Retningsliner for / kompetanseregion

1.1 ORGANISASJON: Medlemmer i Hardanger Voss kompetanseregion er følgjande kommunar/herad

Før 2020 Frå 2020 Eidfjord Kvam ( , Jondal og Ullensvang) Odda Voss ( Granvin og Voss) Ulvik Ullensvang Voss

Samarbeidet i Hardanger/Voss kompetanseregion er organisert som ein prosjektorganisasjon med ei styringsgruppe og 3 undergrupper

1.2 BAKGRUNN/HISTORIKK: Hardanger Voss kompetanseregion har eksistert i over 30 år. Då skuledirektøren i (Utdanningsdirektøren) på slutten av 80-talet tok initiativ til i å dela fylket inn i kursregionar for m.a. å skulera skulesjefar og skuleleiarar, blei samarbeidet slik vi kjenner det i dag, meir formalisert. Den omfattande kursinga hadde utgangspunkt i statlege leiarprogram som LUIS, LIS mfl. På mange måtar kan ein samanlikna denne skuleringa med «Rektorskulen». Styreleiar og sekretærrolla gjekk på omgang mellom kommunane. Kursregionen utvida oppgåvene etter kvart grunna dei mange læreplanreformene og stadig aukande behov for kompetanseheving. Aktivitetane fekk støtte frå Skuledirektøren – det gjorde kursregionen også. Målgruppa blei utvida til å gjelda barnehagesektoren.

Hardanger/Voss vurderingsmetodikk Med utgangspunkt i Stortingsmelding nr. 28 (1998-99) ”Mot rikare mål”, vart det sett i gang eit 3- årig nasjonalt prosjekt for skulane: ”Ekstern deltaking i lokalt vurderingsarbeid”. Hordaland søkte, men kom ikkje med i prosjektet. Likevel var signala der og oppmoding om å jobba med kvalitetsutvikling og vurdering. Skulesjefane/dei skulefagleg ansvarlege i kommunane i Hardanger/Voss vedtok difor å oppretta ei vurderingsgruppe i regionen i 2000. Gruppa utvikla metodikken som vert kalla ”Hardanger/Voss vurderingsmetodikk”.

Det har i ettertid synt seg å vera eit svært framtidsretta vedtak. Det vart utarbeidd ein modell for ekstern vurdering i regionen, og denne modellen har synt seg svært levedyktig, og har spreidd seg til over 100 kommunar rundt om i heile landet. Etter at Hardanger/Voss kompetanseregion starta med ekstern vurdering for å betra kvaliteten i skulen, har det kome fleire meldingar frå sentrale styresmakter som understrekar kor viktig det er å ha system som etterspør og sikrar kvalitet i opplæringa. Utdanningsdirektoratet ville etter kvart nytta vurderingsmodellen frå Hardanger/Voss på skular rundt om i landet. Fleire av vurderarane i regionen har vore med i dette arbeidet, og vurdert store og små skular, også vidaregåande skular. Med utgangspunkt i gode erfaringar med skulevurdering og ynskje om å laga tilsvarande vurderingsprogram for barnehagar, vart det i 2007 sett i gang eit prosjekt med å tilpassa vurderingsverktyet for barnehage. Barnehagane i regionen vert også vurdert etter same modellen. Det er styrarar/barnehagelærarar som gjennomfører vurderingsarbeidet. Fleire regionar/kommunar ønskjer no opplæring i barnehagemodellen med økonomisk støtte frå Utdanningsdirektoratet. Både skular og barnehagar i Hardanger/Voss er inne i eit system der dei regelmessig får ekstern vurdering som utgangspunkt for kvalitetsvurdering og utviklingsarbeid i eigen organisasjon.

I tillegg til ekstern vurdering så har regionen felles arbeid om: Realkompetanse vurdering, samarbeid om lokal gitt eksamen, innkjøpsavtaler, og StadPed Vest prosjekt. Nokon kommunar samarbeider om Tilsyn med barnehage, Zippys venner, Trivsels Leiar program, mm

1.3 FØREMÅL: Samarbeida om oppgåver som blir løyste betre på regionalt enn på lokalt nivå. Samarbeidet skal bidra til å styrka kommunen sin kompetanse og kapasitet innan oppvekstsektoren. Samarbeida om tildelte kompetansemidlar til nytte for heile regionen.

1.4 STRATEGIAR: • Tydeleg leiarskap som tar opp dagsaktuelle og framtidsretta tema • Bruk av kunnskapsbasert viten gjennom alt utviklingsarbeid • Tett kontakt med UH sektoren og våre samarbeidspartnarar. • Aktivitetar og tiltak i alle undergrupper skal vera godt forankra i medlemskommunane. • Årleg evaluering av utvalde satsingsområde samt nokre kurs og nettverk.

1.5 STYRINGSGRUPPA Samansetjing: Ein fast representant som t.d. oppvekstsjef eller den som råmannen peikar ut i kvar kommune med ansvar for oppvekstområdet. Styringsgruppa sine medlemmer har ikkje varafolk. Oppgåver: Styringsgruppa skal ha det overordna ansvaret for all verksemd i Hardanger/Voss kompetanseregion og samordna det dei andre gruppene arbeider med. Her under ligg og økonomisk ansvar for verksemda. Styringsgruppa kan oppretta nye undergrupper ved behov. Alle nye ad-hoc grupper eller nettverk skal godkjennast av Styringsgruppa. Leiing: Leiarfunksjonen i Styringsgruppa skal rullerast med 2 års funksjonstid. Leiing av Hardanger/Voss kompetanseregion skiftar slik mellom kommunane. Leiar for Styringsgruppa saman med Regionkoordinator representerer Hardanger/Voss kompetanseregion i ulike samarbeidsfora, t.d. AU hos Fylkesmannen si Utdanningsavdeling og KS sitt nettverk.

1.6 BARNEHAGEGRUPPA Samansetjing: Ansvarleg for barnehage frå kvar kommune, styrar frå Eidfjord og Ulvik. Leiar for ekstern vurderergruppe barnehage deltek ved behov. Barnehagegruppa sine medlemmer har ikkje varafolk. Oppgåver: Gruppa skal være proaktiv innan sitt felt, kartleggja trong for, ta initiativ til, samt arrangera kurs og etterutdanning innanfor barnehagesektoren. Barnehagegruppa skal og på oppdrag, eller etter avtale med Styringsgruppa, stå for gjennomføring av kvalitetsutviklingstiltak samt koma med innspel til nye tiltak. Barnehagegruppa har eit tett samarbeid med Ekstern vurdererguppe for barnehage. Leiing: Gruppa syter sjølv for val av leiar og nestleiar for minimum eit år om gangen.

1.7 GRUNNSKULEGRUPPA Samansetjing: Ansvarleg for skule frå kvar kommune, rektorar i Eidfjord og Ulvik. Leiar for ekstern vurderergruppe skule deltek ved behov Grunnskulegruppa sine medlemmer har ikkje varafolk. Oppgåver: Gruppa skal være proaktiv innan sitt felt, kartleggja trong for, ta initiativ til, samt arrangera kurs, etterutdanning og vidareutdanning innanfor grunnskule. Grunnskulegruppa skal og på

oppdrag, eller etter avtale med Styringsgruppa, stå for gjennomføring av andre kvalitetsutviklingstiltak samt koma med innspel til nye tiltak. Grunnskulegruppa har eit tett samarbeid med Ekstern vurderergruppe grunnskule. Eksamensnemnda høyrer inn under Grunnskulegruppa. Leiing: Gruppa syter sjølv for val av leiar og nestleiar for minimum eitt år om gangen.

1.8 LEIARFORUM PPT Samansetjing: Den som har ansvar for PP- tenesta i kommunen og/eller PP-leiar. PP-gruppa sine medlemmer har ikkje varafolk. Oppgåver: Gruppa skal være proaktiv innan sitt felt, kartleggja trong for, ta initiativ til, samt arrangera kurs og etterutdanning innanfor sine område i kommunane. Leiarforum PPT skal og på oppdrag, eller etter avtale med Styringsgruppa, stå for gjennomføring av kvalitetsutviklingstiltak samt koma med innspel til nye tiltak. Leiing: Gruppa syter sjølv for val av leiar og nestleiar for minimum eit år om gongen.

1.9 GRUPPA FOR VAKSENOPPLÆRING Samansetjing: Den som har ansvar for vaksenopplæring frå kvar kommune og/eller rektor for vaksenopplæring. Gruppa for vaksenopplæring sine medlemmar har ikkje varafolk. Oppgåver: Gruppa skal være proaktiv innan sitt felt, kartleggja trong for, ta initiativ til, samt arrangera kurs innanfor området vaksenopplæring. Gruppa for vaksenopplæring skal og på oppdrag, eller avtale med Styringsgruppa, stå for gjennomføring av andre kvalitetsutviklingstiltak samt koma med innspel til nye tiltak. Leiing: Gruppa syter sjølv for val av leiar og nestleiar for minimum eit år av gongen.

1.10 MØTEFREKVENS OG INNHALD. Til vanleg bør det vera minst 3 møte pr.år. I særlege tilfelle kan det vera møte oftare. Møta bør innehalda følgjande moment: • Samhandlingsdel • Drøftingsdel • Læringsdel • Ideutvekslingsdel • Handsaming av saker – tilråding

Gruppeleiar leiar møta og planlegg møta i samarbeid med nesteleiar og koordinator Styringsgruppa tek stilling til prosjekt/arbeidsoppgåver frå dei ulike undergruppene, og godkjenner eller ikkje godkjenner desse. Styringsgruppa kan også ta initiativ til nye prosjekt.

2.0 REGIONKOORDINATOR

Hardanger/Voss kompetanseregion har tilsett regionkoordinator som er pådriver for uviklingsarbeidet i regionen. Regionkoordinator fungerer som sekretær for Styringsgruppa og undergruppene, deltek på møte i alle gruppene og sender ut referat. Regionkoordinator er regionen sitt bindeledd i organisasjonen og syter for samhandling med dei andre gruppene. Storleiken på ressursen blir fastsett av Styringsgruppa. Regionkoordinator blir lønna etter avtale. For stillinga gjeld elles vanlege kommunale vilkår.

3.0 ÅRSMELDING OG HANDLINGSPLAN

Regionkoordinator utarbeider årsmelding for kvart skuleår for verksemda i Hardanger/Voss kompetanseregion. Årsmeldinga blir lagt fram for Styringsgruppa på fyrste møte om hausten. I samband med behandlinga av denne, drøftar Styringsgruppa strategiar og arbeidsoppgåver for året som kjem. Strategi og arbeidsoppgåver skal munna ut i ein handlingsplan for Hardanger/Voss kopetanseregion neste barnehage-/skuleår. Handlingsplanen blir endeleg vedteken på første møte om hausten, og skal vera retningsgivande for arbeidet i Hardanger/Voss kompetanseregion.

4.0 ØKONOMI

Regionkoordinator utarbeider kvart år budsjett for Hardanger/Voss kompetanseregion si verksemd. Dette blir lagt fram for Styringsgruppa saman med rekneskap kvart år på første møte etter nyttår. Fordeling av kostnadar ved drifta av Hardanger/Voss kompetanseregion blir fakturert 2 gonger per år – i juli og januar. Elevtal i grunnskulen basert på GSI dannar grunnlag for fordelinga av utgiftene kommunane mellom. Vertskommunen får refusjon for at dei held kontor/sekretariat - tilsvarande 5% av løn til Regionkoordinator. Denne summen blir fakturert saman med dei andre driftskostnadane for Hardanger/Voss kompetanseregion.

5.0 UTMELDING OG OPPLØYSING

Dersom ein kommune i samarbeidet ynskjer å melda seg ut av av Hardanger/Voss kompetanseregion, må dette meldast skriftleg til Styringsgruppa seinast eit år på førehand. Utmelding kan berre skje ved årsskifte. Ved endeleg oppløysing, skal eventuelle overskotsmidlar fordelast forholdsmessig mellom dei kommunane som var medlem ved siste årsskifte før oppløysinga.

6.0 SAMARBEIDSFORA

6.1 Fylkesmannen i (Utdanningsavdelinga) • Deltaking i AU og fylkesfora for DeKomp og ReKomp • Økonomisk støtte til prosjekt i utdanningsregi.

6.2 Samarbeid med UH sektoren

• Følgja opp /revidera samarbeidsavtalar • Samarbeid om kurs og utarbeiding av nye tilbod. • Samarbeid om DeKomp og ReKomp prosjekt

6.3 Hardangerrådet: • Ha kontakt med Hardangerrådet.

6.4 Statped: • Følgja opp inngått avtale. I dette inngår m.a. organisering og gjennomføring av nettverk for PP tilsette. • Regionkoordinator og 1 representant for styringsgruppa samt ein representant for PP- leiarforum har årleg evalueringsmøte med representantar for Statped.

6.7 Udanningsdirektoratet: • Følgje opp samarbeid om ekstern vurdering.