Astrid Sanden Saksbehandlar, Innvalstelefon Innsidevegen 1247 Maria I
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Vår dato: Vår ref: 20.03.2019 2016/6213 Dykkar dato: Dykkar ref: 26.02.2019 Astrid Sanden Saksbehandlar, innvalstelefon Innsidevegen 1247 Maria I. Aastum, 71 25 84 69 6475 MIDSUND Astrid Sanden - Løyve til vedhogst - gnr38 bnr3 Hagset naturreservat - Midsund kommune Vedtak I medhald av verneforskrifta § 5.2 blir Astrid Sanden gjeve løyve til hogst av ved til eige bruk i Hagset naturreservat på gnr 38 bnr 3 i Midsund kommune på visse vilkår. Vi viser til din søknad datert 26. februar og synfaring 14. mars 2019. Du søker om løyve til å rydde nokre tre som står nært sommarfjøset i Hagset naturreservat. Formålet med fredinga er å ta vare på ein uvanleg variert og artsrik varmekjær skogslokalitet med m.a. hassel, svartor og barlind med det naturlege plante- og dyrelivet, forskrift om verneplan for edellauvskog i Møre og Romsdal, vedlegg 19, freding av Hagset naturreservat, Midsund kommune, Møre og Romsdal (verneforskrifta), § 2. For naturreservatet gjeld at all vegetasjon, medrekna daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter eller plantedelar frå reservatet, jf. verneforskrifta, § 3.1. Forvaltningsstyresmakta kan gi løyve til hogst av ved til eige bruk, jf. verneforskrifta § 5.2. Etter naturmangfaldlova § 7 skal prinsippa i lova sine §§ 8 til 12 leggast til grunn som retningslinjer ved utøving av offentleg mynde. Vurdering I Hagset naturreservat finn vi sørvendte, skogkledde rasmarker med gunstig lokalklima. Vegetasjonen er frodig med edellauvskogsinnslag, variert med svartor, hasselkratt og barlind. Skogen har tydeleg kystpreg og er av kusymre-almeskogtypen med mykje hassel. Svartor og det store innslaget av barlind på nordgrensa av sin utbreiing gjer området særs verdfullt. Vegetasjon kan karakteriserast som sumpskog med svartor som tyngdepunkt langs bekkedalen sentralt i området. Edellauvskogen er av typen rike kysthasselkratt med innslag av alm. Elles nokre fattige parti med bjørk og innslag av gråor, selje, hengebjørk, rogn, osp og furu. E-postadresse: Postadresse: Besøksadresse: Telefon: 71 25 84 00 [email protected] Postboks 2520 Julsundvegen 9 www.fylkesmannen.no/mr Sikker melding: 6404 Molde www.fylkesmannen.no/melding Org.nr. 974 764 067 Side: 2/3 I området rundt sommarfjøset er det ikkje registrert raudlista artar som kan gå tapt eller bli forstyrra som følgje av hogsten, jf. Miljødirektoratet sin Naturbase (www.naturbase.no) og Artskart (artskart.artsdatabanken.no) om vilkåra i løyve blir følgd. Rundt sommarfjøset veks det stort sett gråor og selje, ingen av desse er truga artar. Nokre store furuer og bjørk vart registrert, desse blei vi einige om at bør få stå slik at dei fortsett som viktige leveplassar for trelevande artar, estetiske grunnar, at dei held jorda saman, drenerer området, samt beskyttar fjøset for veret. Plukkhogst/tynning rundt sommarfjøset vil ikkje ha vesentleg negativ effekt på verneverdiane. Om det blir gjort utanom yngletida vil det ikkje ha negativ verknad på dyr og fuglar i området. Kunnskapen om naturmangfaldet i området er god nok til at vi vurderer at ein avgrensa hogst rundt sommarfjøset, utanom yngletid, ikkje vil ha negative effektar på naturmangfaldet, og at den samla belastninga på økosystemet ikkje blir for stor, jf. NML §§ 8 og 10. Det er sett vilkår for dispensasjonen, jf. NML § 12, og når tiltaket blir gjennomført i kan Fylkesmannen gi løyve til tiltaket jf. verneforskrifta § 5.2. NML §§ 9 og 11 er ikkje relevant og er derfor ikkje vurdert. Konklusjon I medhald av verneforskrifta § 5.2 blir Astrid Sanden gjeve løyve til hogst av ved til eige bruk i Hagset naturreservat på desse vilkåra: 1. Gråor- og seljetrea som ligg tett inntil fjøset og som ligg oppå taket kan hoggast. 2. Det skal ikkje hoggast lenger bort frå sommarfjøset enn 10 meter 3. Furu og bjørk skal ikkje hoggast 4. Det skal ikkje hoggast mellom 1. mai og 31. august 2019. 5. Løyvet er gyldig til 1. mai 2020 Klagerett Vedtaket kan klagast inn til Miljødirektoratet innan tre veker etter at brevet er motteke. Ein eventuell klage skal stilast til Direktoratet men skal sendast om Fylkesmannen. Klagen bør grunngjevast og innehalde kva endringar ein ønskjer i vedtaket. Lenkje til klageskjema: www.fylkesmannen.no/FvlKlageMR Med helsing Ola Betten (e.f.) Maria I. Aastum fagansvarleg seniorrådgivar Dokumentet er elektronisk godkjent Side: 3/3 Kopi til: Statens naturoppsyn v/Michael Eklo Midsund kommune Kommunehuset, Utsidevegen 131 6475 MIDSUND .