Ørskog Sokneråd Årsmelding for 2017

Total Page:16

File Type:pdf, Size:1020Kb

Ørskog Sokneråd Årsmelding for 2017 Ørskog sokneråd Årsmelding for 2017 1 Visjon: Meir himmel på jord Medlemar i Ørskog sokneråd 2015-2019: Lars Tore Nerbøvik/leiar (nestleiar frå nov.), Anita Vikene/nestleiar (til november), Else Karin Lianes (leiar frå november), Ragnar Elias Bakken/leiar i fellesrådet, Audun Rørstad, Monica Beate Brandal (permisjon i år), Øyvin Danielsen, Inger Wenche Lid Vethe og Liv Henny Keiseraas. Varamedlemar, Dagfrid Kjelstadli, Else Karin Fylling, Arne Abelseth. Sakshandsamar og sekretær Sonia Thorlin første halvår og Brit Skjelten frå juni. Tilsette medarbeidarar i Ørskog sokn Arbeidsfellesskapet på Ørskog har i år bestått av frå venstre: Kyrkjeverje Petra Riste Synnes, prost Svein Runde, sokneprest Kari Vatne som slutta 1. september, kantor Arne B. Varmedal, kateket Olav Rønneberg, diakon Asbjørg Oksavik Sve, kontor Brit Skjelten, kyrkjetenar og vaktmeister/reinhaldar på Kyrkjetorget Zlatan Miskovic, kyrkjegardsarbeidar Anders Sveen og på kontoret Sonia Thorlin fram til juni. I slutten av august var det avskjed med Kari Vatne med avskjedsgudsteneste og samver på Kyrkjetorget etterpå med musikalske innslag, talar og gåveoverrekkingar. Ho blir eit sakn for kyrkjelyden i både Ørskog og Stordal. Frå september fekk vi nyutdanna prest Kjetil Austad som vikar. Soknepreststillinga blei utlyst og Øystein Braaten blei tilsett i stillinga. Han kjem hit i mai 2018. Frå nyåret blir det ny vikar i Ørskog og Stordal som heiter Anders Barstad. Hovudutval for Diakoni v/Audun Rørstad, diakon Asbjørg Oksavik Sve. Utvalet har følgjande undergrupper: Besøkstenesta v/Elsa Rotnes og Brit Skjelten, Liv Mary Hatlen. Basarkomiteen v/ Dagfrid Kjelstadli, Ingunn Tenfjord (leiarar), Berit W. Pedersen, Louise Jacobsen, Ester Walgermo, Astrid Øvstedal, Reidun Aasen, Kristin Tenfjord og Doreen Strømmen. Trilletreff med babysong v/Ester Walgermo/kafé og Asbjørg Oksavik Sve/babysong. Kyrkjekaffikomitéen v/Signe Nygård og Brit Skjelten. Kyrkjeverttenesta v/soknerådets medlemar og varamedlemar. Hovudutval for Undervisning blir leia av Lars Tore Nerbøvik, Anita Vikene og Lise Vindi. Diakon Asbjørg Oksavik Sve er sekretær for utvalet. 2 Utvalet har følgande undergrupper: Dåpsopplæringsutvalet som har ansvar på 4 og 6-årsopplegget: Lise Vindi, Inger Wenche Lid Vethe, Monica Brandal, Veronica Stene og diakon Asbjørg Oksavik Sve. Lys Vaken/Tårnagentkomité v/diakon Asbjørg Oksavik Sve, Liv Henny Keiseraas, Ester Walgermo, Inger J. Grønningsæter, Veronica Stene. Andre råd og utval: Husstyret v/Sigmund Stene, Stein Pedersen, Ester Walgermo, Ingeri Madsen, Øyvin Danielsen og Mons-Olav Walgermo (sekr.). Butikkutvalet v/Mons Olav Walgermo, Marit Søvik, Aud Walgermo, Brit Skjelten og Øyvin Danielsen. Bruktbutikk- og kafékorpset rekrutterer i alt ca. 24 personar i arbeidsteam fordelt på laurdagar og måndagar. Ein gruppe frivillige er også med på å rydde og prise på onsdagar. Gudstenesteutvalet: soknepresten, kantor Arne B. Varmedal, Anita Vikene, Øyvin Danielsen og Lars Tore Nerbøvik. Blomsteransvarleg er Ingeri Madsen som pyntar med blomsteroppsatsar ved gudstenestene. KN-kontakt for Kirkens Nødhjelp og koordinator ved fasteaksjon er Else Karin Lianes. Øyvin Danielsen tok over vervet frå november. Misjonsutvalet og bibelkontakt: Ester Walgermo og Bernhard Brynestad. Kirkens SOS i M&R sin kontaktperson i Ørskog er Ireen Eriksson Sjøholt. ØRSKOG SOKNERÅD Soknerådet har i løpet av året hatt 8 soknerådsmøter og handsama i alt 56 saker. Soknerådet har jobba fram eige konsept for Grøn kyrkjelyd, gått til innkjøp av 150 nye puter til kyrkja og 50 salmebøker, planlagt avskjed for Kari Vatne og kome med innstilling til ny sokneprest, fått utført opprusting av taket på Kyrkjetorget, arrangert ein konsert med Stig Ulv i tillegg til at vi har hatt 4 andre konsertar. Elles har det vore planlegging av fellesskapskveldar, årsfest og konfirmantfest samt rekneskap- og budsjettarbeid. KYRKJA Koret i kyrkja er blitt opprusta innvendig i løpet av året med lys blå farge på veggane og eikeådring på alterert og på alterringen. Glasmåleria blei demontert for å bli reinsa og stelt. Dette skulle vise seg å vere eit stort og kostbart arbeid. Takka vere kommunale bevillingar og andre gåver, mellom anna frå Ørskog Sparebank, kunne arbeidet settast i gang med det same. I april sto kyrkja ferdig med nymala kor men utan glasmåleria. I midten av november blei dei montert på plass att og tek seg flott ut mot dei blå veggane. 3 KYRKJELYDSHUSET/KYRKJEORGET Eit stort løft er gjort i løpet av året ved at taket på heile bygninga er blitt grundig opprusta. Også sikringsskapet med det elektriske anlegget blei fullstendig oppgradert og fornya før nyttår. Fellesrådet leiger kontorarealet i annen etasje. Dei to møteromma og kjøkkenet i første etasje blir brukt ved kyrkjelege handlingar, trusopplæringstiltak, fellesskapskveldar og seminarar. Romma blir også utleigd til møter, minnesamver og anna. KYRKJELYDSARBEIDET Gudstenestene Under oppussinga i kyrkja blei gudstenestene haldne i møtesalen på kyrkjelydshuset/Kyrkjetorget. Det blei forretta i alt 31 gudstenester på søn- og helgedagar i Ørskog i 2017, av dei ei friluftsgudsteneste på Liasetra. Det var og ei felles gudsteneste med Skodje på Langskipsøya Kristi Himmelfartsdag. Eit frivillig klokkarkorps og kyrkjevertar/brannvakter er medhjelparar ved alle gudstenestene. Det er i hovudsak soknerådsmedlemane som gjer denne tenesta. Deler av året er også konfirmantane medliturgar/medhjelparar. Ingeri Madsen gjer ei særskild teneste ved å pynte med blomster til gudstenestene. Vi har ved fleire høve avslutta med kyrkjekaffi for å gjere gudstenestene til ein betre møteplass for kyrkjelyden. Ein kyrkjekaffikomité og andre frivillige har stilt med mat. Ved fleire gudstenester har det vore solistar og andre som har bidrege med musikalske innslag. Skodje kyrkjekor, Ørskog kvartetten og andre enkeltpersonar har vore med å gjort både høgtidsgudstenestene og andre gudstenester til fine opplevingar. Hausttakkefesten har blitt ein årleg tradisjon saman med Bygdekvinnelaget som pyntar med blomster, frukt og grønt og stiller med mykje god mat til kyrkjekaffien etter gudstenesta. Ein stor takk til dei for denne innsatsen. Under gudstenesta blei det nye konfirmantkullet presentert for kyrkjelyden. Andakter på institusjonar Annankvar onsdag formiddag har prestane i samarbeidsområdet, diakon og organist/kantor andakter på Steinholt busenter og på Ørskog sjukeheim. To gonger kvar vår og haust er det med nattverd. Kyrkjekonsertar I år har det vore i alt fem konsertar i Ørskog kyrkje. I mars fekk vi høyre velklingande tonar frå Skodje kyrkjekor. I september var Stig Ulv med akustisk gitar rekruttert til å halde konsert under Ørskog Bluesfestival. I desember hadde Ørskog kulturskule førjulskonsert med mange flinke utøvarar og talentar med mykje fin song og musikk. 10. desember fekk vi besøk av Ytre Suløen som held ein feiande jazzkonsert med Tricia Boutto som solist. Den tradisjonelle julekonserten blei i år arrangert og flott levert av Ørskog Brass. 4 MISJON Misjonsprosjekt Kyrkjelyden har to misjonsprosjekt gjennom NMS. Det eine går til det kyrkjelege arbeidet i Kamerun og det andre prosjektet er retta mot barn og unge i England. Kyrkjelyden har forplikta seg på i alt kr.10 000 til kvar av prosjekta pr. år. Misjon i kyrkjelydsarbeidet I kyrkja og i trusopplæringa har vi eit misjonsfokus på alle tiltaka våre, enten ved forbøn, preike, forteljing om born på misjonsfelta eller ved ofring til misjonsorganisasjonane. Konfirmantane har Misjonslaurdagen der dei får møte representantar frå misjonsorganisasjonar og høyre om arbeidet dei har fokus på. Fleire fellesskapskveldar har hatt fokus misjon. TRUSOPPLÆRING Diakonen har trusopplæringsansvaret for born i alderen 0 år til konfirmantalderen. Ungdomar frå konfirmasjonsåret og opp til 18 år er kateketen sitt område. Trilletreff med babysong Trilletreffa gjekk sin vante gang annakvar veke med babysong ved diakon Asbjørg Oksavik Sve. Mange mammaer og nokre pappaer finn eit miljø her med felles ting dei er opptekne av. Ester Walgermo har ansvaret for kaféen og sørger for god mat og drikke. Babysongen er ein viktig del av Trilletreffet, både reint musikalsk for borna, men også for samspelet mellom foreldre/born, ei hjelp til foreldra å vere gode omsorgspersonar og å hjelpe dei å vere gode formidlarar av den kristne kulturarven. 4-årstreff Det er lang tradisjon i kyrkja for desse treffa, og trufaste hjelparar i dåpsopplæringsutvalet har lukkast godt med innhaldet i dei tre kveldssamlingane og gudstenesta. Borna får innblikk i skapinga, dei får høyre om Jesus som ven og nokre av undera han gjorde. Oppmøtet på desse samlingane er også godt, og foreldra er deltakande hjelparar under forminga og kveldsmaten. Vi har tre ettermiddagssamlingar og gudsteneste i kyrkja der dei får utdelt 4-årsbok og vere med å synge. Dåpsskule /6-årsbok Borna i dette kullet var samla ein kveld på Kyrkjetorget og ein kveld i kyrkja for å høyre om Bartimeus og Den miskunnsame samaritan, og å lære om dåpen. Formingsaktivitet og kveldsmat høyrer med. Dei deltok med song på gudstenesta søndagen etter, og der fekk dei også utdelt 6-årsboka som fokuserer mykje på påska. Vi har eit fast dåpsopplæringsutval som tek ansvar for 4-års og 6-årstreffa ilag med diakonen. Tårnagenthelg for 8-åringar Ei flott gruppe 7- og 8-åringar var samla i kyrkja til klatring i det høge tårnet og leiting etter Bibelen og kyrkja sine skattar rundt omkring i kyrkjeromet. Ute på gravplassen var det også mykje å sjå. Gudstenesteverkstad og øving av tårnagentsongen stod på programmet. Borna fekk lære om nattverden
Recommended publications
  • Storfjorden Kommune (Arbeidstittel)
    Utkast Ny intensjonsavtale om kommunesamanslåing mellom Sykkylven og Stranda kommunar Storfjorden kommune (arbeidstittel) 24. september 2019 Utkast frå forhandlingsutvala i: Sykkylven kommune Stranda kommune Intensjonsavtale for Storfjorden kommune Innhold 1. Intensjonsavtale .............................................................................................................................. 3 2. Kommunenamn og kommunevåpen ............................................................................................... 3 3. Visjon ............................................................................................................................................... 3 4. Mål ................................................................................................................................................... 3 4.1 Samfunnsutvikling ................................................................................................................... 3 4.2 Tenesteyting og utøving av mynde ......................................................................................... 4 Servicetorg ....................................................................................................................................... 4 Fordeling av kommunale arbeidsplassar ......................................................................................... 4 4.3 Demokrati ................................................................................................................................ 5 4.4 Økonomi .................................................................................................................................
    [Show full text]
  • WEST NORWEGIAN FJORDS UNESCO World Heritage
    GEOLOGICAL GUIDES 3 - 2014 RESEARCH WEST NORWEGIAN FJORDS UNESCO World Heritage. Guide to geological excursion from Nærøyfjord to Geirangerfjord By: Inge Aarseth, Atle Nesje and Ola Fredin 2 ‐ West Norwegian Fjords GEOLOGIAL SOCIETY OF NORWAY—GEOLOGICAL GUIDE S 2014‐3 © Geological Society of Norway (NGF) , 2014 ISBN: 978‐82‐92‐39491‐5 NGF Geological guides Editorial committee: Tom Heldal, NGU Ole Lutro, NGU Hans Arne Nakrem, NHM Atle Nesje, UiB Editor: Ann Mari Husås, NGF Front cover illustrations: Atle Nesje View of the outer part of the Nærøyfjord from Bakkanosi mountain (1398m asl.) just above the village Bakka. The picture shows the contrast between the preglacial mountain plateau and the deep intersected fjord. Levels geological guides: The geological guides from NGF, is divided in three leves. Level 1—Schools and the public Level 2—Students Level 3—Research and professional geologists This is a level 3 guide. Published by: Norsk Geologisk Forening c/o Norges Geologiske Undersøkelse N‐7491 Trondheim, Norway E‐mail: [email protected] www.geologi.no GEOLOGICALSOCIETY OF NORWAY —GEOLOGICAL GUIDES 2014‐3 West Norwegian Fjords‐ 3 WEST NORWEGIAN FJORDS: UNESCO World Heritage GUIDE TO GEOLOGICAL EXCURSION FROM NÆRØYFJORD TO GEIRANGERFJORD By Inge Aarseth, University of Bergen Atle Nesje, University of Bergen and Bjerkenes Research Centre, Bergen Ola Fredin, Geological Survey of Norway, Trondheim Abstract Acknowledgements Brian Robins has corrected parts of the text and Eva In addition to magnificent scenery, fjords may display a Bjørseth has assisted in making the final version of the wide variety of geological subjects such as bedrock geol‐ figures . We also thank several colleagues for inputs from ogy, geomorphology, glacial geology, glaciology and sedi‐ their special fields: Haakon Fossen, Jan Mangerud, Eiliv mentology.
    [Show full text]
  • 420 Kv Ledning Ørskog-Fardal
    Konsesjonssøknad 420 kV ledning Ørskog-Fardal Søknad om konsesjon, ekspropriasjonstillatelse og forhåndstiltredelse Februar 2007 ØRSKOG / LEIVDAL / MOSKOG / FARDAL / Konsesjonssøknad 420 kV-ledning Ørskog – Fardal Februar 2007 FORORD Statnett SF legger med dette frem søknad om konsesjon, ekspropriasjonstillatelse og forhåndstiltredelse for en ny 420 kV ledning fra Ørskog transformatorstasjon i Ørskog kommune til Fardal transformatorstasjon i Sogndal kommune. Ledningen vil bli ca. 250-300 km lang, avhengig av trasévalg. Søknaden omfatter også en utvidelse av transformatorstasjonene i Ørskog, Moskog og i Fardal. Omsøkte ledningstraséer er lagt slik at det i fremtiden vil være mulig å etablere 420/132 kV transformeringer nær Åskåra kraftverk i Bremanger og ved Leivdal transformatorstasjon i Eid kommune. Det søkes også om dispensasjon fra plan- og bygningslovens bestemmelser om reguleringsplikt og om dispensasjon fra gjeldende arealplaner der omsøkte løsninger er i strid med disse. Konsekvensutredningen er utført med bakgrunn i utredningsprogram fastsatt av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) 03.10.2006. Konsesjonssøknaden med konsekvensutredning oversendes NVE til behandling. Høringsuttalelser sendes til: Norges vassdrags- og energidirektorat Postboks 5091, Majorstuen 0301 OSLO Tlf: 22 95 94 93 Konsesjonssøknaden er utarbeidet av Statnetts Teknologidivisjon. Spørsmål vedrørende søknad og konsekvensutredning kan rettes til: Funksjon/stilling Navn Tlf. nr. Mobil Faks E-post Prosjektleder Magne Maurset 22 52 70 94 90 87 71 37 22 52 7183 [email protected] Grunneierkontakt sør Nils Petter Kvale 57 67 81 74 95 93 98 57 [email protected] Grunneierkontakt nord Per Bruseth 71 53 14 96 48 86 85 99 [email protected] Konsekvensutredning Christian Færø 22527308 93 22 29 03 22 52 7183 [email protected] Foreløpig vil Grunneierkontakt nord være kontaktperson for seksjon 1 og 2 (Ørskog – Leivdal – Moskog) mens Grunneierkontakt sør har seksjon 3 (Moskog – Fardal).
    [Show full text]
  • Norddal Kommune Tilleggsutgreiing Flodbølgjeutsette Område
    Nordplan side 2 Norddal kommune Tilleggsutgreiing flodbølgjeutsette område Innhald: side 1 Innleiing____________________________________________________________ 3 1.1 Bakgrunn ___________________________________________________________ 3 1.1.1 Skredfare ___________________________________________________________ 3 1.1.2 Byggeforbod_________________________________________________________ 3 1.1.3 Ny teknisk forskrift, TEK § 7-32___________________________________________ 4 1.1.4 Arealplanprosessen ___________________________________________________ 4 2 Planprosess _________________________________________________________ 5 2.1 Saksgang og medverknad_______________________________________________ 5 2.1.1 Framdriftsplan _______________________________________________________ 5 2.2 Vedtatt utgreiingsprogram _____________________________________________ 5 2.3 Plangrense __________________________________________________________ 6 2.4 Arealbruk og formål ___________________________________________________ 6 2.5 Ny flodbølgjeanalyse, endra oppskyljingshøgder _____________________________ 7 3 Konsekvensvurdering i forhold til TEK §7-32 ________________________________ 8 3.1 Beredskap og varsling § 7-32 nr 2 b (persontryggleik)_________________________ 8 3.1.1 Overvaking og varslingssystem __________________________________________ 8 3.1.2 Beredskap og evakuering _______________________________________________ 9 3.2 Konsekvensvurdering av utbyggingsareal, TEK § 7-32nr 2 c _____________________ 9 3.2.1 Generelt ____________________________________________________________
    [Show full text]
  • Meteorological Observations in Tall Masts for Mapping of Atmospheric Flow in Norwegian Fjords
    1 Meteorological observations in tall masts for mapping of atmospheric flow in Norwegian fjords 2 Birgitte R. Furevik1, Hálfdán Ágústsson2, Anette Lauen Borg1, Midjiyawa Zakari1,3, Finn Nyhammer2 and Magne Gausen4 3 1Norwegian Meteorological Institute, Allégaten 70, 5007 Bergen, Norway 4 2Kjeller Vindteknikk, Norconsult AS, Tærudgata 16, 2004 Lillestrøm, Norway 5 3Norwegian University of Science and Technology, Trondheim, Norway 6 4Statens vegvesen, Region Midt, Norway 7 Correspondence to: Birgitte R. Furevik ([email protected]) 8 Abstract. Since 2014, 11 tall meteorological masts have been erected in coastal areas of mid-Norway in order to provide 9 observational data for a detailed description of the wind conditions at several potential fjord crossing sites. The planned fjord 10 crossings are part of the Norwegian Public Roads Administration (NPRA) Coastal Highway E39-project. The meteorological 11 masts are 50 - 100 m high and located in complex terrain near the shoreline in Halsafjorden, Julsundet and Storfjorden in the 12 Møre og Romsdal county of Norway. Observations of the three-dimensional wind vector are done at 2-4 levels in each mast, 13 with a temporal frequency of 10 Hz. The dataset is corroborated with observed profiles of temperature at two masts, as well 14 as observations of precipitation, atmospheric pressure, relative humidity and dew point at one site. The first masts were 15 erected in 2014 and the measurement campaign will continue to at least 2024. The current paper describes the observational 16 setup and observations of key atmospheric parameters are presented and put in context with observations and climatological 17 data from a nearby reference weather station.
    [Show full text]
  • From an Unstable Rock Slope at Åkerneset to Tsunami Risk in Western Norway
    Coastal Engineering 88 (2014) 101–122 Contents lists available at ScienceDirect Coastal Engineering journal homepage: www.elsevier.com/locate/coastaleng Rockslide tsunamis in complex fjords: From an unstable rock slope at Åkerneset to tsunami risk in western Norway C.B. Harbitz a,b,c,⁎, S. Glimsdal a,b,c, F. Løvholt a,b,c,V.Kveldsvikb,G.K.Pedersena,c, A. Jensen a a Department of Mathematics, University of Oslo, PO Box 1053 Blindern, 0316 Oslo, Norway b Norwegian Geotechnical Institute (NGI), PO Box 3930 Ullevaal Stadion, N-0806 OSLO, Norway c International Centre for Geohazards (ICG), c/o NGI, PO Box 3930 Ullevaal Stadion, N-0806 OSLO, Norway article info abstract Article history: An unstable rock volume of more than 50 million m3 has been detected in the Åkerneset rock slope in the narrow Received 17 December 2012 fjord, Storfjorden, Møre & Romsdal County, Western Norway. If large portions of the volume are released as a Received in revised form 2 February 2014 whole, the rockslide will generate a tsunami that may be devastating to several settlements and numerous vis- Accepted 5 February 2014 iting tourists along the fjord. The threat is analysed by a multidisciplinary approach spanning from rock-slope sta- Available online xxxx bility via rockslide and wave mechanics to hazard zoning and risk assessment. The rockslide tsunami hazard and the tsunami early-warning system related to the two unstable rock slopes at Keywords: Rockslide Åkerneset and Hegguraksla in the complex fjord system are managed by Åknes/Tafjord Beredskap IKS (previous- Tsunami ly the Åknes/Tafjord project). The present paper focuses on the tsunami analyses performed for this company to Risk better understand the effects of rockslide-generated tsunamis from Åkerneset and Hegguraksla.
    [Show full text]
  • Prosjektbeskrivelse for Prosjektet «Mer Laks Og Sjøørret På Sunnmøre»
    Norwegian Research Centre NORCE - LFI Prosjektbeskrivelse for prosjektet «Mer laks og sjøørret på Sunnmøre» Det vises til møte i Ålesund 5. juni 2020, og digitalt oppfølgingsmøte 9. juli 2020, der Lakseelvane på Sunnmøre, Hofseth Aqua, Møre og Romsdal fylkeskommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og NORCE LFI var representert. Det ble på første møte enighet om at NORCE LFI skulle utarbeide en prosjektbeskrivelse med pristilbud, i tråd med tema som ble diskutert på møtet. Tema for prosjektet er forskning, overvåking og tiltak som skal styrke bestandene av laksefisk på Sunnmøre, og vi har gitt prosjektet den foreløpige arbeidstittelen «Mer laks og sjøørret på Sunnmøre». På oppfølgingsmøtet ble det gjort avklaringer rundt finansiering og organisering. NORCE LFI har valgt å dele prosjektet i syv delprosjekter, som alle har som formål å øke kunnskapen om og bedre status for bestandene av laks og sjøørret på Sunnmøre. Tilbyders organisasjon NORCE er et forskningsinstitutt med stor faglig bredde og sterke kunnskapsmiljøer, som leverer forskning og innovasjon innen energi, helse, klima, miljø, samfunn og teknologi (https://www.norceresearch.no/). Laboratorium for ferskvannsøkologi og innlandsfiske (LFI) er en seksjon i NORCE Miljø med 20 ansatte, som utfører forskning og utvikling på oppdrag fra blant annet næringsliv, offentlig forvaltning, elveeierlag og forskningsrådet. LFI ved NORCE har mer enn 50 års erfaring med forskning og utredningsarbeid tilknyttet ferskvann, og har opparbeidet seg spesielt bred og solid kompetanse på undersøkelser tilknyttet bestander av laks og sjøørret. Dette har gjort oss til en viktig rådgiver for industri og forvaltningsmyndigheter i miljøspørsmål knyttet til elver, innsjøer og påvirkning fra oppdrettsvirksomhet i sjø.
    [Show full text]
  • The Question Is, How Far We Can Go in the Direction of Unmanned Vessels?
    SHIP INTELLIGENCE Rolls-Royce is playing a central role in new test areas in Norway and Finland, where MAP KEY autonomous ships are rigorously tested to ensure ultimate safety and performance Wind measurement Oceanographic measurement throughout the water column Noise measurement Navigation sensors for autonomous underwater vehicles Under the Fish farms microscope Test area LQ;H-;H6 he technology for QLQH unmanned autonomous STORFJORDEN “...the ships already exists. But TEST AREA before they become part of question Teveryday maritime operations, the systems need to be tested at length is, how far in an authentic marine environment, and in a variety of sea conditions. To ensure systems function we can go in correctly and reliably, and that required safety standards can be met, 110 the direction test areas for autonomous commercial km long vessel trials have now been of unmanned established in Norway and Finland. The Finnish test area – named vessels?” Jaakonmeri after the late Dr Jaakko Talvitie, one of the pioneers of open Jann Peter Strand marine test areas – is managed and controlled by Digital, Internet, Materials & Engineering Co-Creation 14 (DIMECC), which is behind the One shipyards Sea Autonomous Maritime Ecosystem. nearby Founded in 2016, One Sea is a Cargotec, Ericsson, Meyer Turku, there is little risk of accident. Already Technology’s Centre for Autonomous are taking the lead,” said Kongsberg unmanned ships on the market, and consortium of industry partners, all Tieto and Wärtsilä, with the project opened officially, other companies Marine Operations (NTNU AMOS) Seatex President Gard Ueland. “We Rolls-Royce has been among the working in the field of autonomous supported by the Association of with Norwegian bases have used it and the Norwegian government.
    [Show full text]
  • Kommunereforma - Vedtak Frå Sykkylven Kommune
    Sykkylven Kommune MAL Side 1 av 1 Fra: Njell Hoftun[[email protected]] Dato: 22. jun 2016 11.52.59 Til: Fylkesmannen i Møre og Romsdal Kopi: May-Helen Molvær Grimstad; Odd Jostein Drotninghaug Tittel: Kommunereforma - vedtak frå Sykkylven kommune Njell Dykkar dato : 22.06.2016 Vår dato: 22.06.2016 Saksbeh: Hoftun 70 24 Dykkar ref: Vår ref: 2014/760 - 0 Telefon: 67 11 Klassering: 026 Kommunereforma - vedtak frå Sykkylven kommune Sykkylven kommunestyre handsama kommunereforma i møte den 20.juni 2016. Kommunestyret gjorde, med 17 mot 12 stemmer, følgjande vedtak: Sykkylven kommune held fram som eigen sjølvstendig kommune. Kommunestyret valde å ikkje røyste over eit alternativ til dette vedtaket. Vedlagt er protokoll frå møte og saksutgreiing med vedlegg: - Kommunefakta, prosess og vurdering av alternativ (etter mal frå fylkesmannen), - Rapport frå innbyggarhøyring - Tenesteproduksjon – Synspunkt frå einingsleiarar Det vert elles vist til til brev av 04.04.2016 der anna grunnlagsdokumentasjon utarbeide i prosessen vart oversendt fylkesmannen. Med helsing May-Helen Molvær Grimstad rådmann Njell Hoftun samfunnsplanleggar Postadresse: Kyrkjevegen 62 Telefon: 70 24 65 00 Bankgiro: 4045.07.01442 Besøksadresse: Kyrkjevegen 62 Telefaks: 70 24 65 01 Bankgiro skatt: 6345.06.15287 E-postadresse: [email protected] Org.nr.: NO 964980 365 MVA file:///C:/ephorte/PDFConvDocProc/EPHORTE/713880_FIX.HTML 22.06.2016 NOTAT Kommunereforma og Sykkylven kommune KOMMUNEFAKTA, PROSESS OG VURDERING AV ALTERNATIV Vedlegg til politisk sak
    [Show full text]
  • Ørskog Kommune -Sunnmørsperla Ved Storfjorden - Sentraladministrasjonen
    Ørskog kommune -Sunnmørsperla ved Storfjorden - Sentraladministrasjonen Fylkesmannen i Møre og Romsdal Vår ref. Dykkar ref. Dato: 16/4906-FE - 030/SYSY 30.06.2016 Melding om vedtak Ørskog kommunestyre gjorde i møte 29.06.16 følgjande vedtak: KS- 72/16 Vedtak: 1. Ørskog kommunestyre er samd i at vi bør ha større og meir robuste kommunar i Norge, og ønskjer difor at Ørskog blir ein del av ein større kommune i framtida. 2. Ørskog kommunestyre meiner at innbyggjarane i Ørskog er best tjente med ein stor landkommune mellom Ålesund og Molde. Kommunestyret vil då peike på Norddal, Stordal, Skodje, Haram og Vestnes som aktuelle for ein slik kommune. Vi vil då få ein robust kommune på ca. 25 000 innbyggjarar som til tross for relativt stor geografisk utstrekning vil kunne ha desentraliserte og gode tenester der det er behov for dette. 3. Ørskog kommunestyre meiner ein landkommune vil ha ein del andre utfordringar enn byane rundt oss, til dømes når det gjeld samferdsel der det lett kan bli bybane og bypakkar mot rassikring og bruer. Ein slik landkommune vil også kunne vere med på å skape ein viss «konkurranse» om å tiltrekkje seg innbyggjarar og næringsliv, og derved skjerpe politikarar og administrasjonen heile tida. Ein landkommune på denne storleiken vil også vere stor nok til å delta aktivt i arbeidet med framleis å skape ein slagkraftig region på Sunnmøre/Romsdal saman med byane våre, Ålesund og Molde. 4. Dersom dette alternativet smuldrar bort, blir for lite, eller blir lagt bort etter fylkesmannen si tilråding/Stortinget si avgjerd, bør noverande Ørskog Kommune bli ein del av regionkommune samman med mellom anna Ålesund og Skodje.
    [Show full text]
  • Verksemdsplan Storfjorden Kyrkjelege Fellesråd
    Kyrkjekontoret 6200 Stranda Tlf: 40441522 [email protected] Verksemdsplan for Storfjorden kyrkjelege fellesråd 2021 Visjon: Storfjorden kyrkjelege fellesråd vil verkeleggjere visjonen ved å: 1. legge til rette for eit aktivt engasjement og ei stadig fornying i kyrkjelydane 2. fremje samarbeid med kyrkjelydane og sokneråda 3. forvalte eigedomane; kyrkjene og kyrkjegardane på ein god og tenleg måte 4. vere ein profesjonell arbeidsgjevar for tilsette Kyrkja er ein viktig ressurs for å skape gode lokalsamfunn prega av nærleik, omsorg, identitet og kultur. Ho er ein sentral bidragsytar for at enkeltmenneske skal fatte mot og meining, tru og engasjement. Ei livskraftig kyrkje gjer bygdene våre til ein betre stad å bu. 1 Om Storfjorden kyrkjelege fellesråd Storfjorden kyrkjelege fellesråd skal vere eit tilgjengeleg serviceorgan for kyrkjelydane, eit profesjonelt forvaltingsorgan for kyrkjene og kyrkjegardane i Fjord og Stranda kommunar og ein god arbeidsgjevar for dei tilsette. Grunnlag Storfjorden kyrkjelege fellesråd er heimla i Trussamfunnslova og Gravferdslova, og er eit sjølvstendig offentleg organ på lik line med kommune og stat. Storfjorden kyrkjelege fellesråd kom i funksjon frå 1.12.2011 og fekk prosjektperioden utvida ut 2019. Ny prosjektperiode frå 01.01.2020 dekkjer fellesrådet sokna i Fjord og Stranda kommunar ut år 2023. Storfjorden kyrkjelege fellesråd: • Arbeider på vegne av kyrkjelydane i Fjord og Stranda kommunar. • Er arbeidsgjevar for tilsette utanom prestane, som utgjer 9,5 årsverk. • Verksemda omfattar 7 kyrkjer og 9 kyrkjegardar. • I 2021 har fellesrådet eit driftsbudsjett på om lag 9,6 million kroner og eit investeringsbudsjett på om lag kr. 0,8 millionar kroner. Fellesrådet sin økonomi er i hovudsak basert på overføringar frå kommunane.
    [Show full text]
  • Frå Norddal Inni Storfjorden Til Røvreiten
    Frå Norddal inni Storfjorden til Røvreiten Børge Knutson Alstads ættlegg 08.02.2021 1 Frå Norddal til Røvreiten Om Børge Knutson Alstads ættlegg Norddal Norddal er en kommune på indre Sunnmøre i Møre og Romsdal. Den grenser i nordvest til Stordal, i nord og øst til Rauma, i sørøst til Skjåk, og i sør og vest til Stranda. I tillegg til kommunesenteret Sylte i Valldal ligger også bygdene Norddal ( Dalsbygda ), Eidsdal, Fjørå og Tafjord i kommunen. Kommunen er en av de store jordbrukskommunene på Sunnmøre. I kommunen dyrkes det i tillegg til korn både jordbær og aprikoser. Jordbærene finner man igjen i kommunevåpenet. Norddal kommune generelt, og bygda Tafjord spesielt, er kjent for mildt klima og vill og vakker natur. Navn Norddal var tidligere en del av Dale skipreide som på det meste omfattet dagens Norddal, Stranda og Stordal kommuner. Den opprinnelig tingplassen i skipreidet var trolig gården Dale i Norddal (bygd ). Fra 1600-tallet er «Norddal» brukt i de fleste offentlig dokumenter om sognet og prestegjeldet ( Sunnylven med Geiranger ble fradelt i 1861 ), og om herredet. Opprinnelsen til navnet Norddal for hele området er likevel uklar. Bygdebokforfatteren Ivar Kleiva gjetter på at folk i Skjåk kan ha brukt navnet «Norddalene», men Furseth synes denne forklaringen ikke er tilfredsstillende. Hans Strøm skriver i Søndmørs beskrivelse (1766, s.246): «Det er vanskelig at sige, hvorfor dette Sogn egentlig kaldes Nordals Sogn, efterdi der hverken i Sognet eller Kaldet findes nogen Dal af saadant Navn. Rimeligt er det, at alle her i Sognet beliggende Dale tilforn have været indsluttede under eet Navn, og kaldte Nordalene, det er, de Nordlige Dale, til forskiel fra Dalene i Syndelven og Geranger som ligge længere hen mod Sønden; hvilken Gisning meget bestyrkes ved foranførte Opskrift eller Titel af hr.
    [Show full text]