Vår dato: Vår ref: 04.02.2020 2019/4435

Dykkar dato: Dykkar ref: 22.08.2019

Vinje kommune Saksbehandlar, innvalstelefon Vinjevegen 192 Per Arne Andreassen, 33371154 3890

Klage over Vinje kommune sitt vedtak om å godkjenne reguleringsplan for Vierli H35

Vi viser til klagesak mottatt her 22.08.19.

Fylkesmannen sitt vedtak Klagene er ikkje teke til følgje. Vinje kommune sitt vedtak av 28.06.18, jf. vedtak 23.01.19 blir oppretthaldt.

Fylkesmannen sitt vedtak i klagesaka er endeleg og kan ikkje klagast på til overordna forvaltningsorgan, jf. forvaltningslova (fvl) § 28.

Bakgrunn for saka Saka for Fylkesmannen gjeld klager på Vinje kommune sitt vedtak av 28.06.18, med endringar vedteke 23.01.19. Planen legg opp til ei fortetting av eksisterande hyttefelt. I tillegg utvidast planområdet i sørleg retning mot Oksatjønn. Totalt er det snakk om 80 nye tomter. Det kom inn mange klager på kommunestyret sitt vedtak av 28.06.18. Nokon av klagene blei teke til følgje. Dette resulterte i at delar av planen blei sendt ut på ny høyring, jf. vedtak av 23.01.19. Fylkesmannen tek berre stilling til dei klagene som ikkje blei etterkome i ovannemnde vedtak. Dette gjeld klager frå Egil Fundli, Anne og Hans Erik Kåsa, Britt Hansen og Harald Marrable, Erik og Lene Olsson, Lene Løvstad og Jens Roar Larsen, Christian og Beatrice Rüger, Kjell Tore Hansen og Anne Cathrine Andersen, Austare Vierli Grendelag v/Kjetil Namork, Berit, Reidun, Gunnar og Nils-Ragnar Myhra, Ragni og Bjørn Bilberg v/advokatfirmaet Moen Erikstein AS og Arne Beek og Anne Jorunn Stokka.

Fylkesmannen si vurdering Om Fylkesmannen sitt mynde ved handsaming av klager på vedtak heiter det mellom anna i fvl. § 34:

”Tas klagen under behandling, kan klageinstansen prøve alle sider av saken og herunder ta hensyn til nye omstendigheter. Den skal vurdere de synspunkter som klageren kommer med, og kan også ta opp forhold som ikke er berørt av ham. Der statlig organ er klageinstans for vedtak truffet av en kommune eller fylkeskommune, skal klageinstansen legge stor vekt på hensynet til det kommunale selvstyre ved prøving av det frie skjønn. Det skal fremgå av vedtaket hvordan klageinstansen har vektlagt hensynet til det kommunale selvstyret.”

E-postadresse: Postadresse: Besøksadresse: Telefon: 33 37 10 00 [email protected] Postboks 2076 Anton Jenssensgate 4, www.fylkesmannen.no/vt Sikker melding: 3103 Tønsberg Statens Park, bygg I www.fylkesmannen.no/melding Org.nr. 974 762 501 Side: 2/4

Vi viser til at § 34 andre ledd fekk eit nytt tredje og fjerde punktum ved lovendring av 16.06.2017. Lovendringa innebær at statleg klageinstans skal legge større vekt på omsynet til det kommunale sjølvstyret ved prøving av det frie skjønnet. Endringa innebær at terskelen for statleg overprøving av det kommunale frie skjønnet blir heva. I saksområde av lokalpolitisk art vil omsynet til det kommunale sjølvstyret ha større vekt enn i saksområde utan særlege lokalpolitiske interessar. Vi viser her til til Kommunal- og moderniseringsdepartementets rundskriv H-9/17.

Etter plan- og bygningsloven (pbl) § 12-12, jf. § 12-14, er det kommunestyret som vedtek reguleringsplanar og endringar av desse. Innhaldet i reguleringsplanane er lagt til kommunen si frie skjønnsutøving. Desse skjønnsmessige avgjerdene må være saklege og i samsvar med reguleringslovgivingas formål. Avgjerda må dessutan byggje på eit riktig faktisk grunnlag. Utgangspunktet er at ei kvar regulering byggjer på det som framtrer som mest gunstig ut ifrå ei samfunnsmessig heilskapleg vurdering.

Fylkesmannen vil vidare presisere at vi ikkje har heimel til å endre ein vedteken reguleringsplan. Vi kan likevel be kommunen om å vurdere sitt standpunkt på nytt, dersom vi ikke finn grunn til å tiltre planvedtaket, eller delar av dette. Dersom kommunen ikke finn grunn til å etterkome dette, må saka avgjerdast av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Klagene Klagarane tek opp ei rekke tilhøve når det gjeld kommunen si handsaming av reguleringsplanen. Det gjeld sjølve sakshandsaminga, utnyttinga av den einskilde tomt, problem som følgje av fortetting, samfunnsmessige tilhøve, trafikktryggleik, omsynet til overordna plangrunnlag med meir. Fylkesmannen ser ikkje grunn til å gjennomgå den einskilde klage, men vil vurdere klagene tematisk.

Fylkesmannen vil presisere at formålet med endringa av planen er å leggje til rette for fleire tomter i planområdet (80 stk). Dette er i samsvar med kommunen si målsetting om å fokusere på meir fjellturisme, herunder trekkje til seg fleire hytteturistar. Dette vil uvilkårleg gå ut over dei som allereie har bygd seg hytter innanfor planområdet i form av fortetting, auka bruk av infrastruktur, mogleg tap av utsikt osb. Dette er i utgangspunktet ei detaljstyring av planområdet som det ligg til kommunestyret å ta stilling til. Dersom det råkar regionale eller statlege interesser er det føreset at dette vert ivareteke av sektorstyresmaktene. Til dømes fylkeskommunen, Statens vegvesen og fagetatane hjå Fylkesmannen. I denne saka har ingen av nemnte etatar kome med motsegn slik at kommunen sjølv er ansvarleg for å ta omsyn til dei ulike innspel frå den einskilde grunneigar, interesseorganisasjonar osb. Fylkesmannen som klageinstans har ikkje mynde til å overprøve kommunen sine vurderingar. I den samanheng viser vil til at talet på hytter, tilpassing til terrenget/landskapet og til eksisterande fritidsbustader, samt opparbeiding av veg m.v., har vore viktige vurderingstema gjennom arbeidet med reguleringsplanen og såleis underlagt grundige vurderingar. Vi vil likevel peike på at kommunen uavhengig av reguleringsplanen til ei kvar tid må sjå til at trafikktryggleiken blir ivareteken, herunder ei forsvarleg trafikkavvikling.

Nokon av klagarane har vist til at planendringa er i strid med overordna kommunedelplan.

Fylkesmannen ser det som positivt at arealutnyttinga er avklart i eit overordna plandokument for å ivareta omsynet til forutsigbarheit. På ei anna side står kommunen fritt i ein reguleringsplan til å avvike frå kommuneplan/kommunedelplan all den tid dette aksepterast av regionale og statleg styresmakter. Det må i den samanheng presiserast at Vierli er eit satsingsområde for hytter og kommunen har som målsetting å unngå å ta i bruk nye og jomfruelege område. Nye hytter må difor skje ved fortetting i eksisterande hytteområde. Fylkesmannen kan likeins med kommunen ikkje sjå at denne planendringa vil utløyse krav til konsekvensutgreiing (KU). Side: 3/4

Videre tek nokon av klagarane opp tilhøve til private avtaler innanfor planområdet. Fylkesmannen vil presisere at ved utarbeiding av planar skal kommunen som nemnt ta omsyn til det som er mest gunstig ut frå ein samfunnsmessig heilheit. Ved gjennomføring av planen vil ein likevel måtte sjå hen til dei ulike avtaler som gjeld i området. Med andre ord kan privatrettslege avtaler sette skrankar for gjennomføringa. Dette må i så fall løysast på eit seinare tidspunkt og ikkje ved den formelle planhandsaminga. Dersom ein ikkje oppnår einigheit kan kommunen innanfor gitte reglar oreigne areal med meir. Når det gjeld tilhøve til krav om utbyggingsavtaler viser vi til kommunen si uttale til klagane på side 10 i saksframlegget av 22.03.19.

Fylkesmannen konstaterer for øvreg at kommunen har følgt dei reglar og prosedyrer som gjeld for oppstart av reguleringa, høyringsprosessar og offentleg ettersyn, jf. pbl. §§ 12-8 og 12-10. I tillegg har andre aktørar fått høve til å gi sine synspunkter til kjenne, jf. pbl. § 5-1. Fylkesmannen meiner vidare at kommunen i tilstrekkeleg grad har vurdert andre moglege løysingsalternativ for å minimere ulempene for grunneigarane i området. Spesielt med omsyn til fortetting. Administrasjonen har i sine saksutgreiingar og i uttala til klagene kommentert dei merknader som er framført frå klagarane.

Når kommunen etter ein omfattande planprosess, og i samarbeid med styresmaktene på dei ulike sektorar, har gått inn for dei aktuelle løysingsalternativa, både samls sett og for den enskilde eigedom, finn Fylkesmannen ikkje grunn til å overprøve kommunens skjønsmessige utøving av si styringsmakt. Vi legg vekt på at kommunen sine vurderingar og avvegingar synest å være basert på eit forsvarleg skjønn.

Oppsummering Klagarane sine merknader er vurdert utan at vi kan se at desse kan føre fram. Kommunen har, etter ein omfattende planprosess, gått inn for ei heilhetleg løysing i samsvar med dei politiske føringar som ligg føre med omsyn til fortetting i hytteområdet. Fylkesmannen har ikkje mynde til å overprøve kommunen sine faglege vurderinger når desse, som i dette tilfellet, synest å være basert på ei akseptabel og forsvarleg skjønnsutøving. Etter Fylkesmannen si meining har merknadene frå klagarane vært grundig vurdert frå kommunen si side, både gjennom planprosessen og i samband med uttalene til klagene.

Konklusjon Etter å ha gjennomgått saka, meiner Fylkesmannen at planvedtaket ikkje er hefta med feil i sakshandsaminga som tilseier at vedtaket er ugyldig. Administrasjonen har gjort greie for faktum i saka og gitt utførleg grunngjeving for kommunen sitt vedtak. Når det gjeld den faktiske arealbruken ligg det til kommunen sin plankompetanse å foreta dei avvegingar/vurderingar som er tatt opp i klagene. Fylkesmannen har ikkje noko å utsette på det skjøn som kommunen har utøva. Kommunen sitt vedtak blir oppretthaldt.

Med helsing Anne-Marie Moen seniorrådgjevar Per Arne Andreassen (e.f.) direktør i Justis- og vergemålsavdelingen

Dokumentet er elektronisk godkjent

Side: 4/4

Kopi til: Gunnar Myhra Meensvegen 276 3711 Hans Erik Kåsa Nornevegen 18 D 3946 Berit Myhra Aasmund Vinjes Gate 38 3725 SKIEN Nils-Ragnar Myhra Einarbakken 19 3744 Skien Egil Fundli Øyfjellvegen 2161 3864 RAULAND Erik Brinchmann Anne Jorunn Stokka Frognerseterveien 62 C 0776 Advokatfirma Moen Eriksstien Nedre Hjellegate 29 3724 SKIEN AS Kjell-Tore Hansen Ramstadskogtunet 10 1900 FETSUND Lene Løvstad Bauneveien 6 3960 STATHELLE Harald Trevor Marrable Sukkerheia 7 4816 Kolbjørnsvik