Uden Haugianernes Assistance Kan Ikke En Præst Udrette De Stor Ting"

Total Page:16

File Type:pdf, Size:1020Kb

Uden Haugianernes Assistance Kan Ikke En Præst Udrette De Stor Ting SHP, Høgskulen i Volda: Kulturperspektiv på møte mellom bønder og embetsmenn. Prosjektseminar 3.–4. september 2008 Svein Ivar Langhelle: "Uden Haugianernes Assistance kan ikke en Præst udrette de stor Ting" I perioden 1820 til 1850 skjedde relativt dramatiske endringar av livsførselen på Sørvestlandet parallelt med at haugianismen vann stort innpass gjennom omfattande religiøse vekkingar. Dette galdt også blant dei som stod utanfor vekkingane. Noko av det som elles var lettast å få auge på, var nye skikkar kring fest og samkomer, arbeid på heilagdagar, deltaking i hussamlingar og andre religiøse møte, samt bruk av religiøs litteratur.1 Eg går berre ganske kort inn på dette nå og lar det stå som eit bakteppe til det eg skal leggja fram. Eg vil her særleg sjå på noko av det som skjedde i Nord-Rogaland. I 1854 summerte presten Johan Peter Berg opp forholda i Skjold prestegjeld. Sjølv om talet på haugianarar i prestegjeldet ikkje var “meget stort” og dei “vakte” var i mindretal, var stemninga sterkt påverka av haugiansk pietisme. Omgangstonen mellom folk var prega av alvor og stille framferd, dei snakka og lo ikkje høgt. Folk gjekk og rei fort berre i nødsfall. Plystring, moroskap, utbrot av glede, sinne eller iver var teikn på at ein var eit “Verdensbarn” og gjorde at vedkomande ble “udsat for Mistanke og Omtale”.2 Avaldsnes var, ved sida av Vikedal, det prestegjeldet i Nord-Rogaland som då var minst prega av haugianismen. Likevel ser me at prost Sinding i Avaldsnes i 1853 skriv at ”Enkelte Mænd… have haft en Slags Fuldmagt til at fungere som Paamindere og Raadgivere i aandelige Ting… Almuens Skikke og Tankemaade i det Hele taget er ikke lidet paavirket af Haugianismen”, og at det derfor var vanskelig å ”afgive noget brugbart Skjelnemærke mellem Haugianere og Ikke-Haugianere”.3 Hans Nielsen Hauge var sjølvsagt svært viktig som ideologisk kraft og førebilde for dei lokale haugianarane, men på det lokale planet var det John Haugvaldstad frå Rennesøy og Stavanger som var høvdingen og den absolutt mest sentrale haugianaren. Eit ord frå John skal ha vore ”som eit Ord frå Gud”. I hans lære måtte ein halda seg unna alt ”verdsleg”, slik at Gud til slutt blei det einaste. Djevelen var listig og stadig ute etter folk, så ein måtte alltid vera på vakt mot å gå på gale vegar. Ein av metodane til Djevelen var å få folk til å gløyma ”det eine nødvendige” for ei tid ved å lokka med verdslege gleder.4 Eg skal ikkje her gå inn på alle faktorane som låg bak og kan vera med å forklara endringane, men heller sjå litt nærare på samspelet mellom haugianarar og presteskap. Denne utviklinga gjekk i perioden gjennom tre fasar, der den første var 1820-åra. Då levde det haugianske, religiøse livet nokså adskilt frå det offentlege og prestestyrde. Haugianarane blei betrakta som utgruppe, prestane omtalte dei gjerne som ”svermarar og villfarne”. Som smitta av ”Houges Lære maa de nok overlades til sig selv”, skreiv prost Knudsen om nokre haugianarar etter visitasen i Hinderå kyrkje i 1822.5 Eller haugianarane blei ikkje omtalt i det heile. Me kan kanskje seia at prestane i denne perioden prøvde å marginalisera den haugianske rørsla. 1 I 1831 kalla den same prost Knudsen haugianarane i Vikedal ”fromme, gode og christelig sindede Mennesker”, før han la til noko som kan oppfattast både som eit hjartesukk og ei programerklæring: ”Kunne de kuns aflade Proselytmagervæsenet var Intet paa dem at udsætte”.6 Med dette var dagsorden i fase to sett. Haugianarane var nå blitt ei mektig kraft som prestane måtte ta omsyn til, men som dei hadde eit ambivalent forhold til. På den eine sida utfordra haugianarane prestane sin autoritet i religiøse spørsmål – noko som ofte blei oppfatta som eit trugsmål mot orden og stabilitet i samfunnet – og som dessutan braut med Konventikkelplakaten. På den andre sida levde haugianarane betre opp til dei fleste prestane sine ideal for eit kristent menneske enn det folk flest gjorde, samstundes som det også viste seg at dei i så måte hadde positiv påverknad på andre. I 1835 skreiv bisp Sigwardt brev til departementet om ”svermeriet” i Skjold og Skudenes prestegjeld, både i form av haugianarar og kvekarar. Når det galdt dei siste, hadde bispen sett det som si plikt å be amtmannen om hjelp til å få bort ulovleg praksis.7 I juni 1836 går Sigwardt inn for å halda på Konventikkelplakaten, for på den måten å ha kontroll med dei religiøse samlingane.8 I april 1837 hadde bispen kome fram til at ”Erfaring til alle Tider har viist, at Sværmerie ved derimod anvendt physisk magt aldrig lader sig undertrykke, men meget mer derved vinder forøget Styrke”, og at arbeidet mot ”svermeriet” difor måtte skje gjennom opplysning og liknande. Bispen hadde såleis nå kome til at det beste var å oppheva konventikkelplakaten, som altså virka mot sin hensikt.9 Som me ser, standpunkta forskyvde seg nærast frå år til år. Med dette hadde bispen skapt opning for det som skulle bli tredje fase, som var prega av samarbeid mellom presteskap og haugianarar. I samband med den store undersøkinga om fattigvesenet av 1839 ser mange av prestane ut til å ha vore usikre på om haugianarane kunne reknast som ”religiøs sekt” eller ikkje. Presten Brun sin kommentar om at det i Avaldsnes ikkje var religiøse sekter, ”med mindre man dertil regner etslags Haugianere eller saakaldte Hellige” er eit døme på at det, Holfeldt i Klepp sin merknad, om at haugianarane kunne ”vel næppe regnes til nogen Sect,” eit av mange andre. 10 Presten Fredrik Krog i Skudenes, som i 1834 ”med Taarer bestræbte sig for” å hindra at to av presten sine medarbeidarar og fleire lærarar slutta seg til haugianarane11, måtte i 1840 innrømma at han hadde endra syn på dei. Krog skriv nå at han, ”som flere Sjælesørgere”, hadde ”ei betimeligen nok bleve opmærksomme paa” korleis haugainarane hadde ”virket velgjørende paa denne Menighed”. Vidare var det også hans ”temmeligen grundede Formening, at næsten overalt hvor Haugianerne under ret christelig Tolerance i længere Tid har virket, og hvor Tiden i Forbindelse med det rene Ords Forkyndelse har lutret den fra det Overspendte og Sværmeriske, er man kommen til den glædelige Erfaring, at Haugianerne og sunde evengelisk-Lutherske Troesbekjendere, alt mere og mere i Lærdom, som i Omgang og øvrige Livsforholde, have nærmet sig hverandre som Brødre og Søstre i Christo, hvilke paa een og samme Vei vandre deres evige Maal imøde”. 12 Presten Brun i Avaldsnes omtalte i 1834 haugianismen som ”en hvis sværmerisk Aand, der ingenlunde kan bestaae med den sande Christendom”.13 I 1838 omtalar han framleis haugianismen som ”svermeri”, men denne karakteristikken har han gått heilt bort frå i 1842. Han trudde nå ikkje at haugianarane ”havde noget som helst skadelig Indflydelse paa Menigheden”.14 I juli 1845 kunne Brun så fortelja at han i den siste tida ”havde havt Anledning til at slutte sig nærmere til de saakaldte Haugianerne” i prestegjeldet og at han var blitt overbevist om ”at der i deres Troes bekjendelse aldeles ingen væsentlig Forskjel finder 2 Sted fra den evangelsk lutherske”.15 I eit brev til bispen nyttårsafta 1845 skriv Brun at han hadde innsett at det var viktig for han som prest å samarbeida med haugianarane, ”… Saavel deres Exempel, som deres Tale virker velgjørende paa Mange i Menigheden… Det er mig aldeles Klart, at en præst uden sin Menigheds Assistance, uden at denne vil anvende sine aandelige Kræfter til Guds Riges Udbredelse, ikke vil kunne udrette store Ting”.16 Gjennom denne prosessen meinte fleire av prestane at den lokale haugianismen hadde lagt noko av ekstremismen bak seg og endra seg i ein mindre provoserande retning – eit tilpassingsfenomen som heller ikkje er ukjent for andre rørsler som er i ferd med å koma nærare ein maktposisjon. Dette skjedde mellom anna ved å tona ned kvinnene si synlege rolle i rørsla og elles unngå unødvendige konfrontasjonar. I 1854 meinte prost Sinding at haugianismen i Karmsund prosti hadde ”aabenbart ophørt i den Betydning at være et Kirkeligt Phenomen, som for en Deel Aar tilbage – det begynder mer og mer at vise sig, at den kan assimileres af Kirken, indgaae i Organismen og vorde et Naadens Kar”. Rett nok gjekk ”Overgangen” seint og var prega av ”flo og ebbe”, men ”vistnok tør vi, som Evangeliets Forkyndere i hans rette Menighed, trøstigen sætte uden for Betragtning, at Mange i denne endnu ere – Haugianere”.17 Under høyringa av Hjelm sitt lovforslag om religionsfridomen i 1840 var fråsegnene frå det sterkt haugiansk prega Nord-Rogaland18 klårt meir restriktive i høve til ikkje-lutheranarar enn det som gjeld for landsgjennomsnittet. 19 Det var berre kommunestyret i Avaldsnes, med presten Brun som ordførar, som eksplisitt gjekk inn for religionsfridom for ikkje- lutheranarar.20 Utanom Brun konkluderte prestane med å gå mot religionsfridom for dissentarar, det same gjorde dei fleste formannskapa. Essensen i formannskapa sine fråsegner kjem fram i det som blei vedtatt i Torvastad etter framlegg frå ordføraren, bror til ein av haugianarane i bygda: ”Alle og Enhver bør at bekiende sig til Christelige Lutherske Lære”.21 Når det gjeld Hjelm sine forslag om restriksjonar på dei religiøse forsamlingane som ikkje presten sjølv styrte – altså i høve til konventikkelplakaten, kjem det essensielle fram i uttalen frå formennene i det sterkt haugiansk prega Skudenes prestegjeld. Dei ba om at samlingane ikkje måtte vera forbodne, ”med mindre den Lutherske Lære forfalskes”,.22 Konventikkelplakaten hadde negativ symbolverdi, men ingenting tyder på at den var noka hindring for haugianarane i Nord-Rogaland kring 1840. Føresegnene i konventikkelplakaten om å melda samlingane for presten hadde aldri vore praktisert i Vikedal, skriv presten Løberg i 1840. Samtidig fortalde presten Halvorsen i Skjold at ”de samle sig ofte til gjensidig Opbyggelse, uden at de i Forveien gjøre derom Anmeldelse til mig”.23 Krog i Skudenes var nokså typisk for prestane i Nord-Rogaland og deira haldningar.
Recommended publications
  • Hetland 1957 – 1958
    '46 HESKESTAD HERRED (Heskestad p.A.-Ualandf) HESKESTAD HERRED (Uala.nd) -HETLAND HERRED '" Hesk.estBd Handelslag, 12,000, O, best P Randa BllstBd, Om. T O, gbr., 18,000, 7700 Svale, gbr., 36,000, 11,700 Ueland, Jonas J, gbr., bankkass., lIgn.sjef, RefsIand, - Jacob, hj.lærer, 0, 4000 . - Ommund Th., gbr. 40,000, 14,200 - TorvaJl, gbr., 16,000, 0100 33,000, 9200 Reinertsen, Ablgal, gbr., Ollesl.ad, 17,000, 54,000, - Johs" gbr.• 39,000. 14,200 - ottar, gbr., 24,000, 8700 -Kjell, gbr., 13,400 1000 - Margit, gbr., 26,000, 2200 _ Sigmund, gbr., 109,000, 14,600 - Kristine P, hush., 15,000, 1200 - Bjame, baneform. 19,000, 10,600 , - Olav, lærer, Elde, 6000, 13,300 - Sigvart, aru.arb., 6000 14,100 - MartheG J, 5000 5600 , Magne, hdls.best.. 2000, 14,200 pens.,. 11,000, O - William, gbr., lærer 8000, 14,200 - Børen, gbr., 20,000, 14,000 - Martha pens RiSa, Hæver, Peder, banev., ,Mona, 1000, 8500 - TOTbJølll", butlkkd., O, 4300 Sirevlg, Alf, gbr., Tekse, 28,000, 6500 - OG S, gbr.,O, Hetland,. 26,000, 5200 Kristensen, Arne, anl.arb., Eide, 32,000, 12,700 BIrkemo, Konrad, 27,000, 2400 Sklpsæ,d, Tenny, anl.arb., BUstad, 12,000, - Olav, gbr., 68,000, 9800 Kvfnen, Arne, banev., Elde, O, 92(10 - NII's, gbr., 32,000,gbr., 2400 16,000 -Skole l.4Lnghus, Inga gbr., 20,000, 3100 - Qmmund, gbr .. 31,000, 9000 - n-ygve, arb., BUstad, 14,000, 5300 -Svein J, gbr., Ollestad, 50,000, 9400 -Trygve, gbr", 28,000, 3200 Bjuland, Knut, gbr., 51,000, 25,800 Skjerpe, Martine, kArm., 15,000, O - Sven A, gbr., 42,000, 16,500 , Mol, gbr., Eide, 18,000, 530{) BjØrnemo, Tønnes S, gbr., 30,000, 8000 - Peder, gbr., 34.000, 11,800 -Øyvind, gbl·., Het.hlnd, 19,000, 12,800 3000 SlettebØ,Arthur, banev.,Refsland, O, 9500 VassbØ, Ingvald, sjåfØr, Olle8tad, 16,000, 2400 .
    [Show full text]
  • NR. 4 September 2020 ÅRGANG 62 Kyrkjeblad for Bjoa, Imsland, Sandeid, Skjold, Vats, Vikebygd, Vikedal Og Ølen
    OFFENTLEG INFORMASJON NR. 4 September 2020 ÅRGANG 62 Kyrkjeblad for Bjoa, Imsland, Sandeid, Skjold, Vats, Vikebygd, Vikedal og Ølen Gudsteneste på Romsa, sjå side 6 Kateketen har ordet 2 Springing gjev pusterom! 4 Framleis rom i kyrkja 8 Hausten 2020 2 Bjoa kyrkje 125 år 5 Frå kyrkjeboka 8 Redaksjonspennen 3 Oppgradering av Bjoa kyrkje 5 Gundstenester 10 Tradisjon i 120 år 3 Gudsteneste på Romsa 6 Møte og arrangement 11 Orgelet i Vats kyrkje 100 år 3 Kva er kyrkja? 7 Inspirasjonssamling 12 Konfirmantar Bjoa og Ølen 5 Endeleg søndag på Kårhus 7 1 Redaksjons- Kateketen har ordet Britt Karstensen, kateket. PENNEN Av Steinar Skartland HYRDINGEN: Kyrkjeleg fellesråd har gjennom fleire Ansvarleg: Steinar Skartland år fått ekstra midlar av kommunen Tlf. 908 73 170 Ikkje som planlagt til oppgradering av kyrkjene. Den 8. Epost: [email protected] kyrkja som får gleda av dette er på Bjoa. Bladpengar/gåver til Hyrdingen Det blei plutseleg travelt med haust- Å konfirmera tyder å stadfesta. I Ekstra midlane er redusert vesentleg på konto: 3240.11.17937 og konfirmasjonar i år. Sånn blir det, når konfirmasjonen stadfester Gud gåva i nå, men fellesråd og kyrkjeverje VIPPS nr 53 14 72 ting ikkje går som planlagt. Kanskje dåpen, at me får vera Hans born, at prioriterer bygg og kyrkjegardar så Adr. Skjold kyrkje var det like greitt for nokon, kanskje Han framleis vil vera nær. Sånt sett godt det let seg gjera for å sikra at Kleivavegen 2, 5574 Skjold blei det litt mykje stress for andre, men kan ein nesten seie at me ALLE «blir kyrkjene òg i framtida skal vera tenlege Hans Asbjørn Aasbø talar på ettermiddagsmøtet.
    [Show full text]
  • Dalbygda Vindkraftverk I Tysvær Kommune, Rogaland Fylke
    Dalbygda vindkraftverk i Tysvær kommune, Rogaland fylke. Konsekvensutredning. Tema Landskap Indre deler av Vatsfjorden. Foto: Morten W. Melby Melby, M. W. 2012. Dalbygda vindkraftverk i Tysvær kommune, Rogaland fylke. Konsekvensutredning. Tema Landskap. Miljøfaglig Utredning rapport 2012-36, ISBN 978-82-8138-609-9. Dalbygda vindkraftverk i Tysvær kommune, Rogaland fylke K ONSEKVENSUTREDNING . T E M A L ANDSKAP Miljøfaglig Utredning AS Rapport 2012:36 Prosjektansvarlig: Morten Wewer Melby Utførende institusjon: Miljøfaglig Utredning AS Prosjektmedarbeider(e): Oppdragsgiver: Kontaktperson hos oppdragsgiver: Dalbygda Kraftsenter AS Øyvind Hellerslien Referanse: Melby, M. W. 2012. Dalbygda vindkraftverk i Tysvær kommune, Rogaland fylke. Konsekvensutredning. Tema Landskap. Miljøfaglig Utredning rapport 2012-36, ISBN 978- 82-8138-609-9. Referat: Miljøfaglig Utredning AS har bistått Dalbygda Kraftsenter AS med å utarbeide tematisk konsekvensutredning i forbindelse med deres planer om bygging av et vindkraftverk nordøst for Dalbygda i Skjoldastraumen i Tysvær kommune, Rogaland. Denne rapporten omhandler tema Landskap, peker på viktige kvaliteter innenfor tiltakets influensområde (utredningsområdet), vurderer konsekvenser av tiltaket og anbefaler avbøtende tiltak. Planene opererer med ett utbyggingsalternativ, hvor 13 vindturbiner (2,0-3,0 MW) med navhøyde 60-80 m, rotordiameter 90 m og med en innbyrdes avstand på 5-600 m, plasseres på et sammenhengende høydedrag øst for Dalbygda i høydelaget 300-420 m oh. Et stort antall av vindturbinene vil være særlig godt synlige fra vest, men også fra enkelte høyereliggende partier i nord, øst og sør. Utredningsområdet er delt inn i 7 enhetlige landskapsområder som er beskrevet i henhold til anbefalt metode. Beskrivelsene og andre registreringer begrunner fastsettelsen av en landskapskarakter og verdisettingen for hvert enkelt delområde.
    [Show full text]
  • Det-Norske-Myrselskap-1949
    MEDDELELSER FRA DET NORSl(E MYRSELSl(AP Nr. 6 Desember 1949 47. årgang Redigert av Aasulv Løddesøl. MYRENE I KYSTHERREDENE I NORD-ROGALAND. Av konsulent Ose. Hovde. Nord-Rogaland er vanlig benevnelse for den del av Rogala,nd fylke som ligger nord for Boknafjorden. De typiske kystherreder i Nord-Rogaland - regnet nordfra -- er følgende 8: Skåre, Torvastad, Avaldsnes, Utsira, Åkra, Stangaland, Skudenes og Bokn. Innen dette kystområde ligger også 3 bykommuner, nemlig Haugesund, Kopervik og Skudeneshavn. Nærmere geografisk bestemt ligger disse herreder mellom 59°08' og 59°31' nordlig bredde og mellom 5~10' og 6° vestlig lengde (Oslo meridian). Herredenes totalareal er 407,96 km2 og land• arealet 392,02 km2• Av hele Rogaland fylke utgjør dette område 4,50 %. Det meste av Skåre og Avaldsnes herreder med Haugesund by og en mindre del av Torvastad ligger på fastland (Haugalandet), men for øvrig ligger de andre herreder på øyer. Den største av disse er Karmøya. Her ligger de tre herreder Skudenes, Akra og Stanga• land i sin helhet og dessuten det meste av Torvastad og en del av Avaldsnes. Her er dessuten de to bykommuner Kopervik og Skude·• neshavn. Karmøya er således Norges folkerikeste og tettest bebodde øy. Bokn herred ligger på flere øyer øst for Karmøya, og Utsira her• red ligger langt ute i havet (16 km) rett vest av Karmøya, Kommunikasjonene innen området er stort sett gode, men den svære trafikk over Karmsundet ·gjør krav om bru eller bedre ferje• forbindelse berettiget. Ruten på Karmøya trafikeres med busser av Norges Statsbaner. F j e 11 grunnen innen området består stort sett av 3 temmelig skarpt atskilte områder.
    [Show full text]
  • Norway Maps.Pdf
    Finnmark lVorwny Trondelag Counties old New Akershus Akershus Bratsberg Telemark Buskerud Buskerud Finnmarken Finnmark Hedemarken Hedmark Jarlsberg Vestfold Kristians Oppland Oppland Lister og Mandal Vest-Agder Nordre Bergenshus Sogn og Fjordane NordreTrondhjem NordTrondelag Nedenes Aust-Agder Nordland Nordland Romsdal Mgre og Romsdal Akershus Sgndre Bergenshus Hordaland SsndreTrondhjem SorTrondelag Oslo Smaalenenes Ostfold Ostfold Stavanger Rogaland Rogaland Tromso Troms Vestfold Aust- Municipal Counties Vest- Agder Agder Kristiania Oslo Bergen Bergen A Feiring ((r Hurdal /\Langset /, \ Alc,ersltus Eidsvoll og Oslo Bjorke \ \\ r- -// Nannestad Heni ,Gi'erdrum Lilliestrom {", {udenes\ ,/\ Aurpkog )Y' ,\ I :' 'lv- '/t:ri \r*r/ t *) I ,I odfltisard l,t Enebakk Nordbv { Frog ) L-[--h il 6- As xrarctaa bak I { ':-\ I Vestby Hvitsten 'ca{a", 'l 4 ,- Holen :\saner Aust-Agder Valle 6rrl-1\ r--- Hylestad l- Austad 7/ Sandes - ,t'r ,'-' aa Gjovdal -.\. '\.-- ! Tovdal ,V-u-/ Vegarshei I *r""i'9^ _t Amli Risor -Ytre ,/ Ssndel Holt vtdestran \ -'ar^/Froland lveland ffi Bergen E- o;l'.t r 'aa*rrra- I t T ]***,,.\ I BYFJORDEN srl ffitt\ --- I 9r Mulen €'r A I t \ t Krohnengen Nordnest Fjellet \ XfC KORSKIRKEN t Nostet "r. I igvono i Leitet I Dokken DOMKIRKEN Dar;sird\ W \ - cyu8npris Lappen LAKSEVAG 'I Uran ,t' \ r-r -,4egry,*T-* \ ilJ]' *.,, Legdene ,rrf\t llruoAs \ o Kirstianborg ,'t? FYLLINGSDALEN {lil};h;h';ltft t)\l/ I t ,a o ff ui Mannasverkl , I t I t /_l-, Fjosanger I ,r-tJ 1r,7" N.fl.nd I r\a ,, , i, I, ,- Buslr,rrud I I N-(f i t\torbo \) l,/ Nes l-t' I J Viker -- l^ -- ---{a - tc')rt"- i Vtre Adal -o-r Uvdal ) Hgnefoss Y':TTS Tryistr-and Sigdal Veggli oJ Rollag ,y Lvnqdal J .--l/Tranbv *\, Frogn6r.tr Flesberg ; \.
    [Show full text]
  • Ølen - Aksdal - Haugesund Etne - E134 - Ølen Terminal - E134 - Aksdal Terminal - E134 - (Skåredalen) - (Amanda Terminal) - E134 - Karmsundgt
    260 Etne - Ølen - Aksdal - Haugesund Etne - E134 - Ølen terminal - E134 - Aksdal terminal - E134 - (Skåredalen) - (Amanda terminal) - E134 - Karmsundgt. - (Litlasundgt. - Strandgt.) - (Haraldsgt. - Tuhauggt.) - Leirangergt. - Flotmyr Mandag - Fredag Lørdag Søndag 25 1234 5 Etne terminal .... .... k07:30 i 08:50 k10:00 k10:40 i 13:50 .... 14:45 14:50 .... G18:25 k09:20 10:50 14:45 .... .... - - - - Ølen vgs. .... .... .... 15:05 15:10 .... .... .... - - - - Ølen terminal .... .... 07:50 09:05 10:15 10:55 d14:05 .... 15:06 15:11 .... d18:40 09:35 11:05 15:00 .... .... - - - - Ølen terminal 05:30 06:35 c07:50 09:05 c10:15 10:55 c14:15 cs14:15 15:06 c15:11 Y15:55 c18:40 09:35 11:05 c15:00 Z15:05 c17:25 - - - - Knapphus 05:45 C06:50 08:05 D09:20 10:30 11:10 E14:30 s14:30 15:20 15:25 H16:10 18:55 K09:50 11:20 15:15 15:20 17:40 - - - - Isvik E134 05:55 g07:00 08:15 09:30 h10:40 11:20 14:40 .... 15:30 15:35 16:20 19:05 10:00 11:30 15:25 15:30 17:50 - - - - Grinde 06:07 07:17 08:27 09:42 10:52 11:32 14:52 .... 15:42 15:47 16:32 19:17 10:12 11:42 15:37 15:42 18:02 - - - - Aksdal terminal hpl. 2 06:10 X07:20 08:30 y09:45 10:55 x11:35 14:55 .... 15:45 15:50 16:35 19:20 10:15 11:45 15:40 15:45 18:05 - - - - Førre 06:13 e07:24 08:34 ...
    [Show full text]
  • Administrative and Statistical Areas English Version – SOSI Standard 4.0
    Administrative and statistical areas English version – SOSI standard 4.0 Administrative and statistical areas Norwegian Mapping Authority [email protected] Norwegian Mapping Authority June 2009 Page 1 of 191 Administrative and statistical areas English version – SOSI standard 4.0 1 Applications schema ......................................................................................................................7 1.1 Administrative units subclassification ....................................................................................7 1.1 Description ...................................................................................................................... 14 1.1.1 CityDistrict ................................................................................................................ 14 1.1.2 CityDistrictBoundary ................................................................................................ 14 1.1.3 SubArea ................................................................................................................... 14 1.1.4 BasicDistrictUnit ....................................................................................................... 15 1.1.5 SchoolDistrict ........................................................................................................... 16 1.1.6 <<DataType>> SchoolDistrictId ............................................................................... 17 1.1.7 SchoolDistrictBoundary ...........................................................................................
    [Show full text]
  • Nord-Stokkeslekten På Karmøy Av Erling Haaland
    Årbok for Karmsund HAUGESUND MUSEUM Årshefte 1961 - 1965 Museums- og historielaget for Haugesund og bygdene 1966 Nord-Stokke-s,ekten på Karmøy Av Erling Haaland Under tittelen «Gamle slekter i Stangaland og Kopervik» skrev forfatteren i Rogaland Ættesogelags årshefte nr. l, 1941 en kort over­ sikt over en slekt som har spredt seg fra gården Nord-Stokke i Stanga­ land ut over Karmøy og videre. Her følger en omarbeidd og utvidet ætteliste over den samme slekt med sidegrener. • • • NORHEIM/ERØY-LINJEN I. Tolleiv Norheim, Etne, nevnt 1518-19 i Etne. IL Bjørn Norheim, Etne, nevnt 1561, 1585, 1591, 1597/98. Han var tilstede ved kongehy Ilingen 15 91. III. T ollef Bjørnsen Nor heim, g.m. Birgitte Nilsdtr. Bugge, datter av sokneprest Nils Pedersen Bugge i Etne. Tollef mØtte som bøndenes utsending til kongehyllingen i Oslo 1610. Deres barn: l. Sakarias Tollefsen f. 1623, skifte 13/6 1670. g.m. Anne Jonsdtr. Tøtland. 2. Johannes Tollefsen Erøy i Erfjord, nevnt 1667, g.m. Ingeborg Bjørnsdtr. 3. Rasmus Tollefsen, Ølen. 4. Bjørn Tollefsen Helgeland, Sandeid. Han er oppfØrt i mann­ tallet 1665, var g.m. Karen Larsdtr. Opsal, datter av Lars Larsen Opsal i Vikedal og h. Marta Jonsdtr. 50 5. Nils Tollefsen på Milje, Skånevik. 6. Lisbet (?) Tollefsdtr. g.m. Odd Jonsen Hauge i Hjelmeland. 7. Anna Tollefsdtr. g.m. Tjerand Torsen Hauge. IV. Toll'ef Johannesen Bog i Erfjord f. 1659, g.m. Marta Østensdtr. fra Jelsa. Deres barn: l. }oren g.m. Ole Olsen Skiftun. V. 2. Ingeborg Tollefsdtr. Bog, som var gift med Jone Sigvesen Skeie. De bodde senere på Helgeland i Sandeid.
    [Show full text]
  • Assessment of Norway's Public Procurement System
    ASSESSMENT OF NORWAY’S PUBLIC PROCUREMENT SYSTEM 2018 Testing the new methodology Assessment of Norway’s public procurement system TESTING THE NEW METHODOLOGY Table of Contents Executive summary ....................................................................................................................................... 4 Introduction .................................................................................................................................................. 6 Country Context ............................................................................................................................................ 7 Political Situation and Society of Norway ................................................................................................. 7 Economic situation .................................................................................................................................... 8 Geostrategic situation ............................................................................................................................. 10 The Norwegian Public Procurement System .......................................................................................... 10 Synthesis of findings ................................................................................................................................... 13 Pillar I: Legal, Regulatory, and Policy Framework ................................................................................... 13 Pillar II: Institutional Framework
    [Show full text]
  • Gnr. 33 Sandve I Skudenes
    Gnr. 33 Sandve i Skudenes Ny: Oktober 1999. Oppdatert februar 2021. Oppdatering av noen av de familiene som har hatt bosted her. Ansvarlig registrering: Leif Olsen . Ansvarlig oppdatering: Henry Oskar Forssell Rettelser og oppdateringer kan sendes til Slektsforum Karmøy. Bruk A. Bygdebok for Skudenes og Skudeneshavn side 304. 3. 1628-1645: Paul Arnbjørnsen Kan være Sønn til Arnbjørn på "Sandve bruk D * ektefelle ukjent Barn: a) Arnbjørn født: ca 1650 Gift med NN " Sandhåland-bnr 13 b) Olle født: ca 1652 (tjener på Mjølhus i 1664-1666) *** Bygdebok for Skudenes og Skudeneshavn side 304. 4. 1649-1683: Rasmus Kolbeinsen født ca 1613, døde etter 1683 * foreldre ukjent * ektefelle ukjent Barn: a) Kolbein født: ca 1650 Kanskje til Ferk.bnr 13. (s.65-Sk) b) Ola født: ca 1653 *** Rasmus bruker 36 spd i 1649, senere må han ha delt garden, for i 1666 bruker han bare 9 spd. Bruk B. Bygdebok for Skudenes og Skudeneshavn side 304. 1. 1661-1666: Ola Nilsen født ca 1610, * foreldre ukjent * ektefelle ukjent Barn: a) Ola født: ca 1654 kanskje til "Sandve bnr 1 b) ? Anders født: ca 1670 Gift med Eli Hansdatter " Sandve-bnr 10 *** Ola brukte 12 spd av Sandve i 1666. Bruk C. Bygdebok for Skudenes og Skudeneshavn side 305. 1. 1652-1683: Steffen (Stephen) Aslaksen født ca 1617, død etter 1685 * foreldre ukjent * ektefelle ukjent Barn: a) Aslak født: ca 1655 b) Nils født: ca 1657 c) Ola født: ca 1661 Gift med NN " Skudeneshavn nr 5 1 *** Bruk D. Bygdebok for Skudenes og Skudeneshavn side 305. 1. 1603-1639: Arnbjørn Sandved ,død ca 1633 * foreldre ukjent Gm Ingeborg Olufsdatter ,død etter 1639 Sansynligvis datter til Oluff på "Sandve bruk E Barn: a) Paul (Pouel) født: Gift med NN " 3.
    [Show full text]
  • Historisk Oversikt Over Endringer I Kommune- Og Fylkesinndelingen
    99/13 Rapporter Reports Dag Juvkam Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen Statistisk sentralbyrå • Statistics Norway Oslo–Kongsvinger Rapporter I denne serien publiseres statistiske analyser, metode- og modellbeskrivelser fra de enkelte forsknings- og statistikkområder. Også resultater av ulike enkeltunder- søkelser publiseres her, oftest med utfyllende kommentarer og analyser. Reports This series contains statistical analyses and method and model descriptions from the different research and statistics areas. Results of various single surveys are also pub- lished here, usually with supplementary comments and analyses. © Statistisk sentralbyrå, mai 1999 Ved bruk av materiale fra denne publikasjonen, vennligst oppgi Statistisk sentralbyrå som kilde. ISBN 82-537-4684-9 ISSN 0806-2056 Standardtegn i tabeller Symbols in tables Symbol Tall kan ikke forekomme Category not applicable . Emnegruppe Oppgave mangler Data not available .. 00.90 Metoder, modeller, dokumentasjon Oppgave mangler foreløpig Data not yet available ... Tall kan ikke offentliggjøres Not for publication : Emneord Null Nil - Kommuneinndeling Mindre enn 0,5 Less than 0.5 of unit Fylkesinndeling av den brukte enheten employed 0 Kommunenummer Mindre enn 0,05 Less than 0.05 of unit Sammenslåing av den brukte enheten employed 0,0 Grensejusteringer Foreløpige tall Provisional or preliminary figure * Brudd i den loddrette serien Break in the homogeneity of a vertical series — Design: Enzo Finger Design Brudd i den vannrette serien Break in the homogeneity of a horizontal series | Trykk: Statistisk sentralbyrå Rettet siden forrige utgave Revised since the previous issue r Sammendrag Dag Juvkam Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen Rapporter 99/13 • Statistisk sentralbyrå 1999 Publikasjonen gir en samlet framstilling av endringer i kommuneinndelingen 1838 - 1998 og i fylkesinndelingen 1660 - 1998.
    [Show full text]
  • Gårdsnr. 131 Torvastad
    Gardsnr. 131 Torvastad. Ny: mars 2003 Oppdatering av noen av de familiene som har bosted her. Ansvarlig: Henry Oskar Forssell. Rettelser og oppdateringer kan sendes til Slektsforum Karmøy. Bnr 1 Brekke I: Torvastad side 190. 1. ca 1627-70: Klaus Gunnarson født ca 1602, død ca 1670 Sønn av Gunnar Klausen og Tora Nilsdatter ” Stange bnr 6 Trolig gift 1.gang med datter av en tidligere bruker Gift 2.gang med Kirsti Ingebretsdatter født , død Datter av Ingebret og Turid ” Litasund i Skåre Barn: a) Truls født: Ca 1656 Gift med Anna Bårdsdatter ” Bruker nr 3 under b) Magdalena født: Gift med Anbjørn Nilsson ” Torvastad bnr 11 c) Klaus født: Ca 1658 Gift med Astrid Bårdsdatter Nordbø ” Nordbø bnr 1 d) Brita født: Gift med Kristoffer Holgersen ” Utvik bnr ??? e) Anna født: Gift med Hans Simonsen ” Bø bnr 9 f) Karen født: Gift med Hans Ingebretson ” Litlasund i Skåre g) Marit født: Gift med Jens Jonson ” Grønningen bnr 1 h) Magla født: Gift med Knut Ingebretson i) Pike NN født: Gift med Jens Jonson ” Bergstøl i Skåre Det er usikkert hvilke av barna som er fra 1., eller fra 2.ekteskap. *** Torvastad side 191. 3.ca 1690-1730: Truls Klaussen født ca 1656, død ca 1735 Sønn av Klaus Gunnarsen ” Bruker nr 1 over Gift med Anna Bårdsdatter født , død Datter av Bård Trulsson og Eli Olavsdatter ” Nordbø bnr 1 Barn: a) Kirsten født: Ca 1688 Gift med Lars Werner Tomasson ” Neste bruker Familien hadde også fostersønnen Bård Knutson født ca 1690. Han var trolig sønn av Knut Johannesson på Nordheim bnr 1.
    [Show full text]