Postadresse Besøksadresse Kontakt Folgefonna nasjonalparkstyre Folgefonnsenteret Sentralbord +47 57 64 30 00 Njøsavegen 2 Skålafjæro 17 Direkte: +47 5557 2322 6863 Leikanger 5470 Rosendal
[email protected] www.nasjonalparkstyre.no/Folgefonna/ Torstein Lund Eik Sakshandsamar Øistein Aasland Vår ref. 2019/13553-0 432.3 Dykkar ref. Dato 12.07.2019 Delegert vedtak - Løyve til bruk av drone til filming i samband med kunstprosjekt - Folgefonna nasjonalpark, Buer landskapsvernområde og Bondhus landskapsvernområde Søkar: Torstein Lund Eik Delegert vedtak I medhald av delegeringsreglement vedteke i Folgefonna nasjonalparkstyre 29.05.2017, vert det gjort følgjande vedtak: Med heimel i Forskrift om vern av Folgefonna nasjonalpark, Buer landskapsvernområde og Bondhus landskapsvernområde og naturmangfaldlova § 48 gjev Folgefonna nasjonalparkstyre Torstein Lund Eik løyve til bruk av drone til å filme i samband med kunstprosjektet «Om 100 år er allting gløymt» i Folgefonna nasjonalpark, Buer landskapsvernområde og Bondhus landskapsvernområde. For løyvet gjeld følgjande vilkår: Løyvet gjeld frå d.d. til 31. august 2019 Løyvet gjeld for inn til ein times flytid på kvar av lokalitetane (Buerdalen/Buarbreen, Juklavassdalen, Insta Møsevatnet, Bondhusdalen/Bondhusbreen og Folgefonna Glacier Ski Resort) Dronepilot må gjere seg kjent med vernereglane Filminga skal om mogleg skje utanom helg og heilagdagar. Ved publisering av filmmateriale/foto må det komme klart fram at søkjar har fått løyve til å filme frå Folgefonna nasjonalparkstyre. Om rovfugl eller ramn vert observert ved flyging skal dronepiloten straks avbryte filminga Før filming skal Statens naturoppsyn ved Olaf Bratland varslast, anten på e-post
[email protected] eller på tlf: 970 23 013 Rapport over utført flyging skal sendast til
[email protected] med referanse 2019/13553.