Sakshandsamar: Eline Orheim Vår dato Vår referanse Telefon: 57643012 26.07.2018 2018/2338- E-post:
[email protected] Dykkar dato Dykkar referanse Øystein Osland, på vegner av Guddal beitelag Flekke beitelag Fjorden og Dale beitelag Gaular beitelag Forlenging av skadefellingsløyve på ulv mellom Dalsfjorden og Sognefjorden Vi har mottatt søknad 26.juli 2018 frå Guddal beitelag, Flekke beitelag, Fjorden og Dale beitelaga og Gaular beitelag, om forlenging av fellingsløyvet for ein - 1- ulv. Fellingsløyvet gjaldt frå den 20.juli 2018, og går ut i dag, 26.juli 2018 kl 22.00. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane forlenger fellingsløyvet på ein - 1- ulv i fastlandsområdet mellom Dalsfjorden og Sognefjorden, nærare avgrensa i vilkåra nedanfor, i perioden 26.juli 2018 kl 22.00 til 1.august kl 22.00. Bakgrunn Bakgrunn for forlenginga er ein synsobservasjon av mogleg ulv i området Sygna – Guddal den 22.juli 2018, og funn av avføring/DNA-materiale i same området. DNA-materialet er levert til SNO for vidare prioritert analyse, men det vil venteleg gå nokre dagar før prøvesvaret er klart. Vår vurdering SNO opplyser at det er knytt usikkerheit til synsobservasjonen, men det kan ikkje utelukkast at det er ulv i området. Det er mykje dyr på beite i det aktuelle området og Fylkesmannen vurderer difor at skadepotensialet framleis er stort. Vi viser elles til vurderingane gjort i fellingsløyvet datert 20.juli 2018. Konklusjon og vilkår Fylkesmannen i Sogn og Fjordane forlenger fellingsløyvet på ein - 1- ulv i fastlandsområdet mellom Dalsfjorden og Sognefjorden, nærare avgrensa i vilkåra nedanfor, i perioden 26.juli 2018 kl 22.00 til 1.august kl 22.00.