. Eikelandsfjorden sanitetslag vart etablert i 1957. Foreningane har same målsetting, og samarbeider godt med fylkeslaget N.K.S Vestland Sør.

Vestland sør

Vestland sør

DESIGN FOR PAPIR OG SKJERM glynt.no glynt.no