<<

Omverdsanalyse Nordfjord

2020

Daniel Varne Øvernes og Erik Andersen // NAV Regional omverdsanalyse i NAV Vestland

• Omverdsanalysen gir ein oversikt over situasjon og utvikling i regionen på område som har påverknad på korleis NAV kan løyse sine oppgåver. • Analysen kan nyttast som grunnlag for planlegging og forståing av utfordringar i den einskilde NAV-region. • Analysen er óg egna til å være eit utgangspunkt i dialogen med våre samarbeidspartnarar, slik at vi får ei felles forståing av utfordringar i regionen og kan koordinera innsatsen.

// NAV Overordna utviklingstrekk i Vestland

• Lågare fødselstal og lågare innvandring gjer at befolkninga aukar mindre enn tidlegare.

• Vi er i stor grad avhengig av innvandring, både flyktningar og arbeidsinnvandrarar, for å halde oppe folketalet. Dette gjeld særleg distriktskommunar.

• Aukande sentralisering - Flyttemønster og pendlingsmønster går i stor grad frå distriktskommunar til regionsenter og byar.

• Mangel på arbeidskraft vil være eit aukande problem i framtida, særleg i regionane utanom .

// NAV Demografi Oppsummering av hovudtrekk i demografisk utvikling Nordfjord

• Det blir truleg nedgang i folketalet i Nordfjord i neste tiårs- periode.

• Nordfjord får ein aldrande befolkning i neste tiårs-periode. Arbeidsstyrken vil auke i reine tal, og sysselsettingsdelen kan bli redusert.

• Ein aukande del av arbeidsstyrken har høgare utdanning, men utdanningsnivået er lågare enn fylkessnittet.

// NAV Nettoflytting og fødselsoverskot siste 20 år i Nordfjord

// NAV Befolkningsframskrivingar frå SSB 2020-2030 Ni alternativ for Nordfjord

// NAV Befolkningsendring siste tiår etter aldersgrupper Perioden 2010-2020 (venstre) samanlikna med framskrivinga 2020-2030 (høgre)

// NAV Utdanningsnivå, utvikling 2009-2019

// NAV Levekår og fattigdom Oppsummering av hovudtrekk: Levekår og fattigdom Nordfjord

• Nordfjord har ein fattigdomsdel litt under fylkessnittet, men den har auka tydeleg dei siste 10 åra.

• Ulikheita (GINI) har auka med 10 prosent frå 2008 til 2018. Dette er den største auken i Vestland.

• Nordfjord kjem samla sett godt ut på levekårsindeksen. Særleg låg del unge uføre og låg del NAV-brukarar trekkjer i positiv retning.

// NAV Fattigdom og ulikskap Nordfjord samanlikna med landet og fylket

// NAV Levekårsindeksen for Vestland 2019

// NAV Levekårsindeksen for Nordfjord 2019

// NAV Levekårsindeksen, detaljert, for Nordfjord 2019

// NAV Behov for kompetanse og arbeidskraft Oppsummering av hovudtrekk: Behov for kompetanse og arbeidskraft Nordfjord • Nordfjord har ein næringsprofil som er tung på industri. Det er relativt sett færre i denne regionen som jobbar innan tenesteytande næringar.

• Regionen er mellom dei meir optimistiske i bedriftsundersøkinga.

• Nordfjord vil ha stort behov for å erstatte arbeidstakar som går av med pensjon dei næraste åra. Behovet er størst innan helsevesenet, primærnæringane og industrien.

• Arbeidsmarknaden i Nordfjord har blitt mindre stram det siste året. Det er strammast innafor helse, pleie og omsorg, undervisning og akademiske yrke.

• Dei fleste som bur i Nordfjord jobbar i regionen, men også ein del i , og Bergen. Det er ein del innpendling frå Sunnfjord.

// NAV Næringsprofil i Nordfjord samanlikna med næringsprofilen i landet Tal frå SSB for 2019

// NAV Bedriftsundersøkinga: Samleindeks Prosentdifferanse mellom bedriftene som melder positive og negative utsikter

// NAV Behov for erstatning av arbeidskraft – prosent og tal Basert på tal frå SSB for 2018

// NAV Stramheita i Nordfjord etter grovyrke, samt dei 20 strammaste enkeltyrka

// NAV Stramheita etter grovyrke i Nordfjord 2020 mot 2019 Dei 20 strammaste yrka i Nordfjord i 2020 Nettopendling for kommunane i Vestland

Blå er netto innpendling Raudfarge er netto utpendling

// NAV Pendlestrømmene inn og ut av regionen

// NAV Brukarar av NAV - utvikling Oppsummering av hovudtrekk: Brukarar av NAV – utvikling Nordfjord • Nordfjord har litt høgare utbetalingar per innbyggjar enn Vestland når det gjeld sjukepengar. Elles har regionen lågare utbetalingar. • Frå 2018 til 2019 har utbetalinga i alt auka når det gjeld uføretrygd og sjukepengar. For dei andre ytingane er det uendra eller ein liten nedgang. • I Nordfjord har prosentdel langtidssjuke vore forholdsvis stabil dei siste fem åra. Uføre har auka noko og nedsett arbeidsevne har gått ned. • Dei siste åra har prosentdelen av dei med nedsett arbeidsevne som er AAP-mottakarar gått ned. Det er likevel ein auke det siste året.

// NAV Utvikling i ytingar frå NAV Innanfor «Arbeidsliv og sjukdom» samt sosialhjelp

// NAV Utviklinga i brukargrupper. Del av arbeidsstyrke 2015-2020* * Tal for 2020 er snitt for månadene januar til september

// NAV Utvikling i brukarar med nedsett arbeidsevne og nedsett arbeidsevne med rett på AAP

// NAV Korleis teknologisk utvikling treff NAV Kanalbruk i dialogen med NAV 2016-2018 Nasjonal undersøking

// NAV Digitale ferdigheiter etter aldersgrupper Nasjonal undersøking 2016

// NAV Konsekvenser for NAV Vestland av den teknologiske utviklinga

• Med høvesvis fleire eldre med svakare digitale ferdigheiter og lang avstand til NAV-kontoret, blir det viktig å vektlegge rettleiing i bruk av digitale tenester i noko større grad enn gjennomsnittleg.

• Vi må tileigne oss nye digitale løysingar raskt og få brukarane våre til å ta dei i bruk for å rydde rom til brukargrupper som treng tidleg og tett oppfølging.

• Særleg eldre og innvandrarar, er avhengige av «klart språk» i vår dialog med brukarane gjennom alle dei nye digitale kanalane. Også unge brukarar har vanskar med å forstå samanhengen og innhaldet i breva vi skriv.

• Mobilitetsløysinga gir oss fleksibilitet og handlingsrom i møte med brukarar og bedrifter som vi ikkje utnyttar godt nok i dag.

• Behovet for kontor, både i tal og storleik, vil endre seg raskt dei komande åra, ettersom tenestene våre i stadig større grad vert tilgjengeleg på nett og hjelp blir gitt via kontaktsenter og chat.

// NAV