Ryfylke Vassområde
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Årsrapport 2019 – Ryfylke vassområde Godkjent av Ryfylke vassområdeutval 19.06.20 www.vannportalen.no/ryfylke INNHALD 1. Om vassområde ........................................................................................................................................... 3 Innleiing ....................................................................................................................................................... 3 Tilstandstatus .............................................................................................................................................. 3 Vassområdeutvalet ..................................................................................................................................... 4 Arbeidsgruppa ............................................................................................................................................. 4 Vassområdekoordinator .............................................................................................................................. 5 Mandat ........................................................................................................................................................ 5 1.2 Korleis har vassområde jobba i 2019 ........................................................................................................ 6 Status for aktivitetsmål ............................................................................................................................... 6 Eutrofi - auka kunnskapsgrunnlag ............................................................................................................... 8 Sjøaureprosjektet ........................................................................................................................................ 8 Vasskraft ...................................................................................................................................................... 9 Møteverksemd .......................................................................................................................................... 10 1.3 Økonomi .................................................................................................................................................. 10 side 2 1. OM VASSOMRÅDE Innleiing Ryfylke vassområde bestod i 2019 hovudsakleg av kommunane Kvitsøy, Rennesøy, Finnøy, Forsand, Strand, Hjelmeland, Sauda, Suldal, og deler av Gjesdal og Odda. Mindre deler av Vinje, Bykle, Sirdal og Stavanger kommune ligg og innanfor vassområdet. Yttergrensa for vassområde følgjer altså ikkje kommunegrenser, men tek utgangspunkt i nedbørsfelt. Frå og med 2020 er grensene endra grunna kommunereforma. Kvitsøy er saman med nye Stavanger (inkludert Finnøy og Rennesøy) blitt del av Jæren vassområde. Den del av Sandnes kommune som var Forsand kommune, er framleis del av Ryfylke vassområde. Det same gjeld for Røldal/Valldalen som no er del av Ullensvang Gjeldane grense for vassområde i 2019. Endra frå 2020. kommune. I tråd med vassforskrifta skal vassområde arbeide for å «…sikre helhetlig beskyttelse og bærekraftig bruk av vannforekomstene» (§-1). Vidare skal ein sikre at alle vassførekomstar minst skal oppretthalde eller oppnå god økologisk og god kjemisk tilstand. Dette krevje aktiv samordning og målretta prioritering av tiltak og verkemiddel mellom aktuelle sektorar og myndigheiter. Tilstandstatus I Ryfylke er kystvann, innsjø, elv og grunnvatn delt inn i totalt 958 vassførekomstar. Av desse er 39 % vurdert å ikkje ha ein tilfredsstillande økologisk tilstand (vann-nett pr. 11.juni 2020 i «nye Ryfylke vassområde»). Dette er dei viktigaste påverknadskjeldene: Vasskraftregulering Ryfylke er særs viktig som leverandør av vasskraft. Kraftutbygging endrar tilstanden til naturen i og rundt vassdraga fordi dei fysiske og kjemiske forholda blir endra. Dette påverkar plante- og dyrelivet, både direkte og indirekte. side 3 Det er viktig at ein saman med konsesjonær finn gode tiltak som kan betre dei økologiske forholda. I samband med revisjon av konsesjonsvilkår er det viktig å løfte fram eit godt vassmiljø. Sur nedbør I indre og høgare strøk er påverknadene av sur nedbør ennå merkbar, men i betring. Fortsatt må me kalke enkelte vassdrag. Avrenning frå landbruk Der det er landbruk er vatnet ofte påverka av næringsstofftilførsel. Dette kan gi dårlegare levevilkår for artar som bor i og nær elvene, og det går utover vår oppleving av vassdraga. Fleire tiltak kan gjennomførast for å redusere næringsbelastning. I Rogaland har forvaltninga gode erfaringar med fokus på frivillige tiltak i landbruket, motivasjon og informasjonsarbeid. Anna Andre påverknadar som treng merksemd og tiltak er avløp, industriutslepp, akvakultur (lakselus, rømming), spreiing av framande skadelege artar, øydelegging av habitat, marin forsøpling. Vassområdeutvalet Vassområdeutvalet utgjer styringsgruppa for prosjektet har det overordna ansvaret for å leie og koordinere arbeidet, syte for nødvendig politisk avklaring og fastsette dei årlege rammene for aktivitetane. Vassområdeutvalet blei konstituert i 2017. Leiar har vore Lin-Veronica Jacobsen. Oversikt Ryfylke vassområdeutval 2017-2019: Kommune: Representant Vara Finnøy kommune Henrik Halleland Kai Petter Flesjå Forsand kommune Bjarte Sveinsvoll Dagestad Tore Hans Mikkelson Gjesdal kommune Harald Bernt Dirdal Jan Andreassen Hjelmeland kommune Bjørn Laugaland Sven Gil Westersjø Kvitsøy kommune Jon Kristian Sande Torhild Djup Odda kommune Nils Petter Rabbe Lars O. Seim Rennesøy kommune Eva Jakobsson (nestleiar) Dagny S. Hausken Rogaland fylkeskommune Lin-Veronica Jacobsen (leiar) Bjørn Ove Hersdal Rogaland fylkeskommune Trine Danielsen Knut Atle Seim Sauda kommune Geir Bjarne Tveit Tor Andreas Michalsen Strand kommune Karl Stokka Suldal kommune Magne Langeland Klara Holmestad Nerheim Arbeidsgruppa Denne gruppa består av administrative personar frå kvar av kommunane i vassområdet. Fleire av kommunane har berre mindre areal/utfordringar i vassområde og stiller på møte ved behov. side 4 Arbeidsgruppa utarbeider framlegg til tiltak og arbeidsoppgåver som skal gjennomførast på vassområdenivå. Viktig er og å skaffe faglege informasjon. Oversikt over medlemmer i arbeidsgruppa i 2019: Bykle kommune Sigrid Bjørgum Finnøy kommune Silke Ullrich Forsand kommune Rune Idsøe Gjesdal kommune Gudrun Kristensen Hjelmeland kommune Torborg Kleppa Kvitsøy kommune Anne Marit Eikeland Odda kommune Torstein Backer-Owe Rennesøy kommune Geir Helge Rygg Sauda kommune Øyvind Ljung Stavanger kommune Kristin Bringedal Strand kommune Trond Leirflåt Suldal kommune Ole Martin Dahle Vinje kommune Dorthe Huitfeldt Fylkesmannen i Rogaland Ørjan Simonsen Fylkesmannen i Rogaland Nono Dimby Vassområdekoordinator Jarle Lunde Vassområdekoordinator Jarle Lunde er vassområdekoordinator og driftar vassområdet. Stillinga er på 50% og blei oppretta hausten 2016 som ei prosjektstilling fram til 2020. Stillinga er finansiert gjennom eit spleiselag mellom kommunane og fylkeskommunen. Koordinator er tilsett av Suldal kommune og har kontorstad på Sand. Mandat Mandat og arbeidsoppgåver i vassområde blei vedteke i arbeidsutvalet 12.juni -2017 (last ned her). side 5 1.2 KORLEIS HAR VASSOMRÅDE JOBBA I 2019 Status for aktivitetsmål I april 2019 vedtok Vassområdeutvalet «Arbeidsplan for Ryfylke vassområde 2019». I denne er det oppført ei rekkje aktivitetsmål. Status er gitt i tabellen nedanfor. Aktivitetsmål Status Auka kunnskaps- Tilstandsundersøking i Nordelva fortsetter Gjennomført, sjå tekst grunnlaget Prosjekt kartfesting av sjøaurebekkar. Fellesprosjekt for Gjennomført, arbeid Rogaland. Samarbeid med bl a NJFF. Eigen styringsgruppe. vidareførast. Sjå tekst Som del av sjøaureprosjektet ønskjer ein i 2019 å få Gjennomført, sjå tekst. gjennomført ei fagleg tiltaksretta undersøking av gode potensielle sjøaurebekkar i Suldal og Sauda. Det må søkast om finansiering. NINA har på vegne av Ryfylke vassområde søkt om midlar til å Gjennomført undersøke for elvemusling i Leirangbekken i Forsand (ikkje Lerangsbekken). Bakgrunnen er at Cowi fann eit juvenilt individ her i 2017 når dei undersøkte bekken for botndyr og påvekstalger på oppdrag av vassområde. Det er ønskeleg å få tilstandsundersøkt vassførekomst på Ikkje gjennomført, Idsal i Strand. utsett Oppfølging av utgreiingsprogrammet i forhold til Røldal- Gjennomført, sjå tekst. Suldal. Informasjon og Fortsette å orientere/presentere arbeidet i Ryfylke Gjennomført medverknad vassområde i relevante politiske utval i dei mest sentrale kommunane Oppdatere Ryfylke sitt område på vannportalen.no Oppdatert, kontinuerleg arbeid Gi informasjon om vassforvaltningsarbeidet på kommunane Ikkje gjennomført sine nettsider og lenke til vann-nett og vannportalen. Gjere vassarbeidet kjent og gi rom for medverknad frå Delvis gjennomført, rettighetshaverar, allmenne og private interesser kontinuerleg arbeid Gjennomføre møter i arbeidsgruppa (3-5) og Gjennomført. vassområdeutval (2) side 6 Oppfølging og Bidra til at alle tiltak (med unnatak av der det er gjeve Starta, dels rapportering utsetting) oppført i regionalt tiltaksprogram blir operative. gjennomført Pågåande arbeid Følge opp vassforvaltingsarbeidet i eigen kommune og sikre Ulik status for politisk forankring for arbeidet i vassområdet. Vurdere å kommunane fremme politisk sak for løfte vassarbeidet. Regionalplan for vassforvaltning, inkludert planprogram, bør vere sak til politisk behandling i kommunane, ikkje berre ei meldingssak Aktivt bruke SMIL-ordninga som ein viktig kjelde til tiltak