Fylkesmannen I Sogn Og Fjordane 2/5

Total Page:16

File Type:pdf, Size:1020Kb

Fylkesmannen I Sogn Og Fjordane 2/5 Sakshandsamar: Johannes Anonby Vår dato Vår referanse Telefon: 57643125 21.01.2016 2015/2470 - 432.4 E-post: [email protected] Dykkar dato Dykkar referanse Utsending etter adresseliste Ytamo naturreservat i Luster – framlegg til endring av vernegrense (utviding) Fylkesmannen sender på høyring eit framlegg om å utvide det eksisterande Ytamo naturreservat med ca. 45 dekar Ytamo naturreservat, og bakgrunn for noverande grensetrekking Ytamo naturreservat i Luster vart oppretta ved kongeleg resolusjon 19.6.2009 som ein del av verneplanen for edellauvskog i Sogn og Fjordane. Føremålet med vernet er «…å ta vare på eit større, tilnærma urørt skogområde med spesielle naturtypar, med heile mangfaldet av artar og vegetasjonstypar og alle naturlege økologiske prosessar. Området har særskilt vitskapleg og pedagogisk verdi ved sitt mangfald av edellauvskog, flaummark, ospeskog, sumpskog og elveterrassar i ein grad av naturtilstand som er uvanleg i sørboreal sone, noko som saman med interessante artsførekomstar gjev området stor referanseverdi.» Eit areal på ca. 45 dekar («Åsmo-terrassen») som hadde vore med i høyringsframlegget, var likevel ikkje med då naturreservatet vart oppretta. Grunnen var at der var skogbruksinngrep frå nyare tid, og at både grunneigaren og fleire andre instansar var mot vern av dette området. Fylkeslandbruksstyret peikte på både at det omtalte arealet var lettdriven skogsmark, og at grusterrassen har næringspotensiale som grusressurs. I føredraget til kongeleg resolusjon er merknadene frå Fylkesmannen om Ytamo gjevne att med m.a. følgjande: «Til tross for inngrepene i området mener derfor fylkesmannen at et område med både edellauvskog og tilstøtende flommarkskog og annen skog på flat dalbunn er så vanskelig å finne i en så naturnær tilstand, at en bør legge stor vekt på å verne dette i sin helhet. Med utgangspunkt i eksisterende inngrep, skogbruksinteresser og grunneiernes ønsker, foreslår likevel fylkesmannen å ta ut Åsmo terrassen av verneforslaget, mens flommarkskog og andre typer sumpskog og løvskog fremdeles bør inngå i verneforslaget». Dåverande Direktoratet for naturforvaltning og Miljøverndepartementet slutta seg til dette. Hovudkontor Landbruksavdelinga E-post: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Fjellvegen 11, 6800 Førde [email protected] Telefon: 57 64 30 00 Postboks 14, 6801 Førde Internett: Telefaks: 57 65 33 02 Telefon: 57 64 30 00 www.fylkesmannen.no/sfj Org.nr 974 763 907 Telefaks: 57 82 17 77 FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 2/5 Utvidingsframlegg Etter vernevedtaket har eigaren av arealet som vart teke ut, tilbode frivillig at det kan verte ein del av Ytamo naturreservat. Med det vil reservatgrensa følgje elvekanten slik ho også gjer nord og sør for dette arealet. Miljødirektoratet har stilt seg positivt til dette, sidan det gjev eit meir samanhengande verneområde, og sidan preget av hogst (dominans av bjørk og nyplanta furu) vil forsvinne etter som skogen veks og vert gammal også her. Direktoratet viser i så måte til naturmangfaldlova § 37 andre ledd om at også område som gjennom fri utvikling eller gjenopprettingstiltak kan få dei verneverdiane som er nemnde i § 37 første ledd, kan vernast som naturreservat. På dette grunnlaget stør Miljødirektoratet utvidingsframlegget frå grunneigaren, og har avtalt med han at det skal setjast i gang ein prosess for å innlemme det omtalte arealet i Ytamo naturreservat. I brev 26.6.2015 har Miljødirektoratet difor bede Fylkesmannen om å sende dette utvidingsframlegget på formell høyring, slik at alle partar og interesser som saka vedkjem, kan få høve til å uttale seg. Då vil også alle relevante opplysningar vere på plass før det vert gjort vedtak (jf. forvaltingslova § 37). Sjølv om det er Luster kommune som er forvaltingsstyresmakt for Ytamo naturreservat, er det Fylkesmannen som førebur denne typen høyringssaker for Miljødirektoratet. Ei utviding av reservatet må skje med heimel i naturmangfaldlova § 34, sjette ledd. I medhald av den regelen kan Kongen m.a. delegere myndet til å gjere grenseendringar som gjeld mindre areal og ikkje får noko nemnande å seie for private interesser. Dette myndet vart ved kgl.res. 27.9.2013 delegert til Klima- og miljødepartementet, og delegert vidare til Miljødirektoratet 4.10.2013. Fylkesmannen ser svært positivt på utvidingsframlegget, og vi seier oss difor leie for at vi ikkje har hatt tid til å følgje opp dette mykje tidlegare. Breelvterrassen har kvalitetar som gjer at han vil bidra positivt til mangfaldet av landformer og leveområde i naturreservatet, og naturreservatet vil i større grad utgjere ein samanhengande heilskap. Ved at arealet vert innlemma i naturreservatet vert også trongen for framtidig køyring i reservatet kraftig redusert, sidan det då ikkje lenger trengst maskinell tilkomst til Åsmo-området i samband med skogbruk eller anna næringsutnytting. Arealet som er føreslege teke inn i naturreservatet er på ca. 45 daa. Naturreservatet er i dag på ca. 1904 daa. Framlegget inneber med det ei utviding på ca. 2,26 %. Utvidinga ligg på gnr.79 bnr.12. Sidan delar av denne eigedomen allereie er med i naturreservatet, trengst det inga endring i opplistinga av gnr/bnr i verneforskrifta. Korrigering av eigedomslista i verneforskrifta Arealutvidinga krev ikkje andre endringar i verneforskrifta enn at arealet på naturreservatet må oppdaterast. Derimot har Fylkesmannen vorte merksam på nokre feil i lista over eigedomar i verneforskrifta. Når arealet på verneområdet må endrast i verneforskrifta, passar det godt å korrigere eigedomslista samstundes. Grunneigarlaget har meldt frå til Luster kommune at eigedomane 79/6, 81/4, 82/2 ikkje har eigar-/bruksrettar i naturreservatet: Vi føreslår difor at desse vert strokne frå verneforskrifta. Det er mogleg at dette kan gjelde fleire, men sidan det kan vere uklart om ein eigedom som ikkje har skogteig likevel kan ha beiterettar eller liknande, ønskjer ikkje Fylkesmannen å stryke fleire utan etter klar melding frå dei det gjeld. Kommunen har også informert oss om ein eigedom som ikkje er opplista i verneforskrifta, men som burde ha vore det. Det gjeld 36/4 som kjem inn i ei smal stripe i overkant av FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 3/5 berghammaren heilt nord i naturreservatet. Denne grensa syner på «Topografisk norgeskart» (sjå «Fetahilleren» på kartet), men grensa var ikkje med på N5-karta som vart nytta i verneprosessen, eller det endelege vernekartet frå 2009. Her må såleis verneforskrifta kompletterast med gnr/bnr 36/4. Ut over oppdatering av arealtalet og korrigering av lista over gnr/bnr er det ingen endringar i verneforskrifta. Høyring av arealutvidinga Økonomisk erstatning for arealutvidinga skjer i form av avtale mellom grunneigaren og Miljødirektoratet, og Fylkesmannen oppfattar denne utvidingssaka som lite konfliktfylt. Like fullt kan det vere at vernestatus for eit område grip inn i fleire interesser enn det som gjeld grunneigaren sin bruk, t.d. kraftforsyning og samferdsel. I nokre tilfelle kan utviding av eit verneområde også ha verknader for granneeigedomar eller bruksrettar som andre har. Fylkesmannen sender difor utvidingsframlegget på høyring til ein vid krins av høyringsinstansar. Eventuelle merknader må vere sende til Fylkesmannen (til adressa: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller på e-post til [email protected] ) innan 15. mars 2016 Etter det vil Fylkesmannen sende saka vidare med tilråding til Miljødirektoratet for endeleg avgjerd. Med helsing Nils Erling Yndesdal Johannes Anonby fylkesmiljøvernsjef seniorrådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har difor ikkje underskrift. Vedlegg: - Kart over framlegg til utviding av Ytamo naturreservat - Detaljkart over utvidingsområdet Kopi på e-post m/vedlegg: Miljødirektoratet Kopi på EDU m/vedlegg: Luster kommune FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE 4/5 Adresseliste: Grunneigarane i heile Ytamo naturreservat: 36/4 August Evensen Vigdalsli 6868 Gaupne 77/1 Kåre Olav Råum Gardav. 10 A 6868 Gaupne 77/2 Stein Helge Kristensen Engjadalsv. 16 B 6868 Gaupne 77/5 Jan Tandle Øyrabakken 13 6817 Naustdal 79/1, 86/2 Hermund Prestegård Gardav. 3 A 6868 Gaupne 79/3 Torvald Johan Bruheim 6868 Gaupne 79/5 Johannes Hauge Hauge 6876 Skjolden 79/12 Per Arvid Hauge Hauge 6876 Skjolden 81/1 Bård Flattun Lilleeng Gardavegen 2 A 6868 Gaupne 82/1 Camilla Øvrebø 6843 Skei i Jølster 82/11 Tom Martin Røneid Bjelle Røneidsv. 20 B 6868 Gaupne 82/12, 85/1 Sjur Haugen Gardav. 17 A 6868 Gaupne 82/19 Svein Nybø Øyane 6 6868 Gaupne 82/27 Otto Myklemyr Myklemyr 6871 Jostedal 82/3 Anders Olav Ekrene Grindane 6 A 6868 Gaupne 82/6 Kjellaug Stegegjerde Stensli Sandvikv. 72 6868 Gaupne 82/7, 8 Jan Ove Drevdal Tverberg Gardav. 6 B 6868 Gaupne 82/64 Brita Kristine Myklemyr Ådalsvegen 1249 3524 Nes i Ådal 82/64 Otto Myklemyr Myklemyr 6871 Jostedal 82/80 Odd Arne Myklemyr Myklemyr 6871 Jostedal 83/1 Hans Herman Kalhagen Gardav. 4 B 6868 Gaupne 83/2 Brita-Kristine Bollingberg Røslebakkane 6 6868 Gaupne 83/5,10 Ole Arne Haugen og Inger Slinde Gardav. 15 C 6868 Gaupne 83/9 Marit-Merethe Bollingberg Røneid Røslebakkane 6 6868 Gaupne 84/1 Edgar Drevdal Gardav. 8 A 6868 Gaupne 85/3 Arne Lidvald Bjørk 6871 Jostedal 86/8 Anne Margrete Veum Røneidsv. 29 A 6868 Gaupne 86/12 Svein Olav Skjæret Myklemyr 6871 Jostedal 86/18 Nils Johan Skjerven 6869 Hafslo Kurt Magne Fardal og Bjørg Irene 87/1 Svangstu Gardavegen 5 A 6868 Gaupne 87/2 Arne og Marit Ringstad Grandmo 1 6868 Gaupne Eigarar av gbnr. som vert strokne, og som får dette brevet til orientering: 79/6 Frank Egil Gunnestad og Evelyn Bukve Gunnestad, Bruvoll 13 6868 Gaupne 81/4
Recommended publications
  • Sommarskule Luster 2021
    SOMMARSKULE LUSTER 2021 I veke 25, 26, 31 og 32 vil Luster kommune i samarbeid med friviljuge lag og organisasjonar og eksterne partnarar arrangera ulike sommarskulekurs. Somme kurs er for årets 4.-7. trinn, andre kurs for årets 4.-6. trinn, andre for årets 8.-10. trinn. Alle kurs er gratis å delta på. Utanom friluftslivkurset må elevane ta med matpakke og drikke sjølv på kursa. Det er avgrensa tal plassar på somme av kursa. Påmelding opnar kl. 09, måndag 31. mai via www.luster.kommune.no og stengjer fredag 4. juni kl.18.00. NB! Påmelding til dei to kursa med Sommarlab – Forskerfabrikken: www.sommerlab.no Påmelding opnar også her kl. 09, måndag 31. mai Informasjon om kursa FriMoro 4.-7.trinn Stad Gaupne, Parken Når Pulje 1: 21.-22. juni 4.-7.trinn Stad Gaupne, Parken Når Pulje 2: 23.-24. juni 4.-7.trinn Stad Gaupne, Parken Når Bonusdag: 25. juni FriMoro er sommarmoro og friluftsliv. Det vert arrangert to puljer med FriMoro, måndag og tysdag og onsdag og torsdag. Det er også mogleg å melda seg på FriMoro bonusdag fredag same veke. Det vert SUP-brett, naturquiz, kajakk og kano, lavvo, tautrekking og leik. Ta med drikke og matpakke sjølv. Det er fint om ein tek med: . Klebyte dersom nokon skulle bli blaut, for eksempel ei ekstra treningsbukse og ein gensar. Badekle/handduk FriMoro vert arrangert i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar. Påmelding via www.luster.kommune.no Påmelding opnar kl. 09.00, måndag 31. mai Danseverkstad 4.-7.trinn Stad Gaupne skule Når 23.-25.
    [Show full text]
  • Stadnamn I Luster Kommune I Indre Sogn
    Universitetet i Bergen Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar Stadnamn i Luster kommune i Indre Sogn Ein prototypebasert analyse av namnelandskapet i eit vestlandsk jordbruksdistrikt Samuele Mascetti NOLISP350 Mastergradsoppgåve i nordisk Vår 2017 Føreord Å skriva denne masteravhandlinga har vore for meg fyrst og fremst ei personleg fordjuping i tankegangen og levemåten typiske for både staden eg kjem frå og staden eg har valt å bu på: Alpane og Vestlandet. Eg er fødd og oppvaksen i ei lita fjellbygd ved Comosjøen i nordlege Lombardia fylke i Nord-Italia, ved grensa mot Sveits. Det alpine innsjølandskapet har mykje til felles med fjordlandskapet på Vestlandet: Høge, bratte fjell som stuper i vatnet, djupe og grisgrendte dalar, dårlege vegar og mykje, mykje regn. Kulturlandskapet er òg nokso likt: Jordbruket var lenge hovudnæringa i det alpine området, og stølinga spelte ei sentral rolle i den tradisjonelle gardsordninga. Det norditalienske setersystemet er nesten identisk med det vestlandske og dei fleste bruka har to setrar: Heimesetra (kalla munt, ‘fjell’ på lombardisk), som ligg om lag mellom 600 og 1400 moh. og er nytta vår og haust, og langsetra (kalla alp, ‘høgfjell’ på lombardisk), som ligg om lag mellom 1500 og 2500 moh. og er nytta om sumaren. Dei fleste bygdene ligg mellom 200 og 600 moh., so begge setrar er utstyrde med stølshus, sidan dei ligg fleire timar gonge frå heimehusa. Som gutunge var eg mang ein sumar på selet hans bestefar og fekk oppleva den gamle stølstradisjonen, som diverre alt då var døyande: Dei fleste gardsbrukarane la driftene ned pga. den uoverkomelege økonomiske sentraliseringa i jordbrukspolitikken til EU-landa, som trengte dei småe produsentane ut til fordel for dei store industrialiserte bruka i låglandet kring storbyane.
    [Show full text]
  • ANLEGGSREGISTER for Luster Kommune Pr. 23.02.2021 Anleggsnr
    ANLEGGSREGISTER for Luster kommune pr. 23.02.2021 Anleggsnr. Anleggsnavn Sted Eier Anleggskategori Anleggstype Anleggsklasse Anleggsstatus Drifter Byggeår Drifter (orgnr) 78207 Bruhaug - Skoganipa Hafslo - turstiar HAFSLO BYGDELAG Friluftslivsanlegg Tur-/skiløype Ordinært anlegg Eksisterende HAFSLO BYGDELAG 2020 985515719 78206 Bruhaug - Røde Kors-hytta Hafslo - turstiar HAFSLO BYGDELAG Friluftslivsanlegg Tur-/skiløype Ordinært anlegg Eksisterende HAFSLO BYGDELAG 2020 985515719 78205 Vedvik kajakknaust Ytre Eikum friluftslivsanlegg LUSTER TURLAG Vannsportanlegg Båthus Ordinært anlegg Eksisterende LUSTER TURLAG 2020 886022492 78203 Sandvikberget i Gaupne Gaupne turområde GAUPNE BYGDALAG Friluftslivsanlegg Tursti Nærmiljøanlegg Eksisterende GAUPNE BYGDALAG 2020 914045681 78202 Venåsen Gaupne turområde GAUPNE BYGDALAG Friluftslivsanlegg Tursti Nærmiljøanlegg Eksisterende GAUPNE BYGDALAG 2020 914045681 78201 Seljesete Gaupne turområde GAUPNE BYGDALAG Friluftslivsanlegg Tursti Ordinært anlegg Eksisterende GAUPNE BYGDALAG 2020 914045681 78200 Rydalen - Heggdalsvatnet Gaupne turområde GAUPNE BYGDALAG Friluftslivsanlegg Tur-/skiløype Ordinært anlegg Eksisterende GAUPNE BYGDALAG 2020 914045681 78199 Kvigedalen Gaupne turområde GAUPNE BYGDALAG Friluftslivsanlegg Tur-/skiløype Nærmiljøanlegg Eksisterende GAUPNE BYGDALAG 2020 914045681 78198 Kolhaug Gaupne turområde GAUPNE BYGDALAG Friluftslivsanlegg Tursti Nærmiljøanlegg Eksisterende GAUPNE BYGDALAG 2020 914045681 78197 Navarsete - Jargolane Gaupne turområde GAUPNE BYGDALAG Friluftslivsanlegg Tur-/skiløype
    [Show full text]
  • God Sommar! LUSTRANYTT Ordføraren Har Ordet
    KOMMUNALT INFORMASJONSMAGASIN FRÅ LUSTER KOMMUNE LUSTRA Nr. 1 • 2019 24. årgang nytt God sommar! LUSTRANYTT Ordføraren har ordet Ja, no er me komne til siste nummer av Lustranytt i denne kommunestyreperioden. Kommunestyreperioden 2015-2019 nærmar seg slutten, 9. september er det nytt kommuneval. Eg har sagt det før: Når ein ser fire år fram, er det nærast ei evigheit. Ser ein fire år bakover, er det som ei kort stund. Slik er det også denne gongen. Desse fire åra som ordførar har gått utruleg fort. Sjølv om det stundom har vore lange og travle dagar, både helg og kvardag, er det å vere ordførar i Luster utruleg kjekt og givande. Eg har likt jobben veldig godt. Spe- sielt vil eg trekke fram alle dei gode og trivelege møta med innbyggjarane. Sjølv om ein av og til får melding om eitt og anna som burde vore betre, er lustringane utruleg stolte av nærmiljøet, bygda si og kommunen sin. Dei store reformene Desse fire åra har på mange måtar vore prega av dei store nasjonale reformene. Regionreform, kommunere- form, politi og NAV-reform for å nemne nokre få. Sogn og Fjordane fylke har opphøyrt, no er me det nye Vest- seiast å vere «all time high», med flotte arrangement land. Nabokommunar vert samanslegne og nye kjem innan idrett, kunst, kultur, musikk, historie og gode til. Lensmannen vår vart sentralisert til ny driftseining mat og naturopplevingar. Spesielt må eg trekke fram i Sogndal, no er det NAV-kontora som står for tur. Alt opninga av huset til Ludwig Wittgenstein, markeringa dette vert gjort for «vårt eige beste», det skal bli betre av 200-års jubileet til starten på Nasjonalromantik- robuste tenester, seier Staten.
    [Show full text]
  • 153 Buss Rutetabell & Linjerutekart
    153 buss rutetabell & linjekart 153 Fortun-Gaupne-Sogndal Vis I Nettsidemodus 153 buss Linjen Fortun-Gaupne-Sogndal har 13 ruter. For vanlige ukedager, er operasjonstidene deres 1 Fortun 23:15 2 Galden 07:10 - 19:25 3 Gaupne 07:50 - 22:30 4 Gaupne 09:50 5 Gaupne Fortun 09:00 - 17:10 6 Gaupne Luster 15:30 7 Gaupne Skjolden 14:45 8 Gaupne Sogndal 06:05 - 18:20 9 Hafslo 15:30 10 Sogndal 06:15 - 16:15 11 Sogndal Ingafossen 07:18 12 Solvorn 19:30 13 Solvorn Ferjekai 11:55 - 22:45 Bruk Moovitappen for å ƒnne nærmeste 153 buss stasjon i nærheten av deg og ƒnn ut når neste 153 buss ankommer. Retning: Fortun 153 buss Rutetabell 30 stopp Fortun Rutetidtabell VIS LINJERUTETABELL mandag Opererer Ikke tirsdag Opererer Ikke Gaupne onsdag Opererer Ikke Nes Ytre torsdag Opererer Ikke Nes fredag 23:15 Øvre Nes 7, Norway lørdag 17:15 Nes Indre søndag Opererer Ikke Høyheimsvik Lustravegen 2623A, Norway Uri Lustravegen 2662, Norway 153 buss Info Retning: Fortun Høyheimsvik Gartnerhallen Stopp: 30 Lustravegen 2731, Norway Reisevarighet: 43 min Linjeoppsummering: Gaupne, Nes Ytre, Nes, Nes Fagernes Indre, Høyheimsvik, Uri, Høyheimsvik Gartnerhallen, Fagernes, Flahammar, Askane, Myrane Badeplass, Flahammar Markstein, Fuhrneset, Smia, Luster Banken, Døsen, Luster, Luster Oppvekstsenter, Solstrand, Kvalsvik, Askane Ottumsnes, Havhellen Ytre, Havhellen, Fjøsne, Hauge, Skjolden, Vassbakken, Fortun Bensin, Fortun Myrane Badeplass Kryss, Fortun Lustravegen 2963, Norway Markstein Lustravegen 3020, Norway Fuhrneset Sanatorievegen 23, Norway Smia Lustravegen 3137, Norway
    [Show full text]
  • Handlingsplan for Anlegg 2020
    Oppdatert handlingsplan pr. 12.01.2021 Kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2020 - 2032 = korrigert etter revidert rekneskap Vedl.3 HANDLINGSPLAN FOR ANLEGG 2020 - 2023 K = kommune, ST/F = spelemidlar, PR/EF = privat andel /+ andre tilskot 2021 = korrigert etter godkjent søknadssum ST/F Ordinære Sum kostnadar og finansiering (i heile 1000 kr), og oppdatert finansieringsplan etter godkjent søknadssum idrettsanlegg Kostnad Drift Finansiering 2020 2021 2022 2023 Anl.nr: Anlegg Stad Ansv. Inv. kost. driftsutg. K ST/F PR/EF K ST/F EF K ST/F EF K ST/F EF K ST/F EF 5125 Rehab Idr.hall, Gaupne Luster idrettspark Luster K 23 839 980 15 990 7 964 0 0 2 000 0 4 964 0 72717 Treningsanl.fotb m.lys Luster idrettspark il. Bjørn 1 541 22 0 455 1 000 0 0 0 455 0 72718 delanl.Friidr. kast m.lys Luster idrettspark il. Bjørn 3 985 59 300 400 38 0 0 0 400 0 72719 delanl. Friidrett hopp Luster idrettspark il. Bjørn 1 400 19 300 300 706 0 0 0 300 0 72720 delanl. Friidrett løp Luster idrettspark il. Bjørn 4 330 71 1 400 1 250 1 833 0 0 0 1 250 0 33998 Rehab. symjebasseng Fjordstova,Skjold Luster K 8 977 ? 5 985 2 992 0 0 0 0 5 985 2 992 0 50982 Motorsport Knattecross Leirmo,Gaupne il. Bjørn 460 15 146 153 146 146 0 146 153 50980 Motorsport Enduro Leirmo,Gaupne il. Bjørn 265 15 87 88 86 87 0 86 88 50979 Motorsport Trail Leirmo, Gaupne il.
    [Show full text]
  • Guiden2020 Engelsk Low.Pdf
    2020/2021 www.sognefjord.no Welcome to the Sognefjord – all year! The Sognefjord – Fjord Norways longest and most spectacular fjord with the Flåm railway, Jostedalen glacier, Jotunheimen national park, UNESCO Urnes stave church, local food, Aurlandsdalen valley, UNESCO fjord cruise, kayaking, glacier center, RIB-tours, hiking trails and other activities and accommodations with a fjord view. Deer farm, bathing facilities, fjord kayaking, family glacier hiking, museums, centers, playland and much more for the kids. The UNESCO Nærøyfjord was in 2004 titled by the National Geographic as “the worlds best unspoiled destination”. The Jotunheimen National park has fantastic hiking areas and Vettifossen - the most beautiful waterfall in Norway. There are marked hiking trails in Aurlandsdalen Valley and many other places around the Sognefjord. Glacier hiking at the Jostedalen glacier – the largest glacier on main land Europe – is an unique experience. There is Luster © VERI Media also three National tourist routes in the area – Sognefjellet, Aurlandsfjellet (“the Snowroad”) and Gaularfjellet, with attractions such as the viewpoints Stegastein and “Utsikten”. Summertime offers classic fjord experiences. In the autumn the air is clear and the fjord is Contents Contact us dressed in beautiful autumn colors – the best time of the year for hiking and cycling. The Autumn and Winter 6 autumns shifts to the “Winter Fjord” with magical fjord light, alpine ski touring, snow shoe Sognefjord 8 walks, ski resorts, cross country skiing, fjord kayaking, RIB-safari, fjord cruises, the Flåm railway Visit Sognefjord AS «Hiking buses»/Getting to and guided tours to the magical blue ice caves under the glacier. The spring breakes in with Fosshaugane Campus and around the Sognefjord 11 flowering and snow powdered mountain tops – maybe the best time of year to visit the Trolladalen 30, NO-6856 Sogndal National Tourist Routes 12 Sognefjord.
    [Show full text]
  • Kommunestyret Vel Følgjande Personar Til Ulike Nemnder Og Utval 2011 - 2015
    Kommunestyret vel følgjande personar til ulike nemnder og utval 2011 - 2015: Klageutval etter kommunehelsetenestelov § 2.4 Valt ved avtaleval. Valordninga betyr at varamedlemer vert valde i rekkefølgje for kvar politisk gruppe. Arne J Hauge SP, H, V, Krf, Frp Britt D Brugrand SP, H, V, Krf, Frp Geir Paulsen SP, H, V, Krf, Frp Olaug Høyheim SP, H, V, Krf, Frp Hanne Teigen AP Varamedlemer: 1. Nelly Torunn Øygard SP, H, V, Krf, Frp 2. Emil Heggestad SP, H, V, Krf, Frp 1. Finn Roald Skare AP 2. Karita Hjelmeland AP Leia r: Arne J Hauge SP, H, V, Krf, Frp Nestleiar: Hanne Teigen AP Valstyret: Valt ved avtaleval. Valordninga betyr at varamedlemer vert valde i rekkefølgje for kvar politisk gruppe. Ivar Kvalen SP, H, V, Krf, Frp Marit Aakre Tennø SP, H, V, Krf, Frp Geir Arve Sandvik SP, H, V, Krf, Frp Ernst Veum SP, H, V, Krf, Frp Anette Stegegjerdet Norberg AP Varamedlemer i rekkefølgje: 1. Jon Ove Lomheim SP, H, V, Krf, Frp 2. Oddny Urnes SP, H, V, Krf, Frp 3. Kjersti Eikum Tang SP, H, V, Krf, Frp 1. Morten Vigdal AP 2. Jorunn Ødegård AP Leiar: Ivar Kvalen Nestleiar: Geir Arve Sandvik Fjellstyret for Jostedalsbreen statsallmenning: Medlemer: 1. Anders Leirdal, Gaupne, leiar 2. Marit Vøien Nes, Veitastrond, nestleiar 3. Jens R Heggestad, Veitastrond 4. Vidar Aasen, Jostedal 5. Turid Leirdal, Gaupne Personlege varamedlemer: 1. Ann Kristin Sperle, Høyheimsvik 2. Arne Aasen Hauge, Jostedal 3. Per Arne Myklemyr, Jostedal 4. Mary Aasen, Jostedal 5. Bente Karin Myklebust, Jostedal Fjellstyret for Luster austre statsallmenning: Medlemer: 1.
    [Show full text]
  • This Itinerary Is Not Valid As a Ticket
    Last updated: 21.06.2021 This is a “Travel like the locals” tour. The tours use public transport, i.e. regular buses, ferries and boats, but we have done the planning for you so that you can concentrate on enjoying your trip. You travel on your own - there is no guide or tour leader. On most of our tours you must change several times between different buses/ferries/boats, and it is up to you to make sure you catch your connections – truly travelling like a local! (The tours are set up so that the buses, ferries and boats connect.) Round trip Sogndal – Nigardsbreen Sogndal-Gaupne-Breheimsenteret-Nigardsbreen-Breheimsenteret-Gaupne-Sogndal This trip goes from Sogndal to Jostedalen, with Breheimsenteret glacier center and the Nigardsbreen glacier. In Jostedalen you come close to the glacier and the mighty landscape in the national park. On the way to Jostedalen, the bus drives along the quiet, beautiful Lustrafjord, which is approx. 40 kilometers long. The fjord is surrounded by high and steep mountains, and from the moutains several high waterfalls end up in the fjord. The most famous waterfall is the Feigefossen. Along the route, the bus passes a number of small fjord communities like Hafslo, Solvorn and Marifjøra. From Gaupne the bus drives through the spectacular Jostedalen valley. At Breheimsenteret glacier center you will find a tourist information, a lunch restaurant and you can learn about the Jostedalsbreen glacier and the national park, and about glaciology and the climate. Jostedalsbreen glacier is the larges glacier on the European mainland and it covers 500 square kilometers.
    [Show full text]
  • Kommuneplanen Sin Arealdel Planomtale Og Føresegner Vedteken Av Luster Kommunestyre 13.06.2019
    2019-2030 Kommuneplanen sin arealdel Planomtale og føresegner Vedteken av Luster kommunestyre 13.06.2019 K-sak 36/2019 Plan ID 1426-2018006 Innhaldsoversikt Føreord ……………………………………………………………………………………………………………………………………….5 Saksprotokoll ............................................................................................................................... 6 DEL I PLANOMTALE ............................................................................................................... 7 Bakgrunn og ytre rammer ............................................................................................................. 7 Bakgrunn ............................................................................................................................................. 7 Lovgrunnlag ................................................................................................................................. 8 Rettsverknad av kommuneplanen sin arealdel (PLBL §11-6) .......................................................... 9 Planprosess ................................................................................................................................ 10 Planomtale................................................................................................................................. 12 Bakgrunn ........................................................................................................................................... 12 Plan 2018 ..........................................................................................................................................
    [Show full text]
  • Exploring 21St Century Norway
    Exploring 21st Century Norway Join the Gudbrandsdalslag of America as they travel through Norway in the steps of with Gudbrandsdalslag of America their ancestors and discover how ancient June 19–July 2, 2016 traditions have helped shape the lives of those living in Norway in the 21st Century! Dombås Bøverdal Vinstra Skjolden Lillehammer Voss Flåm Lofthus NORWAY Oslo Stavanger DAY 1 SUNDAY, JUNE 19 DAY 5 THURSDAY, JUNE 23 [B,D] ITINERARY INCLUDES: Mpls/St Paul—Stavanger: Depart the USA on your Lofthus—Voss—Flåm: Breakfast at hotel. Drive transatlantic flight. To request alternative dates or to Voss. Continue by train to Myrdal and change • Roundtrip airfare from Mpls / St. Paul, for estimated airfare supplements from other US to the Flåm Railway. Descend the Flåm Valley, including taxes, fees & fuel surcharge cities, please note on application. dropping 2800 feet within 13 miles to the idyllic fjord • 12 nights accommodations, 1st class/superior community of Flåm. Cruise the dramatic Aurlandfjord tourist class, double occupancy DAY 2 MONDAY, JUNE 20 [D] and Nærøyfjord from Flåm to Gudvangen. Drive to Stavanger: Arrive at Sola Airport Stavanger. Stalheim and descend the 13 thrilling hairpin bends • Daily breakfast [B], 5 lunches [L] and 11 Transfer to a hotel in city center. Balance of the day of the Stalheim Road. Dinner and overnight at dinners [D] free to relax and adjust to the time change. Welcome Fretheim Hotel. • 1st-class touring coach dinner and overnight at Clarion Hotel Stavanger. DAY 6 FRIDAY, JUNE 24 [B,D] • City sightseeing tour in Stavanger DAY 3 TUESDAY, JUNE 21 [B,D] Flåm—Skjolden: Breakfast at hotel.
    [Show full text]
  • Eigarskapsmelding Er Ein Føresetnad for Eit Aktivt Og Godt Eigarskap
    Luster kommune Lagt fram: Luster energiverk SIMAS Vedteken i kommunestyret 13.02.2020 i Ksak 2/2020 Luster kommune | Rådhuset, 6868 Gaupne | Telefon: 57 68 55 00 | Faks: 57 68 55 01 | E-post: [email protected] | Org.nr: 964 968 241 Innhald: DEL I: ...................................................................................................... 3 1. Eigarskap .......................................................................................... 3 1.1 Kommunen som eigar ......................................................................................................3 1.2 Dei folkevalde som eigarar ............................................................................................3 1.3 Selskapsorganisering .......................................................................................................3 2 Eigarskapspolitikk og eigarstrategi ................................................... 4 2.1 Definisjon ..............................................................................................................................4 2.2 Godt eigarskap ....................................................................................................................4 2.3 Luster kommune sine prinsipp og strategiar for kommunalt eigarskap. .....5 2.3.1 Openheit ........................................................................................................................5 2.3.2 Opplæring .....................................................................................................................5
    [Show full text]