Årsmelding 2017

Total Page:16

File Type:pdf, Size:1020Kb

Årsmelding 2017 1 av 23 ÅRSMELDING 2017 ÅRSMELDING 2017 - Sogn og Fjordane Bondelag Med ny teknologi og nye arkivsystem ligg svært mykje av fylkeslaget sitt arbeid allereie lagra digitalt. Det vedkjem både saksutgreiingar, e-postar og andre arkivverdige dokument som kjem inn til fylkeslaget. Fylkeslaget vil difor endre form på årsmeldinga. Årsmeldinga for 2017 er ei forkorta skriftleg utgåve i kombinasjon med ein video som skal synleggjere arbeidsåret 2017. Styret i Sogn og Fjordane Bondelag har i 2017 vore sett saman av Leiar: Anders Felde, Breim Bondelag Nestleiar: Ole-Ivar Aam Sognnes, Fjaler og Hyllestad Bondelag Styremedlemer: Kari Sigrun Lysne, Lærdal Bondelag Nils Magne Gjengedal, Hyen Bondelag Marianne Kvalvik Kvamme, Eikefjord Bondelag Varamedlemer: 1. Ole Bjarne Hovland, Årdal Bondelag 2. Inge Brekke, Høyanger Bondelag 3. Tor Arne Herstad, Naustdal Bondelag Året 2017 har til liks med året før vore prega av at mykje av landbrukspolitikken har vore sett i spel. Den nye Stortingsmeldinga om landbruket fekk fokus ved starten av året, avløyst av brot i jordbruksforhandlingane i mai og val til Stortinget i september. Det har vore brukt mykje tid og krefter på dialog med politikarar i mindre møte og i telefonen. Å bygge kunnskap hos dei som har makt til å gjere vedtaka på Stortinget og i regjering er og vil vere ein svært viktig jobb for Sogn og Fjordane Bondelag. Styret har hatt 9 styremøte og eitt styreseminar i løpet av 2017. Tre av møta var telefonmøte. Eitt med overnatting og dei andre som dagsmøte. Det er til saman handsama 33 protokollførte saker. Dei viktigaste sakene har vore: Innspel til ny Stortingsmelding om landbruket Fråsegn til jordbruksforhandlingene 2017 Drøfting av aksjonsformer og aksjonsberedskap Strategi for det politiske arbeidet - gjennomføring Medlemsverving – styrking av lokallagsarbeidet Regionreforma Handlingsplan 2018 – Regelverk for bruk av investeringsverkemidlane Arbeidd fram nytt utviklingsprosjekt på frukt/bær i tillegg til dei vi allereie er aktivt med i på storfe og sau Satsing på nettside og sosiale media Rovviltpolitikk – påtrykk for ekstraordinært uttak av jerv Synleggjere trongen for auka løyvingar til NVE – førebyggje flaumskader Styret har delteke på lokallagsårsmøte, regionmøte og fagmøte i lokallaga. Representantar frå fylkesstyret prøver så langt råd er å delta på alle tilskipingar i lokallaga der ein vert invitert. Sogn og Bondelag hadde pr. 31.12.2017 eit medlemstal på 3811, som er ein oppgang på 72 ! medlemer sett i høve til 31.12.2016. Fylkeslaget besto av 46 lokallag pr 31.12.17. Det vert vurdert samanslåing av lag i Gulen. To av 3 lag har positive vedtak på å slå seg saman. På nyåret har også Leikanger Bonelag teke initiativ overfor Sogndal Bondelag for å få til ei samanslåing. Endring av kommunestrukturar kan gjere det aktuelt med endring av grenser for laga og endra arbeidsformer også fleire andre stader. Samanslåing av lag må kome etter initiativ frå laga sjølve. 2 Stormøte på Skei – Ny landbruksmelding Heilt fantastisk å sjå kor mykje folk fylkeslaget klarte å samle til landbrukspolitisk debatt om landbruksmeldinga tysdag den 24. januar på Skei. Storsalen på Thon Hotel Jølster var smekk full, og folk måtte sitje i gangen utanfor. Kring 400 frammøtte. Møtet vart direkte «streama» på Landbruks- og Matdepartementet sine sider. Hovudinnleiarane i møtet var leiar i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes og Landbruks- og Matminister Jon Georg Dale. Fylkesleiar i Hordaland Bondelag Frøydis Haugen og vår eigen fylkesleiar Anders Felde medverka også på ein tydeleg og utfordrande måte i debatten. Matproduksjon er viktig og landbrukspolitikken engasjerer. Det syner oppmøtet og dei tidvis kraftfulle, men også humoristiske innslaga i debatten. Karakteristikken av den nye landbruksmeldinga som ei helsetrøye var eit godt bilete. Stor og omfangsrik, men med mange hol – «da tolast ikkje so mange fleire hol før saumen og samanhengen i landbrukspolitikken raknar»! Trongt om plassen 3 Tydeleg skepsis til det som Landbruks- og matminister Jon Georg Dale trur på. Den 31. januar brann det varselbål over heile landet mot endringar i landbrukspolitikken. Desse bileta er frå Mo og Øyrane vidaregåande skule og Hyen. Årsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag Fylkesårsmøtet vart skipa til på Gloppen Hotell på Sandane den 9. og 10. mars 2017. Det møtte 52 utsendingar med røysterett. 45 av dei frå lokallaga. Frå Norges Bondelag sitt styre møtte styremedlem Arnstein Røyneberg. Første dagen var det landbrukspolitisk debatt med listetoppane frå dei ulike politiske partia som innleiarar og debattantar. Desse møtte frå dei politiske partia: Ingrid Heggø, Ap, Brit Dalsbotten, Frp, Anders Kristian Sægrov, H, Tore Storehaug Krf, Liv Signe Navarsete, Sp, Hege Lothe, SV og Sveinung Rotevatn frå V. Politikarane var utfordra på å seie på kva måte og i kva retning dei ynskjer å utvikle landbruket i fylket. Det var stort og godt engasjement frå salen. Dag 2 var sett av til innleiingar frå Arnstein Røyneberg om ny landbruksmelding og forventningar til jordbruksoppgjeret. I tillegg innleia leiar i Naustdal Bondelag, Arild Herstad om deira gode arbeid med medlemsverving. Det er kjekt når engasjementet er så stort frå salen som det var på årsmøtet i Gloppen. Flott at mange tek ordet, stiller spørsmål og kjem med meiningane sine. Hald fram med det Ein gjeng frå mange lag med pluss i medlemstalet 4 Årsmøtet i Norges Bondelag Sogn og Fjordane Bondelag har rett på 7 utsendingar pluss fylkesleiar i årsmøtet. Desse møtte: Nils Magne Gjengedal, Knut Tore Nes Hjelle, Inge Brekke, Ole-Bjarne Hovland, Øyvind Magnus Mjønerud (vara for Ole-Ivar Aam Sognnes), Marianne Kvalvik Kvamme, Kari Sigrun Lysne og Anders Felde. Marita Skeie møtte frå fylkeskontoret. Fylkeslaget har dyktige utsendingar som ikkje er «skuggeredde». Dei fleste tok ordet i møtet, anten i form av innlegg eller replikkar, slik at fylkeslaget var eitt av dei mest synlege fylkeslaga i møtet. Tema i innlegg frå fylket var storfekjøtproduksjon, jordbruksavtala, økonomien på små og mellomstore bruk, investeringspakke, omsynet til struktur og distrikt, kontingent og prioriteringar innan frukt og bær. Deltakarane frå Sogn og Fjordane på Norges Bondelag sitt årsmøte i Østfold Styreseminar i Hyllestad I slutten av september gjennomførte styret eit styreseminar i Hyllestad med innlagt gardsbesøk i Ytre Fjaler og Hyllestad. Jordbrukssjefen i Fjaler og Askvoll, Geir Grytøyra deltok på bussturen. Han orienterte om landbruket i kommunane i Ytre Sunnfjord/Sogn. Ordføraren i Hyllestad, Morten Askvik, deltok også. Hovudfokus var grovfòrdyrking i område med stor hjorteplage og mykje nedbør. Leigejordproblematikk, investering i mjølkeproduksjonen og nye næringar med besøk på gard der dei produserer øl i staden for kjøt i fjøsen. Overnattinga var lagt til Løvli Gard i Hyllestad. 5 Leiarmøte Leiarmøtet vart skipa til på Thon Hotel i Jølster. Frå Norges Bondelag deltok generalsekretær Per Skorge. Eksterne innleiarar var politisk redaktør i Nationen Kato Nykvist og leiar i Dovre Bondelag Bjørnhild Vigerust. På dagsorden stod innleiingar og drøftingar om moglegheitene for landbruket etter Stortingsvalet 2017, lokallagsarbeid, medlemsverving, forsikring og ein open spørjetime der Per Skorge, Anders Felde og Ole- Ivar Aam Sognnes svarte på spørsmål om mange ulike tema frå salen. Det møtte 41 representantar frå lokallaga pluss fylkesstyret, vara, tilsette og personar med sentrale verv i organisasjonen. Kato Nykvist, Per Skorge, Bjørnhild Vigerust og Anders som takkar møteleiarane Bjarte Nordanger og Brit Brækhus. Rekneskapsførarkurset Det årlege tema- og skattekurset for rekneskapsførarar vart skipa til på Quality Hotel i Sogndal den oktober 2017. Temakurset fokuserte på Moglegheiter og fallgruver når det gjeld handtering av meirverdiavgift. Førelesar var Terje Bakke frå Ernst og Young Advokatfirma AS. På Skattekurset var det Arnstein Tveito frå Norges Bondelag sentralt og Rune Rylandsholm frå Formuesforvaltning Advokatfirma AS som førelas. Kring 70 rekneskapsførarar deltok. Kommunikasjon I 2017 har Fylkesbondelaget målretta styrka innsatsen brukt på nettsaker, lesarinnlegg, nyhende i media og sosiale media. Det er ein styrke for organisasjonen å ha tilsett eigen arbeidstakar med kompetanse innan journalistikk. Det er eit mål å få fram verdiskapinga i landbruket i fylket gjennom bilete, video og ord. Mellom anna hadde fylkeslaget ein eigen populær adventskalendar på Facebook med positive glimt frå landbruket knytt opp mot jul. Samstundes er det eit mål å styrke kompetansen til dei tillitsvalde på ulike nivå slik at dei i endå sterkare grad enn i dag medverkar til å spreie 6 bodskapen som vert lagt ut. I tillegg til bruk av nett og sosiale media har fylkeslaget hatt fleire lesarinnlegg på trykk i lokalavisene. Dei fleste signert av fylkesleiar Anders Felde, men også nestleiar Ole-Ivar Aam Sognnes og styremedlem Nils Magne Gjengedal har hatt lesarinnlegg på trykk. Det har også vore god dekning i radio og TV. Særleg i samband med stormøtet på Skei og brotet i jordbruksforhandlingane. Sogn og Fjordane Bondelag står fram med ei tydeleg røyst både lokalt og nasjonalt. Open Gard Open Gard vart skipa til på tre stader i fylket i 2017: I Nordalsfjorden i Flora kommune, På Fjordhestgarden på Breim og på, Mo og Øyrane Vidaregåande skule på Mo. Tilskipingane gjev dei besøkjande gode opplevingar, og spreier kunnskapar om norsk landbruk. Det vert gjort ein stor dugnadsinnsats for å få til arrangementa, tusen takk til alle som stilte opp. Det er mykje positivitet rundt Open Gard, og å få til endå fleire Open
Recommended publications
  • Naturarven Som Verdiskapar
    Breim Bygdeutviklingslag v/Reiel Felde 6826 Byrkjelo Byrkjelo 23.03.2010 Til Gloppen kommune: Gloppen/Jølster som deltakarar i prosjektet: Naturarven som verdiskapar Breim Bygdeutviklingslag viser til Miljøverndepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet si felles pressemelding 17.02.2010 om opptak av nye område i prosjektet Naturarven som verdiskapar. Vi ber med dette om at Gloppen kommune tek initiativ til å sende søknad, Bakgrunn: I pressemeldinga til departementa http://www.regjeringen.no/nb/dep/md/pressesenter/pressemeldinger/2010/Naturarven-som- verdiskaper.html?id=593525 heiter det m.a. at: ”Regjeringen bevilget 25 millioner kroner til verdiskapingsprogrammet ”Naturarven som verdiskaper” for 2010, en økning på 15 millioner fra 2009. Programmets mål er å øke verdien av verneområder og andre naturområder med spesielle kvaliteter. Midlene skal brukes til å legge grunnlaget for en sosial, kulturell og miljømessig og økonomisk verdiskaping. Dette skal bidra til at verneområdene og andre viktige naturområder blir en viktig ressurs i samfunnsutviklingen. - Regjeringen vil legge bedre til rette for turister og besøkende i og rundt store verneområder. Slik kan naturvernet bidra til en sterkere verdiskaping i distriktene, sier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim. - Utviklingspotensialet er stort. Det er mange moglegheiter for inntekter frå aktivitetar rundt verneområde og andre viktige naturområde, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Naturarven som verdiskaper ønsker å supplere de ti hovedprosjektene som nå er med i programmet med inntil fem nye hovedprosjekter. De nye prosjektene skal 1 utfylle de ti prosjektene som allerede er med i programmet, både i forhold til tema og geografi. Det er meningen at disse nye prosjektene skal følge programmet resten av perioden (2009-2013).
    [Show full text]
  • Ritual Landscapes and Borders Within Rock Art Research Stebergløkken, Berge, Lindgaard and Vangen Stuedal (Eds)
    Stebergløkken, Berge, Lindgaard and Vangen Stuedal (eds) and Vangen Lindgaard Berge, Stebergløkken, Art Research within Rock and Borders Ritual Landscapes Ritual Landscapes and Ritual landscapes and borders are recurring themes running through Professor Kalle Sognnes' Borders within long research career. This anthology contains 13 articles written by colleagues from his broad network in appreciation of his many contributions to the field of rock art research. The contributions discuss many different kinds of borders: those between landscapes, cultures, Rock Art Research traditions, settlements, power relations, symbolism, research traditions, theory and methods. We are grateful to the Department of Historical studies, NTNU; the Faculty of Humanities; NTNU, Papers in Honour of The Royal Norwegian Society of Sciences and Letters and The Norwegian Archaeological Society (Norsk arkeologisk selskap) for funding this volume that will add new knowledge to the field and Professor Kalle Sognnes will be of importance to researchers and students of rock art in Scandinavia and abroad. edited by Heidrun Stebergløkken, Ragnhild Berge, Eva Lindgaard and Helle Vangen Stuedal Archaeopress Archaeology www.archaeopress.com Steberglokken cover.indd 1 03/09/2015 17:30:19 Ritual Landscapes and Borders within Rock Art Research Papers in Honour of Professor Kalle Sognnes edited by Heidrun Stebergløkken, Ragnhild Berge, Eva Lindgaard and Helle Vangen Stuedal Archaeopress Archaeology Archaeopress Publishing Ltd Gordon House 276 Banbury Road Oxford OX2 7ED www.archaeopress.com ISBN 9781784911584 ISBN 978 1 78491 159 1 (e-Pdf) © Archaeopress and the individual authors 2015 Cover image: Crossing borders. Leirfall in Stjørdal, central Norway. Photo: Helle Vangen Stuedal All rights reserved. No part of this book may be reproduced, or transmitted, in any form or by any means, electronic, mechanical, photocopying or otherwise, without the prior written permission of the copyright owners.
    [Show full text]
  • Nærskulematrise for Vestland Fylkeskommune
    Nærskulematrise for Vestland fylkeskommune Datert 12.10 2020. Vedteke i fylkestinget 30.9.2020, justeringar vedteke i hovudutval for opplæring og kompetanse 3.11.2020 Nærskuleprinsippet Nærskuleprinsippet gjeld inntak til vg1 frå skuleåret 2021/2022. Du høyrer til eit nærskuleområde utifrå kva kommune du er folkeregistrert i. Kva er og korleis får du nærskulepoeng? - Søkjarar utan nærskulepoeng konkurrerer om - Nærskulepoeng er 100 poeng, som blir lagt til ledige plassar når alle søkjarane med nærskulepoeng karakterpoenga frå grunnskulen. er tekne inn. - Du får nærskulepoeng til skulen/-ane i nærskule- Utdanningstilbod som ikkje inngår området ditt. i nærskuleprinsippet Enkelte tilbod i dei vidaregåande skulane er såpass - Søkjarar frå enkelte kommunar/postnummer kan få spesielle at dei ikkje har inntak etter nærskuleområde. Til nærskulepoeng til skular utanfor nærskuleområdet sitt. desse tilboda konkurrerer søkjarane på karakterpoenga frå Det er spesifisert i tabellane på dei neste sidene. grunnskulen. Dette gjeld - yrkes- og studiekompetanse (YSK) - Dersom nærskulen/-ane ikkje har utdannings- - utanlandstilbod programmet du søkjer på, får du nærskulepoeng til alle - International Baccalaureate (IB) skulane som har det tilbodet. Du kan då fritt velje kva - utdanningsprogrammet naturbruk skule du ønskjer å søkje på. - yrkesfaglege løp med studiekompetanse (elektrofag og helse- og oppvekstfag) Søking og inntak - Du kan søkje deg til alle skulane i fylket, men får altså Inntak til vg2 og vg3 berre nærskulepoeng til skulane i nærskuleområdet ditt. - Når du søkjer inntak til vg2 på studieførebuande utdanningsprogram, har du rett til å halde fram på same - Dersom det er fleire søkjarar med nærskulepoeng enn skule som du gjekk vg1. plassar ved eit tilbod, konkurrerer søkjarane på karakter- poeng.
    [Show full text]
  • Vedlegg 9 Gloppen Og Stryn, Fagtema-Kart
    Vedlegg 9: Gloppen og Stryn, fagtema-kart - Biologisk mangfald - Fisk og fiske - Fossar og fjordlandskap - Friluftsliv - INON - Kulturlandskap - Kulturminne og –miljø - Kvartærgeologiske førekomstar - Reiseliv - Sårbare område - Vasskraftpotensial Gloppen og Stryn - biologisk mangfald X Raudliste- og ansvarsartar Hjalma Naturtypar Nasjonal verdi Regional verdi Nordfjorden Tvinna Bekkekløfter, aktuelle for kartlegging Skjerdalen Anda !; undersøkingar i 2009 Ramnegjølet !; ikkje prioritert per i dag Hyefjorden Sandane Jølet Bukta Svartebotnen Fitjeelva Røsskleivvatnet Ålfotbreen Hyen HopselvaHope Brekkefossen Breimsvatnet Storelva N Gloppen Breim Byrkjelo Skilbreivatnet Bergheimsvatnet Ommedal V A Storevatnet 2 Votedalselva Gjengedalen S Rambergvatnet Storfjorden Lonene Tverråna Stardalselva Bolset Skredvatnet Fuglevatnet 0 5 10 20 30 km Gloppen og Stryn - fisk og fiske Storaurevatn Laksevassdrag Hornindalsvatnet Hjalma Eidselva Bestandsstatus laks (2007): Eidselva Strynselva k" Tapt k" Truga k" Sårbar k" Redusert Oldenelva k" Moderat/lite påverka k" Ikkje sjølvreprod. Ryggelva Sjøaurevassdrag Gloppenelva X m/ registrerte vandringshinder Hopselva Åelva og Ommedalselva N Oldevatnet Breimsvatnet V2A S Storfjorden 0 5 10 20 30 km Jølstravatnet Gloppen og Stryn - Fossar og fjordlandskap 2 Fjordlandskap (inkl. innsjøar > 7 km ) Skordalen Nasjonal verdi Regional verdi Eidsfjorden Nordfjordeid Hornindalsvatnet Stryn Landskapselement:Isefjorden Fossar Stryneelva- Vassføring Svartegga Faleide Nordfjorden Faleidfjorden !k Naturleg Lobukta Oldebukta
    [Show full text]
  • Nordfjordtravelguide 2013
    Nordfjord TRAVELGUIDE 2013 Stryn-Hornindal-Gloppen-Eid-Vågsøy-Selje nordfjord.no Breng © O.J. Tveitk WELCOME TO NORDFJORD Short distances – big experiences Contents Lots of exciting activities Tourist information .....................................................2 Nordfjord is the destination for you if The tourist information staff can provide Transport ...............................................................................3 you are looking for an active holiday. In a information about activities, attractions, Scenic highlights ..........................................................5 magnificent, varied landscape between gla- events and accommodation. Hiking ......................................................................................6 ciers, fjords and the ocean, you can enjoy We also sell postcards, books and walking Outdoor Adventures ..............................................10 mountain walks, coastal walks, boat trips, maps. Bikes can also be hired in Stryn. kayaking, fishing, horse riding in fjord horse Culture ..................................................................................14 country, and lots more. Waymarked trails Shopping .............................................................................17 guide you to impressive mountain summits, Events ..................................................................................19 idyllic summer pasture farms, lush valleys Ski & Winter ...................................................................20 and a distinctive coastal
    [Show full text]
  • Administrative and Statistical Areas English Version – SOSI Standard 4.0
    Administrative and statistical areas English version – SOSI standard 4.0 Administrative and statistical areas Norwegian Mapping Authority [email protected] Norwegian Mapping Authority June 2009 Page 1 of 191 Administrative and statistical areas English version – SOSI standard 4.0 1 Applications schema ......................................................................................................................7 1.1 Administrative units subclassification ....................................................................................7 1.1 Description ...................................................................................................................... 14 1.1.1 CityDistrict ................................................................................................................ 14 1.1.2 CityDistrictBoundary ................................................................................................ 14 1.1.3 SubArea ................................................................................................................... 14 1.1.4 BasicDistrictUnit ....................................................................................................... 15 1.1.5 SchoolDistrict ........................................................................................................... 16 1.1.6 <<DataType>> SchoolDistrictId ............................................................................... 17 1.1.7 SchoolDistrictBoundary ...........................................................................................
    [Show full text]
  • Spatial Pattern of Grazing Pressure of Red Deer (Cervus
    Spatial pattern of grazing pressure of red deer ( Cervus elaphus ) in Norway Harald Askilsrud Master of Science thesis 2008 Centre for Ecological and Evolutionary Synthesis Department of Biology University of Oslo, Norway Preface Preface This study was conducted as part of the NFR-project “Natural and farmed habitat as a basis for production of red deer in Norway”. Thanks to Harald Kjær, Gloppen and Magnus Frøyen, Flora for help with obtaining map over hunting fields and local hunting statistics. I would like to give a special thank to my supervisor Atle Mysterud for your guidance, quick feedback and great patience. You have inspired me and been an invaluable support throughout my master thesis. Further I would like to thank Leif Egil Loe for your help with digital maps and GIS, Vebjørn Veiberg for your field arrangements and support, and Ragnar Aaserud for helping me with the field work and keeping me with company in the West-Norwegian wastelands. Many thanks also go to Matilde for much, but mostly for your support and company, and for your faeces counting abilities. Further thanks go to my faithful study room companion Cecilia and my flat mate Halvar for proof reading and many uplifting conversations about everything and nothing. It is also important for me to thank study room 4419 (especially Kim Magnus) for continuously unlocking the door to my study room every time I managed to lock my self out. Without you I would still be haunting these halls on the fourth floor. At last I would like to thank my ever supporting family; my mum and dad for always being there for me, and my brothers for keeping me in shape with running and skiing and never letting me relax of fear for being defeated.
    [Show full text]
  • Kyrkjebladet Nr 6 2019
    nr.6 Kyrkjeblad for Gloppen desember 2019 Årgang 49 Julesongen Desember 2019 Desember 2019 Mellom alle juleblad og -hefte, prø- ver vi oss i år igjen med eit tjukt «magasin» som vi vonar skal hefte deg meir i romjula enn no i julestria FOR TANKE OG TRU når du ser bladet første gong. Før du Andakt med helsing frå Mariakyrkja 3 legg det i bunken, tilrår eg at du ser etter på side 21 kva som er romjuls- Leiarartikkel av Tore Myklebust 5 draumen i år. Ikon som julekunst av Olaf Sigurd Gundersen 10 Juleevangeliet fortalt for born 37 Tema: Julesongen Elin Pehrson Grytting har laga bok om Claus Frimann 40 Det er kanskje ikkje noko stort po- Asbjørgs klipp fortel om Händels Messias 41 eng å velje seg eit tema så lenge bla- Dikt av og med Sigurd Arthur Wahl Sande 48 det kjem ut til jul. Jul blir det. Uan- sett! Men når både spaltisten og han Bibliotekar Torill Berge om boka "I de dager" 49 som jaktar skattar i salmeboka er Marianne Følling skriv for søndagsskulen 53 opptekne av julesongen, pluss at lei- Kadutrur. Katekismevisdom for Guds born i alle aldrar ved Sigurd Vengen 54 arartikkelen tek utgangspunkt i ein Martin Koren presenterer sin eigen salme med tekst og notar 60 julesalme, og vi tek med ei julevise frå Breim og markerer at salmedikta- TEMA: JULESONGEN ren Svein Ellingsen fyller 90 i år, kan Julesongar og julemusikk ved redaktøren 6 vi vel påstå at vi held oss til temaet. Melodi eller tekst? Ved Harald Aske 8 Jula er lang Julevise av Elias Skinlo 25 Har du rekna ut at det blir mykje fri Arvid Jordanger fann Julekveldsvisa på skattejakt i salmeboka 52 i jula? Når julafta er på ein tysdag, Spaltist Ingrid Bjørnereim skriv om julestemninga 57 blir onsdag og torsdag helg, og då er det ikkje lenge til søndag som er 5.
    [Show full text]
  • Breim, Gloppen
    Bergvesenet Postboks 3021, 7002 Trondheim Rapportarkivet Bergvesenet rapport nr Intern Journal nr Internt arkiv nr Rapport lokalisering Gradering BV 3768 Trondheim Apen Kommer fra ..arkiv Ekstern rapport nr Oversendt fra Fortrolig pga Fortrolig fra dato: Vestlandske NGU 1587 Tittel Seismiske målinger på grusforekomster i Breim og Sandane, Gloppen, Sogn og Fjordane Forfatter Dato Bedrift Sindre, Atle 06.04 1978 NGU Kommune Fylke Bergdistrikt 1: 50 000 kartblad 1: 250 000 kartblad Gloppen Sogn og Fjordane Vestlandske 13183 13184 Fagområde Dokument type Forekomster Geofysikk Breim Sandane Råstofftype Emneord Byggeråstoff Grus Sammendrag GE Rapport nr. ScIsIIiIskc Illillilger pa grusturgkonlster Breim og Sandanu GI.OPPIHN, SOGN OG FJORDANE 1978 Norges geologiske undersokelse ;11111, Po.lgiwrir ir,s2 ; it (iC51 b iJ Hni [1.,11diklM lf Rapport nr. 1587 ,Apen 1 , rs. Seismiske malinger pa grusiorekomster St ed Breiln og Sandane, Gloppen, Sogn og Fjordane Oppdragsgtver NC/17, Vestlandsprosjektet lIttort i tidsrommet: 1977 - 1978 !Antall sider : 5 Antall hilag : 2 ,Antall teglunger 4 Saksbearbeider(e): Atle Sindre geofysiker Roger Mathisen laborant Arthur Meek assistent Ansvarshavende: At1e S:ndre S:nufnendrag : Seismiske malinger pi to grusforekomster i Breim og en i Sandane. Breirn: Løsmassene i den minste grusforekoms- ten er opp til 15 m tykke. 1 den indre forekomsten er tykk- elsen et storre ornrade 2.0 - 35 Sandane: Langs de malte profilene var dypet ned til grunn- vannspeilet 14 - Z5 m, Største dyp til fjell var 78 m. M::11- ingene viser at Breimsvatnet er demt opp av løsmasser, Noen fjellterskel som har sammenheng med blotningen av fjell i Trysilfossen eksisterer ikke. Feltarbeidet ble utfort 5.
    [Show full text]
  • Settlement and Social Structure in Norway in the Migration Period (AD 400-550)
    Settlement and Social Structure in Norway in the Migration Period (AD 400-550) BERGuOT SOLBERG Introduction The introduction of cruciform brooches around 400 AD marks the beginning of the Migration period in Norway (Bakka 1973a; Slomann 1977,1986). The end of the period is related to the transition of Salins Style I to Style 11 which occurred shortly after 550 (Bakka 1973a). In the early Migration period, the influence from the Poman empire had been felt for four hundred years. During this period the Germanic peoples had gotten their own alphabet, the futhark. They had also adopted the Poman weight system (Br®gger l 92l ) . A more aristocratic life style among the elite also reflects the poman influence. In most respects, however, the Germanic society stood on its own. The artefact material derives from settlements, graves, hoards and votive offerings. In addition to these find categories also iron extraction sites, systems for large scale hunting, hill forts and boat houses prevail. Pottery is the most prevalent artefact category. The pottery includes crude ware, finer black burnished ware and bucket shaped pots. Cruciform brooches, silver sheet brooches, relief brooches, S-shaped, equal-armed and `small' brooches are also typical for the period. Bracteates, finger-and arm-rings of gold represent more rare items. The composition and types of weapons represent a continuation of those from the late Roman period. Thus the Migration period material represents a solid base for the interpretation of settlement, resource utilisation and social structure of the Germanic populations. Settlement finds Due to the stone outer walls in farmhouses from Southwestern and Northern Norway, numerous farms have been recorded in these regions.
    [Show full text]
  • Breim Kraftverk
    Breim kraftverk Informasjonsbrosjyre Mars 2011 INNLEIING Breim Kraft AS har søkt om konsesjonfor å byggje og drive eit kraftverk i Storelva i Gloppen kommune. Det er utarbeidt ein utfyllande konsesjonssøknadmed tilhøyrande konsekvensutgreiingfor prosjektet, og denne brosjyra gjev ein kortfatta presentasjon av utbyggingsplanane, moglegekonsekvensar og aktuelleavbøtande tiltak. Breim,mars 2011 BreimKraft AS v/ PerJonny Moldestad PRESENTASJONAV TILT AKSHAVAR Breim Kraft AS er eit selskap som er 100 % eigd av grunneigaranemed fallrettar på den aktuelle elvestrekninga.Det har vore eit bevisst val frå grunneigaranesi side at prosjektet skal vere på lokale hender, slik at inntekter og økonomiskeringverknader k jem lokalsamfunnettil gode. BAKGRUNNFOR SØKNADE N Kostnads-og produksjonsoverslagvi ser at den planlagde utbygginga er økonomisklønsam. Årleg middelproduksjoner utrekna til ca. 98 GWh,og ca. 30 % av dette er vinterkraft. Utbyggingavil koste ca. 336 mill. kr., noko som gjev ein utbyggsprispå 3,42 kr/KWh. Breim kraftverk vil vere eit ytterlegare bidragtil kraftforsyningabåde lokalt og nasjonalt. Konsekvensutgreiingasom ligg føre konkluderer med at det planlagde prosjektet (alt. A) jamt over har små til middelsnegative konsekvensar miljø, naturressursarog samfunn dersom dei føreslegne avbøtande tiltaka vert gjennomført i tråd med planane. Utbyggjar er difor av den oppfatning at dette er eit prosjekt med akseptable miljøkonsekvensarsett i forhold til samfunnsnytten. Ei utbygging av Breim kraftverk vil gje inntekter til kommunen, fylkeskommunenog staten, samt skapearbeidsplassar og vekstvilkårlokalt. Kraftproduksjonvil kunne bli ei viktig attåtnæring for landbruket, noko som vil bidra til å sikre busetnadeni dette området. Figur 1. Oversiktskartsom viserutbyggingsplanene. Side 1 VURDERTE OG OMSØKTE ALTERNATIV slukeevne vil vere på 2,0 m3/s. Eit dykka utløp fører vatnet frå kraftstasjonen og ut i Breimsvatnet.
    [Show full text]
  • Glacial Geology and Deglaciation Chronology of the Area Between Inner Nordfjord and Jostedalsbreen Strynefjellet, Western Norway
    Glacial geology and deglaciation chronology of the area between inner Nordfjord and Jostedalsbreen Strynefjellet, western Norway NORALF RYE, ATLE NESJE, RUNE LIEN, LARS HARALD BLIKRA, OLIANNE EIKENÆS, PER AUDUN HOLE & INGRID TORSNES Rye, N., Nesje, A., Lien, R., Blikra, L. H., Eikenæs, 0., Hole, P. A. & Torsnes, 1.: Glacial geology and deglaciation chronology of the area between inner Nordfjord and Jostedalsbreen - Strynefjellet, western Norway. Norsk Geologisk Tidsskrift, Vol. 77, pp. 51-63. Oslo 1997. ISSN 0029-196X. A lower limit of blockfields is inferred to indicate the maximum heights and thus thickness of the Late Weichselian iee sheet in the inner Nordfjord region. lee movements in this area have been topographically controlled during the entire Weichselian glaciation. Prominent lateral moraines de1imit the Younger Dryas valley glaciers in inner Nordfjord. Subsequent to the Younger Dryas Chronozone, the glaciers retreated rapidly due to calving in the fjord and climatic amelioration. In a later phase of deglaciation, in all probability around the early and middle part of the Preboreal Chronozone, an iee eentre east of Strynefjellet dominated, while the Jostedalsbreen area is thought to have played a minor role as a eentre of iee dispersal. The final deg1aciation was dominated by vertically down-wasting iee remnants in the lake basins and tributary valleys. Terminal moraines in front of several outlet glaciers of Jostedalsbreen beyond the 'Little lee Age' moraines indicate a climatic deterioration at the end of the Preboreal Chronozone. N. Rye, Department of Geology, University of Bergen, A/legt. 41, N-5007 Bergen; A. Nesje, Department of Geography, University of Bergen, Breiviken 2, N-5035 Bergen-Sandviken; R.
    [Show full text]