Pressemelding Tour des Fjords:

Onsdag 24. mai blir E39, riksveg 5 Florø-Førde og riksveg 13 stengt deler av dagen

Onsdag 24. mai blir første etappe av årets Tour des Fjords arrangert i og Fjordane. Skal du få med deg sykkelfesten den dagen, eller skal du ut på tur, må du planleggje godt. Fylkesveg 13 over Gaularfjellet frå til Moskog, E39 i Jølster og Førde og riksveg 5 Florø-Førde vil bli stengt deler av dagen.

-Det har aldri tidlegare vore arrangert eit så stort sykkelritt i Sogn og , og det vil få konsekvensar for trafikkavviklinga på riksveg 13, E39 og riksveg 5 Florø-Førde onsdag 24. mai, seier dagleg leiar Rolf Sanne-Gundersen i Sunnfjord Utvikling AS, lokal arrangør av sykkelrittet.

Han ber alle som skal sjå syklistane på nært hald i Balestrand, , Jølster eller Førde om å vere ute i god tid før syklistane kjem. Og dei som skal køyre gjennom Førde og Jølster denne dagen må vere tidleg ute, eller køyre etter at sykkelrittet er over. I tidsrommet 15.00 til 18.30 vil det bli vegstengingar.

-Tour des Fjords starter klokka 13.20 i Balestrand sentrum. Hovudregelen er at vegen blir stengt ein time før syklistane kjem, seier Sanne-Gundersen.

Arrangøren av rittet, politiet og Statens vegvesen var på synfaring langs løypa sist veke. Dei kjem til å informere sjølve rittdagen og på førehand om trafikkavviklinga. Likevel må folk merke seg 24. mai som ein stor dag som krev planlegging dersom du skal sjå på rittet eller reise langs E39 i Jølster og Førde, riksveg 5 Florø-Førde eller riksveg 13 frå Moskog til Balestrand.

-Utsiktspunktet på Gaularfjellet og Rørvikfjellet er to plassar vi reknar med at det vil vere mykje folk. Her er parkering ei utfordring. Derfor er det sett opp busstransport til desse plassane, seier Sanne- Gundersen. Dei som skal stå langs løypene må vere tidleg ute.

Målgang i Førde sentrum vil skje ca klokka 18.00. Før syklistane går i mål skal dei sykle ei runde på 10 km to og ein halv gang. Derfor vil Førde sentrum vere stengt frå kl 16.00 til siste ryttar er i mål. Publikum må vere tidleg ute, og det er mange parkeringsplassar på toppen av Amfi Handelshuset, eller andre stader i sentrum. Dessutan er det mange aktivitetar i sentrum både på handelshusa og på utstillingsplassen denne dagen.

Det er politiet og Statens vegvesen som tek beslutninga om vegstenging på ulike tidspunkt onsdag 24. mai. Mange forhold blir vurderte. Ikkje minst omsynet til lokaltrafikk, gjennomgangstrafikk og tryggleik for trafikkantar, bilstar, syklistar og publikum.

Her er ein detaljert oversikt over ulike punkt langs løypa, og kva som gjeld med tanke på trafikkavviklinga:

Gaularfjellet - Arrangørbussar med publikum frå Balestrand, Dragsvik, og Førde kjem til Gaularfjellet kl 12.15. - Kl 11.00 vil Gaularfjellet bli stengt for gjennomgangstrafikk ved Eldalsosen i Gaular og Mel kraftverk i Balestrand.

Rørvikfjellet - Riksveg 13 frå Moskog over Rørvikfjellet vil bli stengt kl 14.30 mot løpets retning til syklistane har passert, omkøyring via E39 Sande. - Lokaltrafikk til vil sleppe gjennom, bortsett frå ein time før ryttarane kjem. - Busstransport frå Førde og Sande til Rørvikfjellet.

Fjærland/Skei - Ca kl 14.55 blir vegen frå Fjærland til Skei stengt ved Brevasshytta. - E39 frå Byrkjelo blir stengt kl 15.15 på Skei. - Rittet passerer Skei i perioden mellom 16.30 og 1650, og vegen blir opna igjen for trafikk like etter.

Førde sentrum - Syklistane skal sykle forbi sjukehuset, gjennom Førde sentrum, forbi Førde kyrkje, opp gjelet og ned igjen på riksveg 5 frå Haugum til Førde hotel, opp igjen til Coop Xtra og same runda igjen, før spurten skjer i Angedalsvegen med målgang ved NRK /Førde stadion. Det betyr at Førde sentrum vil bli stengt for innkøyring ca ein time før rittet kjem, dvs frå kl. 16.00.

E39 frå mot Førde - Siling av trafikken på E39 ved Langeland vil bli sett i verk frå kl. 1330 av lokale politiressurser.

RV5 fra Florø mot Førde - Siling ved Naustdalstranda/Erdal blir sett i verk kl. 1330 av lokale politiressurser. - Bilistar som skal retning Bergen frå Florø vil sleppe gjennom fram til klokka 16.00. - Omkøyring for bilistar nordover er via fylkesveg 615 Storebru, Hyen, Sandane.

Kontaktpersonar: - Rolf Sanne-Gundersen, dagleg leiar Sunnfjord Utvikling AS, 97055208 eller [email protected] - Vidar Slettehaug, prosjektleiar, 97014595, [email protected]

Lenker: Tidstabell Tour des Fjords: http://www.tdfsognogfjordane.no/wp-content/uploads/sites/7/2017/04/tidstabellny.pdf www.tourdesfjords.no http://www.tdfsognogfjordane.no