Årringen 2007 Årsskrift nr. 11 ARBORETET og BOTANISK HAGE, MILDE Bergen Museum - Universitetet i Bergen Namnsetjaren Carl von Linné og nokre plantenamn Bjørn Moe, Arboretet og Botanisk hage, Bergen Museum, DNS, Universitetet i Bergen, Mildevegen 240, N-5259 Hjellestad (e-post:
[email protected]) Per H. Salvesen, Arboretet og Botanisk hage, Bergen Museum, DNS, Universitetet i Bergen, Mildevegen 240, N-5259 Hjellestad (e-post:
[email protected]) Carl Linnaeus (1707-1762), eller Carl von Linné, som han seinare kalla seg, vart fødd i Råshult i Småland 14. mai 1707 (23. mai i vår tidsrekning). Carl von Linné er opphavsmannen til den binære nomenklaturen. Det inneber at kvar einaste art av alle levande organismar skal ha eitt vitskapleg namn i to ord. Det fyr- ste, som skrivast med stor førebokstav, er namnet på slekta planten høyrer til. Det neste særkjenner arten (artsepitetet) inn- an slekta. Til saman er dei to orda arts- namnet. Dei vert skrivne på latin, av di alle vitskapsfolk forsto latin på Linné si tid. Dei vitskaplege namna brukast fram- leis av vitskapsfolk over heile verda, og Carl von Linné i bryllupsdrakt måla av J. H. vert i avhandlingar skrivne med latinske Scheffel i 1739. Samtida tolka portrettet som bokstavar, jamvel om resten av teksten usømeleg, sidan Linné blottar ei flik naken hud t.d. er kinesiske teikn. på magen (foto: Wilson44691, publ. domain). Bokverket "Species Plantarum" vart publisert av Linné i 1753 og represente- rer startpunktet for den botaniske nomenklaturen, medan "Systema Naturae" frå 1758 er starten for zoologien. Alle dei vitskaplege namna som er laga av Linné, vert markerte ved å setja forkortinga ”L.” etter, t.d.