Saksframlegg

Saksframlegg

SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 233 U0 Arkivsaksnr.: 20/3074 Koronamidlar frå Vestland fylkeskommune - løyving til næringslivet Rådmannen si tilråding: «Koronamidlar frå Vestland Fylkeskommune» vert fordelt til næringslivet på bakgrunn av søknader. Det er tilrådd at fylgjande verksemder får tilskot: Bestebakken kr 100.000 Sognefjord Naturkjøkken kr 100.000 Luster fjordhytter/ Øystein Magnus G Tveit kr 100.000 Jostedalen Breførarlag/Brevegen kr 40.000 Wonderlust kr 100.000 Villa Solvorn kr 40.000 Fjord Active kr 100.000 Breheimsenteret kr 100.000 Adventure Tours kr 100.000 Lamasafari v Simon Page kr 70.000 Lyngmo kr 100.000 Visit Sognefjord kr 150.000 Skjolden hotel kr 50.000 Brevegen kr 100.000 Kvam Guiding og Service kr 30.000 Lustrabui kr 80.000 NVRLND kr 35.000 Forthun 1882- Brage holding kr 100.000 Norteck/Lustraporten kr 100.000 Totalt kr 1590.000 Tilskota er finansiert med kr 1.507.000 frå «Fylkeskommunale koronamidlar» og kr 83.000 frå posten bedriftsutvikling i Luster kommune sitt budsjett. Tilskotet vert gjeve med fylgjande føresetnader: Tilskotet vert utbetalt etterskotsvis. Søkjar skal legge fram eit rekneskap, samt ein kortfatta rapport som beskriv gjennomføringa av tiltaket. Rekneskapet skal vere sett opp etter same oppstilling som søknaden, og vere attestert av rekneskapsførar. Tilskotet skal utgjere maksimalt 50% av kostnadene. Endeleg prosjektrapport/rekneskap skal vere klar seinast 1.10.21. Luster kommune har rett til å føre kontroll over at prosjektet er gjennomført i tråd med søknad og sluttrapport. Tilskotet vert gjeve i samsvar med EØS-regelverket og reglar for bagatellmessig støtte. Saksutgreiing: Prenta vedlegg: Uprenta vedlegg: Søknader frå dei ulike verksemdene Samandrag: 17.7.20 fekk Luster kommune brev frå Vestland Fylkeskommune om ekstra midlar til koronatiltak. Det var Kommunal og moderniseringsdepartementet som løyvde midlane gjennom «koronatiltak krisepakke – fase 3 for 2020». Midlane vart overførde til kommunale næringsfond. Luster kommune fekk 1.5 mill kr til fordeling. Luster formannskap handsama retning på prioritering av desse midlane i næringsutvalet den 19.8. Det vart eit samrøystes vedtak, og i etterkant har teksten nedanfor vorte annonsert på kommunen si heimeside og facebook-side. Det har og vore sendt epostar til aktuelle bedrifter ma alle reiselivsbedrifter i Luster som er medlemmer i Visit Sognefjord. Interessa for midlane har vore stor og det er komme mange søknader. Utval som har vedtaksmynde: Næringsutvalet Fakta: Koronamidlar frå Vestland Fylkeskommune 17.7.20 fekk Luster kommune brev frå Vestland Fylkeskommune om ekstra midlar til koronatiltak. Det var Kommunal og moderniseringsdepartementet som løyvde midlane gjennom «koronatiltak krisepakke – fase 3 for 2020». Midlane vart overførde til kommunale næringsfond. Luster kommune fekk 1.5 mill kr til fordeling. Luster formannskap handsama retning på prioritering av desse midlane i næringsutvalet den 19.8. Det vart eit samrøystes vedtak, og i etterkant har teksten nedanfor vorte annonsert på kommunen si heimeside og facebook-side fleire gonger. Det har og vore sendt epostar til aktuelle bedrifter ma alle reiselivsbedrifter i Luster som er medlemmer i Visit Sognefjord. Målgruppa for midlane er bedrifter, etablerarar og andre næringsaktørar. Det vert gjennomført ein søknadsrunde for fordeling av midlane med søknadsfrist 10.09. Næringsutvalet i Luster kommune prioriterer desse næringsmidlane slik: -Aktivitetsbedrifter i reiselivet er viktig for heile reiselivsnæringa, søknader om finansiering av utviklingsprosjekt frå slike bedrifter vert prioriterte. -Andre bedrifter innafor reiselivet skal og ha prioritet, det skal vere utviklingsprosjekt, gjerne samarbeid mellom to eller fleire bedrifter. Det vert ikkje gjeve tilskot til marknadsføring til einskildbedrifter i reiselivet. -Innafor handel vil fellestiltak innan marknadsarbeid og kompetanseheving vere prioritert. -Verksemder innan foredling av lokale råvarer, som har aktuelle utviklingsprosjekt vil og vere prioriterte. -Andre gode prosjekt vil og vere aktuelle for støtte. Noko av den samla potten vil bli nytta mot regionale tiltak; til dømes felles opplæringstiltak, felles marknadsføring i reiseliv gjennom Visit Sognefjord, felles tiltak for rekruttering. Visit Sognefjord arbeider no med ein søknad om ekstramidlar til marknadsarbeid til alle kommunane i regionen. Det kan søkast om midlar til både bedriftsutvikling og investeringar. Tilskota skal som hovudregel ikkje overstige 50% av kapitalbehovet. Øvre beløpsgrense for utbetalt tilskot er kr 150.000 pr verksemd/prosjekt. Vestland fylkeskommune har som føring at i vurderinga av søknadane skal det særskilt leggast vekt på: i kor stor grad tiltaket fremjar auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial i kor stor grad ein reknar med at tiltaket vil kunne motverke dei negative verknadane av covid-19-utbrotet kor raskt tiltaket kan setjast i gang. Informasjon om dette må framkome i søknadane. Interessa for midlane har vore stor. Det har vore mange spørsmål om ordninga både på telefon og e-post. Det er 19 søknader til ordninga som no vert handsama, 18 av desse er søknader innafor reiselivsnæringa. Dei fleste har søkt om maksimalt tilskotsbeløp dvs kr 150.000. Når interessa er så stor vil det ikkje vere råd at alle kan få det dei søkjer om. Til vanleg yter ikkje Luster kommune investeringstilskot gjennom næringsfondet jmfr «grunnlag for handsaming av næringssaker». Slik sett er denne finansieringsordninga «betre» enn det Luster kommune til vanleg tilbyr gjennom næringsfondet. Det er ikkje enkelt å skilje søknadene, kva som er dei beste tiltaka. Søknadene er knytte til utviklingsarbeid i verksemda, utvikling som vil gjere verksemda i stand til å nå nye marknader (hovudsakleg den norske marknaden i fyrste omgang, då den utanlandske truleg vil vere liten også kommande sesong). Dei planlagde tiltaka vil gje positiv vekst generelt når utfordringane med koronapandemien avtek. Det er stor vilje til å satse og utvikle produkta i reiselivet i Luster, trass i at 2020 vart ein svært krevjande sesong, det er svært gledeleg og gjev framtidstru. Mange av søkjarane er aktivitetsbedrifter, noko som var særleg prioritert når formannskapet handsama retningen på korleis desse midlane skulle løyvast. Prosjekta som vert søkt om vil bli gjennomførde i dette og kommande år, det meste før neste reiselivssesong. Sjølv om reiselivet som bransje har hatt ei krevjande tid etter koronapandemien starta, er utviklinga ulik frå bedrift til bedrift. Totalt hentar reiselivsverksemdene i Luster kommune nær 65% av sine turistar frå utlandet i eit normalår, då vert koronaeffekten på reiselivet i Luster ekstra stor når den utanlandske marknaden nærast er borte. I vedtaket i saka føreset Luster kommune at dei tiltaka som er søkte om skal vere ferdige i løpet av september 2021. Det skal lagast ein enkel rapport med kostnadsoppstilling for å få utbetalt tilskotet. Tilskotet skal ikkje utgjere meir enn 50% av den totale kostnaden i prosjektet. Tilrådinga prøver ta omsyn til totale kostnader og samla finansieringsbehov i dei ulike prosjekta. Det vert og omsynsteke i kor stor grad kostnadene er kjøp av tenester, kjøp av utstyr eller investering i anlegg versus eige arbeid. Ut frå dette vert det lagt opp til noko differensiering i høve tildeling. Med så mange gode søknader er i utgangspunktet høgste løyvingssum tilrådd sett til kr 100.000 for å dekke alle søknadane. For Visit Sognefjorde er det gjort ei regional fordeling som Luster bør følgje opp med eit tilskot på 150.000. Kvar søknad vert omtalt i denne felles saka. Søknad frå Bestebakken Bestebakken skriv slik: Vi har planlagt å utvide BesteBakken med 4 containerhytter. Dette er ombygde containerar, som skal brukast som overnatting. Sjå www.compactnaturliving.no. Dette har vi planlagt sidan 2019, og det var meint å gjennomførast våren 2020. Pga covid19, vart prosjektet stoppa. Vi såg på dette prosjektet som nysatsing for å vere tidleg på markedet. Prosjektet er miljøvennleg. Containerane står på påler. Containerane er også flyttbare med enkelt grep. Norconsult har prosjektert veg. I utgangspunktet hadde vi planlagt 4 containerar. Dette er no redusert til 2 . Dette pga av covid19. Prosjekteringa er ferdig utarbeid av Jon Ove Lomheim (Nor Consult). Luster sparebank har godkjent lån, og støttar prosjektet. Rådgjevar Inge Teigen har vore med gjennom heile planleggingsprosessen. Vi har tru på satsinga. Det er viktig for oss å kome tidleg på bana med nytenkande tiltak. Dette er i tida med tanke på bærekraft ol. Får vi satse på dette prosjektet no, så kan vi vere med på felles markedføringstiltak mellom dei som satsar på containerar. Kostnadsplan Prosjektkostnader 3 200 000 Finansieringsplan Tilskot fra næringsfondet kr 150 000 Lån i bank kr 2 300 000 Eigenkapital kr 550 000 Eige arbeid kr 200 000 Vurdering Dette er eit nyskapande prosjekt i vår region. Bestebakken hadde planlagt prosjektet før koronapandemien, men valde å utsetje det. Dei ynskjer no å gå i gang fordi dei meiner dette nytenkjande prosjektet vil styrke verksemda framover i den norske marknaden særskildt. Noko som er viktig i samband med koronapandemien. Rådmannen vil tilrå eit tilskot stort kr 100.000. Søknad frå Sognefjord naturkjøken Sognefjord naturkjøken skriv slik: Vi vil etablere ein unik serveringstad, kombinert med eit fotogalleri i strandsitjarmiljøet i Solvorn. Her vert det servering og sal av eigne lokale sjømatprodukt i tillegg til andre lokale produkt av høg kvalitet. Staden vert open i

View Full Text

Details

  • File Type
    pdf
  • Upload Time
    -
  • Content Languages
    English
  • Upload User
    Anonymous/Not logged-in
  • File Pages
    31 Page
  • File Size
    -

Download

Channel Download Status
Express Download Enable

Copyright

We respect the copyrights and intellectual property rights of all users. All uploaded documents are either original works of the uploader or authorized works of the rightful owners.

  • Not to be reproduced or distributed without explicit permission.
  • Not used for commercial purposes outside of approved use cases.
  • Not used to infringe on the rights of the original creators.
  • If you believe any content infringes your copyright, please contact us immediately.

Support

For help with questions, suggestions, or problems, please contact us