<<

INNKALLING TIL TINGMØTE

Til: Tingmedlemmar Dato: Tysdag 8. desember 2020 kl. 10.00. Stad: Straand Hotel, Vrådal

I tråd med vedtektene blir det no kalla inn til møte i Vest-Telemarktinget.

Det blir enkel servering frå kl. 09.30. Møtet startar med tingsaker før ein går over til orienteringssaker. Ein gjer merksam på at det til sak 08/2020 Framlegg til budsjett 2021 er det i tillegg til budsjettdokumentet 2 vedlegg; 1) Bakgrunnsinformasjon om garantibehovet på kr. 900.000,- til USN og 2) Statusoppdatering av bygningsvernsenter.

Orienteringar:

Dagleg leiar Pål Kårbø i E-134 Haukelivegen AS vil fortelje om arbeidet som no blir gjort i Haukelivegen og Kjell Solheim frå Vegforum Øst-Vest vil gi ei kort orientering om Vegforum sitt arbeid.

I regi av Vest-Telemarkrådet har Vest-Telemarkkommunane gått saman om å utarbeide ein felles klimaplan for regionen. Det er nedsett ei eiga referansegruppe for arbeidet der Natur- og miljørådgjevar i Seljord kommune Torunn Raftevold Rue er leiar. Bygdefrilanser Silje Hegg og Miljø- og utmarkskonsulent i Kviteseid kommune Audun Aasmundtveit er leigd inn for å skrive sjølve planen. Dei vil presentere arbeidet som er gjort så langt. Varaordførar i Tokke og medlem av referansegruppa vil innleie med presentasjonen Berekraft og motkraft.

Lunsj blir servert kl. 11.30.

Vi ynskjer velkomen til Straand Hotel!

Venleg helsing Vest-Telemarkrådet,

Jarand Felland, regionordførar Anne Aasmundtveit, regionrådleiar

Vest-Telemarkrådet | Kviteseidgata 18, 3850 Kviteseid | www.vt-radet.no | [email protected] | Tlf. 402 38178

SAKLISTE

Vest-Telemarktinget Møte 8. desember 2020

04/2020 Opprop

05/2020 Godkjenning av innkalling og sakliste

06/2020 Val av 1 person til å skrive under protokollen i lag med regionordførar

07/2020 Småbruksprosjektet

08/2020 Framlegg til budsjett 2021 for Vest-Telemarkrådet

09/2020 Høyringsuttale til NOU 2020:12 Næringslivets betydning for levende og bærekraftige lokalsamfunn (distriktsnæringsutvalget)

10/2020 Orienteringar

1. Dagleg leiar Pål Kårbø i E-134 Haukelivegen AS og Kjell Solheim i Vegforum Øst-Vest orienterar

2. Felles klimaplan i Vest- i. Benedikte Nes – Berekraft og motkraft ii. Torunn Raftevold Rue, Silje Hegg og Audun Aasmundtveit – presentasjon av klimaplanarbeidet

Vest-Telemarkrådet | Kviteseidgata 18, 3850 Kviteseid | www.vt-radet.no | [email protected] | Tlf. 402 38178

Vest-Telemarktinget Møte 8. desember 2020

Sak 07/2020 Småbruksprosjekt

Bakgrunn Arbeidsprogram 2020-2021 for Vest-Telemarkrådet slår fast at eitt av hovudmåla er å Auke folketalet og skape fleire arbeidsplassar. Som eit konkret tiltak er det vedteke at rådet skal Initiere eit nytt småbruksprosjekt der ein nyttar erfaringane frå prosjektet som vart avslutta i 2004.

Det fyrste småbruksprosjektet Småbruksprosjektet omfatta kommunane i Vest-Telemark og , og . Finansieringa kom frå regjeringa v/Kommunal- og regionaldepartementet og Fylkesmannen, i tillegg vart det nytta midlar frå VTNU/Fellesfondet og bidrag frå dei kommunane som ligg utanfor Vest-Telemark. Prosjektet var organisert gjennom VTNU, med Henry Mæland som prosjektleiar.

Prosjektet identifiserte 727 småbruk utan fast busetting. Eigarane blei kontakta i brevs form, og deretter teke kontakt med via telefon og avtale om besøk. Om lag 15 % av eigarane var positive til sal eller utleige. Ved avslutning av prosjektet var det inngått sals- eller leigekontrakt for 120 av bruka, og omlag 300 personar hadde flytt til bruka som var registrert i prosjektet.

Det var registrert ytterlegare 100 familiar som ynskjer seg småbruk som buplass. Kontakten med eigarane sette igang mange interne prosessar i eigarfamiliane, som gav resultat etter at prosjektet vart avslutta.

Framleis stort potensiale

Landbrukseigedomar Med bustad utan Antal eigedomar med bustad busetting (prosent)

2019 2019 2019

Drangedal 460 31,3 144

Tinn 406 21,4 87

Hjartdal 326 21,8 71

Seljord 393 30,8 121

Kviteseid 369 29,3 108

Nissedal 209 37,8 79

Fyresdal 230 32,6 75

Tokke 335 34,0 114

Vinje 480 20,8 100

Det er 896 landbrukseigedomar med bustad utan busetting. Dette omfattar eigedomar som har minst 5 dekar eigd jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktivt skogareal. (Kjelde: SSB)

Statistikken seier ikkje noko om standarden på huset, og det kan vere mange grunnar til at ein eigedom ikkje har busetting. Til dømes kan det vere gjeve fritak frå buplikt, eigedomen kan vere veglaus eller avsidesliggande, eigar kan ha oppfylt buplikta og flytta, eller det kan vere ein eigedom som blir drive som ein del av eit større bruk. Dette må ein analysere nøye i samarbeid med den enkelte kommune, før ein kontaktar eigarar av aktuelle bruk.

Status no Det har vore viktig å arbeide fram eit godt fundament for å få eit vellukka prosjekt, og det er gjeve orienteringar om framdrifta i kvart rådsmøte. Korona-situasjonen og sjukemelding i administrasjonen har gjort at framdrifta ikkje har vore som planlagt i 2020.

Følgande er avklart: - Henry Mæland er tilknytt det nye prosjektet som rådgjevar, og bidreg med viktige erfaringar frå det førre prosjektet og gode råd til kva som er viktig å hugse på og korleis ein bør gå fram. - Alle kommunane som var med sist er positive til å delta inn i det nye prosjektet. - Det er løyvd 50 000,- frå Telemark Utviklingsfond (TUF) til ei forstudie / forprosjektfase der ein kontaktar eigarar i førre prosjekt, analyserer aktuelle eigedomar, utviklar prosjektskisse og -metodikk, utarbeidar informasjonsmateriell og nettløysingar, arrangerer workshop med kommunane og andre aktørar. - Distriktssenteret er svært interessert i å følgje prosjektet, og dei har tilbydd seg å bidra med sine erfaringar og kunnskap undervegs. - Fylkesmannen har utarbeidd lister over landbrukseigedomar, som er mogleg å sortere på dei som har eigarar utanfor kommunane. Saman med statistikken over, er dette eit godt grunnlag for å finne fram til dei eigedomane det er aktuelt å gå vidare med.

Organisering og framdrift Det er viktig at forankringa og styringa av prosjektet ligg i Vest-Telemarkrådet, og at bygdeutviklingsbiten er i fokus.

Kommunane si rolle er viktig. Dei må ha eigarskap til prosjektet, og vere med og definere arbeidet. Kommunane sit på detaljkunnskapen når det gjeld eigedomane, og må bidra til siling av informasjon og utval av eigedomar. Når kontakt med eigarane er oppretta, må kommunane bidra til å svare på konkrete spørsmål knytt til konsesjon, regulering, regelverk og planverk i den enkelte kommune. Alle kommunar har oppnemnd kontaktpersonar. Det er ynskjeleg at desse fungerer som ei arbeidsgruppe for prosjektet.

Erfaringane frå sist tilseier at ein må ha nok tid til å gjennomføre eit prosjekt. I tillegg til at det er mange eigedomar å følgje opp, der ein må ha kjennskap til ulike typar regelverk både på nasjonalt og lokalt nivå, er dette for mange eigarar ei modningssak det er knytt tidvis sterke kjensler til. Prosjektet må gå fram på ein skånsam og respektfull måte, og kunne fylgje opp eigarane på ein profesjonell måte. Å skulle starte arbeidet med å sende ut opptil 896 brev er lite føremålstenleg. Det er difor ynskjeleg å starte med eit mindre antal bruk i 2 pilotkommunar. Dette vil gje to fordelar: a) Tilpassing og finsliping av metodikken og eit betre grunnlag for å vurdere kva kompetanse som trengs i hovudprosjektet. b) Eit betre grunnlag for å vurdere framdrift og arbeidsmengde og dermed budsjettunderlag for hovudprosjektet.

I framlegg til budsjett er det sett av 140 000,- i 2021 (eigne midlar + 50 000,- i tilskot forstudie/forprosjekt TUF). Dette inneber at prosjektet i fyrste omgang blir drifta av eksisterande personalressursar i Vest-Telemarkrådet, med noko innleigd bistand. Eventuelle løyvingar utover dette vil ein måtte kome attende til på eigna måte, når ein har avklart eventuell ekstern finansiering, kommunale bidrag og gjort seg erfaringar med arbeidsmengda i pilotkommunane.

2020 2021 2022

- Forstudiefase - Forprosjektfase (Driftsfase som i 2021) - Sluttføre kontakt med - Gjennomføre dei eigedomane som workshop med var med i prosjektet kommunane. sist - Arbeid med 2 - Utvikling av pilotkommunar (med prosjektskisse og tiltak som i driftsfase metodikk og under) Haust/vinter 2022: - Utvikle - Avklare og sikre - Avslutning av informasjonsmateriell, finansiering prosjekt, inkludert nettressursar og evaluering og kontaktskjema/malar - Driftsfase rapportering på - Arbeid med alle resultat. Eit viktig kommunane. spørsmål er korleis ein - Kontakte og følgje videreførar arbeidet opp eigarar slik at ein har eit - Mobilisere apparat for dette etter interessentar som prosjektperioda. ynskjer å busetje seg på eigedomane, og følgje opp desse - Marknadsføre eigedomane

Framlegg til vedtak: Vest-Telemarktinget sluttar seg til organisering og framdrift for småbruksprosjektet, slik det er skissert i saksframlegget. Vest-Telemarkrådet Møte 8. desember 2020

Sak 08/2020 Framlegg til budsjett 2021 for Vest-Telemarkrådet

I tråd med etablerte økonomirutinar leggast sak med framlegg til budsjett for komande år fram for Vest-Telemarkrådet, for endeleg handsaming i Vest-Telemarktinget 8. desember 2021.

Budsjettet til Vest-Telemarkrådet er basert på kostnader knytt til drift av faste administrative oppgåver, driftskostnader for fellestenesta StartOpp og tiltak i regi av næringskollegiet, medfinansiering av Vest-Telemarkkonferansen, samt gjennomføring av fellesprosjekta digitalisering og velferdsteknologi.

Finansiering

Driftsbudsjett har ei delt finansiering mellom kommunane i Vest-Telemark og Telemark Utviklingsfond (TUF), der kvar part finansierer 50%. Finansieringa er fastsett i avtale mellom partane etter at Fellesfondet i Vest-Telemark gjekk inn som ein fast del i TUF. Dei øvrige kostnadane er knytt til prosjekt med tilhøyrande finansiering.

Driftsbudsjettet aukast i tråd med TUF sine justeringar, som igjen regulerast etter konsumprisindeksen. Driftsbudsjettet for 2021 er på kr 4.767´ der prisjusteringa er utrekna ut i frå konsumprisindeksen i perioden september 2019 - september 2020 som var på 1,6%. I beløpet på kr. 4.767´er det tatt omsyn til eksakt inntekt frå TUF i 2020.

Totalt er budsjettet til Vest-Telemarkrådet for 2021 på kr. 9. 767´ når ein tek med disponering av skjønnsmidlar frå Fylkesmannen (kr 1.100’), statlege tilskot ført på fond til velferdsteknologiprosjektet (kr. 1,6 mill), bruk av andre fondsmidlar (kr 915´), regionale utviklingsmidlar (250´), deltakaravgift Vest-Telemarkkonferansen (kr 80´) renter (kr 80)´, TUF (kr 25´), og estimert momskomp på kr 950´.

Reduksjon i skjønnsmidlar frå fylkesmannen

Fylkesmannen i og Telemark har varsla ein reduksjon i skjønnsmidlar frå kr 1.610´ i 2020 til kr 1.100´ i 2021. Dette skuldast at prosjektskjønnsmidlar for vert redusert frå 11 mill til 9 mill 2021. Det blir ein reduksjon hos alle regionrådene, men med ulik storleik.

Frå 2022 blir tideling av skjønnsmidlar lagt om, då må alle kommunane i heile fylket søke om prosjektskjønnsmidlar frå same pott. Det skjer til tross for at alle dei fire regionråda i «gamle» Telemark ba om at noverande ordning med tildelt pott skulle halde fram.

Framlegg til vedtak: Vest-Telemarkrådet tilrår at Vest-Telemarktinget godkjenner det framlagte forslaget til budsjett 2021, med desse endringane:

Garanti på kr. 900 000,- til etter- og vidareutdanningstilbod, ved eventuell bruk av fondsmidlar.

Omdisponering på kr. 250 000,- frå 1134 myndigheitskontakt til Bygningsvernsenter.

Framlegg til Budsjett 2021

Til handsaming i

Vest-Telemarkrådet 17. november 2020 og

Vest-Telemarktinget 8. desember 2020

Vest-Telemarkrådet, Kviteseidgata 18, 3850 Kviteseid Tlf: 402 38 178, [email protected], www.vt-radet.no Org. nr: 975.476.588 Budsjett 2021 for Vest-Telemarkrådet

Budsjettet til Vest-Telemarkrådet er basert på kostnadar knytt til drift av faste administrative oppgåver, driftskostnader for fellestenesta StartOpp og tiltak i regi av næringskollegiet, medfinansiering av Vest-Telemarkkonferansen, samt gjennomføring av felles prosjekta digitalisering og velferdsteknologi.

Driftsbudsjett har ei delt finansiering mellom kommunane i Vest-Telemark og Telemark Utviklingsfond (TUF), der kvar part finansierer 50%. Finansieringa er fastsett i avtale mellom partane etter at Fellesfondet i Vest-Telemark gjekk inn som ein fast del i TUF. Dei øvrige kostnadane er knytt til prosjekt med tilhøyrande finansiering.

Driftsbudsjettet aukast i tråd med TUF sine justeringar, som igjen regulerast etter konsumprisindeksen. Driftsbudsjettet for 2021 er på kr 4.767´ der prisjusteringa er utrekna ut i frå konsumprisindeksen i perioden september 2019 - september 2020 som var på 1,6%. I beløpet på kr. 4.767´er det tatt omsyn til eksakt inntekt frå TUF i 2020.

Totalt er budsjettet til Vest-Telemarkrådet for 2021 på kr. 9. 767´ når ein tek med disponering av skjønnsmidlar frå Fylkesmannen (kr 1.100’), statlege tilskot ført på fond til velferdsteknologiprosjektet (kr. 1,6 mill), bruk av andre fondsmidlar (kr 915´), regionale utviklingsmidlar (250´), deltakaravgift Vest-Telemarkkonferansen (kr 80´) renter (kr 80´), TUF (kr. 25´), og estimert momskomp på kr kr. 950´.

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark har varsla ein reduksjon av skjønnsmidlar frå kr 1.610´ i 2020 til kr 1.100´ i 2021. Dette skuldast at prosjektskjønnsmidlar for Vestfold og Telemark vert redusert frå 11 til 9 mill.

Om budsjettarbeidet Vest-Telemarkrådet fører rekneskapen etter kommunelovas prinsipp og har gode rutinar for rekneskap og budsjett. Vest-Telemarkrådet har i samarbeid med rekneskapskontoret og revisor utarbeidd ”Årshjul for økonomirutinar i Vest-Telemarkrådet” som sikrar at dei naudsynte økonomiske rutinane vert gjennomført.

Kommentar til enkelte postar og prosjekt:

Tilsette og fast løn I Vest-Telemarkrådet er to faste stillingar; ein som regionrådsleiar og ein som utviklingsleiar.

Det er vakant ei 100% mellombels stilling i eitt år i det tre-årige digitaliseringsprosjektet 2018-2021. Løns- og driftsutgifter til denne stillinga er budsjettert i prosjekt nr 1130 Digitalisering.

Det er og tilsett ein person som prosjektleiar for velferdsteknologi i eit to-årig prosjekt finansiert av skjønnsmidlar, prosjekt nr 1126 Velferdsteknologi. Prosjektavslutning er planlagt medio august 2021.

StartOpp

Avtala med Telemark Næringshage om drift av etablerarkontoret, no StartOpp, går ut 31. desember 2020. Denne tenesta, for tre år, med opsjon 1+1 år, er lagt ut på offentleg anbod med anbodsopning 16 november 2020. Ramma for denne tenesta er sett til kr 500’, der kr 300´vert dekt av driftsbudsjettet i VTR og kr 250´er overføring av regionale utviklingsmidlar knytt opp mot felles tiltak i regionen. Ny avtale vert basert på prinsippa drøfta i rådssak 33/2020 StartOpp (etablerarkontoret).

Forslag til budsjett 2021 for Vest-Telemarkrådet

Side 2 av 8 Husleige og matvarer

Vest-Telemarkrådet leiger lokale i Vest-Telemark Næringspark AS i Kviteseid. Det er stor møteverksemd, med unntak av 2020, knytt til arbeidet i Vest-Telemarkrådet, og kostnader knytt til servering og leige av møterom er å finne i postane 1115 og 1190. Husleige, møteverksemd, m.m. som gjeld drift i samband med digitalisering og velferdsteknologi vert ført på prosjektnr 1130 og 1126.

Næringskollegiet - prosjektgrep

I budsjett for 2021, er det som i perioden 2018 - 2020, samla ei rekke «småprosjekt» til ein felles prosjektpott på kr. 500´ som disponerast av næringskollegiet. Desse skal gå til fellestiltak som styrker næringsutviklinga og samarbeidet i næringskollegiet i Vest-Telemark og dekkast av driftsbudsjettet.

Digitalisering og Velferdsteknologi

Det tre-årige digitaliseringsprosjektet starta på slutten av 2018. I 2021 er det budsjettert med kr 1.200´ finansiert av skjønnsmidlar, driftsbudsjett og fondsmidlar. Budsjetterte utgifter er til løn m.m. til prosjektleiar ( kr.1 mill), eventuelt frikjøp av kommunalt tilsette eller kjøp av tenester, samt tiltak i handlingsplanen for digitalisering.

Det to-årige prosjektet for velferdsteknologi starta opp august 2019 då det var tilsett ein prosjektleiar. Budsjetterte utgifter på kr. 700´ med 8 månaders verknad då velferdsprosjektet er planlagt avslutta medio august 2021. Drift av prosjektet er planlagt finansiert av skjønnsmidlar og fondsmidlar.

Myndigheitskontakt/Lobbyverksemd

Øyremerking av kr 300´ til bruk av ein myndighetskontakt kom inn i 2019 som ein ny budsjettpost etter innspel frå arbeidet med Vitalisering av rådet. Denne budsjettposten kan nyttast når det er særskilt behov for dette, men etter vedtak i rådet.

Til rådmennenes disposisjon

Det blir fremma nytt tiltak i budsjettet 2021, der ein forslår å sette av kr. 100´ til rådmennene felles disposisjon.

Forslag til budsjett 2021 for Vest-Telemarkrådet

Side 3 av 8 Spesifisert budsjett 2021

Budsjettet er justert etter forventa aktivitet for Vest-Telemarkrådet i 2021. I det framlagte budsjettet er det tatt høgde for å finansiere tiltaka i det gjeldande Arbeidsprogram for Vest- Telemark 2020-2021.

Under er spesifisering av postar som er knytt opp mot ordinær drift av rådet. Direkte eksterne kostnader knytt til prosjektgjennomføring kjem i tillegg, og dette gjeld også tenesta «Etablerarkontoret» som er ei teneste som blir kjøpt inn på vegne av kommunane.

Budsjett 2021

Konto.: 2019 2020 Just 2020 2021 1010 Fast løn 1300 1550 1550 1550 Anna løn og trekkpliktig 1050 40 40 40 40 godtgjersle 1080 Godgjersle folkevalde 50 50 50 50 Pensjonsinnskot og 1090 180 200 200 200 trekkpliktige forsikringsordning 1099 Arbeidsgjevaravgift 160 200 200 200 1100 Kontormateriell 25 25 25 25 1115 Servering 200 200 100 200 Anna forbruksmateriell / råvarer 1120 100 100 50 100 og tenester 1130 Post, banktenester, telefon 10 10 10 10 1140 Annonse, reklame, informasjon 50 50 50 50 1150 Opplæring, kurs 30 60 60 60 Utgifter og godtgj. for reiser, 1160 80 120 70 100 diett, bil og lign Andre oppgåvepliktige 1165 10 10 10 10 godtgjørelser Transportutgifter og drift av 1170 10 10 10 10 eigne transportmiddel Forsikringer og utgifter til 1185 8 8 8 8 vakthald og sikring 1190 Leige av lokale 140 140 140 140 Avgifter, gebyrer, lisenser og 1195 100 100 100 100 lignende 1200 Kontorutstyr 50 50 50 50 1270 Konsulenttenester 300 300 150 300 SUM 2843 3223 2873 3203

Forslag til budsjett 2021 for Vest-Telemarkrådet

Side 4 av 8 Avsatt fond - 2021

Oversikt på generelt disposisjonsfond og bundne fond i Vest-Telemarkrådet 2021.

Beskrivelse Budsjett 2021

Generelt disposisjonsfond 6 170 000

Fondsmidlar, grunnfondet (frå fellesfondet) 3 250 000

BUNDNE FOND Tiltak i IKT-strategien 239 000 ByR i Vest-Telemark 290 000 Interkommunalt samarbeid 87 000 Til disposisjon for rådmannskollegiet 92 000 Totalt avsett fond 10 128 000

Forslag til budsjett 2021 for Vest-Telemarkrådet

Side 5 av 8 Prosjektoversikt

Oversikt over prosjekt knytt til budsjettet for Vest-Telemarkrådet 2021.

Prosjekt som vart avslutta i 2020 er;

Nr 1127 Lokalmat

Nr 1135 Forpliktande samarbeid om barnevernreforma i Aust-, Vest- og Midt-Telemark

Forslag til budsjett 2021 for Vest-Telemarkrådet

Side 6 av 8 Finansiering - driftsbudsjett

Under er oppsettet for finansiering og kommunal andel for Vest-Telemarkrådet. Ein skil på finansiering av drift og prosjektfinansiert aktivitet. Storleiken på driftsbudsjettet er nedsett i avtale mellom Vest- Telemarkkommunane og Telemark Utviklingsfond, og regulerast årleg etter konsumprisindeksen.

Fordeling

Totalt budsjett for 2021 Kr. 4 767 000 TUF: Kr. 2 383 000 Prosentvis fordeling: Kr. 1 191 750 Fast fordeling: Kr. 1 191 750

Folketal per 1. januar 2020 Kommune Antall innbyggerar Prosent Kjelde Fyresdal 1287 9,26 % SSB.no Nissedal 1448 10,42 % SSB.no Kviteseid 2403 17,28 % SSB.no Seljord 2888 20,77 % SSB.no Tokke 2201 15,83 % SSB.no Vinje 3676 26,44 % SSB.no Vest-Telemark 13903 100,00 %

Finansiering, drift av Vest-Telemarkrådet 2021

Andel for Fast fordeling %-vis Kommune %-andel 2021 innbyggjarandel Fyresdal 198 625,00 9,26 % 110 356 308 981 Nissedal 198 625,00 10,42 % 124 180 322 805 Kviteseid 198 625,00 17,28 % 205 934 404 559 Seljord 198 625,00 20,77 % 247 526 446 151 Tokke 198 625,00 15,83 % 188 654 387 279 Vinje 198 625,00 26,44 % 315 099 513 724 Vest- Telemark 1 191 750,00 1 191 750 2 383 500

Forslag til budsjett 2021 for Vest-Telemarkrådet

Side 7 av 8

Årshjul for økonomirutiner i Vest-Telemarkrådet

Dato Aksjon Forklaring

15. januar Rapportering til Fylkesmannen VTR administrasjonen har ansvar for å rapportere.

15. januar Brønnøysundregisteret Oppdatering Søke skjønnsmidler VTR administrasjonen har ansvar for å søke. 1. februar

Fristen for å søke moms Revisor skal attestere og gå gjennom alle bokførte 10. februar kompensasjon bilag før dette. Avlagt årsregnskap og årsberetning Styret skal ha dette lagt fram, mellom 15. feb og 15. 15. februar april 15. februar Rapportering til KOSTRA Sendes inn fra regnskapssystemet.

31. mars Årsberetning Skal leverast til revisjon 31. mars.

1. april Sikre overføring av Skjønnsmidler Fylkesmannen overfører midlene til kommunen. 1. april Sende krav til kommunane Følger avtale med i TUF

31. mars Rapportering til TUF Rapport i fohold til avtalt ramme på drift i VTR.

Regnskapsgjennomgang Samspill mellom VTR og regnskapskontor. 15. mai

Regnskapsgjennomgang Samspill mellom VTR og regnskapskontor. 15. september

sept - oktober Justering av budsjett Justere budsjett på høsten

oktober Utbetaling av godgjersle Påminning: til reg. ordførar / varaordførar.

november Budsjett Blir behandlet i tinget siste møte før jul.

Regnskapsgjennomgang Samspill mellom VTR og regnskapskontor. november

Forslag til budsjett 2021 for Vest-Telemarkrådet

Side 8 av 8 Vedlegg 2

Garanti på kr. 900.000,- frå Vest-Telemarkrådet

Oppstart av 30 stp studium i spesialpedagogikk USN i Vest-Telemark ved USN I budsjetthandsamingssaka i Vest-Telemarkrådet 17. november 2020 la Jon Rikard Kleven fram eit forslag om legge inn ein garanti til spes.ped-studium i Rauland. Det er utvikla eit etter- og vidareutdanningstilbod gjennom USN - 30 studieplassar á 40 000,-. USN ynskjer ein garanti for finansiering på kr. 1.200 000,-. I rådsmøtet av 17. november 2020 vedtok Vest-Telemarkrådet samrøystes å innstille på ein garanti på kr. 900.000,-. Finansiering blir over disposisjonsfondet. Kommunane kan stille med eit fond på kr. 300.000,-. Desse er unytta midlar frå dei to prosjekta som er nemnd under.

Skulane i Vest-Telemark har dei siste seks åra vore involvert dei to Vest-Telemarkråd-initierte prosjekta Betre læring og Spesialundervisning i skulen. Sistnemnde prosjekt konkluderte med at det er eit stort behov for å utvikle betre spesialpedagogisk praksis. I rapporten vert det peikt på betydinga av kompetanseheving og etterutdanning av spesialpedagogar. På bakgrunn av dette, er det dei fyrste desentraliserte 30 stp. spes.ped. studiet på Rauland etablert frå hausten 2021. Dette er på masternivå og er skreddarsydd etter kartlagte behov i Vest-Telemark og i tett dialog med USN. Studiet er av nasjonal interesse og er godt forankra heilt til topps i USN.

Studiet er no inne på den nasjonale studiekatalogen for etter- og vidareutdanning for Utdanningsdirektoratet (UDIR) med gunstige permisjon- og støtteordningar for tilsette og kommunane avgjer kven som får støtte til desse studieplassane. Kommunane søkjer og prioriterer dette studiet no. UDIR vil fastsetje endeleg fordeling til våren.

Etter ny lovendring er det krav til ei høgare tettleik av spesialpedagogar, og alle kommunane i Vest-Telemark må som resten av landet etterutdanne fleire tilsette. I dag ligg denne etterutdanninga t.d. i og Det å få rigga dette studiet i Vest-Telemark vil opne for eit stort lyft i regionen med vesentleg lågare kostnader, då førelesingar som ikkje er nettbasert skje i køyreavstand for alle. Ein vil kunne spare mykje på reisetid, hotellutgifter og vikarar. Dersom ein klarar å utdanne 30 lærarar med spesialpedagogisk kompetanse, er det grunnlag for nye nettverk med høg faglegheit og von om vesentleg høgare kvalitet på spesialundervisning i alle ledd. Utgangspunktet er at UDIR kjem med tilskot frå si nasjonale ramme til dette. Det er derfor viktig å få på plass ei garantiordning for USN, slik at dei heilt sikkert får betalt for det studiet kostar. Garantien frå Vest-Telemarkrådet vil bare bli nytta dersom UDIR ikkje løyver midlar til studiet eller eventuelt delfinaniserar studiet. Garantien vil gjelde oppstart av studiet i 2021 for å få studiet opp og gå, og USN treng føreseielege rammer. Dette er vurdert til å vera eit prestisjeprosjekt som det kan bli forskingsprosjekt utav fordi det er heilt nytt og midt i satsingane til regjering og storting. Vedlegg 3 Vest-Telemarkrådet ved Jarand Felland

Eidsborg, 20.11.20

Status bygningsvernprosjektet Viser til ynskje om ein kort status for bygningsvernprosjektet som VTM skal gjennomføre i 2020 og 2021 på oppdrag av Vestfold og Telemark fylkeskommune, Vest-Telemarkrådet, Tokke og Vinje kommune.

Oppstart: Finansiering vart avklara med fylkeskommunen sitt vedtak 18.03.20 Etter utlysing av stillinga som prosjektleiar/bygningsvernrådgjevar vart Trond Arild Pedersen tilsett i prosjektet. Han har lang erfaring som restaureringshandverkar ved museet, og har også relevant formal bakgrunn frå Høgskulen i Telemark og bygningsvernstudium. På grunn av nedstenginga i vår og avslutting av andre pågåande oppgåver, vart oppstart prosjektet noko forseinka. Noko førebuingsarbeid vart gjort tidlegare, men frå 1.mai var arbeidet i gang. I tillegg til prosjektleiarstillinga, er også andre ressursar ved museet avsett til arbeidet.

Etablere kontakt med kommunane: Alle kommunane er tilbydd eit møte med informasjon om VTM Bygningsvern sine tenester. Det er i hovudsak byggesak som har vore kontakta. Kommunane har vurdert tilbodet noko forskjellig og difor har representantar for kultur og landbruk (SMIL-midlar) også vore tilstades på nokre av møta. For byggesak er tilbodet om vurdering av tilstand og verneverdi, for bygg som ikkje er freda, sentralt i samband med sakshandsaming. To kommunar har teke kontakt og bede om råd og bistand i til saman 5 saker. Det er berre ein kommune som enno ikkje har hatt høve til å møte oss.

Oppstart rådgjeving private eigarar: Rådgjeving til private har fleire forskjellige føremål. Nokon ynskjer tilstandsrapport og fotodokumentasjon for å søkje om pengar til restaurering, andre ynskjer den same dokumentasjonen for å kunne søkje kommunen om å rive ein låve. Til no har vi vore på 18 synfaringar med ulike formål. Nokre synfaringar er på einskilde bygg, andre omfattar heile gardstunet. Vi har i same perioden og gitt råd på telefon/epost om alt frå overflatebehandling til kor dei kan kaupe klypt spiker.

Vest-Telemark Museum – administrasjon - Årets Museum 2012! Eidsborg, Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo tlf. 35069090 – Norsk Skieventyr, 3848 , tlf. 35069080 Org.nr 985231931 – bank 16441322570 [email protected] – www.vtm.no Nettverksbygging handverkarane: Deling av kunnskap og arbeidsdeling ved større oppdrag ligg til grunn for behovet for å skape eit nettverk av tradisjonshandverkarar. Ved rådgjeving til private blir det og peika på same handverksmiljø som kan gje prisoverslag og kan utføre kompetent arbeid på bygg med høg verneverdi. Bygginga av nettverk skal gjerast gjennom kurs og samlingar. Per dato reknar me det etablerte fagnettverket til 12 kvalifiserte restaureringshandverkarar i regionen, i tillegg til museumshandverkarane. Det er også knytta kontakt med handverkarmiljøet i Vestfold ved Oseberg Vikingarv, der dei arbeider mykje med utprøving av tradisjonell reiskap og teknikkar. Det vert arbeidd både med utvikling av kurs og kunnskapsoverføring mellom vårt prosjekt og deira.

Kurs og samlingar: Korona har bremsa noko på nettverksbygginga. Samlingar og kurs har i en periode blitt avlyst. Det har blitt planlagt og lagt til rette for seminar om tema «øks og bile» og påfølgande praktiske samlingar med bruk av øks og bile frå mellomalder til i dag. Verktøysamling med fokus på høvel og høvling har og blitt avlyst. Me fekk gjennomført eit kurs i nevertekking på eit mellomalderbygg i Grungedal og ei samling med drøfting rundt temaet skånsam restaurering og prosjektet på Rui-plassen på Dalen. Samlingar har knytta band i mellom handverkarane, og har også resultert i konkrete samarbeid og felles prosjekt.

Formalisering kontakt kulturarv fylkeskommunen Fylkeskommunen har delteke på møte i Eidsborg ved leiar for Kulturarv, og har dedikert to rådgjevarar til støtte og oppfølging av prosjektet. Erfaringar og behov kulturminnevernet sjølve sit med, vil vere viktig å ta med i det vidare arbeidet.

Dialog Riksantikvar: Riksantikvar overlet frå i sommar ansvaret for mellomalderbygg til VTfk. Kjell Andresen, som tidlegare var ansiktet utad er pensjonist, og er erstatta av en ny rådgjevar med ei anna rolle. Kontakt er oppretta. Arbeidet med mellomalder bygg er som nemnt no VTfk sitt ansvar, men bygningsvernrådgjevaren har allereie blitt trekt inn i arbeidet. vore med på å oppdage eit nytt mellomalderbygg, samt rådgje/hjelpe ein annan eigar av eit freda mellomalderbygg til å koma i posisjon for støtteordningane. Vi ser for oss at dette og kan vere ein funksjon i framtida.

Utdanning og rekruttering – vgs: Rekruttering er naudsynt. Det er tydeleg etter ein kort oppstartsfase at det er ei stor trong for handverkarar som er kompetente til å ta oppdrag på verneverdige og freda bygg i Vest-Telemark og fylket elles. Kurs og samlingar opne for alle, ikkje berre tradisjonshandverkarar, er viktig. Fagskulen Innlandet har allereie samlingar på VTM, noko bygningsvernrådgjevaren har ansvaret for å legge til rette for. Dette arbeidet er viktig då studiet gjev formell naudsynt kompetanse. Vi har vore med på praksisdag på Garvikstrondi for ungdommar frå Nome vgs. Her blei tradisjonelt handverk demonstrert for, og prøva av ungdommen. Det er no knytt ein førebels uformell

Vest-Telemark Museum – administrasjon - Årets Museum 2012! Eidsborg, Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo tlf. 35069090 – Norsk Skieventyr, 3848 Morgedal, tlf. 35069080 Org.nr 985231931 – bank 16441322570 [email protected] – www.vtm.no kontakt med avdelingsleiar på byggfag Nome vgs. Dette skal leie til praksisdagar for byggfag på VTM Eidsborg.

Vidare arbeid Utgreiingsarbeidet for ein bygningsvernsentermodell for Vestfold og Telemark er under arbeid. Det er mange ulike løysingar og modellar rundt om i Noreg, og desse må ein ta lærdom av. Det er likevel avgjerande at ein vert godt kjend med kva særskilde utfordringar, føresetnader og ressurar ein har i vårt fylke, slik at ein tryggar val av rett løysingar. Det er naudsynt for oss å arbeide meir med temaet for å kjenne kvar kor skoen trykker. Det er i samråd med fylkeskommunen planlagd ein statusgjennomgang våren 2021.

Økonomi På grunn av ein forseinka oppstart og at dei planlagde aktivitetane særskild knytt til kurs og fagsamlingar har blitt avlyst eller utsett på grunn av smittevernomsyn, vil prosjektet ha unytta midlar att ved årsslutt 2020. Opprinneleg budsjett for året var 750’, og det vil vere rundt 300’ att av desse. Prosjektet er eit heilskapleg arbeid, og med den forseinka oppstarten og utsetjinga av ei rekke aktvitetar på grunn av pandemien ynskjer me å forlenge prosjektperioden til våren 2022. Det vil slik det ser ut no vere lite realistisk å skulle klare å gjennomføre alt i 2021.

Stipulert Budsjett Budsjett rekneskap 2020 2021 2020 Vestfold og Telemark fylkeskommune 200.000,- 200.000,- 300.000,- Tokke kommune 200.000,- 200.000,- 250.000,- Vinje kommune1 250.000,- 150.000,- 200.000,- Vest-Telemarkrådet 200.000,- 200.000,- 250.000,- Sum 850.000,- 750.000,- 1.000.000,-

Lønskostnadar prosjektstilling 356.000,- 430.000,- 650.000,- Kursprogram og nettverksbygging 25.000,- 70.000,- 100.000,- Prosjektering/utgreiingsarbeid varig satsing 65.000,- 250.000,- 250.000,- Køyring 12.000,- Sum 458.000,- 750.000,- 1.000.000,-

for Vest-Telemark Museum

Dag Rorgemoen Trond Arild Pedersen

direktør prosjektleiar/bygnigsvernrådgjevar

1 Vinje kommune løyvde 250’ allereie for 2020, og skal ut frå finansieringsplan då overføre 100’ i 2021.

Vest-Telemark Museum – administrasjon - Årets Museum 2012! Eidsborg, Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo tlf. 35069090 – Norsk Skieventyr, 3848 Morgedal, tlf. 35069080 Org.nr 985231931 – bank 16441322570 [email protected] – www.vtm.no

Vest-Telemarktinget Møte 8. desember 2020

SAK 9/2020 Høyringsuttale til NOU 2020:12 Næringslivets betydning for levende og bærekraftige lokalsamfunn (distriktsnæringsutvalget)

Vedlegg: Framlegg til høyringsuttale

Eit av tiltaka i regjeringa si distriktsmelding var å setje ned eit utval som skulle sjå på næringslivets betydning for for levande og berekraftige lokalsamfunn. Distriktsnæringsutvalet vart sett ned den 27. september 2019, og vart leia av tidlegare Hydrodirektør Svein R. Brandtzæg. Knut Vareide frå Telemarksforskning var medlem av utvalet. Utvalet inviterte til innspelsmøte i Oslo den 17. februar 2020, der utviklingsleiar la fram fellesinnspel på vegne av Vest-Telemarkrådet, Midt-Telemark Næringsutvikling, Utvikling, Kragerø kommune, Drangedal kommune og Næringsutvikling. Dette arbeidet var koordinert av Vestfold og Telemark fylkeskommune. Innspelet la vekt på desse områda: digitalisering som drivar for desentralisering, grøn omstilling, kompetanse og utdanning, distrikta sine fortrinn, finanspolitiske verkemiddel og verkemiddelapparatet.

Utvalet leverte 28. oktober i år NOU 2020:12 Utgreiinga gjev ein grundig status for næringslivet i distrikta, og kva rolle det spelar for å nå distriktspolitiske mål. Utvalet beskriv kva god lokal og regional næringspolitikk er, og kva som fremjar og hemmar lønsam næringsverksemd i distrikta. I tillegg kjem utvalet med tilrådingar når det gjeld korleis berekraftig utnytting av naturressursane kan gje positive verknader for lokalsamfunna. Ein finn att mykje av tematikken frå fellesinnspelet som blei presentert på innspelsmøtet i februar. Utvalet sine tilrådingar står i kapittel 9 (side 169 - 182), og forslag til høyringsuttale er bygd opp kring desse.

Utvalet legg til grunn SSB sin inndeling av norske kommunar i ulike sentralitetsklasser. Klasse 5 (Seljord og Kviteseid) og 6 (Fyresdal, Nissedal, Tokke og Vinje), er dei som etter inndelinga er minst sentrale. Desse er gjerne kjenneteikna av eit privat næringsliv innan bransjar med høg produktivitetsvekst. Dette inneber at auka omsetning og vekst ikkje utan vidare gjev fleire arbeidsplassar. Svak arbeidsplassvekst i næringslivet i distrikta forklarar likevel berre 6 % av forskjellen mellom befolkningsutviklinga i mindre sentrale kommunar og veksten i heile landet under eitt. Utvalet meiner at svak utvikling i antal offentlege arbeidsplassar i desse kommunane er ein like viktig faktor. Det er det demokratiske utgangspunktet som er hovudforklaringa på nedgangen i folketal (lågare andel i fødedyktig alder, fleire eldre), og dette vil truleg forsterke seg ytterlegare dersom ein ikkje får fleire unge til å flytte til distrikta. Variasjon i arbeidsmarknaden, med attraktive jobbar både i privat og offentleg sektor, er viktig. Utvalet meiner det er mogleg å påverke dei sterke sentraliseringskreftene, men at dette krev eit høgt politisk ambisjonsnivå og målretta verkemiddel.

Framlegg til vedtak: Vest-Telemarktinget vedtek framlegg til høyringsuttale.

Vedlegg til sak 9: Høyringsuttale

Høyringsuttale NOU 12:2020 frå Vest-Telemarktinget

Vest-Telemarktinget takkar for høvet til å kome med høyringsinnspel på NOU 12:2020.

Vest-Telemark passar godt inn i den situasjonen utvalet plasserer mange distriktskommunar i. Vi har 4 kommunar i sentralitetsklasse 6 (Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje) og 2 i sentralitetsklasse 5 (Seljord og Kviteseid). Regionen har over tid opplevd ein reduksjon i offentlege arbeidsplassar, og negativ befolkningsutvikling. For Vest-Telemark er utviklinga av næringslivet heilt avgjerande for folketalsvekst og fleire arbeidsplassar.

Vårt høyringssvar svarar opp utvalet sine tilrådingar i kapittel 9:

9.1 Vest-Telemarktinget er glad for at utvalet peikar på at spreidd busetnad har ein kulturell og sosiale verdi som òg er viktig for å utvikle den næringsmessige kompetansen som finst i distrikta. Vi deler utvalet sitt syn på at det er mogleg å påverke sentraliseringskreftene.

Vest-Telemarktinget vil spesielt peike på at sentralisering av offentlege arbeidsplassar fører til auka kostnader og avstandsulemper for næringslivet vårt. Det er eit paradoks i dag, der teknologi og digitalisering burde bli brukt til å desentralisere offentlege tenester. For å vere ein attraktiv region der folk i etableringsfasa ynskjer å busetje seg, er det naudsynt med spennande jobbar både i privat og offentleg sektor. Den statlege politikken som har blitt ført dei siste åra, gjer vår region meir sårbar når det gjeld å tiltrekke seg kompetent arbeidskraft. Ambisjonsnivået for utflytting av statlege arbeidsplassar og oppgåver må opp.

Vest-Telemarktinget støttar at det blir gjennomført ei ny nasjonal flyttemotivundersøking blant unge, og vil peike på at Ungdomspanelet har gjort eit arbeid som ein kan byggje vidare på.

9.2 Vest-Telemarktinget ser med uro på prognosane som tilseier høgast vekst i tenestenæringar som er lokalisert i sentrale strøk. Det er naudsynt å få ei meir balansert utvikling av veksten og lokalisering av arbeidsplassar i ulike næringar. Staten har eit særleg ansvar for å byggje ned avstandsulemper for næringslivet i distrikta. Dette krev målretta tiltak og satsingar. Vest-Telemarktinget er einig med utvalet i at det må utviklast meir målbare indikatorar for distriktspolitikken.

9.3 Vest-Telemarktinget meiner at utvalet peiker på noko heilt sentralt i koplinga mellom næringsliv og kompetanse. Vi er glade for utvalet sitt fokus på samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og næringsliv, og behovet for desentraliserte og tilgjengelege utdanningstilbod. Som utvalet peikar på, må det vurderast om krava til ulike ordningar i verkemiddelapparatet er såpass krevjande å oppfylle at det i praksis ekskluderer delar av næringslivet i distrikta.

9.4 Vest-Telemarktinget meiner differensiert arbeidsgjevaravgift er eit viktig politisk verkemiddel som må vidareførast. Vi stør ei utgreiing av korleis ein kan innrette personlege verkemiddel (skatt, avgifter, tilskot) for å auke tilflyttinga til distriktskommunar.

9.5 Vest-Telemarktinget vil peike på at vårt naturbaserte næringsliv og dei ressursane vi har er eit viktig grunnlag for å utvikle varer og teknologiar som skal bidra til å løyse klimakrisa. Verkemidla må innrettast slik at næringslivet vårt kan utvikle seg og ikkje blir påført ein stor kostnad når tiltak for å nå klimamåla skal innførast.

9.6 Vest-Telemarktinget vil peike på at satsinga på transportkorridoren E134 må halde fram. I tillegg Vest-Telemarktinget understreke behovet for ei vidare satsing på fylkesvegane, med særskilt fokus på flaskehalsar for næringstransporten. Utbygging av Vestlandsbanen over vil vere positivt for næringslivet, og redusere reisetidene mellom regionar og landsdelar betydeleg.

Vest-Telemarktinget forventar at staten forsterkar satsinga på breibandsutbygging. Dette er ei av dei største utfordringane for tilflytting og etableringar i dag.

9.7 / 9.9 Vest-Telemarktinget vil peike på den viktige rolla fylkeskommunen har som regional utviklingsaktør. Skal fylkeskommunen fylle denne rolla, må grunnfinansieringa vere god, slik at fylkeskommunen kan utvikle kjerneoppgåvene i alle delar av fylket. Det må løyvast nok regionale utviklingsmidlar, slik at fylkeskommunen kan tilpasse innsatsen etter lokale og regionale behov og satsingar. Vest-Telemarktinget er positiv til å delta i forsøk der delar av ansvaret for dei regionale midla blir forvalta av eit regionråd.

9.8 Vest-Telemarktinget tek ikkje stilling til formueskatten, men ynskjer generelt sett ein politikk som legg til rette for norsk og lokalt eigarskap.

9.10 / 9.11 Vest-Telemarktinget meiner det er viktig å styrke kommunane si rolle som næringsutviklar. Mykje handlar om fokus, haldningar og vertskapsrolla, og kommunen si rolle som planmyndigheit er viktig. Det må utviklast ordningar som fremjar samarbeid og utveksling av erfaringar mellom kommunar på dette området. Ordninga med kommunale næringsfond må styrkast. Vest-Telemarktinget har forventningar til arbeidet med forenkling av utmarksforvaltninga, som i større grad må sjåast i samanheng med nærings- og samfunnsutvikling. Kommunane må ha ei viktig rolle i dette arbeidet.

9.12 Vest-Telemarktinget er oppteken av at kommunane må ha god og føreseieleg finansiering, som både gjer det mogleg å finansiere velferdstenester og å leggje til rette for næringsutvikling. Vest-Telemarktinget støttar prinsippet om at kommunane må få behalde meir av verdiskapinga lokalt. Dette er særleg relevant for naturressursinntekter der kommunen stiller delar av arealet i kommunen til rådvelde. Staten må syte for føreseielege ordningar slik at kommunane kan planleggje utviklinga av sine lokalsamfunn på ein langsiktig måte.

Vest-Telemarktinget ynskjer ei utgreiing som syner korleis inntektssystemet til kommunane kan fange opp hyttekommunar med høgare brukartal på kommunale tenester enn det innbyggartalet skulle tilseie.