Hardanger Historielag 2016.Indb
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Cleng Andersen Eikje Ferdsle- og turistvegen mellom Gjerde og Tokheim Foto: 10.1 Gjerderuta og Sundalsruta over Kartgrunnlag: Kartverket, kartverket.no Folgefonnhalvøya. 4. juli 2015 blei ruta mellom Sundal og Tokheim lansert som ei av sju «Historiske vandreruter» av Den Norske Turistforening og Riks- antikvaren. Sundalsruta har mange kvalitetar å by på, inkludert ei svært spennande historie. Likevel er det ruta frå Gjerde til Tokheim 192 HARDANGER HISTORIELAG gjennom Hardingeskaret, som er kjend som den eldste. Gjennom studier av historiske kart, reiseskildringar, reisehandbøker, førar- handbøker samt årbøker og styreprotokollar frå turistforeininga har eg i denne artikkelen fordjupa meg i historia til Gjerderuta. Tre spørsmål står sentralt: Kor lang tradisjon har Gjerderuta som ferdsle og turistveg, og når fekk ho konkurranse frå Sundalsruta? På folkemunne vert Gjerderuta omtalt som DNT-ruta, då Den Norske Turistforening i si tid gav støtte til denne ruta. Kva gjorde Turistforeininga for å støtta Gjerde ruta? I dag er Sundalsruta mest nytta. Når blei Sundalsruta den mest føretrekte turistvegen over Folgefonna? Eg har med bakgrunn i disse spørsmåla, så langt tilbake som kjeldene har lete meg gjera, sett på historia til Gjerderuta og dei som ferdast der.1 Ferdsleveg Det har truleg føregått ulike former for nytteferdsle over Folge- fonnhalvøya og over sjølve Folgefonna langt tilbake i tid, kanskje så lenge det har budd folk her. Topografien gjer at ei kryssing av Folge- fonna i mange tilfelle vil vera den raskaste vegen mellom bygdene på dei ulike sidene av halvøya. Alternativt kunne ein ferdast på fjorden, men denne kommunikasjonsvegen var meir tidkrevjande. Den ti mil lange roturen frå Mauranger til Odda ville truleg ta mellom 18 og 27 timar uten seglvind, medan ei kryssing av Folgefonna (nærare bestemt Sørfonna) mellom dei to stadane tek rundt ti timar. Dette talar for at ein har nytta ferdslevegen over fjellet og breen istadenfor å ro rundt.2 Oversikt over gamle ferdslevegar kan ein få ved å studera histo- riske kart. Norges Grændsers Opmaaling, seinare Statens kartverk, blei stifta i 1773. I starten var oppmåling av grensetraktene mot Sverige prioritert, og ikkje før 1826 blei det første kartbladet i den seinare landsdekkjande Amtskart-serien gjeve ut.3 I tillegg til dei statlege karta hadde ein fleire utanlandske kart og kart teikna av private. Eit av dei mest nytta karta på denne tida var i målestokk 1) Artikkelen er skriven på bakgrunn av forfattaren si mastergradsoppgåve i historie ved Universitetet i Bergen: De første fjellførerne. Fremveksten av førervesenet i Norge 18201940, med sideblikk til Alpene. 2) Helberg i DNT årbok 1974:111-118. Byrkjeland 1980:39. 3) Bentzen 1923:131-144. Aanestad 1998. CLENG ANDERSEN EIKJE: FERDSLE- OG TURISTVEGEN 193 Gjerderuta på Pontoppidans kart frå 1785. Kilde: Digitalarkivet, UiB: http://da2.uib.no/pontopkart/sn_r3_c3.htm 1:850 0004 og teikna i 1785 av den danske kartografen Christian L. Pontoppidan (1739-1807) Pontoppidan hadde ikkje sjølv vore i Norge, og kartet var eit produkt av tidlegare utforma kart, samt opplysningar om Norges geografi, som elles var tilgjengelege. Illustrasjonen viser Folgefonna på Pontoppidans kart. Her er ruta- mellom Gjerde (Nerhus) og Tokheim teikna inn, samt ei rute frå Jondal til Sørfjorden. Det er ikkje merka nokon rute over Sørfonna frå Sundal/Bondhus. I tillegg til kartet publiserte Pontoppidan 4) 1 cm på kartet er 8,5 km i terrenget. Omlag same målestokk som eit moderne bilkart over Sør-Norge. Tilgjengeleg ved Digitalarkivet til UiB: http://da2.uib.no/pontopkart/sn_r3_c3.htm 194 HARDANGER HISTORIELAG boka Geographisk Oplysning til Cartet over det sydlige Norge i trende Afdeelinge i 1785. Her gjorde han blant anna greie for dei ulike rutene ein kunne velgja mellom Bergen–Odda–Christiania. Den eine var fjellvegen frå «Jondal til Brattebø og over Fieldet til Reisæter» og den andre var frå «Nerhus (Gjerde) Over Folge Fonde Field allene om Sommeren».5 Ruta over Sørfonna blei altså berre tilrådd nytta om sommaren, men ho var ifølgje boka kortare enn den frå Sørfjor- den til Jondal, med sine 10 «Mile» mot Jondalsruta sine 12,5 «Mile». Dette viser at Gjerderuta hadde tradisjon som ferdsleveg allereide på 1700-talet. Ikkje berre som ein del av lokal ferdsle mellom bygdene i Sørfjorden og Mauranger, men som ein del av kommunikasjons- nettverket elles i landet. Turistveg På slutten av 1700-talet byrja turistar og reisande å finna vegen inn i Europas fjellverd. Tidlegare hadde middelhavsregionen og antikkens Italia vore mellom favorittane, men no trekte også alpelandskapet reisande til seg. Utover 1800-talet fann stadig fleire av desse reisande vegen til Norges fjellverd, og fjellandskapet i Norge blei det første internasjonale reisemålet i Skandinavia.6 Folgefonna var i andre halvdel av 1800-talet blant dei best besøkte fjellområda her i landet. Det er rett nok ikkje enkelt å slå fast når den første turisten gjekk over Folgefonna på Gjerderuta. Den tidlegaste skildringa eg har kome over om ein tur over Folgefonna handlar om ein «Professor Smith», og er skriven av Prost Niels Hertzberg (1759-1841) i Ullensvang . Dette var den kjente botanikaren Christen Smith (1785- 1816). Professor Smith gjekk «over Folgefond, fra Tokheim i Odde til Øvrehus (Gjerde) i Moranger» i 1812.7 Hertzberg hadde sjølv besøkt Folgefonna i 1805. «Den 25te Sept. 1805 besteeg jeg Folge- fond, fra Reisæter Gaard i Ullensvangs Sogn».8 Hertzberg tok imot mange reisande, noko som var vanleg på prestegardane, spesielt før gjestgjeveri, hotell o.l. var godt nok utbygd.9 Hertzberg førte ei gjestebok over utanlandske besøkjande. Mellom desse var det fleire 5) Pontoppidan 1785:295. 6) Löfgren 1999:34. 7) Hertzberg 1818:716. 8) Hertzberg 1818:715. 9) Rognan 1986:34. CLENG ANDERSEN EIKJE: FERDSLE- OG TURISTVEGEN 195 reisefølge som kryssa Folgefonna. I 1836 var tre engelske herrar på besøk for å jakta reinsdyr. Dei «vilde over Fonden ved Tokheim til Øvrehus (Gerde) at see Glætscheren ved Bondhuus, men de traf Taage paa Fonden, fore de der vild. Søndagen og Natten til Manda- gen paa Fonden. Dog de medhavde 10 Mænd og 5 Heste at bære Tøjet. De måtte vende tilbage til Bustetuun (Tokheim)».10 På vestsida av Sørfonna var det på garden til Jan Bondhus dei fleste reisande søkte kost og losji. Gjesteboka frå denne tida eksiste- rer framleis, og har innskrifter tilbake til 1828.11 Fleire av gjestene kryssa Folgefonna, men endå fleire besøkte Bondhusbreen. Dette tyder på at hovudattraksjonen for dei besøkjande på Bondhus har vore Bondhusbreen, som er vesentleg lettare tilgjengeleg enn ei opp- stiging til sjølve bre-platået, eller å kryssa til den andre sida. På 1850-talet kom det stadig fleire besøkjande til garden Bondhus.12 Dette blei blant anna hjelpt fram av at dampskipstilbodet blei utvida. Den 28. juni 1851 kom dampskipet Bjørgvin inn Maurangerfjorden og rundt 17 personar besøkte Jan Bondhus. «Det var første gang der havde været damp skib herinde» heiter det i gjesteboka.13 Mellom dei som overnatta på Bondhus, var glasiolog (breforskar) James David Forbes (1809-1868). Han kryssa Folgefonna i 1851, då han var i Norge for å studera isbrear. Arbeidet resulterte i boka «Norway and its Glaciers» utgitt 1853, og blei ein oppfølgar til boka om brear i Alpane «Travels Through the Alps of Savoy» frå 1843. Forbes besøkte Bondhusbreen med Jan Bondhus som guide: «a most picturesque figure - very tall and once muscular, but still erect, and with a commanding, yet mild and sombre expression of counte- nance».14 Forbes ønskte å kryssa breen, og på Jan Bondhus si til- råding reiste han då vidare inn til Øvrehus (Gjerde). Her førde gardbrukar Svale Øvrehus Forbes over til Tokheim, med hjelp av ei dotter og ein son. Svale Øvrehus var tilsynelatande ikkje uvand med 10) Hertzberg i DNT-årbok 1929:26. 11) Takk til Siri og Tore Bondhus for lån av gjesteboka. 12) Gjesteboka på Bondhus. Markhus 1996; viser også til ei auke i reiselivet i Hardanger på 1850-tallet. 13) Gjesteboka på Bondhus, 28.07.1851. Kolltveit 1980:34-36. Dampskipet Bjørgvin blei kjøpt inn frå England av eit interessentskap i 1839 og var tilnærma einerådande i Hardangerfjorden fram til 1854, då dampskipet Patriot starta opp med faste ruter. 14) Forbes 1851:134. 196 HARDANGER HISTORIELAG Dampskipskaien i Sundal. Foto: Skøien. Wikimedia Commons. å vera førar for turistar: «Bondhuus introduced us at the untimely hour of eleven to a peasant named Swale at Oevrehuus, who, with his wife, immediately rose to receive us, and to make preparations for crossing the fond the following morning».15 Ein annan reisande som skreiv utfyllande om ei kryssing av Folge- fonna, var den engelske presten og forfattaren Frederick Metcalfe (1815-1885). Han kryssa Folgefonna i 1857 frå Odda til «Ovrehus» med to andre engelskmenn som han møtte dagen før. Utsikten fall i smak: «Between us and the sea, purple ranges of mountains intersect each other, the furthermost melting into the waves».16 Dei nytta to førarar frå Odda; «On the 20th of August, at an early hour, we started with two guides, one Ole Olsen Bustetun, and Jørgen Olsen Prestegaard». Underveis blei det fortalt ein versjon av segnet om Folgefonna: «Well, then, it is said among the bonders that once on a time under all this mountain of ice and snow there was a valley, called Folgedal, with no less than seven parishes in, it. But the dalesmen were a proud and ungodly crew, and God determined to destroy (…) So He caused it to snow in the valley for ten weeks running. (…) the valley got filled up. 15) Forbes 1851:134. 16) Metcalfe 1858:268 CLENG ANDERSEN EIKJE: FERDSLE- OG TURISTVEGEN 197 The church spires were covered, and not a living soul survived. And from that day to this the ice and snow has gone on increasing».17 Gjerderuta har blitt besøkt av turistar sidan tidleg på 1800-talet, men omtale som turistrute kan ho nok ikkje gjera seg fortent til før på 1850-talet.