Forvaltningsplan For
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
FRAMLEGG TIL FORVALTNINGSPLAN FOR JOTUNHEIMEN NASJONALPARK OG UTLADALEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE (revisjon 2005 pr. 23.03.2006 godtaendringar) FYLKESMANNEN I SOGN OG FJORDANE FYLKESMANNEN I OPPLAND Rapport nr. ? - 2006 ISBN 82-91031-39-8 ISSN 0803-1886 2005 1 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Rapport nr. ? - 2005 Forfattar Dato Rådgivar Tom Dybwad, FM i Sogn og Fjordane 2006 Overingeniør Harald Klæbo, FM Oppland Prosjektansvarleg Sidetal Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Tom Dybwad 100 Fylkesmannen i Oppland: Harald Klæbo Tittel ISBN 82- Forvaltningsplan for Jotunheimen nasjonalpark og ISSN 0803-1886 Utladalen landskapsvernområde Geografisk område Fagområde Jotunheimen og Utladalen Naturvern m.v. Finansiering Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Fylkesmannen i Oppland, Direktoratet for naturforvaltning Samandrag Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde vart vedteken ved Kgl. res. 05.12.1980. Forvaltningsplanen trekkjer opp retningslinjene for forvaltning av parken. Verneforskrifta set dei juridiske rammene for forvaltningsplanen. Forvaltningsplanen inneheld ei generell skildring av Jotunheimen og Utladalen. Forvaltninga skal fremje verneføremåla. Dette kan best skje ved ei soneinndeling av området. Dei sonekategoriane som vert nytta i nasjonalparken er sone utan tilrettelegging og inngrep, brukssone og sone med spesiell tilrettelegging og inngrep. Forvaltningsplanen går gjennom retningslinjer og tiltak vedrørande informasjon, kulturminne og kulturlandskap og i høve til dei ulike brukarinteressene i nasjonalparken og landskapsvernområdet. Fylkesmennene i Oppland og Sogn og Fjordane har forvaltningsansvaret for verneområda, medan oppsynet inkludert skjøtsel og informasjon vert utført av Statens Naturoppsyn. Abstract Jotunheimen National Park and Utladalen Protected Landscape Area was enacted by royal decree on Dec. 5 1980. The management plan sets forth the guidelines for the management of the protected areas. The conservation rules set the judicial limits for the management. The management plan includes a general description of Jotunheimen and Utladalen. The management shall support the purpose of the protected areas. To attain this goal, the area has been divided into management zones, with the use of the following categories: zone without improvements and encroachments («wilderness zone»), user’s zone, zone with special improvements and encroachments. The management plan contains guidelines and programs for information, cultural landscape and the cultural heritage, and for the different user interests in the protected areas. The County Governors of Oppland and Sogn og Fjordane are the responsible management authorities, while the Norwegian Nature Inspectorate (SNO) is responsible for the ranger service. Emneord Ansvarleg 1. Naturvern 2. Nasjonalpark Fylkesmannen i Oppland 3. Forvaltning 4. Landskapsvernområde Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Fylkesmannen i Oppland Miljøvernavdelinga Miljøvernavdelinga Serviceboks 6863 LEIKANGER, NORGE 2626 LILLEHAMMER Tlf.: 57 65 50 00 Telefaks: 57 65 50 55 Tlf.: 61 26 60 00 Telefaks: 61 26 61 67 2 FØREORD Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde vart etablert ved Kgl. Res. 05.12.1980. Verneforskriftene set rammene for planen. Arbeidet med den første forvaltningsplanen starta i 1991 ved Nasjonalparktenesta for Jotunheimen nasjonalpark, i samarbeid med Fylkesmennene i Sogn og Fjordane og i Oppland. Eit framlegg til forvaltningsplan vart send på høyring til grunneigarar, turistvertar, hytteeigarar, organisasjonar og etatar på kommunalt-, fylkes- og nasjonalt nivå i november/desember 1995 med høyringsfrist 1. mars 1996. Etter at framlegget vart sendt på høyring kom DN-rapport 1996-3 (Forvaltning av nasjonalparkar) vorte utarbeidd. Retningslinjer som her vart trekte opp vart tekne omsyn til i den godkjende forvaltningsplanen. Forvaltningsplanen for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde vart godkjend av Fylkesmannen i Oppland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i juni 1998. Utviklinga i reiselivet og Regjeringa si ”Fjelltekst” i revidert nasjonalbudsjett 2003 gjorde det aktuelt med revisjon av forvaltningsplanen. Samstundes vart det klart at verneforskriftene trengde revisjon. Melding om oppstart av revisjon av verneforskrifter og forvaltningsplan vart sent ut til alle berørte partar lokalt, regionalt og nasjonal 27.08.2004. Det vart oppretta ei referansegruppe for arbeidet med medlemmer frå fjellstyra, tilsynsutvala, DNT og fylkesmennene. Referansegruppa har hatt 3 møte til no. Framlegget til nye verneforskrifter og forvaltningsplan vert sende på høyring samstundes. Lillehammer/Hermansverk . juni 2006 Kristin Hille Valla Oddvar Flæte Fylkesmann i Oppland Fylkesmann i Sogn og Fjordane 3 INNHALD 1. Samandrag s. 5 2. Innleiing s. 9 2.1. Urørt natur i Noreg s. 9 2.2. Nasjonalparkar/landskapsvernområde s. 10 2.3. Forvaltning s. 11 2.4. Jotunheimen nasjonalpark/Utladalen landskapsvernområde - forvaltningsplan s. 11 3. Naturfagleg og historisk bakgrunn s. 13 3.1. Verneverdiar i Jotunheim-området s. 13 3.2. Geografisk utbreiing og eigedomstilhøve s. 13 3.3. Natur og kultur s. 14 3.3.1. Geologi s. 14 3.3.2. Klima s. 14 3.3.3. Vassdrag s. 15 3.3.4. Vegetasjon s. 16 3.3.5. Fauna s. 17 3.3.6. Menneskeleg bruk av Jotunheimen s. 17 4. Mål, utfordringar, problemskildring og strategiar s. 22 4.1. Mål for forvaltninga av nasjonalparkar og landskapsvernområde i Noreg s. 22 4.2. Mål for forvaltninga av Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde s. 22 4.3. Utfordringar og problemskildring s. 23 4.4. Strategiar s. 24 5. Særlege problemstillingar for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde med tilgrensande område s. 27 5.1. Verneforskriftene og vernegrensene s. 27 5.1.1. Verneforskriftene 5.1.2. Vernegrensene og verneverdiar s. 28 5.2. Område som grensar til verneområda s. 30 6. Soneinndeling av Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde s. 31 6.1. Kategoriar for soneinndeling s. 31 6.2. Kriteria for soneinndeling s. 32 6.3. Omtale av soneinndelinga i ulike delar av Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde s. 33 6.3.1. Vernesone s. 33 6.3.2. Brukssone s. 36 6.3.3. Sone med spesiell tilrettelegging og inngrep s. 41 7. Informasjon, kulturminne, kulturminne, kulturlandskap og naturverdiar s. 43 7.1. Informasjon og naturrettleiing s. 43 4 7.1.1 Tavler og brosjyrar s. 43 7.1.2 Nasjonalparksentra s. 45 7.1.3 Internett s. 46 7.2. Kulturminne og kulturlandskap s. 47 7.3.Å ta vare på naturverdiane s. 50 7.4. Reparasjon av inngrep s. 51 8.3. Brukarinteresser – retningslinjer og tiltak s. 56 8.1. Landbruk s. 56 8.2. Turisthytter og andre hytter, buer og naust s. 58 8.3. Friluftsliv s. 60 8.4 Innfallsportar (Tilgjenge til områda) s. 65 8.5. Tilrettelegging for ferdsel - merking s. 71 8.6. Tilrettelegging for funksjonshemma s. 75 8.7. Kvisting av skiløyper s. 75 8.8. Sommarskiløping (langrennstrening) s. 77 8.9. Organisert ferdsel s. 78 8.10 Arrangement og konkuransar s. 81 8.11 Sykling, hundekjøring og bruk av hest s. 82 8.12. Nye uteaktivitetar s. 84 8.13. Fauna, jakt og fiske s. 84 8.14. Avfall, forureining og støy s. 86 8.15. Motorferdsel s. 88 8.15.1 Generelt 8.15.2 Turisthytter s. 89 8.15.3 Motorbåt på Gjende s. 90 8.15.4 Redningstjeneste og øvingar s. 90 8.15.5 Dispensasjonpraksis s. 91 8.15.6 Motorferdsel på vegar s. 92 8.16. Reiseliv s. 93 8.17. Forsking og undervising s. 95 8.18. Andre tiltak s. 97 9. Forvaltning og oppsyn s. 97 9.1. Fylkesmennene sine arbeidsoppgåver s. 97 9.2. Statens naturoppsyn sine oppgåver s. 99 9.3 Årsmelding s. 101 10. Sluttord s. 102 11. Litteraturliste s. 103 12. Vedlegg 1-6 s. 107 Vedlegg 1: Kongeleg Resolusjon 05.12.80. Oppretting av Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde i Sogn og Fjordane fylke og Oppland fylke s. Vedlegg 2: Forskrift om Jotunheimen nasjonalpark i Lom, Vågå og Vang kommunar, Oppland fylke, og Luster og Årdal kommunar, Sogn og Fjordane fylke s. Vedlegg 3: Vernereglar for Utladalen landskapsvernområde s. Vedlegg 4: Retningslinjer for tilsynsutvala si verksemd i 5 Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde (jf. pkt. V i vernereglane) s. Vedlegg 5: Stadnamn i Jotunheimen av Mathias Øvsteng s. Vedlegg 6: Reglar for bruk av Gravdalsvegen Vedlegg 7: Reglar for Vettisvegen (Årdal kommunestyre 17.11.1977) Vedlegg 8: Kart over Jotunheimen-området med soneinndeling 6 Forvaltningsplan for Jotunheimen Nasjonalpark og Utladalen Landskapsvernområde 1. SAMANDRAG Jotunheimen nasjonalpark (ca. 1145km2) og Utladalen landskapsvernområde (ca. 314 km2) vart oppretta i 1980 og er av dei mest brukte og attraktive verneområda i Noreg. Utarbeiding av ein forvaltningsplan er naudsynt for å ivareta for verneformålet og verneverdiane for framtida. Den skal avklare og utdjupe tilhøvet mellom vern og bruk på bakgrunn avverneforskrifta. Forvaltningsplanen trekkjer opp retningslinjer og tiltak for forvaltningsstyresmakta sitt arbeid og handsaminga av brukarinteressene sine ønskje i verneområda. Inngrepsfrie naturområde har ein eigenverdi og er eit viktig grunnlag for biologisk mangfald. Urørte naturområde i Noreg minkar raskt. Utan ei samla planlegging og forvaltning av desse områda som er att, vil denne utviklinga halde fram. Det er store natur- og verneverdiar i Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde, både innan geologi, biologisk mangfald og kulturminne. Det er også store brukarinteresser i området, særleg innan friluftsliv. Verneformålet i verneforskriftene skildrar vernemotiva. Både for nasjonalparken og