Sivilingeniør Helge Hopen AS

Rv.13 Skare – Bu

Rv. 13, E16, Filefjell

Voss E16,

Bu Rv.7, Hardangervidda

Fv.49, Bergen

Odda Fv. 500,

Skare

E134 Haukeli E134 Haugesund Rv.13, Ryfylke

Trafikkanalyse

10. april 2021

Rv.13, Skare - Bu Trafikkanalyse

INNHOLD

1 INNLEIING ...... 2

2 BAKGRUNN ...... 3 2.1 RAMMER OG PLANAR ...... 3 2.2 FØREMÅLET MED TRAFIKKANALYSEN ...... 5 2.3 FRAMGANGSMÅTE OG VERKTY...... 5 3 PROBLEMSKILDRING ...... 6 3.1 RV. 13 SIN TRANSPORTFUNKSJON...... 6 3.2 TRAFIKKMENGD ...... 6 3.3 VEGSITUASJONEN ...... 8 3.4 KONSEKVENSAR ...... 12 4 FRAMTIDIG TRAFIKKSITUASJON ...... 14 4.1 FØRESETNADER FOR TRAFIKKPROGNOSE 2050 ...... 14 4.2 TRAFIKKMENGD ...... 15 4.3 TRANSPORTFUNKSJON OG REISEMØNSTER ...... 16 4.4 VURDERING ...... 18 5 TILTAKSBEHOV OG UTBYGGINGSSTRATEGI ...... 19 5.1 BEHOV ...... 19 5.2 UTBYGGINGSSTRATEGI ...... 19 6 OPPSUMMERING OG KONKLUSJON ...... 21

7 REFERANSAR ...... 23

8 VEDLEGG 1, FØRESETNADER FOR TRAFIKKPROGNOSE 2050 ...... 24

Ullensvang Reiseliv 1 Rv.13, Skare - Bu Trafikkanalyse

1 INNLEIING

Rv. 13 mellom Skare og Bu er del av ein samanhengande, indre hovudveg frå Kristiansand i sør til Sogn i nord. Rv. 13 er eit bindeledd mellom aust-vest sambanda E134 i sør og Rv.7/E16 i nord. I tillegg har Rv. 13 en regional funksjon ved å knyte saman - og - regionen.

På strekninga mellom Skare i sør (kryss med E134) og Hardangerbrua i nord (kryss med Rv.7) har vegen særs dårleg standard. Strekninga er utsett for skredfare, men har i tillegg fleire parti med smal veg som gir store utfordringar for framkomst og trafikktryggleik.

Med aukande trafikk dei siste åra har dei mange flaskehalsane langs Rv. 13 ført til omfattande problem med framkomst og beredskap i sommarhalvåret. Dette gjeld i første rekkje delstrekninga mellom og Bu, der trafikkforholda om sommaren dei siste åra har vært kaotisk. Som følgje av dette har Statens vegvesen sett i verk trafikkregulerande tiltak, mellom anna signalregulert shuttleanlegg på ein delstrekning mellom Kinsarvik og Bu. I tillegg vart det sommaren 2020 innført kolonnekøyring med ledebil på tilstøytane delstrekning. Desse tiltaka har ikkje løyst dei underliggjande utfordringane med dårleg vegstandard og redusert framkomst. I normal sommartrafikk er det framleis lange køar og ventetid ved signalanlegga som forplantar seg i nye trafikkavviklingsproblem på andre delstrekningar.

Den svært reduserte framkomsten i sommarhalvåret, og rasfaren heile året – utgjer ein vesentleg risiko for transportberedskap, liv og helse.

For næringslivet i regionen medfører den dårlege vegstandaren uvisse omkring leveransar av varer og tenester, samt drift av samfunnskritiske funksjonar. For reiselivsnæringa er dei vanskelege trafikkforholda med å gjere regionen mindre attraktiv for kundar/besøkjande som kjem med bil, bubilar og bussar.

Vidare utvikling av Rv. 13 vil bli nærare avklart i samband med handsaminga av Nasjonal Transportplan 2022-33. I den forbindelse har Reiseliv bedt om å få utarbeidd ein overordna trafikkanalyse som synleggjer RV. 13 sin framtidige transportfunksjon, trafikale utfordringar og behov for utbetringar på strekninga.

Trafikkanalysen er utarbeidd av Sivilingeniør Helge Hopen.

Bergen 10.april 2021

Ullensvang Reiseliv 2

Rv.13, Skare - Bu Trafikkanalyse

2 BAKGRUNN

2.1 Rammer og planar

2.1.1 Riksvegutgreiinga for NTP 2018-29

I underlaget for NTP 2018-29 (Ref. 1) går det fram at Rute 4c som omfattar strekninga Rv.9 frå Kristiansand, via E134 til RV. 13 gjennom Hardanger og Voss til Sogn, manglar gul midtlinje på det meste av sambandet. Det er stor skredfare fleire stader, og ruta et utsett for mellom anna utforkøyringsulukker.

Hovudmålet for rute 4 c er at den: «skal være en pålitelig og trafikksikker transportkorridor mellom Sørlandet og Vestlandet, og den skal framstå som attraktiv for reiseliv og turisme. Målet er at ruta skal ha gul midtlinje fra Kristiansand til , gjennomgående tilgivende sideterreng, være tilrettelagt for myke trafikanter ved å ha en god vegskulder samt gang- og sykkelanlegg i byer og tett-steder, oppgraderte og universelt utformede rasteplasser og ryddet sikt som gir reisen gode opplevelser.»

Utgreiinga slår fast at det er viktig å prioritere: «de mest utfordrende «flaskehalsene» på ruta, samtidig som framkommelighet og trafikksikkerhet bedres gjennom økt vegbredde og gul midtlinje på hele strekningen.»

Statens vegvesen kalkulerte i 2015 med eit samla investeringsbehov for Rv.13 mellom Skare og Bu på ca. 4,5 mrd.kr. fram mot 2050:

Figur 1. Utrekna investeringsbehov på Rv.13 mellom Jøsendal (Skare) og Bu. Riksvegutredningen 2015 (Statens vegvesen).

2.1.2 Utgreiing av hovudvegsambanda aust-vest

Det har i mange år pågått utgreiingar av kva som skal vere hovudvegsambanda aust-vest. Strategi for vidare utvikling av aust-vest sambanda vil ha store verknader for Rv. 13 sin framtidige funksjon, og er derfor eit viktig grunnlag for trafikkanalysen.

Ullensvang Reiseliv 3 Rv.13, Skare - Bu Trafikkanalyse

Basert på KVU-arbeidet med hovudvegsambanda aust-vest, fatta regjeringa vedtak om funksjonsdeling mellom E134, E16, rv.52 og rv.7. Vedtaket er forankra i St.meld. nr. 22 2016- 2017 om Nasjonal transportplan 2018-29 på side 112:

«Regjeringen vil prioritere E134 som én av hovedvegforbindelsene mellom Østlandet og Vestlandet.»

«Som den andre hovedvegforbindelsen mellom Østlandet og Vestlandet legger regjeringen opp til en funksjonsdeling mellom rv 52 og rv 7. Rv 52 vil være hovedvegforbindelse for næringstrafikk mellom Østlandet og Vestlandet. Rv 52 er allerede i dag den fjellovergangen mellom Østlandet og Vestlandet med høyest andel tungtransport. Vegen er noe lenger enn rv 7, men har bedre vinterregularitet og mindre stigningsforhold. Rv 7 vil bli satset på som hovedvegforbindelse for reiseliv og persontrafikk. Rv 7 er den korteste vegen mellom og Bergen, og det er en viktig veg for bl.a. reiselivet på begge sider av Hardangervidda. Rv 7 har også status som nasjonal turistveg. Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet vil gjennomføre en ekstern kvalitetssikring (KS1) av KVU for rv 7 over Hardangervidda. Etter at KS1 er gjennomført vil regjeringen ta stilling til ambisjonsnivå for videre planlegging av utbedringer på strekningen over Hardangervidda.»

Vedtaket om funksjonsdeling er ein ny transportstrategi som ein ikkje har erfaring med i andre samanhengar. Strategien inneber naturlegvis at både E134, rv.52 og rv.7 skal utviklast, men på kva sin måte.

For E134 og rv.52 vil dette innebere å prioritere innkortingstiltak som kan redusere reisetid og betre vegstandarden, i særleg grad for tungtrafikken. For rv.52 vil det òg handle om å avlaste tettstader for tungtrafikk/gjennomgangstrafikk, t.d. Hemsedal og Gol. Betre trafikktryggleik er viktig for alle sambanda. For rv.7 kan funksjonsdelinga bety fokus på tiltak som kan betre vinterregularitet, trafikktryggleik og tilhøva for villreinen.

Vidareutvikling av både E134, Rv.7 og E16/Rv.52 vil styrkje Rv.13 sin funksjon som bindeledd mellom aust-vest sambanda.

2.1.3 NTP 2022-33

I Meld. St.20 (2020-21) om Nasjonal transportplan er det lagt opp til at videre utvikling av Rv.13 skal gjennomførast i regi av Nye Veier AS.

NTP slår fast at Rv.13 har lokal og regional transportfunksjon og er viktig for regionalt næringsliv og turisme. Det vert peika på dei store utfordingane med skredfare og trafikktryggleik, og Nye Veier AS vil «prioritere investeringer som reduserer rasfare og gir betre veistandard».

Når det gjeld investeringsomfang og prioriteringar av tiltak/delstrekningar langs Rv.13, har Nye Veier AS skildra dette i sitt innspel til NTP 2022-33 (Ref. 2):

«I arbeidet med å identifisere og prioritere tiltak på delstrekninger bør det legges til grunn at man skal etterstrebe mest mulig rassikring per budsjettkrone, i tillegg til å identifisere strekninger med ikke akseptabel veistandard. Nye Veier foreslår å investere 3,0 mrd. kroner som en sekkepost for å redusere rasfare og oppnå en akseptabel minimumsstandard på Rv. 13, hvor de konkrete tiltakene vil identifiseres i det videre utrednings- og planleggingsarbeidet.»

Ullensvang Reiseliv 4

Rv.13, Skare - Bu Trafikkanalyse

2.2 Føremålet med trafikkanalysen

Følgjande arbeidsmål er lagt til grunn for trafikkanalysen:

• Skildring av Rv.13 sin transportfunksjon i dag • Skildring av utfordingane med noverande vegstandard • Utarbeide trafikkprognose for 2050 og vurdere Rv.13 sin framtidige funksjon • Vurdere tiltaksbehov og utbyggingsstrategi

2.3 Framgangsmåte og verkty

For å vurdere Rv.13 sin framtidige transportfunksjon, er det gjennomført trafikkmodellering av framtidig situasjon (2050), basert på Statens vegvesen sin regionale transportmodell (RTM).

Det er definert eit framtidig scenario NTP2050, som er forventa, framtidig transportnett i tråd med gjeldande Nasjonal transportplan 2018-29, funksjonsdelingsvedtaket for aust-vest sambanda og dei strategiske satsingane som ligg i NTP 2022-33.

Som grunnlag for sannsynlege prosjekt på hovudvegnettet er det lagt til grunn tilrådingar i aktuelle utgreiginar og KVU’ar, prioriteringar i rutevise utgreiingar frå Statens vegvesen og prioriterte satsingar i NTP 2022-33.

Framtidig scenario NTP2050 er koda inn i Statens vegvesen sin transportmodell (RTM) med gjeldande retningsliner for framskriving av økonomisk vekst og folketal etc. Modellen reknar ut framtidig trafikknivå på dei ulike hovudvegane.

På dette grunnlag er rv.13 sin framtidige transportfunksjon nærare vurdert.

RTM er ein persontransportmodell som reknar ut turproduksjon mellom geografiske soner, fordelt på reiseformål, reisemiddel og reiserute. Modellen byggjer på inngangsdata for folketal og arbeidsplassar på grunnkretsnivå.

Føresetnadene for framskriving av folketal og arbeidsplassar byggjer på retningsliner som er utvikla i samband med arbeidet med NTP 2022-33.

Ullensvang Reiseliv 5 Rv.13, Skare - Bu Trafikkanalyse

3 PROBLEMSKILDRING

3.1 Rv. 13 sin transportfunksjon

Rv.13 mellom Skare og Bu er del av det indre hovudvegsambandet mellom E134 og Sogn, og bindeledd mellom hovudvegane aust-vest (E134, Rv.7 og E16).

Rv. 13, Sogn E16, Filefjell

Voss E16, Bergen

Bu Rv.7, Hardangervidda

Fv.49, Bergen

Odda Fv. 500, Kvinnherad

Skare

E134 Haukeli E134 Haugesund Rv.13, Ryfylke Figur 2. Rv.13 er indre hovudveg nord-sør og bindeledd mellom aust-vest sambanda.

Rv.13 tener mange ulike reiserelasjonar lokalt, regional og nasjonalt, mellom anna:

• Lokaltrafikk i aksen Hardanger – Voss • Regional trafikk mellom Hardanger og Bergensregionen • Regional og nasjonal trafikk mellom Bergensområdet/Hardanger og E134 mot Austlandet • Lange reiser i nord/aust-aksen mellom Rogaland og Viken/Innlandet/Trøndelag

Trafikkfordeling på ulike trafikkstraumar er nærare vurdert i kap. 4.3.

3.2 Trafikkmengd

Den søre delen av Rv.13, mellom E134 og Odda har størst trafikkmengd ved at strekninga, i tillegg til å ha transportfunksjon i aksen nord-sør, også har viktig transportfunksjon i nord/vest- aksen mellom Bergensområdet/Hardanger og E134 i retning Austlandet. Trafikkmengda er her om lag 2.500 ÅDT.

Mellom Odda og Bu er trafikkmengda ca. 1.400 ÅDT.

Ullensvang Reiseliv 6

Rv.13, Skare - Bu Trafikkanalyse

3.000

5.500

2.200

1.300 2.400 1.400 700

1.400

700 1.100

2.700 1.400

2.500

1.800 Dagens trafikkmengd 1.700 ÅDT 2019

Figur 3. Trafikkmengd i dag (2019). Kjelde: Nasjonal vegdatabank (Statens vegvesen). Rv.13 er ein viktig transportkorridor for næringslivet, og dette er gjenspeila i tungtrafikkandelen som er i området 13% - 17%.

16%

16%

17%

17% 12% 20% 15%

13%

14% 16%

16% 15%

13%

22% Tungtrafikkandel 21% ÅDT 2019

Figur 4. Registrert tungtrafikkandel pr. 2019. Kjelde: Nasjonal vegdatabank (Statens vegvesen). Trafikken langs Rv.13 har store sesongvariasjonar. Gjennomsnittleg trafikkmengd på Rv.13 mellom Bu og Kinsarvik på årsbasis er ca. 1.300 ÅDT, medan månadstrafikken i juli er over 3.000 ÅDT. På enkeltdagar kan trafikken kome opp mot ca. 4.000 ÅDT.

Ullensvang Reiseliv 7 Rv.13, Skare - Bu Trafikkanalyse

Figur 5. Årsvariasjon for trafikken langs Rv.13 ved Bu for 2019. Kjelde: www.trafikkdata.no.

3.3 Vegsituasjonen

Redusert framkomst

På det meste av strekninga mellom Skare og Bu manglar det gul midtline. Dette medfører redusert framkomst og til dels store trafikale problem i samband med avvikling av sommartrafikken. På fleire delstrekningar, mellom anna mellom Kinsarvik og Bu – fungerer Rv.13 i praksis som ein einfelts veg med møteplassar. Kapasiteten på ein slik veg er normal mellom ca. 200 og 400 køyrety pr. time. Trafikkmengda langs Rv.13 i sommarvekene er ofte opp mot 300 -400 kt/time og dette overstig kapasiteten mange stader. Dette resulterer ofte i omfattande køar og periodar med kaotiske trafikktilhøve der trafikken står fast over lang tid.

Figur 6. Figur 7. Døgnvariasjon for trafikken langs Rv.13 ved Bu 20.7.2020. Kjelde: www.trafikkdata.no.

Ullensvang Reiseliv 8

Rv.13, Skare - Bu Trafikkanalyse

Figur 8. Smal veg på strekninga mellom Kinsarvik og Bu medfører store utfordingar for trafikkavviklinga i sommarhalvåret. Foto: privat.

Ullensvang Reiseliv 9 Rv.13, Skare - Bu Trafikkanalyse

Stor skredfare

I samband med NTP 2022-33 er det gjort kartleggingar av skredfare (Ref. 4). Rv.13 har fleire skredutsette punkt.

Gjennom bruk av ein reknemodell for skredfaktor får alle skredpunkt utrekna skredfaktor. Reknemodellen består av seks ulike faktorar som skildrar ulike tilhøve knytt til skredfare og framkomst på den utsette strekninga. Dette har gitt grunnlag for å kategorisere skredpunkta som vist under:

Figur 9. Kartlegging av skredfare langs riksvegnettet i Region Vest (Ref.4).

Rv.13 har fleire skredpunkt innanfor kategoriane middels og høg, særleg på delstrekninga mellom Skare (kryss med E134) og Odda.

Høg ulykkesrisiko

Rute 4c som omfattar Rv9 og Rv.13, har saman med Rv15 den høgaste ulukkesrisikoen blant alle riksvegane i landet:

Ullensvang Reiseliv 10

Rv.13, Skare - Bu Trafikkanalyse

Ulykkesrisiko på riksveirutene i Norge

4c. Rv 9 Kristiansand–Haukeligrend og rv 13/ rv 55 Jøsendal–Voss–Hella–Sogndal 6c. Rv 15 Otta–Måløy 5c. E16 Sandvika–Bergen og rv 5 Lærdal–Florø 6b. Rv 3 Kolomoen–Ulsberg med tilknytninger 8a. E6 Fauske–Nordkjosbotn med tilknytninger 5b. Rv 7 Hønefoss–Bu og rv 52 Gol–Borlaug 6e. Rv 70 Oppdal–Kristiansund med tilknytninger 8b. E6 Nordkjosbotn – Kirkenes med tilknytninger 4b. E39 Ålesund–Trondheim 5a. E134 Drammen–Haugesund med tilknytninger 7. E6 Trondheim–Fauske med tilknytninger 2b. Rv 2 Riksgrensen/ Magnor–Kløfta og rv 35 Jessheim–Hønefoss med tilknytninger 4a. E39 Stavanger–Bergen–Ålesund med tilknytninger 6d. E136 Dombås–Ålesund med tilknytninger 2a. E18 Riksgrensen/Ørje–Oslo 6a. E6 Oslo–Trondheim med tilknytninger 3. E18/E39 Oslo–Kristiansand–Stavanger med tilknytninger E6 Riksgrensen/ Svinesund–Oslo med tilknytningermed tilknytninger

0 0,1 0,2 0,3 0,4 0,5 0,6 0,7 0,8 Skadekostnad pr. kjt.km 2008-2013

Figur 10. Utrekna skadegrad pr. køyretykilometer basert på ulukkesdata frå perioden 2008-13. Kjelde Riksvegutredningen 2015 (Statens vegvesen). Rv.13 er særleg utsett for utforkøyringsulykker som i stor grad kan knytast til redusert vegstandard.

Manglande tilrettelegging for mjuke trafikantar

RV.13 har i liten grad lagt til rette for skjerma areal til mjuke trafikantar i områda omkring tettstadene. Dette skapar utryggleik for gåande og syklande, og sidan år 2000 er det registrert i alt 34 personskadeulukker med fotgjengarar og syklistar på Rv.13 mellom Skare og Bu:

Figur 11. Antall fotgjengar- og sykkelulukkar dei siste 20 åra. Kjelde: Nasjonal vegdatabank (Statens vegvesen). Dei fleste ulukkene med mjuke trafikantar skjer i Odda-området.

Ullensvang Reiseliv 11 Rv.13, Skare - Bu Trafikkanalyse

Figur 12. Antall trafikkulukker med personskade 2000-2020 i Odda sentrum fordelt på uhellskategori. Kjelde: Nasjonal vegdatabank (NVDB, Statens vegvesen).

Odda sentrum er eit trafikalt knutepunkt med mykje gjennomgangstrafikk. Gatenettet har ikkje den standarden som må til for å ivareta alle trafikantgruppene sine behov, og det har lenge vore arbeidd med ein tiltakspakke for å betre trafikkforholda. Aukande trafikkmengd langs Rv.13 vil medverke til at utfordringane med trafikkavvikling og trafikktryggleik i sentrumsområdet vert forsterka.

3.4 Konsekvensar

Rv.13 er rasutsett og har den høgaste ulukkesrisikoen blant alle riksvegane i Norge. Dette medfører over tid, høge samfunnsmessige kostnadar knytt til liv og helse.

Dei utrygge trafikkforholda og skredfaren verkar avvisande på trafikantane, og saman med sterkt redusert framkomst i sommarhalvåret, er det grunn til å tru at dette har stor negativ innverknad på næringsliv og turisme. Mange reiselivsverksemder byggjer drifta på køyrande trafikk. Med aukande risiko for å sitte fast i kø, i tillegg til generell utryggleik på grunn av høy ulukkesrisiko og skredfare, er det grunn til å frykte at dette er med å svekke grunnlag for mange reiselivsbaserte verksemder i Hardanger.

Den reduserte framkomsten på delar av strekninga i sommarhalvåret utgjer også ein trussel for beredskapen og framkomst for kritiske samfunnsfunksjonar (helsetenester, drift av straumnettet mv.). Ullensvang kommune har i brev til Samferdselsdepartementet 27.11.2020 uttrykt bekymring for beredskapen på delstrekningar langs Rv.13. Kommunen peikar på at når trafikken stoppar i dette området, er det svært krevjande å få fram ressursar til folk, eller objekter som treng bistand. Vegen er så smal, og det er få plassar til å få trafikken vekk, slik at naudetatane kan sleppe fram. Kommunen har beredskapsressursar i både nord og sør, men dette hjelper ikkje når dei ikkje kan sleppe gjennom. Frå sjøsida er det ikkje mange områder med tilgang, og frå lufta er det svært få landingsplassar langs riksveg 13 med helikopter.

Ullensvang Reiseliv 12

Rv.13, Skare - Bu Trafikkanalyse

Figur 13. Ein trafikksituasjon om sommaren prega av køar, kaos, utryggleik og lang ventetid er ein vesentleg risikofaktor for liv, helse, beredskap og svært uheldig for næringsgrunnlaget for mange reiselivsverksemder i regionen. Dårleg og uviss framkomst gir høge transportkostnader og uvisse omkring framkomst av varer/gods som også råkar mange andre næringsverksemder lokalt, samt gjennomgåande næringstrafikk. Foto: privat.

Ullensvang Reiseliv 13 Rv.13, Skare - Bu Trafikkanalyse

4 FRAMTIDIG TRAFIKKSITUASJON

4.1 Føresetnader for trafikkprognose 2050

Det er utarbeidd ein trafikkprognose for 2050 (Scenario2050).

Utgangspunktet for prognosen er eksisterande vegnett + prosjekt som er under utbygging, samt prioriterte prosjekt i NTP 2022-33. For hovudvegnettet er det lagt til grunn at den strategiske satsinga som NTP 2022-33 legg opp til vert vidareført i neste periode. Dette betyr mellom anna at det er føresett utbygging av ferjefri E39 mellom Bergen og Stavanger og mellom Sandvika og Hønefoss, samt ny veg/jernbane på E16 mellom og Voss.

Når det gjeld vidare utbygging av E134, rv.52 og rv.7 i tråd med funksjonsdelinga, er det lagt til grunn dei igangsette satsingane i NTP 2022-33, samt tilrådingar frå KVU’ane og Statens vegvesen sine rutevise utgreiingar.

Tunnel Hemsedal Klauvaneset Robru Stanghelle Voss Vågsbotn Gol øst Svenkerud Arna Fjøsanger Dyranut (K2) Haugastøl (H2)-standard

Svegatjørn

Ørgenvika

Hønefoss

Ådland Seljestad Røldal Skaret Vågsli Sandvika

Strømsåstunnelen Damåsen Gvammen Elgsjø Saggrenda Århus Scenario NTP2050

Figur 14. Oversikt over føresette, nye veginvesteringar i Scenario NTP2050. Vegtiltaka som er lagt inn i trafikkprognosen for 2050 samsvarar godt med prioriteringane i NTP 2022-33. Her inngår mellom anna oppstart av store prosjekt som E39, Svegatjørn-Ådland (), E16 Arna-Stanghelle og E134, Røldal-Seljestad. Det vert lagt til grunn at dette er ei strategisk satsing som inneber at strekningane vert bygd vidare ut fram mot 2050, mellom anna med delstrekningane: • E16, Stanghelle- Voss • E134, Røldal-Vågsli • E134 Gvammen- Århus

Når det gjeld Rv.52, er det i NTP 2022-33 sett av ca. 450 mill.kr. til utbetringar mellom Gol og grense fylke. For Rv.7 er det lagt inn 500 millionar til utbetringar av strekninga Ørgenvika - Svenkerud. Trafikkprognosen legg til grunn at utbetringane av Rv.7 og Rv.52 held fram vidare mot 2050, med mellom anna utbetringar av høgfjellpartia på strekningane.

Ullensvang Reiseliv 14

Rv.13, Skare - Bu Trafikkanalyse

4.2 Trafikkmengd

Resultata av trafikkberekningane er som følgjer:

4.500

8.900

3.500

1.800 1.900 2.800 400

1.800

400 900

11.300 1.100

2.600

2.300 Trafikkprognose 2.100 NTP 2050

Figur 15. Prognose for trafikkmengd i 2050 (ÅDT) basert på regional transportmodell (RTM). Prognosen syner at utviklinga av både E39 og alle aust-vest sambanda fører til styrkja transportfunksjon og trafikkvekst på Rv.13 som bindeledd mellom hovudvegsambanda.

Det er rekna opp mot 40% trafikkauke på den nordre delen av Rv.13 mellom Kinsarvik og Bu:

50%

62%

59%

38% -21% 100% -43%

29%

-18% -43%

320% -21%

4%

28% Relativ endring i ÅDT 24% 2019 - 2050

Figur 16. Forventa relativ endring av trafikkmengd frå noverande nivå til 2050. Den store trafikkauken langs Rv.13 har mellom anna samanheng med at det er venta stor trafikkauke i aksen Rv.7 – E16 mot Bergen som følgje av E16-utbygginga. Dette fører til at meir

Ullensvang Reiseliv 15 Rv.13, Skare - Bu Trafikkanalyse av den regionale trafikken mellom Hardanger og Bergensområdet vert leia nordover mot E16. Nedbetalt Hardangerbru er også ein medverkande forklaring på trafikkauken.

I tillegg vert transportfunksjonen for Rv.13 som bindeledd mellom E134 og dei øvrige aust-vest sambanda forsterka av vegtiltaka på mellom anna E134 og E16, og dette skapar auka trafikk. Rogfast er også med å skape auka trafikk på Rv 13, ved at lange reiser frå Stavanger-området mot Viken, Innlandet og Trøndelag får ferjefritt samband via E134 og Rv.13.

Prognosen for 2050 syner at trafikkgrunnlaget for eksisterande, diagonale samband mellom Odda og Bergen vert svekka, mellom anna på grunn av føreset utbygging av E16 og E39.

Dersom det vert bygd ut eit nytt diagonalt samband mellom Odda og Bergen (Hordalandsdiagonalen) kan det forventast vesentleg trafikkauke mellom E134 og Bergen via den søre delen av Rv. 13 (Skare-Odda). Modellutrekningar synar ein trafikkauke frå noverande ca. 2.500 ÅDT til ca. 4.000 -5000 ÅDT med Hordalandsdiagonalen. Trafikkmodellutrekningar syner at trafikken langs den nordre delen av Rv. 13 mellom Odda og Bu i ein slik situasjon vert uendra frå dagens nivå. Ny diagonal vil m.a.o. svekke Rv.13 sin transportfunksjon nord for Odda.

I trafikkprognosen for 2050 er det ikkje lagt inn utbygging av Hordalandsdiagonalen. Det er starta opp arbeid med KVU på strekninga, og handsaminga av denne vil avklare om dette prosjektet vil vere aktuelt for utbygging fram mot 2050.

4.3 Transportfunksjon og reisemønster

Det er sett nærare på forventa reisemønster i 2050 for dei som nyttar Rv. 13.

Trafikkfordeling Rv.13 – snitt nord Trafikkfordeling Rv.13 – snitt sør

Figur 17. Selected link som viser fordeling av trafikken som passerer dei to snitta på Rv.13 (RTM). Basert på analyse av trafikkmønster i modellert trafikksituasjon i 2050, er framtidig transportmønster for dei som køyrer Rv.13 rekna som følgjer:

Ullensvang Reiseliv 16

Rv.13, Skare - Bu Trafikkanalyse

5%

Rv.13 2% E16

9% 20% E16 Lokaltrafikk Voss/

Rv.7 38%

26% Lokaltrafikk Ullensvang nord

4% 44% Fv.49 Lokaltrafikk Ullensvang sør

E134 15% E134 Rv.13

3% 19%

15%

Figur 18. illustrasjon av forventa, framtidig trafikkmønster for dei som passerar det gule snittet langs Rv.13 (RTM). Analysen syner at 44% av reisemål/reisestart sør for snittet er lokalt i Odda-området, medan 15% kjem frå/skal til E134 mot aust. Heile 34% av trafikken kjem frå/skal til Rogaland, mellom anna 15% til Stavanger-regionen, der mykje av forklaringa på det ligg i Rogfast-sambandet.

Nord for snittet er reisemåla/reisestart 26% lokalt i Ullensvang og ca. 9% i Voss/Ulvik. Ein stor del av trafikken skal til/kjem/frå Rv.7 (38%), og dette synleggjer det viktige samspelet mellom Rv.13 og Rv.7. Om lag 20% av trafikken skal til/kjem frå E16 i retning Bergen, og om lag 7% nordover mot Sogn og E16 i retning aust.

Fordelar vi trafikkstraumane i tre kategoriar; lokaltrafikk, regional (lokaltilknytta) trafikk og gjennomgangstrafikk (lange reiser) – får vi følgjande trafikkfordeling:

Ullensvang Reiseliv 17 Rv.13, Skare - Bu Trafikkanalyse

Lokaltrafikk Ullensvang: 12% Lokaltilknyttet trafikk til/fra Ullensvang: 48%

Gjennomgangstrafikk: 40%

Figur 19. Utrekna, forventa trafikkfordeling for dei som nyttar Rv. 13 i Scenario2050 (RTM). Oversikten syner at brukarane av Rv.13 i framtida vil i stor grad være nasjonal trafikk (lange reiser) og regional trafikk til/frå Hardanger. Om lag 12% er lokaltrafikk internt i kommunen.

Dette syner Rv. 13 sin viktige funksjon som regional og nasjonal transportåre/hovudveg.

4.4 Vurdering

Analysen av forventa trafikkutvikling og framtidig transportfunksjon og reisemønster syner at Rv.13 vil få auka betydning som indre hovudveg nord-sør. Utbygginga av E39 Bergen- Stavanger E16 Arna-Voss, samt aust-vest sambanda E134, Rv.7 og Rv.52 vil forsterke bindeleddfunksjonen til Rv.13, og trafikken er venta å auke med opp mot 40%. Om lag 85% - 90% av trafikken langs Rv. 13 er regionale og nasjonale trafikkstraumar.

Rv.13 har ikkje vegstandard eller kapasitet til å handtere forventa trafikkvekst, og det er naudsynt med omfattande utbetringar for å sikre akseptabel framkomst og trafikktryggleik.

Ullensvang Reiseliv 18

Rv.13, Skare - Bu Trafikkanalyse

5 TILTAKSBEHOV OG UTBYGGINGSSTRATEGI

5.1 Behov

Statens vegvesen har i Riksvegutgreiinga 2015 kalkulert med eit samla investeringsbehov for Rv.13 mellom Skare og Bu på ca. 4,5 mrd.kr. fram mot 2050.

Statens vegvesen har seinare, i ein presentasjon frå 21.10.2019, skildra konkrete behov på delstrekningar, som del av deira innspel til NTP 2022-33. I denne oversikten går det fram at investeringsbehovet er kraftig auka frå estimatet i 2015, og det er svært ulike behov på dei einskilde delstrekningane. Statens vegvesen har peika på følgjande behov:

Delstrekning Tiltaksbehov Estimert kostnad (ca.) Skare-Sandvinvatnet Ny tunnel 9km, ny veg 4 km 3.300 mill.kr. Sandvinvatnet-Tyssedal Utbetringar og skredsikring 345 mill.kr. Tyssedal-Kinsarvik Tunnelar, skredsikring, utbetringar mv. 2.233 mill.kr. Kinsarvik-Bu Tunnelar, utbetringar mv. 1.306 mill.kr. SUM 7.184 mill.kr.

Statens vegvesen sin oppdaterte behovsoversikt syner vesentleg auka investeringsbehov etter framlegging av Riksvegutgreiinga i 2015. Samla investeringsbehov mellom Skare og Bu er no rekna til ca. 7,2 mrd. (2019-kr).

I NTP 2022-33 er tiltaksbehova for strekninga mellom Skare og Sogndal skildra slik: «Rv. 13 fra Skare til Sogndal har rundt 30 identifiserte skredpunkter hvor vel 20 av disse er kategorisert med middels og høy skredfare. I tillegg til rasfare er veien stedvis svært smal, og det er mange ulykker i forhold til trafikkmengden. I det videre planleggingsarbeidet vil Nye Veier kunne prioritere investeringer som reduserer rasfare og gir en bedre veistandard.»

I Regjeringa sine NTP-sider går det fram av fylkesoversiktene at «Nye Veier har spilt inn at de legger opp til å bruke om lag 3 milliarder kroner på strekningen. I tråd med Nye Veiers mandat vil det være opp til styret i selskapet å vurdere utbyggingsrekkefølge og oppstartstidspunkt.»

Nye Veier AS foreslår å kanalisere investeringane til to delstrekningar; Skare – Bu (kryss Rv.7) og Vinje – Vangsnes.

5.2 Utbyggingsstrategi

Vidare utbygging av Rv.13 mellom Skare og Bu er i NTP 2022-33 foreslått gjennomført i regi av Nye Veier AS. Prioritering av tiltak vil vere styrt av Nye Veier AS, der dei har som utgangspunkt å redusere kostnader og få mest mogleg samfunnsnytte per. investert krone.

Nye Veier vil utarbeide ein heilskapleg plan for utvikling av Rv. 13 der ein også ser Rv. 13 i samanheng med tilgrensande prosjekt som kan endre Rv.13 sin funksjon. Nye Veier uttaler i sitt innspill til NTP at «Den helhetlige planen må blant annet vurderes opp mot andre tilgrensende prosjekt på strekningene som muligens vil medføre en reduksjon av Rv. 13 sin rolle, som for eksempel en fremtidig arm til Bergen fra E134.».

Ullensvang Reiseliv 19 Rv.13, Skare - Bu Trafikkanalyse

Trafikkanalysen stadfester at eventuell utbygging av ein framtidig arm mellom E134 til Bergen vil påverke Rv.13 sin transportfunksjon. Med arm til Bergen vert den søre delen av Rv.13 (Skare-Odda) del av det nye hovudvegsambandet, og er venta å få auka trafikkmengd frå omlag 2.500 ÅDT i dag til ca. 4.000 - 5.000 ÅDT med arm til Bergen. Rv.13 nord for Odda vil i ein slik situasjon få trafikkmengd som i dag (ca. 1.400 ÅDT).

Det vil vere Nye Veier sine samla analyser av alternative prioriteringar av delprosjekt med overordna mål om mest mogleg nytte for pengane, som vil vere styrande for utbyggingsrekkefølgje. Som innspel til dette gir trafikkanalysen grunnlag for følgjande generelle vurderingar omkring prioritering av tiltak:

Tiltakstype Primært føremål Tilrådd prioritering Vegutbetring/tunnelar og Betre framkomst 1. Kinsarvik-Bu vegutviding/møteplassar og trafikktryggleik Tunnelar/vegutbetring/ Redusere skredfare Vurderast etter eigne kriteria skredsikring

Når det gjeld skredsikring vert det lagt til grunn at Statens vegvesen/ Nye Veier AS prioriterer midlar etter risikovurderingar der ein ser på kor ein får mest mogleg igjen for investeringane.

Når det gjeld tiltak som har som primært føremål å betre framkomst og trafikktryggleik, vert det på grunnlag av trafikkanalysen tilrådd å prioritere strekninga mellom Kinsarvik og Bu.

Grunngjevinga for dette er:

• Strekninga har allereie i dag kritisk dårleg framkomst i sommarhalvåret, med store negative verknader for tryggleik, beredskap og næringsutvikling.

• Kinsarvik-Bu er den delstrekninga som er venta å få sterkast trafikkutvikling mot 2050. Mykje av trafikkveksten kan kome dei næraste 5-10 åra som effekt av utbygginga av E16, E39 (Rogfast) og E134, samt gratis Hardangerbru ca. 2028-2030. Utan nye vegutbetringstiltak på plass mellom Kinsarvik og Bu i ein tidleg fase kan trafikkavviklingsproblema om sommaren eskalere og medføre ein svært kritisk / ytterlegare forverra trafikksituasjon i regionen i åra framover.

Samla kostnad for vegutbetring mellom Kinsarvik og Bu er rekna av Statens vegvesen til ca. 1.3 mrd. kr. Dette er godt innanfor samla ramme på 3,0 mrd. kr. i NTP for heile strekninga. Det vert tilrådd at Nye Veier AS vurderer kva for tiltak som bør inngå i ein kortsiktig utbyggingsetappe for å fjerne dei største flaskehalsane og dermed unngå ein svært kritisk trafikksituasjon om 5-10 år.

Ullensvang Reiseliv 20

Rv.13, Skare - Bu Trafikkanalyse

6 OPPSUMMERING OG KONKLUSJON

Rv. 13 mellom Skare i sør (kryss med E134) og Hardangerbrua i nord (kryss med Rv.7) har særs dårleg vegstandard. Strekninga er utsett for skredfare, og har i tillegg fleire parti med smal veg som gir store utfordringar for framkomst og trafikktryggleik.

Med aukande trafikk dei siste åra har dei mange flaskehalsane langs Rv. 13 ført til omfattande problem med framkomst og beredskap i sommarhalvåret. Dette gjeld i første rekkje delstrekninga mellom Kinsarvik og Bu, der trafikkforholda om sommaren dei siste åra har vært kaotiske. Som følgje av dette har Statens vegvesen sett i verk trafikkregulerande tiltak (signalanlegg), men dette har ikkje løyst dei underliggjande utfordringane med dårleg vegstandard og redusert framkomst. I normal sommartrafikk er det framleis lange køar og ventetid ved signalanlegga som ofte forplantar seg i nye trafikkavviklingsproblem på andre delstrekningar. Sommaren 2020 medførte dette at Statens vegvesen måtte innføre kolonnekøyring på tilstøytane strekning.

Ein trafikksituasjon om sommaren prega av køar, kaos, utryggleik og lang ventetid er ein vesentleg risikofaktor for liv, helse, beredskap og drift av samfunnskritiske funksjonar. Dårleg og uviss framkomst gir høge transportkostnader og uvisse omkring framkomst av varer/gods som råkar mange næringsverksemder lokalt og gjennomgåande næringstrafikk. For reiselivsnæringa er dei vanskelege trafikkforholda med å gjere regionen mindre attraktiv for kundar/besøkjande som kjem med bil, bubilar og bussar.

Statens vegvesen har som mål at Rv. 13 «skal være en påliteleg og trafikksikker transportkorridor» og den skal framstå som «attraktiv for reiseliv og turisme».

Basert på ein trafikkprognose for 2050 som legg til grunn ei vidareføring av satsingane i NTP 2022-33, er det venta opp mot 40% trafikkvekst langs Rv. 13. Analysen av forventa trafikkutvikling og framtidig reisemønster syner at Rv.13 vil få auka betydning som indre hovudveg nord-sør. Utbygginga av E39 Bergen-Stavanger, E16 Arna-Voss, samt aust-vest sambanda E134, Rv.7 og Rv.52 vil forsterke bindeleddfunksjonen til Rv.13, og det meste av trafikken i 2050 er regionale og nasjonale trafikkstraumar.

Rv.13 har ikkje vegstandard eller kapasitet til å handtere forventa trafikkvekst, og det er naudsynt med omfattande utbetringar for å sikre akseptabel framkomst og trafikktryggleik. Det er behov for både kortsiktige og langsiktige tiltak for å utvikle Rv. 13 slik at sambandet er rusta til å handtere forventa, framtidig trafikkvekst.

Vidare utbygging av Rv.13 mellom Skare og Bu er i NTP 2022-33 foreslått gjennomført i regi av Nye Veier AS. Prioritering av tiltak vil vere styrt av Nye Veier AS, der dei har som utgangspunkt å effektivisere utbygginga og få mest mogleg samfunnsnytte per. investert krone. Nye Veier har foreslått å investere ca. 3 mrd. kr. på delstrekningane Skare-Bu og Vinje- Vangsnes.

Når det gjeld skredsikringstiltak vert det lagt til grunn at prioritering vil skje etter risikovurderingar og eigne kriteria knytt til å få mest mogleg effekt av investeringane.

Når det gjeld generelle vegutbetringstiltak for å betre framkomst og generell trafikktryggleik vert det ut i frå Rv. 13 sin transportfunksjon og utfordringar med framkomst i dag, samt forventa framtidige trafikkendringar, tilrådd å prioritere delstrekninga Kinsarvik-Bu.

Ullensvang Reiseliv 21 Rv.13, Skare - Bu Trafikkanalyse

Grunngjevinga for dette er:

• Strekninga har allereie i dag kritisk dårleg framkomst i sommarhalvåret, med store negative verknader for tryggleik og næringsutvikling.

• Kinsarvik-Bu er den delstrekninga som er venta å få sterkast trafikkutvikling mot 2050 (40% trafikkauke). Mykje av trafikkveksten kan kome dei næraste 5-10 åra som effekt av utbygginga av E16, E39 (Rogfast) og E134, samt nedbetalt Hardangerbru. Utan nye vegutbetringstiltak på plass mellom Kinsarvik og Bu i ein tidleg fase kan trafikkavviklingsproblema om sommaren eskalere og medføre ein svært kritisk / ytterlegare forverra trafikksituasjon i regionen.

Samla kostnad for vegutbetring mellom Kinsarvik og Bu er rekna av Statens vegvesen til ca. 1.3 mrd. kr. Dette er godt innanfor samla ramme på 3,0 mrd. kr. i NTP for heile strekninga.

Det vert tilrådd at Nye Veier AS vurderer kva for tiltak som bør inngå i ein kortsiktig utbyggingsetappe for å fjerne dei største flaskehalsane mellom Kinsarvik og Bu og dermed unngå ein svært kritisk trafikksituasjon om 5-10 år.

Ullensvang Reiseliv 22

Rv.13, Skare - Bu Trafikkanalyse

7 REFERANSAR

1. Riksvegutredningen 2015 (Statens vegvesen, mars 2015) 2. Meld. St. 20 (2020-21), Nasjonal transportplan 2022-33 3. Nye Veiers prioriteringer, NTP 2022-33 (Nye Veier AS) 4. Skredsikringsbehov for riks- og fylkesvegar i Region vest, (Statens vegvesen, 3.12.2019). 5. St.meld. 33 2016-2017, Nasjonal transportplan 2018-29. 6. Transportanalyse for Rv.7 (Sivilingeniør Helge Hopen, 26.3.2019)

Ullensvang Reiseliv 23 Rv.13, Skare - Bu Trafikkanalyse

8 VEDLEGG 1, FØRESETNADER FOR TRAFIKKPROGNOSE 2050

Føresetnadene for Scenario NTP2050 når det gjeld tiltak på vegnettet er skildra her.

Utbygging av E16 og E39

I Scenario NTP2050 er det lagt til grunn ferjefri veg mellom Bergen og Stavanger med utbygging av ny veg Svegatjørn-Ådland (Hordfast). I tillegg er det føresett at framtidig Ringveg aust i Bergen vert bygd ut, samt ny E16 Bergen-Voss og Hønefoss-Sandvika:

Klauvaneset Stanghelle Voss Vågsbotn

Arna Fjøsanger

Svegatjørn

Hønefoss

Ådland

Skaret

Sandvika

Figur 20. Føresette utbyggingar av E16 og E39 i Scenario NTP2050 (nye, store prosjekt). Basert på gjeldande handlingsprogram for NTP i perioden 2018-23 (29) er opp mot 60% av denne utbygginga finansiert i perioden 2018-29. NTP 2022-33 stadfester denne satsinga og det ligg inne investeringsmidlar for oppstart av alle prosjekt i første 6-årsperiode, unntatt ringveg aust i Bergen.

Utbygging av E134

E134 skal utviklast vidare som hovudveg aust-vest, og i NTP-perioden 2022-33 er det i første 6- årsperiode lagt inn 2,5 mrd. til Røldal-Seljestad og 1,2 mrd. til Saggrenda-Elgsjø. I scenario NTP2050 er det lagt til grunn at denne satsinga vidareførast med ytterlegare nye, store prosjekt i neste planperiode. Til saman er det lagt inn ei føresett utbygging av E134 på om lag 15 mrd. kr. fram mot 2050.

Figur 21. Føresette utbyggingar av E134 i Scenario NTP2050 (nye, store prosjekt).

Ullensvang Reiseliv 24

Rv.13, Skare - Bu Trafikkanalyse

Utbygging av rv.52 og rv.7

I Scenario NTP2050 er det lagt til grunn regjeringas føresetnad om at rv.52 skal utviklast som hovudveg for næringstransport og rv.7 skal vere hovudveg for reiseliv og persontransport der ein også skal løyse villreinproblematikken.

Som grunnlag for føresett utbygging av rv.52 er det lagt til grunn Statens vegvesen sin tilråding i KVU Voss-Gol om prioriterte tiltak på rv.52 (ref.7) :

1. Svenkerud-Gol Øst-Robru 2. Tunnel forbi Hemsedal 3. Tiltak på fjellovergang

Av omsyn til at alle hovudvegane aust-vest skal utviklast, er det i Scenario NTP2050 berre tatt med dei to høgast prioriterte prosjekta. Desse to prosjekta vil vere svært viktige i utvikling av rv.52 som hovudveg for næringstransport ved å leie trafikken utanom tettstadene Hemsedal og Gol sentrum. Dette vil gje både transportøkonomiske, miljømessige og trafikksikkerheitsmessige gevinstar.

Når det gjeld rv.7 er det lagt til grunn Statens vegvesen sin tilråding i KVU’en om konsept K2 over Hardangervidda (korte tunnelar). Konseptet kan utviklast i etappar, og vil gje store forbetringar for vinterregularitet, villreinproblematikken og trafikktryggleik. Dette vil være avgjerande tiltak for å utvikle persontransporten og reiselivsnæringane i regionen, samstundes som ein tek vare på naturmiljø (villrein) og trafikktryggleik.

På rv.7 aust for Gol vil både rv.7-trafikken og rv.52-trafikken ha nytte av tiltak. Hovudutfordringane her er å betre framkomst og trafikktryggleik. Det er her lagt til grunn tilrådingane frå Statens vegvesen sine rutevise utgreiingar om å utvikle strekninga rv.7 Svenkerud-Ørgenvika til H2-standard (ref.1). Dette har først og fremst betydning for trafikktryggleik og framkomst (midtrekkverk og strekningar med forbikøyringsmoglegheit).

Utbetring til (H2)-standard

Figur 22. Føresette utbyggingar av E16 og E39 i Scenario NTP2050 (nye prosjekt og utbetringar). I NTP-framlegget 2022-33 er det lagt inn totalt ca. 1 mrd. til utbetringsprosjekt langs Rv.52 og Rv.7. I prognosen for 2050 er det føresett at satsinga vidareførast i tråd med funksjonsdelingsvedtaket.

Når det gjeld koding av prosjekta i transportmodellen er det lagt til grunn vegstandard og fartsnivå som føresett i gjeldande planar og rutevise utgreiingar.

Ullensvang Reiseliv 25 Rv.13, Skare - Bu Trafikkanalyse

Samla oversikt

Scenario NTP2050 er eksisterande vegnett + gjennomføring av vedtatte prosjekt og strategiske satsingar i NTP, samt forventa utvikling av aust-vest sambanda i tråd med funksjonsdelingsvedtaket. Følgjande prosjekt inngår i Scenario NTP2050:

Tunnel Hemsedal Klauvaneset Robru Stanghelle Voss Vågsbotn Gol øst Svenkerud Arna Fjøsanger Dyranut (K2) Haugastøl (H2)-standard

Svegatjørn

Ørgenvika

Hønefoss

Ådland Seljestad Røldal Skaret Vågsli Sandvika

Strømsåstunnelen Damåsen Gvammen Elgsjø Saggrenda Århus Scenario NTP2050

Figur 23. Oversikt over føresette, nye veginvesteringar på E134,rv.52 og rv.7 i Scenario NTP2050. Basert på førebelse, grove kostnadsoverslag inneber dette følgjande investeringsomfang på hovudvegane aust vest:

x E16

9,4 mrd Rv.52 Scenario 2050 - investeringsoversikt Voss Gol 16 14,4 14 4,5 mrd Rv.7 5,0 mrd 12 Rv.7

10 9,4 9,5 kr Hønefoss - 8

E134 Mrd. 2018Mrd. 6

4 Drammen 2 Haugesund 14,4 mrd 0 E134 Rv.52 Rv.7 Figur 24. Oversikt over fordelinga av nye veginvesteringar på E134,rv.52 og rv.7 i Scenario NTP2050.

Oversikten syner at det er lagt opp til sterkast prioritering av E134, med samla investeringar på opp mot ca. 15 mrd. kr. For rv.7 og rv.52 er det føresett investeringar på om lag 9-10 mrd. kr. Når det gjeld rv.7 er investeringane på Hardangervidda rekna til 4-5 mrd., medan ca. 5 mrd. handlar om å betre vegstandard og trafikktryggleik på eksisterande ved aust for Gol, noko som vil komme både rv.7- og rv.52-trafikken til gode.

Ullensvang Reiseliv 26

Rv.13, Skare - Bu Trafikkanalyse

Org. Nr. 984 492 405

Ulsnes Gard 08.04.2021

Etterord «Trafikkanalyse RV.13 Skare-Bu»

Styret i Ullensvang Reiseliv ynskjer å takke alle som har bidrege til realiseringa av denne rapporten. UR inviterte næringsliv, kommunar og privatpersonar i regionen til ei kronerulling i 2020 for å løfte vegstrekninga fram i lyset.

UR er ein organisasjon med 70 medlemsbedrifter frå hovudsakleg Ullensvang kommune, men også frå nabokommunane. Bidragsytarane til rapporten finn me i heile regionen Hardanger/Voss, fordelt slik;

Privat næringsliv 64% Privatpersonar 9% Kommunar 27%

UR vart stifta i 1993 under namnet Ullensvang Næringsforum, og me har fokusert mykje på samferdsle som rammevilkår for næringane våre i Hardanger. I aukande grad har me kome til erkjenninga at tolegrensa for dagens Rv13 i Ullensvang er nådd allereie, og det vart årsmøtet i 2020 som valte ein transportanalyse utført av Sivilingeniør Helge Hopen AS som verkemiddel for å belyse dette.

Styret til Ullensvang Reiseliv har i perioden bestått av Geir Midtun, Monika Jakobsen, Gunnar Dalseth, Elisabeth W. Hauge og Lars Inge Thorset. Dagleg leiar Kristine Hesthamar Lund.

for styret

Lars Inge Thorset

-styreleiar-

Postboks 53, 5782 Kinsarvik. Besøksadr: Smelteverket 57, 5750 Odda

E-post: [email protected] Tel: 53 66 31 12

Ullensvang Reiseliv 27