SAKSFRAMLEGG

Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 233 U0 Arkivsaksnr.: 20/3074

Koronamidlar frå fylkeskommune - løyving til næringslivet

Rådmannen si tilråding:

«Koronamidlar frå Vestland Fylkeskommune» vert fordelt til næringslivet på bakgrunn av søknader. Det er tilrådd at fylgjande verksemder får tilskot:

Bestebakken kr 100.000

Sognefjord Naturkjøkken kr 100.000

Luster fjordhytter/ Øystein Magnus G Tveit kr 100.000

Jostedalen Breførarlag/Brevegen kr 40.000

Wonderlust kr 100.000

Villa kr 40.000

Fjord Active kr 100.000

Breheimsenteret kr 100.000

Adventure Tours kr 100.000

Lamasafari v Simon Page kr 70.000

Lyngmo kr 100.000

Visit kr 150.000

Skjolden hotel kr 50.000

Brevegen kr 100.000

Kvam Guiding og Service kr 30.000

Lustrabui kr 80.000

NVRLND kr 35.000

Forthun 1882- Brage holding kr 100.000

Norteck/Lustraporten kr 100.000

Totalt kr 1590.000

Tilskota er finansiert med kr 1.507.000 frå «Fylkeskommunale koronamidlar» og kr 83.000 frå posten bedriftsutvikling i kommune sitt budsjett.

Tilskotet vert gjeve med fylgjande føresetnader: Tilskotet vert utbetalt etterskotsvis. Søkjar skal legge fram eit rekneskap, samt ein kortfatta rapport som beskriv gjennomføringa av tiltaket. Rekneskapet skal vere sett opp etter same oppstilling som søknaden, og vere attestert av rekneskapsførar.

Tilskotet skal utgjere maksimalt 50% av kostnadene. Endeleg prosjektrapport/rekneskap skal vere klar seinast 1.10.21.

Luster kommune har rett til å føre kontroll over at prosjektet er gjennomført i tråd med søknad og sluttrapport.

Tilskotet vert gjeve i samsvar med EØS-regelverket og reglar for bagatellmessig støtte.

Saksutgreiing:

Prenta vedlegg: Uprenta vedlegg: Søknader frå dei ulike verksemdene

Samandrag:

17.7.20 fekk Luster kommune brev frå Vestland Fylkeskommune om ekstra midlar til koronatiltak. Det var Kommunal og moderniseringsdepartementet som løyvde midlane gjennom «koronatiltak krisepakke – fase 3 for 2020». Midlane vart overførde til kommunale næringsfond. Luster kommune fekk 1.5 mill kr til fordeling.

Luster formannskap handsama retning på prioritering av desse midlane i næringsutvalet den 19.8. Det vart eit samrøystes vedtak, og i etterkant har teksten nedanfor vorte annonsert på kommunen si heimeside og facebook-side. Det har og vore sendt epostar til aktuelle bedrifter ma alle reiselivsbedrifter i Luster som er medlemmer i Visit Sognefjord.

Interessa for midlane har vore stor og det er komme mange søknader.

Utval som har vedtaksmynde: Næringsutvalet

Fakta: Koronamidlar frå Vestland Fylkeskommune

17.7.20 fekk Luster kommune brev frå Vestland Fylkeskommune om ekstra midlar til koronatiltak. Det var Kommunal og moderniseringsdepartementet som løyvde midlane gjennom «koronatiltak krisepakke – fase 3 for 2020». Midlane vart overførde til kommunale næringsfond. Luster kommune fekk 1.5 mill kr til fordeling.

Luster formannskap handsama retning på prioritering av desse midlane i næringsutvalet den 19.8. Det vart eit samrøystes vedtak, og i etterkant har teksten nedanfor vorte annonsert på kommunen si heimeside og facebook-side fleire gonger. Det har og vore sendt epostar til aktuelle bedrifter ma alle reiselivsbedrifter i Luster som er medlemmer i Visit Sognefjord.

Målgruppa for midlane er bedrifter, etablerarar og andre næringsaktørar. Det vert gjennomført ein søknadsrunde for fordeling av midlane med søknadsfrist 10.09. Næringsutvalet i Luster kommune prioriterer desse næringsmidlane slik:

-Aktivitetsbedrifter i reiselivet er viktig for heile reiselivsnæringa, søknader om finansiering av utviklingsprosjekt frå slike bedrifter vert prioriterte. -Andre bedrifter innafor reiselivet skal og ha prioritet, det skal vere utviklingsprosjekt, gjerne samarbeid mellom to eller fleire bedrifter. Det vert ikkje gjeve tilskot til marknadsføring til einskildbedrifter i reiselivet. -Innafor handel vil fellestiltak innan marknadsarbeid og kompetanseheving vere prioritert. -Verksemder innan foredling av lokale råvarer, som har aktuelle utviklingsprosjekt vil og vere prioriterte. -Andre gode prosjekt vil og vere aktuelle for støtte. Noko av den samla potten vil bli nytta mot regionale tiltak; til dømes felles opplæringstiltak, felles marknadsføring i reiseliv gjennom Visit Sognefjord, felles tiltak for rekruttering. Visit Sognefjord arbeider no med ein søknad om ekstramidlar til marknadsarbeid til alle kommunane i regionen. Det kan søkast om midlar til både bedriftsutvikling og investeringar. Tilskota skal som hovudregel ikkje overstige 50% av kapitalbehovet. Øvre beløpsgrense for utbetalt tilskot er kr 150.000 pr verksemd/prosjekt.

Vestland fylkeskommune har som føring at i vurderinga av søknadane skal det særskilt leggast vekt på:  i kor stor grad tiltaket fremjar auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial  i kor stor grad ein reknar med at tiltaket vil kunne motverke dei negative verknadane av covid-19-utbrotet  kor raskt tiltaket kan setjast i gang. Informasjon om dette må framkome i søknadane.

Interessa for midlane har vore stor. Det har vore mange spørsmål om ordninga både på telefon og e-post. Det er 19 søknader til ordninga som no vert handsama, 18 av desse er søknader innafor reiselivsnæringa. Dei fleste har søkt om maksimalt tilskotsbeløp dvs kr 150.000. Når interessa er så stor vil det ikkje vere råd at alle kan få det dei søkjer om. Til vanleg yter ikkje Luster kommune investeringstilskot gjennom næringsfondet jmfr «grunnlag for handsaming av næringssaker». Slik sett er denne finansieringsordninga «betre» enn det Luster kommune til vanleg tilbyr gjennom næringsfondet.

Det er ikkje enkelt å skilje søknadene, kva som er dei beste tiltaka. Søknadene er knytte til utviklingsarbeid i verksemda, utvikling som vil gjere verksemda i stand til å nå nye marknader (hovudsakleg den norske marknaden i fyrste omgang, då den utanlandske truleg vil vere liten også kommande sesong). Dei planlagde tiltaka vil gje positiv vekst generelt når utfordringane med koronapandemien avtek. Det er stor vilje til å satse og utvikle produkta i reiselivet i Luster, trass i at 2020 vart ein svært krevjande sesong, det er svært gledeleg og gjev framtidstru. Mange av søkjarane er aktivitetsbedrifter, noko som var særleg prioritert når formannskapet handsama retningen på korleis desse midlane skulle løyvast. Prosjekta som vert søkt om vil bli gjennomførde i dette og kommande år, det meste før neste reiselivssesong.

Sjølv om reiselivet som bransje har hatt ei krevjande tid etter koronapandemien starta, er utviklinga ulik frå bedrift til bedrift. Totalt hentar reiselivsverksemdene i Luster kommune nær 65% av sine turistar frå utlandet i eit normalår, då vert koronaeffekten på reiselivet i Luster ekstra stor når den utanlandske marknaden nærast er borte.

I vedtaket i saka føreset Luster kommune at dei tiltaka som er søkte om skal vere ferdige i løpet av september 2021. Det skal lagast ein enkel rapport med kostnadsoppstilling for å få utbetalt tilskotet. Tilskotet skal ikkje utgjere meir enn 50% av den totale kostnaden i prosjektet.

Tilrådinga prøver ta omsyn til totale kostnader og samla finansieringsbehov i dei ulike prosjekta. Det vert og omsynsteke i kor stor grad kostnadene er kjøp av tenester, kjøp av utstyr eller investering i anlegg versus eige arbeid. Ut frå dette vert det lagt opp til noko differensiering i høve tildeling.

Med så mange gode søknader er i utgangspunktet høgste løyvingssum tilrådd sett til kr 100.000 for å dekke alle søknadane.

For Visit Sognefjorde er det gjort ei regional fordeling som Luster bør følgje opp med eit tilskot på 150.000.

Kvar søknad vert omtalt i denne felles saka.

Søknad frå Bestebakken

Bestebakken skriv slik:

Vi har planlagt å utvide BesteBakken med 4 containerhytter. Dette er ombygde containerar, som skal brukast som overnatting. Sjå www.compactnaturliving.no. Dette har vi planlagt sidan 2019, og det var meint å gjennomførast våren 2020. Pga covid19, vart prosjektet stoppa. Vi såg på dette prosjektet som nysatsing for å vere tidleg på markedet. Prosjektet er miljøvennleg. Containerane står på påler. Containerane er også flyttbare med enkelt grep. Norconsult har prosjektert veg.

I utgangspunktet hadde vi planlagt 4 containerar. Dette er no redusert til 2 . Dette pga av covid19. Prosjekteringa er ferdig utarbeid av Jon Ove Lomheim (Nor Consult).

Luster sparebank har godkjent lån, og støttar prosjektet. Rådgjevar Inge Teigen har vore med gjennom heile planleggingsprosessen. Vi har tru på satsinga. Det er viktig for oss å kome tidleg på bana med nytenkande tiltak. Dette er i tida med tanke på bærekraft ol. Får vi satse på dette prosjektet no, så kan vi vere med på felles markedføringstiltak mellom dei som satsar på containerar.

Kostnadsplan

Prosjektkostnader 3 200 000

Finansieringsplan Tilskot fra næringsfondet kr 150 000 Lån i bank kr 2 300 000 Eigenkapital kr 550 000 Eige arbeid kr 200 000

Vurdering

Dette er eit nyskapande prosjekt i vår region. Bestebakken hadde planlagt prosjektet før koronapandemien, men valde å utsetje det. Dei ynskjer no å gå i gang fordi dei meiner dette nytenkjande prosjektet vil styrke verksemda framover i den norske marknaden særskildt. Noko som er viktig i samband med koronapandemien. Rådmannen vil tilrå eit tilskot stort kr 100.000.

Søknad frå Sognefjord naturkjøken

Sognefjord naturkjøken skriv slik:

Vi vil etablere ein unik serveringstad, kombinert med eit fotogalleri i strandsitjarmiljøet i Solvorn. Her vert det servering og sal av eigne lokale sjømatprodukt i tillegg til andre lokale produkt av høg kvalitet. Staden vert open i sommarsesongen og vil også tilby lukka lag av mange typer. også "high end" produkt.

Om bedrifta Sognefjord naturkjøkken er eit enkeltpersonssføretak i Solvorn. Hovudaktiviteten er fiske, (spesielt sjøkreps) og foredling og sal av eigen fangst, samt røyking og sal av eigen røykjelaks. I tillegg driv me guiding og etter kvart også «high end» opplevingar frå eigen sjøbod i Solvorn. (www.sognnaturmat.no)

Utviklingsprosjekt/målsetjing Sognefjord naturkjøkken kjøpte i 2017 ei gammal falleferdig sjøbod i Solvorn. Sjøboda er karakteristisk og med sentral historikk i strandsitjarmiljøet i bygda. Kulturminnefondet og Luster kommune gjekk inn med midlar i restaureringa av boda. I tillegg vart det lagt inn både eigenkapital og eigeninnsats. Boda vart fullstendig demontert. Det som kunne brukast om igjen vart reparert mens resten vart skifta ut. Veri media A/S driv no Solvorn fotogalleri i det ferdig restaurerte bygget. Fotogalleriet har vore ope somrane 2018 og 2019. Drifta av fotogalleriet har vore på idealistisk basis med gratis inngang og ingen inntening. For å vidareutvikle aktiviteten rundt sjøboda kjøpte me vinteren 2019 nabonaustet med felles vegg til fotogalleriet. Tanken er å lage ein liten spisestad med kortreist og god mat, hovudsakleg med eigne produkt. I tillegg vert lage eit utsal med eigne sjømatprodukt. Vi vil elles prioritere lokale produkt av høg kvalitet som juice frå Eplet, is frå , kaffi frå Sognefjord kaffibrenneri og øl frå Balder bryggeri. I og med at Solvorn har vernestatus viste det seg at prosessen har blitt lengre og dyrare enn me rekna med. Blant anna måtte me leige ein brannkonsulent for å utarbeide ein brannsikringsplan. I tillegg måtte det søkjast bruksendring og samtykke frå arbeidstilsynet. Dette er prosessar som har forseinka prosjektet med ein sesong.

Sognefjord naturkjøkken kom ikkje inn under statlege støtteordningar i samband med koronakrisa. I og med at horeca marknaden var nede heile våren og forsommaren valde me å bruke tida på eigeninnsats i byggeprosessen i staden for å produsere varer det ikkje var marknad for. Målsetjinga for prosjektet er:

-Skape ein unik som gir autentiske opplevingar i form av plassering, byggestil, unikt innhald og fantastiske lokale råvarer. -Utvikle to bedrifter, Veri media A/S og Sognefjord naturkjøkken. *Veri media A/S: Sal, profilering og marknadsføring. *Sognfjord naturkjøkken: Utnytte avgrensa mengde gode råvarer maksimalt (frå til bord). -Lunch og middagskafe for besøkande i Solvorn. Matservering for andre reiselivsbedrifter i bygda som ikkje har servering. (Walaker har ikkje lunch, Eplet, Villa Solvorn og Solvorn gjestehus) -Lage «high end» produkt i samarbeid med bla. Walaker hotel, Haukås A/S og Noway adventure.

Ringverknader: Drifta vil skape tre til fire heiltidsarbeidplassar i juni, juli og august. Prosjektet vil gjere Solvorn meir attraktivt som reiselivsprodukt. Prosjektet vil ha positiv verknad for andre reiselivsprodukt i Solvorn.

Er i byggefase og startar opp våren 2021.

Eigar av prosjektet: Sognefjord Naturkjøkken ved Vidar Aasen som byggeigar og drivar av serveringsstad. Deltakar: Veri Media A/S med Solvorn fotogalleri

Kostnadsplan Prosjektkostnader 974 000

Finansieringsplan Tilskot frå næringsfondet kr 150.000 Eigenkapital kr 544 000 Eige arbeid kr 280 000

Vurdering

Sognefjord Naturkjøken gjennomfører eit stort arbeid i Solvorn. Prosjektet har vorte utsett på grunn av koronasituasjonen. Dei har no som mål å komme i drift frå våren 21, og denne finansieringa vil vere viktig. Dei planlegg ein serveringsstad basert på lokale råvarer og lokale produkt, delvis fanga og produserte av dei sjølve. Det vert og eit fotogalleri med naturbilete frå området. Vidar Aasen og sonen Vegard står bak dette.

Rådmannen vil tilrå kr 100.000 i tilskot til å gjennomføre arbeidet med å skape ein unik serveringsstad og eit fotoatelier.

Søknad frå Breførarlag og Brevegen AS

Dei skriv slik:

Utvikle ny modell for båtdrifta på Nigardsbrevatnet, tilpassa endra bruk og samarbeid mellom aktørar med interesse i at båtdrifta held fram også dei neste åra. Brevegen og Breførarlag går saman om å sjå på korleis vi kan samarbeide om båtdrifta. Dette kan vere i form av eit reint driftssamarbeid mellom selskapa, eit driftsselskap som leiger båtar og kaiar av Brevegen, eller eit nytt selskap der dei to søkarane vil vere sentrale eigarar, men andre kan også inviterast.

Båtdrifta på har hatt låg lønsemd over lengre tid. Vi ser eit behov for å tilpasse drifta til lågare kostnadsnivå og endra behov. Pga betre sti ser vi at fleire no går i staden for å ta båten. Viktigaste kunden er Breførarlaget. Ved eit samarbeid kan vi få til meir fleksibel og dermed billagare drift. Td kan vi ta toppane morgon og ettermiddag ved at skuldersesongane ved at breførarar køyrer båten, Eit samarbeid vil også gje oss meir økonomiske musklar til å tåle ein svak sesong innimellom.

Kostnadsplan Prosjektkostnader kr 130 000 Prosjektkostnadene fordeler seg på fylgjande måte: Av 130 000 totalt reknar vi med at eige arbeid vil utgjere kr. 80 000 med lik fordeling mellom bedriftene, innleigd hjelp til å utgreie konsekvensane av alternative modellar og implementere endringane kr. 40 000. Møte- og reisekostnader er rekna til kr. 10 000.

Finansieringsplan Tilskot fra næringsfondet 65 000 Eige arbeid 65 000

Vurdering

Nigardsbreen har i 2020 hatt ein stor nedgang i besøket (truleg nær 70%) på grunn av korona (fråfall av utanlandske turistar). Det betyr svært dårleg trafikk på brebåten. Brevegen som driv båten i dag og Jostedal Breførarlag vil no føreta ei vudering og utvikle in ny modell for korleis dei kan samarbeide for å halde produktet oppe i framtida. Rådmannen tilrår eit tilskot stort kr 40.000.

Øystein Magnus Grødem Tveit – eigar av Luster Fjordhytter

Tveit skriv slik:

Tilby persontransport, inntil 12 personer på tvers av fjorden, fra Luster Fjordhytter/Høyheimsvik -Feigum/Feigefossen. Turister på begge sider av Lustrafjorden vil få opplevelsen av fjord og samtidig som det vil muliggjøre utvikling av flere aktivitetstilbud på begge sider av fjorden. Dette tilbudet er etterspurt langs fjorden, kaianløp på begge sider er allerede etablert. Prosjektet er en viktig omstilling slik at en har flere bein å stå på, også for turismen langs fjorden.

Kostnadsplan Ansakaffelse av båt kr 990 430 Utdanning/sertifikat D5L kr 35 000 Utbygging av kai/anløp kr 10 000 Sum kostnad kr 1 035 430

Finansieringsplan Tittel 2020 2021 SUM Tilskot fra næringsfondet kr 150 000 Lån i bank kr 680 000 Eigenkapital kr 200 000 Eige abeid kr 5 000

Vurdering

Øystein Magnus Grødem Tveit har overteke Luster Fjordhytter. Han ser etter fleire produkt for å ha fleire bein å stå på. Dette har aktualisert seg i denne sesongen, der koronapandemien har påverka marknadsgrunnlaget for overnattingsverksemda hans. Han vil no investere i rib-båt for å kunne ta gjestene sine ut på fjorden ma over til Feigefossen, og på den måten utvide og styrke tilbodet sitt og skaffe høgare omsetning.

Rådmannen tilrår eit tilskot stort kr 100.000.

Søknad frå Wonderlust

Wonderlust skriv:

Selskapet er i dag incoming-operatør for gruppeturar til Luster, og Fjordane og Vestlandet generelt med salg til utanlandske turoperatørar. I samband med Covid-19 epidemien vil vi no bygge opp eit tilbod til norsketuroperatørar og individuelle reisande. Vi vil lage eigne norske nettsider, kjøpe bestillingssystem for individuelle reisande og lease bil for transport av individuelle turistar, t.d. toppturturistar o.l.

Wonderlust AS er ei reiselivsbedrift i Luster som satsar som incoming operatør mot utanlandske turistar. Selskapet vart stifta i november 2019. Vi som eig selskapet har lang erfaring innan reiseliv, Toril Partenyi har vore dagleg leiar i Fotefar Temareiser AS i over 6 år og Rolf Partenyi har arbeida som marknads- og IT-ansvarleg i same selskap. Forretningsideen til Wonderlust AS er å selge bærekraftige og miljøvenlege opplevingsturar med fagleg innhald i Luster og Sogn til utanlandske turistar, gjennom utanlandske turoperatørar. Vi marknadsfører og set saman pakkar til grupper og individuelle reisande som inneheld overnatting, mat, kulturelle opplevingar, transport, aktivitetar i naturen og fagleg guiding. Nettsidene våre, www.wonderlust.no er engelskspråklege og vart lansert i januar/februar, og vi har fått god respons på desse. Vi fekk også kommersialiseringstilskot til satsinga mot utlandsmarknaden frå Innovasjon Norge i mars med kr 600.000. Dette prosjektet er no midlertidig sett på vent i påvente av at turistane kan få innreise til Norge og Covid-19 epidemien vert bekjempa. Vi har opparbeida oss ein god kundebase i Europa og USA, men Corona-epidemien har sett ein effektiv stoppar for innreise til Norge, og vi ser at potensialet for at dette fortset også inn i 2021 er stort. Samstundes har ein del norske turoperatørar kontakta oss og etterlyst eit tilbod til dei, deriblant norske nettsider. Vi har også tru på at det er ein del individuelle reisande som ynskjer å kjøpe ferdigpakka reiser inklusiv transport til regionen vår. I tillegg ser vi at transport i distriktet er ein stor flaskehals, vi ynskjer difor å tilby transport med minibuss. Dette krev at vi leasar ein minibuss, og at Rolf oppgraderer sertifikatet sitt til D1E – minibuss med hengar. Dette vert spesielt viktig i forhold til vinterturisme og transport av individuelle turistar til ulike skidestinasjonar/toppturmål/trugetur mm. Dette er ein småskala- aktivitet som ikkje vil lønne seg dersom vi skal leige sjåfør på kvart oppdrag. Slike aktivitetar mot den norske marknaden er ikkje noko som inngår i prosjektet vi har fått midlar til frå Innovasjon Norge. Vi har heller ikkje fått inntekter i sommar på grunn av epidemien, og har dermed liten sjans til å foreta ein snuoperasjon mot den norske marknaden utan økonomisk støtte utanfrå. Ettersom midlane frå Innovasjon Norge kun gjeld utanlandssatsinga kan vi ikkje bruke desse midlane til tiltak retta mot den norske marknaden. Alt vi tilbyr i pakkane våre kjøper vi av lokale tilbydarar. Vi marknadsfører også indirekte deira tenester på våre nettsider. Eit tilskot til oss vil dermed bety auka sysselsetjing og inntekter til andre lokale reiselivsaktørar i kommunen.

Lønnskostnader (utvikling av nettside) kr 183 000 Innkjøp av bestillingssystem kr 70 000 Kompetanseheving kr 37 000 Leasing av minibuss kr 42 000 Sum kostnad kr 332 000

Finansieringsplan Tilskudd fra næringsfondet kr 150 000 Egenkapital kr 39 000 Eige arbeid kr 143 000

Vurdering

Wonderlust var i ferd med å byggje opp ei verksemd som skulle opplevingsturar til utanlandske turistar i Luster og Sogn. Dei var komne godt i gang med dette arbeidet. Koronapandemien førde til at dette er sett på vent.

Dei planlegg no i staden å gjennomføre ei endring i konseptet og rette seg mot ein norsk marknad og må då setje i verk nødvendige tiltak.

Rådmannen tilrår eit tilskot stort kr 100.000.

Søknad frå Villa Solvorn v/Oskar Andersen og Eva Hallaren

Dei skriv slik:

Solvorn har eit gamalt strandsitjarmiljø og ein historie som bør formidlast ut til gjester/turistar. Me vil dokumentere historia til Solvorn gjennom å laga eit video-intervju med Arne Kvalen og Magnar Høyum om gamle dagar, for å bevare historia for ettertida. Materialet vil danne grunnlag for utarbeiding av ei guide-teneste på norsk/-engelsk som vi i Villa Solvorn vil tilby gjester i bygda.

Kostnadsplan og finansieringsplan Prosjektkostnader, filminnspeling/intervju kr 50 000 Redigering/manus kr 50 000 Utstyr, lyd & lys, guide-kle (tidsriktig) kr 20 000

Tilskot fra næringsfondet kr 84 000 Eige arbeid kr 36 000

Kulturhistorisk vandring i vakre Solvorn ! Villa Solvorn er eit lite gjestehus i Solvorn. Me har gjestar frå heile verda. I 2019 besøkte 22 land oss og vi hadde 1391 gjestedøgn. Denne sesongen har vore utfordrande og spesiell. Me har har i hovudsak hatt norske gjester. Alle som ein syns at Solvorn er ei perle ! Sjølv om me som vertskap har budd i Solvorn i 17 år, kjenner me lite til historia om folket og bygda Solvorn. Gjestane er ofte svært interesserte i historia om og folket som budde her. Mange ruslar rundt i strandsitjarbygda på eiga hand, og les interessert på plakater som er sett opp. Dessverre berre på norsk. Arne Kvalen og Magnar Høyum har vokse opp i Solvorn. Dei kan utruleg mykje om historia og om folket som budde her, og folkelivet i bygda. Begge er svært kunnskapsrike, engasjerte og svært dyktige forteljarar. Gjestane våre, men òg andre tilreisande bør få ta del i denne historien og kunnskapen. Dei sit på ei kunnskap som me bør ta vare på og formidle vidare. Walaker hotell har i mange år samarbeidd med desse dyktige forteljarane. Me har gjort ein avtale med Arne og Magnar om at når eplehaustinga er over, då vil me starte opp eit dokumentar-prosjekt, der desse eminente karane stiller opp og fortel historia om Solvorn. Fotograf Oskar Andersen vil rigge opp nødvendig utstyr for å sikre at historia blir godt dokumentert på HD- film, medan dei sit i naustet til Arne og fortel historiar og visar fram gamle ting. Det vil òg bli gjort opptak i strandsitjar- miljøet og aktuelle hus. Me vil spørre eigar om løyve til dette i kvart einskilde tilfelle. Me vil dele opptaka inn etter tema; - Kristinaslyst – Tobakksdyrking mm

Me håpar og trur at eit tilbod om omvisning vil styrke Solvorn som reisemål. Guidene vil dessuten kunne informere tilreisande om kva moglegheitar som finst i Solvorn, slik som gallerier, overnattings - og mat-tilbod, turmoglegheitar, kva ein bør få med seg som turist i Indre Sogn. Inntekt fra omvisningane vil vere ei kjærkommen ekstrainntekt til gjestehuset. Ei omvisning vil koste kr 100,- per person.

Vurdering

Villa Solvorn har merka at sesongen 2020 har vore spesiell grunna korona. Dei ynskjer no å nytte ressursar på å utvikle ei kulturhistorisk vandring i Solvorn, som og vil vere inntektsgjevande for deira bedrift. Dette er også eit godt kulturhistorisk prosjekt. Rådmannen vil tilrå eit tilskot stort kr 40.000.

Søknad frå Fjord active – Håvard Evjestad

Hovudmålsetninga er å auke aktiviteten og utvide sesongen til Fjord Active. Sommaren 2020 viser at me må rette oss meir mot den norske marknaden, men den norske fellesferien er kort og me må difor også rette oss mot andre marknader enn den typiske turisten. Me ynskjer å gjera nødvendige investeringar for å kunne tilby meir skreddarsaum og privatturar, både til privatpersonar og bedrifter. Ved å sjå mot bedriftsmarknaden vil me også kunne utvide sesongen.

Prosjektkostnader Sum kostnad kr 320 000 Fjord Active søker om 160 000 kr til investeringar i opphald- og overnattingsutstyr som lavvo, telt, soveposar, liggeunderlag, lakenposar og kokeutstyr, samt ein (flyttbar) badestamp som skal brukast i samband med juvinga, retta mot private gruppeturar og bedriftsturar. Dette utstyret ynskjer me kjøpe før sesongen 2021 slik at me kan marknadsføre dette som nye aktivitetstilbod. Målet er å utvide sesongen både vår og haust, og kanskje også på sikt bli ei heilårsbedrift.

Finansieringsplan

Tilskot fra næringsfondet kr 160.000 Eigenkapital kr 120.000 Eigt arbeid kr 40.000

Fjord Active søker om 160 000 kr frå kommunalt næringsfond i samband med nedgang som følge av Covid-19. Desse midlane skal gå til å auke aktiviteten og utvide sesongen til Fjord Active sommaren 2021. Fjord Active, tidlegare Leirdalen Bre og Juv, vart oppretta i 2006 av meg, Håvard Evjestad, med mål om å vise fram urørt natur i mindre grupper i Leirdal i Luster Kommune. Aktiviteten i selskapet er i dag brevandring og juving. Dei siste to sesongane har me etter førespurnad frå gjester og samarbeidspartnerar tilbydd private turar med og utan overnatting. Dette har blitt gjort for å gje gjestene mulegheit til å oppleve naturen slik han er. Sesongen vår er kort og intensiv frå juni og ut august, med nokre få unntak. Hovudmålgruppa har heile tida vore turistar spesielt frå Nederland, men også frå andre land i Nord-Europa. Sommaren 2020 har me hatt over 50 % nedgang i gjester. Den typiske gjesten har vore norsk og langt meir turvandt enn tidlegare år. Dette har vore positivt avdi turane har vore «enklare» å gjennomføre, men også utfordrande sidan den norske gjesten er meir «kravstor». Erfaringar frå sesongen er likevel positive. Me får utelukkande gode tilbakemeldingar og dette gjev oss optimisme for framtida. Me ser me må tenke meir lokalt i åra som kjem. Me opplever aukande etterspurnad etter private turar med skreddarsaum, både med og utan overnatting. Me har sommaren 2019 og sommaren 2020 gjennomført vellukka overnattingsturar og bedriftsturar, og det er desse tilboda me no ynskjer å vidareutvikla. Me har ikkje tilstrekkeleg utstyr i dag for å tilby gode nok fasilitetar for overnattingsturar, og me har også behov for meir opphaldsplass og utstyr til bedriftsturar og private gruppeturar. Hovudmålsetninga med investeringsprosjektet er å auke aktiviteten og utvide sesongen til Fjord Active. Sommaren 2020 viser at me må rette oss meir mot den norske marknaden, men den norske fellesferien er kort og me må difor også rette oss mot andre marknader enn den typiske turisten. Me ynskjer å gjera nødvendige investeringar for å kunne tilby meir skreddarsaum og privatturar, både til privatpersonar og bedrifter. Ved å sjå mot bedriftsmarknaden vil me også kunne utvide sesongen.

Fjord Active søker om 160 000 kr til investeringar i opphald- og overnattingsutstyr som lavvo, telt, soveposar, liggeunderlag, lakenposar og kokeutstyr, samt ein (flyttbar) badestamp som skal brukast i samband med juvinga, retta mot private gruppeturar og bedriftsturar. Dette utstyret ynskjer me kjøpe før sesongen 2021 slik at me kan marknadsføre dette som nye aktivitetstilbod. Målet er å utvide sesongen både vår og haust, og kanskje også på sikt bli ei heilårsbedrift.

Vurdering

Produktet til Fjord Activ har god kvalitet og er etterspurt. Det har vore eit betydeleg fall i marknaden deira dette «koronaåret» (50% nedgang) og Evjestad er i gang med ei betydeleg satsing mot nye marknader. Han vil satse meir mot den norske turistmarknaden, men og mot andre norske grupper som vil ha spesialturar, bedriftsturar ol. For å gjennomføre satsinga må det og investerast i utstyr.

Rådmannen tilrår 100.000 i tilskot.

Søknad frå

Vi vil sørge for ein kvalitetsauke slik at Breheimsenteret kan møte den nye marknaden. Vi har som mål å utvikle utstillingsdelen av Breheimsenteret slik at den freistar til endå fleire besøk neste sesong og sesongane som kjem. Vi vil utbetre maskinene i den interaktive delen av utstillinga og utvikle innhaldet i utstillinga. Vi ønskjer å kjøpe ein kikkert til verandaen som vi meiner vil gjere Breheimsenteret ein endå meir attraktiv stad å oppleve breen frå.

Kostnadsplan Tittel 2020 2021 SUM Utbetring/utvikling maskinpark kr 200 000 Utvikling av informasjonen i utstillinga kr 70 000 Kikkert til verandaen kr 30 000

Finansieringsplan Tilskot fra næringsfondet kr 150 000 Lån i bank kr 75 000 Eigenkapital kr 50 000 Eige arbeid kr 25 000

Mål: Å oppnå eit kvalitetsauke i utstillinga for å kunne møte den nye marknaden.

Bakgrunn: Denne sesongen har vore annleis og krevjande på grunn av koronapandemien. Det har vore ein kortare sesong, langt færre gjester innom og restriksjonar som har gjort drifta meir utfordrande. Breheimsenteret har vanlegvis mange grupper innom på besøk. Desse har så og seie vore fråverande i år, det er hovudsakleg enkeltreisande frå Noreg og Nord-Europa som har tatt turen. Dette medfører og endringar i salet ved senteret. Vi ønskjer å få endå fleire av dei som kjem hit til å ta turen i utstillinga, då det kan vere med på å vege opp for nedgangen i antal besøkande. Ei god utstilling og moglegheita til å sjå nærare på breen, vil gje ei meir heilskapleg oppleving på Breheimsenteret. Vi håpar at desse tiltaka bidreg til at Breheimsenteret kan fortsett å vere ein solid arbeidsplass og aktør i reiselivet i Sogn. I tillegg til å ha heilårstilsette er Breheimsenteret ein viktig sesongarbeidsplass for ungdommane i bygda. Prosjekta vi søkjer støtte til, har vi som mål å få gjennomført i løpet av vinteren og våren, slik at det er klart til sesongen 2021. Vi ønskjer: 1) Utbetre maskinparken i den interaktive delen av utstillinga. For å formidle kunnskap om verneområda, naturen og breen må vi ha ei utstilling som utviklar seg og har velfungerande installasjonar som fungerer optimalt for publikum. 2) Utbetre utstillinga ved å utvikle innhaldet i delen om svartedauden og Jostedalsrypa , eit spennande segn som vi meiner burde få meir merksemd. Vi vil tilby folk å høyre segnet når dei er i utstillinga. Vi har allereie mykje tekst, men det å få fortalt historia, meiner vi gjev ei anna oppleving. Vi vil få det oversett og lest inn på fleire språk (norsk, engelsk, tysk, nederlandsk..) slik at gjestene kan ha på seg headset og lytte til den spennande historia. Vi ønskjer og å få bilete/film frå filmatiseringa av Jostedalsrypa på skjerm som kan rulle og gå i utstillinga. 3) Kikkert til verandaen utanfor kafeen. Nigardsbreen trekk seg stadig lenger tilbake og turen fram til breen blir meir krevjande. Kanskje kan Breheimsenteret i større grad erstatte turen inn til sjølve breen ved at dei både får god informasjon, men og ved å kunne studere breen på nærare hald ved å bruke kikkert. Det er få plassar som har så godt utsyn mot breen, og vi meiner at dette kan gje gjestene ei endå betre oppleving av Nigardsbreen.

Kostnadsplan: Prosjekt Skildring Kostnad Maskinpark Kjøpe nye maskiner til utstillinga. Arbeid Kr 170 000 inkludert. Jostedalsrypa Utvikle den delen av utstillinga som tek Kr 100 000 og for seg svartedauden og sagnet om svartedauden Jostedalsrypa. Audio og bilde. Kikkert Utsiktskikkert inkl. montering Kr 30 000

Vurdering

Breheimsenteret er ein viktig del av turisttilbodet i Luster kommune. Det er og ein viktig plass for historie- og naturinformasjon om Nigardsbreen naturreservat, Jostedalsbreen og nasjonalpark. Breheimsenteret har opplevd stort fall i tal gjester grunna korona no i 2020. For å motverke dette, vil Breheimsenteret vidareutvikle og modernisere utstillingane med mål om å få fleire av dei som er i området innom utstillingane.

Rådmannen tilrår 100.000 kr i tilskot.

Søknad frå Adventure tours – Karlis Bremers

Koronakrisa har ramma Adventure Tours AS i stor grad. Selskapet sin omsetning for sommarsesongen 2020 er ned ca. 30-35% av budsjettert omsetning for 2020 (endelege tall blir tilgjengeleg ved årskifte). Selskapet har i perioden etter koronakrisa braut ut forsøkt å dreie sin marknadsføring mot det norske markedet, og hadde ein god aktivitet i fellesferien i juli månad. Koronakrisa førte likevel til at driftsgrunnlaget for juni og slutten av august fall bort – noko som til vanleg er travle periodar i reiselivet. Svikt i omsetning har ført til permitteringar, mindre bruk av våre ekstrahjelpar under sommarsesongen og nedgang i omsetning. Selskapet har likevel klart å oppretthalde lønnsam drift pga. kostnadskutt spesielt i form av lønningar, men ein nedgangen har klare verknader på selskapet sin vidare utvikling i form av investeringar og utvikling. Selskapet har måtte prioritere å oppretthalde likviditet i ein krevjande og uoversiktleg situasjon. Selskapet søkjer om midlar til å kunne få hjelp til å realisere ein del planlagde og nødvendige investeringar for å vera betre rusta til å oppretthalde effektiv drift og møte nye marknader. Meste av investeringane er nødvendige til å kunne oppretthalde eit høgt aktivitetsnivå og samtidig kunne oppretthalde godt smittevern.

Kjøp av isolert skaphenger til bruk for desinfisering og tørk av drakter og utstyr Beskrive litt om nødvendigheita for skaphenger. Treng ein betre stad for oppbevaring og tørking av drakter. Me desinfiserer drakter med desinfeksjonsspray og henger draktene opp for «karantene». Alle luer, briller og vottar blir vaska og desinfisert etter kvart bruk. Coronaviruset har blant anna ført til eit auka press på lagerkapasitet og kapasitet til tørking og lagring av bruksutstyr. Det mest sentrale er oppbevaring av flytedrakter og redningsvestar i samband med RIB-aktivitet. Selskapet har behov for å oppretthalde reine og skitne soner for oppbevaring av flytedrakter, og auka lagerkapasitet er veldig nødvendig. Ein skaphenger med moglegheit for tilkobling av straum vil vera ein god investering for å både oppbevare og køyre RIB-drakter mellom vår salstand og lagercontainerar på Eide gard. Kjøp av stativ og oppheng vil inngå i investeringane knytt til skaphenger. Kjøp av flytedrakter, våtdrakter og redningsvestar for å sikre ein betre desinfisering og rotasjon av bruksutstyr I juli mnd. hadde selskapet god aktivitet der ein kom i situasjon å ha for få drakter til å oppretthalde eit godt smittevern. Resultatet av dette gjorde til at me måtte avslå ein del kundar som ynskte RIB-tur på Lustrafjorden. I våre rutinar desinfiserer me alle flytedrakter etter eingongsbruk, og deretter heng dei opp til tørk og karantene. Per i dag har selskapet ca. 100 drakter i vårt sortiment, og med koronasituasjonen er det nødvendig å investere i fleire drakter for å sikre godt størrelseutvalg og sikre godt smittevern. I tillegg til flytedrakter, må det også kjøpes inn fleire våtdrakter og redningsvestar på same grunnlag som ovanfor. Har merka auka interesse for den Romantiske vegen blant anna via Digital NTW 2020. Treng betre kapasitet på syklar for å kunne tilby eit godt produkt – både for nasjonal marknad og internasjonal marknad. Under cruisedagar er det stor pågang. Nordmenn kan gjerne leige sykkel men dei ynskjer ikkje kjøpe guida sykkeltur då dei klarar seg sjølv på den romantiske vegen. I 2019 hadde me ein auka interesse for sykling langs den Romantiske vegen, både som guida tur og som reint sykkelutleige. Vegen har stort potensiale for auka sykkeltrafikk i ein verden der ein ser auka fokus på bærekraftige reiselivsprodukt med låge klimagassutslipp. Per i dag har selskapet ca. 25 by-syklar, 14 hybrid-syklar og 6 el-syklar i sortimentet. Det er spesielt press og etterspørsel etter el-syklar og hybridsyklar – spesielt på dagar med cruiseanløp i . Me ynskjer i denne omgang å kjøpe inn ca. 15 hybridsyklar for å kunne ta i mot større grupper og ein større volum enn tidlegare. Godt størrelsesortiment er også ein føresetnad for å kunne levere eit produkt av god kvalitet til sluttkunde. Selskapet ynskjer gjerne investere i fleire el-syklar også i framtida, men prioriterer hybrid-syklar (vanlege tursyklar) i denne omgang. Syklane vil bli klare for drift våren 2021.

Kostnad Stor skaphenger med straum kr 105 000 Flytedrakter, våtdrakter og redningsvestar kr 40 000 Eige arbeid, prosjektstyring og utvikling kr 55 000 Syklar kr 100 000

Finansieringsplan Tilskot fra næringsfondet kr 150 000 Eigenkapital kr 95 000 Eige arbeid kr 55 000

Vurdering

Adventure Tours er utvikla til ei viktig aktivtetsverksemd. Dei arbeider offensivt for å utvikle tilbodet sitt mot nye marknader trass i at koronapandemien har teke ned omsetninga deira no i 2020 mykje. Dei planlegg å gjennomføre investeringar både av smittevernomsyn og for å tilpasse seg nye marknader som ein konsekvens av koronapandemien. Rådmannen vil tilrå eit tilskot stort kr 100.000.

Lamaturar Skjolden – Simon James Page Page skriv slik i søknaden: Siste årene, som en del av gardsdrift, eg har drive med lamaturar og gardsbesøk, samt sal av bær, potet, saueskinn og andre varer produsert på garden. Turar og besøk har vore organisert mest med fokus på cruiseanløp, men eg ønskjer å utvikle tilbudet med fleire aktiviteter i tillegg til å oppgradere standard og fasiliteter på garden. I tillegg til dagens relativt koret gardsbesøk og gå turar med lamaene, skal eg komme i gang med dagsturar fram i Mørkridsdalen LVO, med bruk av lamaer som kløvdyr. Da skal eg også tas i bruk selet på Liane, som tilhøre garden, men har behov for en gode del oppgraderingsarbeid hvis det skal hr god nok standard å brukes i forbindelse med turar.

Ser at det er en aukende interesse for aktiviteter, spesielt når det gjelder barnefamilie og kort gardsbesøk har vært veldig populære i år. Følgende inklueres i prosjektet; 1. Innkjøp av lamautstyr. Leietau/grime, kløvutstyr. 2. Oppussing av gardstunet. Kjøp av ”picnic” benker (sitteplasser), oppgradering av eksisterende gjerde (en gode del ”standard” gardsgjerde, byttes ut med bedre gjerde, som ser bedre ut), skilting, oppgradering av salgsbod. 3. Oppgradering av stien som følges langs Mørkridselvi når eg på gå turar med lamaene. Her er det behov på en del rydding, grinder og en en kort gangbru. 4. Oppussing av gammalt sel på Lidne, som skal brukes i forbindelse med dagsturar (og overnattingsturar) i Mørkridsdalen LVO. Arbeid på selet er nødvendig hvis det skal tas i bruk. Taket må tettes (evt byttes ut med ny takplater), en del arbeid på utvendig kledning, dører og vinduer. Beising utvendig, måling innvendig. Vedovn må sjekkes/byttes ut. Selet er ellers ikkje i bruk. Kostnadsoverslag på prosjektet er ca. 250 000 kr og arbeid utføres i løpet av 2021.

Finansiering: Tilskot kr 100.000 Eigenkapital kr 75 000 Eige arbeid kr 75 000

Vurdering

Simon James Page har i nokre år no hatt gardsvitjing og turar med lama som eit reiselivsprodukt. Hovudmarknaden har vore cruiseturistar, grunna koronapandelien er dette turistsegmentet no borte. Han ynskjer no å utvikle produktet sitt, og vil i den samanhengen både kjøpe ein del ekstra utstyr, oppgradere mottaket av turistar og sti som han nyttar. Selet i Mørkridsdalen som skal bli nytta til lengre dagsturar og overnattingsturar med lamaer skal og oppgraderast. Page arbeider og no mot nye marknader for produktet sitt, då koronapandemien har stoppa cruiseanløpa. Rådmannen vil tilrå eit tilskot på kr 70.000.

Søknad om støtte til «Utvikling viktige campingfasilitetar på Lyngmo».

Lyngmo skriv slik:

Lyngmo Ungdomssenter AS søker med dette om støtte på 150.000,- til utvikling av campingdrifta.

1: Etablering av tømmeplass for gråvatn og septik frå campingbilar. Kostnad 223.000,- På Lyngmo er det ein tømmestasjon for campingtoalett i bubilar / campingvogner i samband med sanitæranlegget. Dette er for kassettar som gjestene tek med seg og tømmer i tømmestasjonen. Dette er eit viktig tilbod, men mange av gjestene våre påpeikar at dei også har behov for å tømme gråvatn frå bilane sine. Dette er fastmonterte beholdarar (oppvask, dusjvatn osv). Lyngmo har ikkje noko plass som dette kan tømmast. Det er også bilar innom som er på gjennomreise som kjem og spør om dette tilbodet. Me ønsker å etablere eit slikt tilbod og ser at det vil vera hensiktsmessig å etablere tømming for campingtoalett på same plass, då tømming av gråvatn og septik «høyrer saman». Med ei slik løysing har me også tilbod til bilar med fastmontert septik. Me vil også etablere påfylling av drikkevatn på same plass. Ein ekstra fordel er at rommet som i dag vert nytta til tømmestasjon kan omdisponerast til toalett utan ombyggingskostnader. I periodar der det er fullt på campingplassen er eit ekstra toalett bra!

2: Etablering av oppmerka plassar for bubilar/campingvogner på campingområdet. Kostnad 166.000,- På campingplassen har det tidlegare vore «fritt fram» med oppstilling så lenge gjestene har følgt brannreglar med minimum 3 meter avstand. I 2019 og 2020 har me hatt eit prøveprosjekt med inndeling av enkelte campingtomter. Dette har me vore nøgde med. Organiseringa / oppstillinga har blitt betre, noko som gjer betre oversikt og enklare å halde brannvernreglar. Opplevinga for gjestene vert også betre! Konklusjon frå prøveprosjektet er at me ønsker å utvikle dette konseptet med utvikling av faste plassar. Detaljplan for teknisk utføring må lagast med entreprenør. Drenering og planering: Det er til tider noko utfordring med drenering og nokre groper («setningsskader») på campingplassen. I samband med utvikling av oppstillingsplassar vil me sjå på moglegheit for å legge ned 1 – 2 drens-slangar og legge på mold enkelte plassar for å jamne ut ujamne felt på graset. Det har blitt vurdert ei større oppfylling av heile området, for å betre drenering, men massebehovet vert svært stort for å få til dette. Oppstillingsplassar bubilar / campingvogner: Asfaltering er den «optimale» løysinga me ser på mange andre campingplassar. Dette vert ei løysing som er for dyr, inkludert grunnarbeid på campingplassen. Difor har me sett på ei rimelegare løysing med knust singel.

Formål 1: Gje betre tilbod for camping og håndtering av gråvatn og septik. Viktige tilbod i ein kommune. Slike tilbod hjelper mot «tilfeldig» forsøpling i naturen 2: Betre organisering og tilrettelegging. Betre fasiliteter og enklare å handtere branntryggleik

Totale kostnader for 2 prosjekt: 389.000,- + mva. = 486.250,-. Lyngmo får tilbake ca. 2/3 av mva. Dermed vert kostnad for prosjektet 421.000,-. Ved hjelp av dugnad og val av enklare løysingar / utsetjing av deler av prosjektet ser me for oss ei investering med total ramme på 300.000,-, der tilskot frå korona-ordninga utgjer 150.000,-.

For campingdrifta har koronasommaren gitt Lyngmo ei stor forskyving frå den europeiske marknaden til den norske. Gjestene frå Noreg, både vaksne og barnefamiliar, krev høg standard når dei er ute og ferierer. Dei norske gjestene forventar at det til dømes er fasilitetar for tømming av gråvatn. Opplevinga og tilbakemeldingane me får frå reisande er at norske gjester i større grad vel store og velorganiserte campingplassar, medan dei utanlandske gjestene også finn det attraktivt å bu på mindre og meir stille einingar. Me ser på moglegheiter for å leggje betre til rette for det norske marknaden, som truleg vert mykje viktigare i distriktet framover. Me trur at ei auka investering i fasilitetane vil bidra til å gjere Lyngmo meir attraktivt for alle gjestene våre!

Økonomi og satsing Campingdrifta er ein viktig del av satsinga Lyngmo har mot turistar, der me også tilbyr campinghytter og gjestehus med rom m/frukost. Innanfor reiselivet er Lyngmo ei viktig bedrift, der me ligg strategisk til for turistar som skal vidare til eller kjem frå Urnes eller andre attraksjonar i Luster kommune. Turistdrifta på Lyngmo gjer jobb til mange ungdommar / studentar. Ein ordinær turistsesong har me i overkant av 10 sommarvikarar, noko som utgjer ca. 1,2 årsverk. I tillegg til dette er det bruk av fast personale i drifta. Me ønsker å utvikle området vårt slik at me kan tilby gjestene våre eit godt opphald med nødvendige fasilitetar. I 2016 tok me i bruk nytt sanitæranlegg, noko me har fått mange gode tilbakemeldingar på! No er det moglegheit til å utvikle området ennå meir!

Vurdering

Lyngmo Ungdomssenter AS søkjer om tilskot til å utvikle campingplassen. Dei har jobba godt med desse planane,

Koronasommaren har gjeve Lyngmo ei forskyving frå den europeiske marknaden til den norske. Gjestene frå Noreg, både vaksne og barnefamiliar, krev høg standard når dei er ute og ferierer. Sommaren med korona syner at den norske marknaden vert viktigare. For å tilby eit godt nok produkt til den norske marknaden vil Lyngmo setje i gang med denne oppgraderinga.

Rådmannen vil tilrå eit tilskot stort kr 100.000

Søknad om prosjektstøtte frå kommunale næringsfond til utvida marknads- og salstiltak i 2020 – Visit Sognefjord:

Visit Sognefjord søkjer alle medlemskommunane i Sogn om støtte til utvida marknads- og sals-relaterte tiltak inklusiv innhaldsproduksjon (bilde, film og tekstar). Tiltaka i søknaden vert lagt opp slik at det kjem ei samla reiselivsnæring i alle kommunane til gode i form av forsterka marknads- og salsarbeid for å sikre raskast mogleg auka verdiskaping i oppbyggingsarbeidet etter Covid-19.

Søknaden gjeld midlar til utvida marknads- og salstiltak samstundes som prosjektbidraget skal kompensere for reduserte næringsinntekter til VS i 2020 grunna Covid-19. Visit Sognefjord reknar rundt NOK 1,8 mill. i redusert næringsomsetning i 2020. Det vert søkt om støtte frå alle medlemskommunane i Sogn, om lag 20% av årleg marknadsbidrag per kommune:

Aurland Lærdal Årdal Luster Høyanger 200.000 125.000 75.000 150.000 200.000 75.000 75.000

Prosjektet inneheld ulike marknads- og salstiltak mot både bransje- og forbrukarmarknaden i Norge og utlandet. Prosjektmidlane skal nyttast som følgjer: Tiltak Innhald Søknad VS Sum Marknads- og  Virituelle fam trips med 200.000 200.000 400.000 salstiltak B2B – utvelde turoperatørar internasjonalt  Direkteoppfølging via epost og telefon, inkl. nyheitsbrev  Automatisering av oppfølging via CRM (HubSpot)  Salsreiser til utvelde turoperatørar og agentar Marknads- og  Kampanjesatsing med Fjord 400.000 400.000 800.000 salstiltak B2C - Norge og partnarar, utland Norge/utland  Kampanjesatsing med Visit Norge/utland  Eigne Norgeskampanjar per sesong (haust/vinter)  Bruk av HubSpot i innhenting av kundedata og kundeopp- følging  Utvikling av nye websider i samarbeid med Enonic og Fjord Norge. Innhaldsproduksjon  Filmproduksjon per tema for 300.000 300.000 600.000 (tekst, bilde, film) heile Sogn med Falkeblikk (t.d. vandring, aktivitetar, attraksjonar, overnatting mm.)  Nye bilde per tema for heile Sogn med Veri media og andre samarbeidspartnarar.  Tekstproduksjon og nye tekstar/oversetting på norsk, engelsk, nederlandsk, fransk og spansk til bruk på web, SoMe og i kampanjar. SUM: 900.000 900.000 1.800.000

Eigeninnsatsen i form av investeringar og timebruk frå Visit Sognefjord i kolonna «VS» vert synleggjort ved i rekneskapen ved prosjektrapportering.

Resultamål og effektmål: Innhald Resultatmål Effektmål Marknads- og salstiltak  Gjennomføre minst 4 B2B – internasjonalt virituell fam trips.  Minst 10% høgare  Direktekontakt og marknadsandel frå  Virituelle fam trips med oppfølging av minst satsingsmarknadene i utvelde turoperatørar 50 turoperatørar Europa (SE, DK, DE,  Direkteoppfølging via  Automatisert NL, BE, FR og UK) enn epost og telefon, inkl. oppfølging av alle dei andre nyheitsbrev turoperatørane i VS distriktsreisemåla i  Automatisering av sin database. Fjord Norge i 2021 og oppfølging via CRM  Salsreiser (eller 2022 (HubSpot) online møter) med  Salsreiser til utvelde minst 10 turoperatørar og agentar turoperatørar. Marknads- og salstiltak  Gjennomføre minst  Minst 10% høgare B2C - Norge/utland ein kampanje per marknadsandel frå satsings-marknadene satsingsmarknadene i  Kampanjesatsing med SE, DK, DE, NL, BE, Norge og Europa (SE, Fjord Norge og FR og UK hausten/ DK, DE, NL, BE, FR og partnarar, utland vinteren 2020/2021 UK) enn dei andre  Kampanjesatsing med  Gjennomføre eigen distriktsreisemåla i Visit Norway haustkampanje, Fjord Norge i 2021 og Norge/utland vinter-kampanje og 2022  Eigne Norgeskampanjar vårkampanje med  Innsamling av per sesong næringa og evt. Fjord kundedata og aktiv (haust/vinter) Norge. remarketing knytt til  Bruk av HubSpot i  Kople HubSpot på alle minst 10% av kundane innhenting av linkar i alle årleg. kundedata og kampanjane for  Minst 20% årleg auke i kundeopp-følging innhenting av unike brukarar på  Utvikling av nye kundedata og sognefjord.no, med websider i samarbeid remarketing. minst 20% lenger med Enonic og Fjord  Utarbeide og lansere tidsbruk på sidene og Norge. nye websider Q1 minst 20% høgare 2021. klikk-/konver- teringsrate i 2021 og 2022. Innhaldsproduksjon (tekst, bilde, film)  Minst 25% årleg auke i  Filmproduksjon per  Utarbeide nye bilde respons og tema for heile Sogn med og ny film frå alle engasjement på Falkeblikk (t.d. fjordbygdene i Sogn annonsering, SoMe- vandring, aktivitetar, inklusiv utvelde postar og remarketing attraksjonar, produkt og som følgje av betre overnatting mm.) attraksjonar. bilde, film og spissa,  Nye bilde per tema for kunderetta innhald og heile Sogn med Veri  Utarbeide tekst og tema-produksjonar i media og andre tema-produksjonar marknads- og samarbeidspartnarar. innanfor alle salsflatene i 2021 og  Tekstproduksjon og nye satsingsområda til VS 2022. tekstar/oversetting på innan 01.05.2021 til norsk, engelsk, bruk på web, SoMe  Minst 25% årleg auke i nederlandsk, fransk og og remarketing. produktbookingar i VS spansk til bruk på web, sine flater i 2021 og SoMe og i kampanjar. 2022.

Tiltaka vert nærare omtale i marknadsplanen for 2020 – 2022 som vert ferdigstilt i oktober 2020. Store deler av reiselivsnæringa har uttrykt ynskje om at VS held eit størst mogleg aktivitetsnivå på marknads- og salstiltaka i 2020 og 2021 på vegne av ei samla reiselivsnæring for å kompensere for manglande næringsinvesteringar som følgje av Covid-19 krisa. VS reknar med inntil NOK 2 mill. i reduserte næringsinvesteringar i 2020 – 2021. I tillegg kjem delvis fråvær av næringa sine eigne investeringar i marknads- og salstiltak.

Vurdering

Koronakrisa har påverka reiselivet i regionen mykje, og det kan sjå ut som både sesongane i 2021 og 2022 vert sterkt påverka av pandemien. Visit Sognefjord vil satse ytterlegare på den norske marknaden, men og i den europeiske vil dei vere tilstades (særleg Nord-Europa). Det er vesentleg å halde marknadsarbeidet i gang, til pandemisituasjonen endrar seg.

Næringsnettverket i kommunane i Sogn har drøfta dei planane som styret og administrasjonen i Visit Sognefjord har lagt fram, og vil tilrå løyvingar som omsøkt.

Rådmannen tilrår 150.000 i tilskot til Visit Sognefjord.

Skjolden hotell

Skjolden hotell skriv slik:

Skjolden Hotel opplever en voksende etterspørsel fra tilreisende som spør om utleie av motorbåt, kajakk/kano for å oppleve fjorden. Vi ønsker å bygge opp soft adventure, fremme vekst, utvikling og verdiskapning og møte etterspørselen fra våre gjester.

Skjolden hotell vil investere i 6 kajakkar med utstyr og en motorbåt som gjestene kan leie. Totalt er dette en kostnad på ca 120.000 kr.

Finansieringsplan

Eigenkapital 60.000 kr Tilskot 60.000 kr

Vurdering

Skjolden hotell hadde gode bestillingar framfor denne sesongen. Grunna koronapandemien vart det ingen utanlandske gjester. Hotellet greidde likevel å skape god trafikk av norske gjester i dei to månadene det var marknad for å ha ope. I 2019 hadde hotellet ope i nær 6 månader. Skjolden hotell vil satse på aktivitetar for sine gjester med utgangspunkt fjorden, mellom anna for å tilpasse seg norske gjester no under koronapandemien. Rådmannen tilrår 50.000 i tilskot.

Kvam Guiding og Service:

Kvam Guiding og Service skriv slik:

Som fylgje av at eg har hatt fiske i ferskvatn/elv som hobby heile livet har eg hatt med turistar på guida turar på . Turane har stort sett enda med både fangst og fornøgde turistar. Etterspørselen etter denne type tjenester har i dei seinare åra tatt seg veldig opp. Så det er grunnen til at Kvam guiding og service vart oppretta.

Hvem som eier prosjektet / deltakere i prosjektet i tillegg til støttemottaker Adrianne Kvam Hestnes 45 6869 Rine M Kvam Hestnes 45 6869 Hafslo

Om koronaepedemien

Vi hadde før sesongen regnet med flere guidinger da det hovedsaklig er utenlandske turister som booker dette. Vi samarbeider med Bestebakken som i utgangspunktet var fullbooket med mye utenlandske turister hele sommeren. Korona har påvirket oss på den måten at vi har fått markant færre kunder enn antatt da det bare har vært norske turister i området. Vi drar erfaringer av dette og vil markedsføre oss mer mot det norske markedet mot neste sesong. Vi er i kontakt med Visit Sognefjord og andre aktører.

Kostnadsplan Fiskekort kr 2 000 Kle, støvlar kr 3 900 Diverse utstyr utandørs, møblar kr 11 600 Innkjøp av fiskeutstyr kr 21 000 Innkjøp av ny båt med motor kr 41 500 Heimeside kr 6 150

Finansieringsplan Tilskudd fra næringsfondet kr 60 000 Eigenkapital kr 20 000 Eige arbeid kr kr 15 000

Vurdering

Adriane Kvam og Rine Kvam har skipa Kvam Guiding og Service, primært for å tilby guida turar med fiske på og ved Hafslovatnet. Begge har lang erfaring frå fiske ved Hafslovatnet. Dei har hatt eit samarbeid med Bestebakken, og planlegg samarbeid med fleire andre overnattingsbedrifter. Den utanlandske marknaden vart svært avgrensa dette året på grunna av koronapandemien, og dei tek derfor grep for å utvikle seg og nå tak i den norske marknaden.

Rådmannen tilrår eit tilskot stort kr 30.000.

Brevegen – ny fremste kai på Nigardsbrevatnet

Brevegen skriv slik:

Prosjektet går ut på ny fremste kai for båtane på Nigardsbrevatnet, for å mogleggjere vidare båtrute på vatnet.

Prosjektet er gjennomført i starten av sesongen med tilpassingar i løpet av sesongen. Den gamle kaien var ikkje lenger brukbar pga sedimentering i Nigardsbrevatnet. Båtdelen av verksemda til Brevegen har i fleire år hatt dårleg lønsemd. Dersom vi i sommar skulle ha teke overordna omsyn til økonomien i eige bedrift, ville vi ikkje ha sett i gang båtdrifta. Av omsyn til andre verksemder i regionen som bruker båten, valde vi å drive med stort underskot, og vil dermed få likviditetsproblem i etterkant av sesongen. Derfor søker vi om dette tilskotet i etterkant.

Kostanden med kaien er kr 403.000

Finansieringa:

Eigenkapital kr 223.000 kr Tilskot næringsfondet kr 150.000 Eige arbeid kr 30.000

Vurdering

Brevegen måtte i starten av sesongen 2020 setje i verk investering i ny fremste kai på Brevatnet, grunnen til det er sedimentoppbygging i vatnet. Brevegen valde å gjennomføre investeringa trass i koronasituasjonen, fordi det elles ville skapt problem for andre reiselivsaktørar i området å ikkje ha båttilbodet. Som vi veit fall trafikken ved Nigardsbreen mykje i sesongen, grunna fråfall av utanlandske gjester.

Rådmannen vil tilrå eit tilskot stort kr 100.000.

Lustrabui

Lustrabui skriv slik:

Vi ynskjer å effektivisera produksjon av steinsovnsbakst, slik som brød, pizzabotnar og småvarer, og rusta oss til sesongtoppar og meir søn - og helgedagsope. Målet er å gjera det mogeleg å levera nysteikt heile dagen i eige utsal. Levera produkt til utsal i søndagsopne butikkar og overnattingsverksemder. Produksjon av deigemne til heve/rask-skåp for steiking på dagtid. Auke omsetninga, effektivisera drifta og behalda noverande/skapa nye arbeidsplassar for sikker framtidig drift.

Dette er vidareføring av tidlegare planar for effektivisering og utvikling av bakeprosessen. Bakeriet er utvida med tilbygg for lager, kjøl og frys. Dette prosjektet er meir tilpassa behova etter utvidinga og erfaringar med denne sommarsesongen. Me ser og at me no kan levera til andre kundar som har søn- og helgedagsope. Lustrabui kan då få behov for 1 til 2 nye medarbeidarar.

Denne sesongen har det vore svært få utanlandske gjester grunna korona, det har derfor vore arbeidd mot det regionale markedet. Særleg har produksjon og utkøyring av pizza vore ein suksess, og har ført til ein kompensasjon for koronanedgang.

Heve / rask skåp, pristilbod ((ny og betre utgåve enn tidlegare er planlagt) Kr 310 000 Montering eletrikar, røyrleggjar kr 37 000 Opplæring av personale, hjelp av instruktør/ fagmann på bakeprosessar og produktutvikling,, reklame for nye mogelegheiter med nytt utstyr, besøk til nye og eksisterande kundar kr. 45 000

Finansieringsplan

Tilskot frå næringsfondet kr 100 000 Lån i bank kr 97 000 Eigenkapital kr 100 000 Eige arbeid kr 20 000 Andre finansieringskjelder kr 75 000

Vurdering Lustrabui planlegg ei effektivisering av bakeprosessen sin. Erfaringar frå i sommar syner at ved å satse meir på den regionale marknaden og delvis nye produkt, har dei til dels kompensert for koronapandemien. Lustrabui planlegg eit såkalla avansert «heve/rask-skåp» for å ma halde fram satsing lokalt. Luster kommune har ytt eit tilskot tidlegare dette året (i januar 20) på kr 50.000 og eit lån på 350.000 til utviding/utvikling av Lustrabui.

Rådmannen tilrår kr 80.000 i tilskot.

NVRLND – tiltak i koronatid

NVRLND skriv slik:

NVRLND har merka koronakrisa siste halve året. NVRLND har produkt (sokkar mm) med trykk på, desse produkta har i stor grad vore retta mot sal i suvenirmarknaden. Suvenirmarknaden har falle mykje grunna stor nedgang i utanlandske turistar. For å kompensere for dette har NVRLND satsa på:

-samarbeide med ein kinesisk produsent for å utvikle ei vaskbar ansiktsmaske med filter, som NVRLND får trykt dei varemerka som dei har løyve til på. Mellom anna trykk med Mumintroll-motiv og Marius-logo. Dette produktet vil vere i handelen om kort tid.

-satse meir på nettsal, oppgradere netthandelen sin

-utvikle sal mot butikkar med norske kjøparar td ein del Rema-butikkar, Ark-butikkar, mindre butikkar som td Bakar Jon i og nokre større butikkar i Sverige og Finland.

Kostnadsplan

Kjøp av tenester kr 30.000 Reiser i samband med sal kr 20.000 Eige arbeid kr 40.000

Finansiering

Eigenkapital/eige arbeid kr 45.000 Tilskot kr 45.000

Vurdering

NVRLND driv med utvikling av motiv for sokkar og andre tekstilprodukt på Hafslo, og sal av desse. Dei har noko produksjon på Hafslo og medan større kvanta vert produserte i Kina. Koronapandemien har teke bort store deler av den viktige marknaden deira, suvenirbutikkar. For å kompensere dette har dei sett i verk tiltak for å auke salet til den norske marknaden. Dei har og vore med å utvikla ei ansiktsmaske med trykk på, saman med ein kinesisk produsent, som dei skal selje.

Rådmannen tilrår kr 35.000 i tilskot.

Forthun 1882/Brage Holding AS – Magnar Bjørk

Magnar Bjørk skriv slik:

Å skape varig verksemd gjennom å kombinere sesongdrift av Turiststasjonen, med egna tilleggsverksemd og samarbeid med folk i bygda og i kommunen. Eit viktig mål er å skape noko «utover Turiststasjonen," arbeidsplanen vår er derfor at staden skal bli ein unik plass for ulike aktivitetar innan fjellsport, jakt og fiske. Ved å kombinere drifta med tilleggsnæring og samarbeid med andre i bygda vil me bidra til å skape verdiar på lokale ressursar som i dag i liten grad vert utnytta.

Covid 19

Som nemnt kan det være krevjande nok i seg sjølv å utvikle og drive varig og lønsam sesongbasert turistverksemd i dette området, og Covid-19 situasjonen har ikkje gjort dette enklare. Slik me ser det er det få verksemder som åleine kan kompensere særleg for skadeverkingane frå Covid-19 på kort sikt. Gjennom eit tilskot frå koronamidlane kan vi få ei betre finansiering og komme i gang med drift av reiselivsverksemda frå våren 2021.

Kostnadsplan

Rehabilitering røyr og vassanlegg kr 200 000 Rehabilitering av 3 bad kr 300 000 Rehabilitering /oppussing av 6 rom og korridor kr 480 000 Sum kostnad kr 980 000

Finansieringsplan

Tilskot fra næringsfondet kr 150 000 Eigenkapital kr 630.000 Eigeninnsats kr 200.000

Overordna prosjektbeskrivelse

Bakgrunn. Forthun Turiststasjon ligg i bygda ved foten av Vest-. Staden vart bygd i 1882, av ekteparet Susanna og Ole N. Øiene. Her dreiv dei to hotell og landhandel saman i ei årrekke. Ole dreiv og med hesteskyss over Sognefjellet, frå Fortun til Røisheim i Bøverdalen, og han var samstundes ein av pionerane innan tindeføring i . Ole Øiene vart patentførar i 1887 og fekk livslangt medlemsskap i Den Norske Turistforening for innsatsen sin i fjellet.

Kona mi Stine og eg flytta attende til Fortun frå Drammen til Jul i 2018, og me kjøpte og overtok Turiststasjonen i januar 2019. Staden har ikkje vore i aktiv drift på over 20 år, noko som prega bygget på mange vis. Arberidsplanen vår er å sette den i stand att og med drive verksemd tufta på dei gamle tradisjonane frå 1882. Visjonen vår med Forthun Turiststasjon isolert sett at den skal få attende «glansen frå 1882», då den var eit lite senter for turisme og klatresport her i området og danna grunnlag for lønnsame verksemder som varte i mange tiår. Me arbeider derfor med å utvikle eit konsept me kallar Forthun1882, der eit av måla våre er å tilby «pakker» med overnatting, god mat og ulike aktivitetar både for privat- og bedriftsmarkedet.

Forretningsidé.

Forretningsidéen vår er i korte trekk: - Å skape varig verksemd og verdiar gjennom å kombinere sesongdrift av Turiststasjonen, med egna tilleggsverksemd og samarbeid med folk i bygda og i kommunen.

Eit viktig mål for oss er å skape noko nytt her i området, og «som er større enn Turiststasjonen», der Turiststasjonen skal være ein samlingsplass for ulike arrangement og danne grunnlag for å utnytte lokale og varige ressursar. Det ligg eit betydeleg potensial, særleg i desse tider, i å utnytte og skape verdiar på dei mange ressursane som ligg her mellom elva og fjellet. Naturopplevingar og fjellturar ein ikkje ser når ein køyrer forbi, ressursar innan jakt, fiske og lokal matproduksjon, og ikkje minst den verdiskapinga som er muleg å få til gjennom samarbeid er eksempel på dette. Ved å kombinere turistverksemd med egna tilleggsnæringar, trur me det er muleg å utvikle noko som både er nytt, har god og varig lønnsemd og som kan bidra til utvikling både i bygda og kommunen.

Målgruppene våre er folk som er glade i natur med elvar og fjell, med turar, jakt og fiske, der me kan tilby skreddarsydde pakker både for private og bedrifter. Me held mellom anna på, saman med bygdelaget, å sette i stand att den gamle delen av skulen her. Her vil me få moderne kontor og møtelokal, slik at me saman tek vare på og utnyttar skulen for å gi eit nytt tilbod til bedrifter og grupper som vil ha kurs, møter eller arrangement her. På denne måten trur me og det er muleg å utvide sesongen, dels for bedriftsmarkedet og dels for kurs- og møtearrangement, i tider på året der stort sett alle andre stader er stengde her i området.

Strategi og kortsiktige tiltak.

For å kunne realisere planane og måla våre har me lagt vekt på tre byggesteinar no i starten:

1. Å få til eit godt samarbeid i lokalsamfunnet, og gjennom det legge grunnlag for at me kan skape meirverdi saman gjennom å utnytte lokale og varige ressursar innan jakt, fiske og fjellføring / guiding, saman med drifta på Turiststasjonen.

2. Å utvikle ein forretningsmodell som er skalerbar, der det å sette i Turistasjonen i stand dannar grunnlag for å utvikle og tilby "pakker" med overnatting, matservering og ulike aktivitetar, og for å utvikle ulike samarbeidsprosjekt med andre i bygda og i kommunen.

3. Og sist, men ikkje minst, noko me trur er viktig for å lukkast både på kort og lang sikt, å «oppgradere» måten ein dreiv tilleggsnæring på Turiststasjonen i 1882. Til forskjell frå hesteskyss i 1882, driv kona mi eiga verksemd som psykomotorisk fysioterapeut og eg innan prosjektutvikling i energisektoren.

Me har så langt lagt ned mykje eigeninnsats og hatt betydelege investeringar i 2019 og 2020, og har mellom anna gjort / er i gong med følgande: - oppgradering av elforsyning utvendig og dels innvendig - oppgradering av røyranlegg og pumpesystem i kjellaren - skifta ut kjøkkeninstallasjonar, med oppvask, benker, komfyrar, kjøl, etc. - installert brannvarslingsanlegg. - skifta store deler av vindaugene i bygget - sett opp nye takrenner på heile bygget - rehabilitert eit stort omfang vegger med skader / råteskader ut og innvendig i 1. etasje - omfattande oppussing av inngangsparti, leilegheit for betjening, deler av kjøkkenet, resepsjon, peisestove, «stove frå 1882» og ei tredje stove i 1. etasje. - målt opp att heile bygningen utvendig - rive og fjerna ein gammal fjøs som hadde ramla saman, rydda vekk mykje gamalt skrot på deler av tomten og rydda / sett i stand hagen og området omkring

Det som står att av viktige fysiske tiltak før me kan ta i mot gjester og tilby dei «aktivitetspakkene» me arbeider med å utvikle er følgjande: - å pusse opp korridor og 6 rom i 2. etasje - å rehabilitere to bad med toalett i 2. etasje, samt eit bad i 1. etasje. - å rehabilitere røyrsystem i overnattingsdel - å rehabilitere den gamle fasaden, med gamle utskjeringar, mot Nord. Denne har store skader i 1. etasje som må takast att, både ut- og innvendig (ikkje omsøkt her). - å bygge eit anlegg med badstove, badestamp og dusjanlegg, dels for å kompensere for at det er komplisert og kostnadskrevjande å bygge dusj og toalett på rom i den gamle delen av bygget, og dels for å ha eit slikt anlegg som tilbod til gjester som vore ute på ulike aktivitetar.

Mål og resultat

Det primære målet vårt for Forthun Turiststasjonen er å sørge for at den "får att glansen frå 1882", og at den kan førast vidare som ein stad som er unik når det gjeld å tilby skreddarsydde pakker med overnatting, mat, drikke og aktivitetar for privat- og bedriftsmarkedet.

Det seier seg sjølv at det ligg eit begrensa potensial for vekst og avkastning i å drive ei småskalaverksemd slik Forthun Turiststasjon er, isolert sett. I området her gjer i tillegg den begrensa sesongen, saman med stengte vinterveier, det krevjande å utvikle god og varig lønnsemd innan turisme. Me har, som då Forthun Turiststasjon vart bygd i 1882, jobbar som let seg kombinere med sesongbasert turistverksemd. Skilnaden er at tilleggsnæringa den gongen var hesteskyss, medan me har jobbar innan helse- og konsulentverksemd. Dette gjer at me er meir fleksible, mindre sårbare og reduserer risikoen i prosjektet vårt nå i starten.

Ambisjonen vår er at Turiststasjonen skal bli ein liten katalysator for lokal verdiskaping, både gjennom samarbeid med andre her i bygda og i kommunen, og gjennom måten me har anledning til utvikle og kombinere drifta med tilleggsnæringane våre. Me har eksempelvis god dialog med grunneigarane i bygda om korleis me saman kan utnytte ressursar innan jakt, fiske og lokalmat langt betre enn i dag, med Bygdelaget om korleis me kan ta vare på den gamle skulen i bygda og gjere den om til kontor-, møte- og konferanselokal. I tillegg har me eit stort nettverk, både privat og i jobbsamanheng, der me møter stor interesse både for det me har tenkt å utvikle og for å det å kunne tilby dette utover den tradisjonelle sesongen her i området.

Den kortsiktige planen vår var starte opp for å ta imot gjester i forbindelse med topptur / randonee-sesongen frå Påsken 2020. På grunn av koronasituasjonen valde me å utsette oppstartinga og sette i staden i gang meir arbeid med oppussing og rehabilitering, slik det mellom anna er beskrive under kortsiktige tiltak ovanfor.

Planen no er å ha nokre arrangement på kveldstid i helger ut over hausten, då stort sett alle andre steder er stengt her i området. Hensikta med dette er dels å få noko inntekter i siste del av året og dels å bygge erfaring til neste sesong. Full drift med overnatting er planlagt starta opp etter Påske i 2021.

Kommentarar til vurderingskriteria.

Aktivitet og sysselsetting: Aktivitet og sysselsetting på sjølve Turiststasjonen vil starte opp våren 2020, og vil i seg sjølv gi eit bidrag til lokal utvikling i bygda. Me arbeider med konkrete planar saman med grunneigarar og andre folk i bygda om korleis skal få til verdiskaping innan jakt, fiske, turopplegg (med guiding) og ulike egna arrangement i tilknyting til dette. I tillegg har som nemnt kona mi og eg «teke med oss jobbane våre» attende hit, noko som og bidreg til lokal busetnad, aktivitet og sysselsetting. Me jobbar begge innan yrker som let seg kombinere med å drive sesongbasert turistverksemd, og som me tenker at fleire enn oss kan ta med seg attende til heimkommunen sin.

Framdrift: Som nemnt ovanfor i dette dokumentet er fleire tiltak allereie gjennomførde. Dei tiltaka me søker om støtte til her planlegg me skal være ferdigstilte før Påske i 2021, kanskje med unntak av anlegg for utvendig badstove og dusjanlegg. Me har konkrete planar om aktivitetar og arrangement i tilknyting til randonné, fjellturar og klatring frå våren 2020. Her kan me mellom anna nemne å ta opp att lokale tradisjonar om kurs og arrangement i tilknyting til klatring og fjellsport.

Motkraft mot Covid-19 utbrotet: Som me har nemnt ovanfor kan det være krevjande nok i seg sjølv å utvikle og drive varig og lønsam sesongbasert turistverksemd i dette området, og Covid-19 situasjonen har ikkje gjort dette enklare. Slik me ser det er det få verksemder som åleine kan kompensere særleg for skadeverkingane frå Covid-19 på kort sikt. I ei bygd som Fortun, i ein kommune som Luster tenker me derfor at det som er viktig no er å utvikle nye verksemder som: - Er tufta på å utnytte lokale og varige ressursar, det vere seg frå kunnskap eller natur. - Utnyttar muligheitene som ligg innan bruk av ny teknologi - Er skalerbare, fleksible og som kan tilpassast og utviklast over tid - Kan generere lønnsemd både på kort og lang sikt - Er robuste med omsyn til uforutsette endringar

Me bur i dag i Fortun, driv to verksemder som er såkalla kunnskapsbaserte, og held på med å utvikle ei ny verksemd innan friluftsliv og turisme. Å drive kunnskapsbasert verksemd er lite kapitalkrevjande og for vår del utgjer dette trygge arbeidsplassar med god lønnsemd, som det og er muleg å utvikle / utvide.

Verksemda på Turistststasjonen er derimot kapitalkrevjande no i oppstarten, og for å kunne lukkast på sikt har me tenkt å utvikle denne med utgangspunkt i dei fem punkta som er nemnde ovanfor. Me har heile vegen sett potensialet i den norske marknaden som meir enn stort nok for oss, og at ein eventuell utanlandsk marknad, med dei målgruppene me siktar mot, vil være langt meir krevjande å utvikle. Og som Covid-19 situasjonen har vist no i år, det litt betydeleg større usikkerheit og risiko i. Undervegs har me dessutan sett at det ligg gode mulegheiter for å utvikle det me held på med, med aktivitetar retta mot den norske bedriftsmarknaden, noko som og vil gjere det muleg å utvide sesongen.

Det at me kan «kombinere verksemder» gjer oss meir fleksible, at me kan tilpasse utviklinga over tid og at me er mindre sårbare undervegs. Sjølv om me ikkje fekk i gong drift på Turiststasjonen no i vår og i sommar, vart me derfor ikkje «råka av Covid-19», ut over at oppstartinga er forsinka. Det som er den største utfordringa vår no er å skaffe nok kapital til gjennomføre dei tiltaka me har planlagt raskt nok.

Luster er ein kommune som er rik på ressursar innan energi og natur, og er samstundes «rik» på kunnskapsressursar som kjem frå, men som ikkje lenger bur i kommunen. Vår ambisjon er å vise at ein kan utvikle ny verksemd innan friluftsliv og turisme her i bygda og i kommunen, at ein ved å kombinere dette med kunnskapsbasert verksemd kan sikre lønnsam og varig drift, og at dette kan skape ringverkingar i lokalsamfunnet.

Og så vil me til slutt trekke fram noko som viser at Covid-19 situasjonen og kan snuast til noko positivt:

Det har i ein god del år no vore muleg å samarbeide og ha møter via internett / ulike verktøy for dette, men det er fyrst no dette verkeleg er teke i bruk. Effektane er mange, og mellom anna: - Mange møter vert kortare, langt meir effektive og frigjer tid til andre oppgåver - Frigjort tid fører til at ein kan forberede seg betre til møter og har meir tid til oppfølging - Reisetid og kostnader til og frå møter vert kraftig redusert, og fører til økt effektivitet og lønsemd.

Dette gjer særleg stor effekt for kunnskapsverksemder i eit område som vårt, og bør utnyttast som ein unik katalysator til å trekke til seg og utvikle fleire kunnskapsbedrifter i området. Og når det gjeld turisme:

Og for turismen sin del, aldri har det vel vore synt fleire flotte bilete og historiar, frå norske turistar på tur i Luster enn denne sommaren. Denne PR-effekten bør ein kunne utnytte til å «vri» turismen over i ei retning som er mindre sårbar for sviktande booking frå utanlandske turistar.

Vurdering

Stine Rebni Bjørk og Magnar Bjørk har saman med to born flytta heim frå Drammen til Fortun. Gjennom selskapet Brage Holding AS har dei sett i verk eit stort arbeid for å restaurere og oppgradere det som no heiter Forthun 1882. Dei driv og to kunnskapsbaserte verksemder. Koronapandemien har gjort at dei har måtta endre planane sine noko. Dei er likevel no i gang med klargjering av Forthun 1882 for å kunne motta gjester frå våren 2021. Det er ei relativ stor økonomisk satsing og finansiering frå koronamidlane er viktig. Det vil vere norsk marknad dei satsar på no i fyrste sesong.

Rådmannen tilrår kr 100.000 i tilskot.

Norteck og Lustraporten

Dei skriv slik:

Me søker med dette om koronamidlar- tilskot til utvikling og styrking av bedriftene Lustraporten AS og Norteck AS.

Me planlegger for å utvide kafelokalene til Lustraporten AS med 90 m2, dette for auka aktivitet og kunne gi kundene eit bedre og utvida tilbud. Me har behov for ekstra areal, kundane må ofte vente på bordplass spesielt på søndagsbuffet. Større aktivitet vil føre til økt sysselsetting og fleire tilsette. Tiltaket vil gi oss ekstra inntekter ved at me kan dele av, og servere fleire grupper samtidig. Det er viktig verdiskaping at me har god nok kapasitet, og er klar når kundene ønsker å komme på Lustraporten! Me har hatt store kostnader med prosjektering, grunn og betongarbeid, og gjenoppbygging av området, etter at muren på nedside av YX raste ut ned mot Hafslovatnet i 2015, me har brukt mykje resursar på dette prosjektet som nå endelig nærmer seg slutten. Tiltaket kan setjast i gang så snart me har finansiering på plass, og byggesøknaden er ferdig behandla i kommunen.

Prosjektering, tegninger og byggesøknad er under utarbeidelse, dette sendes til Luster kommune veke 39.

I forhold til koronapandemien vil det planlagde tiltaket motverke negative verknader av covid-19-utbrotet ved at selskapa vil stå sterkare, får auka aktivitet og kunne gi kundene eit bedre og utvida tilbud. Det er viktig under koronapandemien at det vert meir areal slik at lokala kan delast inn og det er råd å servere fleire grupper samstundes.

Kostnadsestimat kr 1 200 000,-

Finansiering: Lån i Luster Sparebank: kr 600 000,- Eigne midlar: kr 300 000,- Tilskot, Koronamidlar: kr 300 000,- (fordelt på Lustraporten AS og Norteck AS)

Vurdering

Norteck og Lustraporten planlegg ei satsing for å utvide kafedrifta si. Dette vil vere eit tiltak for å styrke verksemda totalt sett, og motverke negativ utvikling i marknaden grunna koronapandemien. Det er og slik at med større areal kan serveringsareala delast opp, slik at fleire grupper kan nytte kafeen samstundes. Det er viktig av smittevernomsyn.

Rådmannen tilrår totalt kr 100.00 i tilskot til Norteck AS og Lustraporten AS

Samla tilråding: «Koronamidlar frå Vestland Fylkeskommune» vert fordelt til næringslivet på bakgrunn av søknader. Det er tilrådd at fylgjande verksemder får tilskot:

Bestebakken kr 100.000

Sognefjord Naturkjøkken kr 100.000

Luster fjordhytter/ Øystein Magnus G Tveit kr 100.000

Jostedalen Breførarlag/Brevegen kr 40.000

Wonderlust kr 100.000

Villa Solvorn kr 40.000

Fjord Active kr 100.000

Breheimsenteret kr 100.000

Adventure Tours kr 100.000

Lamasafari v Simon Page kr 70.000

Lyngmo kr 100.000

Visit Sognefjord kr 150.000

Skjolden hotel kr 50.000

Brevegen kr 100.000

Kvam Guiding og Service kr 30.000

Lustrabui kr 80.000

NVRLND kr 35.000

Forthun 1882- Brage holding kr 100.000

Norteck/Lustraporten kr 100.000

Totalt kr 1590.000

Tilskota er finansiert med kr 1.507.000 frå «Fylkeskommunale koronamidlar» og kr 83.000 frå posten bedriftsutvikling i Luster kommune sitt budsjett.

Tilskotet vert gjeve med fylgjande føresetnader: Tilskotet vert utbetalt etterskotsvis. Søkjar skal legge fram eit rekneskap, samt ein kortfatta rapport som beskriv gjennomføringa av tiltaket. Rekneskapet skal vere sett opp etter same oppstilling som søknaden, og vere attestert av rekneskapsførar.

Tilskotet skal utgjere maksimalt 50% av kostnadene. Endeleg prosjektrapport/rekneskap skal vere klar seinast 1.10.21.

Luster kommune har rett til å føre kontroll over at prosjektet er gjennomført i tråd med søknad og sluttrapport.

Tilskotet vert gjeve i samsvar med EØS-regelverket og reglar for bagatellmessig støtte.

Dato: 17.09.20

Jarle Skartun Olav Grov rådmann Næringssjef ______

Særutskrift skal sendast: Søkjarane m/kopi til: Økonmi, her