TIL naboar heimelshavarar offentlege høyringsorgan Vinje, den 21.01.2015 VARSLING OM OPPSTART AV DETALJREGULERING, GJEISKELID HYTTEFELT, TEIG A20 I medhald av §§ 12-3 og 12-8 i Plan- og bygningslova, og etter oppdrag frå grunneigar Kay Jeiskelid, varslar vi at det skal setjast i gong detaljreguleringsarbeid på Gjeiskelid Hyttefelt, del av gnr/bnr 3/7 i Midtregionen Bykle. Avgrensing synast på vedlagte kart. Føremålet med planarbeidet er å regulere 20-30 nye hyttetomter med tilhøyrande infrastruktur. Varselmeldinga kan også sjåast på kommunens heimeside, http://www.bykle.kommune.no/ . Området er satt av til utbyggingsområde for fritidsbustader A20 i reguleringsplanen for Midtregionen, vedteke 27. september 2007. Kvoten for nye hytter i høve til føresegnene til Midtregionplanen er brukt opp. Ein vil no regulere ein auka kvote for planområdet. Midtregionplanen må sjåast på som områdeplan, med overordna føringar for detaljplanen. Planarbeidet er soleis ikkje tråd med overordna plan. Ein legg difor planprogrammet ut på høyring samstundes med varsling av planarbeid. Ein varslar samstundes oppstart av forhandlingar til utbyggingsavtale. Planarbeidet startar omgåande og planforslaget vil verte ferdigstilt medio 2015. Innspel til planarbeidet skal sendast til
[email protected] med kopi til
[email protected] , eller Plankontoret Hallvard Homme as, Boks 95, 4747 Valle med kopi til Bykle kommune, Rådhuset, Sarvsvegen 14, 4754 Bykle innan 05. mars 2015. For nærare informasjon kontakt Ida Larsen på tlf 95 94 72 45. Med helsing for Plankontoret