Samling for unge bønder Fredag 2. og laurdag 3. februar 2018 Befaringar, gardsbesøk, erfaringsutveksling – Stranda Hotel og Strandafjellet Målet med samlinga er å bygge nettverk både for unge etablerte bønder og for dei som er på veg inn i næringa, i kombinasjon med formidling av nyttig kunnskap om næringa og det å vera bonde. Det blir overnatting på Stranda Hotell og middag inkludert gondoltur til Paviljong Roalden, Strandafjellet. Utdrag av innhald og gjennomføring: Felles buss frå Molde. Mulighet til å kome på undervegs. Reiserute: 1.dag: Molde – Vestnes – Sjøholt – Liabygda – Stranda. 2.dag: Stranda – Sykkylven – Magerholm – Sjøholt – Vestnes – Molde. Gardsbesøk og befaringar undervegs. Overnatting på Stranda Hotel. Gondoltur på Strandafjellet og middag på Paviljong Roalden, 1.042 moh. Foredrag «Frå toppfotball til geit og turisme» v/bonde Petter Melchior. Om landbrukssamvirke og utfordringar i næringa. Kostnader: Deltaking er gratis om du er medlem i minst ein av dei organisasjonane som er arrangørar. Ektefelle/sambuar er velkomen. Påmelding: Påmelding med opplysningar om navn, e-postadr og mobilnr innan fredag 19. januar 2018 til
[email protected] - tlf 41 41 88 71. Meld frå om stad for påstigning ved påmelding. Program: Sjå neste side PROGRAM Møteleiing: Rose Bergslid, Møre og Romsdal Bondelag. Fredag 2. februar: 10.30: Buss frå Felleskjøpet Agri, Molde. Mulighet for parkering hos Felleskjøpet. 10.45: Ferje frå Molde. 11.25: Bussavgang Vestnes ferjekai. 12.00: Enkel lunsj, Sjøholt - Mulighet for parkering på Sjøholt. 13.00: Avreise Sjøholt. Gardsbesøk/befaringar: * Ørskog samdrift, v/Eli Sjåstad: Eli er driftsleiar i samdrifta og har erfaringar og synspunkt knytt til gardsdrift, mosjonskrav/dyrevelferd, landbrukspolitikk og sosiale forhold i landbruket.