Sjø og fiske

1

Sjø og fiske

Båten er M/S Geir

UT MOT HAVET

Melodi: Edvard Fliflet Bræin Tekst: Henrik Straumsheim

Ho står der på bryggja, no lyfter ho handa og vinkar og smiler til meg som fer ut. Og båten min seglar sin kos ut med , og ho står der einselg med saknad og sut. Eg kjenner vel og som eit sog i mi brinje men båten krev sitt, så det må eg nok tvingje. for no ber det langt ut om holmar og skjer men tanken går heimatt til den eg har kjær.

Ja visst kan eg ha mine tungsame stunder i einsemda her på eit endelaust hav, men dagane går, ja dei går som eit under Når tankane krinsar om den eg held av. Om dagen er gruggen og nettene svarte eg går her og nynnar ein song i mitt hjarte til henne der heime går tankane radt til henne som smiler den dag eg kjem att.

Til minne

om alle mine som hadde og har sitt virke på sjøen, om min mor som ønsket denne sangen i sin begravelse, og til alle mine som bleiv igjen.

2

Innhold: 1. Litt om båten si soge på Sunnmøre

2. Havet, landet og leiene

3. Losteneste

4. Fiske og båtar i førhistorisk tid

5. Havteigar og sjørettar

6. Utrorstader og fiskevær - Leigekarar i fiske - Fjordbønder i fiske - Fiskevær - Værtvang - På Sunnmøre - Kjøpmann, jorddrott og leiglending - Rorbuer

7. Frå mellomalderskyming til utliggjartid - Fisketilverking og omsetning - Folkesetnad, skyld og skatt - Fisk og kval - Fiskarbønder og handelsborgarar - Fiskerett for utlendingar - Tiend - Utliggjarane

8. Fiskenæringa i bondesammfunnet i tida 1600 til 1800 - Nye reiskapar - gammal skikk - Garn og line slår igjennom

9. Havfiske - Tomas Longva - Med Runde-fiskarar på Storegga - Eggafiske

10. Sildefisket - berging i brødlause tider - Unytta rikdom - Konflikt mellom not og garn - Det store sildefisket

11. Torskefiske - Fisket ei hovudnæring - Torskefisket på 1700-talet - Embetsmenn drøfter fiskerispørsmål - Borgundfjordfisket - Regulering i torskefisket

12. Eldste båtregisteret

13. Fisketilverking - Tunfisk - Klippfisk - Forbod mot rundfisktilverking - Vanstelt fisk - Lever og rogn

14. Fjordfiske

3

15. Handelsvegar - Bergensjaktene - -kjøpmenn - Handelsmenn i fiskeværa - Sunnmøre og Bergen

16. Hollendertida

17. Trengsler og tiltak 1800 – 1860 - Krig og trengselstider

18. Båtbygging og båtvigsle

19. Gardsbruk og sjøbruk

20. På Storegga

21. Frå fiskevær til kjøpstad - Direkte fiskehandel med Spania

22. Isdrift og ferskfiskeksport

23. Storfisk og småfisk - Etter kveite - Seifiske - Akkarfiske - Etter hummar

24. Tare og tang - Tarebrenninga og fiskernæringa - Ei gammal kystnæring gjekk ut

25. Fyrlys og hamner

26. Helsetilstand og helsevern

27. Dei dyre mannefall – dei som bleiv att på sjøen - Sjøulukker på 1600 - og 1700-talet - Sjøulukker på 1900 talet

28. Omkomne på sjøen i Sunnmøre og frå kring 1700 til 1970-åra

29. Dei etterlatne - Fattigkassa - Sosiale tiltak - Minnesmerke

30. Sjø og fiske på Hildrestranda og i Haram - Åttringer i Haram i 1794 - Merkeførde åpnebåtar i Ulla merkedistrikt 1879 til 1890 - Dekksbåter i tida 1892 til 1900 - Antall åttringer i Haram i 1836

31. «Havets døtre» - en hedring av disse kvinnene, mødrene

VEDLEGG: «Galnemandagen» 11 mars 1821 – Myte eller fakta ?

4

1. Litt om båten si soge på Sunnmøre

Relieff av åttringsbåt på minnesteinen over fiskarar og sjøfolk reist på kyrkjegarden på Haramsøy.

Kunstnar bak utforminga var Anton Flem.

Utkast til dekksbåt for Ola Mydske, Haramsøy, frå ca. 1890. Utkastet er signert J. Remmen. Ein merkar seg at båten er tenkt utstyrt med motor (trømotor!). Remmen var maskiningeniør frå Tyskland og son til Yohan Aakrerem. Han emigrerte til USA like etter hund- reårsskiftet. Deler av støypemodellane finst på Haramsøy enno (på Åkrerema). Trømotor var angiveligprøvt i dekksbåten Harald (eigar Petter Ostnes m. fl.), men utan suksess. Litt seinare kom dei vanlege oljefyringsmotorane. (Teikninga er skaffa av Magne Godøy, Godøy).

5

Der er ei gammal historie som eg kom over for mange år sidan, skrevet av Bjarne Rabben som jeg gjengir her; Dei skulle byggje eit skip til atlanterhavsfart. Og dette skipet skulle vere so stort og so stødigt at «ein kunne gå like trygg omborg som på sitt eige stovegolv heime». So gjekk skipet ut, og då synte det seg at atlanterhavsbylgjene ikkje hadde større respekt for dette skipet enn for andre skip. Det hivde på seg, og inne på salongen der dansa bord og stolar og vart liggjande hulter til bulter i ein haug, dei var ikkje fastskrua, for det skulle ikkje trengast ! Det var ei hovudsak at når folk skulle i båt, so måtte det vere ein trygg båt å gå ombord på. Me skal sjå litegrand på kva båthistoria har å seie.

Det er eit umåteleg stort emne, so det vert å jage igjennom det det her.

Me har lese i soga om dei gamle vikingskip, det var sikkert trygge skip etter dei tilhøve som då var. Då me henta Kvalsundbåten, den store på godt og vel 18 meter, var han henta på Straumshamn hamn og skulle til Herøy. Remøybuen kom og sløpte Kvalsundbåten, der var elles fleire båtar og. Eg var med Sunnmørspos-båten Svint og såg på. Ute på Bøfjorden fekk me ein nordavindkuling med skavlsjø. Det var underleg å sjå kor stødig Kvalsundbåten låg, og mest ikkje rugga på seg. Og dei som var ombord fekk mest ikkje ein sjøskvett innanbords. Og me kan godt tenkje oss at dei større skipa då av same kaliber kunne ta sjøen fint. Det er makelaust til god skipsbyggjarkunst, dette, frå gammal tid !

Og det er noko av det same når me kjem til Sunnmørsbåten, færing, seksring, åttring, han var låg på sjøen, men det var ikkje ofte ein slik båt kollsiglde.

Sunnmørs-åttringen var bygd slik at borda var skøytt saman noko framanfor midten, med ei aln omskøyt. Det gjorde at båten liksom smøygde seg fram i sjøen, og det var ein stor føremon. Sunnmørsbåten hadde i si tid ord på seg for å vere den beste sjøbåten på kysten. Og når me seier det, so er det fordi det var eit nokso vidt gjetord om Sunnmørsbåten. Både Hans Strøm og Eilert Sundt er inne på det. Eilert Sundt spurde ut Haramsfolk om Sunnmørs-åttringen, og det var ikkje måte på dei lovord haramssokningane hadde om åttringen !

I 1770 kom det førespurnad frå Det islandske kompani om å få nokre mann frå Noreg som kunne lære islendingane å byggje båtar, og lære dei å fiske og sigle. Dei ville gjerne ha 30 mann til Island. Det melde seg nokre frå Sunnmøre, frå Romsdal og frå Helgeland. Det vart 20 mann som reiste til Island. Av dei som vart med til Island er nemnd Anders Ellingsson Leikongsbakken frå Herøy. Det var ei tid på 3 år dei skulle binde seg til å vere der, og lære frå seg båtbygging, garnbinding, siglas og fisking. Anders var ein nevenyttig kar og dei ville at han skulle stoppe der. Han skulle få gard og grunn, tilmed kone, so det skulde ikkje stå på nokon ting som ein mann hadde bruk for. Men Anders var i den forfatning at han hadde ei jente heime. Dei hadde vel møtt kvarande ved kyrkje, det var ved kyrkja vanlegvis ungdom møttest i gammal tid. Jenta heitte Pernille Hånes. Dei hadde sett so pass nøye på kvarandre at det skulle vere dei to. Anders måtte seie at han kunne ikkie ta i mot tilbodet frå islendingane. Og heime på Rovde gjekk ho Pernille, tekkjeleg og giftandes jente. Det kom friarar til henne, men ho viste dei frå seg. Ho hadde Anders. Honom skulle ho vente på. Folket hennar sa: «Du må ikkje vere so kaut på det, du ser det er no godt folk dette og». Men ho høyrde ikkje på dei. So gjekk dei tre åra, han Anders hadde tent si tid ut, og korleis han kom heim att det veit ingen no.

6

Men heim kom han. Og so tenkjer eg meg til at dei møttest ved Rovde kyrkje den fyrste sundagen han var heime, og so vart det dei to, som hadde venta på kvarandre. Dette er ikkje berre ein tradisjon som har gått. - Det har ikkje stått i seriøs historie om det, men det har vore skrive om det. - Og det stemmer ogso med kyrkjebøkene. I 1770 åra vart dei to gifte. Dei busette seg på Flåvær, var der ei stund og so flytte dei til Saunes i . Og der vart det etterkomarar etter dei. Ein gong eg var i Ulstein og tala på ein fest, so nemnde eg noko om dette, og eg spurde om her var etterkomarar etter Anders og Pernille. Og fleire hender gjekk i veret. Ikkje berre i Ulstein men ogso i Herøy var det mange etterkomarar etter dei. Jordomsiglaren Ragnar Thorset er ein av dei. No ja, dette vart litt romantikk, menneske er menneske, og det er so gildt, synest eg, når ein får eit glimt av mennesket inni soga. Sunnmørsbåten hadde ein høg status, for å seie det slik. Men han hadde sine veike sider og. Dette med at skøytane på borda var på same stad, det gjorde at båten var mjuk og ledug i sjøen; men det gjorde ogso at han vart veik, og det hende at båtar vart siglde av på ein bårerygg. Eg veit om to eller tre tilfelle, den eine var ein ørstabåt som brotna utanfor Geitmaren, utanfor Kvalsvika. Det andre tilfellet var ein kjend fiskar frå Ålesund. Han kom drivande på halve båten inn til Erkna, då hadde båten brotna, og det var to mann som berga seg i land. Ein mann på la merke til at der var folk som hadde kome på land på Erkna, og dei reiste ut og fann dei to karane som hadde berga seg på land. Det er interessant dette med sunnmørsbåten som hadde so stort ry, endå han hadde denne veikskapen.

Seinare kom båttypen som vart kalla møringen.

Det var Sivert Halkjelsvik i , Skjerva-Sivert, som fekk bygd han. Det var han som kom på at det måtte verte ein båttype som var sterkare enn den vanlege sunnmørsåttringen. Båttypen vart heitande «møringen». Sivert kom med teikninga si til båtbyggjarane i Bjørkedalen, dei såg kritisk på dette. Dei tok på seg å byggje båten, men på Sivert sitt ansvar. Sjølve ville dei ikkje ta ansvaret. Men båten vart bygd i 1869 og kom på fiskefeltet. Den kom til å ha framtida for seg for ei tid.

I den siste del av 1800-talet såg ein på havet både den gamle sunnmørsåttringen og møringen. Men då er det at dekksbåten kjem. Går me no til utlandet so var dei fleste hundre år føre nordmennene med dekka farty til fiskedrift. Nordmennene og sunnmøringane har slett ikkje vore noko føregangsmenn på den tid. Men i nyare tid då skaut sunnmøringane i veg og vart på topp med utlendingane. I 1740 åra var det ein framand kar som kom til Runde og vart med eit par båtlag ut på Storegga. Mannen heitte Kristian Molberg. Dei kom langt ut, 16-17 mil ut i havet. Han var imponert over det sjømannskap desse folka hadde. Og der ute såg dei Romsdalshorn ( og kanskje Vengetindane ? ) som 3 gryteføter over horisonten. Fiskeplassen vart den tid nemnd Grytingen. Det namnet har visstnok kome ut av bruk. Denne mannen som var med fiskarane frå Runde i 1740-åra, fortalde at der ute fiska dei mykje kveite, lange og brosme. Kveita selde dei til utlendingane som låg der med dekka farty. Men so kjem Sivert Halkjelsvik her igjen i 1875 med ei dekka farty. Det vart ikkje noko særleg av det, og det vart stilt om det då utover. Men i denne tida kring 1870 og før kom skøytene i bruk. Og no skal me merka oss at skøyte og dekksbåt er ikkje det same. Skøytene hadde dekk; men dei vart ikkje rekna som dekksbåtar etter den gamle terminologi. Når dekksbåtane kom, då fekk me namnet dekksbåtar. Det trur eg heng saman med at dei var utvikla av den båt-type som dei hadde i den opne båten. Difor vart det verande båt med dekk.

7

Korleis hadde det seg at sunnmørsbåten vart kalla flatbrennar ? Eg har spurt gamle fiskarar om det for mange år sidan, men ingen kunne svare på det. Men eg har kome til det at denne tida då desse båttypene var i bruk, det var då dei gjekk over frå kol til parafinlampe. Og av desse lampane var det to typar, ein med enkel flat veik som vart kalla flatbrennar, og ein større type med rund veik som vart kalla rundbrennar. No hadde eg aldri høyrt nokon kalla møringsbåten rundbrennar, men det snakka dei om på Nordmøre. Der snakka dei om både rundbrennar og flatbrennar. Sunnmørsbåten, snebotnaren, gjekk då under namnet flatbrennar.

Det kan høyrast rart ut å samanlikne med ein lampe; men eg trur det var slik.

Og so kjem dekksbåten. Dei fyrste var dekks-robåtar, der var eit søkk ned i dekket med ei tofte som dei sat på, og so kunne ro desse dekksbåtane som dei kalla halvdekkarar. Men so slutta dei med det og bygde dekk over heile båten. Det var Ole Synnes som stod for bygging av den fyrste dekksbåten, medeigarar var Peder Flem og Ola Mydske. Ein rorskar frå Geiranger sa til Ole Synnes ein gong, trøytt og sliten som han var etter all roinga med runge årar: «Om nokre år vil det ikkje finnast opne båtar til vinterfiske på havet». Ole Synnes hadde fest seg ved desse orda frå ein trøytt og sliten rorskar. Han byrja å tenkje over dette med dekksbåt, og det vart til at han bygde denne båten saman med andre, som hjelpte til med finansieringa. Når båten var ferdig bar det til Ålesund ein dag, og det var mykje folk som møtte fram og skulde sjå på denne båten. Nett denne dagen var Bjørnestjerne Bjørnson i Ålesund med foredrag, og sanneleg vart denne båten frå ein hard konkurrent til Bjørnson ! Og so vart det bygd dekksbåter, sume hadde hekk og sume var spiss-stemning. Dette med hekk hadde sine ulemper når dorisen la til og kom under hekken. Men so kjem det endå ein ny ting til og det var motoren. Det var ei spennende tid, og mykje motstand til å byrje med, som det hadde vore med dekksbåten. Då Ole Synnes bygde den nye dekks båten so samla dei seg konene der og sa til han at han ikkje måtte byggje denne båten for dei hadde drøymt so vondt om han. Då motoren kom, var det mange meiningar om den; men han slo no igjennom. Då fyrste dampskipet kom inn gjennom Rovdefiorden fortel Ivar Aasen - då stod dei der på Rovdestranda og såg på dette då var det ein i flokken som sa: «Han er ikkje god han som styrer dinnja !» Og sameleis var det når motoren kom. Ein gursking som var med på ein motorbåt til kyrkja, stod og såg ned i maskinromet. Han sa: «Det er ufatteleg, men eg får meg ikkje til å tru at det er av det gode !» Og endå verre var det med Rasmus Sandøy som var motoragent, han reiste omkring på ymse stader. Ein gong han var på Vigra, møtte han ved kyrkja for å treffe folk etter gudstenesta og snakke om motor. Då var det ein vigramann som tok han til side, peika på ei grav og sa: «Når du er komen dit, då vil folk spytte på grava di». Men motoren slo no igjennom. Dei hadde ikkje namn, dei fyrste fiskebåtane. Møringen hadde namnet som han fekk frå fyrst av.

8

Men ser ein i lista frå fiskeoppsynet, so er det berre oppgjeve kva slag båt det var: åttring, firrong, seksring eller færing.

Men folk la namn på dei likevel, det kunne vere kjælenamn eller klengenamn. Eit namn var Fela, det var helst kjælenamn. Men helst var det namn etter visse eigenskapar. Jakob Våthatt var eit namn. Stoppenåla, minner om ein som troklar seg fram gjenom sjøen. Ute i Goksøyra hadde dei ein båt som alltid låg etter dei andre. Men so var det ein dag dei skulle heim frå fiske, det vart ein frisk nordavind, og då siglde han framom alle dei andre. Grunnen til dette var at båten vart passeleg «sett» av fangsten. Og etter denne dagen vart båten kalla Nordavinden. Groa den flate. Uksen den late, Fuglen den kvate, var namn som var bruka i Leinebygda i Herøy. For gamle fiskarar som skulle kondemnere båten sin etter mange års bruk, var det ei trist hending å måtte søkkje båten ned. Ingvald Lausund selde båten sin, han, då det kom til det stadiet. Noko som var lovleg. Han selde båten til , og reiste dit med han. Som eit siste avskil såg han over skuffer og skåp om noko kunne liggje att. Det var vel også eit siste farvel. Og med hatten i hand steig han over rekka og gjekk frå borde. Ofte kunne det gå sport i kappsigling, og kollsigling var fårleg nær. Ein gamal fiskar sa til sonen at han siglde for hardt. Men sonen svara at han veit korleis han skal sigle. Dagen etter kom han vekk med heile mannskapet. Bjarne Rabben nevner sin fosterfar, f.1844, bruka å seie at ein skal vere både hard og var. Det kunne vere eit godt råd å ta med i mange høve. Det vart lagt vinn på å få båten stødig og trygg på sjøen. Ein av dei som arbeidde mykje med dette var Johan Kjerstad. Med ballast fest i båten, med vasstette skot eller tankar, så båten retta seg oppatt om han la seg over. Og Johan Kjerstad saman med fiskeriinspektør Fredrik Wallem reiste til mange av hamnene nord på kysten og synte fram denne båten. Dei var like til Trondheim. Båten vart seld til Veidholmen for 700 kroner.

I 1891 vart Redningsselskapet skipa. Dit hadde redningsskøyter. Redningsskøytene hadde segl. Fyrst i 1931 fekk dei innsett motor. Det er fortalt om ein ung mann frå Vigra som kom til hjelp for to båtar som hadde vore i kollisjon, han siglde fram til dei karane som var på eine vraket og fekk berga dei. Ein av karane fall i sjøen, men dei fekk han om bord. Seinare vart det søkt til styremaktene om medalje til den unge skipperen. Det vart ikkje gjeve. Han hadde berre gjort si plikt. Men kjære folk, er det nokon som er verd medalje so er det den som berger folk i havsnaud !

Når eg her nemner Redningsselskapet, so vil eg og nemne Anna Simonnes frå Kvamsøy. Ho var 12 år då ho miste far sin på havet. Ho var gift på Molde, og hadde stilling der som jordmor. Mannen hennar var garvarmeister. Dei hadde ikkje born. Etter at mannen døydde gav Anna mykje av sine midlar til Redningsselskapet. Ei redningsskøyte som fekk namn etter mannen hennar vart sjøsett i 1968. Dermed fekk Anna gjere noko for sjøfolket, til ære for mannen sin og til minne om sin far. Skøyta var «Ole O. Hoshovde».

Ved dei ymse fiskevær på kysten høyrde det med til prestane si embetsplikt å halde møte for fiskarane som var på staden i fiskjetida februar, mars. Etter kvart tok Den indre sjømannsmisjon opp arbeid ved dei større fiskevær, der dei bygde fiskarheimar. I 1903 kom det fyrste Betelskip, «Elieser» i bruk. «Elieser» var stasjonert ved fiskeværa i Lofoten i fiskjetida. Elles reiste skipet mange stader på kysten, samla folk til møte og tala sjømannsmisjonen si sak. Ombord i «Elieser» fekk fiskarane fyrstehjelp i sjukdomstilfelle.

9

I eit knipetak kunne folk frå «Elieser» også stå til teneste på ein fiskebåt som mannskap, ja endåtil som maskinist eller skipper. Når fiskarane var i hamn, fekk dei høve til å samlast ombord i «Elieser» til samvær om forkynning og song. For menneskja lever ikkje berre av fisk, kjøt, olje, brød, men av kvart ord som går ut frå Guds munn, står det i Biblen. For menneskja er fyrst og fremst ånd, og det er mykje vunne når eit menneske innser det, og inrettar seg etter det. Derfor kan me avslutte med ei gammalt vers av sogningen Sigurd Nesse: «Gud vere takk som oss sette til arbeids på jordi! Han som oss hustavla skreiv i dei heilage ordi. Helsa oss gav, so me frå land og frå hav føda kan bera på bordi».

10

Typisk motorbåt frå fyrste verdskrig. Motivet er frå Haram med tuna og nausta i bakgrunnen. Fotoet er utlånt av Knut L. Haram og er truleg frå ca. 1912.

11

1. Havet, landet og leiene

Sunnmørs - og Romsdalskysten strekkjer seg frå Stad til Stemshesten eller frå Stadhavet til midtvegs på - vika, ei lengd på kring 140 km.

Havstranda ut for Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre vert kalla Mørekysten, liksom denne landsluten også ofte vert kalla Møre.

Namnet kjem truleg av det gammalnorske ordet marr, som tyder hav. I publikasjonar frå den tid landsluten var Romsdals amt ( til 1920 ) er denne kyststrekninga gjerne kalla Romsdalskysten. Etter nemningane i nyare tid er det rettast å seie Sunnmørskysten og Romsdalskysten om det området me her har med å gjere. Dei planane hamnedirektør Oluf N. Roll la fram for hamnekommisjonen frå 1877, har ei innleiing om Mørekysten. Romsdals amt - heiter det der - har ei kystline på om lag 30 mil, som kan delast i tre:

Den 11 mil lange Nordmørskysten, den 8 mil lange Romsdalskysten til Harøy, dei 8 mil til gapet mellom Runde og Kvalsvik og dei 3 mil derifrå til Stad. Dei to siste lengdene er Sunnmørskysten. Etter dette får Sunnmørs- og Romsdalskysten til saman ei lengd på 19 mil ( geografiske mil, 143,2 km ).

Havet utafor kysten vår er sørluten av Norskehavet, som grensar til Nordsjøen etter ei line frå Stad til Shetland.

Frå kysten går havbotnen med grunnar og djupner ned til 300 - 400 m og fell så av mot dei store havdjup. Her lagar det seg då den kanten som er kalla Egga - Storegga ut for vår kyst. Havbrua, har det vore sagt, eller «Hav- broen», som det er skrive i eldre skrift.

Det rette er havbruna ( av brun = kant ).

Langs havstranda vår - frå Stad til Stim, seier eit gammalt ordlag - er det eit kystvern av større og mindre øyar og ein skjergard, der holmar og skjer og fluer og fall og grynner gjer farvatnet ureint og flokut mange stader.

Største Øyane på Sunnmøre er Hareidlandet og Gurskøya. Største øyane på Romsdalskysten er Otterøy og ( Gossa ). Ytre området i Romsdal vert kalla utasunds.

Somme stader går havet ope inn mot fastlandet: Vanylvsgapet i sør, Breisundet inn mot Ålesund og Hustadvika inn mot og Hustad.

Dei vanlege innsiglingsieiene frå havet er ved Stad inn Vanylvsgapet, ved Runde inn Breisundet, ved Storhol- men inn mellom Løvsøy og Haramsøy, inn Nogvafjorden mellom Flemsøy og Fjørtoft, ved Ona, inn Buadjupet og inn Fugleleia.

For lokalkjent folk er det elles innsigling fleire stader med mindre farty. Fleire stader på kysten er det både ytre og indre skipsleier.

12

2. Losteneste

Frå gammal tid har skip lote hatt kjentmenn i dei lokale farvatna. Soga fortel om leidsogumenn, menn som var kjende og sa leia.

Alt i vikingtida var kysten frå Trondheim og søretter delt inn i tre losområde: Trondheim - Bergen, Bergen - Tunsberg og Tunsberg - Gautaelva.

Seinare vart det mindre ferdsel og det vart slutt med den tidlegare form for los-skipnad. Men alltid har det vore kjentmenn som gjorde teneste i kystfarten.

Magnus Lagabøtes landslov 1276 har føresegner om losing og losavgift.

Etter kongeleg påbod vart det i 1561 innført losplikt i visse farvatn. Den gamle tittelen leidsogumann vart utskift med tittelen styremann.

Når skipsskattlistene 1563 har titlane «skipper og styremann», vil det seie at skipperen var kjentmann sjølv. I 1720 vart det skipa ei fast offentleg losordning. Før det vart orden i lostenesta, gjorde kven som helst, som var kjend i farvatnet, teneste med å lose inn skip. Dei som ikkje var tilsette losar, gjorde billegare teneste og vart nytta framfor dei tilsette losane. Om «Store-Rasmus» - Rasmus Engelbriktson Myklebust, bondeføraren frå Harøy på 1600-talet - har den segna gått at han vart teken av futen sitt skip, som gav seg ut for å trenge los og heisa signal, og Rasmus, som var på sjøen, baud seg til å lose det.

Etter forordninga i 1730 var det berre utlærde og tilsette losar som hadde lov å gjere losteneste.

Opptak til ordna losteneste på våre kantar finn me i tingbøkene for Sunnmøre i 1709. Den idérike og verksame amtmann Hans Nobel var opphavsmann til det. Han lét nemne ut «de ved søesiden boende piloter, udroere og fiskere» som kunne gjere losteneste i samsvar med tidlegare forordning og instruks. Lostenesta vart skipa i tre klasser: 1. Piloter som ere god for at loose baade til Bergen og Trundhiem, saa og ind i fiordene her i landet. 2. Piloter som loose jægter til Bergen for Styrmand ( los ). 3. Saadanne som alleneste kand loose skibe under land og i havn

I Sande, Herøy og Ulstein vart det utnemnde losar berre av 3. klasse - 13 i Sande, 11 i Herøy og 11 i Ulstein. I Borgund Skipreide vart det utnemnt 5 losar av 1. klasse ( ein av dei frå skipreide ), 8 av 2. klasse og 25 av 3. klasse. Ved desse utnemningane var losane frammøtte og vart tekne i eid. Dei skulle rette seg etter kongeleg forordning, og dei skulle m.a. ikkje misbruke båtane sine til å føre folk eller varer frå eller til skipa. Me finn ikkje tilsvarande utnemning av losar i Romsdal i dei tider, men av ei sak på hausttinget for Vågøy åtting 10. oktober 1709 går det fram at det var losar på Harøy, Sandøy, Orta, Husøy, Ona, Lyngvær og Gossa. På Teistklubben i gamle Hustad kommune skal det også ha vore losar heilt frå den tid lostenesta kom i stand. Det vart sett visse område og visse takstar for losing. Losane skulle halde vakt og tilby skip si teneste. Den som først kom til skipet, skulle ha førsteretten til å lose det. Dermed var tevlinga sett inn som eit verksamt middel til å 13

sikre losteneste. Dette kom til å setje sitt merke på loslivet gjennom eit par hundreår, og var til sine tider ei kapping på harde livet. På ei klage i 1805 frå nokre losar over inngrep i losrettane deira vart det av vedkomande styremakter «resolveret» at det i open sjø ikkje var faste grenser for losinga, men at den los som kom først til eit skip, hadde førsteretten til å lose det. Derimot, heiter det, må ingen los liggje på lur i eit anna losdistrikt og gå ut derifrå og ta skip til losing. Det medførde tiltale og straff om nokon gjorde seg skuldig i slikt. Det ser ut til å ha vore så ymse med respekten for denne føresegna. Elias Marøy har fortalt frå seinare tid at losar som budde ulagleg, reiste til gode utkiksplassar andre stader. Losane på Harnes og Huse reiste såleis sør på sunnmørsøyane. «Dette vart nok ei konkurranse med losane som budde på desse plassane, men dei fekk likevel husrom når det trengdes.» Losane heldt sjølve båt og førde losmerke, ei raud firkanta stripe i seglet. Når dei ikkje førde segl, skulle dei ha «en spydstage opreist med en hvid dug paa». I 1800 fekk losane påbod om å ha losskilt på seg når dei var i teneste. Eit merke med kongekrune og ordet «Lots» til å bere i eit knapphol på brystet.

Losbåtane var svartbrædde, men hadde kvit baug, der losmerket stod og likeins nummeret på losbåten, er det fortalt frå Herøy. Losane skulle vere edruelege folk. Var nokon forfallen til drukkenskap, skulle losoldermannen formane han til fråhald. Nytta ikkje det, skulle losen meldast til overlosen, som då kunne suspendere eller avsetje han. Ulovleg losteneste heldt det fram med. I 1750 - 51 stemnde futen i Romsdal; Jacob Andreas Eeg - inn til hausttinget for Vågøy åtting 12 mann som under påskot av at dei var losar hadde nekta å gjere skyssteneste og likeins å betale avgift til skysskaffaren, som losar var fritekne for. Futen lét dei vite at han ikkje hadde med dei å gjere som losar, men som jordbrukande skattebønder med dei plikter som bønder hadde. Dei vart dømde til å svare skyssplikt og andre plikter som var pålagt vanlege bønder. I 1776 gav overlosen ordre til losoldermannen om å åtvare strengt mot slik framferd.

Folketeljingane 1801 opplyser at det då var 20 losar på Romsdalsøyane, alle i dåverande Aukra sokn. På Sunnmøre finn me i 1801 1 los i Sande, 9 i Herøy, 10 i Borgund, 9 på Vigra og 14 i Haram. Til kring 1860 var det berre open båt som vart brukt av losane på våre kantar. Dei hadde rorskarar med, som vende heim att når losen var sett om bord i skipet. Dei hadde mang ein hard tørn på heimvegen. Etter losinga til Trondheim gjekk losane ofte over land heim att. Då fekk dei skyss over fjordane. Var dei fleire, kjøpte dei seg ein båt, om det var å få, og så rodde dei heim att. Mange soger har gått om losferder både ut og heim att, soger som vart gløymde. Berre få av dei vart skrivne. Siste losen på Sandsøya, Severin J. Helland, losa ein engelsk stimbåt nordover i tjukk snøkave. På Hustadvika slo kapteinen stopp i maskina. Losen gav full fart, men kapteinen slo stopp på nytt. Då gjekk losen av brua. Straks etter kom kapteinen ned etter han. Då sette losen fart på og styrde skipet inn til Trondheim i den tjukke kaven. Vel framme fekk losen eit pund i gull av kapteinen for velgjort verk. Det gullpundet vart verande ein eignelut i slekta. Sonen Sigurd Helland fortalde dette. Liknande bragder av losar kunne det forteljast mykje om. Losopplæringa gjekk for seg i det farvatnet det vart losa i, fortel Elias Marøy, som har skrive om loslivet i Romsdal Sogelags årsskrift 1973. Dei lærde méd og merke i leiene, lodda opp hamner og tørneplassar, og gjorde seg kjende med fortøyingspålar og tørneringar. I 1860 kosta Goksøyr-losane dekksfarty. Det dreiv i land og vart sundslege. Somme andre prøvde og med dekka farty, men opne båtar var framleis brukt. 14

Harøy-losane kosta likeins skøyte kring 1860. Ho forliste i 1865. To år etter kosta dei ny losskøyte. I spakt ver var ikkje skøyta tevlefør med robåtane, skriv Elias Marøy. Av losstasjonar var det mange i eldre tid. Etter gamle protokollar nemner Elias Marøy åtte stasjonar på Sunnmøre og åtte i Romsdal. Det minka med stasjonar og losar etter kvart som lostenesta vart betre ordna. Men det gamle loslivet levde i folkeminnet. Det fortel Paul I. Huse om i Moltu si fiskarsoge: «Det kjem so klårt fram i minnet mitt dei stundene då eg som smågut sat og høyrde på dei gamle, ærverdige losane frå bestefar og far si tid, når dei i «godt lag» fortalde om losturane sine. Det kunde vere soger frå utkikspostane på Skorpefjellet, når dei sat der og såg etter skip som vilde ha los, eller det kunde vere om kappror for å verte den fyrste om bord i skuta, eller det kunde vere om sjølve losinga i storm og myrker utan fyrar å gå etter, eller om dei romantiske turane heim frå Trondheim etter ein slik lostur.» Tevlinga om å kome først til skip, var hard så lenge som den gamle ordninga rådde. Den striden hadde losane også etter at motoren var teken i bruk. I 1906 og 1907 fekk losbåtane i Herøy innsett motor. Fleire losbåtar kom etter. Motorkrafta gjorde tevlinga endå hardare, den hardaste i losyrket si historie, sa Mons Kvalsvik. «Det kan godt seiast at det gjekk på livet laust.»

I 1916 kosta Runde-losane skøyte til bruk i lostenesta. 1 1925 vart det felleslosing på breitt grunnlag. Dermed var det slutt på den gamle og harde striden mellom losane. Til hjelp i kystferdsla var det frå eldgammal tid sett opp merke i leiene - vardar av tre eller stein - særleg der farvatnet var vanskeleg. Italienaren Qvirinius, som forliste skipet sitt ved Røst i 1432, fortel m.a. om ferda sør gjennom leiene då dei reiste derifrå, at dei styrde etter vardar på toppen av øyane.

På 1600-talet hadde sjømerka i bergensleia forfalle. Det heiter i 1687 at det fanst snart ikkje merke på heile den 20 mil lange leia. No kom det føresegn om at bøndene ved bergensleia straks måtte setje stake på kvart blindskjer i farvatnet ut for deira gardsgrunn. Desse merka skulle dei halde ved like, og for dette skulle dei ha avgift av kvart skip som passerte. Første fyrlys på norskekysten var Lindesnes fyr, tend som open eld i 1655. Seinare kom det fyr på Ferder og på Kvittingsøy. Den fjerde i rekkja er Runde fyr, som kom til i 1767. Den som gjorde opptaket til å få plassert fyr på Runde, var byfuten i Kristiansund, Peter Fredrik Koren. Det var eit privat tiltak. Arbeidet med dette tiltaket var ikkje snargjort. Då Koren i 1763 søkte til kongen om rett til å setje opp fyr og rett for seg og ervingar til fyrinntekta i 40 år, fekk han avslag med den grunngjeving at tiltaket syntest sikte meir på personleg vinning enn på allment gagn. Amtmannen Nils Collin hadde rådt til. Det var visestathaldar Benzon som avslo søknaden. Koren tok seg nær av avslaget og grunngjevinga. Men han hadde tru på idéen sin og gav seg ikkje. Han gjekk «rettens veg». I 1765 bar han saka fram på vårtinga i kystskipreidene på Sunnmøre og ville få tingsvitne, som det heitte. Det galdt å få sjøkunnige menns vitnemål til stadfesting på at tiltaket var gagnleg for kystferdsla og for innsigling frå havet. Tinget vart sett som rett og saka fremja som rettssak med eidbundne vitne. Det var største saka på tinget for Nerøy skipreide, som vart halde på tingstaden Nerøy dagane 7. - 10. mai 1765. Det var her saka først var oppe, og her er ho referert i det heile, medan referata frå andre skipreider viser til tinget på Nerøy. Innleiinga til saka er ordrik og omstendeleg. Byfuten i Kristiansund, generalauditør Koren, gjorde greie for at han for Hans Majestet Kongen hadde gjort framlegg om på Hans Majestets godkjenning å setje opp ein fyr i Trondheimsbukta, dei sjøfarande til hjelp og teneste, på den staden som habile og lokalkjende menn måtte finne mest lagleg. For å drive tilbake og gjere til inkjes illkyndte, partiske og ukunnige folks innvendingar mot eit så rett tiltak og av lyst til å verne og vareta gods 15

og menneskeliv fann han det naudsynt å få rettslege vitnemål og sannferdig fråsegn av losar og jakteskipperar og andre sjørøynde menn om kvar fyren burde setjast og kva som i denne sak kunne vere gagnleg for skip i deira siglas i desse farvatn. På denne måten ville Koren få stadfest at ein fyr her var til allment gagn og at dei som ville hindre tiltaket ikkje bar seg åt som menneske eller som gode borgarar. Han bad så retten ta i eid dei innkalla kjøpmenn, som alle førde sine jakter til og frå Bergen. Byfut Koren hadde sett opp ei liste med 28 spørsmål, formulert med sikte på å få dei svar han ynskte. Det var ein vanleg teknikk i rettssaker den tida. Han fekk også dei svar han ville ha og som vitna med godt samvit kunne gje, og det kom fram opplysningar av ymse slag om skipsfart og naturtilhøve. Han møtte på tinget for skipreide like etter, på tinget i Grytten skipreide 13. mai 1765 og deretter på tinget for Borgund skipreide og fekk dei tingsvitne han ynskte seg. Med desse gode dokument og med attestar som han elles hadde fått, drog han til København og bar fram saka si. No oppnådde han det han ville. Kongeleg løyve til å setje opp fyr på Runde vartgjeve 24. februar 1767 med rett for Koren og ervingane hans til å kassere inn fyravgifta i 40 år. Koren kjøpte på same tid Goksøyra og hadde dermed arbeidshjelp og brenntorv til fyren, som var ei gryte, der torv - og seinare blanda med kol, brann med open eld. Fyren vart tend 1. september 1767. Fyren gav inntekter i form av fyravgift frå passerande skip. Dette rekna Koren sjølvsagt med som ei inntektskjelde. Men ein må respektere han når han presiserte at tiltaket sikta til «det almindelige Gavns Beste». Byfut Koren sytte også for å få oppsett ei sjølykt på Valderhaug og innkasserte avgift av denne og. Det var ei trelykt med tre talglys opphengd i ein fire alner høg trestolpe. I 1807 heiter det at lykta er lite tenleg fordi ho vanskeleg kan skiljast ut frå lysa i stovehusa på Valderhaug. Lykta vart likevel halden i drift. I 1836 vart der bygt fyrhus, og lykta, som no fekk oljelampe - vart plassert på taket. Arbeidet med å få plassert fyrarlangs kysten vart det ikkje fart i før ut på 1800-talet. I heile landet var det 50 fyrlys i 1850. I 1910 var talet kome opp i 700 og i 1924 nesten dobbelt så mange.

16

17

3. Fiske og båtar i førhistorisk tid

Jordfunn og funn i havet gjev spreidde opplysningar om fiske i førhistorisk tid. Ei helleristing på Reitaneset på Otrøya i syner ei kveite. Slike ristingar var tillagde magisk kraft, dei skulle lokke fisken til.

Fiske - og fangstreiskapar er funne i utgravne buplassar. Onglar frå førhistorisk tid er forma etter samme prin- sipp som onglar av i dag. Til havs har fiskesøkke fylgt med fiskereiskapar opp. Eit steinsøkke vart funne på Me- botnen våren 1978.

Ulik tyngd på fiskesøkke tyder på at det har vore fiska på ymse djupter. I steinalderen var det fiska på like store djup som i dag, heiter det i Gutorm Gjessings «Norges Steinalder». Funn i Nord-Noreg tyder på at dei der har fiska til vinterforsyning, medan fiske her sør meir har teke sikte på dagleg bruk. Garnfiske hadde i steinalderen meir å seie her sørpå enn nord i landet. Funn i Borgundkaupangen viser at garn har vore ein mykje nytta fiskereiskap. Helleristingar og jordfunn fortel også om farkostar i førhistorisk tid. På Valderøy vart det funne leivningar av ein båt, der borda var sulagde og feste med tvinna tarmstrenger. Funnet er tidfest til jarnalder. Borda var sauma i hop, og saum vart også verande nemning på klinkenaglane, som borda seinare vart og enno er feste med. Frå tida 600 - 900 e. Kr. har me båtfunna frå Fjørtoft og Nerlandsøy. I det sistnemnde funnet - Kvalsund-funnet, var det to båtar, ein på 18 m og ein på 9,56 m. Alle desse er det bygt kopi av. Største kvalsundbåten kan ha vore havgåande. Då han vart slepa og rodd på «heimveg» frå Straumshamn til Kvalsund våren 1973, var det stiv nordkuling på Bøfjorden, og båten synte då eit framifrå lag til å bere seg i skavlsjøen. Med kvalsundbåten var skipsbygging i Noreg nådd fram til eit første stadium av sjøgåande seglskip. Det var frå denne tid byggjeteknikken gjorde det mogleg å bruke segl. Det er gjort fleire båtfunn her på våre kantar. Klinkenaglar i jordfunn kan i somme høve skrive seg frå båtbygging. Slike funn er gjort vide stader i Romsdal og noko på Sunnmøre og. Bjørkedalen i Volda er gjennom lange tider kjend for båtbygging. Sunnmørsbåten var vide kjend alt i gammal tid. Kong Kristian III skreiv i 1549 til lensherren i Bergenhus og bad om å få bygt to sunnmørsbåtar med alt som til høyrde. Kristian IV fekk i 1607 fleire båtar frå Sunnmøre. Futerekneskapane har kvittering for betalte båtar i fleire skipreider ( Vanylven, Nerøy, Ulstein, Rovde, Volda, Hjørundfjord og Dale ). Kvitteringane lyder på 10 rdl. for kvar båt. Kongen ville også ha båtbyggjarar herifrå.

18

19

4. Havteigar og sjørettar

Jordbruket gav vissare næringsgrunnlag enn det opphavlege fiskar - og veidemannslivet.

Men fiske og veiding fylgde med inn i jordbrukskulturen. Fisket kom til å gå inn i gardsbruket som ein del av dette eller som ei næring og ei vinne som høyrde garden til.

Arbeidet på garden var delt mellom jordbruk og sjøbruk. Bøndene på kysten har vore fiskarbønder og har henta sitt levebrød frå desse to næringane. Arbeidsskikk og livsrytme tilmåta seg etter kombinasjonsbruket.

Liksom sjøbruket var felt inn i vinnearbeidet og årsrytmen på garden, så var også sjøgrunnen utafor garden lagd inn under garden sin råderett.

Nemningar og tradisjonar som har halde seg opp i ny tid, fortel oss at sjøen og har vore bytt mellom gardane. Gardgrensene tøygde seg lenger ut enn landet rokk. Korleis dette opphavleg var skipa kan ingen seie noko visst om.

Kvart bygdelag har hatt sin sjø.

Nemningar som Herøy-sjøen, Sands-sjøen og Ulstein-sjøen er brukt på 1900-talet og.

I vintertorskefisket brukte «vi vår sjø og herøyværingane sin» fortalde Enok Halsen frå Hakallestranda i 1950. Stundom var vi nord i Herøy-sjøen og dei sør i Sands-sjøen.

Det går ei havgrense mellom Sunnmøre og Nordfjord etter Bruna i Vanylven på Rivjesundsholmane ut til terri- torialgrensa. Den grensa galdt for torskefisket, men vi fiska i «deira sjø og dei i vår.»

Nemninga botn har og vore brukt, t.d. Ulstein-botnen. I Ulstein snakka dei om Nordøy-sjøen og Sørøy-sjøen. Dei brukte også nemninga Nord-mark og Sørøy-mark fortalde ein ulsteinmann.

Nemninga mark er vanleg på Nordøyane.

Olav Fjørtoft har skrive om dette i ein artikkel i Tidsskrift for Sunnmøre historielag 1950: «Landnamn på fiskegrunnar og større område av fiskehavet».

Han nemner dei mange fiskeplassar ut for Haram som marknamn, Haumarka, Kråmarka o.fl.

Det mest særmerkte i samband med marknamn på sjøen, skriv han, «er likevel den eldgamle inndelinga av fis- kehavet øyane og gardane imellom. Til kvar av desse inndelingar er nemleg marknamnet knytt».

Han reknar opp Løvsøy-marka, Harams-marka, Ulla-marka, Flems-marka og Fjørtoft-marka.

«Opphavet,» heiter det vidare i artikkelen, «er truleg å finna i den individuelle grunnråderetten i det norske bon- desamfunnet.

Sjøbonden tok på ein viss måte eige-retten og bruks-retten med seg frå heimegarden og ut til fiskeplassane. Det området av dette fiskehavet som då laglegast sokna til eit sams bruksområde for ein eller fleire gardar, vart her som ein «allmenning» for alle bruka på garden ( eller gardane ).

Desse områda vart då bytte mellom øyane, eller mellom dei større gardane etter faste médliner, som stort sett har halde seg ned til vår tid. Eit slikt område vart ætthevda som «vår mark». Ved sida av «vår» låg «dykkar mark» og «deira mark». Det vart ein sedvanerett, dette, og ein grunnråderett.

Ja, i røynda vart det og ein eigedomsrett. For nemningane «min» og «din» var heller ikkje ukjende.»

Det er nok frå denne havdelinga me har ordtaket om å «sigle sin eigen sjø».

20

I eit brev til Olav Fjørtoft i 1949 skreiv Hans Goksøyr m.a. at det var greitt skilje mellom bydelaga sine «teigar» og dette ser ut til å ha rokke heilt ut til Mebotnen og Svatongane.

«Du hadde 'kje fått gamlekarane ut om sin eigen sjø om du straffa dei» sa ein Leine-mann kring 1950.

Frå Romsdal har Nils K. Finnøy fortalt i eit arbeid om «Landméfiske før i tida»:

«Det var slik frå gammal tid i det praktiske bruk av rorane ( fiskegrunnane ), at dei var oppdelt i grupper, og ei grend eller øy hadde si eiga gruppe rorar dei brukte på. Utanom den gruppa rorar som etter gammal sedvane var tiletla den eller den grend eller øy, kunne ingen kome. Denne sedvaneretten hadde så fast ankerfeste i folket si rettsoppfatning at pålag ingen våga å bryte denne uskrivne lov.

Men flytte ein mann til ei anna grend, fekk han samtidig bruksrett på rorane til den grend han flytte til, og tapte då helst fiskeretten på dei rorane han flytte frå.

I «Sandøy i Romsdal» I er det fortalt slik:

«Utfor Sandøy dreg landméen seg frå 0 til godt og vel 1 kvartmil brei langs heile havkanten utafor ytste falla». Her sette dei så garna sine. Kvar grend og kvar øy hadde sine faste setjeplassar på bakkerøra.

Ein slik plass vart kalla ein ror, her ein landméror. Kvar for seg hadde dei namn.

Ute i fiskemarka fekk kvar for seg versågod halda seg til sin eigen fiskegrunn likeså vel som til eigen slåtteteig i heimemarka. Å setje garn i annan manns ror vart rekna jamgodt med tjuvfiske og straffa med skrøft, grov kjeft eller det som verre var. Dette teigbytet langt ute i fiskehavet var gjeldande rett så lenge til motorbåtane kom inn i biletet med større vengefang for drifta. Men robåtfiskarane gav ikkje slepp på gammal rett før dei sjølve hadde rådd seg til motorbåtar og havgåande skip og etter kvart tok til å driva fritt som hine. Vi ser likevel at den gamle retten til å ha sume fiskegrunnar for seg sjølv då førde til trua på einerett for bygdefolket til å fiske på visse hav- stykke innafor Ona og der. I heradstyrevedtak er døme på at dei sette fram krav om å få lovfesta rettar av dette slaget.»

På nørdste Sunnmørsøyane og på Romsdalskysten snakka dei om landméen. Det var ei nemning som ikkje vart brukt på Sørøyane og vel heller ikkje var kjend der. Det hadde med havbotnen å gjere.

Mads Hukkelberg har gjort greie for dette når det gjeld Romsdalskysten:

«Landmébakken er en havstrekning, de innerste fiskeplasser, hvor torsken trekker til først på vinteren. Den er som man kaller her en breidd ( bakke ), der omtrent er sammenhengende fra Harøy til Stemmet på få unntagel- ser nær. Den kalles lengst sør utenfor Harøy Harøylandméen, lenger nord Onalandméen, så Gossalandméen, Øyalandméen ( Bjørnsundlandméen ) osv. Denne havstrekning er som det fremgår av navnene, omtrent fordelt mellom de forskjellige steder etter navnet.»

Hukkelberg reknar opp dei ymse rorane, méd og merke for dei og kven som brukte dei. Det var Grønhauroren, Horremsmarka, Grynjsætå, Klaksegga osv. Dei hadde ög sine faste utrorsleier: Kråkåsundet, Saltsteinleia, Langskjerleia og Ertneskjerleia.

Brukarane på garden Ulla på Haramsøya hadde kvar sine set i Ullasøyla. Det galdt småfiske, ikkje torskefiske. Fiskeplassane der var delt på dei 8 Ulla bruka.

Då det seinare kom ein mann og sette seg ned inne på Hammaren, vart det bytt på nytt. Ein av gamlekarane her vart spurd kva tid Ullasøyla sist var bytt. Det var i hans Hammar-Petter si tid, sa han. Han busette seg her i 1840-åra. Ein av grannane her hadde frett at andre hadde fiska i hans set.

Då han såg fisken dei hadde hengt opp, sa han: « Eg kunne godt ta den fisken, han er fiska i vårt set».

21

Retten til havet må ein tru også fylgde med dei som busette seg inne i fjordane og inne i landet. Fjordbønder var havfiskarar visse tider av året.

Fjordmannsfisket har eldgammal hevd.

Annleis var det med folk frå andre kantar og kystar. Dei var framande og hadde ikkje fiskerett utan vidare. Det kunne bli konfliktar av den grunn.

I 1607 var det klagemål over at Bergens-borgarar dreiv fiske ved bøndene sin grunn og på deira område til tap og skade for dei.

Kongen gav då fråsegn om at det måtte brukast lov og rett mot dei som gjorde bøndene «saadan overlast og fortræd».

22

5. Utrorstader og fiskevær

Leigekarar i fiske

Frå eldgammal tid har folk frå dei indre bygdene søkt ut til øyar og havstrender på vinterfiske. Det kan ha vore eit skiftebruk alt i førhistorisk tid. I

I den tid me veit om, har det gått for seg på to måtar:

Unge gutar tok seg teneste i kystbygdene og var med i fisket. Øybøndene på Sunnmøre var ikkje sjølvhjelpte med mannskap. Arbeidskraft måtte innførast både i fisket og i andre høve, heiter det på 1700-talet.

Futen melde i 1796 om sunnmøringane: «Dette Stæds Indbyggere arbejde ei hverken for nærmeste Kjøbstæder eller for noget andet District. Tvertimod lader de sig betiene».

Drenger skulle festast for året og skulle vere med i det arbeidet som høyrde til på garden, også i vinterfisket og anna fiske etter som husbonden sette dei til.

Frå gammalt var det to slags drenger, fulllutsdrenger og halvlutsdrenger.

Det hadde vel med alder og dugleik å gjere. Nemningane full - og halvlut synest sikte til fisket.

I ei føresegn om skatt og landehjelp 1563 heiter det: « - - de som ere bosiddende ved Sjøsiden og bruge Fiskeri hver Mand give os 2 Voger Fisk, desligeste hver Udrorskarl, som tjener for fuld Løn, skal give os 1 Vog Fisk, og hver som tjener for halv Løn, give os 1/2 vog Fisk».

Drengene hadde inga forteneste på fisket. Dette var det misnøye med. For å få drenger og halde på dei, var det mange bønder som lét dei få eigne garn - eller halvegarn, som dei sa - medtekne i torskegarnsetninga vinterstida. Fisken i dette garnet var deira eigen. Dette ville ikkje styremaktene vite av.

I 1754 vart det gjeve ei forordning som forbaud å la drenger få bruke eigne garn. Dersom slikt vart gjort og kom opp, vart ein bøtelagd for det. Det vart gjort, og det kom opp. Tingbøkene utetter 1700-talet refererer mange sa- ker av dette slaget.

Av ei sak i skipreide i 1765 går det fram at det var mykje vanleg at drenger fekk bruke halvegarn. Ikkje berre drenger, men også søner på gardane og andre ledige karar. Det vart opplyst at alle oppsitjarane på Longva og Flem praktiserte dette. Likeså ymse namngjevne personar andre stader i Haram, både på øyane og på fastlan- det. Saka kom opp att året etter. Då vart dei som hadde gjort seg skuldige i slikt lovbrot, bøtelagde.

Ei sak i Nerøy skipreide 1771 opplyser at drenger i Herøy fekk bruke både halve og heile garn.

At både husbønder og drenger heldt sterkt på denne tradisjonen og ikkje ville respektere forordninga frå 1754 syner seg særs tydeleg i referatet frå sommartinget i Vatne skipreide 1777. Der vart det reine oppstyret. Mange var innstemnde, og dei ropa og bråka, så futen måtte be dei kome i hug at dei sto og tala for retten. Det heiter at futen mange gonger åtvara dei innstemnde om å teie, så retten kunne gå sin gang.

Saka kom att på hausttinget etterpå og likeins på sommartinget 1778.

På tinget var det oppe fleire saker av same slaget. I ei av sakene var ein Ulla-mann innstemnd. Han hadde gått så langt at han hadde fått ein skrivekunnig mann frå Romsdalen til å skrive søknad til kongen om løyve til å løne drengene sine med å la dei bruke halvegarn i fisket og dertil 5 mark i pengar.

1 23

Ulla-mannen prøvde å kome seg unna med at han ikkje kunne vite kva som stod i søknaden, men retten tok like- vel dette som prov for at mannen hadde forbrote seg mot forordninga frå 1754. Både han og drengen hans vart bøtelagde.enne forordninga vart gjeldande heile hundreåret og endå lenger. Så seint som i 1812 vart det sendt ut rundskriv med påminning om å respektere forordninga.

I tingbøkene for Romsdal har me ikkje funne slike saker. Skikken med halvegarn til drenger vart vel praktisert der ög, men futen kan ha sett gjennom fingrane med det. Eit skriv frå amtmannen til regjeringa 24. januar 1778 tyder på at amtmannen mislika desse rettssakene. Nokre sunnmørsbønder hadde då sendt ein søknad visstnok om ettergjeving av bøter for slikt lovbrot. I si fråsegn om søknaden kritiserte amtmannen desse rettargangane og nemnde åtgjerder til å hindre dei, så ein sjølvrådig fut ikkje lenger skulle suge ut den arme bonde for misferder som kunne rettast opp med det gode.

I seinare tid vart det skikk at unggutar hyrte seg til rorskarar for avtala løn. Mykje ungdom frå dei indre bygdene rodde fiske i kystbygdene på det viset.

Fjordbønder i fiske

Den andre måten som folk frå innlandet dreiv kystfiske på, var å ro fiske frå kystbygdene med eigen båt og eige mannskap. Såleis vart kystfisket ein næringsveg for fjordbygdene og.

Det fortel Strøm om frå kring 1760: Torskefiske vert drive med «stor Fliid og Fordeel» av sykkylvingane, som sjølve har nok jakter til å frakte fiskevarene sine på. I Ørskog var fisket ein av beste næringsvegane, i sær vinter- torskefisket i Borgundfjorden og Breisundet. Dette fisket dreiv dei no til liks med øyfolket. Sameleis var det i Stranda prestegjeld. Der lét dei seg før leige bort som rorskarar, men seinare har dei fått seg båtar og vegn og fiskar for eiga rekning. Det var like eins i prestegjeld. I Hjørundfjord, skriv han, hadde det vorte meir velstand etter at dei tok til å drive vintertorskefiske ute i Breisundet og Borgundfjorden.

Det ser ut som fjordfolket la seg meir etter dette fisket no enn tidlegare. Det kan ha gått bolkevis.

I Veøy, skriv O. Olafsen, var folket i stor mon knytte til fisket.

Det var i fisket dei tente dei pengar som trongst til gardsdrifta, medan dei elles hadde sitt opphald på og av garden.

Han viser til at landskylda i Veøy som andre stader i Romsdal var rekna i fisk og at skifte frå 1600 - og 1700 - talet fortel at folk hadde ymse slags fiskereiskapar: nøter, garn, fiskesnøre. Særskilde havbåtar var der ikkje så mange av, men dei hadde fiskebåtar av mindre slag - fjørnfar, sambyrdingar, firrøringar og trerøringar. Det same kan seiast om andre fjordbygder i Romsdal.

Fjordbøndene som dreiv fiske, leigde seg inn på gardane ute i kystbygdene.

Ofte hadde både to og tre og stundom fleire båtlag tilhald i eitt og same hus saman med gardsfolket. Sjøhus til å salte fisk i leigde dei og. Det laga seg tradisjonar såleis.

Båtlaga hadde gjerne sine visse stader, der dei kom att år etter år og son etter far.

24

Gammal stove på Rogne, Skuløy. I dei gamle gardsstovene på øyane hyste dei opp til fire framande båtlag i torskefis- ket. Foto: Sunnmørsposten.

25

Frå 1782 til 1783 har me liste over fiskebåtar på Sunnmøre og i Romsdal, eldste båtregistreringa me veit om på desse kantar. Her er oppført båttypar, namn på styremennene for heimlege og framande båtlag.

I Haram og Vigra er det også ført opp kven tilreisande båtlag budde hos. I mange hus budde det både to og tre båtlag. For Nordøyane er dette nøye oppført. Me finn her båtlag frå dei fleste fjordbygder på Sunnmøre og nokre frå Romsdal.Somme av dei framande båtlag hadde styremann frå øyane og fekk såleis ein kjend og gjerne meir sjøkunnig mann til hovudsmann. I båtlistene frå Romsdal frå same tid er ikkje framande båtlag spesifiserte på den måten. Etter somme kjelder ser det ut som det på 1700-talet tok seg opp med fjordfolket si fiskedrift på kys- ten. Rasmus Vassbotn fortel såleis frå Volda at det vart ei omlegging i arbeidsliv og levemåte i førstninga av det syttande hundreåret. Då tok dei til å byggje båtar og la seg ut i øyane og fiska torsk og sei og annan fisk, som det då var rikeleg av tett under land. Dei var ikkje så vel inne i fiskefangsten då som no ( i 1770-åra ), seier han, og heller ikkje var det så mange som reiste i fiske som no.

Kring 1720 var det berre 8 - 9 utrorsbåtar frå Volda til vårfisket, medan det no årleg var over 50.

Strøm var inne på det same i si tid, kring 1760. Fjordfolket, skriv han, som før skjøna seg lite på fiske og siglas, er no vél øvde i både det eine og det andre, og dette har gjeve dei betre livskår. Frå indre Sunnmøre, skriv Strøm, kjem fjordfolk ut til kysten på fiske. Dei reier i alt ut 249 fjørefar med 1494 fiskarar. Ikkje berre fjordfolk frå Sunnmøre, men også folk frå andre landsluter kom til fiskevær og utrorsstader på Sunn- møre. Nordfjordingar kom hit, skriv Strøm, både lauskarar og bufaste, og tok seg rom på fiskebåtar, og jenter derifrå kom og tok seg teneste. Ut i 1760-åra var det mykje søringar med i Borgundfjord-fisket, og på 1780-talet låg det romsdalingar til fiske på nordøyane.

Men sunnmøringar får også til utrorsstader utanom Sunnmøre.

I 1717 kom det klage til amtmannen over at sunnmøringar kom til Romsdal og rodde fiske og reiste heim att utan å yte tiend av det dei fiska. Vanylvingane heldt seg mykje i Sande og Herøy med sin utror i fisketidene, men dei søkte også til Selje.

Haakon Fiskaa fortel i Vanylven Bygdebok at vanylvingar hadde losjihus i Selje.

I 1798 hadde to vanylvingar eit fiskeværhus i Honningsvåg på Stadlandet. Andre stader og sør for Stad hadde vanylvingar hus eller budde hos folket der. Dette fortel Haakon Fiskaa om:

«Alle som hadde store båtar siglde rundt Stad - ein hard tørn i open båt vinterstid. Men mange bar mat, klede og vegn over fjellet til Selje eller i Moldefjorden, og dei mindre båtane drog eller køyrde dei over Dragseidet og sette dei på sjøen att på Drage. Sume vanylvingar hadde fiskebåtane sine ståande i naust sørafor, serleg i Moldefjorden der det ofte kunne vera bra fiske. Ein og annan åtte og part i båtar som høyrde heime i Selje. Det var ikkje så få dalebuar i Vanylven som drog over Mannseidet til garden Eide i Moldefjorden der det var her- byrge og der ein og annan hadde slekt.

Sume gonger kom det til strid mellom fiskarane frå Vanylven og dei fastbuande.

I 1754 klaga soleis folket i Moldefjorden til styremaktene over korleis dei framande fiskarane får fram «med Eder og banden, ja Trudsler og Magt med stor Alarm trengte og truet sig ind i deres Huuse og har betaget dem deres Fiskeri og ringe Brød og Næring».

I eit tingsvitne frå Vanylven nokre veker seinare gav vanylvingane denne forklaringa på kva som hende: Bøndene i Moldefjorden hadde vore so heidenske at dei nekta vanylvsfiskarane hus under vårsildfisket i 1754, endå dei jamt hadde vore der på fiske før om åra. Grunnen til dette «kand ikke vides at bestaae i andet end Misundelse, for Skaarefjorden var aabent Hav» so der kunne ingen nekta dei å fiske. Men når dei so kom inn i Moldefjorden seinkvelds frå dette fisket på havet, slik dei hadde gjort før, vart dei «aldeles nægtet Huus og Stød for Betaling og endog været saa grove og barbariske» å nekta dei husvære so dei laut liggja ute nokre netter vin- terstid. Slikt hadde moldefjordingane aldri gjort før, og skulle det vara ved, var det jamgodt med forbod mot å fiska der, fortel Jacob Aaland.

Mange vanylvingar hadde sjøbuer på Kinn, i Kalvågen, Bremanger og på øya Silda, der dei tok mot og salta sild.

26

Fiskevær

Fiskeværet Ona. Truleg frå omlag 1870. Romsdalsmuseet.

-1

Fiskeværet Nordre Bjørnsund. Romsdalsmuseet.

27

På visse livdestader på kysten, der det var god hamn og lagleg land og tilflot, laga det seg fiskevær. Der samlast båtlag, ofte i store mengder, leigde bustad på garden, i sjøbuer, i rorbuer som andre hadde bygt til det bruk eller i fiskarstover som dei sjølve fekk byggje på bygsla tomt.

Fiskeværa på Romsdalskysten er kjende frå gammal tid. Folk frå fastlandet og fjordane låg til fiske der, stundom folk frå sunnmørsbygdene og. Strøm skriv at folk frå Vatne dreiv vårfiske anten i Ona og Orta eller i Borgundfjorden.

Somme fiskevær var frå først av i kongeleg eige.

Til kongen vart det betalt avgift av dei som hadde tilhald i været ( landvarde ), 5 fiskar av kvar mann. Frå gammalt hadde kongen forkjøpsrett til alle varer som vart avla og tilverka, også til fisk. For å sleppe unna kongens rett når det gjaldt sild, gjekk bøndene i Bergenhus len i staden med på å betale ei årleg avgift til kongen ( fredtoll ). Forkjøpsretten synest elles ha fått lite å seie og kunne etter Kristian V's Norske Lov ikkje gjerast gjeldande. Fiskarane rådde sjølve for fisken sin.

Bud fiskevær - eller ein part av det - var i privat eige i 1661. Oppsitjarane der svara grunnleige til Peder Wibes ervingar.

Ona kom på private hender i 1728.

Lyngvær var privat eigedom tidlegare, det høyrde til rådmann Holst.

Værtvang

Då fiskeværa kom i privat eige, vart det væreigaren som rådde der og kom etter kvart til å rå over fiskarane meir enn vel var. Dei fastbuande i fiskeværet bygsla grunn av væreigaren på hans vilkår. Tilreisande fiskarar kom likeins i hans vald og måtte finne seg i hans vilkår for opphald i været.

I 1753 kom det ei kongeleg forordning om fiske og fiskehandel. Etter denne hadde fiskaren rett på å leige hus å bu i og hus for fisketilverking for høveleg betaling. Handelsprivilegia skulle ikkje gjelde lenger som før. Fiskaren skulle få tilverke og avhende sin fisk som han ville og skulle ikkje vere bunden til fast kjøpmann utan han stod i skuld til nokon, då skulle han halde seg der til han var skuldfri. Forordninga gav større fridom i fiskeomsetnaden, men gav ikkje den hjelp til fiskarane i fiskeværa som meininga var, til det var ho for uklårt formulert. Væreigarane sette heller strengare vilkår med tida. Andre fiskehandlarar og kunne ha interesse av å binde fiskarar til seg som faste leverandørar. Det var tilfelle med kanselliråd Holst, som dreiv fiskekjøp i Lyngvær. Han sette i 1758 opp kontrakt med fiskarar frå Ona, der han batt dei til å levere han fisken som dei fiska. Væroppsitjarane og dei tilreisande fiskarane hadde tidlegare i det store og heile sett seg tente med vilkåra, hadde iallfall ikkje klaga på dei. Væreigarane gav dei hjelp til opphald og utrusting. Då var det rimeleg at dei fekk førsteretten til fangsten, som dei også betalte etter gjeldande pris. Men no tok væreigarane til å binde fiskarane fastare til seg på fleire måtar.

Eldste bygslesetelen som er funnen til leiglending i fiskevær her på desse kantar er frå Drogen og er datert 2. januar 1753 - ei tid føre den nemnde forordninga, som er datert 12. september det året. Her gjaldt dei vilkåra at bustadhusa og sjøhusa til bygslaren skulle i fisketida vere til væreigaren si teneste, bygslaren skulle ikkje drive handel, skulle ikkje kjøpe fisk og skulle selje all sin fiskefangst til væreigaren. I seinare bygslebrev vart vilkåra strengare. Det syner eit bygslebrev frå Ona frå 1783. 28

Utanom dei vanlege vilkåra for grunnleiga heiter det at bygslaren ikkje må føre bort eller selje noko av det han avlar på sjø eller land utan at han først byd det til væreigaren, som skal betale han vanleg pris for det. Bygslaren måtte heller ikkje hyse framandfolk utan for ei natt og i nauds tilfelle utan løyve frå væreigaren. Heller ikkje hadde bygslaren lov å hengje eller salte fisk eller tillate nokon av båtlaget sitt eller andre framande å drive med slikt. Handel av kva slag det var, var og forbode bygslaren. Seinare kom andre ting med i vilkåra, såleis i ein bygslesetel frå 1787, også frå Ona, der bygslaren hadde plikt til, for høveleg betaling, alltid å vere budd til arbeid eller skyss for væreigaren.

I ein bygslesetel frå Lyngvær 1796 heiter det at bygslaren ikkje må teie med at nokon annan har handel for seg, og han var forboden å hyse omfarande handelskarar. Bygslaren skulle vere til teneste med skyss når det vart kravt av han, og om væreigaren hadde bruk for han til styremann på ein av båtane sine, var han pliktig når væreigaren kravde det. Stort sett vart bygslevilkåra verande så utover 1800-talet.

Væreigarane fylgde ikkje alltid så strengt den skrivne avtalen. Det heiter såleis i innstillinga frå væreigarkommi- sjonen 1888 at skyssplikt eller i staden 1/2 spd. aldri hadde vorte kravt. Arbeidet som var pålagt bygslaren etter bygslebrevet, vart berre sjeldan kravt og då mot løn etter avtale. Det var strengare med leveringsplikta på fisk. Kring 1780 måtte fleire oppsitjarar på Ona betale bot for å ha selt fisk til andre. Ein av dei nekta å betale bota, og han vart dømd til å flytte bort og rydje tomta etter seg. Væreigaren gjekk likevel med på at han vart verande på staden mot å feste tomta på nytt. Dei tilreisande fiskarane måtte likeins godta væreigaren sine vilkår for å få tilhald i været. For dei og gjaldt for- bodet mot å tilverke fisken sjølve. Dei og var bundne til væreigaren og var i hans vald.

I 1797 gjorde eigaren av Ona og Lyngvær kjent at dei som til vinteren tenkte seg til å liggje til fiske på dei stadene, måtte forplikte seg til å selje fisken sin til han. Opphavet til denne kunngjeringa var at væreigaren året før hadde gjort avtale med dei tilreisande fiskarane i desse væra om at dei skulle tilby han sin fiskefangst, som han då skulle betale med same pris som i Bjørnsund og Bud. Somme av fiskarane hadde omgått denne kontrakten og selt til andre. No la han saka fram for retten og gjorde det tydeleg at dei som ikkje ville rette seg etter vilkåra hans, fekk halde seg borte frå desse væra.

Det synest gå fram av utsegna hans at han hadde skriftleg kontrakt med fiskarane om forkjøpsrett. Dette var det mest vidtgåande tilfelle av værtvang i dei tider og var eit unntak, heiter det i innstillinga frå væreigarkommisjonen 1888, som opplysningane her stort sett byggjer på. Men det fekk noko å seie for ettertida. Slik praksis arbeidde seg inn og slo igjennom og gjekk endå vidare i fogderia nordafor, der værtvangen var hardast.

Både frå Ona og frå Søre Bjørnsund kom det i 1838 klage på værtvangen, som no hadde teke strengare former. Fiskarane klaga på at dei ikkje fekk tilverke fisken sin sjølve. Dei hadde lote selt fisken i rå tilstand til ein pris som dei ikkje var tente med, sa fiskarane i Søre Bjørnsund. På Husøy var ikkje værtvang. Der og låg det framande båtlag. Otrøyingane heldt seg der, dei bygde seg hus på holmane under Husøy og betalte grunnleige til husøyingane. På Husøyleira låg det over 20 båtar og i Lauvneset opp til 11, er det fortalt.

I 1520 budde det 14 mann på Ona, opplyser tiendmanntalet då. Midt på 1600-talet budde der 60 mann, fortel amtmann Tønder i si «Beskrivelse over Romsdal Fogderie». Dei hadde eit kapell som vart flytta derifrå, då været med tida vart øyde på grunn av sjukdom og sjøulukker.

Lyngvær var eit heller lite fiskevær. Der budde to mann i 1701. I dei tider var det ikkje stort meir på Ona. Der var fem i 1723. Men det er ikkje nettopp talet på fastbuande som avgjer om fiskeværet er større eller mindre.

Bud var største fiskeværet i Romsdal. Gerh. Schønning skriv i 1770-åra at Bud hadde før vore eit av dei største fiskevær i landet. Der hadde lege 4 - 5 hundre båtlag til fiske. Han opplyser at i 1589 var der 50 bønder. Matrikkelen frå 1647 opplyser at der då var 24 strandsitjarar. 63 mann med 50 søner og 19 drenger var der i 1701, etter som militærmanntalet opplyser.

29

Det var ein mektig stad, skriv Nils Magerøy i heftet om «Riddarsalen». «Bud var frå gamalt byen åt romsdalingane like eins som Molde no.»

Bjørnsund er ei øygruppe med to fiskevær, Søre Bjørnsund og Nordre Bjørnsund. «Ligger ved det Vilde Hav,» heiter det med poetisk formulering i matrikkelarbeidet 1723. Begge væra var på private hender. Det budde ni mann i kvart av dei to væra. Bygslebrev frå tida 1808 til 1877 syner vilkåra der. Bygslarane skulle by til væreigaren alle dei produkt som dei hadde å selje. Dei skulle ikkje hyse andre enn dei væreigaren gav løyve til og som då skulle selje til han i rå tilstand det dei fiska. Bygslarane skulle ikkje halde krøter eller reise fiskehjell utan løyve frå væreigaren. Handel hadde dei ikkje lov å drive, og dei skulle ikkje dylje om dei visste at andre der på staden dreiv handel. Meir eller mindre arbeidsplikt var dei pålagde, noko med og noko utan betaling. Plikt til å skysse væreigaren til Molde fylgde ög med. Vilkåra kunne variere noko etter som tilhøva og personane var. I eitt bygslebrev var såleis bygslaren pålagd plikt til å vere styremann på væreigaren sin båt i torskefisket når han vart varsla om det 4 månader i førevegen.

På Sunnmøre

På Sunnmøre var det mange utrorsstader, der folk frå fjordbygdene leigde seg inn og rodde fiske vinterstida. Slik ser det ut til å ha vore i Haram i det heile til ut på 1700-talet. Strøm nemner ikkje fiskevær her. I Haram bygdebok er fiskeværet Omnen på Løvsøya nemnt. Det låg noko utafor Hellevika. Der budde det folk i mellomalderen. Dei stod seg godt så lenge fiskeprisane var så høge, men frå 1570-åra, då skottar og hollendarar tok til med rasjonelt havfiske, vart det smått om senn smalhans for fiskarane i Noreg. Omnen eller Hofnen fiskevær var truleg ein by på ca. 80 menneske i 1550-åra. Der budde folk på 1600 - og 1700 - talet - ein til fire huslydar til ymse tider. Dei som var der i 1760-åra, flytte til Hellevika, men hadde framleis nausta sine ute i Keila i Omnen, der var god landingsplass. Oppsitjarane i Hellevika gjekk den lange og ulendte sjøvegen i lange tider til dess nausta og vart flytte derifrå.

Sist i 1760-åra eller deretter tok Ulla seg opp som særskilt fiskevær.

Haram bygdebok opplyser at tollar Thomas Preus var eigar av storparten av garden Ulla og selde parten sin til dei fem brukarane i 1767.

30

I salsvilkåra heiter det at ingen av dei hadde lov å hyse båtlag i vinterfisket. Han tok unna rett til å byggje rorbuer i Hammaren «og leigde ut desse på harde vilkår». I 1778 fekk fiskarar innafrå fastlandet byggje seg hus sjølve her ute. I ei oppskrift frå Ulla i 1970-åra er det opplyst at der viser att murrestar etter 6 rorbuer. Det var fiskarar frå Hildrestranda som åtte dei. Det var Synnalandsbuda, Alvestadbuda, Rysgårdbuda og Steffåbuda og to til. Steffåbuda var riven truleg noko føre 1915. På berget utafor denne stod ei bud som dei verka og salta torsken i. Ho stod til kring 1920. Lengda på rorbuene var 9 - 10 meter, breidda innvendes om lag 4 meter.

I seinare tid låg der opp til 70 båtar. Dei var frå Hildrestranda og Vatne og frå og fleire stader i Romsdal. Det er fortalt at det budde fire framande båtlag i somme av gardshusa. Fiskarane fekk levere fisken sin til han- delsmannen i Ullahammaren. Det galdt helst framande fiskarar. Dei fastbuande tilverka fisken sin sjølve. Forbodet mot å hyse framande fiskarar på Ulla kan ha falle bort etter kort tid eller vart kanskje ikkje teke alvorleg. Etter båtlista 1782 var det innhyste eitt, to og tre båtlag på bruka. I alt var der 16 framande båtlag. Der er ikkje nemnt andre framande båtlag enn dei som budde hos gardsfolket.

I Haram finn me i alt 62 framande båtlag. Høgste talet hadde Longva, der seks brukarar, ein plassemann og tre husmenn hyste 24 båtlag.

På Vigra var det sameleis som på øyane i Haram. Båtlista 1782 syner at det budde framande fiskarar på gardane Molnes, Rørvik, Blindheim, Røsvik og Synes, i alt 20 båtlag.

I Borgund finn me på båtlista frå 1783 50 båtlag som me visst kan seie er tilreisande, flest på Giske, der det på gardane Giske, Giskegjerde og Øygarden var 18 båtlag innhyste. I tillegg til dette låg det tre båtlag i Havsteinen. I bygdeboka for Borgund og Giske heiter det at Giske har vore samlingsstad for fiskarar «frå dei eldste tider». I 1738, heiter det, «vart det på tinget av folk frå øya sagt at det serleg var Volda-fiskarane som låg på Giske i den tida. Ørstingane låg på Godøya.» Båtlista 1782 syner at det var framande fiskarar på Godøya og, men dei er ikkje utskilde frå heimebåtlaga, så me veit ikkje kor mange.

Strøm nemner kring 1760 Havsteinen og Furkenholmen som fiskevær under eigaren av Giske, som har bygt der rorbuer til kring 150 fiskarar, som kvar vinter ligg til fiske der. Av dette har eigaren ei årleg innkome på 100 rdl. Havsteinen hadde truleg berre kort tid som fiskevær. Furkenholmen og Valkve vart etter måten store fiskevær på 1800-talet til ut på førstninga av 1900-åra. Folk frå fjordane hadde der fiskarstover og likeins naust til å salte fisken i. I Støbakkvika litt sør om Valkve låg det og båtlag. Det fortelst at i beste tidene utover 1800-talet låg det opp til eit hundre båtar på sundet frå Furkenholmen til Valkve og Støbakkvika.

På garden Djuv på Godøya har det og lege fjordfolk til fiske. Det stod fleire buer der. Somme av dei stod att i 1970-åra. Dei var timbra. Somme av dei kan ha vore brukte til å bu i. Ein Godøy-mann fortalde i 1978 at han hadde funne restar av ein brunn i marka ovafor buene. Det skulle tyde på at der hadde butt folk, meinte han. Dette er det også historisk stadfesting på. Tingboka frå 1772 opplyser at Ragnhild, enkja etter Jørgen Høgh i Ørstavik hadde stemnt «Ole Iversen Diub fordi han uden hendes vidende har nedrevet hendes paa gaarden Diub fra gammel tid af staaende fiske-gield og derved sat hendes folk i forlegenhed da de iaar kom til benevnte gaard hvor de skulde ligge til huus og ro vaarfiske og ingen fiskegield havde». Strøm har ikkje nemnt noko om fiskevær på Godøya. Etter båtlista frå 1783 låg det då tre framande båtlag på Alnes og tre i Djuv, så vidt me kan sjå av namna. Borgund og øyane nærmast Breisundet «ansees som et almindeligt Fiske -Vær, eller Samlings - Sted for de fleste Fiskere i det hele Fogderie», skriv Strøm.

Det var både havfisket og Borgundfjord-fisket som drog fiskarar hit frå bygdene innafor. Av båtlista for 1783 ser me at det låg fjordfolk til fiske i Steinvågen, Skutvika og i Ålesund, fire båtlag på kvar av desse stadene.

31

I Herøy har ikkje Strøm nemnt eit einaste fiskevær, men i båtlista frå 1783 finn me åtte samlingsstader for fiskarar. Den største av desse er Fosnavåg, der det låg 24 båtlag. Somme av desse kan ha søkt hus hos gard menn i Fosna- våg, Igesund og Myklebust, men der stod nokre rorbuer og.

Ein Sivert Olsen fekk i 1771 grunnsetel på «en Plads under øvre Fosnevogs Udmark at sætte Hus paa». Det er truleg ikkje ein plassemann det gjeld, men den driftige handelsmannen Sivert Olsen på Herøy. Huset kan ha vore ei rorbu til bortleige eller til bruk for eige mannskap, han hadde to fiskebåtar i drift.

I 1779 fekk Christofer Rønneberg og Jens Rødding grunnsetel på kvar si hustomt. Truleg galdt dette og rorbuer. Jens Rødding dreiv ikkje fiske, men Rønneberg hadde to fiskebåtar ute. Det gjekk bort imot eit hundreår etter dette før Fosnavåg fekk si store tid som fiskevær. Det same kan seiast om Flåvær, der det i 1783 låg tre båtlag. I Sævikane låg ni båtlag. Me veit ikkje om der var rorbuer i dei tider, men i 1828 vart der bygt fiskarstove av nokre mann frå Dalsfjord. Dei tilreisande fiskarar leigde seg helst inn hos folk på Remøylandet. Ei forlikssak mellom Sævik-folk og eit framandt båtlag i 1830 fortel om slik innhysing.

Sameleis var det i Runde, der det låg tre båtlag, og i Kvalsvika, der det låg fem båtlag i 1783.

I Bøvågen låg det fire båtlag. Der hadde Sivert Olsen på Herøy ståande eit hus som han hadde fått grunnsetel til i 1775, truleg ei rorbu.

På Skotholmen, som høyrde til Sævik, låg det seks båtlag i 1783.

Johan Schjelderup i Volda hadde hand om holmen og dreiv fiske og forretning der vinterstida. Christofer Mathias Rønneberg i Larsnes overtok holmen etter leigekontrakt 1832. Han bygde der nytt sjøhus med bustadrom for fiskarar og bygde der dessutan andre hus.

I Flusund låg det sju båtlag i 1783. Her hadde Christofer Rønneberg på Kriksholmen kjøpt Straumen - ein liten part av Flusund i 1765.

Straumen tok seg opp som handelsstad og fiskevær frå den tida, men tilhøva låg ikkje så vel til rette for fiskevær av større format, og handelen var ikkje stort meir enn å selje tobakk «til Fiskeriets Lettelse og Munterhed». Same året som han kjøpte Straumen, vart han stemnd for ulovleg handel med drikkevarer. Rønneberg dreiv både i Straumen og på Flåvær og Skotholmen. I 1778 kjøpte han 70 000 salt-torsk og dertil mykje råskjer, fortel Rasmus Vassbotn. Han bygde og innreidde husvære for fiskarar på Flåvær, i Straumen og i Fosnavåg. Sjølv reidde han ut både ein og to åttringar i vinterfisket. I 1778 klaga nokre bønder frå Leikong og Rovdestranda på Rønneberg fordi han ikkje ville leige ut rorbu til dei utan dei gav han førsteretten til å kjøpe fisken deira. Futen åtvara han mot å vere til hinder for fiskarane på den måten. Dei skulle ha rett til å tilverke fisken sin sjølve og til å avhende han som dei best visste og kunne, meinte futen. På Flåvær - som Rønneberg kjøpte i 1774 - var paktaren pliktig til å hyse gratis så mange fiskarar som det var rom til i stove og loft. Han skulle selje brennevin for eigaren og kjøpe råfisk mot å få høveleg betaling etter avlagd rekneskap. Sivert Olsen på Herøy sette og vilkår for sine bygslemenn om førsteretten til fiskekjøp og medverknad i fisket på jordeigaren sin båt eller med hans not.

32

Kjøpmann, jorddrott og leiglending

På Sunnmøre var det ikkje eit gjennomført væreigarsystem, men me ser at der forretningsmenn kom til, prøvde dei å sikre seg føremoner av fisket på fiskarane sin kostnad. Dette gjaldt ikkje berre dei som hadde med utrorssta- der og fiskarane der å gjere, men også andre som fiskarar vart knytte til med å få varer på kreditt. Det var viktig teneste å hjelpe fiskarane med utrustning til fisket, men den tenesta kunne og nyttast ut til eit varande band på fiskarane. Det var det til og med lovheimel for. I forordninga om fiske og fiskehandel 12. september 1753 heitte det rett nok at ingen var pliktig å handle med ein og same kjøpmann alltid, men det heitte og at ingen skulle forlate den kjøpmann han stod i skuld til. Kjøpmannen leverte ut varer, tok seg betalt med fisk og førde til boks, og slik heldt det fram. Mange såg lite til pengar og visste lite og inkje om korleis rekneskapen stod. Det var såleis ikkje berre væreigarar som batt fiskarar til seg for vinnings skuld. Andre og, som hadde høve og makt til det, gjorde det same. Det er døme på at både jordeigande handelsmenn og andre, som ikkje var væreigarar, heldt seg att forkjøpsrett til bygslaren sine salsvarer. Han skulle selje sine fiskevarer til jorddrotten til vanleg pris, heiter det i eit bygslebrev frå Vatne i 1799. Me finn liknande vilkår i bygslebrev eller plass-setlar frå Borgund og Herøy på 1800-talet. At ein vanleg jordeigande bonde kunne binde sin leiglending eller plassemann noko strengt kan fleire plass-setlar frå Herøy fortelje om. Bygslaren kunne såleis vere pålagd plikt til å vere med jordeigaren sitt fiskebruk, vere forboden å ta sjølag med andre enn dei som budde på jorddrotten sin eigedom, vere med jordeigaren eller hans folk på fiske vinter eller sommar når jordeigaren sytte for høveleg båtlag osv. Oppsynssjef H. Gade er inne på slike tilhøve i si melding om torskefisket i 1870. Han gjer merksam på at dette likevel ikkje må forvekslast med dei væreigartilhøva som det er klaga over frå Nordmøre og Romsdal. Tilhøve av det slaget finst ikkje på Sunnmøre. I Romsdal er det få bygslebrev med slike vilkår som her er nemnde frå Sunnmøre. Men dei finst. Såleis i eit bygslebrev på garden Hollingen i Sunds tinglag frå 1827. Der heiter det m.a. at bygslaren er tilplikta å tilby jordeigaren det han avlar av sjø og land mot å få vanleg betaling. Bygslebrev som batt bygslaren på uhøveleg måte og gjorde han ufri, kan ein finne langt ut på 1800-talet. Lova sette grenser for kva vilkår jordeigaren kunne påleggje bygslemenn. I mange høve vart grensene overskridne. Amtmann Even Hammer slo ned på desse tilhøva i 1779. Han sende ei omstendeleg orientering om dette til regje- ringa med tilråding om innskjerping av reglane for bortbygsling. Det kan ha vore dette som førde til at det 18. oktober 1780 gjekk ut kongeleg forordning om «Leilendingers beskjermelse mot egennyttige jorddrotter».

Som ein ser av det som er fortalt ovafor, heldt det likevel fram med somme uhøvelege vilkår for bygsling.

Rorbuer

Oppsitjarane i fiskeværa, som sat på bygsla grunn, betalte bygslesum ( innfesting ) og dessutan ei årleg grunnleige. Bygslet kunne vere 10 til 20 spd. eller 40 til 80 kroner, som det heiter i innstillinga frå væreigarkommisjonen 1888. Grunnleiga kunne vere 2 til 3 spd ( 8 til 12 kr. ) for året. For tilreisande fiskarar vart det i somme vær bygt rorbuer av væreigaren.

I Herøy finn me mot slutten av 1700-talet nemnt ei rorbu i Bøvågen, som handelsmann Sivert Olsen på Herøy åtte, og rorbuer i Kvalsvika, som det ikkje er nemnt eigar til. Om betalingsvilkåra her finn me ikkje noko opplyst.

Om fiskeværa Havsteinen og Furkenholmen ved Godøya fortel Strøm frå kring 1760 at eigaren av Giske hadde bygt der rorbuer med rom til 150 fiskarar, og av dette hadde han ei årsinntekt på 100 rdl. i husleige. Det er uvisst om væreigaren då sytte for kokk til fiskarane. Etter det nye pengesystemet frå 1875 vart leiga om lag 2 kroner til manns for fisketida, og det svarar til leiga som væreigaren på Ona tok for tilhald i rorbua hans der. Då heldt han kokke og reinhald. Framande fiskarar som sjølve salta fisken sin, betalte 4 kroner pr. båt i sjøhusleige for fisketida.

I Søre Bjørnsund var det bygt rorbu av væreigaren, og der var leiga for rorbu og sjøhus den same som på Ona. 33

Det var like eins i Nordre Bjørnsund.

På Rindarøy var i seinare tid ei rorbu bygd av handelshuset N. P. Dahl i Molde på bygsla grunn. Rorbuer til utleige vart bygt fleire stader, m.a. på Furkenholmen, i Støbakkvika på Godøya og i Hustruhamna på Valderøya. I Hustruhamna var det stort sett eigarane av garden Skjong som bygde rorbuer og leigde ut. Fiskarar som fekk bygsle grunn i fiskevær og bygde eigne rorbuer, betalte ei årleg avgift til grunneigaren. Eit båtlag frå Dalsfjord bygde i 1827 ei rorbu ( fjordemannsstove ) i Sævik på Remøylandet i Herøy på bygsla grunn. Festesetelen opplyser at grunnleiga var 4 ort for året. Bygslesum er ikkje nemnt. Kring 1880 var det ni slike rorbuer i Herøy - sju i Fosnavåg, ei i Sævik og ei på Nerlandsøy. Åra etter vart det bygt fire nye rorbuer, alle i Sævik. Då vart det i alt 13 rorbuer av dette slaget i Herøy. På Ulla i Haram hadde fiskarar frå Hildrestranda eigne rorbuer frå kring 1780, er det opplyst. Det viste lenge murar etter seks rorbuer. Den siste vart riven kring 1915.

Havsteinen ved Godøy vart nedlagd som fiskevær kring 1860. Men Furkenholmen og Valkve fekk ei stortid utover 1800-talet. Her tok fiskarar frå fjordane og dei indre bygdene i Borgund til å byggje eigne rorbuer kring 1840 på bygsla grunn. Då Johannes Ouse frå Ørsta, kjøpmann i Ålesund, kjøpte Furkenholmen i 1874, var her rorbuer til 30 båtlag. Mellom Furkenholmen og Valkve på Godøy-landet er det berre eit trongt sund, og på Valkve vart det også bygt rorbuer. Det vart ikkje skilt så nøye mellom dei to stadene, dei fekk gjerne samnemninga Furkenholmen. På Husøy ved Ona var det to gardbrukarar som også var eigarar av Øya. Dei lét opp grunn til rorbuer for ei årleg grunnleige på 1 1/2 til 3 spd. ( 6 til 12 kroner ) etter storleiken. Bygslesum vart ikkje betalt. Her stod det kring 1880 ni rorbuer av dette slaget, som til saman hyste 14 båtlag. Dei som hadde sjølveigande rorbuer, var sine eigne herrar og selde fisken sin til den dei ville. For båtlag som leigde seg inn hos folk på utrorstaden, var det så ymse takstar. Opplysningane om dette er sparsame. I ei fråsegn frå Ulstein heradsstyre 15. desember 1840 om fisket får me vite at fleire av innbyggjarane i Ulstein hadde utror frå lagleg stad nærmare fiskefeltet og leigde seg inn hos folk der for ei godtgjersle på 12 skilling til manns for fisketida. I tillegg betalte dei for fisketurking 1 ort for kvart 100 torsk og i grunnleige for båtnausta 12 til 24 skilling for året.

34

Heradsstyret meinte at grunnleiga for nausta var altfor trykkjande og var dessutan ei utgift i utrengsmål, etter di grunneigarane fekk rikeleg godtgjersle i og med fiskeavfallet, som var framifrå gjødsel. Hareidsbøndene rodde fiske heimafrå til ut i 1870-åra, då hadde dei utror frå Øyane i Borgund. Frå Herøy er det opplyst at husleiga på gardane var 2 ort til manns, og det var ein god grand meir enn Ulstein- fiskarane betalte. Ein Sævik-mann stemnde ein båtførar frå Tjørvåg for skuldig husleige frå året 1828, 2 spd. 4 ort. Båtføraren klaga på husværet: det var for lite for båtlaget, og der fanst ikkje omn, seng, stol eller benk. I forlikskommisjonen vart dei to likevel samde om at huseigaren skulle betale sakskostnaden, og med det vart det. Frå Herøy er det elles opplyst i 1840 i heradsstyret si fråsegn om fisket at «visse Fiskevæhr gives ikke i Distriktet». Tilreisande fiskarar budde for det meste hos folket på gardane og betalte 36 til 48 skilling til manns for fisketida. I fiske utanom torskefisket betalte dei 2 skilling til manns for natta. I 1860-åra vart det ein ny praksis i fiskeværtilhøva, kanskje særleg på søre Sunnmøre. Opphavet til det var det store sildeinnsiget på desse kantar då. Det samlast ei mengd fiskarar i Sandshamna, fortel Gerhard Bringsvor i sine oppskrifter. Like frå Egersund og Flekkefjord kom dei i opne båtar. Husrom var det vanskeleg om. Det var då eigaren av Sandshamna, Olai Olsen, bygde ei stor fiskarbrakke med rom til bort imot 900 mann. Dessutan bygde han kokehus, sjøhus og bakeri og dreiv stor handel. Andre og bygde fiskarbustader her, såkalla fiskarstover, med rom til i alt 40 - 50 båtlag, har Gerhard Bringsvor fortalt. Sandshamna vart vidspurd i dei tider for denne utbygginga av fiskarbustader og den mønsterverdige tilrettelegginga for fiskarar som søkte tilhald der. Der vart til og med bygt sjukehus. I desse tider var telegrafen komen i bruk på desse kantar, og Sandshamna fekk telegrafstasjon i 1869. Sandshamna opplevde som Gerhard Bringsvor seier - ei stordomstid desse åra. Ein liknande praksis tok på same tid form i Fosnavåg og somme andre stader i Herøy, berre i mindre mål. Der flytte det forretningsmenn til og bygde sjøpakkhus med fiskarbustad innreidd på loftet. Her og vart det lagt til rette for mengdevis av fiskarar. Både her og i Sandshamna hadde fiskarane tilhald som frie leigebuarar. Me finn ikkje noko som tyder på plikt til fiskelevering eller tvang på annan måte.

Sandshamna kring 1900. Foto: O. Storegjerde.

35

6. Frå mellomalderskyming til utliggjartid

Mellomalderen er fattig på opplysning om fangst og fiske på våre kantar.

Me veit berre at her som elles på kysten var dette eit vanleg og viktig innslag i næringslivet. Lover og føresegner og andre dokument fortel om det på sin måte.

Gulatingslova har føresegn om tiend av fiske og forbod mot fiske på helgedag, nemner fiskestader og fiskes- nøre. Der er ein særskild bolk om kvalrett, det gjeld både kvalveiding og kvalfunn. Kongsspegelen fortel at kval vart stendig «drivne på land i hundretal, og dei er til mykje føde for folk der det vert veida mange av dei». Om selfunn, selveiding med harpun og selfiske med garn har og Gulatingslova føre- segner.

Magnus Lagabøtes landslov har fleire føresegner om fiske. Medan sildefisket varde, skulle alle søksmål kvile, og vart nokon ute for skam eller svie under sildefisket, hadde han krav på dobbel skadebot. Det var lovleg å nytte stranda hos andre til å leggje fangst på føre sommarmål, men ikkje etter. Dette var gammal regel, nemnd i Frostatingslova. Det var forbode å skyte sildreki, ein kval som dei meinte dreiv silda under land.

Kongsspegelen kallar denne kvalen fiskreki. Det er den folk har mest gagn av, heiter det, «for han driv til lands utanfrå havet både sild og allslags annan fisk». Denne kvalen var liksom send av Gud til å forsyne folk med fisk, men vert dei usamde og kjem i slagsmål, går kvalen inn om fisken og jagar han ut att i havet, seier Kongsspegelen. I torskefisket og skulle alle søksmål kvile. Utlendingar var utestengde frå alle norske sildefiske og frå torskefisket på norskekysten, men oppkjøparar hadde dei rett til å vere. I dei tider som seinare sette sild og torsk og sei inn i store mengder stundom. Eldste sildefisket må ha vore notfiske. Sildegarn er omtala kring 1400. Sildefisket ved Skåne var eit gjetord på 1100-talet og utetter. Olaus Magnus fortel at dette fisket forsynte storparten av Europa med saltsild. Silda stod i så tjukk stim, skriv han, at om ein hogg ned i stimen med øks eller hellebard ( våpen til å hogge og støyte med ), vart dei «staaende deri». Ved Skottlands og Englands kystar var det også rikt sildefiske. Torskefisket vinterstida - vårtorskefisket, som det vart kalla - var nok årvisst som i seinare tid, om det kunne vere mislukka somme vintrar.

Fisketilverking og omsetning

I fisketidene spurdest det om å bli av med fisk og sild i fersk eller tilverka tilstand. Sildeturking er omtala i Frostatingslova. Dei tok innmaten or silda, laka henne og hengde henne opp. Dei kalla det lubbesild. I denne form vart silda seld i meisar og vart difor også kalla meisasild. Turrsild er nemnt som utførselsvare frå Noreg frå 1300-talet. Det var eit stort framsteg då det vart vanleg å salte silda. Det førde til auka omsetnad. Sild vart ei viktig handels- vare.

Til silda trongst det tynner og salt. Tynneproduksjon var handverk. Kiper - eller bødkerhandverket er gammalt.

36

Salt var ein viktig artikkel. I førstninga av 1500-talet var det ikkje lite saltkoking som gjekk for seg fleire stader i landet. Det heiter at norsk produksjon skaffa mesteparten av det salt som trongst. Både av sjø og tang vart det kokt salt. Somme stadnamn - som Salthammar i Vestnes, Saltkjelsvik i , Saltneset på Skredestranda, Gurskøy, og Saltvik i Vanylven fortel om heimleg saltproduksjon ein gong i tida. Saltkokinga heldt seg somme stader, men med den auka omsetnad av sild og fisk strakk ikkje den heimlege pro- duksjon til. Det norske saltet var heller ikkje av særleg god kvalitet.

Salt vart ei viktig importvare.

Hollenderne lærde nordmennene å salte silda i tynner.

Tidlegare var visstnok silda salta i bingar. Torsken - skreien og annan rundfisk vart hengd og turka. Av utførselsvarer i 1316 finn me m.a. skrei, rav, rekling, tran og kvalspekk.

Frå 1100-talet er norsk turrfisk seld på verdsmarknaden. Stort sett sytte fiskarane sjølve for tilverkinga. Dei kunne vel selje til oppkjøparar, men dei reiste også sjølve og selde fisken i nærmaste kjøpstad eller den kjøpstad dei etter tradisjonen sokna til. Bergen var livlegaste kjøpstaden. Bergensferd med fisk er gammal tradisjon på kysten frå Bergen og langt nord- over. Dit for nordlandsjaktene med sine ladningar av turrfisk, stabla like opp under seglet. Dit får dei frå våre kantar og.

På 1300-talet prøvde styremaktene å regulere handelslivet. I ei kongeleg rettarbot 1384 fekk folket her nordafjells påminning om å halde seg til sine eigne kjøpstader.

( Sjå seinare i dette kapitell om kjøpstader under avsnitt om Hollendertida ).

Romsdalingane hadde Veøy.

Sunnmøringane hadde Borgund.

Det heitte i rettarbota at dei lokale kjøpstadene hadde vorte lagde øyde fordi folk ikkje får med varene sine til sine eigne kjøpstemner. No vart folk bedne om å fare til eigen kjøpstad. Det hadde vel vore så at sunnmøringane frå gammal tid hadde fare til Borgund med fiskevarene sine, og skuter kan ha ført fiskevarer frå handelsmenn her direkte til utlandet. Det er opplyst at Lambe Rust med fartyet «Smalside» og Johannes Lenge med to farty, «Welop» og «Houdenbusse», sende fiskevarer til England. Namna Rust og Lenge kan vere Ryste i Ørsta og Linge i Valldal, gissar Kristian Bugge i Aalesunds Historie.

Bugge meiner og at Borgund kan ha halde seg som kjøpstad til kring 1450. Ikkje så at handelen då brått vart slutt. «Men almuen sank ned i fattigdomog uformuenhet og istedet for selvstendige kjøpmenn trådte kremmere og land- handlere, som blev avhængige av Bergen og tyskerne.» Nordlendingane skulle halde seg til Vågan. Men dei får til Bergen. Så visst som mai månad kom med nordabør og lyse netter, stemnde nordlandsjektene sør gjennom leiene til Bergen med turrfisk. Frå våre kantar var det sameleis. Folk slo seg i hop på ein båt av største slaget, kanskje ein tolværing. Leiglendingar som dei fleste her i bygdene var - hadde ikkje lov å byggje større båtar enn tolværingar.

I hundreåra utetter var det Bergen som var byen.

37

I matrikkelarbeidet 1723 er det fast formulering for gardane på Sunnmøre: Ligg så og så mange mil frå byen. Frå dei inste fjordbygdene på Sunnmøre og frå bygder i Romsdal var det noko Trondheimsfart, men handelen på Trondheim var berre lite mot handelssamkvemet med Bergen.

Folkesetnad, skyld og skatt

Manndauden ( Svartedauden ) midt på 1300-talet gjekk nok hardt ut over fisket. Det må ha skrumpa inn med båtlag og fiske i dei tider og dermed også med fiskeomsetnaden. Det tok seg opp att i tidene etter. Folketalet auka.

Første oppgåvene om folketal er tiendmanntalet 1520.

Det syner seg at det særleg auka med busetnad i kyststroka. Fisket var ei næring som lokka. Øyane og dei ytste fastlandsbygdene i Romsdal var «langt sterkere befolket end de indre fjorddistrikter», heiter det i boka om Veøy. Bud var folkerikaste heradet i Romsdal. På Ona var det 14 mann i 1520. Amtmann Tønder fortel at der budde 60 mann kring midten av 1600-talet. Bud og Ona tok seg opp som fiskevær i dei tidene. «Både i Romsdalen og på Sunnmøre er det påfallende hvor mye bedre bosetningen har holdt seg oppe i de ytre enn i de indre bygdene,» skriv Jørn Sandnes i «Norges Historie». I mellomalderen var jordskyld rekna i bondevarer - smør, huder o.l. Kvalsund i Herøy, som låg under erkebispe- stolen, hadde i 1533 2 kyrlag i skyld. I dette hundreåret vart det smått om senn overgang til å rekne landskylda i fisk. Det er mogleg at overgangen til fisk som skyldeining kan ha samanheng med at det i dei tider vart laglegare for fiskeomsetnad og dermed auke i fisket og at fisk vart meir gangbar vare. I innbetalinga av tiendskatten frå Sunnmøre var det om lag 37 våger fisk. Annan skatt vart likeins betalt med fisk. I sin rekneskap over motteken skatt til kongen i 1525 vart Vincens Lunge skuldig 20 tynner laks, 4 tynner torsk, 2 1/2 tynne makrell og 1 tynne sild. Same året fekk han kvittering for mottekne varer m.a. frå Romsdal, Edøy og Sunnmøre, der imellom «174 voger Fisk af Edøen». I eit jordkjøp på Vigra i 1569 vart det betalt med pengar, mjøl og korn. I eit liknande høve i Ørsta i 1575 vart det betalt med pengar, klevarer og fisk og i «skjøtningsøre» med korn og fisk. Fisk vart einerådande landskyldeining i kystbygdene til ut på 1800-talet. I tiendmanntalet for Herøy 1520 finn me største skattytarane og høgste skatteinnbetalinga i dei ytre bygdene. Det kan tyde på at desse bygdene hadde lettare vilkår for forteneste, og det må vere fisket som gjorde. Det hadde sitt å seie året igjennom at Øyfolket sat laglegare til for fiske, t.d. når sild eller sei sette inn frå havet.

Fisk og kval

Silda kjem hit under landet frå den store fiskepark Islandshav, skriv Peder Clausson Friis noko før 1600. « - - den gaar ikke allesteds til lands, men på noen særskilte steder, som den av Guds gode synlige naade tilvises og hens- kikkes.» Om seien skriv han at «ingen fisk har fattige folk som bor ved sjøsiden saa meget deres næring av som av denne fisk». Kveitefisket hadde og Øybuarane lettare tilgjenge til enn fjordfolket. «Denne fisk blir reklet i Nordlandene, så meget som de får om vinteren, våren og høsten, men det de fisker i den heteste sommer, i ormemåned, det salter de og fører til Bergen» skriv Peder Clausson Friis.

38

Om laksefisket, som og kan ha gjeve bøndene på utøyane ei ekstrainntekt, skriv han: «Hvor mange adskillige måter innbyggerne bruker til å fange denne laks med, kan ikke her opregnes, ti han biter ikke på krok som torsk eller annen fisk, men tages i fjorden med not eller vad, stundom et hundre eller to på drett tilsammen.»

I eit brev frå kongen i 1555 til lensherren over Bergenhus len; Christoffer Huitfeldt, vart det tinga torsk, titling ( turka småtorsk ), laks, råskjer og rekling så mykje som kongen trong for eit år «for sin egen Mund».

Ved garden Festøy på Vartdalstranda er det nemnt lakseverpe på 1500-talet.

At det stundom dreiv kval inn på strendene ute i øyane veit me om frå seinare tider. Det kunne gje finnarane ein god skilling. Det hende ög at kval sette så hardt på land at han vart liggjande og ikkje kom seg laus.

Fiskarbønder og handelsborgarar

På 1500 talet får me av kongebrev og forordningar mange opplysningar om tilhøva for fisket og fiskarbøndene. Det kjem fram visse interesse motsetningar, som det vart prøvt å ordne opp i. Bønder hadde m.a. klaga på at jordeigarar ofte tok frå dei rettar til fiske som etter lov og avtale tilkom brukarane. Det vart gjeve påbod om at om jordeigarar tok slike rettar frå bruket, skulle landskylda lempast deretter, og ved utleige av slike rettar skulle vedkomande leiglending ha førsteretten til dei. Sildefisket drog kjøparar til seg. Handelsborgarane i byane dreiv forretning med fiskevarer. Dei hadde handelsbuer og skip og brukte både pengar og varer til bytemiddel. Embetsmenn og dreiv handel - prestar like så vel som andre. Ut på 1600-talet hadde prestar slått inn på fiskeforretning så pass mykje at det var til meins for dei privilegerte handelsmenn.

I 1653 kom det eit påbod som sette grenser for det geistlege innslaget i fiskehandelen. Det vart gjort i eit brev til lensherren i Trondheim, Preben von Ahnen, som hadde meldt om dette mishøvet. I brevet heiter det at nokre geistlege dreiv stort «Jægtebrug» - «Borgerskabet udi vore Kjøbstæder Bergen og Trondhjem ikke til ringe Indpas udi deres Handel og velherbrugte Privilegium». Brevet sa no føre at sokneprestar heretter berre hadde lov å bruke ei jakt som lasta 1000 våger fisk og residerande kapellanar ei jakt som lasta 600 eller 800 våger.

Fiskerett for utlendingar

Frå gammalt hadde ikkje utlendingar fiskerett i norsk farvatn.

Midt på 1500-talet ser me at utlendingar fekk fiske på norskekysten, men då skulle dei ikkje ha handel for seg.

I 1551 fekk Willom Shyrincton, «Ridder af England», løyve til å sende tre skip hit til kysten på fiske. Han skulle svare ei viss avgift, 20 joachimsdalar av kvart skip årleg. Det skulle Christoffer Galle, kongens ombodsmann på Steinviksholm, ta imot på kongens vegner. På same tid og på same vilkår skulle ein annan engelskmann, Johan Oruil, få fiske «under Norge».

I 1566 finn me eit liknande løyve til Joachim Thim, ein kjøpmann i Hamburg, til å drive fiske og anna kjøpmanns- næring, heiter det, på norskekysten med to «lempelige Skibe».

39

Same året er det gjeve utlendingar eit meir allment løyve til å fiske på norskekysten, etter di «Gud almægtigste rundeligen lader Silden tilgaa udi vort Rige Norge, ikke aleneste for Marstrand, men og andensteds der udi Riget.» Då var det borgarmeisteren i Lübeck som hadde søkt om slikt løyve for borgarar og innbyggjarar derifrå. Dei skulle få fiske alle stader der silda søkte inn, berre dei akta på å svare den avgift til kongen, som dei var pålagde.

Dei høgborne i landet, adelen, fekk og løyve til å fiske og salte sild «hvor Gud vil lade den tilgaa». På same tid fekk utlendingar ny stadfesting på sin rett til fiske, til å «handle og vandle eftersom sedvanligt haver været». Dette vart fastsett ved herredagsdom i 1582.

Dette innslaget av utlendingar mislika borgarane, som kjempa for sine handelsrettar.

I 1619 vart ein dansk skipseigar og skipperen hans stemnde av Trondheims-borgarane for ulovleg konkurranse med å ha tilkjøpt seg sild uretteleg i Romsdals len. Dei to vart frikjende. Dei hadde fiska med eigne nøter og garn og med sine eigne folk. Kring 1600 var det godt fiske. Utlendingar fekk både fiske og kjøpe fisk her på kysten, men det måtte særskilt løyve til.

I 1591 fekk Nils Bager, borgar i Odense, pass for to skip til å fiske sild på Mørekysten etter di Gud atter lét silda gå inn fleire stader her. Han skulle få kjøpe, salte og fiske det han kunne, men måtte ikkje drive handel mot Bergens og Trondheims rettar.

På same vilkår fekk Jens Einarsson, borgarmeister i Landskrona, likeins fiske sild her i 1595, etter di den allmek- tige Gud no atter lét sine gåver av sild gå inn mot kysten.

Hollendingar og engelskmenn dreiv havfiske med dekka farty både etter sild og annan fisk. Drivgarn i sildefisket synest vere ei hollandsk oppfinning. Andre tok etter.

Herman Rosenkrandtz fekk i 1619 løyve til å la to skip fiske med hollandske garn på Trøndelagskysten. Då dei to engelskmennene i 1551 fekk løyve til å fiske i norsk farvatn ( sjå ovafor ), vart kongens ombodsmann på Stein- viksholm pålagd å hjelpe til med norsk mannskap, ein mann på kvar doggerbåt ( mindre båt til linefiske ), for at nordmenn kunne lære korleis fiske med slike fangstbåtar gjekk for seg og i framtida sjølve drive slikt fiske.

Ein nordmann klaga i 1584 over at dei upraktiske nordmennene dreiv fiske med små båtar og handsnøre, medan dei vesterlandske ( hollandske og engelske ) fiskarane hadde store båtar og brukte liner med 3000 til 3500 krok. Dei norske fiskarane hadde ikkje kapital til stordrift. Fisket var heller ikkje ei sjølvstendig næring for dei. Fiskarbøndene var innstilte på sjølvberging av det som jorda og havet gav. Så rodde og siglde dei til havs med djupsogna på seksringar og fjørefar, 6 - 7 mann på båten.

Tiend

Av all fangst skulle det svarast tiend.

Det var gammal lov, men det var eit upopulært inngrep i fortenesta, og fiskarane prøvde å lure seg unna tien- dytinga.

I 1562 hadde det vorte sett forbod mot å kjøpe fisk av fiskarane før dei var komne til lands og hadde levert fiske- tiend. Det vart likeins forbode handelsmennene - borgarar, prestar og andre, heiter det - å betale fisken med unyt- tige og skadelege varer som rosiner, peparkaker, fiken, vin og brennevin. Dei som ville kjøpe fisk og drive handel, skulle føre med seg og betale med varer som var til gagn for folk og land, lydde det kongelege påbodet.

40

Same forbod og påbod vart teke opp att i 1577.

Fiskarane skulle sjølve syrgje for å føre til Bergen den tiend kongen skulle ha. Dette var det misnøye med. Dei var nok vane med bergensferd med eigen fisk. Det var kjend veg for både sunnmøringar og romsdalingar. Fiskarane og bondehandlarane reiste til Bergen med fisk, står det i «Molde bys historie», med fisk dei sjølve hadde tilverka, med fisk dei førde for grannar, og med fisk dei hadde kjøpt av grannar og andre.

Det heiter vidare: «Prester som fikk tiendefisk var ivrige med. Fisketiende er det eneste emne som vi vet det har vært holdt prestemøte om nordenfjells i århundret etter reformasjonen.» Men tiendfisken var det plikt å føre, det hadde dei ikkje noko att for.

Bøndene klaga på tiendføringa, og på herredagen i Trondheim 1578 vart det fastsett at futen skulle ta imot tiend- fisken ved tiendbuene etter gammal skikk. Fiskarane skulle likevel - etter påbod 1587 - sende med to mann til mannskap på slike fiskelastar, men det skulle dei ha betaling for, to våger fisk til manns. Fiskarane var ikkje nøgde med dette heller. Dei ville at tienden skulle hentast på fiskefeltet av kongens folk. Det fekk dei ikkje medhald i. Dei vart pålagde å kome til tiendbuene og yte sin tiend og få kvittering å vise for seg. Det vanka straff om dei ikkje retta seg etter påbodet. Med kongens landskyld skulle det ordnast på same vis som med tienden. Bøndene hadde ført landskylda til Bergen eller betalt føringsløn. No skulle dei sleppe det. Futen skulle vere pliktig til å ta imot landskylda på tiendbuene, og mannskap på føringsjaktene skulle ha betaling. Dette påbodet hadde ikkje futen i Romsdal respektert, ser det ut for. Til herredagen i 1597 klaga romsdalsbøndene på føringsplikta og bad om fritaking og om at dei fekk føre fisken sin til Bergen sameleis som dei andre sjølena «her udi Trøndelag» og få løn for det slik som andre stader var vanleg. Herredagen tok då opp att vedtaket frå 1578. Me ser her at landskylda og vart betalt med fisk.

I 1580 hadde regjeringa vorte kjend med at somme sildekjøparar - særleg utlendingar lasta silda laus inn på skuta beinast frå fiskebåtane og førde lasten til andre stader og pakka silda i tynner der. På denne måten vart staten snytt for både tiend og toll.

Dertil kom at skutene kunne bli stormhindra og bli liggjande med silda, så desse Guds gåver vart skjemde og måtte hivast ut, «Gud Almægtigste til Fortørnelse og Mennesker til Skade». Dette vart strengt forbode. Sildekjøparane skulle sjølve pakke silda på staden, som skikk og bruk hadde vore. Gjorde nokon imot dette, hadde han forbrote skip og gods og skulle dertil lide høveleg straff. Den norske stathaldaren, Ludvig Munk, fekk pålegg om å la dette bli forkynt i alle fiskevær og ha tilsyn med at ingen av kongeleg majestets undersåttar frakta skip og gods for utlendingar eller kjøpte opp og salta sild for dei. Det er likt til at det særleg var adelsfolk som dreiv dette samarbeidet med utlendingar. I 1581 vart forbodet innskjerpa og stila til «alle Undersaatter af Adelen».

At kjøparane fekk kjøpe fisk før det var ytt tiend av fangsten, var ikkje berre dei å leggje til last, men fiskarane og. Futen hadde mykje bry med å få skikk på tiendytinga. Tingbøkene fortel om slike saker. Når det heiter at ein mann frå Kvalsvik i Herøy i 1620 måtte bøte med 20 dalar fordi han «uretferdig haver tient aff sit fischeri», så skjønar me at det var tienden han hadde lurt seg unna. Slikt hende ofte. Kongen hadde forkjøpsrett på bøndene sine fiskevarer. Den kongelege forkjøpsrett på sild vart avteken i 1574. I staden vart kvar bonde som fiska med garn, pålagd å svare sjølvmint så mykje sild i avgift som trongst til å salte ein fjerding. Kongen tok likevel det atterhaldet «at vi synderligen skrive om Sild at skulle saltes til vort Behov». Skulle futen eller andre krevje meir av bøndene enn det som her var sagt, skulle dei bøte med 8 ørtugar 13 mark og godtgjere bøndene det som uretteleg var kravt av dei.

41

Utliggjarane

Både i fiskehandelen og annan handel var det konkurranse og mykje uro på annan måte utover 1500 - og 1600 talet. Eit særskilt innslag i handelslivet var utliggjarane. Det var Bergens-borgarar - folk som hadde løyst borgarskap ( handelsrett ) i Bergen - som dreiv kjøpmannskap her nordetter kysten. Dei hadde sine føreskrifter å fylgje og sine faste tider å drive i, men var ikkje alltid så lovly- dige.

Til herredagen i Bergen 25. august 1578 hadde sunnmøringane sendt klage på dei: Bergens-kjøpmennene hadde no nokre år lege her med sitt kjøpmannskap og med kone og born både vinter og sommar, og dei kjøper opp varer både på øyane og i fjordane, og om vårane sel dei varene ut att til dobbel pris. Herredagen gav føresegner om at kjøpmennene ikkje måtte fare frå Bergen før etter jul, og dei skulle ikkje liggje ute lenger enn til fastedag. Så skulle dei halde seg heime til marimesse om hausten ( 15. august ). Då kunne dei fare ut att og vere borte til martini ( 11. november ). Dette hadde ikkje vorte kunngjort i tide i Bergens by-ting. Nokre Bergens-borgarar, som låg på Sunnmøre, var difor ukjende med dei nye tidene og vart liggjande her med kjøp og sal i ulovleg tid hausten 1579. Mot desse greip futen inn. Med vald og makt tok han frå dei varer og gods, heiter det, fordi dei hadde drive sin handel og vandel etter St. Martins tid. Futen fekk kongeleg påbod om å levere dei konfiskerte varer tilbake i uskadd stand til dei som åtte dei, såframt han ikkje ville stå til rette for inngrepet sitt. Det vart rekna utliggjarane til gode at dei var uvitande om forordninga som var gjeven. Men forordninga skulle vere ukrenkt og skulle tilbørleg respekterast. Utetter åra vart det fleire reguleringar i utliggjarbolkane.

Det må ha vore god forretning å vere utliggjar, for dei auka i tal og vart så mange at det måtte setjast grenser. I 1636 vart det sett eit fast tal for kvart futerike. For Sunnmøre vart talet sett til 30.

Somme borgarar slo seg ned på høvelege stader som leiglendingar eller strandsitjarar, vart verande her og fekk etterkomarar som heldt kjøpmannskapen oppe. På den måten laga det seg etter kvart ein handelsstand som vart eit sterkt innslag i miljøet. Dei kunne vel gjere teneste som mellommenn mellom folket her og kjøpmennene i Bergen. Men bøndene gjorde også sine bergensferder sjølve med fisk og handla med bergensarane direkte.

Utliggjartida synest ha halde seg om lag frå 1560 til 1700.

Etter den tid kom dei fastbuande handelsmenn på Sunnmøre til å gjere seg meir gjeldande.

Dei vart som Kristian Bugge seier - eit handelsaristokrati som gjennom innbyrdes giftarmål skilde seg ut frå folket elles.

42

7. Fiskenæringa i bondesammfunnet i tida 1600 til 1800

Nye reiskapar - gammal skikk

Gamle onglar. Frå Paul Moltu: Fiskarsoga.

Dei snørefiskande bønder.

Den karakteristikken matrikkelen 1626 gjev gardane i kystbygdene, er eins for alle: «Ingen lunder. Fiskeri til havs.» Fisket er medrekna som naturleg innslag i bøndene sitt næringsliv.

Det heiter sameleis om gardane i fjordbygdene. Såleis om alle gardane i Hjørundfjord. Det galdt også dei fremste dalgardane.

På førstninga av 1600-talet var silda noko lunde årviss her vest. Torsk og annan fisk var det og å hente or djupet.

Utlendingane var betre utrusta med farty og fiskereiskapar enn fiskarbøndene her på kysten. Her var handsnøret - djupsogna den vanlege reiskapen etter torsken, staurvad etter kveite og annan botnfisk.

Utlendingane brukte line og garn, hadde dekka farty med småbåtar til å fiske frå. Norske handelsborgarar og andre velståande personar tok etter.

Det var brukt line i Borgundfjorden først på 1600-talet.

I 1624 vart fire mann frå Hjørundfjorden bøtelagde fordi dei for seks år sidan hadde funne ei fiskeline der og ikkje sagt frå om det.

Garn vart helst brukt til sildefiske. Men kjeldene nemner også torskegarn. I 1619 fekk Herman Rosenkrantz løyve til å fiske med to skip på Trøndelagskysten «med hollandske Garn eller andre Garn». Det galdt sildefiske, og løyvet galdt for fire år.

43

Same året søkte styraren av Rosenkrantzgodset i Romsdal, Rasmus Lauritzsønn, om handelsrett. Søknaden var sterkt underbygd: Hadde ikkje han dei første åra han hadde godset, sytt for tilførsel av såkorn, skulle mange av hans husbonds jorder på Sunnmøre og i Romsdal lege usådde. Greier bønder i Romsdal å fare til Bergen med jaktene og varene sine og handle der, kor mykje meir må det då vere tillate deira eigen husbond å kjøpe fisken deira. Eigaren av godset, fru Pernille Gyldenstierne, og hennar kjære born treng årleg eit stort forråd av fisk.

Den vanlege fiskarbonde heldt seg med handsnøret i torskefisket og såg ikkje med blide augo på dei nye rei- skapane. Kom det vintrar med lite og inkje fiske - som det stundom gjorde, så fekk dei nye reiskapane skulda for det.

I 1625 sende øybøndene på Sunnmøre klage til herredagen i Trondheim over at linefisket tok overhand.

Borgarar og somme fjordbønder dreiv med liner på fleire tusen famner, som gjekk over heile fiskeklakken og øydela det gode fisket «som vi fattige menn og våre forfedre» hadde drive frå gammal tid.

Dessutan førde linefisket med seg slagsmål, banning og sverjing og anna som var Gud til harm.

På denne måten vart fisken jaga bort frå landet. Før liner kom i bruk, stod vårtorsken her over seks veker, men no er han her ikkje meir enn fjorten dagar. Dersom det ikkje vert gjort noko mot denne «landsens fordervelse», så det vert slutt på linefisket, så vert det fattige øyfolket sitjande i armod og elende. Dei minner om at gardane er høgre skyldsette her enn inne i fjordane på grunn av fisket. Skattar og tiend og andre avgifter må dei svare tilliks med andre.

No bed dei om at det for Guds og all rettferds skuld vert retta på dette, så linefisket ein gong for alle må bli forbode «og dermed samme fisket herefter som det av arilds tid været haver, måtte kristelig og tilbørligen brukes og med- handles.» Søknaden er datert Giske 16. juli 1625.

Liknande klager kom det til styremaktene frå andre stader og. Dei var ikkje til fånyttes. Styremaktene forbaud dei nye fiskemåtane alt i 1627. Med lydnaden gjekk det så som så.

I 1632 kom det ny protest frå Giskebøndene mot linefisket.

I 1641 og 1644 vart det på nytt sett forbod mot å bruke garn, gangvad eller krokvad etter torsken.

Med gangvad er det vel her meint line. Det var tidlegare kjent som kveiteline. Krokvad var eit handsnøre med blylodd. Til blyloddet var det fest fleire onglar med oddane ut. På leggen ovafor var det fest tinnsildar og ein søkkjestein.

Krokvadet var kjent før nordmennene lærde å bruke garn, heiter det i eit skrift frå 1781, men denne fiskemåten er «ligesaa ussel som Redskabet er skadeligt, da mange Hundrede Fiske rives til Skade og dog ikke fanges». Slik var domen om krokvadet i 1781. Motviljen mot denne reiskapen hadde vel same grunn hundreåret før. Kongen tok det alvorleg med forbodet mot line og garn, men line- og garnfiskarane tok det ikkje alvorleg. Klagemåla frå snørefiskarane heldt fram.

Kongen fastsette då at ein kommisjon samansett av ein borgarmeister frå Bergen, ein lagmann og 12 bønder frå Sunnmøre og 12 frå Nordfjord av dei eldste og vitigaste menn, skulle granske tilhøva og melde frå til kongen. Den store fiskerikommisjonen med ,lensherren Ove Jensen Bjelke i brodden og dessutan fut og lagmann og prost kom saman på fylkestinget på Vågnesholmen i Borgund i juli 1650 og forma ut føresegner i sju punkt:

Krokvad skulle ikkje brukast. I torskefiskja skulle ikkje line brukast i Borgundfjorden eller nokon annan stad på havet eller i fjordane eller for eige land. I same tida skulle det heller ikkje brukast torskegarn og ikkje gangvad. Til agn skulle brukast berre beite og ikkje sild eller skjel, og ikkje skulle det brukast garn eller not til å fange agnsild med. Notfiske elles skulle vere tillate. Til slutt kom forbod mot fiske om sundagen «før solen er neder- gangen». Føresegnene vart kongeleg forordning året etter.

Bøndene fekk viljen sin. Fisket skulle drivast som det hadde vore drive frå «arilds tid». For ein gongs skuld var allmuge og styremakt samde om utsegner og restriksjonar.

Både søretter og nordetter kysten var det kompakt motstand mot dei nye fiskereiskapane. Ein av grunnane til motstanden, som gjerne vert nemnd i denne samanheng, er at det kravdest kapital til slik utrustning, og fiskarbøn- der flest var ikkje velstandsfolk. Men dei same fiskarbønder var vane med å gå saman om å koste båt og nøter. 44

Det samarbeidet måtte til om dei skulle vere i stand til å hauste den grøde av havet som var for hand. Samarbeid om å koste line og garn synest ha vore ein framand tanke. Ein hovudgrunn til motstanden var kanskje at dei trudde dei nye reiskapane hindra fiskeinnsiget, forvirra fisken og skremde han bort frå sine naturlege tilhaldsstader. Hand- snøret tillét fisken å leike fritt. Det var den einaste naturlege reiskapen og fiskemåten. Og sjølvsagt den billegaste. At dei nye reiskapane hadde lett for å kome i konflikt med andre hadde ög mykje å seie. Av det vart det uorden og usemje og «Guds fortørnelse».

Dertil kom så konservatismen, den tradisjonelle mistru til alt nytt.

Styremaktene såg nok helst på den uorden og dei kontroversar som kom av at det vart brukt ulike reiskapar. Og det var den snørefiskande underklassen som var den skadelidande. Strøm var i si tid inne på dette at dei fattige fiskarar som ikkje makta å koste så dyre fiskereiskapa.r, vart skadelidande. Difor meinte mange at torskegarn anten burde brukast av alle eller av ingen.

Garn og line slår igjennom

Dei som var velhaldne nok eller djerve nok til å skaffe seg dei nye reiskapane, gjorde det. Solidariteten med dei som mindre vann, kunne ikkje stå i vegen for vona om større vinning. Åra utetter frå kring 1650 synest det ha vore smått med torskefisket. Presten i Ørskog skreiv i 1666 at han ikkje hadde fått fisketiend på 20 år.

45

Presten i Ulstein skreiv same året at sild og fisk har halde seg borte no nokre år, ingen fisketiend er betalt, og folket er utarma. Det kan sjå ut som garn og line har vore lite brukt i dei tider. Fisket tok seg iallfall opp att kring 1670.

I 1680-åra må Klaus Nilsson på Slinningen ved Alesund ha vore ein føregangsmann med garnbruk, for han har fått æra for å ha funne opp torskegarnet.

Strøm rosar han for det og skriv at Klaus Nilsson var den første som fann opp og brukte torskegarn.

Dette var til så stor framgang for fisket og fiskehandelen at han kunne fortene eit æreminne. Klaus Nilsson fekk også eit æreminne.

I 1843 vart det reist ein bauta for han på Slinningen. Der står det at han i 1685 innførde bruk av torskegarn i No- reg. Sameleis fekk Rasmus Arneson Molnes frå Vigra ordet for å ha funne opp torskelina i dei tider. Det kan tyde på at desse reiskapane då ein bolk har vore lite eller slett ikkje i bruk og at Klaus Nilsson og Rasmus Molnes så har vore først ute her på våre kantar med å ta opp att bruk av slik vegn.

Det er rimeleg at handelsmennene heldt seg fram på med meir rasjonelt fiske. Dei hadde lettare enn mange andre for å finne utveg til kapital. Dei var gjerne både fiskebåtreiarar og fiskarar. Det tyder på livleg sjøbruk når han- delsmannen i Kjeldsund i Herøy kring 1700 hadde jaktenaust og trerøringsnaust og to naust til.

Sist på 1600-talet slo torskegarnbruk igjennom, iallfall på Sunnmøre. Skifte frå 1690-åra gjev opplysning om torskegarn og liner. Om bruk av garn og line slo igjennom, så vart båtane verande dei same. Det var fjørefar og seksring og kjempfæring som var dei vanlege båtane i fisket. Trerøring og storfæring vart og brukt. Somme åtte båt åleine, men det var vanleg å vere fleire om fjørefar og seksring, stundom om kjempfæring og.

Skifte frå 1600- og 1700-talet gjev opplysning om slike eigedomstilhøve. Dei syner og at båtane var av same slag på Sunnmøre og i Romsdal, er iallfall noterte med same nemningar.

I dei skifta som er for hand frå Romsdal, finn me ikkje nemnt torskegarn før det ber ut i 1740-åra. Her heldt motstandet mot torskegarn ved utover førstninga av 1700-talet. Buaværingane klaga på garnbruket i 1717. Der garnbruket går for seg, skreiv dei, var ingen fisk å få med snøre.

Dei gamle fiskeplassane vart utfiska, og fekk det halde fram med garnbruket, så vart det «fiskeværets totale ruin». Det førde til at amtmannen forbaud garnbruk i eit område ut for Bud, men ikkje innafor skjera og øyane. Sildegarn finn me nemnt i skifte føre 1700 og meir vanleg utover 1700-talet. Helst berre eitt eller to.

I eit skifte frå Midsund i 1747 er det nemnt fem.Sildenøter var vanleg. Notbruket var eit samarbeid. I skifte er det ofte oppgjeve berre part i not, men i somme høve får me vite kor mange partar notbruket hadde. I skifte frå Aukra 1721 og 1756 åtte det eine buet ein tolvtepart og det andre ein attandepart. I eit skifte i Borgund i 1693 åtte buet 20 famner i ei sildenot.

I lensrekneskapane for Nordfjord og Sunnfjord 1636 i Riksarkivet er det liste over notbruk der, 16 sildenøter i Nordfjord og 36 i Sunnfjord. I Davik og på Stadlandet var nøtene kring 40 famner lange. Der er nemnt kastenø- ter på 15 - 20 famner, ei not var 70 famner og ei 80. Truleg gjev dette eit bilete av notbruket langs kysten i dei tider. Kastenøter hadde så å seie kvar mann, stundom eit par grannar i lag. Søkkjenota er og gammal reiskap, som me finn nemnd i skifte kring 1700. Om den måtte dei vere minst fire båtar under fiske, men partane var ofte fleire. Ein åttandepart i ei søkkjenot, heiter det i eit skifte i Borgund 1693. I eit anna skifte i Borgund åtte buet ein mannslut i ei søkkjenot. Det er uvisst kva som er meint med mannslut. Det kan ha vore ein notpart, om det er tale om eigedom.

I skifte i Aukra 1705 og 1709 åtte buet åttandeparten i ei søkkjenot. Åtte partar synest ha vore vanleg. Det høvde med to mann på båten.

I Romsdal er det elles opplyst frå seinare tid at dei var alltid tre mann på kvar båt. Med eigedomstilhøva var det så at nota først var delt på fire. Kvar fjerdepart var eit hørne ( hjørne ). Ein velstandsgard kunne eige eit heilt hørne og båten attåt, men det var mykje vanleg at det var tre bruk på kvart hørne. Dei åtte då også båten i lag, eller eit av bruka åtte båten åleine. Fangsten vart først delt på kvart hørne, som så delte sin fjerdepart seg imel- lom etter som dei innbyrdes eigedomstilhøva var. 46

I fjordbygdene og hadde dei søkkjenøter. Det er såleis nemnt søkkjenot i to skifte frå Hjørundfjord i 1895. Søkkjenota var brukt etter sei sommarstida og er i somme skifte kalla seinot.

47

8. Havfiske

Tomas Longva

Når matrikkelen 1626 opplyser at bøndene dreiv fiskeri til havs, så er det rett nok. Torskefisket var viktigaste fisket, og det vart ofte drive langt til havs. Det tok til medan fisken var langt ute. Så fylgde dei fiskesiget innover, og når fisken tok til å sige utover att, fylgde dei med ut att i havet. Sommarstida hadde dei utror til tradisjonelle fiskeplassar lenger ute i havet og fiska lange, brosme og kveite. Men havfiske, fiske på dei store bankane ute i Norskehavet og Nordsjøen, var det engelskmenn og hollendingar som gjekk i gang med. Dei dreiv med dekka farty og med meir effektive fiskereiskapar. Dei dreiv doggeri, som det vart kalla.

Styremaktene gjorde alt på 1500-talet eit opptak til å få nordmennene til å ta etter dette havfisket. Då engelskmennene Willom Shyrincton og Johan Oruil i 1551 fekk kongens løyve til å «løbe under Norge og doggere og bruge sit Fiskeri», skulle det syrgjast for at dei fekk med norske unggutar til mannskap, så dei kunne lære seg opp i dette fisket og sjølve drive det. Anna tiltak i så måte vart ikkje gjort av styremaktene.

Nokre av dei norske handelsborgarar tok etter. Dei hadde lettare enn andre for å reise den kapital som trongst til slik stordrift. Fiskarbøndene jamt over lét seg ikkje uroe av dette innslaget på annan måte enn at dei protesterte iherdig mot det nye og rasjonelle fisket når det kom i vegen for dei eller kom i vegen for fisken som søkte inn. Dei dreiv som dei og deira fedrar hadde gjort. Men så er det at det dukkar opp ein fiskarbonde som legg i veg på større utror til nytt hav.

Åra 1632 - 1635 skal ha vore magre år både på land og sjø.

Det er rimeleg at det i slike tider vart leita etter andre fiskeplassar enn dei tradisjonelle. Det kan ha vore det som dreiv Tomas Longva frå Haram ut på nytt hav eit av åra etter 1600, truleg 1632. Om han vart det gåande segn i lange tider.

Strøm skriv kring 1760 at alle snakkar om han «som en brav og hurtig Søemand». Dei fleste heldt han for å vere den som fann Storegga og tok til å fiske der, men somme påstod at det vart fiska på Storegga føre hans tid, skreiv Strøm. Det torer vere rett både det eine og det andre. At engelskmenn og hollendingar også hadde drive doggeri på Stor- egga kan vere rimeleg. At havfisket av utlendingane var kjent mellom folk her på kysten er også rimeleg. Like rimeleg kan det vere at Tomas Longva la ut på si vågsame prøvedrift etter opplysningar han hadde tileigna seg om havfisket ute på bankane. Ein vågnad var det. Det var nok ikkje lite havområde han sjølv kjende og hadde brukt. No bar det lenger ut, ut mot ukjent hav. Og farkosten var den vanlege. Fjørefaret var den vanlege havbåten til fiskarbøndene den tida. At han fekk mannskap med på slik utror, fortel oss at der var fleire enn han som hadde mannsmod og var huga på å prøve noko nytt. Strøm kallar soga om denne mannen ein fabel, som har den sanninga i seg at Tomas Longva - eller kven annan det kan ha vore, seier han - fekk skodde og ved eit mistak forvilla seg ut på Storegga. Han held det ikkje truleg at nokon hadde planlagt og med vitande og vilje lagt ut på ei slik ferd. Det kan like snart vere Strøm som er villfarande. Mest truleg er det at Tomas Longva og mennene hans visste kva dei ville og hadde førebutt seg til oppdagingsferd.

Ein tradisjon som M. Rogne høyrde fortald av ei gammal kone på Longva kring 1880, stadfester dette: Tomas skulle vere noko for seg sjølv både på land og sjø, var driftig gardbrukar og braut nytt land. På sjøen heldt han seg langt til havs, leita opp nye fiskeplassar og kom att med mykje fisk.

48

Han syntest åttringen var for liten, og så bygde han seg ei skute og får like på Storegga. Tradisjonen sa og at han omkom på havet, men det er uvisst. Rogne skriv at han skulle vere fødd i 1587 eller 1588.

Då Tomas Longva og mennene hans skjøna at dei hadde funne eit fiskefelt som var verdt å drive på, sytte dei for å få bygt større båt til drifta, ei «skute» på 3 - 4 lester, fortel Strøm. Truleg var det eit farty med dekk over begge skutane nemninga skute skal ha samanheng med det. Det var lang utror, og dei var lenge ute. Difor gjorde dei opp fisken og stelte han om bord. Då kunne dei liggje ute til dei hadde last.

Sjå kapitell om Tomas Longva i min ættesoge.

Med Runde-fiskarar på Storegga

Strøm skriv at Tomas Longva med denne nyvinninga «har efterladt sine Landsmænd et Exempel, som efter mine Tanker endnu paa visse Steder hos os burde og med Fordeel kunde efterfølges». Visst er det og at andre tok etter og får på Storegga. Dei får 10, 12 og opp i 16 mil ut i havet. Drifta heldt seg i tidene utetter.

Sommaren 1742 var auditør Christian Gran Molberg - som då var omkring og studerte fiske og fiskarliv med Runde-fiskarar på Storegga. Dei var to båtar med seks mann på kvar båt.

Dei siglde vest nordvest ut i havet til dess dei timde Romsdalshornet berre som tre gryteføter. Styremannen på båten som Molberg var med på, sa at dei var komne ut i Grytingen og var 16 mil unna land. Her låg det hollendingar og fiska. Då Molberg snakka med dei, gav dei opp same posisjon som styremannen hadde sagt.

Dette fisket var linefiske.

Runde-karane selde all den lange- og brosme dei fekk, til hollendingane. Av kveita selde dei det som båten ikkje bar. Hollendingane hadde store farty, hukkertar ( om lag som galeasar ).

Molberg vart forundra på fiskemengda i havet. Det var fisk på kvar ongel. Djupta dei fiska på, var 70 til 120 famner. Straumen var stygg, så det var vanskeleg å fiske med handsnøre. Line var beste reiskapen.

Eggafiske

Stevelin Reutz, prest i Herøy i dei tider, fortel og om dette bankfisket: Når torskefisket er slutt, ber det på storhavet. Etter påske ror dei 12 mil til havs på fjørefar. Då fiskar dei kveite, lange og brosme. Langa har den gode eigenskap at ho skyt magen og flotnar om ho slit seg av ongelen, hadde presten høyrt.

Den eigenskapen saman med Vårherres allmakt hadde berga ein fiskar som var i livsfåre på Storegga.

Ein båt kollsiglde, og ein av mannskapet - Jon Andersson Gjerde frå Gjerdsvika dreiv frå båten og fekk i si naud tak i ei lange. Med denne under høgre handa og styrevolen under venstre dreiv han over ei halv mil ut og nord i havet til han vart berga av ein annan båt frå Sande. Han vart likevel ikkje berga frå ei våt grav, for ti år etter omkom han saman med fem andre.

I dette fisket brukte dei brosme til agn når dei ikkje hadde sild, fortel Reutz.

49

Rognkjeksa var god til kveiteagn. Fiskarane tok det for eit godt merke om dei fanga ei rognkjekse når dei skulle på kveitegrunnen.

Det kan tenkjast at fleire bygde seg same slags farkost som Tomas Longva hadde brukt til Storegg-fisket.

Slik må ein forstå det som Strøm skriv kring 1760. Han hadde stor tru på eggafisket og rådde fjordefolk og til å drive det. Dette kunne skje, skriv han, anten med åttring, som no var vanleg, eller helst med større og sterkare farty - jakter eller skuter som var brukt i eldre tider både på Sørøyane og på Nordøyane. Einaste innvendinga mot dette var at det kunne vere vanskeleg å manøvrere store farty i den sterke straumen der ute.

Strøm skriv og at i eldre tid var fisket på Storegga like vanleg på Sørøyane som på Nordøyane. Men etter at ei mengd båtar for mange år sidan forliste på veg dit ut, har ikkje sørøyingane vore på Storegga meir.

Då byfut Koren i 1765 fekk tingsvitne om at det trongst fyr på Runde, opplyste Goksøyr-mennene at dei kunne sjå høgste Runde 10 - 12 mil til havs. Det kan tyde på at dei dreiv eggafiske. Men om det då var eller hadde vore opphald i dette fisket ei tid, kan me ikkje vite.

Me må rekne med at fiskarane på Romsdalskysten fylgde eksemplet til Tomas Longva og dreiv fiske på Storegga. Liksom frå Sunnmøre er det her og fortalt om dette fisket i 1740-åra.

Amtmann Tønder nemner det i si «Beskrivelse over Romsdals Fogderie» 1744: Om sommaren fer dei 10 - 12 mil til havs og fiskar lange, kveite, «og andre store Flyndrer».

Presten i Bud fortel i sine notat derifrå om mislukka torskefiske i 1759. Då tok folket der til å leite opp Storegga, skriv han.

I 1762 var det like eins. 5 - 6 båtar gjorde då to turar på Storegga og fylte båtane sine kvar gong. H. P. Schnitler fortel og i si «Beskrivelse over Romsdals Fogderie» om Storegg-fiske i 1760-åra: Fisket på Storegga er langefiske og er like lønsamt som det er fårleg. Dei vågar seg 16 til 18 mil ut i havet. Si nattekvile tek dei på segl ovapå fiskefarmen, og dei skiftest om å kvile. Det trengst godt ver til dette fisket. Himmelen må vere spegelklår, og det kan ikkje vere annan vind enn nordleg eller austleg, dei andre er alt for ustadige.

Frå kring 1780 har me og dokumentasjon om eggafiske frå Romsdal. Til sommartinget 1778 var ein mann frå Otrøya og ein mann frå Magerøya innstemnde som vitne i ei sak, men kunne ikkje møte fordi dei var reiste på Egga. Til hausttinget 1780 var to mann frå Aukra saksøkte fordi dei hadde stubba eit utfar for ein annan båt under fiske på Storegga den sommaren. Me ser her at desse båtane låg for utfar, og det er opplyst at dei fiska med handsnøre på kring 100 famners djup. Etter det Strøm fortel frå kring 1760, var djupsogn ( sjå teikning tidligare ) den vanlege fiskereiskapen på Storegga. Var straumen rimeleg, låg dei for utfar, men oftast måtte dei la båten drive med straumen medan dei fiska, elles tok straumen snøret bort gjennom sjøen, så det ikkje gjekk i botn. Når dei så hadde drive eit par mil, siglde dei seg opp att og la seg i drift på nytt. Det er lange og kveite, skriv Strøm, som er viktigaste fisken i dette fisket. Særleg lange, for kveita er ikkje så god å ta vare på sommarstida. Men dei fiskar og håkjerring og håbrand og håmerr. Desse halar dei opp til båtsida, spretter dei opp og tek levra. Kroppen let dei gå i havet att.

Til eggafisket vert det brukt åttringar, skriv Strøm.

50

Desse båtane er bygde berre til dette bruk. Dei har 5 årepar og eit mannskap på 7 - 8 mann. Mannskapet er utrusta med niste for 3 - 4 dagar og har kompas med. Etter ein dags eller eit døgns siglas er dei på Storegga, 12 mil frå land. Dette feltet er lett kjenneleg på grunn av den stride nordgåande straumen.

Det er berre frå Haram prestegjeld det vert drive eggafiske, og det vert drive på føresommaren til jonsok. På den tida gjer dei 8 til 12 turar på Storegga. Då er dei vel forsynte med kveite, som dei tilverkar til rav og rekling til heimebruk. Lange turkar dei og sel med god forteneste. 30 - 40 rdl. for året kan ein mann tene i dette fisket. Det er særleg eggafisket som har gjort nordøybøndene velhaldne og rike, skriv Strøm.

Det må vere eggafisket sorenskrivar Falch tenkjer på når han i 1772 skriv i ein artikkel om fiske: Etter mai månad går torsken ut att i havet til dei ytste grunnar 12 - 16 mil frå land, der ein kan fiske han heile sommaren, når ikkje uver og sterk straum hindrar fisket.

Ein freistnad på å stimulere interessa for dekksfarty vart det gjort i 1778 - 79.

I dei tider vart det drive bankfiske med eit dekksfarty frå Trondheim. Etter framlegg frå biskop Bang - med tilslutning av Bergens stiftsdireksjon vedtok styremaktene at dei som dreiv havfiske med dekksfarty, skulle vere fritekne for tiendyting av dette fisket i 10 år. I brev til futen på Sunnmøre 26. januar 1779 gjorde amtmannen merksam på dette og bad om futen si fråsegn om slik drift på Sunnmøre. Futen kunne berre melde at slike farty fanst ikkje der. I si fråsegn vidare om denne saka skreiv amtmannen at 10 års fritaking for tiend av all den fisk som vart fanga ute i ville havet eller på Havbruna med dekksfarty, kanskje kunne lokke nokon på Sunnmøre eller andre stader til å prøve seg på slik drift.

Det er ikkje kjent at nokon på desse kantar lét seg lokke.

51

9. Sildefisket - berging i brødlause tider

Sildefiske med landnot. Aalesunds Museum.

Unytta rikdom

«At drive med Garn paa Havet efter Silden paa Hollændernes Maade er kommen af Brug, eller rettere sagt ikke kommet i Brug i Norge. Kan den ikke fanges med Not i de lyse Maaneder og ved bundsatte Garn langs Landsiden i de mørke Høst-Maaneder, saa faaer Nordmanden ingen Sild. Dette er biletet av norsk sildefiske slik som Christian Gran Molberg såg det i 1781. Han jamfører sildefangsten i Trondhjems stift 1780, som var frå Tromsø til Romsdal - snautt nok 10 000 tynner, med hollendingane sin fangst på 85 000 lester sild med salsverdi 20 pund sterling pr. lest. Til dette kom torskefisket som gav 150 000 pund sterling i rein profitt. «Hvilken beundringsværdig forskjel mellem Hollændernes Fiskerie mod vores !» skriv han. «Vores Misundelse derover maatte saa meget mere opvækkes som vi have det samme fiskerige Hav for os som de, og de have fisket det meste af denne Mængde uden for vore egne Strandbredde.» Dei norske fiskarane vart ikkje misunnelege - i så fall var det inga fruktberande misunning. Heller ikkje finn me noko som tyder på at innalandske handelsborgarar, embetsmenn eller andre av dei meir kapi- talsterke tok etter utlendingane sitt drivgarnsfiske. Ein og annan av dei meir opplyste og skulerte - som Christian Gran Molberg kunne nok skrive og peike på dette mishøvet. Det gjekk for det meste over hovudet på dei vanlege fiskarbønder. Det beit ikkje på styremaktene heller, endå Christian Gran Molbergs «Afhandling om Saltvands- Fiskerierne i Norge» vart premiert med Det Kongelige Landhuusholdnings Selskabs gullmedalje. Konge og styremakt visste nok å skattleggje folks tiltak og næring av hav og jord, men å leggje tilhøve til rette for betre utnytting av naturtilgangane låg utafor politisk og økonomisk tenking. Til sine tider sette storsilda eller vårsilda grovbeinsild vart ho og kalla - inn mot kysten og inn fjordane her og der. Denne silda vart fiska med sildenøter på 100 famners lengd til midt i februar eller litt lenger, skriv sorenskrivar Melchior Falch i ein artikkel om «Fiskerierne Anno 1772».

52

Denne silda har no halde seg borte frå kysten i 17 år, fortel han. Folk trur på at ho snart skal søkje inn att, for dei 5 - 6 siste åra har dei kvart år observert henne ute i havet, og år for år har ho nærma seg land. Sør for Bergen har dei no nokre år fiska henne under land med garn.

Såleis gjekk det sildestimar forbi ute i havet utan at nokon her i landet gjorde seg nytte av desse rikdomane. Og slik hadde sildestimar gjennom alle tider gått i havet og til sine tider søkt under land.

Konflikt mellom not og garn

Dei bolkane silda søkte inn, vart det bruk for sildenøtene. Strøm skriv at nøtene vanleg var 9 - 10 famner djupe og 80 famner lange. Som me har sett ovafor, var dei også opp i 100 famner lange. Fisket med landnot gjekk for seg både ute på kysten og i fjordane. I inste fjordane var det helst sommarsilda dei rekna med.

Først på 1700-talet vart det hard strid mot sildegarnbruk inst i Romsdal. Det er det fortalt om i 1710. Noteigarane i Fanne åtting møtte då opp på vårtinget og ville ha tingsvitne på at «det her nu foretagne og øvede garnfiskeri» av folk frå Nordmøre var til hinder for dei som dreiv notfiske, og den fattige allmuge til «skadelig forlis». Særleg galdt dette for Osenfjorden, som var så smal og grunn at slikt fiske ikkje toldest. Heldt dette garnfiske fram, kom folket her ute i så stor naud at dei måtte forlate hus og gard «og med deres kvinder og børn i armods elendighed omvanke». Dei ville også ha tingsvitne på at med garnfisket vart helgedagane vanvørde, og konge, kyrkje og prest vart snytte for tienden. Tingreferatet fortel at heile allmugen «med klagefulde raab enstemmig bejaede» klagemålet som var framsett. Skulle garnfisket få halde fram, ville det gå her som fleire andre stader at sildefisket vart øydelagt og vart til inkjes, så ein kunne vente «den heele ottings ynkværdige forarmelse inden 2 a 3 aars forløb».

53

Same sak vart framførd på tinget i Rødven åtting nokre dagar etter. Der vart det vist til at i Erisfjord var det tidlegare godt notfiske med «stor gevinst», men etter at der kom nordmøringar og andre langfarande fiskarar med «deres mangfoldige garn», vart der stor usemje, synd og vondskap med helgedagsfiske og anna syndeliv. Difor hadde Gud no i 16 år halde att si velsigning av sild her i fjorden. Skal notfisket såleis verte hindra av garnfisket, måtte det bli til «denne og de andre ottingers ødeleggelse». Amtmannen ville føre ankemåla inn for konge og regjering og prøve å få garnfisket forbode. Men nordmøringane gav seg ikkje med garnbruket, dei kom att året etter. Då var same ankemålet oppe på tinget i Erisfjord åtting, der både garnfiskarar og notfiskarar møtte. Garnfiskarane meinte at sjøen var fri for alle. Allmugen elles var mykje oppøst og truga amtmannen med bank dersom det ikkje vart sett forbod mot garnfisket.

Det er uvisst om det i dette høvet vart sett forbod mot garnbruk eller om regulering på annan måte vart sett i verk. Men me ser at det vart konflikt om reiskapsbruk og fiskemåtar inne i fjordane like så vel som på kysten og til havs.

Det store sildefisket

Tida kring 1740 og utetter utmerkjer seg på ein særs dramatisk måte. Det var harde uår på landjorda.

I 1742 var det kornlaust i Fræna sokn fordi det vart øydelagt av frost, fortel amtmann Tønder i si «Beskrivelse over Romsdals Fogderi». Det var ikkje berre i Fræna det stod slik til. Stundom vart kornet brent og vart øydelagt på den måten, skriv Rasmus Vassbotn frå Volda i sitt «Tidsregister». Eit anna år fraus det, og endå eit anna år vart det grønår. Vanskeleg var det å få tak i korn, og dyrt var det. Men, heldt Vassbotn fram, «endskjønt at Gud straffede Landet med Uaar tillands, saa oplod da Gud en Dør til- vands; thi Fiskeri af Sild, sei og Torsk gik da til i betydelig Mængde, saa mange hungrige Munde bleve dermed bespisede, des Gud ske Ære."

Strøm skriv om desse åra at sjeldan har rikdomen frå havet kome så vel med som denne gongen. Såleis lét Gud opp «et Spise-Kammer i Havet, medens han tillukkede et andet paa Landet og bevisede dette Folk en Velgjerning som aldrig bør forglemmes». Det var i 1736 eller 1737 dette fisket tok til. Presten Stevelin Reutz i Herøy skildrar innsiget av sild og sei slik han sjølv opplevde det i 1743: Kvalen 15 - 16 i tal kan det vere jagar sild og sei under land og inn i fjordane, og fugl i tusental flyg og skrik over sildeoppflötet. Silda vert fiska med garn og med not, stundom med höv. Når seien gjer jag på henne, set ho på turre land, og ein kan plukke sild i fjøra med hendene. Sjølv hadde presten ofte plukka bytta full på den måten. Det er siste 10 åra, skriv han, at Herren har velsigna landet med sild og sel.

Amtmann Tønder hadde opplevt dette oppflötet av sild og fisk og kval langt meir dramatisk og fortel om det: I fordoms tid, skriv han, kom ikkje kvalen nærmare landet enn 10 - 12 mil, men no i mange år og særleg vinteren 1743 søkte kvalen inn i alle fjordar og sund med springar i sitt fylgje, så ein kunne vere redd å ferdast på sjøen. Sjølv var han i største livsfåre under skyss til Sunnmøre til vårtinget det året. Båten vart kringsett av ei mengd kval, og han såg i kvar augneblink dauden for augo, men «kom dog ved Guds synderlige Beskiermelse» uskadd i land.

Verre bar det til med lensmannen i Bud i 1738 då han saman med ein annan sat i båten sin og fiska. Pusten eller vinden «af en spillende Qval slog Baaden i toe Stykker», fortel amtmannen. Dei to karane vart berga av andre som låg attmed dei og fiska. Men den nytte gjorde kvalen at han jaga inn sild og sei på turre landet somme stader, så folk plukka sild og fisk med berre hendene. Ved garden Beinset på Otrøya dreiv kvalen ein kveld til lands eit sildeberg med slik sus og dur at hundane sprang gøyande og hylande mot stranda. Folk skjøna ikkje kva det var før dei kom åt sjøen og såg at heile vågen blenkte av sild. Det var tett føre jul silda sette inn med slik tyngd her. 54

Veslejulafta 1742, skriv Tønder, då nokre av dei fattige i Fræna var på veg til fiskeværa og ville få seg fisk til livs opphald, møtte dei ein båt som var fulllasta med sild og sei. Dei vart rådde til å fare inn til Steinsneset tett attmed. Det gjorde dei, og dei fylte båtane sine med «Guds Gaver og rige Velsignelser», så om dei ikkje hadde mjøl, så hadde dei fisk og sild utetter vinteren til livs opphald.

Då Rakvåg-folket var på heimveg frå kyrkja nyårsdag 1743, fekk dei sjå eit syn: Kval og springar på jag inn gjennom sundet og inn på vågen. Der inne vart silda ståande like til påske, og mange hundre, ja, tusen båtar vart fylte med sild. Frå andre stader omkring kom folk «som til et Spiise-Kammer, og tog naar og hvor meget dem lystede», fortel amtmann Tønder. Han legg til at dette var ei stor hjelp for dette fattige landet, som elles hadde krepert av hunger i dei brødlause tider.

Presten A. B. Munthe i Bud har og skildra den umåtelege sildemengda som sette inn i denne tida, då det på land- jorda var det eine uåret etter det andre. Det såg ut som folket skulle forgå av hunger, men den nådige Gud hadde ikkje før stengt ei dør att før han Iét ei anna opp. Og det mest forunderlege var at dei fattigaste som ikkje åtte noko slags reiskap til å fange sild med, dei gjorde det best fordi kval i mengdevis jaga silda mot land så sterkt at ho flaut daud på sjøen, og folk fylte båtane med berre hendene.

Det var i denne tida ( 1742 ) Molde fekk kjøpstadrett. Kvalen i byvåpenet, som driv ei sildetynne føre seg, skal skrive seg frå den store mengda av kval som då kom inn frå havet på jag etter silda.

Føre dette store sildeinnsiget synest det ha vore heller lite sildefiske. Strøm skriv kring 1760 at vårsildfisket er ikkje gammalt. Det tok til i 1736 eller rettare i 1740, skriv han. Første åra var ikkje folk inne på å tilverke silda til handelsvare. Men folk fekk føde og livs opphald av silda i den fattige og dyre tid. Etter nokre år tok folk til å nytte ut silda til handelsvare. Saltsild vart tilverka og skipa ut i stor mengd frå fleire stader på kysten, mest frå Kristiansund, «hvor næsten aarlig er virket 70 til 80 000 Tønder Sild, og hvor en Hoben Mennesker for samme Nærings Skyld har nedsat sig» .

Frå Fannefjorden er det fortalt om sildefiske kring midten av 1700-talet. Der klaga bøndene på at Molde-folk og allmugesfolk frå bygdene kom med sildegarn og hindra notfisket. Dei sette garn både attmed nøtene og inne i nøtene, heitte det. Bøndene klaga i 1740-åra og klaga på nytt i 1750-åra. Dei ville ha sildegarnbruk forbode «paa en halv fjerdings distance» frå dei vanlege sildekast. Det er likt til at dei fekk noko medhald av amtmannen i første omgang, men klaga i 1753 vart avvist. Fjordane var fri for alle, heitte det då. Om nokon gjer ulempe for andre, er det ei sak ein får gå til retten med. Som før fortalt frå Romsdalsfjordane, hadde det tidlegare og vore drive sildefiske både med not og garn. Tilverking av saltsild var heller ikkje ukjent. Ei synfaring på Aukra prestegard i 1726 syner såleis at der var ei sjøbu, der dei laga tynner «som gjøres fornøden til sildefiskeriet». Det uvanlege no kring 1740 var at storsilda - vårsilda, som ho vart kalla sette inn med slik tyngd. I Borgundfjorden var det storfiske, fortel Strøm. Og livleg avsetnad var det på silda. Det vart fiska med not. Av eit einaste notkast kunne det bli fleire skipslastar. Sild vart salta, og sild vart seld fersk, og det vart tilverka både turka og røykt sild. Til folkemat og til krøterfor vart det selt sild inne i fjordane og ut på øyane. På mange vis har dette fisket gjort meir til landsens velstand enn ein kan tenkje seg, seier Strøm. Tynner til sildesaltinga trong ein ikkje fare langt etter, det vart tilverka i bygdene omkring. Så gjekk det slik at silda år etter år kom seinare inn, og det vart spått at ho med tida kunne bli borte frå kysten her og ta andre vegar. Og slik gjekk det.

I ein fotnote opplyser Strøm at frå året 1756 har ikkje vårsilda kome inn, men har stått ute i havet og har gått sør- over. «Efterat den da 20 Aar i Rad har besøgt vore Kyster, har den nu taget Afsked ogvendt sig til vore Naboer.» I dei åra vårsilda søkte inn, minka det med sommarsilda.

Denne silda hadde ikkje så stor verdi som handelsvare fordi ho vart fiska i sommartida og stod seg ikkje godt. Men denne ög hadde gjort nytte i hushaldet, og litt handelsvare hadde det vorte av henne. Tran hadde det ög vorte tilverka av denne silda.

55

56

57

10. Torskefiske

Fisket ei hovudnæring

Ein kan kome i tvil om kva som i eldre tider vog mest for bøndene på kysten, jordbruket eller fisket. I visse tidbolkar var det særleg stor busetnad i kystbygdene, og det tyder på at fisket drog folk til seg. På grunn av det lette tilgjenget til fiskehavet var landskylda sett høgre på gardane i kystbygdene enn på gardar inne i landet.

Det peika sunnmørsbøndene på i si klage over linedrifta i 1625. Gardane som me bur på, sa dei, er ikkje skyldsette berre etter verdien i åker og eng og utmark, men også etter verdien av fisket. Dette gjer at landskylda her ute er dobbelt så høg som inne i fjordane, endå dei der inne har både skog, sagbruk og utmark, som øyfolket ikkje har.

Det er fortalt om liknande tilhøve i Romsdal på 1700-talet.

Matrikkelen 1724 opplyser at Vågøy åtting «er den sidste udi Fogderiet og den ringeste og dyrlagdeste». Det er rimeleg, heiter det, at gardane i gammal tid har vorte takserte høgt fordi dei var nær havet og hadde inntekter av fisket.

Men no når fisket oftast har vore mislukka, er her mange fattige innbyggjarar og udyrka jorder på grunn av den høge skyld og tyngsle, og dette har matrikkelkommisjonen prøvt å rette på så langt råd var.

Om innbyggjarane i Herøy prestegjeld skriv presten Stevelin Reutz i 1743 at dei har mest hug til sjøbruk og fiske, og dette er deira viktigaste næring.

I siste parten av 1700-talet heiter det frå Romsdal at otterøyingane for det meste har si næring av sjøen. HarØya var ikkje for vel buande på dersom ikkje bøndene hadde si næring av havet.

Sorenskrivar Melchior Falch rekna i 1766 fisket mellom «Norges allerstørste herligheder» nest etter skogbruket. For Sunnmøre sitt vedkomande har torskefisket i februar til april vore det fisket som mest har fremja kultivering, jordrydjing og folkemengd og vore årsak til allmenn velstand.

I ei fråsegn til Rentekammeret i 1793 skreiv amtmann Hammer at havfisket ( torskefisket ) var statens viktigaste næringskjelde.

Når dei gamle kjelder talar om fisket som næringsveg her på våre kantar, er det stort sett vintertorskefisket det gjeld.

Silda kunne nok setje inn og gje både matforsyning og kontantar, som i den rike sildebolken 1736 - 1756. Men sildefisket var meir upåliteleg, noko fordi silda ikkje alltid søkte under land, og i havet hadde dei ikkje reiskapar å fiske henne med - og noko fordi ho søkte inn andre stader på kysten, medan her var svart.

Om torskefisket skreiv Peder Clausson Friis at fiskarane frå gammal tid kjenner méd og landemerke for fiskeplass- ane ei mil eller to til havs og i Nordland 6 - 8 mil frå land. Før i tida var det nøgda av dette slags fisk alle stader under landet, men siste 40 åra har det minka «og blir dagligen mindre».

At det var dette fisket som talde mest utover 1600 talet skjønar me m.a. av klagene frå fiskarbøndene på dei nye reiskapane.

58

Torskefisket på 1700-talet

I si skildring av Romsdals fogderi 1744 er amtmann Tønder så oppteken med storfisket i 1740-åra at han snautt nok kjem på å nemne noko anna fiske. Men han nemner gangen i fisket slik som det gjennom tidene hadde vore vanleg: Torskefisket i februar til påske, sommarfisket til havs og likeins fiske etter torsk, sei, hyse osv. inne i fjordane.

I skildringa av Sunnmøre fogderi 1743 skriv han at viktigaste og beste fisket er torskefisket om våren, ofte 3 - 4 mil frå land. Største fisket i amtet går for seg på Sunnmøre, «saa at ikke eengang Romsdals og Nordmøers Fog- derier tilsammen kommer der imod».

Strøm tek for seg torskefisket på 1700-talet. Han fortel at det var ringt fiske i 1714 og 1715, så lite og ringt at mange - for ikkje å lide endå større tap - forlét denne næringa og selde båtane sine. Fisket tok seg opp att i 1718, og då heldt det fram med gode fiske til 1733. Etter eit par mislukka år tok det seg opp att i 1736 saman med det store sildeinnsiget. I dei åra som no kom, søkte torsken i stor mengd inn på vikar og bukter og vart ofte fanga med not liksom sild og sei. Dei åra vart torsken ståande lenge i fjordane og forlét ikkje kysten før han var utmagra og gagnlaus. 1745 var beste året. Torskefisket heldt seg godt til 1760, som var eit ringt år, men tok seg opp att i 1761 og heldt seg i 60-åra. I desse tider, kring 1765, vart eit nytt felt for torskefiske oppdaga utafor Djupet. Det var Nymarka med Kroken og Skarhaldet. Dette feltet ligg 6 - 7 mil til havs. Ingen visste av at nokon hadde brukt garn der tidlegare. I førstninga fiska dei der godt, men fisket tok av utetter åra. Torsken flytte seg.

59

Det er Rasmus Vassbotn som opplyser dette. Han legg til at midt på 1700-talet kunne dei fylle båtane sine tett under land, og då var det langt billegare utrustning enn det seinare vart. Då kunne dei drage torsken med snøret, men ikkje no. Den tida bygde dei berre seksringar og kjempfæringar og stundom fjørefar på 18 - 19 alner.

No lyt ein utruste seg annleis, og no har dei også teke til å byggje fjørefar og åttringar på 22 til 24 alner og meir.

Vassbotn fortel og frå året 1776, då det på grunn av uver var stor garnskade. Då fann dei ut for Runde ei velte med garn og strenger og i alt 105 dubl. Velta vart førd inn i Sævikane, der garna vart åtskilde og kvar eigar fekk att sitt. Året etter var det ikkje torskefiske sør for Stad og ikkje for Sande og ikkje for Breisund, men ute i Nymarka fiska dei godt og likeins ut for Vigra og på Ullahavet. Utover 1780-åra var fisket ujamt på Sunnmørskysten, fortel Vassbotn. Dei første 1790-åra var det godt fiske, særleg for Nordøyane.

Året 1798 var fisket heilt mislukka for Sunnmøre. Det var ei trøysteslaus melding futen sende til amtmannen 25. april: I det ti-året som snart går ut, veit ein ikkje om andre år med så mislukka fiske som dette året. Her er båtar med 6 - 7 mann som ikkje har fiska meir enn 24 torsk. Siste to åra var det og mislukka kornhaust, hadde sokneprest Meldal i Herøy skrive til futen. Folk hadde vorte nøydde til å bruke såkornet til mat for å berge livet. Slik stod det til i alle prestegjeld på kysten. Futen bad amtmannen vende seg til styremaktene og be om hjelp. Utan hjelp stod sjukdom og hungersdød for døra.

Strøm tek og eit oversyn over torskefisket i dei ymse prestegjeld på hans tid. Han nemner først Borgund, der fisket er best. Dit søkjer dei frå soknene omkring - Ørskog, Norddalen, Hjørundfjord og Volda forutan Vatne og Skodje, dei to anneksa under Borgund. Av prestegjelda på søre Sunnmøre reknar han Ulstein med mellom dei mest fiskerike. Om Herøy preste- gjeld seier han det same. I Vanylven prestegjeld legg dei lite vinn på fiske, men har likevel kring 40 små båtar med 160 fiskarar, som søkjer til Stadlandet eller til Herøy.

Om torskefisket i Romsdal skriv Jens Kraft at den beste bolken i dette fisket var midt på 1700-talet, frå 1731 og utover. Før måtte dei mange mil til havs etter skreien, men no kom han tett under land, like inn i Julsundet. Åra 1739 til 1741 var det så rikt torskefiske at dei hadde ikkje båtar nok. I 1742 og 1743 var fisket endå større, og det synest ha halde seg mange år ut om midten på hundreåret, då det kvart år vart utført store mengder fiskevarer frå Molde. Presten A. B. Munthe i Bud har fortalt om torskefisket i 1740-åra og åra etter. I 1742 var det storfiske. Det var mykje uver den vinteren, men Gud sende fisken i overflod inn til Bud og Harøy- . «Hans navn være lovet for sin naadige forsorg.» Vinteren 1743 var torskefisket det største i manns minne. No og var det hardt og uroleg ver, men atter sende Gud fisken rikeleg så nær under land at folk fiska båtane fulle bort for nausta sine kvar dag. I 1745 var fisket mislukka for snørefiskarane, men garnfiskarane gjorde det godt. Då tok alle mann - bortsett frå dei aller fattigaste . til å koste seg torskegarn. Den sommaren vart det fiska godt med lange og sei og annan fisk, så kvar mann hadde sine fiskehjellar fulle. Etter dei gode år vart fisket ujamt. I 1759 var torskefisket det ringaste det hadde vore i dei 22 åra Munthe hadde vore prest i Bud. Ringt fiske var det også i 1762, og i 1768 var torskefisket det ringaste det hadde vore på 30 år. Ut mot slutten av hundreåret var det også nokre gode torskefiske.

Frå den tida har I. Brovold nokre notat:

I 1782 gjekk torsken inn i Romsdals-fjordane, og det vart fiska godt. I 1784 kom torsken inn i fjordane, men utasunds var det lite fisk. Åra 1792 og 1793 var det gode torskefiske.

60

Embetsmenn drøfter fiskerispørsmål

Den gamle striden mot bruk av torskegarn ser me ikkje noko til utover 1700-talet. Fleire og fleire kosta seg garn. Ikkje alle. Det var visse tvil om vinninga med det. Om garn fiska betre, så kravde det større kostnad både i innkjøp og vedlikehald. Vinninga kunne gå opp i spinninga. Dette var det mange som meinte, skriv Strøm. Difor tok han for seg å vise føremonane med garnbruk: Garnfiske gjev større og vissare fangst enn snørefisket. Med garn får ein den beste og finaste fisken, som ikkje bit på snøret. Garnfisken har meir rogn og feitare og finare lever. Samstundes tok han for seg innvendingane mot garnfisket kostnaden med innkjøp og vedlikehald og vegntap, at garna skremmer fisken frå snørefiskarane og frå fiskegrunnane, at den feite fisken ikkje er skikka til å verke til rundfisk og at garnbruket fører til uorden og kiv fiskarane imellom. Somt av dette sannar han, såleis den uorden det ofte har vorte. Men middelet til å kome bort frå dette treng ikkje vere å forby garnbruket, men å regulere det, så garn vert brukt på dei rette stader og til dei rette tider. Det som Strøm her var inne på, tok sorenskrivar Melchior Falch opp og gjorde tiltak til å få gjennomført. Han skreiv i 1766 ei utgreiing om «Fiskerierne i Norge, i Særdeleshed om de søndmørske». Det var eit prisskrift som fekk gullmedalje frå Det Kongelige Landhuusholdningsselskab. Skriftet fortel utførleg om vegn og fiskemåtar, båt og segl, mannskap og sjøvødnad, nykostnad Sist i januar, skriv han, tek ein og annan til å fare to-tre mil ut i havet med garn. Får dei ikkje noko der, søkjer dei lenger ut, opp til fire mil til havs. Spørst det då at dei har merka torsken der ute, er det fleire som riggar seg ut, men enno ikkje alle og ikkje andre enn embetsmenn, handelsmenn og dei mest velståande bønder. Dette tidlege havfisket er etter hans røynsle eit skadeleg fiske. Bøndene har ikkje før no på førstninga av 1760- åra våga seg så langt ut med garn. Det har synt seg at desse fiskeplassane har ein hard grunn, der garna lett vert faste, og straumhardt som der også er, kan dei fare ille under draginga. I uver kan dei bli ståande til dei er øyde- lagde. Dessutan står dei i vegen for fisken, som nettopp der søkjer inn, så fisken vert skremd og spreidd og hindra i å kome under land, og dette kan såleis ta levebrødet frå dei fattige. Sjølv hadde sorenskrivaren mist garn der ute i ein uversbolk i 1764. Men just dette uveret, som hadde rudt alle garn av botnane, hadde dermed gjeve torsken fri og uhindra ferd under land og inn i fjordane, så dei som ikkje hadde våga garna sine til havs, no fekk fylte garn og fylte båtar så å seie ut for stovedøra, slik som det gjekk til i Borgundfjorden. Der vart det glede, skriv han. Dagen før var der mange - det kan han med sanning seie - som ikkje hadde mat i hus, men samla fiskes16g og rygger, som dei koka og sløkte verste svolten med. No vart det storfiske, og i ei fart kunne dei kjøpe seg både mat og klede og anna som trongst.

61

Borgundfjordfisket

Torskefisket i Borgundfjorden er kjent frå gammal tid og var noko av grunnlaget for busetnaden og handelslivet omkring fjorden. Dit har det også søkt fiskarar frå andre stader og rott fiske der.

Dei to stadnamna Molvær og Hundsvær tyder på at der har vore samlingsstad for fiskarar.

I 1765, fortel sorenskrivar Falch, var det så mykje fiskarar i Borgundfjorden som det aldri før hadde vore. Opp til 30 mil heimafrå hadde somme av dei reist. Det vil seie at der var fiskarar like frå Bergenskanten. Etter som det er kjent frå seinare tider, var det sønnafrå dei framande fiskarane kom, bortsett frå eit og anna båtlag frå Romsdal. Det året vart det stor uro i Borgundfjorden. Det loga opp til ny reiskaps-strid, men no på ein annan måte enn tidlegare. Dei framande fiskarane hadde garn som var dobbelt så lange som garna var her, og dei var meir enn dobbelt så djupe - 40 mauskar mot berre 18, som her var brukt. Fiskarane her brukte å ha små søkkjestein tett under garnet, så det stod ved botnen, og på kavleparten små trekavl av eine eller selje til å halde garnet oppe med. Dei framande fiskarane hadde 10 famner snøre frå garnet til søkkjesteinen, som var større og lenger imellom, og på kavleparten hadde dei klubber ( trælar ) feste til skotet med om lag 1 1/2 famner langt snøre. Garna deira stod såleis på «føter» ( fotagarn ). Så djupe som garna var i seg sjølve, vart dei ståande på sine høge føter ovafor garna som fiskarane her brukte, stod fritt i fiskestimen og fiska betre enn dei andre. I tillegg kom så dei lange setningane. Her brukte dei berre 8 - 10 garn i setningane. Dei meinte det var ein føremon å spreie garna over fiskegrunnane, men det hadde heller den ulempa med seg at dei lettare kom i vase med andre og vart tekne att med riv og slit og mykje kjefting. På den måten miste dei også fisk, som vart liggjande på botnen og rotna og gjorde sjøen urein. Heimefiskarane såg seg harme på at dei framande fiska godt med sine meir effektive reiskapar, medan deira eigne garn fiska lite og inkje. Det bryggja opp til open konflikt. Til all lukke var dei omtenkte nok til å gå til sorenskrivaren med misnøyet sitt. Ein dag midt i fiskja kom 10 bønder til han og bar fram klagemålet over dei framande, som fylte fjorden med vegn, så andre ikkje kom til, og skremde fisken med dei ruvande garnsetningane sine. Skrivaren lova å ta seg av saka når han vart overtydd om at vurderingane deira var rette. Mot slutten av fiskja kom ein ny flokk til skrivaren og bar seg for det same. Denne gongen var dei bort imot 100 mann. Dei hadde vorte samde om å snakke med skrivaren først og deretter fare ut på fjorden og drage opp garna for dei framande og med makt hindre dei i å fiske meir i Borgundfjorden. Skrivaren greidde å avverje slik sjølvtekt og lova å føre saka fram for styremaktene.

62

Det gjorde skrivaren i og med utgreiinga han skreiv om «Vaar-Torske-Fiskeriet paa Syndmør Anno 1766», datert Davika på Sunnmøre 19. februar 1766.

Regulering i torskefisket

Skriftet løyste ut tiltak av styremaktene for å få fastlagt reglar for fisket med omsyn til tider og stader for garnbruk. 11. oktober 1766 gjekk det ut ordre om dette frå visestathaldaren. I samsvar med framlegget frå sorenskrivar Falch skulle det no i kvart fiskedistrikt nemnast ut 12 gamle og kunnige fiskarar, som ut ifrå kjennskapen til fiskegrunnane og personleg røynsle frå fisket skulle fastsetje reglar for garnbruket. Dette sytte sorenskrivaren for å få gjennomført i dei seks kystskipreidene på Sunnmøre til torskefisket 1767. Han tok til med Grytten skipreide, der han kalla inn 12 mann til møte på Roald 17. desember 1766. Dagen etter var det liknande samling på Rogne for Vatne skipreide. Så kalla han inn til møte på garden Djuvik den 7. januar 1767 for Borgund skipreide. For Sørøyane var det samling på Hatløy 28. januar 1767, først med dei oppnemnde 12 menn frå Ulstein og Nerøy skipreider - 6 frå kvar skipreide og deretter med dei 10 oppnemnde menn frå Sande ( Vanylven skipreide ) og 2 oppnemnde menn frå Ulstein. Referatet frå desse samlingane med dei fastsette reglar for fisket innafor kvart distrikt er innført i justisprotokollen for Sunnmøre. Naturleg nok var det samlinga for Borgund skipreide som fekk mest å gjere. Der var det Borgundfjord-fisket som var viktigast å setje reglar for. Det vart gjort etter sorenskrivaren sitt framlegg i utgreiinga hans frå året før. Borgundfjorden er «Syndmørs fornemste Fiske-Fiord» heiter det. Rekna frå Spjelkavik til Lesten er Borgundfjorden 1 ½ mil lang. Forutan dei som høyrde til Borgund prestegjeld, kom her fiskarar frå prestegjelda innafor: Hjørundfjord, Ørskog, Stranda, Norddalen, Volda og nokre frå Hareid sokn. For heile distriktet skulle det no gjelde at ingen hadde lov å setje garn i sjø før tre veker etter kyndelsmesse. I den tida skulle det berre drivast prøvefiske av tre båtar frå Godøy, to frå Alnes og tre frå Giske. Når desse prøvefiskarane kunne melde at fisken var komen, skulle skrivaren eller i hans stad futen, lensmannen eller presten - straks med bodstikker varsle om at fisket kunne ta til. To bodstikker skulle gå på sørsida av fjorden, ei utover og ei innover, og to på nordsida av fjorden på same måten. Det skulle også kunngjerast frå kyrkjebakken. Gjekk dei tre vekene utan at torsk var observert, kunne garnfisket likevel ta til. For fisket i fjorden vart det sett den regel at garn ikkje skulle setjast før ein time før det vart mørkt og ikkje dragast før det var dag. I fjorden hadde ingen lov å bruke andre slags garn enn dei som var vanleg å bruke der. Framande fiskarar med 40 mauska garn og meir og med fløytesetningar skulle halde seg ute på havet. Borgundfolket sjølve skulle ha førerett til fisket i fjorden då fjorden slett ikkje var tilstrekkjeleg for alle som kom og fiska der. Gardane her var oppdelte i mange små bruk, og dessutan hadde mange sett seg ned her, som ikkje hadde noko anna enn fisket å leve av. Måtte nokon flytte unna og ut i havet fordi fjorden vart for trong, skulle først voldingane flytte, etter di dei hadde kortare veg til Sørøyane, der ein del fiskarar frå Volda også heldt seg. Dernest skulle fiskarane frå Norddalen flytte. Sidan var det hareidingane sin tur å halde seg unna, så dei frå Ørskog og Stranda og til sist dei frå Hjørundfjord, som var det fattigaste prestegjeldet. Snøre - og linebruk vart det ikkje sett reglar for. Til havs vart det lite regulering av garnbruket. Det gjekk helst ut på at garn ikkje skulle setjast for tidleg i fiskja, så dei var til hinder for torske innsiget. For Nordøyane sitt vedkomande er det nemnt at 3 - 4 mann brukte å gå saman i eit båtlag først i fiskja og drive prøvefiske. For fleire distrikt vart det sagt føre at garn skulle setjast i den retning fisken hadde når han gjekk inn, så dei ikkje stod på tvert for fiskeinnsiget.

63

I Sande vart det også fastsett førerett til fisket i Sands-sjøen for sandssokningane. Vart det trengsel, så nokon måtte flytte unna, skulle dei framande flytte. Der Og var det sett liknande reglar som i Borgundfjorden for setjing og draging av garna. I Romsdal vart liknande tiltak sett i verk. Der vart det ordna alt på haustparten 1766. Det vart oppnemnt 12 mann av dei eldste og mest drivne fiskarar til å setje opp reglar for bruk av torskegarn. På hausttinget 19. november 1766 vart reglane frå 12-mannsutvalet framlagde med tilslutning av allmugen som var til stades. Dei sanna at garnfisk var feitare enn snørefisk, men etter tilhøva her i distriktet var det tenleg at garn ikkje vart sett føre mars månad på grunnane for Bud og Bjørnsund, der Hesten og Kleivane var dei viktigaste. Der søkte torsken først inn. Feltet der var lite, så garnsetningar ville skremme fisken og såleis vere til skade. Elles meinte alle at innafor desse grunnane - som låg to mil frå land - kunne garn brukast utan hinder for snørefisket. Dette som dei såleis hadde fastsett, burde styremaktene fastsetje som regel for fisket her i fogderiet. Brot på regelen burde straffast med inndraging av reiskapane og anna høveleg straff. Visse reglar vart såleis fastsette. Men ingen vart sett til å ha tilsyn med at reglane vart respekterte. Futen i Romsdal meinte og at garnfisket langt til havs hindra fiskeinnsiget. I oversynet over fisket, som han sende amtmannen i 1771, skreiv han at til fisket her i fogderiet er alt utfunne som kan tene til nytte. Fiskarane er dugande sjøfolk og har gode og høvelege båtar å søkje til havs med. Fiskereiskapane er gode og høvelege. Men han har eit atterhald, det er ei ulempe det må «raades Bod» på: at dei som har god råd, fer ut i havet med garn så snart fisken tek til å gå inn. Dette skremmer fisken frå å kome inn på dei vanlege fiskegrunnane. Dei fattige som ikkje kan koste slikt utstyr, lid såleis skade av dette, og for dei velhaldne sjølve er det også til skade. Nokre år seinare kjem ein annan tankegang til orde. Futen i Romsdal - visstnok ny - skriv i august 1775 at garn er vanleg å bruke i Romsdal og Sunnmøre, og det vert teke til langt til havs, frå 1 til 4 mil i ope hav. I Romsdal, heiter det, går fiskeriet til i open sjø, og difor kan ikkje garna hindre fiskeinnsig i fjordane. Sameleis er det på Sunnmøre, der garna vert sette på 70, 80, 90 til 100 famner og derover. Sidan garn med beste nytte kan brukast både i Romsdal og på Sunnmøre utan at snørefisket vert hindra, trengst det ikkje særskilde føresegner om garnbruk, meiner han. Det same sa futen på Sunnmøre i 1778. Dei etterrøkingar som var gjorde om garnbruket, peika i den lei at det utan skade kunne halde fram. Det kunne vere bra med ein viss orden i Borgundfjorden, men kven skulle ha tilsynet med det? Det var ikkje lett å styre ein vill allmuge eller føreskrive reglar. Så lenge det ikkje let seg prove at garnbruket var skadeleg, bør det heller ikkje gjevast lov og regel om det.

64

65

11. Eldste båtregisteret

Til fiskedrifta, skreiv sorenskrivar Falch i arbeidet sitt om torskefisket ( 1766 ), trengst det ein fullkomen havbåt med segl og reide, dei såkalla fjørefar med fire årepar.

Han rekna fjørefaret for å vere den fullkomne havbåt. Fullt rigga kom ein slik båt opp i godt og vel 40 rdl. Levetida vart rekna 8 til 12 år med vanleg vedlikehald.

Falch rekna med at det var 500 havbåtar her frå bygdene med i sunnmørsfisket. Dette skulle såleis vere Sunn- møres fiskeflote i 1760-åra. Han nemner ikkje framande fiskarar.

Heller ikkje nemner han åttringar. Det kan tyde på at åttringar ikkje var i bruk i torskefisket.

Strøm nemner åttringar og skriv at det var største fiskebåtane som var brukte her. Dei kravde eit mannskap på åtte og vart brukte på Storegg-fisket.

Fjørefaret hadde eit mannskap på seks og var den mest vanlege havbåt.

Med denne dreiv dei vårtorskefiske to til fire mil ute i havet. Seksringen var noko mindre og hadde fem mann, men den og var havbåt.

Rasmus Vassbotn skriv at etter det vart torskefiske utafor Djupet, sekssju mil frå land, vart det bruk for større båtar. Før kunne ein greie seg med seksring og kjempfæring og eit og anna fjørefar på 18 - 19 alner, men no etter at Nymarka vart oppdaga ( 1765 ), tok dei til å byggje fjørefar og åttringar på 22 til 24 alner og meir.

Det går ikkje fram av teksta om dette gjeld Sunnmøre i det heile. Det synest iallfall gjelde båtbygginga på Bjørke- dalen. Åttringar må dei likevel ha bygt tidlegare, etter som det er fortalt: Rasmus Jakobson Bjørkedal, som døydde i 1729, var ein særs duéande båtbyggjar. Han bygde færingar, kjempfæringar, trerøringar, fjørefar og åttringar.

Då Melchior Falch i 1772 skreiv om torskefisket, fortalde han at dei tre siste åra har mange på Sunnmøre fått seg bygde større båtar med sju mann på. Dei kom opp i 60 rdl.

Desse kjeldene fortel oss at det nok hadde vore bygt åttringar langt att i tida, men berre til ein og annan som har brukt dei på Storegga. Som me har sett, vart fjørefar ög brukte i dette fisket. I det vanlege torskefisket var det ikkje brukt åttringar før ut i 1760-åra. Dette synest iallfall ha vore tilfelle på Sunnmøre.

I 1776 var det stor etterspurnad etter store båtar, og på Bjørkedalen vart det den hausten bygt 23 åttringar.

Hausten etter og ut på nyåret 1778 vart der bygt 30 åttringar.

Strøm skreiv i 1788 at det etter kvart vart brukt større båtar med dyrare utreiing, og dette laut så vere, for siste åra har fisken halde seg så langt ute i havet at ein med mindre båtar sjeldan har våga seg så langt.

Sunnmøringane fekk bygt seg båtar i Romsdalen og.

Båtbyggjarane i Vågøy fekk ros for sin båtbyggjarkunst. Dei var kvikke i arbeidet og øvde i å byggje havbåtar. For eit båtskrov fekk dei 18 - 20 rdl. Fullt rigga kom dei opp imot 40 rdl.

Frå 1780-åra ligg det føre oppgåve over fiskefloten i Sunnmøre og Romsdal. Futane sytte for å få inn desse opp- gåvene frå lensmenn og prestar. Det er første båtregistreringa me veit om.

66

Dette vart ikkje sett i verk for å få oversyn over fiskeflöten. Tiltaket hadde sin grunn i arbeidet med å få rett til rundfisktilverking i Sunnmøre og Romsdal, som hadde vorte forbode her i 1753.

Forbodet vekte misnøye i alle krinsar som hadde med fiske og fisketilverking å gjere. Styremaktene nemnde opp ein kommisjon til å ta seg av dette spørsmålet. Etter tilråding frå denne kommisjonen vart forbodet teke bort i 1781. Til å dekkje kostnaden med kommisjonen sitt arbeid vart det utskrive ei avgift på fiskebåtane, 64 skilling av kvar åttring og 2 ort av kvart fjørefar.

Difor trongst det oppgåver om båtane. Med årleg innbetaling av denne avgifta åra 1782 - 1784 var kostnaden dekt.

Oppgåvene over båtane er spesifiserte på ulik måte. Alle har namn på styremenn. Somme nemner kven utasoknes fiskarar er innloserte hos eller kva for fiskevær dei har utror frå.

Her får me nøye oss med å ta med båttypar og båttal på Sunnmøre:

Vatne skipr. 1782 125 åttringar. Grytten skipr. 1782 70 åttringar. Nerøy skipr. 1783 17 åttringar, 106 fjørefar. Ulstein skipr. 1783 11 åttringar, 25 fjørefar. Borgund skipr. 1783 120 åttringar.

Det vart 343 åttringar og 131 fjørefar, i alt 474 båtar. Av åttringane var 3 frå Romsdal.

Tala gjeld båtar som hadde utror frå dei nemnde skipreider, både innasoknes båtar og båtar frå andre skipreider.

For året 1784 er det oppført båt tal for kvar skipreide:

Ulstein 12 åttringar, 24 fjørefar. Nerøy 12 åttringar, 51 fjørefar. Vanylven 3 åttringar, 36 fjørefar. Rovde 17 fjørefar. Volda 6 åttringar, 38 fjørefar. Ørsta 11 åttringar, 7 fjørefar.

Dei etterfylgjande hadde berre åttringar: Hjørundfjord 16 Valde 27 Dale 16 4 Vatne 9 Grytten 50 og 1 fjørefar Borgund 93

Dessutan 5 åttringar frå Romsdal. I alt 348 åttringar og 174 fjørefar. Sorenskrivar Falch rekna i 1766 med 6 mann på båten. Han har såleis rekna med berre fjørefar. Reknar me i dette høvet 6 mann på kvart fjørefar og 7 mann på kvar åttring, vert talet på fiskarar i torskefisket på Sunnmøre 3177 i 1782 - 83 og 3580 i 1784. Futen på Sunnmøre opplyser i 1778 at det er 7 mann på ein havbåt. På største åttringane kan dei ha vore 8.

67

12. Fisketilverking

Tunfisk

Fisken skulle stellast og tilverkast til handelsvare. Då måtte han ordnast på slik måte at han stod seg. Silda vart salta i tynner. Det var livleg både på sjø og land i dei tider det var godt sildefiske. Tilverkinga av silda sette mange i arbeid. Det synte seg t.d. i 1636, då sunnmørsbøndene hadde søkt om lov til å kjøpe korn, salt og tynner der dette var å få. Kongen gav godt svar på søknaden. Dei skulle ha fritt lov til å innføre slike varer, så dei slapp å misse Guds gåve av sild og fisk fordi der ikkje var tynner for hand. På denne tid og lenge utetter vart annan fisk torsk, sei, lange o.l. berre tilverka til turrfisk. Av den var det to slag: rundfisk ( stokkfisk ) og råskjer. Rundfisken vart sløgd og bunden i hop to og to etter sporden og hengd på hjell. Råskjer vart flekt og kløyvd etter ryggen og hang i hop etter sporden, så han kunne hengjast ein og ein. Det var feitaste fisken som vart tilverka på den måten. Rundfisk vart tilverka av magraste fisken. Fiskarane tilverka sjølve fisken sin for det meste. I skifte frå 1600 - og 1700 talet ser me ofte at buet har fiskevarer. Buet etter ein mann på Solem i Sunds åtting 1677 hadde to våger rundfisk og 1 våg stor råskjer. 1 1/2 våg langer var der også. I eit skifte i Runde 1692 er det oppført 16 våger turrfisk. Det same finn me i eit anna skifte i Runde same året. I eit skifte på Nerland i Aukra sokn 1709 er det oppført 75 våger rundfisk og langer. I 1723 har eit dødsbu i Goksøyr i Herøy 15 våger turr lange og 15 våger rundfisk og råskjer. Aret etter finn me i eit dødsbu i Kvalsvik i Herøy 6 våger lange og 12 våger råskjer. Eit dødsbu i Midsund 1747 har 16 våger fisk. Fjordbønder som rodde fiske frå øyane, tilverka ög fisken sin. I eit bygslebrev frå Ulla 1767 er det gjeve bygslaren rett til å byggje både eit stovehus og ein fiskeskjå. På eit ting i Borgund skipreide 1772 hadde kona til Jørgen Høgh i Ørsta stemnt ein mann på garden Djuv på Godøya fordi han utan hennar vitande hadde rive ned fiskehjellane hennar der på garden, som hadde stått der frå gammal tid. Då folka hennar kom ut og skulle ro fiske, vart dei opprådde med å få stelle fisken. I fiskeværa i Romsdal var det nok helst så at væreigaren kjøpte fisken rå av fiskarane. Det var forretningsmenn som hadde hand om fiskeværa. Dei hadde eineretten til å kjøpe fisken av dei som hadde utror derifrå, og naturleg nok hadde dei interesse av fortenesta på å tilverke fisken. Dei fastbuande i fiskeværa var — i fylgje festebrev — tilplikta å selje fisken sin til væreigaren — så vel rå som tilverka, står det i eit bygslebrev frå Bjørnsund. I eit anna festebrev frå Bjørnsund er bygslaren forboden å reise fiskehjell utan løyve frå grunneigaren. Dei kunne såleis - iallfall i somme høve - tilverke fisken sjølve. Somme gjorde det vel. Men for dei tilreisande, som berre oppheldt seg der under fisket, var det nok mest praktisk å selje opp or sjøen. Men det var og andre oppkjøparar ute og för. Dei kjøpte fisk av fiskarar som var fri og kunne selje til den dei ville.

68

Klippfisk

Med klippfisken kom det eit nytt innslag i fisketilverkinga. Ein føregangsmann med dette var hollendaren Jappe Ippes i Kristiansund ( Lille-Fosen ). Han hadde lært denne tilverkingsmåten av engelskmennene i Boston og andre stader i det nye England, og av franskmenn i Texneu. Første klippfisklasten frå Noreg skal ha vore utskipa frå Kristiansund i 1697. Jappe Ippes fekk i 1691 kongeleg løyve til å kjøpe fisk og tilverke til klippfisk. Han sette folk i gang med å rydje «fiskeberg» og turke fisk på den nye måten, og han bygde lagerbygg og bryggje i Kråksundet og hadde hamn der med fortøyingsutstyr. Han kjøpte opp fisk langs kysten frå Nord-Noreg til Romsdal. 20 - 30 oppkjøparar hadde han ute i fisketidene. I Gjeslingan bygde han og sjøhus. Han dreiv stort nokre år, men hadde motburd av andre forretningsmenn. I 1715 hadde han teke bustad i Trondheim og var då ein fattig og «ruinert» mann. Klippfisktilverking hadde såleis vorte kjent, men vart visstnok lite og inkje praktisert etter at Jappe Ippes måtte gje opp. Først i 1740-åra tok klippfisktilverkinga seg opp for alvor. I 1730-åra hadde eit par innvandra skottar slått seg ned i Kristiansund og sett i gang klippfisktilverking. Dei hadde også planar om å drive det i Romsdal. William Gordon var den eine av dei. Han bygsla i 1740 nokre steingrunnar og skjer frå Vikan og bort imot Bud til å turke fisk på. Den andre skotten var John Ramsay. Med han kom Jacob Andreas Eeg på Molde i samarbeid i 1740-åra. Dei dreiv godt, og i desse åra slo klippfisktilverkinga igjennom. I amtmann Tønders «Beskrivelse over Romsdals Fogderi» 1744 heiter det at skreien vert verka til klippfisk, råskjer og rundfisk. Det skulle tyde på at klippfisktilverkinga då tok til å bli vanleg. Dei to forretningsmennene sytte i 1746 for å ta opp tingsvitne om klippfisktilverkinga og kva denne hadde å seie for folket i Romsdal. Der går det fram at John Ramsay og Jacob Andreas Eeg var dei første i Romsdal som dreiv klippfisktilverking. Dette hadde verka på prisane, så «den gemene almue» fekk gode prisar på sin råfisk, heiter det, og det i ei tid då nesten ingen annan ville kjøpe fisk. Desse to hadde på den måten no i fleire år, og særleg i dei dyre åringar, vore romsdalingane til hjelp og opphald ved å betale kontant, så folk fekk kjøpe varer som dei trong. No i 7 - 8 år hadde denne forretninga halde mange i arbeid av dei som ikkje kunne drive sjøen og elles hadde vanskeleg for å få lønt arbeid. Såleis var det av interesse for folket at denne forretninga heldt fram. Vart ho nedlagd, ville det råke heile Romsdals allmuge, som for det meste tek si næring av sjøen, det ville bli ruin. Folk ville gjere all den teneste dei kunne for desse to, som slik skaffa folk pengar til å greie skattane med. At dei to forretningsmennene hadde hatt store kostnader på bygningar og utstyr kunne ög allmugen vitne. Meininga med å ta opp dette tingsvitnet var at dei to ville søkje til kongen om å få eineretten til klippfisktilverking i Romsdal og Nordmøre, og då skulle tingsvitnet liggje ved søknaden. Dette vart gjort i 1747, men dei fekk avslag. Dei dreiv like godt. Det året vart det utskipa meir klippfisk frå Molde enn noko år før 291 tonn. Av turrfisk vart det utskipa om lag 162 tonn. Det var dette året turrfisken og klippfisken hadde bytt plass på rangstigen. Jacob Andreas Eeg hadde sett opp sjøhus til denne drifta ute i Bud, og han hadde bytt til seg tre fiskeberg der: Futegrunnen, Kippersundgrunnen og Kippersundholmen, mot eit gardsbruk i Fræna. På Sunnmøre vart det ut i 1750-åra tilverka klippfisk i stor mengd, skriv Strøm. Klippfisk vart tilverka av torsk, lange og brosme. Strøm opplyser at Commerceraad Hans Holtermann var den første som dreiv klippfiskhandel på Sunnmøre. Torsken vart også tilverka som salt-torsk. Denne vart flekt og salta sterkt i bingar, vart så utvaska og salta med spansk salt i utette tynner, så laken seig ut. Ved utskipinga vart fisken salta i bingar i skipsromet. Denne vara gjekk til Frankrike, men avsetnaden var høgst variabel.

69

Forbod mot rundfisktilverking

Fiskeforordninga frå 1753 forbaud rundfisktilverking i Romsdal og Sunnmøre. Klimaet her høvde ikkje for rundfisk, heitte det. Her skulle allfisk som vart fanga året igjennom, tilverkast til råskjer eller klippfisk. At folk var misnøgde med dette forbodet forstår me av det Strøm skriv kring 1760. Garnfisken er for feit til rundfisk, skriv han, men når det er sett forbod mot rundfisktilverking, så meiner folk at det er til skade, fordi den magre snørefisken sist i torskefisket ikkje er tenleg til råskjer, men berre til rundfisk. I si utgreiing om torskefisket på Sunnmøre i 1766 skreiv sorenskrivar Falch at størsteparten av den torsk som vert fiska her, vert tilverka av bøndene nesten berre til turrfisk, som det er minst møde, kostnad og vågnad med. Han og var misnøgd med forbodet mot å tilverke rundfisk, og meinte at tilverkingsmåten måtte rette seg etter korleis torsken var. I slutten av fisket vart torsken mager, og då kunne det tilverkast rundfisk her like så vel som andre stader. At rundfisktilverking vart forbode var til tap for både fiskehandlarane og fiskarane, skreiv futen i Romsdal i september 1771. Rundfisk var ei viktig eksportvare for kjøpmennene i Molde, var betre i pris enn råskjer og gav større forteneste. For fiskarane var denne tilverkinga lettare enn tilverking på annan måte og kravde mindre ar- beid og mindre material til fiskehjellar. Futen kritiserte sterkt dei «Bergenske Patroner» som - etter som han skriv var opphavsmenn til forbodet mot rundfisktilverking her i distriktet. Han fann lite meining i å forby slik tilverking her, medan Nordmøre, som låg i same området, kunne tilverke rundfisk. Det vart likevel tilverka rundfisk i distriktet trass i forbodet. I eit oversyn i august 1771 over fisket og fiskehandelen skriv futen i Romsdal at noko av torsken vert opphengd rund til rundfisk og vert utskipa til Holland, berre ein liten del til England. I 1773 utgjorde rundfisken tredjeparten av turrfiskeksporten frå Molde, i 1774 og 1775 halvparten. Det var forretningsmennene i Molde som i 1771 tok opp arbeidet med å få avteke forbodet mot tilverking av rundfisk. Ved kgl. res. 30. desember 1776 vart det oppnemnt ein kommisjon som skulle finne ut om det var forsvarleg å tilverke rundfisk på Sunnmøre og i Romsdal. Kommisjonen var samansett av amtmannen i Romsdals amt, Even Hammer, futen i Romsdal Jacob Andreas Eeg og sorenskrivaren på Sunnmøre, Melchior Falch, og dessutan to kjøpmenn frå Molde og to kjøpmenn frå Bergen. Kommisjonen samla opplysningar om klimatilhøve, var kringom i fiskeværa, gjorde prøver med tilverking og utskiping av rundfisk og gjorde eit omstendeleg arbeid. Desse og andre røynsler samstava i at rundfisktilverking var like forsvarleg her som andre stader. Det meinte ikkje dei to bergensarane. Dei heldt fast på forbodet. Men etter den sterke fleirtalstilrådinga vart forbodet teke bort ved kgl. reskript 26. juni 1781.

Vanstelt fisk

Det var ikkje berre sjølve tilverkinga som var avgjerande. Det kom også an på korleis fisken var stelt før han kom så langt. Fisken skulle blodgast etter kvart han kom i båten. Det var mange likesæle med. Bergensarane klaga i 1740 over at fiskarane ikkje blodga fisken. Slike klager var det mange av i tidene utetter. Reskriptet i 1781 påbaud at fisken skulle blodgast med same han kom or sjøen. Ei av viktigaste innvendingane mot garnbruket var at fisken, som garnfiskarane ofte fekk i store mengder, ikkje vart stelt godt nok og snart nok, men vart liggjande i store dungar under open himmel, gjerne fleire dagar. Fiskarane brukte også å binde saman fisk i store henker, som vart lagde i sjøen, så han skulle halde seg betre. I Romsdal og var dette brukt. Romsdalsfiskarane, heiter det, meinte at fisken skulle liggje i sjøen før han vart stelt. Der vart så fisken liggjande ei tid. Dette gjorde at han vart mørk og laus i fisken. Slik framgangsmåte var strengt forbode i forordninga 1753, og fut og lensmann skulle ha tilsyn med dette og syrgje for at dei som gjorde imot forbodet, vart mulkterte. Det vart masa mykje på fiskarane om blodging og godt stell av fisken. Ikkje alle retta seg etter det. Med blodginga kunne det også vere vanskeleg når det var uver og alle mann hadde nok med å berge vegn og fisk.

70

Lever og rogn

Fiskevarer var ikkje berre fisk. Det var også lever og rogn. Levra vart samla i tette tynner. Der stod ho ei tid og vart så kokt til tran. Det som skulle brukast til lyse på kola til å lyse opp i huset med, vart ikkje kokt. I skiftet frå 1600 - og 1700 talet finn me nemnt både tran og lyse. Ei tynne lyse er nemnt i to skifte frå Runde i 1692. Trana vart samla i eiketynner, som før hadde vore brennevinstynner. Forordninga 1753 påbaud at det skulle berre brukast tynner med eit visst mål, 120 potter.

Frå gammalt var det helst spekk av kval og sel dei tilverka tran av og dessutan levertran av brugde og håkjerring og berre lite av torskelever. Peder Claussøn Friis fortel frå kring 1600 at i Lofoten kasta dei levra bort. Først i 1660-åra vart det større tranproduksjon av torskelever. Traneksporten frå Bergen steig frå 820 tynner i 1576 til kring 2300 tynner årleg utover 1600 talet og til 5200 i 1721. I 1751 var traneksporten frå Bergen 14 000 tynner, kring 1000 tynner frå Kristiansund og det same frå Molde.

Om lag frå denne tida fortel Strøm at det aller mest er torskelever som vert tilverka til tran, men det vart også verka tran av spekket av kval, nise og springar og av levra av brugde, håkjerring og håbrand og av lange og sei. Strøm fortel og at det av sildeslag vart laga eit slags tran eller olje, som var betre å bruke i lampane ( kolene ) enn anna tran. I dei tider var det i Sunnfjord gjort freistnad med å koke tran av sild, og det vart god tran. I 1760, då det var mykje sild og låg pris, var det mange her på våre kantar som tok til å koke sild til tran og gjorde det godt. Av 7 - 8 tynner sild fekk dei ei tynne tran.

Torsken var det også som gav rogn til salsvare. Rogna vart først salta i bingar og vart sidan lagd i utette tynner og salta med fransk salt. Avsetnaden på rogna varierte sterkt. Ho vart seld til Frankrike til agn i sardinfisket. Var dette fisket dårleg, så var det lite avsetnad på rogna.

71

13. Fjordfiske

I fjordane og gjekk det fiske for seg. Vintertorsken kunne stundom gå langt inn. Og der var annan fisk. Strøm fortel om den fiskerike hølen ( Hølen ) ved Dragsundet i Skodje, som låg under Solnør gard. Denne var så verdfull at han utgjorde eit tillegg i skylda på garden. I straumen inn og ut samla det seg mykje fisk i hølen, dei kunne gjere der storfangst, særleg av sild og sei. I Storfjorden var det også eit kjent kveitehald, som særleg låg lagleg til for sykkylvingane. Der skulle vere eit oppstikk med ferskvatn, som hadde si kjelde i Brusdalsvatnet, meinte folk. I Norddal ög vart det fiska kveite. Lange og annan djupvassfisk vart det fiska i fjordane. Den store rasulukka i Eidsvåg i 1756 kunne fortelje noko om det. Då losna noko av Tjellefjellet og rasa i sjøen på 60 famners djup. Flodbylgjene av raset skylde bort hus og jord, og 32 menneske omkom. Då vart det skylt på land kveite, lange, torsk og sild. Fjorden der har djup på 100 famner, og der er mange stader ikkje botn å finne, skriv Gerh. Schøning, som har fortalt om denne ulukka. Silda gjekk ofte inn i dei inste fjordane. Sildefisket var kanskje viktigaste fisket for Veøy folket, heiter det i Veøyboka. Det var gode sildevågar der og i næraste området, sildevågar som har vore kjende gjennom hundreår: Osen, Dragvågen og Vågane. Sameleis var det i Sunnmørs fjordane. Sild og sei gjekk inn, og det vart til sine tider gjort storfiske. Til Romsdal kom det jakter frå Bergen og lét folket fiske sild for seg. Folk frå Grytten prestegjeld får på fiske med sildegarn til , Bolsøy og Aukra. Schøning reknar opp mange slags fisk som vart fiska i Romsdals- fjordane: brisling, makrell, sei, lyr, småtorsk, hyse, bleike, flyndre, skate, svinryt, uer, aure og fleire slag.

72

I Grytten prestegjeld var det lakseverpe ved garden Innholm ytst i Innfjorden. Det var laksefiske både i elv og sjø. Laks har også vorte fanga i teiner. I Landkommisjonens jordbok 1661 finn me nemnt 9 lakseverpe på Sunnmøre og 6 i Romsdal. Det kan ha vore fleire til ymse tider. På Sunnmøre var det særleg mange ved Vartdalstranda. Her finn me nemnt verpe ved Vartdal i 1533. I 1528 og 1586 er det nemnt lakseverpe ved Festøy og likeins i Romsdal. Ved prestegarden i Hjørundfjord ( Sæbø ) var det lakseverpe, fortel Strøm. Det tener presten både til nytte og moro, for det står så nær prestegarden at han kan frå stoveglasa sjå når og korleis fangsten går for seg. I var det også godt laksefiske. Eit lakseverpe ved garden Vik var i si tid gjeve til Ørskog prestebol av den rike Gudbrand i Vik. Tradisjonen seier at for denne gåva skulle presten kvart år syte for å halde eit drikkegilde ved Aure kyrkjebakke til minne om Gudbrand. Det er fortalt at det på presten sin kostnad vart kjøpt ei tynne øl kvart år til utskjenking på kyrkjebakken. Slike skikkar vart det slutt med ved reformasjonen, men lakseverpet vart verande i kyrkjeleg eige. Det var to lakseverpe ved garden Vik. Ved Festøy var det og to lakseverpe. Det eine, Giskeverpet, vart selt frå garden og fekk ymse eigarar ut gjennom tida til 1788, då Festøy-bøndene atter vart eigarar. Segna fortel at då den rike Margrete Rasmusdotter i Hanken i Borgund ein gong var på vitjing i Festøy, kasta ho ein stor gullring i sjøen og sa: Så umogleg som det er å finne att denne ringen, så umogleg er det at eg kan verte fattig! Ringen vart attfunnen i ein laks som dei fekk i nota, og den rike mor Hanken fekk også oppleve at ho vart fattig !

73

14. Handelsvegar

Jakt heisar segl. Jaktene vart mykje nytta som fraktefarty langs kysten. Romsdalsmuseet.

Bergensjaktene

Sunnmøre var eit godt distrikt for dei forretningsdrivande i Bergen. Dei sende fartya sine hit og dreiv handel og kjøpte fisk og sild. Lenge var dei einerådande, men fekk etter kvart konkurranse med forretningsmenn her i dis- triktet. Men desse og skipa sin tilverka fisk til Bergen, så dei og var forretningsobjekt for den bergenske forret- ningsstand. Dessutan førde ein stor part av bøndene sjølve sin tilverka fisk til Bergen. Bergens borgarane som låg her med jaktene sine på 1500 - og 1600 talet, hadde strenge føreskrifter for verksemda si og hadde sine føreskrivne tider. Ikkje alltid fylgde dei føreskriftene. Dei vart ofte bøtelagde både for «ulovlig udliggelse» og andre «grove forseelser mod Kgl. Majestets skattebønder udi Sunmørslen», som det heiter i ei sak frå 1606. Av ei føresegn frå 1622 går det fram at dei selde brennevin til overmål, så fiskarane forsømde fisket og øydde opp fortenesta si i drikking og turing. Det går også fram av tingbøkene at det kunne vere motsetningar mellom folket og kjøpmennene som låg her. Den bergenske handel og kjøpmannskap tøygde seg også til Romsdal og lenger nord. Dei forretningsdrivande i Trondheim såg med ublide augo på bergenshandelen. Dei pukka på retten til handelsnæringa i sitt område, men styremaktene tillét handel på kysten for både den eine og den andre parten. 7. oktober 1660 gjekk det ut kongeleg føresegn om at handelen skulle vere fri for borgarar, utliggjarar, futar, prestar og andre etter heile kysten mellom Bergen og Trondheim. Forretningsfolket i Bergen hadde såleis rett til handel i sjø-lena ( Romsdal, Nordmøre, Fosen og Namdal ) og forretningsfolket i Trondheim likeins handelsrett i Bergenhus len. Det vart verande så utover 1700-talet. Konkurranse var det til alle kantar. Mellom dei to kjøpstadene låg Molde og Kristiansund. Dei fekk begge kjøpstadrett i 1742. Ålesund låg lagleg til for fiskehandel og annan handel, og 74

der slo det seg ned kjøpmenn utetter åra. Staden var i vokster og fekk etter kvart noko å seie for handelslivet og skipsfarten i distriktet.

Molde-kjøpmenn

Molde kring 1800. Etter målarstykke av engelskmannen Edy. Romsdalsmuseet.

Dei store konkurrentane var Trondheim og Bergen. For Molde var Bergen viktigare handelssamband enn Trondheim og utlandet. Moldekjøpmennene hadde eigne jakter, som gjorde eit par bergensturar for året med fiskevarer og andre varer. For romsdalingane elles var det og bergensfart vol så mykje som trondheimsfart. Det heitte seg å vere lettare å fare til Bergen. Med stødig vind kunne dei gå til Bergen på to dagar. Til Trondheim trong dei tre slags vind, og leia dit var fårlegare, tyngre og tok lenger tid. Lokalt var det og konkurranse mellom handelsmennene om fisk og fiskehandel. Molde kjøpmennene var fiskarar og. Fiskebåtreiarar er rettare å seie. Dei åtte båtar og rusta dei ut til fiske med leigt mannskap. Folk utasunds, på kysten og på øyane, som ikkje sjølve var velståande nok til å koste båt og beine, hyrte seg på Moldebåtar. Mange av styremennene kan me finne namna på i tingbøker og andre dokument. Det ser ut som kvar einaste kjøpmann både i Molde og utasunds dreiv på den måten. Dei var mange. Mellom 20 og 30 båtar reidde dei ut år om anna. Somme av dei hadde to båtar, kanskje fleire. På denne måten skaffa dei seg sjølve fisk til forretninga si. Dessutan var dei om seg med fiskekjøp og handel. På hausttinget for Vågøy åtting 1759 var det spørsmål om kor mange handelsmenn frå Molde og andre stader som året før hadde handla med fiskeinnkjøp og kjøpt andre varer. Det året var det 17. Same spørsmålet kom att på seinare ting, og same talet vart oppgjeve for 1759 og 1760. Molde-kjøpmennene hadde sine handelsrettar og klaga ofte på at handelsmenn andre stader var i vegen for dei. Futen sende ei utgreiing i ei slik sak til amtmannen 7. september 1771. Det bør vere alle og einkvar som er med i torskefisket, forbode å drive med handel på dei stader dei oppheld seg, skriv futen. Men å kjøpe rå fisk må vere tillate for kven som helst, så fiskarane lett og snart kan bli av med fisken. Skulle Molde-kjøpmennene ha einerett til fiskekjøp, ville det bli til tap for fiskarane, med di dei då ikkje fekk levert fisken snart nok. Handelsmenn i fiskeværa 75

Ute i fiskeværa var det fastbuande handelsmenn som hadde sine rettar både til handel og gjestgjeveri. Dei var ikkje velsédde av Molde kjøpmennene, men futen tok dei i forsvar. Johan Mylenphort hadde sin handelsstad i Vikan, frå uminnelege tider ein nyttig og naudsynt handelsstad for dei fattige fiskarar, skriv futen i 1774. Dei som har butt og handla der, har sytt for dei varer fiskarane treng, i byte med deira rå eller tilverka fisk og andre fiskevarer. Ein slik handelsstad har fiskarane dagleg bruk for, dei kan ikkje fare til kjøpstaden og gjere sine daglege små innkjøp. Deira næring, skriv futen, er frå hand til munn. Var det fleire som søkte om handelsrett ute i fiskeværa, då måtte det setjast grenser, så dei ikkje vart for mange og øydela for kvarandre. Slike omsyn tilkom det futen å ta i sine tilrådingar. Ei anna sak var det med konkurrentar frå andre stader, som trengde seg inn. Det gjorde ein og annan kjøpmann frå Kristiansund. I utgreiinga si 7. september 1771 skriv futen om dette: Kjøpmenn frå Kristiansund har slått seg ned her ute og bygt sjøbuer og til og med våningshus. Dei driv handel heile året igjennom, kjøper turrfisk og andre varer av bøndene og sel korn og salt og øl og brennevin. Dette er inngrep i Molde-kjøpmennene si rettkomne næring. Med dette freistar dei og bøndene til å kjøpe meir enn dei treng om, og dei får vanen til fyll og greinaløyse. Dette prøvde amtmannen å setje ein stoppar for, og av futen sitt ovannemnde skriv i 1774 går det fram at det også lukkast. Men då hadde ein uvedkomande handelsmann på nytt trengt seg inn. Futen lova å ordne opp i den saka.

Dei bergenske bomsiglarjaktene var og eit problem. At dei kjøpte opp sild var ikkje noko å seie på, meinte futen. Dette hadde gjeve gode prisar og god avsetning. Skulle Molde kjøpmennene ha einerett til oppkjøp av rå sild, ville avsetning og prisar bli mindre, så det vart til tap for bøndene. Den retten burde ikkje tilståast Molde kjøpmennene. Både bergensarar og andre burde ha rett til oppkjøp av sild der slikt fiske gjekk føre seg. Ei anna sak var at dei bergenske bomsiglarane hadde ført med seg kjøpmannsvarer, aller helst brennevin, som dei førde til sals. Dette var utillateleg. Utillateleg var det og at dei kjøpte opp salta sild, som dermed vart halden unna vraking. Såleis kunne dårleg vare kome ut til skade for denne omsetnaden. Desse ugreiene, som var brot på lov og forordning, meinte futen måtte la seg gjere å få slutt på, berre høvelege åtgjerder vart sette i verk.

Sunnmøre og Bergen

På Sunnmøre var det ingen kjøpstad med sin handelsstand og sine rettar. Bergens borgarane var mykje godt einerådande her. Dei kunne vel framleis ha utliggjarar her først på 1700-talet og utetter, men storparten av bøndene reiste sjølve med sin tilverka fisk til Bergen. Då handelsmannen på Håkonsholmen i Ulstein i 1729 sa frå seg handelen, var det m.a. med den grunngjeving at dei fleste får til Bergen eller andre stader her i fogderiet med varene sine og kjøpte då med seg heim att dei varer dei hadde bruk for. Slik var det med fleire handelsmenn. Og dei som dreiv det større, hadde sitt handelssamband med Bergen og var så å seie «reine stråmenn under Bergenshandelen». Fisketransporten frå Sunnmøre hadde stort omfang. Bøndene slo seg i hop og førde fisken på dei største båtane. Mange hadde jakter som førde både fisk og andre varer. Handelsmennene hadde gjerne sine eigne jakter. Strøm fortel om fiskefarmane på jaktene midt på 1700-talet: Tynnegodset vert lagt nedst og turrfisken ovapå, oppstabla tre alner høgt eller meir over vaterborda, på alle sider opp etter masta. Fisken er tildekt med treflakar mot sjøskvett og regn. På Sunnmøre var det i dei tider om lag 40 jakter, 20 av dei høyrde heime i Borgund. Dei gjorde to-tre og opp i firefem bergensturar for året.

76

Av bondejakter var det på Sunnmøre 18 i 1747. Dale og Vatne skipreider hadde flest, 4 i kvar av skipsreidene. I 1764 hadde Sunnmøre 22 jakter. Då var det Nerøy skipreide som hadde flest, der var 5. Ulstein skipreide kom etter med 4. Jaktefarten mellom bøndene heldt seg til kring midt på 1800-talet. Frå kystbygdene var det hovudsakleg bergensfart med fisk. Frå fjordbygdene var det også trondheimsfart ( trandemsfart ) med jordbruksvarer. I Ålesund hadde nokre handelsmenn sett seg ned, her var fem i 1750. Her var også høveleg stad for handel og fisketilverking, skriv Strøm. Han veit ikkje å seie kor mange handelsmenn her kunne trengast og vil heller ikkje rå til at det vert sett eit visst tal. Det er konkurranse mellom dei, men det er ingen skade for bøndene, og handelsmennene har greitt seg bra. Ei ulempe er det likevel at det med handelen har vorte lett å få drikkevarer og kramvarer, og dette har ført til ovlivnad mellom bøndene, hindra dei i å tilverke sjølve det dei treng, og det har drege mykje pengar ut or landet. I 1761 tok Kristiansundsfirmaet Moses & Leslie og Molde-firmaet Eeg & Ohr til med forretningsdrift i Ålesund. Det kan ha vore med tanke på klippfisktilverking. Desse vart sterke konkurrentar til Ålesunds kjøpmennene. Dei dreiv på annan måte enn den som kjøpmennene her hadde lagt seg til. Dei nye kjøpmennene gav same pris på fiskevarer som bøndene kunne få i kjøpstadene, forsynte dei med gode kornvarer til rimeleg pris og betalte fiskevarene kontant, men gav ikkje kreditt. Utanom dette som Strøm fortel, er det lite me veit om desse handelsverksemdene. Tida deira i Ålesund var heller kort. Kvar av dei hadde sin fullmektig som dreiv forretninga. Me finn dei nemnde utetter 1760- og 1770-åra. 77

Frå 1774 til 1802 var det 13 bufaste handelsmenn i Ålesund. På øyar og holmar og strender her og der var det gamle handelsstader, som det hadde gått opp og ned med. Utover 1700-talet kom det nye handelsstader til, og nye og driftige forretningsmenn overtok eldre handelsstader. Det siste var tilfelle med dei to som skulle syne seg å gå til topps i sunnmørsk handelsliv i denne tida: Christopher Rønneberg på Kriksholmen i Herøy og Sivert Olsen på Herøy. I ei liste over gardar under Herøy prestebol kring 1800 er Rønneberg nemnd som Sunnmøres rikaste mann, og Sivert Olsen låg ikkje langt etter. Chr. Rønneberg var frå Jæren og kom til Sunnmøre i 1750, 20 år gammal. I 1762 gifte han seg med enkja etter handelsmann Elias Schjelderup på Kriksholmen og overtok forretninga der, som han arbeidde storveges opp. Han kjøpte seinare Flåvær og Straumen i Herøy og dreiv handel der og. Sivert Olsen skal ha vore frå Lesja. Han kom til Herøy i 1770-åra og arbeidde opp handelen der. 1 1780 grunnla han handelsdrift på Nøresande på Sandsøya ( seinare kalla Sandshamn ) og dreiv samstundes handel på Notaneset i Alesund. Men både desse to og dei andre handelsmenn på Sunnmøre måtte om kjøpstad med fiskevarene. For det aller meste var det Bergen som var kjøpstaden for dei sunnmørske handelsmenn og utskipingsstad for fiskevarer herifrå. Det går fram av ymse kjelder at handelsmennene kjøpte både rå og tilverka fisk. Rasmus Vassbotn fortel frå 1778 at det då var godt torskefiske, og torsken heldt seg under land til mai månad. Det året kjøpte Chr. Rønneberg 70 000 salt-torsk og dessutan mykje råskjer. Det vart teke opp arbeid for at Ålesund skulle få ladestadrett og bli utskipingshamn. I 1793 fekk Ålesund ein avgrensa ladestadrett til utskiping av trelast til Danmark og innførsel av korn derifrå. For fiskeomsetnaden var det inga hjelp. Her ög liksom i Romsdal hadde mange handelsmenn fiskebåtar - somme både ein og to - som dei dreiv med leigt mannskap. Amtmannen, Even Hammer, gav i 1793 inn ei fråsegn til regjeringa om handelsmennene på Sunnmøre og handelsavgifta. Der heiter det m.a. at dei har si viktigaste næring av havfisket ( torskefisket ), som dei driv personleg, eller med tenarar og leigefolk. Den rå fisk som dei fiskar sjølve og som dei kjøper av bøndene, verkar dei til klippfisk og god kjøpmannsvare, og til dette har ikkje bøndene kunnskap eller innsikt nok. Så heiter det vidare at dei sunnmørske handelsmenn set liv i fiskehandelen. Ved deira flid og dugleik vert det årleg, når Gud let fisket lukkast, tilverka kjøpmannsgods for meir enn ei tynne gull. Dette set i gang skipsfart og anna og er til stor nasjonal vinning. Han held sterkt fram at handelsmennene ikkje må tyngjast med store skattebører, dei burde heller premierast, få tollfritaking og lettast i utgiftene til salt og andre varer som trengst til havfisket. Til slutt bed han dei høge styremakter at dei må ta fiskeriet, statens viktigaste næringskjelde, under særleg vern og tenkje på at handelsmennene her ved havkanten er statens velgjerande og nærande lemer og difor ikkje kan og heller ikkje bør samanliknast med landhandlarane og kremmarane i opplanda, som er skadelege insekt på statslekamen og særleg for allmugen eit drepande avåt. Bergen var byen for sunnmøringane. Dit får handelsmenn og bønder med fiskevarer og andre varer og kjøpte med seg heim att varer som dei trong til sal og til bruk. Samstundes gjekk det handelsvegar nordetter og innetter, ikkje så mykje søkte som vegen sørover, men dei var der. Til Molde, Kristiansund og Trondheim - og til Romsdalsmarknaden på Devoll ( Devold ) gard i Romsdal. Nokre få jakter går kvar vår til Trondheim med feitevarer, trekjerald og bandstakar og fører heim att korn, kvernsteinar og ymse småting, skriv Strøm. Av og til går det fiskefarmar til Molde og Kristiansund. Særleg kvar haust er det ferdsel til Romsdalsmarknaden, der det går for seg varebyte med opplendingane.

78

15. Hollendertida 1500 - 1850

Hollendertiden er i Norges historie en betegnelse på perioden fra omkring 1500 til omkring 1800, spesielt i forbindelse med kysthistorie på Sørlandet, Østlandet og Vestlandet helt opp til Sunnmøre. Varigheten av Hollendertiden varierer fra et ladested til et annet; 1850 regnes som øvre grense, men mange steder begynte den å komme på hell allerede rundt 1750. ( I Skodje er tidsbolken 1443 – 1662 nevnt som «hollendertida» )

Nederland ble på 1500 tallet og 1600 tallet den ledende skipsbyggeransjonen på det europeiske kontinent. Å beholde denne posisjonen fordret tilgang på store mengder tømmer av god kvalitet; for å lage skipsplanker er det nødvendig med lange, rette trær med nok spenst til å kunne bøyes og nok rigiditet til å tåle hardt vær. Nederland var fattig på egnet skog, mens Norge hadde store mengder tømmer som kunne kjøpes til en rimelig pris. Dermed startet en en omfattende handel mellom Nederland og norske ladesteder. I Nederland trengtes også tømmer til fundamenter under store bygninger. Amsterdam er bokstavelig bygd på norsk tømmer. Hollenderene hadde også med seg varer for salg. Keramikk var en viktig vare, ganske sikkert er det slik at noe av keramikken hadde flytende innhold da varene ankom norske havner. I tillegg til at skogeiere og sagbrukseiere kunne tjene godt på handelen, kom den også ladestedene til gode på en svært direkte måte, ettersom det var eksporttoll på tømmer. Tollinntektene fra tømmereksport var mange steder enorme, og annen handel og industri vokste opp som følge av velstanden. Mange av ladestedene kunne derfor klare seg godt økonomisk også etter at tømmereksporten ble borte. Sagbruket hadde sin naturlige plass på bygdene i vårt distrikt som ellers. Den varierte vegetasjonen her gjorde skogsdrift til en av hovednervene i bygdesamfunnet. På slutten av femtenhundretallet var hollenderne en av de dominerende sjøfartsnasjoner og trengte mye tømmer til skipsbygging. Dette tømmeret kjøpte de for en stor del i Norge og ettersom Sørlandet ble snauhugget, trakk de nordover kysten.

Ladested Losse – og vadested, var et tettsted, vanligvis av byggmessig karakter, hvor borgerne hadde privilegium til å drive handel, vareinnførsel ( lossing ) og ut – utførsel ( lading ), særlig med trelast. Et ladested hadde kun begrensede rettigheter, og formelt var det en underlagt et større kjøpested i samme landsdel. Det var på 1500 tallet at de første ladestedene vokste frem. En rekke steder i Norge har historisk status som ladested, og langt de fleste ble med tiden egen kjøpstad, dsv. de fikk bystatus. Status som losse – og ladested og status som by hang tett sammen, men var altså ikke det samme. Det er mange eksempler på et strandsted først fikk status som ladested og senere kjøpstad.

Trelast Trelast er en fellesbetegnelse på skurlast og høvellast laget av treverk. Trelast kategoriseres etter dimensjon.

79

Kjøpstad En kjøpstad ( gammelnorsk; kaupstadur, markedsplass ) var et bysamfunn med privilegier som gav borgere monopol på handel og annen næring, såkalte kjøpstadrettigheter. Det fantes samtidig en type bysamfunn med mere begrensede rettigheter, nemlig ladestedene, som i en lang tid periode var underordnet nærmeste kjøpstad. Det var for myndighetene viktig å lede import og eksport gjennom kjøpestedene, noe som gjorde det lettere blant annet å holde oversikt og sørge for innkreving av skatter og avgifter. Kjøpstadprivilegiene falt bort etter hvert som frihandel ble innført på 1800 tallet. Begrepene kjøpstad og ladested ble brukt til midt på 1900 tallet da både kjøpsteder og ladesteder ble bykommuner.

Ordet kjøpstad har sitt opphav i dansk språk.

Et tilsvarende, eldre norsk ord er kaupang.

Kaupang Kaupang er et norsk plassenavn som fra begynnelsen betydde handelsplass. Sammenlign med det svenske ordet køping og det finske ordet kaupunki som betyr by.

Historier fra Skodje

Skodje er, og har vært en skogskommune. Skogen har for mange gitt eit kjærkomment tilskot til gardsdrifta.

Sagbruks – og skogsdrift og trelasthandel har såleis tradisjon frå gammal tid.

Tidsbolken 1443 – 1662, også kalla «hollendertida», ga eit oppsving i trelasthandelen som gjekk hardt ut over skogen i Skodje - bygdene.

Hollendarar og skottar ( Nederland og Skottland ) førde ut store mengdar trelast.

Det var ikkje berre rundtømmer og firkanthogne bjelkar skogeigarane skipa ut. I det 13 - og 14 århundre selde dei tømmerstav til byane i Flandern, og i England nytta storfolk norsk panel av furuplank til innreiing av bustadar.

Ei skipsladning trelast hadde stor verdi, men prisen bøndene fekk var visnok ikkje høg.

Sag kjende ikkje folk til på våre kantar til før kring 1530. Handelen var fri, og utlendingene søkte sjølvsagt inn der det voks skog, særlig til fogderia i Romsdals amt.

Holland og England som ikkje hadde såvorne skogar sjølve, var store avtakarar. Nye landevinningar og oppdagingar på 1500 talet auka omsetning av trelast i desse landa.

Denne tida vart skogen i Skodje sterkt uthogd, men den fylgje at styresmaktene sette ned forbod og la restrikasjoner på sagbruka, sager vart brotne ned og øydelagte ( sjå Solnør og Svorte ). 80

I 1719 fekk alle skogeigarar i Skodje åtvaring mot misbruk av skogen.

I 1603 fanst det i Skodje 5 registrerte sageigarar I 1610 fanst det 6 sageigarar I 1614 var talet gått ned til 4 sageigarar I 1647 var der kun 1 sageigarar igjen, Honningdal

Honningdalssaga stod også over den øydinga av sagbruk som Kongen sette i verk i 1680 åra. Ein skal likevell ikkje sjå bort frå at i tillegg til dei registrerte sagene kunne det finnest mindre flaumsager der eigaren «pjaska» litt for seg sjølv.

Vi ser at «hollendertida» og uthogginga av skogen fekk leie fylgjer for Skodjebygdene.

Historier fra Romsdal

I 1597 var det ca. 30 sager i Romsdal, av dem var 17 i Molde og Fannefjorden. 13 år senere var det 80 sager, og i 1626 var det 119. Produksjonen var på topp i 1610 med 6067 tylft tømmer. Furu bord stod øverst på lista, men det ble også eksportert bjelker og ved. I ly av trelasthandelen ble det også utført mange landbruksvarer og fisk, selv om det var ulovlig. I året 1605 anløp 25 skuter Romsdal. Seks år senere var anløpene mer enn fordoblet både i antall og tonnasje. Denne tendensen forsterket seg i årene som fulgte. Bare tre-fire av skutene var engelske eller skotske, svært små skuter, resten var hollandske. Det var som oftest de samme båtene som kom igjen år etter år, ja opp til 5 ganger i sesongen. Det hendte også at skutene gikk tapt under den farefull reisen. Noen forliste, andre ble kapret. Selv om handelsskipene var utstyrt med kanoner, var det mange som forsøkte seg også her på kysten. Mørekysten hadde mange sjørøvere, de gav ofte ikke opp før skutene var i havn. Handelen foregikk for det meste som byttehandel til glede for de fastboende, men til myndighetenes store ergrelse. Det ble stadig gjort forsøk på å begrense handelen til de store byene, og det var stadig konkurranse mellom Bergen og Trondheim om å være handelssenter. Men forsøkene på regulering lyktes dårlig. Handelen utfoldet seg fritt i bygdene, og skogen ble grisnere år etter år, til enkelte bygder var helt snauhogd. Spesielt i Ytre Romsdal. Saue og geitehold har hindret skogen i å vokse opp igjen mange steder. Det ble et nært vennskap mellom bygdefolket og skutemannskapene som satte sitt preg på bygdene i de 10 - 20 dagene lastinga foregikk. Mange «møringer» fikk jobb ombord i hollanske skuter og var svært ettertraktet p.g.a. godt sjømannskap. Det finnes eksempler på at menn fra Romsdalsbygdene ble skippere på nederlandske seilskuter til Ost - India. Selv om det for det meste ble byttet vare mot vare var det nok også en god del hollandske penger i omløp, noe funn bl.a. ved saga i Meek elva på Kringstad i Molde vitner om. Etter midten av 1630-tallet gikk det jevnt og trutt nedover med trelasthandelen i Romsdal. Hovedgrunnen var mangel på tømmer, men mange sager på Østlandet gjorde også sitt. Det varte helt frem til 1680-årene før hele trelasthandelen var definitivt slutt, med de veldige følger det fikk for vårt distrikt. Det gikk sterkt tilbake med ladestedet Molde. Tollstasjonen ble nedlagt og Trondheim overtok all handel.

81

16. Trengsler og tiltak 1800 – 1860

Krig og trengselstider

Ein ny krigstilstand - 10. august 1814 gjekk det ut kunngjering frå futane til lensmennene om at det hadde brote ut krig mellom Noreg og Sverige. Futen på Sunnmøre, Andreas Landmark, hadde - som dei andre futane - fått expressbod frå amtmannen om krigsutbrotet. Han skreiv same dag til lensmennene og bad dei kunngjere tidenda for folket med bodstikke og med opplesing frå kyrkjebakken. No trengst det eit modig og samstelt forsvar, skreiv han. Og han la til: Gud gje dei stridande mod og styrke og oss alle samhald og eit rettvist sinnelag til å verke og stride på alle måtar til vårt kjære fedrelands frelse ! Ikkje noko offer er for stort, ikkje ein gong livet, for dette landet som me til denne tid har levt i og hatt fridom og lukke (?). ( Mht det siste, så forteller historien noe annet …. )

Her i distriktet var me langt frå krigsoperasjonane, men ingen kunne vite kva vending krigen ville ta og kva som kunne krevjast av oss, heitte det til slutt i brevet. Kvar ekte nordmann måtte vere budd på noko av kvart. Det var ingen ny tilstand folket såleis fekk kunnskap om, det var berre ein ny krigstilstand. Krig hadde folk vore vane med i årevis. Ein front mot vest, der engelske krigsskip kryssa langs kysten og av og til gjorde landgang. Ein annan front ei kort tid mot broderfolket i aust, og det var den fronten som no på nytt kalla mannskap til våpen. Uår og hunger. Gong etter gong hadde det vore uår, stundom både på sjø og land. Det gamle hundreåret slutta med uår. 1800 var eit godt år, men så vart det atter trengselstider med mislukka grøde på landjorda og mislukka fiske. Det var fåre for helse og liv. Den eine kan ikkje redde den andre, skreiv futen på Sunnmøre i 1802. 1803 var ikkje betre. Torsk og sild heldt seg borte frå kysten. Det uvanlege hende at det vart ført sild hit frå Bergen. Det stod ikkje betre til i Romsdal, etter som futen der kunne melde i 1803. Kornhausten var mislukka og torskefisket hindra av uver. Sildefisket og var mislukka. Berre ute i havet hadde dei sett sild. Det var då buværingane hadde fått seg nokre tynner sild ved å våge livet med å fiske med drivgarn til havs om nettene. Dei to åra før hadde også vore ringe. I årsskiftet 1801 - 1802 hadde soknepresten i Bud prestegjeld meldt om naudstilstand mellom folket der ute. På nyåret 1801 sytte futen for å få ut kornvarer til utdeling mellom dei mest trengande. Om dette skulle vere til gjevande eller på kreditt overlét han til regjeringa å avgjere seinare. Det var ikkje tid til å drøfte dette no når folk var nær ved å svelte ihel. I 1804 søkte folk i Vågøy åtting om hjelp «i deres kummerfulde Forfatning». 82

I si tilråding til amtmannen gav futen Voi greie for kva tilstand folket var i: Fisket, som var om lag einaste næringsvegen her, hadde dei siste åtte åra vore heilt mislukka, og storm og uver hadde øydelagt fiskevegna for dei. Dei tre siste åra hadde også vore uår til lands. Armoda hadde gripe så hardt om seg at der jamvel var somme som hadde døydd av svolt. Dersom dei ikkje på ein eller annan måte fekk hjelp, kom nauda til å auke. Det skulle vere rimeleg at dei vart fritekne for å betale skatt i denne tida, skriv futen, men det vågar han ikkje å be om. Han er redd at om somme får skattelette, ville fleire krevje det same, og den hjelpa kunne ein ikkje godt nekte dei. Dette ville gå altfor hardt ut over kongens kasse. Futen ville heller be om ei gåve på 300 rdl. til utdeling mellom dei verkeleg trengande. Ei slik gåve kan redde mange frå å omkome av svolt og redde mange frå tjuveri eller tigging. «Saaledes har jeg talt disse nødlidende Menneskers Sag; gid jeg maatte være saa heldig at jeg kunde have bidraget lidt til deres Frelse.» Torskefisket var ringt fleire år utetter. Somme år slo sildefisket bra til, og det vart berging for mange. Attåt mislukka fiske og dårlege kornår kom den engelske blokaden. Det var Napoleon som i si maktsykje sette Europa i brand. Han hadde sett i verk blokade av fastlandet for engelske skip. England svara med å rane den dansknorske krigsflöten som låg i København, og med å blokere norskekysten. All import av kornvarer stogga. 9. september 1807 kom det ordre om at alle fyrar sønnafjells skulle sløkkjast og alle sjømerke takast bort. I same tida kom det påminning om at brennevinsbrenning på landet var forbode. Endå det var stor fåre for kornmangel, gjekk det rykte om at bøndene brukte korn til brennevinsbrenning. Slikt misbruk måtte ikkje tolast. Futane fekk påbod om å straffe dei som gjorde seg skuldige i slikt. I 1808 kom Sverige med i krigen på England si side. Noreg fekk krig på to frontar. Forutan utskrivinga til kystvernet, måtte soldatar i veg aust over til grensa. Fisket vart det lite med. Mannfolklaust vart det og med all utskrivinga til militæret.

Lite mat var det. Salt var det skort på, men folk lærde seg å koke salt, så dei var sjølvhjelpne. Det vart fiska bra med sild det året, og det gav mat til mange, endå silda ikkje var av særleg god kvalitet. Ho var lite tenleg til nedsalting «og gav ingen god Tran». I 1810 var torskefisket mislukka på Sunnmørskysten. Det var mykje hindra av uver, og fiskeinnsiget synest og ha vore lite. Havfisket var hindra av fiendtlege kryssarar. Storparten av det Sunnmørske kystvern har denne veka vore ute til forsvar for landet, heiter det i første nummer av Landboe-Bladet, som tok til å kome ut våren 1810. I same nummeret er det eit oversyn på fisket siste tidene, der det heiter at Sunnmøre, som fram for mange andre landsluter har hatt gode fiske, no i lang tid har lote sakne denne føremonen. Men eit nytt fiske har siste åra vore drive av Johannes Eggesbø frå Herøy. Han har drive med fløyteline ( «svømmende Fiskeline» ) på 50 til 70 famners djup vinterstida og 2 til 6 famner under sjøflata ut på våren. På denne måten har han gjort godt hysefiske. Bladet meiner at oppfinnaren av dette slags fiske burde få ei påskjøning. Utetter heile sommaren var det vanskeleg å drive havfiske og vanskeleg å ferdast i leiene på grunn av fiendtlege skip som opererte på kysten, men vart haldne i age av kanonflöten og kystvernet. Det retta seg noko med ferdsla i leiene sist i august. Då heldt fienden seg borte, truleg fordi det no hadde vorte uroleg ver. Seinhaustes dette året vart det stort sildefiske i Austefjorden med tilstrøyming av fiskarar også frå Romsdal og Nordfjord. Noko av silda vart salta til utførsel. Prisar på sild og tran steig til det firdoble mot året før. I 1811 var det smått med torskefisket på søre Sunnmøre, betre for Nordøyane. I 1812 var endå ringare. Heile torskefisket denne vinteren set bladet til ein verdi av om lag 500 rdl. Kornlagera minka. Kornavlen gjekk det så ymse med. Folk måtte drye brødmjølet med mjøl av bork. 83

Særleg ille var det i åra 1812 - 13, verste uåra i denne tida.

Frå Gursken er det fortalt at i desse hungersåra, då det ikkje var skikkeleg korn å få til matmjøl, stampa dei ihop mort og lettekorn og koka graut av. Morten vart brukt med hovud og innmat. Kornskuter prøvde å ta seg fram langs kysten austafrå til Bergen. Sivert Flaate frå Skodje førde si jakt «Fortuna» i denne fraktefarten. Særleg heldt det hardt å kome seg rundt Jæren. Der var kystvernet på vakt og heldt fienden unna. Salt var og sjeldsynt vare. Mange prøvde seg med heimetilverking. Frå Vartdal fortelst det at dei køyrde sjøtynner fram på dalen og koka salt av. Dei fekk ei kanne salt av ei tynne sjø. Men saltet vart ikkje hardt, det vart berre ei seig masse.

84

17. Båtbygging og båtvigsle

I denne skissa er båten teikna i ein spesiell vinkel for å få fram nokre av kjenneteikna på båtar av nordmørstypen: a: lyroddar nedfelt i øvste bordgangen ved fram- og bakstamn. b: Renning. Øvste bordgangen som gir båten breidde framme, smalnar av og sluttarfør bakstamnen. Storleiken på båten var avgjerande for kvar bordet enda. c: Djup kjøl, særleg framme, gjorde at båtane var stØdige siglarar med liten avdrift. d: Hogde halsar. Halsane framme og bak er hogde («rya») i krum av tjukke bord for at båten skal bli «lagt ut» tidleg. e: Lause «dregler» (ekstrabord) til å setje mellom keipane og langs heile båten.

Bjørkedalen i Volda var båtbyggjarbygda på Sunnmøre.

Båtbygging er gammalt handverk der. Frå søre Bjørkedalen finst det ei liste over båtar som var bygde på eit av bruka der i tida 1766 - 1823. Lista syner 425 båtar av ymse slag: 184 færingar, 80 trerøringar, 53 seksringar og 62 åttringar. Det er om lag 8 båtar for året. I tillegg kom nokre båtar av anna slag enn dei vanlege - eit par jakter, eit par notbåtar, nokre skyssbåtar, 6 - 7 kyrkjebåtar, ein slupp og ein vassbåt. 85

Per Årviknes refererer etter Jakobsboka i Bjørkedal at der i 1776 vart bygt 23 åttringar attåt alle andre og mindre båtar. I 1796 vart der bygt 56 storebåtar ( åttringar, fjørefar og seksringar ) i Bjørkedalen og Kilsfjorden. I 5-året 1841 - 45 vart det i Bjørkedalen bygt 1106 båtar. Av desse var det 260 åttringar og seksringar. Årleg vart der selt kring 160 båtar. Ein båt utanom dei vanlege vart bygt i Bjørkedalen i 1812. Det var eit krigsskip på 27 alner, eit kaperfarty, bygt for ein sjøkaptein Hans Gabriel Svendsen. Til overleveringa av det ferdige fartyet vart det dikta to songar. Av desse får ein mellom anna vite at fartyet heitte «Lykkens Prøve». Paul Moltu skriv i fiskarsoga si ( 1932 ) at etter seiande segn er det i Volda bygt båtar i over 600 år. «På andre stader i Volda bygde dei også ein og annan båt, men lite mot i Bjørkedalen,» skriv han. «Frå gammal tid dreiv dei også båtbygging i Romsdalen, og ei mengd båtar av den gamle form vart levert derifrå også. Men Volda var likevel før i tida den plassen som leverte den største mengd nybygde båtar til fiskebruk så vel til Sørøyane som til folket nordafor Breisundet, like til Bjørnsund.» I sokneprest Høyems «Beskrivelse av Akerø sogn 1818» heiter det: I Frænen bygges ogsaa baade av de faa der have nogen skov, især otringer som fører 3 læster og derover. Disse otringer bruges til havfiskeriet og ere gode seilere med brede eller udvidede forstavne og stærkere end de som bygges paa Søndmøre.» Mass Skorgevik bygde båtar i 1830-åra. Han hadde hjelpesmenn. Dei sa det var gode båtar han bygde, så folk kom langfarande og tinga seg båt. etter Mass kom Båt-Ola. Eit notat etter Elias Marøy opplyser at dei mest nytta båtbyggjarane i Romsdal i seinare tid var Ola Strandhagen i Bolsøy og Tomas Skjevik i Røvik sokn, begge kjende for godt og solid arbeid. Det var også eit båtbyggjeri i Sandbukta i Fræna. Elles var det Bjørkedalen i Volda som var best kjend for båtbygging. Men mange meinte at dei romsdalsbygde åttringane og møringane var betre. Daniel Liset fortel i sin artikkel om sunnmørsbåten at båtbyggjarane i Bjørkedalen og Kile prøvde båtane før dei leverte dei. «Somme siglde best når dei var jamsette, andre ville vere baksette. Somme måtte ha masta svært attstaga, andre greidde seg best når ho var mesta beint opp og ned. Men ein ting var ikkje råd å røyne ut: Korleis vert nyebåten med farmen i havsjøen ? Det fekk framtida syne.» Båtane hadde sitt særlag. Det tok si tid å verte heilt kjend med båten, korleis han ville ha det i sigling og ror og med last. Styremannen fylgde nøye med vind og sjø og styrde deretter. I sigling og i ror lærde han båten sin å kjenne og visste korleis han bar seg i dei ymse høve. Mang ein styremann vart glad i båten sin, kjende han ut og inn og handterte han mest som ein levande skapning. Det fortelst om to brør på Moldtustranda, Hans Tarberg og Helge Slettebakk. Dei heldt ute kvar sin båt, men på sommarfiske heldt dei lag. Ein gong dei var ute med båten til Hans, bles det opp ein kuling. Helge sat med styrevölen. Det vart ein våtsam siglas. - Du lyt kome og styre du, sa Helge til broren. Hans kom og tok volen. Med same han sette seg, strauk han med handa over ripa, liksom han kjælte båten og ville få han til å bere seg fint åt. Og det gjorde båten. Det kom ikkje inn ein drope etter at Hans hadde teke styringa. Han kjende båten sin, og det var det Helge visst. Strøm nemner at det på åttringane stundom vart brukt tre master. Det same er fortalt etter folk som hadde opplevt åttringstida. Det vart sett opp ein færingsrigg i framskuten og ein i bakromet til hjelpesegl. Dette var når dei gjorde lange havturar og hadde høveleg og jamn bør. Storleiken på båtane var ulik i dei ymse distrikt. Det retta seg noko etter vegnbruket. Dei som fiska med snøre, greidde seg med mindre båt enn dei som brukte garn. Det retta seg også etter landingsstaden. Dei som hadde dårleg landingsstad og i utrygt ver måtte drage båten fram til natta, måtte ha meir lettføre båtar enn dei som hadde god hamn, der båtane låg ute heile fisketida. Til dei lange og harde utrorane vest i havet, på Storegga, var det nok ynskjeleg å ha større og betre båtar enn fjørefar og åttringar. Det synte seg i 1786, då Landhusholdningsselskapet for Romsdal lyste ut premiering til 86

båtbyggjarar som kunne konstruere ein større og høvelegare båt til det bruk. Båten burde ha god plass til fisk, til eit par store halvtynner å samle lever i, til ei halvtynne vatn og til liggjeplass ovapå tynnene. Nærare rettleiing om dette kunne ein få hos Hans Wadbeck Paust i Molde, som hadde kome med idéen til denne forbetringa av båtane. Det vart inga premiering av dette slaget. Båtane vart verande som dei var. Men innreidnaden med tynnene og liggjeplassen tok somme etter. I 1804 vart det sett opp premie for bygging av dekksbåtar, men utan resultat. Jakter til føringsfarty var det og bruk for. Det fortelst om både eitt og to skipsbyggjeri inst i Austefjorden i Volda på 1700-talet og noko utover 1800-talet. Dei bygde store jakter. Ein stor mannskapsstyrke var i arbeid på desse skipsbyggjeria. Der var endå til eit sjukehus med tanke på arbeidarane og skadar dei kunne kome ut for under arbeidet. Der dette huset stod, vart det sidan heitande Sjukehushola. Det vart elles bygt jakter fleire stader utover 1800 talet. I eldre tider høyrde det drikkevarer til når båt vart levert. Når eigarane får til Bjørkedalen etter båten, måtte dei ha med noko å traktere med. Severin Overvåg i Ørsta ( f.1865 ) fortalde i 1951: «Når folk henta ny båt på Bjørkedalen, måtte dei ha brennevin med til båtbyggjaren. Slik var det på nøre dalen og på søre dalen, men ikkje på Helset. Der sette dei båten på vogna med ein gong. I nøre og søre dalen måtte dei flöte båtane, og då måtte kjøparen spandere skjenk.»

I seinare tid, då fråhaldsrørsla tok til å slå igjennom, var det ikkje alle som hadde med drikkevarer i slike høve. Gjekk båten då litt tregt på lunnane, sa bjørkedalingane at «det gniksa totalist». Båten og skulle ha ein tår i slike høve. Skjenkje båtane var gammal skikk og var ei magisk åtgjerd. Båten skulle vigslast med eit offer for velferd og lukke. Båtane vart skjenkte til andre tider og. Kanskje føre fisket når dei vart sjøsette. Det vart også gjort etter fisket når dei vart framdregne. Då slo dei ein dram over stammen og sa som så: «Du er ærleg verd det, du har gjort det godt i vinter !» Om Hans Tarberg - som før er nemnd - er det fortalt at han skjenkte båten sin julafta. «Du skal ha ein dram, du og,» sa han. «Det er du som har gjort meg til mann !» Drikkevarer vanka det ofte på karane og når båtane skulle brynast etter fisket. Då skulle det mannemakt til, og grannane hjelptest åt med dette, gjekk frå stø til stø og drog fram. Det hende nok at det vart meir drikking enn draging, så dei laut halde fram dagen etter og kanskje endå ein dag. Ikkje gjekk det så fredeleg til heller alltid. Uoppgjorde ting frå vinterfisket kom fram og skulle gjerast opp, gjerne med handemakt. Det fortelst om folk som vart helselause for livet etter slike oppgjer.

Det trongst også grannehjelp når båtane skulle «på stamnane», som dei sa - det var når dei skulle kolvast og smørjast. Båten måtte stellast vél. Bord og spant og saum og årar og rigg måtte ettersjåast og vølast og haldast i god stand. Båten var livberginga både på ein og annan måte.

Dei rekna med at ein storebåt til fiskebruk hadde 12 - 15 og opp i 20 års levetid.

87

18. Gardsbruk og sjøbruk

Som me før har vore inne på var fisket stort sett knytt til garden og var ei vinne som høyrde garden og gardsarbeidet til.

Bøndene var jordbrukarar og fiskarar og vart gjerne kalla fiskarbønder eller sjøbønder.

Gardslivet og tilhøva på garden var innretta også med tanke på fisket.

Tilverking av fiskereiskapar var eit heimearbeid som måtte gjerast i rette tid liksom anna gardsarbeid. Det var når haustvinna var unnagjord og grøda komen i hus. Det skulle spinnast hamp til å lage tråd og tög av. Spinninga var kvinnearbeid. I somme grender kom konene på to - tre gardar saman og hjelptest åt med dette, først på den eine garden, så på den andre og tredje.

Trongst det, kunne mang ein mann også spinne og tvinne hampetråd til å bøte og binde garn med. Karane bøtte dei garna som var bøtande og batt nye garn i staden for dei som gjekk ut. To-tre nye torskegarn og eit nytt sildegarn kvart år til manns var vanleg. Sildegarntråden var den grannaste og finaste. Torskegarntråden var grovare. Småjentene måtte lære seg å spinne, og dei fekk gjerne toset ( hampavfallet ) til å spinne steinband av.

88

Tög til garnskot og strenger skulle ög spinnast. Hampen skulle spinnast til tåttar og tåttane snurast til og leggjast til tog. Karar og kvinner hjelptest åt med dette. Töglegginga var utearbeid på slett mark, der dei fekk nok töglengd. Dei brukte to kjegler til dette. Den eine stod fast. Den andre hadde hjul, og den gjekk dei med, medan det på begge kjeglene vart sveiva rundt, så tåttane fekk snur og la seg i hop til tög.

Det var såleis berre hampen som vart kjøpt. Først på 1800-talet gav Sivert Aarflot ut eit lite skrift om hampdyrking, som han rådde til. Landhusholdningsselskapet for Sunnmøre lyste i 1806 ut premiering for hamp-avl, og nokre bønder i Ørsta og Volda vart premierte for slik avl i 1810, 1811 og 1812. Noko hamp- dyrking var det også drive føre 1800. Landhusholdningsselskapet premierte i 1778 og 1779 to mann i Bor- gund for slik avl.

Det viste lenge merke etter ein hampreit i Røsvik på Vigra. Noko særleg av denne dyrkinga vart det ikkje. Så sant hamp var å få, var det lettare å kjøpe. Det var utalandsk vare. Russehamp var velkjend og betre enn den heimeavla.

Kork til sildegarnkavl vart også kjøpt. Torskegarnkavl laga dei av eine eller selje, det var treslag som flaut lett. Nevrelurar vart 6g stundom brukt til kavl. Til søkke vart det brukt utleita hØveleg gråstein, fest med rennelykkje i steinbanda, som var fastknytte i grunnparten med høveleg mellomrom.

Når garnet var bunde, skulle det skytast. Det vil seie at skotet skulle festast til garnet.

Grunnparten ( grynen ) var ofte noko tjukkare enn kavleparten. Før skytinga vart garnet tela. To mann la då garnet mellom seg etter djupta, la skotmauskane i hop og smette skotholken igjennom dei, så heile garn- lengda var lagd på skotholken. Så hengde dei midgarnet opp i bjelken i høveleg høgd, smette skotet gjennom skotholken, og dermed kunne ein setje seg til å skyte garnet. Om lag ei alen inn på tögenden feste dei første skotmausken. Sidan feste dei tredjekvar mauske garnet til endes.

89

På skotendane på kavleparten feste eigaren merkekavlen. Det var ein tilsmidd kjeppende, 12-15 cm lang, ofte noko lenger, der bumerket eller bokstavane til eigaren vart skore inn. Somme hadde godt handelag og laga fin skurd på merket.

Svidjarn med bokstavar og gardsnamn kom etter kvart i bruk.

Då rykk og pilk kom i bruk, var det mange som laga desse reiskapane sjølve. Dei to onglane som trongst, var smedarbeid og vart kjøpte. Dei vart lagde inn i støypeforma, der dei rende blyet inn, og vart faststØypte i blyet. I rykken vart det støypt inn ein ongelslegg som stakk 3-4 cm opp om blyet til å røyre fast i snøret. På pilken gjekk blyet heilt opp, og i Øvre-enden vart det sett hol for snøret. Nedste parten av snøret, ein legg på knapt ei famns lengd, forsynda ( fortaum, kjensle ), måtte lagast slik at ho ikkje kunne snure seg og gå opp i tåttane når fisken arbeidde og kvingla med snøret. Ho vart slyngd eller fletta av firlagd hampetråd. Dei fire partane vart feste i bjelken og ein slyngjestokk fest i enden på kvar part. Stokkane med trådane vart så slyngde omkring kvarandre i ein viss orden liksom eit flettverk og laga såleis ein fast og sterk taum som ikkje kunne snure seg opp. Snøre og liner var ög heimelaga.

Liksom det høyrde forhus og fehus til på garden, høyrde også båtnaustet til. Somme hadde både færings- naust og storebåtnaust. Ei lita sjøbu til å salte fisken i hadde somme og likeins ei bu til å ha saltet i.

Desse to sistnemnde sjøhusa var gjerne timbra. Båtnausta var vanlegvis av stavverk. Somme naust var mura på eine sida eller på begge sider, så taket låg på murane. Hadde ein god stein for hand, kunne taket vere steinlagt.

På somme gardar hadde bruka nausta sine samla på ein stad, vegg i vegg, ei heil rad, der landingstilhøva var best. Andre stader hadde bruka naustplass ned for sine eigne hus. 90

Ein god landingsstad måtte ha livd for storm og båre og ei noko langgrunn fjøre, så det var lettast mogleg for båtdraginga. Til kvart naust høyrde det stø og vör. Mellom vörane var det lagt lunnar med høveleg mellomrom til å drage båten over. Storebåtane var tunge å drage fram. Det var å setje rygg under båtsida og ta i tak for tak. I seinare tid vart det brukt talje.

Om fjøra kunne vere velskikka til båtdraginga, så var ho mindre skikka når det bar til å bere fram fisk. Kom karane heim med fiskelast på fjøre sjø, var det lang veg til naustet. Då måtte kar og kvinne og ungar hjelpast åt. Dei bar torsken etter jarnkrokar, ein i kvar hand. Somme hadde doble krokar og fekk med seg to torskar i kvar hand.

Tåge eller kase vart og brukt til å bere fisk i. Der det var jamn fjøre, gjerne med sandgrunn, køyrde dei fisken fram med hest. Det gjorde dei på Flø når dei kom inn med stor fiskelast. Likeins på Løvsøya og truleg fleire stader. Då køyrde dei på utsida av vörane, der det ikkje låg lunnar.

Gardbrukarane var fiskarar like mykje som bønder, somme meir, men vart aldri nemnde fiskarar - anna enn nettopp medan dei dreiv fiske. Tek ein for seg folketeljinga 1801, er dei over alt her i distriktet nemnde «Bonde og Gaardbeboer». Berre eit lite fåtal er nemnde fiskarar.

I Aukra sokn finn me såleis berre 18 mann som er nemnde fiskarar. Dei var stort sett frå Ona / Husøy. Jordlause fiskarar står det i lista. Dessutan finn me 12 andre som er jordlause og «lever av fiskeri» eller «lever mest av fiskeri».

Garden og gardsdrifta var såleis det som vart rekna for næringsgrunnlaget. Slik vart det verande utover 1800- talet, stort sett hundreåret ut. Embetsmenn og vitskapsmenn og skribentar av ymse slag heldt ofte sterkt fram at bøndene la for mykje vekt på fisket og forsømde jordbruket. Vona om snarleg og god forteneste er alt for freistande og forfører gardbrukarane til å forlate plogen og fare til havs, skreiv Jens Rathke kring 1800.

91

Han meinte dei hadde overdriven tillit til fisket. Jamvel om fisket lukkast, så hadde ikkje denne stand med seg som særmerkjer «det møisomme Landlevnet». Sivert Aarflot tok med i det nystarta bladet sitt i 1810 eit utdrag av bonderadikalaren Hans Barliens Almue- Erindringer: Dei bønder som driv fiske, forsømer meir i jordbruket sitt enn dei tener i fisket. Vil dei føre bok over inntekt og utgift i 10 år, skal snautt nok tiandeparten av dei kunne seie at dei har tent på fisket. Ville dei derimot koste tilsvarande på garden sin, skulle vinninga bli langt betre. Fut og lensmann sa om lag det same utetter åra. Det var sommarfisket som særleg kom i vegen for jordbruket. Torskefisket om vinteren var ikkje noko å seie på. Det høvde inn i årsrytmen i jordbruket, og i den tida var det ledig arbeidskraft. Tanken i alle åtvaringar mot å halde seg til fisket på kostnad av jordbruket var å få bøndene til å nøye seg med vinterfisket og elles halde seg til jorda. Bøndene lét seg lite påverke. Var det teikn til sild i sjøen, så var det ut med nøtene, og dei var ute etter sei på kysten og i fjordane og etter kveite og annan fisk til havs. Det gjekk opp og ned med både vinterfiske og sommarfiske. Svikta fisket, vart det også svikt i næringsgrunnlaget. I si skildring av Aukra sokn 1818 skreiv sokneprest Høyem at det var «sult og trang og nøgenhed» mellom folk fordi fisket hadde svikta. I dei tider fisket var godt, var prestegjeldet mellom dei velståande, men no er det magert og fattig. I Romsdal var det fleire enn på Sunnmøre som kring 1800 og utover hadde fiske til hovudyrke eller einaste leveveg. Det var særleg dei som budde i fiskeværa, der jordbruket hadde lite og inkje å seie. Somme kunne føde ei ku og andre ingenting på grunnen dei hadde bygsla. I sokneprest Høyems skildring heiter det at i fiskeværa Ona og Bjørnsund bur det 40 familiar som ingenting sår og ingenting haustar. Desse strandsitjarane dreiv fiske året rundt så sant det var fisk å få og ver å drive i. I mislukka år var det nok verre for desse enn for bøndene. Både fiskarbønder og fiskarar var knytte til sin eigen sjø og sitt eige hav. Lengste fisketurane var på Storegga. Då låg dei ute nokre dagar, kanskje veka til ende. Dette fisket minka bort utover 1800-talet både på Sunnmøre og i Romsdal, særleg på grunn av dei låge fiskeprisane. Dei hadde såleis ikkje vide stader å fare om fisket svikta ut for eige land.

92

19. På Storegga

Fisket på Storegga var eit sommarfiske. Det var lang utror, 10 - 12 til 16 mil til havs. Jamvel i krigsåra 1807 - 14 var det båtar på Storegga. Haramsfiskarane var der årvisst den tida og, skriv Olav Fjørtoft. Det syner seg i tiendinntektene som soknepresten i Haram har notert frå dei åra. I 1813 var det godt sommarver og godt fiske. Då var Harams-båtar på Storegga så seint som sist i august. «Det er nok ikkje tvil om at Storegg-fisket desse åra i stor mon berga Harams-folket frå mykje liding og matløyse.» Eggafisket var særleg vågsamt i dei åra, då engelske marineskip patruljerte langs kysten. Fiskarane hadde vel den vona at dei kunne både sigle og ro snøggare enn fienden. Skot var det verre å berge seg frå. Det fortelst om Jon Steinvåg frå Alesund, som var på Egga og vart ute for ein engelsk kryssar, som skaut etter han. Han kappa snøret og sette segl og kom seg unna på fjørefaret sitt. I si skildring av Aukra 1818 skriv sokneprest Høyem at strandsitjarane på Ona og Bjørnsund og bøndene i kapellsoknene driv sommarfiske på Storegga attåt det årlege torskefisket. Turen dit ut er ofte fårleg på open båt. Stundom er der slik rennande straum at det er uråd å fiske, og då gjer dei turen til inga nytte, om veret er aldri så godt. Futen på Sunnmøre melde i 1820 om lite drift på Storegga. Dette «skjønne Fiskerie» hadde i seinare tid ikkje vore drive med særleg kraft. Det same melde han i 1826. Årsaka til det såg han helst i at prisane hadde falle så sterkt at det lite lønte seg å fiske meir enn til husbruk. Amtmannsmeldinga 1835 sa det same: Storegg-fisket har siste åra vore mindre drive enn før i tida. I seinare tid har uver hindra eggafisket, kunne futen i Romsdal melde i 1840. Det året heiter det i lensmannsmeldinga frå Sunds tinglag at dei har teke til å tilverke lange til klippfisk, og lange fiskar dei helst på Storegga, eit uhyggeleg farvatn i open båt, men ofte med godt resultat. I Vågøy tinglag er det sjeldan nokon har drive Storegga siste åra, seier lensmannsmeldinga derifrå i 1840. På Sunnmøre var det i desse tidene berre i Haram og nokre stader i Borgund eggafisket vart drive. I Herøy og Ulstein var det lite drive, og der var det i det heile lite havfiske, heiter det hos Kraft. Det var denne minkande eggadrifta som fekk styret i det romsdalske landhusholdningsselskapet til å ta med dette spørsmålet i den spørjelista dei sende til fiskerinemnda for Sunnmøre i 1844. Kva er største hindringane for bankfisket i distriktet, og korleis kan ein hjelpe opp dette fisket ? Nemnda - som var samansett av kjende og førande menn i Alesundsområdet svara på breitt grunnlag. Største hindringa var skort på kapital. Utreidnaden til fisket var det fiskarane sjølve som kosta med sparsam hand og på gammal vis. Fisket trong kapital til meir effektiv utrustning. Dette måtte staten syrgje for og ikkje overlate fisket til sin eigen lagnad. Men det skulle også noko meir enn utrustning til for å få fisket opp i den same drift som denne næringa har i andre land. Det krevst anna slags fis kefarty enn dei vanlege opne båtane. Det trengst dekksfarty, og det greier ikkje fiskarane å koste, det skal kapital til. Aldri kan bankfisket her til lands bli ei forsvarleg næringsgrein før våre fiskarar har dei same slags farty og reiskapar som andre land har, og dei må også få kunnskap om korleis dei skal brukast. Det ville bli til lukke og framgang om me no tok til å innrette fisket etter andre lands eksempel. Nemnda viste til bankfisket som vart drive frå Skottland og Holland, og meinte at det for statens rekning måtte sendast ut menn til desse landa til å studere deira fiskedrift i det heile og såleis få tilført praktisk kunnskap om rasjonelt fiske. Med staten si hjelp trudde nemnda at det skulle finnast personar som var interesserte og villige til å setje pengar i utreidnad til moderne havfiske. Det var ikkje nye tonar fiskerinemnda song. Det same hadde på ymse vis kome fram før.

93

Alt på 1700-talet hadde det og vore slått fram på om dekksfarty og sterkare og meir rasjonell drift etter andre lands mønster. I 1804 hadde landhusholdningsselskapet for Romsdal sett opp ein premie på 20 rdl for bygging av dekksfarty. Det vart ingen reaksjon på det. Men det er fortalt at Runde-losane Gjert Kvalsvik og Antoni Goksøyr dreiv eggafiske åra 1813 til 1830 med dekksfarty. Dei fiska håkjerring, og dei fiska lange og kveite med handsnøre. Ut mot 1830 minka det av med dette fisket, og fartyet deira vart selt, heiter det. I meldinga si 1829 gjorde amtmann Krogh ein djerv framstøyt for dekksbåtdrift i eggafisket: Amtet sette det vilkåret for dei som søkte om handelsløyve på Sunnmøre, at dei utrusta eit dekksfarty til bankfiske eller gav ein pengesum til eit eller anna nyttig tiltak i distriktet. Det vart inga dekksbåtdrift av dette heller. I 1840 heiter det i Herøy heradsstyre si fråsegn om fiskartilhøva at fisket på desse kantar utan tvil kunne drivast på betre måte. Dei opne båtane var lite skikka for fiske langt til havs, for dekksfarty kunne gjere langt betre teneste. «Men tildeels Vedhængen ved det gamle og deels Mangel paa Resurser hos Almuen hindrer de gavnlige Forbedringer.» I 1842 hadde Landboe-Avisen ( nr. 24 ) ei «patriotisk Opfordring» frå «En Normand og en Ven af de norske Fiskermænd» - etter stilen å døme den originale og skriveglade tolloppsynsmann Brun i Herøy. Han vart ikkje alltid teken alvorleg, men i denne praktiske oppfordringa var det trass i den pompøse forma ein kjerne av realitetar. Det må leggjast betre grunnlag for vokster i fiskarnæringa, skreiv han. Det ser ut som dei norske fiskarane ligg hundreår etter dei oplyste folk, som har gjort fisket til ei næringsgrein. Det er dyrt og ulønsamt å drive med garnbruk etter torsken. Garn går ofte tapt. Og med dei opne båtane vert det jamnast ikkje så lang utror. Dette må ein samanlikne med dekksbåtfiske, som andre nasjonar driv ute i den rettelege matbua, dei rike fiskegrunnane mil frå land. Eit par mann kan på den måten sigle ut sine kjempeliner og kan fiske like mykje som det mangdoble mannskap i open båt inne under kysten. Innsendaren oppmoda handelsmennene om å gjere sitt beste til å utvide fisket og hjelpe fiskarar til å nytte betre ut dei store rikdomskjelder i havet. «Kloge, oplyste Normænd! Op til Kamp for Fiskerierne - mod Daarskab, Fordom og Dorskhed - til Opvækkelse af gavnlige Selskaber for Norges Vel, og til Ære, Nytte og Velsignelse for hele det frie Norge.» Nokre nummer seinare hadde Landboe-Avisen eit svar på oppfordringa frå ein innsendar, som meinte at sunnmørsbåten i storm og stor sjø var tryggare enn «den almindelige østerlandske Dæksbaad». I ei melding om fisket i Romsdal i mars - april 1851 vart det teke til orde for dekksfarty. Fisken var då på utsig, og veret hindra fiskarane i å kome langt nok ut. Dette året og, heiter det, er det god grunn til å klage over at fiskarane ikkje får seg til å vinne over fordomen mot dekksfarty. Alle veit at fisken bit best i morgon - og kveldsmundet, nett på den tid fiskarane er på veg ut eller heim. Dersom dei hadde dekksbåtar, kunne dei ofte liggje på fiskefeltet natta over, gjere betre fangst, vere mindre utsette for fåre og spare seg mang ei møde. Dette året ( 1851 ) vart ein mann i Sande; Krispinus Myren - boden eit lån på 50 spd. av Romsdals Amts Landhusholdningsselskab om han ville byggje ei skøyte til å drive prøvefiske med, men han våga seg ikkje på eit så stort arbeid. Etter det ein kan forstå, hadde uviljen til å prøve med dekksfarty fleire grunnar. Konservatisme og fordom hadde vel sitt å seie. Truleg vog det meir at det skorta på økonomisk evne til å greie kostnaden med dekksfarty. Ei praktisk ulempe med slike farty var andøvinga. Dei opne båtane lét seg andøve under setjing og draging av garn og line. Dekksfarty kunne ikkje andøvast på den måten. Det var såleis ikkje berre dette fartyet som RB 6/4 1851. SR 2 301. måtte kostast, men småbåtar og. Det var slik utlendingane dreiv bankfisket. Og mannskapet trong vere like stort som på fjørefaret og åttringen og kanskje større. Det var mykje uvisse og tvilsmål omkring dekksbåtdrift. Det var ein heilt annan driftsmåte. Dei kjende seg tryggare med å drive som fiskarar hadde gjort gjennom dei lange tider. Så vart det verande på den gamle måten. Berre med den skilnad at det hadde kome ei forbetring i båtinnreiinga. Den skreiv seg frå 1786. Då kom landhusholdningsselskapet for Romsdal med ein ny idé til innreiing: Ei tofte som vart sett inn to fot fram for kjempetofta. Mellom dei to toftene vart det lagt ei halvtynne til å ha vatn i og to storspunsa halvtynner til å ha levra i. På den måten berga dei levra betre og slapp at ho låg og skjemde fiskebukane, som elles var mykje vanleg. Opp på desse tynnene kunne dei leggje flakar til «beqvemt Leiested» for nokre mann. Den som først laga slik innreiing vart premiert med 5 rdl. Mange sytte då for slik innreiing.

94

I Tidsskrift for Sunnmøre historielag 1946 - 47 har Olav Fjørtoft fortalt om eggafisket slik som det vart drive i Haram: Det var ei sambruksdrift. Alle tuna på garden var i lag om drifta og bytte fangsten likt. Dei reidde ut ein til tre åttringar, etter talet på tuna. Båtlaga fiska kvar for seg, men dem samla fangsten bytte dei likt på kvart tun. Den fisken som fall på kvar, vaska dei og turka kvar for seg og selde for det kvar i sær kunne oppnå. Levra hadde dei i lag og brende henne til lyse, som dei selde under eitt og bytte pengane. På Ulla stod denne sambruksdrifta ved lag så lenge dei opne båtane var i bruk. Eggabåten rigga dei vanleg med to mastrer, ofte med tre. Stormastra stod på sin vanlege plass. Ved baktofta reiste dei ein trerøringsrigg med trerøringssegl. Vart det for lite framsegl, retta dei på det med å reise ein færingsrigg framme i forstova. Då la dei ein bom fram over stamnen til å feste seglet i. Med slik seglføring nytta dei godt ut vindgræla i godver. I frisk vind brukte dei berre det vanlege seglet. Utreidnaden elles var siglestein og sterke sigletre, verkty og fleire auskjer. Til utfar hadde dei med krake og 200 famner framtog. Dei hadde med to gryter. I den eine gjorde dei opp varme, og i den andre koka dei fisk. Kvar mann hadde niste med, byggkaker, flatbrød, smør og spikekjøt i ei bombe. Flesk kunne dei ikkje ha med, det var av gris og gav utur, trudde dei. Kvar mann hadde gjerne med ein dall syreblende. Og så måtte dei ikkje gløyme å ta med bevergjel til vern mot sjøormen. Fiskevegna var handsnøre til ut i 1830-åra, då dei tok til å bruke line. I god bør nådde dei Egga på 6 - 7 timar. I stilt ver var det å leggje seg på årane og ro. «Enno lever det i Haram 80-åringar som har vore med og rodd eggavegen heilt fram utan anna kvild enn ei lita matykt eller to. Men så greidde dei og vegen på 8 til 10 timar,» skriv Olav Fjørtoft i 1946.

Til ein Storegg-tur rekna dei med tre fire dagar. Eitt og eit halvt til to døger var nok til å fiske last i båten, når det var lagleg ver. Dei leita opp fiskerøra og fann fiskeplassen og fira ut alle snøra. Beit storelanga, var det eit tungt spenn å drage opp fisk og stein til snøret kom så høgt at langa skaut magen. Det var på kring 50 famner, og dette kalla dei knekkjarmåtet, då var makta åt langa knekt. Då kvilde dei på, hala så inn resten og kleppa langa innover ripa. Så var det å skifte beite, egne og kaste ut att. Vart dei svoltne, la dei byggkaka på tofta attmed seg og tok ein bit når det høvde. Svevn vart det lite av, kanskje ein liten dubb under seglet høgste nattedimet, då låg båten tørna etter kraken. Når dei hadde full last, pusta dei på, kveikte opp i eldgryta og hengde fiskegryta over og koka seg fisk. Langa vart i eldre tid opphengd til råskjer, men etter 1756 også verka til klippfisk. I same tida vart brosma handelsvare og vart for det meste stelt som klippfisk. Noko av henne vart salta i tynner og seld på Romsdalsmarknaden. Av kveita laga dei rekling og rav. Rekling var handelsvare, ravet var til heimebruk. Det hende det kom harde flodingar medan dei var ute, og vinden kunne vere ulagleg, så dei ikkje kunne tenkje på å nå eige land. Då laut dei lense unna nordetter. Det har gått segn om Harams-båtar som berga seg til lands først nord ved Halten. Dei var avsyrgde då dei kom heim att. Likevel var det merkeleg sjeldan det var sjøulukker under eggafisket, heiter det i denne skildringa av Olav Fjørtoft.

95

20. Frå fiskevær til kjøpstad

Kring 1810 heiter det at Ålesund var berre eit fiskevær med gjestgjeveri og skysskifte. Men der var fleire store hus og sjøbuer. Hamna var romsleg og lagleg. Dei fylgjande åra var her stasjonert fire til seks kanonsluppar med ein mannskapsstyrke på tre - fire hundre mann, som trong mykje husrom til innkvartering. Etter 1814 voks staden til ein ladestad, der det stundom låg ti-tolv spanske skip og lasta turrfisk - kanskje einaste staden i Norden der spanjolane henta varer direkte, er det opplyst. I 1830 -40-åra hadde Ålesund stor framvokster. Det kan ikkje vere tvil om at denne staden med tida vert ein av fremste handelsbyane i landet, spådde amtmannen i meldinga si i 1845. Frå 481 innbyggjarar i 1835 hadde folketalet auka til 1157 i 1845. I 1840 var der 14 handelsmenn. I 1845 hadde det auka til 43. Talet på handverkarar hadde auka frå 41 i 1840 til 86 i 1845. Der var 12 skipperar i 1840 og 15 i 1845, medrekna 8 som var busette utanom byen. Amtmannen fann det naturleg å bruke nemninga byen i meldinga si om Ålesund. Den nemninga hadde vel også kome i bruk når folk no snakka om Ålesund. Det markerte eit tidsskifte, ikkje berre for Ålesund, men for Sunnmøre i det heile, og noko på veg for Romsdal og. Gjennom lange tider hadde Bergen vore byen for sunnmøringane. Dit reiste dei fleste med fisken når han var turka og ferdig til levering. Bergensreisene tok tid, ei dyrverdig tid, for det var i mai - juni, då vårvinna skulle gjerast. Stundom leid det kanskje ut i juli før ein kom i veg, og då var det slåtten. Futar og andre ansvarlege hadde opp att og opp att klaga på dei tidkrevjande bergensferdene.

96

Dei var ei hindring for gardsdrifta, som dei rekna for viktigaste næringsgrunnlaget. Difor hadde dei masa om at Ålesund måtte få kjøpstadrett og bli utskipingsstad for fiskevarer og for andre varer. Det hadde lukkast å få ein provisorisk utførselsrett frå 1823. Det var eit stort framsteg, og det skapte optimisme. Alt i 1825 gjekk dei første fiskelastane direkte til utlandet, til Spania og Frankrike. Ålesund var etter kvart ein sterk konkurrent til Bergen når det galdt avtak og eksport av fisk frå Sunnmøre og etter kvart frå Romsdal. Klippfiskeksporten tok seg sterkt opp i Ålesund utetter åra og fekk ein eksplosiv vokster først på 1840-talet. Eksporten frå Ålesund var i 1841 48 961 våger klippfisk. Det var noko mindre året etter, men auka til 77 530 i 1843. Då kom eksplosjonen: 125 276 våger i 1844 og 134 513 våger i 1845. Utførsla av sild og saltfisk hadde auka frå 227 tynner i 1840 til 3051 tynner i 1845. Utførsla av klippfisk frå Molde i same tida syner jamt over 15 158 våger for året, minst i 1843 med 13 185 våger og mest i 1844 med 17 492 våger. Fisket på Romsdalskysten var større enn desse tala syner, for mykje av fisken derifrå vart seld i rå tilstand til oppkjøparar frå Kristiansund og Ålesund. Knapt 3/5 av torsken som vart fiska i Romsdal, vart eksportert over Molde, skriv amtmannen. Før søkte bøndene og handelsmennene på Sunnmøre til Bergen, Trondheim og Kristiansund med fiskevarer og andre varer, heiter det i amtmannsmeldinga 1845. No var det heilt annleis. Dette året var snautt nok meir enn 10 000 våger eksportert annan stad enn i Ålesund. Tvertimot vart det i Ålesund falbode fisk både frå Molde og Kristiansund. Jamvel bergensarar som kom frå Lofoten, falbaud sin klippfisk i Ålesund. Utførsla av tran og rogn frå Ålesund stod ikkje i samsvar med auken i klippfiskeksporten. Slike varer gjekk framleis mykje over Bergen. I 1828 hadde Ålesund ein skipsflöte på 11 farty. Frå 1829 vart det utført varer direkte til utlandet på skip som høyrde heime i Ålesund. 1 1830 auka flöten med tre farty. Skipsfarten var i vokster.

Direkte fiskehandel med Spania

1 1835 vart det vedteke ein høg tilleggstoll på fisk som vart ført til Spania på skip frå framande land. Til den tid var fisken frå Møre-byane først ført til Bergen og dernest til Sør-Europa. Frå 1830-åra kom spanske skuter direkte til Kristiansund og Ålesund og henta klippfisk mot kontant betaling. Den spanske tollpolitikken hindra at norske skuter kunne ta på seg slik transport. Fisk importert på spanske skip vart pålagd langt mindre toll enn fisk som vart innført på utanlandske skip. Først i 1870-åra fekk ein bort dette tollsystemet. I 1831 vart det for første gongen utklarert to spanske skip med klippfisk. I dei komande åra steig dette talet sterkt. Heilt fram til 1860-åra gjekk det årleg 40-50 spanske skip med klippfisk frå Kristiansund. Det var ein stor føremon for fiskarane på Nordmøre at spanjolar og portugisarar hadde byrja å hente fisken sin direkte frå Kristiansund. Det gav sikker avsetnad og høg pris. Ei vise som vart skriven i 1869, fortel at det ikkje berre var sigarettrøyking dei spanske fiskehandlarane freista med i Ålesund. Sunnmørsjentene som kom til Ålesund, vart sjarmerte av utlendingane, men det kunne gå ille når dei møttest i gatene på kveldstid.

97

Vi gjev att fire av dei femten strofene:

En ny Vise forfattet om Pigerne i Aalesund by

De der tjenester faar og paa gaderne gaar Smugt i Kjole i Hat og i Kaabe, saa den Løn de mon faa udi Stas mone gaa snart Pungen om jelp mone raabe.

Det er Søfolkets vis Kloken Aate presis Vær Aften de i Land mone gange frem ad Veien de gaar Vor de Piger mon Staa ja i Kiperviken findes der saa mange.

Nu der gjøres stragst holt Og der tales saa stolt og de Damer de tages under Armen og de svinger sig fort under buskerne bort men jeg skamer mig at synge om Harmen.

Her betales kontant og her vanker iblant Sylmynter av fremedes Nasioner her er Engels og Fransk her er Holansk og Spansk ja af saadane har vi af Milioner.

I 1830-åra vart det stans i denne skipsfarten. Då kom den såkalla spansketida, då klippfisk til Spania vart frakta på spanske skip. For å fremje sin eigen skipsfart la regjeringa der lågare toll på varer som kom med spanske skip enn på varer som vart innførde på utalandske skip.

98

I denne tida - frå 1835 til 1870-åra kunne det til sine tider liggje opp til 30 spanske skip i Ålesund og vente på å få ta inn klippfisk. Spanjolane var eit livleg og interessant innslag i bymiljøet. Gutungane fann moro og spenning i å gjere fantepretter med dei. Det heitte også - vel som ein velmeint skremsel - at spanjolar låg på lur ved Korsabakken kveldane, og då torde ikkje unge jenter gå forbi der. Men stort sett kom innbyggjarar og framande vél overeins.

I fjøra får gutungane og plukka kuskjel til spanjolane, som gjerne ville ha slike delikatesser og betalte for dei med skipskjeks, tobakk og sigarettpapir. Såleis breidde sigarettrøykinga seg ut mellom unggutane. Dei syntest det var gromt å kunne syne fram tobakksbrune fingrar. Frå byen spreidde sigarettrøykinga seg til bygdene. Det hende og at gutar tok hyre på spanske skip. Det nære hopehavet gjorde at mange lærde å snakke spansk. «Her lever endnu enkelte av disse som den dag i dag mestrer sproget ganske godt», skriv Kristian Bugge i 1923. Påsketida fall gjerne inn i den tida dei spanske skipa låg her, og då gjekk spanjolane - som var katolikkar - i festtog gjennom gatene. Trass i at den spanske toll lova la hindringar i vegen for Ålesunds skipsfart, var byen likevel i stendig vokster. Folkemengda steig frå 1157 i 1845 til kring 1500 i 1850. Talet på handelsmenn auka på same tid frå 43 til 54. Der var 86 handverkarar i 1845, men det må ha vore for mange, for det talet minka til 47 i 1850, og det synte seg å vere fullkomeleg nok, heiter det i amtmannsmeldinga for denne 5-årsbolken. Om fraktefartya frå Ålesund miste klippfiskfarten på Spania, så måtte det finnast andre vegar å fare med klippfisk. Fiskegrossistane i Ålesund såg seg om etter andre marknader og fann dei i Sør-Amerika og Mellom-Amerika. Norsk klippfisk vart eksportert til Sør-Amerika i 1841, men det tok nokre år før det kom eksport i gang den vegen frå Møre byane. Det var måten å pakke klippfisken på som var eit problem. Det vart løyst i 1845 med at kjøpmann Carl Esaias Rønneberg i Ålesund då sende klippfisk i kasser til Havana.

99

Noko etter vart det sendt klippfisk frå Kristiansund til Brasil på same måten. I første tida gjekk fisken frå Ålesund om Hamburg, seinare også direkte til Havana. Dei nye marknader førde til auka skipsfart og fiske- eksport, og dette slo ut i betre fiskeprisar og sterkare fiskedrift og arbeidsliv i distriktet. Utførsla av klippfisk auka jamt, bortsett frå eit lågmål på 125 813 våger i 1847. Året etter var utførsla oppe i 156 476 våger og auka til 158 034 våger i 1850. Kristiansund hadde hatt særleg stor auke i klippfiskutførsla desse åra. Det var vanskeleg for Ålesund å konkurrere på dette området,skreiv amtmannen. Torsken på Sunnmørskysten synte seg å vere særs feit og kunne difor vanskeleg halde mål med ei så «fortrinlig og holdbar» vare som den kristiansundske klippfisk. Likevel var det auke i klippfiskutførsla frå Ålesund. Med andre fiskevarer varierte det sterkt. På grunn av den spanske tollpolitikken hadde handelsflöten i Ålesund minka siste åra. Men no hadde byen vorte by for alvor. Ved lov av 13. april 1848 fekk Ålesund kjøpstadrett. Eit gammalt krav hadde dermed fått sitt endelege og rette svar. Bergensferdene frå Sunnmøre var likevel ikkje slutt. Mange band var knytte mellom sunnmøringar og bergenskjøpmenn. Ikkje alle band var like velgjerande. Det hadde nok hendt at folk hadde kome i skuld til kjøpmannen, som i neste omgang måtte vende seg til forlikskommisjonen og prøve å få inn det han hadde krav på. Kanskje vart det søksmål av det. Men reint menneskeleg var og band knytte. Det finn me døme på i eit brev frå ein forretningsmann i Bergen, datert 7. november 1843, adressert til «Velagtede Ven Christen Christensen Ulle», som er teke vare på. Brevet gjeld hopehav i forretningar med folk på Ulla, og kjøpmannen nemner der «mine Venner paa Giskeødegaard» og «mine Venner paa Ulle». Han rår dei til å tilverke storparten av vintertorsken - «hvis det algode Forsyn i Aar Vilde skjenke Eder meget af denne Artikkel» - til klippfisk og berre lite til råskjer. Til slutt sender han helsing til Kristen sine grannar og vener på Ulla og nemner kvar i sær på namn. Dessutan var bergensferdene og bergenshandelen gammal tradisjon, som slektene hadde levt seg inn i. Dette gjorde vel sitt til at somme heldt fram med bergensferdene. Dei praktiske omsyn vog likevel sterkast for dei aller fleste. Det var inga vinning i å fare den lange bergensleia når ein kunne avhende vinterfisket i Ålesund. Ja, det var også lokale kjøpmenn som gjerne kjøpte den turka og leveringsferdige fisken. Det hende at båtar drog til Bergen med fisk og kom heim att og fekk vite at lokale kjøpmenn betalte det same som dei hadde fått i Bergen. Somme drog likevel til Bergen med fisken sin ein og annan gongen. Ingebrigt Frøystad fortel i dagboka si 8. juli 1873 at Antoni Steinsvik hadde vore i Bergen for heile båtlaget, men hadde gjort ei dårleg ferd. Frå Leinebygda er det fortalt at eit par mann derifrå var til Bergen med vinterfisken sin kring 1890 og tente godt på det. Året etter får dei også til Bergen med fisk. Då telefonerte Rønneberg i Ålesund og baud bergensarane fisk til same pris som fiskarane kunne få i Straumen. Etter dette vart det slutt med bergensferdene. Frå Vartdal er det fortalt om bergensferd i gammal tid: Dei la flakar over farmen til vern mot regn og skvett. Når fisken var pakka og dei var reiseklar, møtte kjerringane opp med ein dall feit rjomegraut, som karane skulle mette seg med før dei kasta laust. Ein gong, med same dei hadde lasta, rauk det opp ein nordavind, så dei fekk ikkje tid å ete, men tok dallen med seg og får. Vinden auka, og kvar fekk nok med sitt. Dei fekk ikkje tid å ete før dei kom inn på byvågen i Bergen, og då var ikkje grauten kald endå !

100

101

21. Isdrift og ferskfiskeksport

Frå 90-åra og utetter 1900-talet vart det meir og meir spørsmål etter is til ferskfiskeksporten. Avisene skreiv om den lønsame attåtnæring det var for dei som hadde høve til det, å samle is og selje. Både på Sunnmøre og i Romsdal var slik drift lagleg fleire stader.

Is vart det meir og meir bruk for, heiter det i 1898. Den tid synest vere nær då kvar fiskeforretning måtte ha sitt ishus. Isforsyning til fisket kjem til å bli like viktig som å forsyne seg med salt. No vart det etter kvart drive isproduksjon for sal til Ålesund like frå indre Romsdal, heiter det året etter. To mann frå Eid saman med ein sunnmøring har skipa ei isforretning og skal nytte ut isen på Gjersetvatnet.

Aalesunds Fiskerforening averterte i avisene etter god stålis.

Dei to fiskarforeiningane utasunds i Romsdal søkte i 1900 om statstilskot til bygging av ishus, to på Harøy og eit i Harøysund. Stortingsmann Børresen heldt eit sterkt innlegg i Stortinget for hjelp til romsdalsfiskarane i denne sak. Dei fekk også nokre hundre kroner i statstilskot. For ferskfisktrafikken trengst det is om bord like frå fisken kjem or sjøen og til han vert pakka og send på marknaden, skreiv fiskeriinspektør Wallem til fiskarane.

Utan is kan ingen fiskar eller handelsmann levere god fisk.

102

22. Storfisk og småfisk

Etter at dekksfarty og maskinkraft kom i bruk, vart det stordrift og heilårsfiske med mange fiskarar og på mange felt. Ålesundsflöten gjorde utslaget i dette fisket. Somme bygder kom med i denne drifta med dampskip og ishavs- skuter, først og fremst Hareid og Vartdal og Ulstein. Lauskarar frå bygdene og andre som ikkje var bundne til jordbruk, tok seg rom på slike farty. Bygdefiskarar elles heldt seg til det tradisjonelle fisket etter vintersild og vintertorsk. Men til sine tider bar det ut med dei ög, kva det så var å gjere på garden.

Utanom notfisket etter sild i sommarhalvåret var det ymse slags fiske å trøyte seg etter. Småfisket langs strendene med garn og line og snøre gav mat i gryta. Men av og til var det heimefiske av anna slag og av større dimensjon.

Etter kveite

Mange stader på kysten var det gammal vis å gjere ein eller fleire turar ut i havet med snøre, seinare med line, og fiske lange og brosme og kveite. Det høvde best i tida mellom vårvinna og slåtten. Dei kalla det å fare «på skall- ane» eller «ut i havet». Utrorsfiske vart det også kalla. «Ut i holda» var ei endå eldre nemning ( av hald = fiskehald ). Ofte bar det langt ut, 4 - 5 timars roing og meir i stilt ver.

Etter kveita vart det fiska både sommar og haust. Adventa var beste tida, heiter det frå Runde. Kveita heldt seg på visse stader. Somme hald var så knappe at det toldest ikkje så pass avvik som ei båtslengd eller to. Knappe bakkar og berg knep på havbotnen var best. Dei gamle hadde funne ut at kveita heldt seg der det var oppkome av ferskvatn. Stundom fann dei ferskvatn i kveitemagen.

Dei brukte tjukt snøre til kveitevegn. Blysteinen våg 7 merker. Ongelen var heimesmidd. Nærast blysteinen var ei «slyngd forsynd», ei famn lang, og nærast ongelen var det ein fir-lagd massingstreng på ei halv alens lengd. Då dei seinare tok til å bruke kveiteline, hadde dei linestubbar på 10 onglar, gjerne 20 famner mellom onglane, som var feste i to famner lange forsyndar. Det var ikkje berre ei mil eller to ut om landkanten dei no skulle fare, skriv Daniel Liset. Det bar 10 - 12 mil unna land, «der storekveita sumde». Der var alltid fisk å få. «Det var eit fagert syn å sjå heile fjøra kvit av kveite, som dei drog på land og la med buksida opp.»

Lærar Johan Sundnes i Herøy fortalde i 1952 at han hadde vore med på kveitefiske i 1897, året etter han var kon- firmert. Dei var fire mann på ein kjempfæring. Dei hadde kveiteline og fekk 18 kveiter på 60 - 70 og opp i 110 kilo. Det hender at kveita kjem opp i sjølogga. Ein Herøy båt var på veg ut i havet. Då kom det opp ei kveite fram for stemnet. Ein av karane rende fram i forstova og hogg kleppen i kveita. Ho reiv mannen over bord, men han fekk tak i bordinga og heldt så hardt at bordinga rivna frå stamnen. Mannen svor på at «eg slepper deg ikkje !» Karane rauk til og berga inn både mannen og kveita.

Kveita var ikkje alltid avsetleg føre hundreårsskiftet. Då bytte dei fangsten til heimebruk og gav grannane ein smak. Noko vart salta og noko opphengt til rekling. Finnane med alt feittet på vart skore frå og opphengt, det vart kalla rav. Rekling og rav med poteter og flatbrød attåt var kongeleg kost. Etter hundreårsskiftet vart det stort sett slutt med dette utrorsfisket.

103

Kveite vart det fiska i fjordane og. Det fortelst om ein mann i Gursken som fiska 15 kveiter på ei veke i Sands- fjorden nord for Gjøneset. Den eine var så stor at han torde ikkje prøve på å ta henne inn i båten, han slo tog på henne og drog henne til lands. Der sleit han henne opp på berget og avliva henne og tok henne så inn i båten. «Du får ikkje kveite der på 30 år,» sa gamlingane då han kom heim med henne. Dei meinte han hadde teke mora. Og det gjekk som dei sa. Det vart årevis før der vart kveite.

I sin «Beskrivelse over Romsdals amt» har Amund Helland oppgåve over kveitefisket i åra 1908 - 09. Av desse ser ein at Herøy låg høgst av sunnmørsbygdene med 15 000 kilo i 1908 og 10 000 kilo i 1909. Nærast etter kjem Haram med 10 000 i 1908 og 5000 i 1909 og deretter Ulstein med ( Hareid ) med 5000 kilo i 1908 og 4000 i 1909 og Vigra med 5000 i 1908 og 3000 i 1909.

I desse tala er det nok rekna med berre det som var handelsvare og slett ikkje alt av dette heller. Kveitefiske er nemnt i Borgund utan at tal er oppgjeve. Det same gjeld Vatne. Sykkylven står med 1000 kilo kveite i 1909, og om Skodje er opplyst at der vert fiska kveite på banken eller revet mellom Yksnøy og Sykkylven.

Ved strendene og i fjordane i Romsdal var det på same måten. At der på sine stader var rikeleg med kveite kan ein sjå m.a. av alt kveitefisket Alf Sundsbø fortel om frå Otrøya i hans barne - og ungdomsår i tida 1910 - 1920. Han var med og fiska kveite på opp til over 80 kilo straks bort for landet.

Kveitefiske var det innetter heile Romsdalsfjorden. Helland har oppgåver om kveitefiske i Voll, Grytten, Veøy, Eresfjord og Vistdalen, Nesset og Bolsøy i 1908 - 09. Nesset, Eresfjord og Vistdalen og Bolsøy låg høgst, kvart av desse herad med 1000 kilo i eit av dei to åra. I ytre Romsdal vart det drive kveitefiske til havs. Der kom kveitefisket i 1908 opp i 106 400 kilo i Fræna, 18 000 kilo i Aukra, 34 000 kilo i Sandøy og 22 900 kilo i Bud.

I sommarlinefisket som vart drive innaskjers og til ytst på Buagrunnen, Brusteinen og Bronarøra, nord for Juls- undet og ut for Ona, brukte dei å ha kveiteonglar på torskelina, kvar 20., 30. eller 50. ongel. Det kunne bli mange slags fisk: brosme, lange, torsk, hyse og kveite. Dei dreiv det slik til ut i 20-åra og først i 30-åra, då det moderne bankfisket tok til.

I fjordane vart det forutan kveite også fiska annan djupvassfisk, slik som brosme og lange.

I har det gått eit ordtak: «Brøsmå med sitt tjukke rø, ho er god attåt smør og brød, det sei dei alle ut i Blø.» Brøsma gjorde seg på matbordet. Langa like eins. Ho låg høgst i pris når ein hadde å selje. Nokre år etter hundreårsskiftet vart det oppsving i fjordfisket her, er det fortalt frå Voll. Då hadde Lasse Vold fått tak i langegarn i Eidsbygda, og det vart fiska mykje lange i dei garna. Mange tok etter. Dette fisket vart drive i årevis fleire stader i fjorden. Dei brukte på djupt vatn med 160 til 250 famner langt utfar. Fisket minka av etter kvart, men seinare og har der av og til vorte fiska lange på denne måten.

Seifiske Vår og sommar og ofte vinterstider og vart det fiska sei utaskjers og innaskjers og i fjordane. Reiskapen var seisnøre med blystein og ongel etter storsei ( ufs ). Då låg ein i ro og drog seien «nea 6». Etter småsei og pale vart det brukt troer med taum i, pötatroer. Å pöte, sa dei om slikt fiske. Då var det ein roar og ein pötar. Han som påta, la baktofta eller styret tvert over ripane ved bakstamnen og sette seg på denne med ei troe i kvar hand, som han drog fram og tilbake, den eine fram når hi gjekk tilbake. Når det var fisk på, lyfte han troa og lempa fisken innover ripa og i fanget sitt og avongla han, når det var småfisk. Var det storfisk, lét han troa gå i sjøen på hi sida av båten medan han drog fisken inn.

104

Stundom sette storseien til lands, helst når han hadde sild å jage i. Då kunne han renne på turre land, og då strøymde folk til og tok seien med berre nevane eller med höv, klepp, greip eller kva som helst som på nokon måte kunne brukast. Etter Anton J. Farstad i Hustad ( f.1888) er det fortalt at eit av siste 1890-åra gjekk Farstadbukta full av storsei på jag etter sommarsilda. Han jaga ein sildetopp heilt opp i elveosen og opp gjennom elva, der det i flod sjø går sjøvatn 7 - 8 hundre meter opp. Folk rende til og stengde osen med torskegarn. Då sjøen fall ned, gjekk seien på garna og sprengde dei. Likevel vart det plukka opp mellom 200 og 300 sei i elva. Og endå gjekk bukta utafor full av sei. Seien kunne vere snar å setje ut att i djupsjøen, men det hende at karane fekk tid å få ut not og ringe han inne. Det er fortalt om eit storkast i Innfjorden ein haust like før hundreårsskiftet. Seistenget rokk frå Vikelva til Innfjordelva, vert det sagt. Der var 9000 sei. Eit endå større kast er det fortalt om frå Hjørundfjord i januar 1901. Der tok dei eit kast på 16 000 stor vintersei, som dei selde til P. Th. Sandborg i Ålesund for 12 øre stykket. I Dalsfjorden fiska dei sei i Djupet, mellom Sætre og Nautvikneset. Dit kom det seifiskarar frå heile Volda og stundom frå Ørsta. Seien var nokolunde årviss der. Eit av beste åra var 1910. Folk fiska alt dei ville. Ein femtenåring drog åleine 90 sei på ein dag, heiter det. Seiinnsig var årvisst i fleire fjordar både på Sunnmøre og i Romsdal. Om det ikkje var storsei å få, kunne det vere småsei og pale. Morten og var matsøkjande. Han stod gjerne i stimar i straumar og sund og vart teken med kastenot. Når dei kom til lands med bakskuten full av mort og kanskje noko i framskuten med, gjekk det bod rundt i grannelaget at dei måtte kome og forsyne seg med mort. Var det meir enn kokefisk, så salta dei. «Det var gromt med småsei og mort som vart nedsalta i alle hus om hausten,» kunne Anna Bjørnerem frå Ona fortelje. Søkkjenota var brukt i seifisket til ut på 1900-talet. Denne nota hadde om lag kvadratform og hadde drått i kvart hjørne. På kvar drått låg ein båt når nota var sett. Med dette fisket heldt dei seg på grynner ute mellom havskjera og til havs når veret var godt. Dei lét nota søkke mot botnen, venta så til dei såg eller meinte det var fisk inn på, og då drog dei opp på alle fire båtane det snaraste dei vann. Dei var gjerne fire mann om nota, men dei måtte vere to mann i kvar båt. På Vigra hadde dei ei stor søkkjenot som dei trong åtte båtar til. Dei hadde trerøringar på kvart hjørne og storfæringar på midtparten mellom dei. Laurits Blindheim på Vigra fortalde om søkkjenotfiske i 1901: Dei rodde ut på Grynneskallen ein fin dag, fem timars roing. Der dreiv dei på med nota frå 5 – 6 tida om kvelden til 2 – 3 tida om natta. Då var alle fire båtane så nedlasta at siste kastet var det ingen som var huga å ta noko av. Det var så vidt båtane flaut då dei hadde fått berga all seien. La ein neven over ripa, tok fingrane ned i sjøen. Men det var stilt og fint ver, og dei kom seg velberga inn i byen i 6 – 7 tida om morgonen. Dei hadde 6500 sei, som dei selde til Berset for 10 øre stykket. Dei spurde seg føre andre stader, men fekk ikkje betre bod. Det vart 40 kroner på lut. Laurits var dreng då og skulle ha 40 kroner for sommaren. Husbonden hans tente inn drengeløna den natta. På drengen fall det ikkje noko av fisket, det høyrde med til tenesta å vere med husbonden på nota. På Vigra og øyane der omkring var det mykje søkkjenotfiske åra etter hundreårsskiftet, men det minka med det etter 1920. I Romsdal låg dei fleste søkkjenotgrunnar ute i ope hav. Difor vart det brukt trerøringar med tre mann på kvar båt. Det hende ofte at dei på ei sommarnatt tok last i alle fire båtane. Ein gong imellom kunne det hende at dei lasta båtane allereide med første kastet.

105

Akkarfiske Fisket etter akkar ( blekksprut, sprut ) var helst eit fjordfiske. Noko allment fiske var det ikkje. Det er berre nokre få stader det er fortalt om det. Akkaren kan kome i store stimar eller flak som strekkjer seg vidt utover. I første tida dette fisket tok seg opp, brukte dei vad med ongel. Men så vart det oppfunne ei særskild akkarvegn: ein jarntein med eit om lag halvkuleforma blylodd i nedre enden. Blyloddet vender den plane flata opp, og omkring loddet er det innstøypt ein krans av nåler, der akkaren fester seg når han går etter agnet, som gjerne var ein fleskesvor fastsurra til teinen. Akkardregg har denne vegna vorte heitande. På Romsdalsfjorden ved Måndalen var det fleire år kring hundreårsskiftet så stort akkarfiske at det var eit gjetord. I dei tre åra dette fisket har vore drive her, har det gjeve bygda ei årleg inntekt på 15 000 kroner, skreiv Søndmøre Folkeblad i 1901. Bladet Jordbrugeren hadde høyrt at årsinntekta gjorde seg opp i 20 000 kroner. Så store inntekter er noko tvilsamt, men at det gav folk ei god attåtinnkome er rett nok. Så å seie alt folk var på fjorden i dette fisket, kvinner og karar, gutar og jenter. Og ikkje berre bygdefolket. Det kom folk andre stader ifrå då dette fisket spurdest, så det vart «stor almue», heiter det. Med utabygdes folk var der i alt over 300 fiskarar. Det skulle vere vanskeleg om husvære for dei tilreisande. Voll vart reine fiskeværet, etter det Søndmøre Folkeblad kunne melde. Kaurle vart akkaren kalla i Voll og andre stader i Romsdal. I Langfjorden og var det kaurlefiske, om ikkje nettopp av slikt omfang som i Voll. Søndmøre Folkeblad melde og om akkarfiske i fleire av sunnmørsfjordane. Bladet fann grunn til å nemne at akkaren vart ikkje stelt på rette måten, og meinte at fiskarforeininga i Ålesund burde setje opp premiar til dei som kunne levere den mest velstelte blekksprut. Akkaren gjekk til agn. Oppkjøparar frå Ålesund og Bud kom og henta blekksprut til agn for havfiskarane.

Etter hummar Hummarfisket er vanleg ute på kysten, der hummaren kryp i taren langs strendene og kring fluer og skjer. Før teiner kom i bruk, var glipen den vanlege fangstreiskapen. Det var ein ring, helst eit tynneband av jarn eller tre med not til botn og med søkke i og med agn fest til midten av glipen. Det vart også brukt «doble» glipar, iallfall i Romsdal. Den doble hadde to ringar med notlin imellom. På begge ringane var det søkke, så dei låg inn på kvarandre på botnen. Når det var hummar på glipen og dei kom og drog opp, vart øvste ringen lyft opp først, og då sperra den hummaren inne. Dei låg etter hummaren dei lyse vår - og sommarnettene. To måtte dei helst vere i båten, ein til å røkte glipane og ein å ro. Når glipane var sette ut, måtte dei fare omkring og vakte på dei. Då måtte roaren vere spakferdig med årane og ro stilt fram åt glipen.

106

Låg der då hummar på og godgjorde seg med agnet, så var det å hive opp lynande fort og få hummaren i båten, gripe han over kroppen ved klørne og surre klørne i hop, så han var avvæpna. Ofte var det mindreårige som var med og rodde. Kanutte Teige i Herøy ( f.1872 ) fortalde at då dei to eldste brørne hennar hadde omkome på sjøen, måtte ho og syskena hjelpe til med alt som skulle gjerast på garden. «Far var på hummaren kvar natt, og me byttest åt med å vere med.» Ingbert Flø i Ulstein ( f.1902 ) fortalde om hummarfiske då han var barn: «Det var frå sola gjekk ned og til ho kom opp att den tida me brukte opne teiner. Me kom heim att i 4 – 5 tida, og så fekk eg liggje til klokka halv tolv. Då var det å ta middagsmaten, grautadallen, på ryggen og gå fram til han far og dei andre som spadde torv. Han far stod opp att i sju-halvåttetida når han hadde syvja ei to-tre timar, då stod han opp att og arbeidde fullt.» Det var mykje nattevaking med hummarfisket medan det stod på, men det var av det slags fiske som lettast lét seg kombinere med jordbruket. «Eg var bunden til jorda, men eg dreiv hummarfiske,» fortalde Ingbert Flø frå sine seinare år.

På sunnmørskysten var det drive hardt etter hummaren utetter 1800-talet.

I 1861 vart det frå Ålesund skipa ut mellom 130 000 og 140 000 hummar. Seinare datt det ned i om lag 20 000 hummar for året.

I 1880 heiter det i amtmannsmeldinga at fisket har minka, truleg fordi hummaren «har været efterstræbt i over- dreven Grad».

I Romsdal hadde hummarfisket mindre å seie. I åra 1876 - 80 vart det i Romsdal fiska hummar for gjennomsnittleg 548 kroner i året, medan verdien av hummarfisket på Sunnmøre låg på jamt over 8787 kroner årleg. 107

Hummarfiskarane der tok etter kvart til å skjøne at det kunne bli rovdrift. Det trongst lenger fredingstid.

For Romsdals amt var fredingstida ved kgl. res. 10. september 1886 fastsett frå 20. juli til 31. desember.

Sommaren 1893 søkte Herøy heradsstyre om å få fredingstida utvida til 1. juli, subsidiært 8. juli. Amtmannen sende saka ut til heradsstyra på kysten. Fleirtalet av dei sa seg samde i freding frå 1. juli.

Borgund, Haram og Sandøy meinte at 8. juli var høveleg. Fræna ville ha fredingstida som ho var.

Fiskeri inspektøren ( Wallem ) fekk saka og utsegnene til vurdering. Han tykte det var eit gledeleg teikn på folks skjønsemd og omtanke at eit slikt krav kom frå fiskarane sjølve. Han tilrådde freding frå 1. juli, og det same gjorde amtmannen. Dette innstilte også næringskomitéen på, og amtstinget gjorde vedtak i samsvar med tilrådingar og innstilling.

Samanlikna med Romsdal vart hummarfisket verande eit sterkt innslag i fiskarnæringa på Sunnmøre.

I 1896 vart det på Sunnmøre fiska for 13 792 kroner, i Romsdal for 840 kroner. I 1899 vart det fiska hummar for 22 665 kroner på Sunnmøre og for 1200 kroner i Romsdal. I Romsdal auka fisket utetter åra til ein topp på 6000 kroner i 1906, men var året etter nede i 1110 kroner, auka så til 1700 kroner i 1910. På Sunnmøre var hummarfisket på topp i 1909, då der vart fiska hummar for 55 250 kroner. Året før var verdien av hummarfisket 41 300 kroner og året etter 34 635 kroner. Prisen var på det lågaste i 1903 og låg då på godt og vel 60 øre stykket på Sunnmøre og 70 øre i Romsdal. I 1909 hadde prisen gått opp til noko over 1 krone stykket på Sunnmøre og 1 krone i Romsdal. Reguleringar i hummarfisket vart det på 1900 talet og.

108

23. Tare og tang

På fluer og skjer og strender veks tang og tare, som båra riv laus og velter opp eller som ein kan skjere og samle i hop. Folk har frå gammalt nytta tang og tarevokstrar til krøterför. Slikt kunne jamvel vere folkemat, har Strøm fortalt. Tang og tare vart også vanleg brukt til gjødsel. Strøm hadde og lagt merke til at det vart ei kvit, fin oske av taren, som han meinte kunne nyttast i glaspusteria. Det var fleire enn Strøm som hadde greie på eigenskapen i denne oska. Opptak til tarebrenning var gjort alt på slutten av 1600-talet. Kring 1700 vart det brent tare på Sunnmøre og Nordmøre. Oska vart seld til Holland og brukt i tilverkinga av soda. Noko etter 1700 kom ein skotsk skipper og lærde vestlendingane å brenne tare. Han kjøpte oska og førde henne til England. Seinare fekk Skottland monopol på tareoska. I 1730-åra gjorde sokneprest Lars Barhow i Veøy mykje for å få folk til å nytte tare og tang på denne måten. Utover midten av 1700-talet synest det ha vore lite og inkje med tarebrenning. Det tok seg opp att i 1760 - og 1770 åra i Romsdals amt.

Då var det ein mann som for omkring i bygdene på Sunnmøre og lærde folk denne kunsten.

109

Han heitte Erik Lycke, innfødd undersått, edrueleg og dugande, 50 år gammal og vél øvd i skriving og rekning, som det heiter i ein attest amtmannen gav han i 1790. Me finn Erik Lycke som handelsmann i Borgund i 1770-åra.

Futen på Sunnmøre, A. Landmark, skriv i 1810 at Lycke var den første som gjorde tarebrenning til ei næringsgrein her på desse kantar. Denne utsegna, som ikkje høver heilt med andre kjelder, kan tyde på at det har vore stopp i tarebrenninga ei tid. Erik Lycke var iallfall den som utetter siste parten av 1700-talet var hovudmannen i denne næringa. Amtmannen hadde bede han stå føre tarebrenninga på Sunnmøre og lære folk framgangsmåten. 1 1790 var Lycke vorten arbeidslaus. Kanskje hadde han gått frå sitt kjøpmannskap for å ta seg av denne oppgåva. Og no var folk opplærde og greidde seg sjølve. Han søkte seg inn i tolltenesta, men kom ikkje inn, endå så god attest han hadde frå amtmannen for den flid han hadde lagt for dagen i arbeidet med å lære folk tangbrenning og dermed hadde gjeve distriktet ein ny og lønsam næringsveg. Amtmannen heldt fram at Lycke, som hadde hjelpt så mange fattige til levebrød, ikkje sjølv måtte sakne eit levebrød i sin alderdom. Det vart verande smått med Lycke. Det er tenkjeleg at somme kunne kalle Erik Lyckes vanlagnad ei løn som fortent, for det var stor uro kring tarebrenninga. Ankemåla mot denne drifta var like gammal som drifta sjølv, og dei var mange: Tarerøyken forgifta havet, drap ned åt og fisk og hindra fiskeinnsig. I eit sildesteng på Ørskogvika døydde silda ned for ende av tarerøyk. Røyken la seg i fjordane og leiene og var til meins for skipsfarten. På Nordmørskysten hadde skip grunnstøytt av den grunn. Og røyken la seg i fjella og løynde méd og landmerke for fiskarane, så dei ikkje fann fiskegrunnane. Røyken laga skodde som låg i fjella og stengde for sola og hindra årsvoksteren. Å brenne opp taren i staden for å bruke han til gjødsel var og til tap for jordbruket. Såleis var det misnøye og harme og klagemål over tarebrenninga. Og medan dreiv folk og brende, og røyken la seg langs fjella og over fjord og hav. Stygt lukta han, men det fekk tolast, det gav kjærkomne inntekter for dei som streva med det. Det vart særleg hardt drive på Sunnmøre og Nordmøre. Det kom romsdalsbønder til Sunnmøre og tok seg arbeid med tarebrenning for 24 og 32 skilling for dagen. Kjeldene fortel om tarebrenning i Romsdal og. På sommartinget for Vågøy åtting i 1768 klaga oppsitjarane i Bud fiskevær på tarebrenninga, som vart driven der ute og som hindra dei i fisket. Røyken tok inne fjella, så dei ikkje fekk landkjenning, «da Røgen betager dem deres rette Mee til Fiske-Stæderne». Frå dei tider fortel også Hans Petter Schnitler om tangbrenning. Det driv folk på med mesta kvart år, skriv han. Tre - fire bønder slår seg i hop og fer omkring og skjer tang, turkar det på berga og byggjer omnar av gråstein til å brenne det i. Oska fører dei til Molde, og derifrå vert ho utskipa til glasfabrikkane. Sunnmøringane må på slutten av 1700-talet ha vore kjende for å vere kunnige i kunsten å brenne tare. I ei melding frå amtmann Hiort i Nordre Bergenhus amt 1798 heiter det at berre få har prøvt med tarebrenning der. For nokre år sidan hadde handelsmann Peder Tonning i Selje leigt 6 mann frå Sunnmøre til å brenne tare, men drifta lønte seg ikkje. Det må likevel ha vore ei næring som folk på desse kantar rekna med. I eit bygslebrev frå prost Baade i Borgund til ein leiglending på Hakallestranda i 1799 har jordeigaren tenkt seg inntekt av tarebrenninga. Leiglendingen skulle betale prosten 4 skilling av kvar våg oske han brende.

Tarebrenninga og fiskernæringa Misnøye med tarebrenninga hadde det alltid vore. Klagemåla over røyken frå dei mange taremilene på strendene var mange og sterke. Til sine tider hadde regjeringa funne seg nøydd til å høyre på klagemåla og forby denne næringa visse bolkar somme stader på kysten.

Dei første 1800-åra var det smått med fisket - så smått at mange løyste opp knutane på torskegarna og nytta tråden til å veve klede av, har det vore sagt. 110

I dei tider tok tarebrenninga seg sterkt opp. Mange søkte i dette eit vederlag for det mislukka fisket. Både her i landet og utalands vart det drive med tarebrenning. Handelsfolk prøvde og å nytte ut denne industrien til sine føremål. Engelske spekulantar, heiter det i eit brev til regjeringa i 1805, hadde planar om å leige den beste delen av norskekysten til tarebrenning. Det var også engelske forretningsfolk ( og skotske ) som var av takarar av tareoska her på kysten. Med den aukande tarebrenninga auka også klagemåla over røyken, som var til meins både for fisken og for fiskaren. Jamvel kvalen vart redd når han fekk røyken i nasa, skreiv teologen J. Rynning i 1803. I staden for at kvalen pla jage silda inn, var det fåre for at han heller skremdest av røyken og snudde og jaga silda ut i havet. Rynning gjorde framlegg om at tarebrenning vart tillate i 1804 og 1805 og så forbode til 1812, då brenninga atter kunne bli frigjeven i to år og sidan forbod og frigjeving etter same mønster. I samsvar med Kgl. forordning forbaud amtmannen tarebrenning her i distriktet frå våren 1804 til våren 1805 der det syntest vere mest til meins - for å «berolige Almuen». Forbodet vart ikkje alltid respektert. Kanskje var ikkje alle vitande om det, endå slikt vart lese opp på kyrkjebakken og kunngjort på tinget. Ein mann i Herøy hadde sommaren 1804 samla ein stor hop med tare, som han skulle brenne. Folk frå gardane omkring gjekk til aksjon mot syndaren og hivde taren i sjøen, spreidde han for vind og straum. Mannen klaga til futen, som viste han til forlikskommisjonen. Dei som hadde teke saka i sine eigne hender, forsvara seg med at dei gjorde det i beste meining, for det var til bate for alle at det vart slutt på tarebrenninga. Dei gjekk likevel med på forlik om å gje mannen ei skadebot på 16 rdl. Truleg tente han betre på dette enn han ville ha gjort på å brenne taren. Forbodet var ikkje totalt. No skulle det, etter ordre frå amtmannen, prøvast ut for alvor om tarerøyken var så skadeleg som mange meinte. Difor vart det somme stader tillate å brenne for å finne ut kva verknad det eine og det andre hadde på fisken og fisket. Regjeringa og var interessert i dette. Alle klagemåla gjorde det naudsynt å røkje skikkeleg etter kva grunn dei hadde for seg. Sosialøkonomen Christen Pram, som var tilsett i Økonomi - og Kommersekollegiet i København, vart send til Noreg med det oppdrag å finne ut om tarebrenninga var til slik skade som klagene gjekk ut på. Pram tok vegen nordetter gjennom Gudbrandsdalen, over Dovre og til Trondheim. I Gudbrandsdalen og i bygdene nord for Dovre kunne folk fortelje at tarebrenninga var skuld i det stendige råveret som hadde vore siste tida. Frå Trondheim tok Pram sørover langs kysten. Han såg på tarebrenninga, sette seg inn i tilhøva, høyrde på folks utsegner for og imot, noterte både det eine og det andre og gav utførleg melding til regjeringa om dei røynsler han gjorde. I Romsdal hadde det vore drive sterkt med tarebrenning siste åra, skreiv han. Ein stor part av innbyggjarane hadde hatt si næring av dette. Men mange var forhatige på tarebrenninga. Berre dei som åtte tareland, forsvara denne næringa. Alle andre som han møtte, klaga og bad han gjere det han kunne for å få slutt på den ulukka som tarebrenninga var. Frå Ona kom det ein deputasjon på fem mann eins ærend til han og gjorde greie for dei skadane tarerøyken gjorde og kor viktig det var å få slutt på brenninga. Christen Pram tok sitt oppdrag alvorleg. Han hadde samtalar med amtmannen og med ei mengd røynde og kunnige menn og samla alle dei data som var råd å få. Konklusjonen han kom til, var at det breie motstandet mot tarebrenninga slett ikkje var utan grunn. Futane i Romsdal og Sunnmøre såg annleis på det ut frå sine røynsler.

Amtmannen hadde i 1803 bede dei røkje etter om eigarane av tareland ville fråfalle retten til tarebrenning til det var utrøynt og klårlagt om røyken gjorde skade eller ikkje, om dei kunne gå med på å forsake ein sikker næringsveg for ei usikker von om at det dermed atter kunne bli gode fiske og endeleg om dei frivillig ville gjere avtale med kvarandre om opphald i brenninga i tre månader og at dette forbodet så fekk lovs kraft til det synte seg om det var gagn i det. Dette kom det ikkje noko ut av. Ikkje ville nokon fråfalle retten til tarebrenning, ikkje ville dei ofre tarebrenninga for den uvisse von om betre fiske av den grunn, og ikkje ville dei gjere avtale om opphald. 111

Etter at det i 1804 var sett delvis forbod mot tarebrenning her i distriktet, vart det teke alvorleg med å finne ut verknaden av tarebrenninga. I Romsdal galdt forbodet for dei ytre strok, medan dei indre strok fekk drive med tarebrenning. I Bud fiskevær vart det dette året langt betre sildefiske og seifiske enn åra før. Buværingane var ikkje i tvil om at det var opphaldet i tarebrenninga som var grunnen til det. Elles i Våge åtting var det heller mindre fiske dette røykfrie året enn åra før. I Sunds åtting var fisket om lag det same som tidlegare. I Fanne åtting hadde det vore fiska langt meir av sild og sei den tida tarebrenninga vart driven enn dette året, då det inga brenning var. Ja, til og med der røyken la seg på sjøen vart det gjort gode fangstar. I Rødven åtting, der det før var drive tarebrenning, men no var opphald, fiska dei dette året langt betre enn åra før. Så motstridande var røynslene. Futen si fråsegn om tarebrenninga vart deretter. Heilt forbod mot denne næringa fann han ikkje grunnlag for. Til det var røynslene alt for uklåre når det galdt fisket.

Tarestylker vart liggjande att etter taredungane. Foto: B. R.

Derimot meinte han at røyken skadde grøda i åker og eng og likeins at røyken gjorde lufta tung og tjukk og var årsak til regn og skodde og var til ulempe for åker og eng på den måten og. Kunne bøndene heller bruke taren til å gjødsle jorda med, meinte han dei ville ha det att i betre og meir grøde. Det var såleis ting som tala både for og imot, skreiv han. Han torde på ingen måte rå til heilt forbod. I 1806 vart det likeins gjort observasjonar om mogleg skadeverknad av tarebrenninga. Det året vart sildefisket så godt som det ikkje hadde vore på 60 år både der det var brent tare og der det ikkje var brent. Seifisket var og særs godt.

112

Røynslene frå dette året, skreiv futen, skulle tyde på at den viktige næringsgrein som tarebrenninga var, kunne drivast over alt utan skade for fisket. Han vona at røynslene heretter og ville syne det same. Motstandet mot tarebrenninga skreiv seg nok mykje frå inngrodd fordom, meinte han. Når det dessutan synte seg at motstandet helst kom frå dei som ikkje åtte tareland, måtte ein også rekne med at det var misunning med i spelet. Futen på Sunnmøre trudde lite på dei som meinte at tarebrenninga var til skade for fisket. Han og rekna med at det var fordomar meir enn røynsle som låg til grunn for motstandet. Det fanst inga overtydande stadfesting på at fisken heldt seg borte og at skodda la seg over land og sjø på grunn av tarebrenninga. Han rådde likevel til at tarebrenninga vart forboden nokre år for at taren kunne vekse til att og vere ei inntektskjelde når det kom uår. Kunne eit slikt forbod verke til at folk la meir arbeid på jordbruket, så ville dette vege opp tapet på å innstille tarebrenninga. Dei som rådde i handelslivet og som hadde både innland og utland til operasjonsfelt, hefte seg ikkje ved motstandet mot tarebrenninga og ved dei problem styremaktene var opptekne av. For dei var tarebrenninga ein industri som produserte oske til råstoff for glasindustrien og såpefabrikasjonen. Slikt råstoff var det bruk for, og det måtte skaffast der det var å få, og det var nettopp på kysten, der taren voks kring strender og holmar og skjer og fluer. Såleis bar det til at Den Kgl. Grønlandske og Færøiske Handel i 1806 gjorde tiltak til å få i gang tarebrenning på Færøyane. Der hadde nokre mann prøvt med det eit par år, men no galdt det å få i gang masseproduksjon. Då måtte færøyingane få god opplæring, så dei kunne drive tarebrenninga rasjonelt og lønsamt. Difor ville dei sende ein kunnig mann dit bort og lære færøyingane opp og få fart i denne næringa. Amtmann Sommerfeldt fekk brev om dette med spørsmål om tilråding på ein mann som var skikka til det og på visse vilkår ville ta denne oppgåva på seg. Amtmannen vende seg til futen på Sunnmøre om dette og tilrådde Erik Lycke. Elles overlét han til futen å ordne med saka. Erik Lycke kjende seg med sine 61 år for gammal til å ta oppdraget på seg. Andre visste ikkje futen å peike på. Han overlét saka til postmeister Randulf, som sjølv dreiv tarebrenning med leigefolk. Det er uvisst kva meir som kom ut av dette. Tarebrenninga heldt fram utetter åra. Og klagene heldt fram. I si skildring av Aukra prestegjeld 1818 heldt sokneprest Høyem sterkt fram ulempene for luft og jord og voksterliv og fisk. Av ei fråsegn frå futen på Sunnmøre i 1823 går det fram at dei same klagene på tarerøyken og dei same motstridande meiningane heldt fram som før. Regjeringa var enno oppteken med dette problemet og hadde «af Agtelse for den almindelige Mening» prøvt å moderere tarebrenninga. Avgjerande prov for at tarebrenninga var skadeleg var vanskeleg å få fram. Tarebrenninga synest ha vore ei nyttig attåtnæring for mange i denne tida. Det kunne vere ujamt med avsetnaden, og kanskje var det lite drive med denne næringa i 1820 - og 1830 åra. I si femårsmelding 1835 skreiv amtmannen at tarebrenninga, som gav mykje av seg i eldre tid, no var så å seie slutt fordi oska ikkje var avsetleg. At det framleis vart drive tarebrenning utetter åra og at misnøyet med det varde ved går fram av «En Reisebeskrivelse fra 1843» av Johan Collet. Der heiter det at han var i Herøy og såg tarebrenning der. Hän klagar på røyken, som sokneprest Thoresen heldt for å vere skadeleg både for fisken og for jordbruket. Han fortel og at dei som dreiv tarebrenning på bygsla jord, betalte 3 skilling i avgift pr. tynne oske til jordeigaren.

Ei gammal kystnæring gjekk ut Utover slutten av 1800-talet og første tredjeparten av 1900 talet var tarebrenninga ei vårvinne og ei attåtnæring for folket på havstrendene. Særleg dreiv dei med det i tider då fisket gav lite av seg. Det varierte og etter avsetnad og pris på tareoska. Oska er brukt på jodfabrikkane, er for tida mykje etterspurd og vert betalt med 42 til 48 skilling pr. våg, er det opplyst i 1873. Den taren som helst vert brukt til å brenne oske av, er trolltare ( Laminaria Digitala ), korgtare ( kurvtare ? ) eller bladtare, heiter det. Ein mann som røktar try = fire bål, kan brenne åtte - ti færingsfarmar med tare på ein dag. Av kvar færing får ein godt og vel ei våg oske. 113

Av dagboka til Knut Molnes på Vigra ser ein at han dreiv med tarebrenning i april 1874. Midt på 1800 talet og fram til 1872 var det lite og inkje tarebrenning «som Følge af, at man paa billigere Maade kunde skaffe Potaske og Soda tilveie». Men i 1870 åra vart det høge prisar på jod, og det var eit produkt som kunne vinnast ut or tareoska. Då tok det seg opp att med tarebrenninga. Det var konsul Fredrik Hanssen i Ålesund som gjorde opptaket til dette i 1872. I 1874 vart her i distriktet tilverka minst 14 000 våger tareoske og det same i 1875. Prisen var 48 skilling pr. våg. I 1876 vart tilverkinga større. Til den tid var det i Haram og Borgund dei dreiv med tarebrenning. Tareoska, som før hadde vore brukt i såpe- og glasindustrien, vart no brukt til å lage jod av. I Kristiansund vart det sett i gang jodfabrikk i 1873 - 74 av svensken, ingeniør Berg. Tarebrenninga breidde seg til andre bygder. 11. juni 1883 gjekk jakta «Anna» frå søre Sunnmøre til Trondheim med tangoske. I 1890 kunne amtmannen melde at tarebrenning vart drive på Nordmøre. På Smøla hadde dei denne våren levert tareoske for 16 300 kroner. I Romsdal auka det no med denne drifta, men på Sunnmøre tok det av. Det tok seg opp att på Sunnmøre i 90-åra, iallfall på søre Sunnmøre. Det vart smått med vinterfisket nokre år, og då gjekk det mykje på tarebrenning, er det fortalt frå Herøy. Oska vart betalt med 80 øre og opp i 1 krone pr. våg. Tarerøyken låg som ei mørkeskodde over heile sokna, fortalde Oskar Gjertnes.

Amtmannsmeldinga 1905 fortel at det vart brent tare på Sunnmøre ( særleg på Flø ) og i Hustad sokn i Romsdal. Det ser ut som denne næringa er i nedgang, særleg på Nordmøre, skriv amtmannen. Folk bryr seg ikkje med dette arbeidet når dei kan få forteneste på andre måtar. I dei tider vart det halde sterkt fram at denne binæringa hadde hatt mykje å seie for kystfolket frå Jæren til Vesterålen. Det var ein nærings Aal. Blad 23/4 1873. NOS, Romsdals Amt, 1879. NF 1906 s. 259. Smp. 14/6 1883. veg som ikkje var nok utnytta. Tarebrenning var eit arbeid som kunne gjerast av kvinner og born og av gamle menn og trong ikkje vere til hefte for fisket. Ein kunne halde ei dagløn på 4 - 5 kroner på kvar som dreiv med det. Men det måtte produserast god vare. Oska var ofte forfalska med at det vart brent tang, og den oska var ikkje brukande. Trua på at tarerøyken var til meins for fisket heldt seg lenge. Frå Hustad er det fortalt: Ein husmann som var ufør og ikkje kunne drive fiske, livberga seg med tarebrenning. Det var ikkje velsett av fiskarane. Ein dag nokre karar låg ut på og fiska, såg dei røyken frå taremila åt husmannen. Det var stilt, og røyken steig til vers og breidde seg utover. Fiskarane såg seg forarga på dette og sette til lands. Dei fylte sjø i dei store auskjerra sine og kom og tømde dei i taremila. Så greip dei mannen og sette han beint ned i taren som ulma og saud og rauk. Og dei truga med at slutta han ikkje med dette, skulle dei neste gong setje han i taremila utan å sløkkje ! På Runde vart det drive intenst med tarebrenning, fortalde Johan J. Runde ( f.1880 ). Dei samla opp tare og køyrde han utover markene til turk. Då gjødsla han marka. Så tok dei han att og brende han. Vårane var det røyk og oskelukt over heile Runde. Det var ei gjennomtrengjande lukt, som hekk fast i kleda og låg over heile Rundalandet. I 1907 var Sunnmøre og Andøya rekna for dei viktigaste distrikta for produksjon av tareoske. Då var det fire jodfabrikkar i gang her i landet. Dei vart, saman med dei skotske jodfabrikkane, samde om å betale oska etter jodinnhaldet. Det synte seg at oska frå Andøya hadde langt større jodinnhald enn oska frå Sunnmøre. Denne betalingsmåten var mange misnøgde med, men i dette kunne det vere ein spore til å levere rein og god oske. Denne avtalen mellom jodfabrikkane vart ikkje vel motteken på Sunnmøre. Karl Rogne rykte ut og kritiserte samskipinga. Ved dette tiltaket vart prisen nedsett frå 9 øre til 6 øre kiloen. Han meinte dette måtte møtast med eit mottiltak og slo fram på om at tarebrennarane på Sunnmøre burde kome saman til eit møte og drøfte igangsetjing av eigen jodfabrikk. Nokre dagar etter kom det eit opprop til tarebrennarane på Sunnmøre frå Johan P. Hildre om å møte denne ordninga på ein sams måte: Ikkje selje tareoske for 6 øre kiloen, ikkje gå med på å selje etter analyse, og at tarebrennarane snarast råd måtte kome saman til eit møte og drøfte kva som burde gjerast. 114

Dette møtet vart halde i Ålesund 30. mai 1910. Fiskeri inspektør Otterlei var mykje interessert i denne saka, og arbeidde ut eit foredrag, som han hadde tenkt å halde på møtet. Då det ikkje høvde for han å kome til møtet, lét han foredraget prente i Sunnmørsposten. Der gjorde han greie for tarebrenninga frå alle sider etter dei opplysningar han sat inne med, og rettleidde både om produksjon og avsetnad. Berre parti på 2 tonn oske og meir skulle det takast prøve av for analyse. Einmannsproduksjon kunne snautt nok kome opp i så stort kvantum. Difor rådde han tarebrennarane til å skipe seg saman i lag med det føremål å «brenne tare til eit analyseparti». Tarebrenninga på Sunnmøre, sa han, er komen inn i eit uføre som trugar med at næringa går i stå. Einaste botemiddel var nettopp å innføre betaling etter analyse. Då er det i kvar manns interesse å levere kvalitetsvare. Til møtet om tarebrenninga kom utsendingar frå om lag alle herad, heiter det. Mons A. Sandøy frå Sandøy i Romsdal møtte og opp. Han ville gjerne at tarebrennarane der skulle vere med på det som vart gjort i denne sak, og det hadde ingen noko imot. Karl Rogne, opphavsmannen til denne saka og til dette møtet, opna med at vanskane for tarebrennarane no er dei same som syner seg på andre område, at kapitalistane «dannar trust til å slå dei små produsentane under seg». No bør alle som ein krevje 8 øre kiloen for oska. Dernest la han fram tanken om å gå saman i eit lutlag om å byggje og drive ein jodfabrikk på Sunnmøre. Etter framlegg frå Jakob Molnes vart det skipa eit tarebrennarlag for Sunnmøre. Styre i laget vart: Karl Rogne, Olaus Fjørtoft, Johan K. Molnes, Martinus Alnes, Knut P. Midtflø, Emanuel Kvalsvik, Elias E. Voldsund, Askjel Skare, Ivar Simonnes og frå Sandøy i Romsdal Paul I. Huse. Karl Rogne vart formann. Med jodfabrikasjonen gjekk det slik: Då tiltaket med tarebrennarlaget ikkje hjelpte noko på prisen for oska, leigde laget Bergs jodfabrikk i Kristiansund og produserte der jod og kali av tareoska frå Sunnmøre ( Sandøy medrekna ). Det vart tap. Så vart det samla luter til eit lutlag for bygging og drift av eigen fabrikk på Sunnmøre. Styret i lutlaget var Askjel Skare, Knut Midtflø, Hans H. Ulla, Elias Røsvik, og det skal ha vore ein til. Det vart vedteke å byggje fabrikken i Brattvåg. Ole Skjelten sa seg villig til å stå føre bygginga. Hausten 1913 stod fabrikken ferdig til drift. Ivar P. Hildre vart disponent. Lutmidelen var 12 000 kroner. Det drog noko ut før A/S Sunnmøre Jodfabrik kom i drift, men i april 1914 var fabrikken i full gang etter dei mest moderne metodar. Det skulle vere den mest praktisk innretta jodfabrikk i landet. Fabrikken starta med eit råstofflager på 80 tonn. Det var rekna med at oskeproduksjonen i distriktet låg på 300 tonn årleg. Fabrikken sin produksjon var både jod og kali. Det vart inga langvarig drift. Under krigen 1914 - 18 vart det stopp. Jod var ikkje lenger avsetleg vare. Lutlaget vart avvikla. Luteigarane fekk att sin innlagde kapital. Brattvåg Kraftverk, som hadde levert kraft til fabrikken, kjøpte huset og selde det i 1919 til Bratholm & Wiig, som kom til Brattvåg og sette i gang klippfiskturkeri. Dei utvida bygget. I 1927 brann det ned. Tarebrenninga tok seg opp att etter krigen, iallfall somme stader. I dei vanskelege åra som då kom, var det mange som såg seg mon i å brenne tare. Dei fekk avsetnad på oska, det var oppkjøparar her og der. Ole Voldsund i Herøy fortalde at dei ein vår brende 5 tonn oske. Dei dreiv og brende tare til 1928. Oska vart betalt med 12 øre kiloen, fortalde Johan J. Runde. Han tykte det var ei god inntektskjelde. På Runde vart det slutt med tarebrenninga midt i 30-åra. Då vart det vanskeleg med avsetnaden. I Sande var det like eins. Der og vart oska betalt med 12 øre kiloen. Dei dreiv med tarebrenning til ut i 30-åra. Frå Løvsøya fortalde Sverre Farstad at der var mykje tarebrenning i eldre tid, særleg i første verdskrigen, «då var det kolossalt kor dei brende tare». Så vart det mindre nokre år, men tok seg opp att i 30-åra, og det var slutten. Med tarebrenninga vart det opphald åra 1918 til 1926, kunne Severin G. Ulla på Haramsøya minnast. «Så tok me til att med noko tarebrenning. Far kjøpte tareoske for eit firma i Stavanger. Det var spesielt frå 1926 til 1932. Så vart det heilt slutt.» «Det har vore brent mykje tare nordover øyane i vår — ei god attåtinnkome for mange i desse vande tider», er det meldt frå Fjørtoft i 1932. I Hustad brende dei tare til 1936, fortalde Anton Vågen. 115

I 1934 hadde avisene ein artikkel om tarebrenning som næringsveg, skriven av ein kjemikar på grunnlag av prøver som hadde vore gjort. Konkurransen om råstoff til jod hadde trykt prisane ned. Slikt råstoff kom m.a. fram ved utvinning av olje og salpeter. Skulle det svare seg med jodproduksjon av tare, måtte det både takast vare på taren på rett måte og brenninga måtte rett gjerast. Brennarane hadde vore lite villige til å rette seg etter dei råd som fagfolk hadde gjeve, heiter det i artikkelen. Tarebrenninga etter gammal praksis stoppa opp. Ei omlegging som kravde betre tilsyn og teknikk både med taren og brenninga og dermed meir arbeid, synest ha vore lite tillokkande og lite lønsamt. Tarebrenninga si tid var ute. Ei og anna taremile og kanskje restar av eit og anna tarehus vart ståande att i fjøra til minne om ei næring som folk hadde trøysta seg til gjennom to og eit halvt hundreår. I seinare tid har taren vorte nytta til råstoff for annan industri. I 1937 sette Arnold Goksøyr, Runde, i gang produksjon av laminariastift til medisinsk bruk. Denne vara vert laga av tarestylker, som vert samla om sommaren. Produksjonen har hatt jamn avsetnad og har gått ut til 40 land. Tare vert også turka og laga mjøl av, «taremjøl». I 1960-åra, då det vart slutt med dei store sildefiske på kysten, la somme sildoljefabrikkar om til produksjon av taremjøl. Såleis vert det også i moderne tid drive med «tarefiske», no med langt meir rasjonelle reiskapar enn i eldre tid.

116

24. Fyrlys og hamner

Vintertorskefisket var eit dagfiske. Det var tidleg utror, og fiskarane kom vanlegvis inn att i dagslys. I uver mørkna dagen tidleg. Dei kunne også verte hefte med draginga av garna fordi dei var nedesette av andre eller av andre grunnar. Så vart det seint på dag før dei fekk setje ut att garna. A ta seg inn gjennom fallgarden i mørker var ikkje lett før det kom fyrlys. Først utetter siste parten av 1800-talet kom det fyrlys opp på viktige stader. Runde fyr vart overteken av staten i 1808 og vart flytta og ombygd i 1858. Valderhauglykta vart likeins overteken av staten i 1808. I staden for den gamle lykta kom der fyrlampe i 1886. Lykta gjorde teneste for ankerplassen ved Valderhaug. På Nordmørskysten vart det sett opp tre fyrlys føre 1850. På Sunnmørskysten var det berre Runde fyr og Valderhauglykta til 1857, då Hogstein fyr på Godøy kom til. Fyren var bygd av voldingen O.G. Mork, som også bygde om Runde fyr og elles bygde fleire fyrar på kysten. Han vart fyrvaktar på Hogstein fyr frå først av til 1887 - i 29 år. Han har sjølv fortalt at han i det heile var 40 år på Godøya. Han bygde der rorbu og dreiv fiske derifrå i 8 år før han bygde Hogstein fyr. Kvitholmen fyr ved Nordaustenden av Hustadvika vart bygd med kvitt steintårn 1842, ombygd i 1906 og 1937. Det blanke lyset er på 12 000 normallys. I 1858 vart det sett opp fyr på moloen i Ålesund. Noko før vart det ordna med eit fyrskip på Løvsøyrevet. Det vart i 1856 prøvt med ein liten gammal slupp, «Enigheden».

117

Straum og sjø sleit så hardt på han at han måtte kasserast året etter. Då vart det lagt ut eit større farty, bygt til det bruk. Det vart utskift med endå eit nytt fyrskip i 1868. På dette skipet var det i 1860 plassert ei handdriven tåkeklokke, som det i skodde eller snøkave skulle signaliserast med kvart 15 minutt. I vintertida var mannskapet ein fyrvaktar, tre mann og ein gut. I 1879 kom der fast fyr. Med bygginga av havfyren på Ona i 1867 losna det med oppsetjing av fyrar her på kysten. På Alnes vart det bygt fyr i 1869, etter offisielle oppgåver, men det er ting som talar for at der var fyrlys alt i 1853. Oppsitjarane på Alnes bygde i dei tider fyrhus for eiga rekning, og fyrvaktaren vart lønt av fiskarane. Huset var av tømmer, og første fyrlyset var ei kole. Nytt fyrhus vart bygt av Fyrvesenet i 1876 og ombygt i 1892.

Om Synesfyren har det gått den tradisjonen på Vigra at han frå først av var bygd og driven av fiskarane sjølve. Offisielt skal denne 6g skrive seg frå 1869, men er truleg bygd to—tre år før. Fjørtoftingane og myklebustingane gjekk saman om å byggje fiskerifyr på Fjørtoftneset. Dei sette opp eit dokument om dette i 1881 med underskrifter av alle fiskarbøndene i dei to bygdene. Tenestjentene på Fjørtoft vart sette til å vakte fyren og halde han tend i fisketida. Dei heldt til i eit lite tilbygg, der det var seng og omn. Tradisjonen fortel at heimeverande tenestegutar brukte å vitje jentene ute i Neset. Det ville ikkje gamlekarane vite noko av. Det kunne føre til at jentene gløymde plikta si. Fyren vart overteken av staten i 1885. Det er likt til at fyrtenesta heldt fram på same måten, for i 1890 fekk ein dreng juling av husbonden sin og vart jaga heim att fordi han ikkje lydde påbodet om å halde seg frå fyrjentene. Det var fleire fyrar som frå først av var bygde privat. M.a. Hellevik, Rosholmen og Blindheim. Etter to - tre år vart dei så overtekne av staten. Erkna fekk fyr i 1869, Flåvær i 1870 og Bjørnsund i 1871. Ulla fyr vart bygd i 1874, Haugsholmen fyr i 1876, og året etter kom det fyr på Kvitneset. Hellevik fyr kom til i 1880, Ullahammaren i 1882, Grasøyane i 1886 og Rødholmen i 1893. Elles kom det opp 29 fyrar og lykter i tida 1879 - 98, flest i åra 1890 med 4 og 1897 med 7 fyrlykter.

118

Så viktig som det var med rettleiing til å kome inn frå havet mellom fluer og skjer, så viktig var det og å ha ein trygg tilhaldsstad for båtar og farty. Det var så ymse med det. Mange stader var det opne strender utan holmar eller skjer til vern mot havet. Men her og der var det ei vik eller ein våg med eit nes som gav noko livd, og der var nausta og støene samla, gjerne for heile grenda.

119

Somme stader på kysten var det naturlege hamner, der det var tilhaldsstad for båtar og fiskarar i fisketida. I uver med storflod og sjøgang leita det på nokon kvar staden, også i fiskeværa. Det vart etter kvart sterke krav frå mange kantar om offentleg utbygging av hamner og liknande tiltak til gagn for fiskedrift og ferdsel. Oppsynssjef H. Gade skreiv i si melding om vintertorskefisket på Sunnmøre 1870 at dette året hadde det gått rimeleg av seg med sjøulukker, men det var ofte båtskadar på dei mest utsette utrorsstadene. Gjennom åra hadde det hendt store båtforlis på hamner som var opne mot nordvest, og dette har skapt ynskje om offentlege tiltak til vern på dei mest utsette punkt. Alle krav frå folket i så måte kan ein nok ikkje kome til møtes, men sunnmørsfisket har så mykje å seie økonomisk at det har krav på at statsstyringa er merksam på denne saka, heiter det med varsame ordelag i oppsynsmeldinga. Oppsynssjefen har personleg røkt etter tilhøva i hamnene og meldt frå til hamnedirektøren med tanke på nærmare synfaring av fagfolk til sommaren. Særleg har han gjort merksam på tilhøva ved GiskeØygard, som ligg særs lagleg til for fiske og der fiskarar sjølve har gjort opptak til utbygging og sagt seg villige til å yte pengar til føremålet. I 1872 var dåverande oppsynssjef premierløytnant D. Rye og inne på hamnespørsmålet. Han sette opp ei liste over stader som burde ha førsterett: Giskeøygard, Blindheim, Alnes, Ulla og Flø. Sistnemnde stad var av størst interesse, meinte han, «da en talrig Befolkning heromkring mangler bekvem Baadplads,» men det ville nok bli eit etter måten dyrt anlegg. I 1873 skreiv futen i si melding om torskefisket på Sunnmøre at utbygging av hamn på laglege stader ville vere til vinning for fisket. Dette året vart det gjeve lov om avgift på fiskevarer til inntekt for eit hamnefond, som skulle gje grunnlag for hamneutbygging og brukast etter vedtak i Stortinget. Regjeringa hadde året før gjort framlegg om å flytte tiendavgifta av fiskevarer over til eit slikt fond. Framlegget vart sendt ut til heradstyra til fråsegn. Den gamle fisketienden hadde gått til konge, kyrkje og prest og var ikkje populær mellom fiskarane.

Lausund ved Løvsøya trong oppreinsking og utdjuping for å lette ferdselen gjennom sundet. Utarbeiding av plan for dette vart gjort i 1879. 1 1883 sende oppsitjarane i Lausund og Farstad søknad med tilråding av Haram heradstyre om at arbeidet måtte kome i gang. Det drog ut til 1888. Då vart arbeidet sett i gang etter planen og vart fullført året etter. Haram var største garden i Haram sokn og hadde 15 oppsitjarar. Her hadde handelsmann Øwre i Ålesund bygt ein 118 m. lang vernemur som stod 60 cm. over høgvatn. Etter Hamnevesenet sine planar kunne denne nyttast til underlag for eit større og meir effektivt molobygg. Utbygging av hamna kunne då gjerast med rimeleg kostnad. Etter denne planen vart det gjeve løyving, og arbeidet vart gjort i åra 1888 - 93. Moloen var planlagd med ei lengd på 142 m.

120

I 1889 vart det søkt om at moloen måtte gjerast 40 m. lenger, men arbeidet vart gjort etter den opphavlege plan. Ullabarden var ei grynne mellom Ullaholmen og Flemsøya. Ved Ulla og Ullahammar låg det i 1870-åra 60 åttringar til fiske - 40 framande og resten frå Haramsøya. Til dette båttalet kom 50 - 60 mindre båtar. For å lette ferdselen her vart det gjort framlegg om å grave ut ei renne i Ullabarden og dessutan oppmerking og opplysing av leia. Fiskarane hadde sjølve teke til med utgraving, og renna vart planlagd der. Stortinget vedtok løyving til dette i 1880. 1 1884 var renna utgraven.

121

25. Helsetilstand og helsevern

Så mykje folk som kom saman i fisketida i fiskeværa og sjøbygdene, måtte det hende at ein og annan vart sjuk eller kom ut for skadar av ymse slag. Då var det ikkje snargjort å kome til dokter eller å få dokter tilkalla. Dei var det ikkje mange av i eldre tid.

Først på 1800 talet var det ein distriktslækjar på Sunnmøre og ein i Romsdal. Det var store distrikt å gjere teneste i for ein person.

I 1827 gjekk det ei farsott på Sunnmøre. Det året var det ingen distriktslækjar der, og det lét seg heller ikkje gjere å få hjelp av distriktslækjaren i Romsdal. Sokneprest Münster i Herøy hadde kunnskap og innsikt i sjukdomar og sjukestell, og han hjelpte så langt han rokk. Dette året tok han seg av 352 personar. Han melde det året at preste- garden hadde vore sjukehus i 6 år. Det vil seie at han hadde teke til med sjukehjelp alt då han kom til Herøy.

I 1836 vart Sunnmøre delt i to lækjardistrikt og i 1857 i tre. Romsdal vart i 1854 delt i to distrikt, Ytre Romsdal og Indre Romsdal. I byane og i somme bygder var det til sine tider privatlækjarar frå 1840 - 50-åra

Amtssjukehuset i Molde vart bygt i 1862. I Ålesund var det sjukehus i leigd bygning frå 1840 og i eige hus kom- binert med fattighus frå 1862.

I 1894 vart det bygt «epidemilasarett» i Ålesund og i 1906 kommunalt sjukehus på tomta etter det nedbrende lasarettet.

Under slike tilhøve var det ikkje godt for fiskarane ute på kysten å få dokterhjelp når dei trong det.

Av ei medisinalmelding for 1870 går det fram at det iallfall i Vestre Sunnmøre var fiskerilækjar. Det heiter at fire fiskarar då vart innlagde på sjukehuset i Sandshamna og «behandlede af Fiskerilægen». Dette sjukehuset var bygt særskilt for fiskarar i 1865. Dokterhjelpa til fiskarar då var truleg kosta av medisinalfondet, som var skipa ved avgift på saltsild til eksport. Om det då var ordna med fiskerilækjar, må det ha vorte slutt med det, for i 1889 vart det søkt til amtet om å få ein kontordag for veka i Fosnavåg i fisketida av distriktslækjaren i Vestre Sunnmøre. Den saka vart utvida til å gjelde lækjartilsyn i fiskevær i Romsdals amt i fisketida. Om dette vart det ein prinsipp- debatt, som enda med at amtmannen vart beden om å søkje om offentleg løyving til minst tre fiskerilækjarar i amtet i torskefisket.

I 1892 kom det søknad frå distriktslækjaren i ytre Romsdal om godtgjersle for fire turar til fiskeværa i fisketida - ein tur til Ona, Sandøy og Lyngvær, ein til Bud og Bjørnsund, ein til Ona og Sandøy og ein til Rindarøy, Bjørnsund og Bud. Desse turane synte seg å vere «temmelig overflødige». På dei to første turane melde det seg ingen sjuk fiskar og berre ein på kvar av dei neste to turane. Etter dette kunne det sjå ut som det ikkje var bruk for slik fiskeværteneste, men departementet sa frå at ordninga skulle gjennomførast mot vanleg reisegodtgjersle og godt- gjersle for mogleg inntektstap.

Lækjartilsyn i fiskeværa var såleis sett i verk. På amtmannen sitt budsjettframlegg for 1900 var det oppført 400 kroner til distriktslækjarane si fiskeværteneste.

Offentleg hjelp i sjukdomstilfelle og til sjukehusopphald var det lite av. Dei som var registrerte som fattige, fekk fri lækjar. Likeins heldt amtet fri medisin når farangar var ute og gjekk. Offentleg hjelp på annan måte var det ikkje ordna med.

To sunnmørsfiskarar som i torskefisket 1866 hadde vorte sjuke av «en ondartet Feber» og måtte innleggjast på Ålesunds sjukehus, søkte amtet om å få godtgjort utlegget til sjukehusopphald, men fekk det ikkje. Det ville hatt alt for vidtgåande konsekvensar.

122

Folk var frå gammal tid vane med å hjelpe seg sjølve eller fekk hjelp av ein eller annan «bygdelækjar», som hadde så ymse og ofte merkelege råder mot sjukdomar og skadar.

Medisin vart ofte tillaga av urter og anna som folk syntest ha røynt gav lindring og lækjedom. Men det kom etter måten tidleg apotek i byane - i Molde i 1818 og i Ålesund i 1819, første 5 åra som filial under apoteket i Molde.

Personleg reinhald og helsigt og reinsleg stell i husa vart lite påansa. Folks levevis i det heile var «saa lidet sund- hedsmæssig som muligt», skreiv distriktslækjaren i Vestre Sunnmøre i 1859. «Ansigt og Hænder vadskes i Regelen kun til Kirkehelge, det øvrige Legeme neppe engang til Jul», melde distriktslækjaren i Nordre Sunnmøre i 1884.

Frå indre Romsdal melde distriktslækjaren i 1887 om «Skiddenfærdighed og Uorden i de fattigere hjem». Også hos velstandsfolk var opphaldsroma «præget af Uorden og Mangel paa Omtanke». Slik var medisinalmeldingane stort sett utover heile 1800 talet. Endå i 1890 stod det mykje att på ordentleg stell. Då er det meldt frå Nordre Sunnmøre at der er jamn velstand etter gode fiskeår, særleg på øyane. Våningshusa er ofte tohøgda, gjerne kvitmåla og ser staseleg ut. Men kjem ein nærmare, ser ein mokdungen oppetter husveggen, og kjem ein inn, ser ein at berre eitt rom er i bruk, dei andre vert berre brukte til utleige i fisketida, då det kan vere opp til 40 mann innlosjerte i huset.

I Ytre Romsdal stod dei hygieniske tilhøva mest tilbake i kystbygdene, særleg i fiskeværa i fisketida, der mange menneske var stua saman i små rom.

Som ventande var, stod det slett ikkje betre til i fiskeværa og i overfylte hus i sjøbygdene i fisketida enn mellom folk elles. Om kvinnene - etter det medisinalmeldingane seier - hadde lite sans for reinsemd og husleg orden, hadde nok karane endå mindre sans for slikt.

Rorbuene var ofte i ringt stand, heiter det i ei fråsegn frå landhusholdningsselskapet i 1845. Der mange fiskarar samla seg, kunne ein ynskje det var sett lov og regel for bustadtilhøva. I eit lovutkast i fråsegna er det sett opp regel om at ikkje meir enn 12 mann skal bu i eit rom på ca. 6 alner i kvadrat.

«I Hunden låg me seks lag», fortalde ein ørsting frå Furkenholmen. «Det var ørstingar, og me hadde kokk med, ein for tvo og tvo lag. Reinsemdi var so som so. Karane togg skrå, og dei var ikkje so nøgne med kvar dei sputta. Han som låg inn med veggen, tok det lettvint. Merkeleg nok var det ikkje mykje sjukdom. Folk var so barka.».

I Ålesund «er naturligvis Forholdene meget forskjellige», melder distriktslækjaren i 1890.

Mange stader er tilstandet «ubeskrivelig, navnlig i Fisketiden, naar Alverden har Logerende».

Med uthus til personleg bruk var det smått stell på gardar flest langt ut på 1800-talet og truleg ikkje betre i fiske- væra. I eit brev frå Furkenholmen i 1894 er det ymta om «kva tilsetningar koke- og drikkevatnet fær».

Det var ikkje betre i Fosnavåg. Der gjekk dei i fiskeslog og mannelort så å seie over alt. Somme salteri var det grunn til å rose for at dei hadde sytt for romslege og ventilerte bustader for fiskarar, men på den måten og stod det enno mykje att.

På bakgrunn av det biletet medisinalmeldingane gjev av dei sanitære tilhøva til ut mot hundreårsskiftet, må ein seie at helsetilstandet mellom fiskarane var uventa godt.

Aalesunds Blad nemnde dette i eit oppset 5. april 1873: Når ein ser på dei låge, overfylte bustader og det harde slitet, må ein undrast over at alt går så vel.

Allereide midt i mars, når veret tillet det, tek båtane til å liggje ute om nettene 4 til 6 mil frå land. Og når fisket er godt, er det ikkje mykje tid til kvild. Våte og frosne kjem dei heim kanskje midt på natta, tømer båten, får litt å leve av, så til køys med kleda på og så opp att grytidleg. Slik går det veka til ende. Det skal god helse til, skriv bladet.

123

Medisinalmeldingane fortel likevel om visse fylgjer av ureinsleg og uhelsig levemåte. Smittsame sjukdomar hadde lett for å breie seg i fiskeværa. Fiskarar kom stundom sjuke heim frå fiskeværa, der dei hadde vorte smitta, og det hende at slike smitta andre på heimstaden.

Tyfus er mykje nemnt utover siste halvparten av 1800-talet.

I 1864 var den sjukdomen mykje utbreidd på Sunnmøre - så nær som i Vestre Sunnmøre.

I Austre Sunnmøre var det 23 tilfelle med 3 dødsfall, som rimelegvis hadde sitt opphav mellom fiskarar på Vigra og Giske. Overfylte fiskevær hadde «alle Betingelser for dens Trivsel», heiter det i meldinga.

Året etter var tyfus endå meir utbreidd. Av 328 tilfelle døydde 30. Vanleg kunne opphavet tilskrivast fiskarar som kom sjuke heim frå vårsildfisket.

I Vestre Sunnmøre var det bra dette året og, berre to tilfelle, og det var menn som kom att frå fiske på Nordøyane. I Sykkylven var det innført smitte med fiskarar frå vårsildfisket. Frå Valldal reiste smitta fiskarar til Alnes, og derifrå spreidde det seg smitte vidare ut til storparten av Borgund, Haram og Ålesund. Ved ein person som kom sjuk heim frå Ålesund, vart det ein liten tyfusfarang i Nesset i Romsdal. Til Rødven kom det tyfus med fiskarar som kom att frå torskefisket.

Denne tyfusfarangen heldt fram åra etter. «- dels hjembragtes Smitte fra Vinterfisket eller Bondestuer i Byerne», heiter det i 1868.

I 1869 går epidemien framleis, mest på Sunnmøre, men også noko i Romsdal, og der og ofte med fiskarar som kom sjuke heim.

I 1870 var tilstandet endå verre.

I Vestre Sunnmøre kom sjukdomen under fisket ved smitte frå fiskarar som kom frå Stavanger kanten.

På sjukehuset i Sandshamna vart 4 sjuke innlagde, og to av dei døydde. I Nordre Sunnmøre var det 51 tilfelle, av desse 25 i Ålesund, der det truleg skreiv seg frå sjuke fiskarar på svenskeskøytene.

Tyfus herja meir og mindre utetter åra, kom til Vatne med fiskarar frå Fræna, til Stranda og Norddal frå Alnes, heiter det i 1874. I Nordre Sunnmøre mest mellom fiskarar som kom frå lofotfisket og vårsildfisket og frå Alnes.

I Ytre Romsdal heiter det i 1881 at sjukdomen tok til med 4 tilfelle i Bud og vart med sjuke fiskarar førd derifrå til Bjørnsund. Etter at tyfus for nokre år sidan vart innførd ved smitte frå fiskarar som kom heim frå Nordland, har det i Tomrefjorden vore fleire tilfelle årleg års, seier medisinalmeldinga i 1887.

I Austre Sunnmøre var og ein fiskar som var heimkomen frå lofotfiske, opphav til tyfusepidemi i 1889. Sjølv døydde han av sjukdomen. I Ytre Romsdal var ein fræning same året komen att frå fisket med tyfus og smitta 7 andre.

I 1890 vart fiskarar frå Sande smitta av tyfus i Fosnavåg. Same året var det tre tyfustilfelle i Bjørnsund.

I 1890 var det særs gale med tyfus. Både i Austre og Nordre Sunnmøre var det heimkomne lofotfiskarar som hadde smitte med seg. Same året var det 11 tilfelle i Ytre Romsdal, det tok til i Bjørnsund i januar. Same vinteren breidde det seg ein influensa farang i Vestre Sunnmøre. Det var fiskarar frå Bergens kanten som hadde sjukdomen med seg til Fosnavåg, og derifrå spreidde han seg til nesten kvar gard i distriktet, heiter det.

Det minka med tyfus ut mot hundreårsskiftet. I dei tider vert det også meldt om reinslegare og betre husstell og levemåte.

Men det var ein annan sjukdom som no hadde kome til og greip om seg. Det var tuberkulose eller svinnsott, som sjukdomen er nemnd første tida. 124

Denne sjukdomen var langt meir utbreidd på Sunnmøre enn i Romsdal.

«Denne Søndmørs Svøbe», skreiv distriktslækjaren i Nordre Sunnmøre i meldinga si for 1893. Det var også dette distriktet som årleg hadde dei fleste dødsfall av tuberkulose av distrikta på Sunnmøre.

Dei 6 åra 1880 - 82 og 1884 - 86 var det på Sunnmøre 290 dødsfall av tuberkulose, i Romsdal 50.

Dei 5 åra 1891 - 95 var det 614 tuberkulosedødsfall på Sunnmøre og 138 i Romsdal.

Medisinalmeldingane seier ikkje noko om kva opphaldet i tronge og ofte ureinslege fiskarbustader eller lugarar kunne ha å seie for utbreiing av tuberkulose. Men det er tenkjeleg at det under slike tilhøve også var miljø for smitte av dette slaget.

Med lovene om helseråd 1857 og 1860 vart det gjort opptak til eit organisert arbeid for helsevern. Distriktslækja- rane gjorde eit grunnleggjande arbeid med å vekkje til allmenn interesse for helserøkt. Dette merkte seg også av innafor fisket. Tilhøva i fiskevær og utrorsstader vart drøfte offentleg.

I 1863 vart det ved lov pålagt ei avgift på 2 skilling av kvar tynne vårsild som vart eksportert. Pengane som kom inn på denne måten, skulle brukast til betre sjukestell under vårsildfisket, særleg til å koste og halde ved like sjukehus, fritt hus og kost og stell i sjukdomstilfelle for fiskarar og fiskearbeidarar, lækjartilsyn og slikt som elles kunne trengast til helserøkt.

Sanitærtilhøva under fisket vart teke opp og drøfta på fiskerimessa i Ålesund i 1864. Der kom det m.a. fram at det burde syrgjast for betre fiskarbustader. Staten burde hjelpe med rentefrie lån til mønsterbustader med praktisk innreiing og avgrensing av talet på losjerande.

I 1867 la «Den søndmøre-romsdalske Lægeforening» fram ei føreteljing for amtstinget om å gjere opptak til ei lov om midlar til å skape helsigare tilhøve for fiskarane i torskefisket. Ei viss avgift på fiskevarer slik som innført i Nordland og Troms skulle kunne gje midlar til betring i dei sanitære tilhøva, heitte det.

Amtmannen kunne ikkje tilrå ei slik ordning. Han meinte at fiskarane her på kysten var spreidde over vidare område enn tilfellet var i Nord-Noreg og at tilhøva her difor var betre enn der nord. Dessutan var vanskane med ei avgiftsordning store og mange og ville freiste til uærlegdom for å sleppe unna slikt utlegg, Nemndinnstillinga gjekk ut på «intet at foretage», og det vedtok amtstinget.

Medisinalfondet som vart bore av utførselsavgift på salta vårsild, stod ved lag utetter åra. Melding frå dette fondet vart lagt fram i amtstinget til ettersyn kvart år til ut i 1870-åra.

Dei fiskarbustader som mange kjøpmenn fekk i stand frå sist i 1860-åra, må ein vel sjå i samanheng med dei tankar og idear som kom til orde i dei tider på dette området. I Sandshamna var det også bygt sjukehus, truleg med hjelp frå medisinalfondet.

Eit brev frå Fosnavåg fortel om tilhøva der i torskefisket 1891. Til å ta vél imot fiskarane er det gjort mykje dette året og, heiter det i brevet.

Fleire losjihus er bygde, og eldre er utvida. Losjihusa er så gode som mogleg, og det er sytt for helsevedtekter for fiskeværet, men trass i dette er det mykje sjukdom mellom fiskarane.

«Søndmørs bekjendte kvaksalvar» ( Martinus Aasebø ? ) kallar det influensa, men kva dokteren vil seie om sykja veit dei ikkje før han kjem. Han skal vere der ein gong for veka, men det er alt for lite lækjarhjelp i eit så stort fiskevær.

Ei seinare melding frå Runde oppsynsdistrikt gjer merksam på det dårlege helsetilstandet mellom fiskarane denne vinteren. Nær på kvar einaste fiskar har hatt sjukdomsforfall. Lækjarhjelpa er heilt utilstrekkjeleg. Det er samla underskrifter på ei oppmoding om å skipe medisinalfond for Romsdals amt.

125

Dette året kom det atter på tale å skipe eit slikt fond med tanke på helsevern i fiskardistrikta under fisket. Dette skulle finansierast med avgift på fiskevarer.

Fiskarane fekk høve til å seie si meining om dette, og spørsmålet vart lagt fram i heradstyra i amtet. I dei tider var det også fiskeavgift til eit hamnefond. Somme heradstyre meinte at denne avgifta måtte nedsetjast dersom ei ny avgift skulle påleggjast. Andre fann det utilrådeleg i det heile å leggje avgift på fiskevarer.

Saka var oppe i amtstinget i 1892, der ei tremannsnemnd gav ei lang og detaljert fråsegn med retningsliner for eit medisinalfond og for disponeringa av det. Amtstinget vedtok å sende saka til høyring i heradstyra og vedtok sam- stundes løyving til lækjarteneste i fiskeværa av distriktslækjarane under føresetnad av statleg tilskot.

Så vidt ein kan sjå, vart det ei tid utetter praktisert etter det sistnemnde vedtaket.

Naturleg nok kom sanitærtilhøva i fiskeværa opp i helseråda. Det vart valt tilsynsmenn for kvart fiskevær, og det vart sett opp helsevedtekter. Fiskeoppsynsmennene vart pålagde å føre tilsyn med at vedtektene vart fylgde.

126

26. Dei dyre mannefall – dei som bleiv att på sjøen

Sjøulukker på 1600 - og 1700-talet

Til alle tider har havet kravt sine offer. Sjømenn og fiskarar fekk uver over seg og måtte ta opp den harde striden med storm og sjø. Mange tapte i den striden og vart liggjande att. I tingbøker frå 1600 - og 1700 talet er det referert sjøforklaringar etter skipsforlis her på kysten. I 1684 berga Kvalsvik folket mannskapet på ei nordlandsjakt som «forgikkis paa havet». I 1706 forliste eit skip ved Remøy. Det vart vrak og vart selt på auksjon. I 1710 forliste bergensskuta «De Tre Pathriarcher» ved Skorpa og vart vrak. Ein hollandsk skonnert stranda ved Fjørtoftneset ved juletider 1720. I 1725 stranda det hollandske skipet «Akerendam» ved Runde og gjekk ned med alt og alle som var om bord. Dette forliset og det som hende etterpå, var oppe i retten gong etter gong, og rettsreferata gjev god opplysning om forliset. Meir fekk me vite i 1972, nær 250 år etterpå, då det vart funne dungar av mynt på havbotnen etter det forliste skipet. I august 1758 sprang skipet «Jomfru Maria» frå Frisland lek ut for Romsdalskysten med over 1000 tynner sild om bord. Skipet vart køyrt på land i Rakvågen og lasten seld på auksjon. 127

I 1778 forliste fem nordlandsjakter ved Valderhaug. Ein vintermorgon i 1780 dreiv eit skipsvrak inn Nogvafjorden. Natt til 1. oktober 1793 forliste ein bergensk bomsiglar på Hustadvika. Vrakgods vart berga inn til Vikan. Alle om bord omkom, der imellom frøken Helena Fridericha Tordenskjold, ein slektning av Peter Wessel Tordenskjold.

Dette og meir til kjem fram i rettsbøker, oppskrifter og segner. Det meste av slike hende i eldre tider vart aldri registrert. Mannetap på sjøen under fiske og på andre sjøferder her på kysten og i fjordane kan ein av og til finne nemnt i skifteprotokollar føre 1700, men registrering av slike ulukker er det lite av før prestane tok til å føre kyrkjebok, og det varierer frå sist på 1600 talet til midt på 1700-talet. Mellom dei eldste opplysningar me har om forliste fiskarar, er den me finn i amtmann Tønders «Beskrivelse over Romsdals Fogderie» 1744 frå Ona. Der heiter det at der for 100 år sidan var 60 busette fiskarar, og dei hadde sitt eige kapell. Men kapellet vart flytta derifrå «da Væhret tiid efter tiid blev Øde formedelst Sygdom, og mange i paakommende Vejr druknede paa Havet. Af gamle Bøger sees, at paa een Dag foruløkkede 11 Baader».

Denne ulukka er notert av biskop Nannestad i Nidaros visitasbok 14. august 1749:

«Onens Kapel nævnes i Stiftsbogen, men det er ved Aarhundredets Begyndelse afskaffed, saasom det Iaa saa langt ude til Havs paa Oneholmerne, hvorfra de fleste Indvaanere, som alle ere Fiskere, omkom i et forfærdeligt Guds Vejr 1670 i Vaarfisket, saa at der fra 50 ikkun blev 2 Familier til overs -.»

Store sjøulukker råka Nordøyane først på 1700-talet.

I ein søknad frå Vigra, dagsett 25. oktober 1709, om fritaking frå militærteneste er det opplyst at menn, søner og drenger var omkomne ved sjøskade, som alt for mykje hende årleg og i sær i dette året, heiter det. Då omkom den 22. august 20 mann frå gardane Blindheim og Roald. 20. april 1711 vart det sendt ein liknande søknad frå Haram med underskrivarar frå alle Haramsøyane.

Dei opplyste der at no på nokre få år har det omkome på sjøen i alt 113 mann.

Etter slike mannetap vart det fåment på øyane.

Om den vesle øya Erkna har det gått den tradisjonen at der budde folk ein gong, men at dei omkom på havet og at ingen har butt der sidan.

Det gode fiskeåret 1743 var eit ulukkesår for sunnmørsfiskarane, er det opplyst. Ein dag i torskefisket la 36 båtar ut om morgonen. Dei fekk storm. 29 båtar gjekk under i stormen. Berre 7 båtar kom att. 174 mann låg att i den våte grav.

I kyrkjebøkene dette året er det notert 2 omkomne i Haram.

I Borgund omkom 2 mann 15. januar og 6 mann 13. mars. Det er alt me finn om omkomne i kyrkjebøkene på Sunnmøre og i Romsdal dette året. Annan dokumentasjon veit me heller ikkje å finne.

Presten i Bud skreiv det året i kyrkjeboka at det tett føre jul, då alle fiskarar hadde rott ut, brått kom eit hardt ver, og mange omkom både sør og nord for Bud, men i Bud sokn vart ikkje eingong eit barn sakna. At dei der som andre stader på kysten var vane med mannetap i fisket forstår ein av det presten skreiv året før: «I dette sogn ere iaar kun 2 mand blevne paa søen.» 1745 var og eit ulukkesår på kysten, fortel presten i Bud. To dagar etter kvarandre på seinhausten small det eit uver som reiv hus og gjorde skade på sjøen. Både sør og nord for Bud omkom mange menneske, mest på Trønde- lagskysten, men ikkje eingong eit barn vart sakna i Bud, endå mange var ute den første dagen og nokre den andre dagen, som var ein laurdag, då presten med kona og alle sine drenger var ute på si kyrkjeferd til Hustad. 128

27. juli 1764 forliste to båtar frå Bud, les me i kyrkjeboka. 7 mann omkom. 5 enkjer og 7 farlause born sat att.

18. mars 1768 forliste 12 båtar frå Romsdal - 3 frå Bud med 19 mann, ein båt frå Tomrefjorden, to frå Stavik, tre som tilhøyrde Jacob Friis, to frå Bjørnsund med 14 mann og ein frå Hustad. I alt omkom 37 mann. På annan måte finn me ikkje dette notert i kyrkjebøkene i Romsdal.

I. Brovold har også i sine «aarbogsoptegnelser» notert at det i 1756 var uver som gjorde ulukke på både folk og eigedom. Om året 1782 opplyser han at 4 fiskebåtar frå Vikan forliste 2. februar.

I 1786 vart dette notert i kyrkjeboka for Voll: «lvar Hovde sammen med 7 Mænd, alle fra Måndalen, druknede ved fiske i Vaagene den 10. August.»

I 1796 forliste ein Aukra båt på veg til Romsdalsmarknaden med ein farm fiskevarer. Ein mann omkom, og enkja etter han saksøkte båteigaren for hans «dumdristige ferd til Romsdals marked».

Strøm nemner ikkje ulukkesåret 1743.

Heller ikkje Rasmus Vassbotn nemner det i sitt «Tidsregister».

Forlis og manneskade var det år om anna, men ikkje så vanleg som ein kunne vente «blandt et Folk, der idelig og altid pløier Havets Bølger», skriv Strøm.

Han har sterke lovord om sunnmørsbåten: «Fordelen af vore troefaste Baade bliver altsaa især denne, at naar det paa andre Stæder i Norge jevnlig og alt for ofte skeer, at Folk omkomme paa Søen, Saa indtræffer det her ganske sielden. Ja, enhver, som ret betragter vore Søemænds Seilats og Seile-redskaber, skal uden Tvivl tilstaae, at enten blot Uforsigtighed eller særdeles ulykke- lige Tilfælde maa være Aarsagen, naar en Baad her skal kuldseile.»

I kyrkjebøkene for Herøy finn me nemnt 78 menneske som omkom på sjøen på 1700 talet.

Verste ulukkesåret var 1776 og 1782, då 13 menneske omkom det eine året og 8 det andre. Største ulukka hende på kyrkjeferd skirtorsdag 1776. Då omkom 6 frå Kvalsvik og 2 frå Igesund.

I 1787 forliste Peter Møller Bager i Kjeldsund med jakt og mannskap.

I Sande finn me namna på 59 omkomne på 1700 talet. Største mannefallet der var i året 1786, då der omkom 6 mann.

Fisket var utrygt nok, men på kyrkjeferder og hende det ulukker.

Største ulukka av dette slaget som me veit om, var den som hende i Hjørundfjord nyårsdag 1770, då fonna Otola losna og grov ned tre kyrkjebåtar frå Skjåstaddalen. 27 menneske omkom. 5 vart berga.

På same staden hadde ein kyrkjebåt vorte teken av steinras i 1728. Då omkom to menneske.

Eit båtlag frå Hjørundfjord forliste i 1762. Tradisjonen har sagt at det sat att sju enkjer etter dei omkomne.

Rasmus Vassbotn fortel at eit båtlag frå Volda forliste i 1775. Berre ein vart berga av eit mannskap på 6. Det samsvarar med kyrkjeboka, som dessutan nemner 5 omkomne den 4. april 1781

I Borgund kyrkjebok finn me 133 omkomne på sjøen i tida 1740 -1800. På dei 61 åra er det 20 år det ikkje er notert omkomne.

Største manneskaden var i 1743 med 8 omkomne, mellom desse eit båtlag på 4 mann den 13. mars. Utetter åra var det fleire båtlag som omkom - eit båtlag på 5 i 1742, eit båtlag på 3 i 1748. I 1748 forliste Aschild Abels jakt med eit mannskap på 6.

I 1770 forliste eit båtlag på 6 mann, i 1779 eit båtlag frå Giske på 4 og i 1781 eit båtlag frå Alnes på 6,

129

i 1788 eit båtlag på 5 mann.

I kyrkjeboka for Haram finn me nemnt 54 omkomne i tida 1690 til 1800. Oftast var det heile båtlag som omkom.

Største mannefallet i ein gong var i juni 1800, då 10 mann omkom. 8 av desse var eit båtlag som forliste på heimveg frå Storegga. Hardt gjekk det ut over det vesle samfunnet på Uksnøya i 1690, då båtlaget derifrå på 6 mann omkom. Året etter omkom eit båtlag på 5 mann frå Flem.

Strøm har nemnt i si «Annotationsbog» i samband med sjøulukker i Haram at i 1739 «døde vel en 14 mennesker paa en Uge». Dette finn ein ikkje i kyrkjeboka for det året.

På Vigra omkom 36 menneske i tida 1690 -1800, etter det kyrkjeboka opplyser. Største mannefallet her i ein gong hende 25. august 1744. Då omkom eit båtlag frå Molnes på 7 mann. Eit båtlag frå Røsvik på 5 mann omkom 12. august 1690. Frå Røsvik var også 4 av dei 5 som omkom på veg til Borgundkyrkja påskedag 1766 den femte var frå Blindheim.

Stranda kyrkjebok nemner 17 omkomne i tida 1762 - 1800.

To båtlag frå Ørsta finn me nemnde i kyrkjeboka på 1700 talet. Eit båtlag med 6 mann omkom i 1775 og eit båtlag med 7 mann omkom 22. mars 1780.

I kyrkjeboka for Bud og Hustad finn me nemnt 37 omkomne på 1700 talet. Største sjøulukka der var i 1789, då eit båtlag på 5 omkom.

Skipsforlis og andre sjøulukker på 1800 talet

Ved vår lange kyst har mangt eit drama vorte utspela med tap av båt og skip og menneskeliv.

På Sunnmørs - og Romsdalskysten har det og hendt skipsforlis som det har gått ord om frå gamle tider. Somme av dei kan ein lese om i rettsbøker og i gamle aviser. Me veit om nokre frå 1800 talet som er meir kjende enn andre.

I mars 1825 forliste seglskipet «Flora» ved Riste i Sande. Mannskapet på 5 mann fann dei i fjøra. Dei vart gravlagde i Sande kyrkjegard. Det vart eit etterspel etter dette forliset. Skipet hadde hatt koparlast, og det lyddest med at somme hadde tileigna seg noko av lasten.

I februar året etter forliste ein brigg med trelast ut for Goksøyra på Runde. Om lag 150 mann vart leigde til å føre materialen og skipsvraket til Håkonsholmen i Ulstein, der det vart bortauksjonert.

Hausten 1830 forliste briggen «Albion» på eit skjer ut for Uksnøy ved Harøya. Mannskapet berga seg. Briggen var m.a. lasta med stry. Vraket vart liggjande der, og folk forsynte seg av lasten. Det vart ei lang og lei rettssak av dette, som sidan gjekk under namnet «Strysaka». 181 personar vart dømde for vrakrøving og måtte på straff. Det var ei sak som folk helst tagde om.

Eit forlis ved Løvsøya 7. februar 1886 vekte mykje oppsikt og vart omtala og omskrive både då og langt seinare.

Elling Hestholm og Paul Hestholm frå Herøy tente på Løvsøya i dei tider, og Elling fortalde i 1954 om dette forliset:

«Me skulle ein sundagsmorgon ut og sjå etter rakgods i Rønstadrået. Då kom det drivande ei lita skute inn mot land med slitne seglfiller. Ho vart slengd opp i land både ein og to gonger. Andre gongen brotna masta og vart liggjande som ein landgang, og Pål krabba om bord etter masta. Det var eitt einaste levande menneske om bord, og det var ei kvinne.

130

Pål fekk sende til lands ei trosse, og etter den trossa hala me kvinna i land. Ho var forskremd og redd oss med det same, men då det gjekk opp for henne at ho var berga og at me ville henne vel, klappa ho oss. Me forstod ikkje noko av det ho sa, men me tok henne med til gamlepresten, Barman, og han prata med henne.»

Skuta heitte «Columbine», eit farty på 21 tonn.

Etter det som seinare vart opplyst, gjekk skuta i fraktefart på Shetland. Kvinna som var med, skulle til doktor i Lerwick. Då dei vél var komne i veg, vart skipperen slegen over bord av storseglbommen. Dei to andre som var mannskap, låra lettbåten og skulle berge skipperen. Medan dreiv skuta sin veg, og dei nådde henne ikkje att. I 8 dagar dreiv skuta utan styring med kvinna om bord til ho hamna i Løvsøyfjøra. Kvinna heitte Elisabeth Mouat og var 59 år.

Bergingsmennene fekk dronning Victorias medalje for edel dåd og 10 pund attpå.

I lista over bergingsmennene er ikkje Elling Hestholm nemnd, endå han etter eiga utsegn var ein av dei første som var på staden då skuta tok land. Dei som er nemnde, var Paul Hestholm, Martinus Hansson Knarvik, Bernt Pederson Rønstad, Knut Veblungsnes, Ole Moeset ( Mauset ) og Johan Rekdal. Konsul Otto Jervell i Ålesund kjøpte skuta til lystfarty og selde henne seinare til Vardø.

I november 1888 stranda Arendals briggen «Sigrid» ved Gossa i ein orkan. Briggen kom frå Loviis i Finskebukta med trelast og skulle til England, men dreiv i stormen av nordetter til Nordøyane, fekk los der, gjekk inn Nogva- fjorden og ankra ved Sandøy, der dei vart liggjande eit par dagar. Dei signaliserte til folk i land om hjelp til å få i land betre fortøying. Dette lukkast ikkje fordi stormen auka. Briggen kom i drift mot ein holm og kunne bli knust. Difor galdt det å berge mannskapet. Dei seks mennene frå Sandøy, som hadde rott ut, fekk med seg nokre av mannskapet. Då dei rodde ut att og skulle hente dei som var att, forliste båten, og alle 6 omkom.

Dette skipsforliset førde såleis med seg ei av dei mange sjøulukker som gjekk for seg gjennom folket sin kvardag her på kysten på 1800 talet. Det som her vert fortalt om dette, er og berre glimtvis. Om alt kunne forteljast, vart det ei omfangsrik krønike om tragediar på hav og fjord, om hard og vonlaus strid for livet og om sorg og liding hos dei som miste sine. Stundom opna havet sitt kalde gap og gløypte dei mange. Stundom var det éin som vart borte. Berre ein, har ein så lett for å seie. Men sorga og lidinga var like stor etter den eine som etter dei mange, berre at det i siste tilfelle var så mange som vart råka.

Det fortel noko om kystfolket sine harde kår når prost Münster i Herøy i ei utgreiing om fattigstellet i prestegjeldet i 1826 skreiv: «Fædrene omkomme for det meste paa Havet og efterlade mange Faderløse og Enker.»

Går me til kyrkjebøkene, som skulle vere vissaste kjelda, syner det seg at registreringa av omkomne på sjøen enno ikkje er gjennomførd over alt først på 1800 talet !

Frå kring 1816 vert det betre, og sidan er omkomne bokførde, ofte med ein merknad om korleis det hende.

I dagbøker og andre oppskrifter, i offisielle dokument og i aviser og tidsskrift kan ein finne opplysningar om sjøulukker.

Jamført med dei store oppslaga i avisene i seinare tid når sjøulukker har hendt, tek det seg rart ut å sjå slike ulukkesmeldingar i avisene i eldre tid. Dei er sjeldan nemnde i overskrifter. Dei står gjerne inne i fiskemeldingane utan anna overskrift enn stad og dato for meldinga. Ikkje alltid er dei skilde ut med eige avsnitt heller, dei står inne i teksten med nokre ord om at dessverre har ei ulukke hendt siste dagane. Og så vert det kort fortalt kvar det hende og kor mange som omkom.

Ein kan tyde det så at sjøulukker var vanlege hendingar som det ikkje trong gjerast særleg nummer av, men helst har det vel med dei tiders presseskikk å gjere. Gjekk det eit vinterfiske utan mannespille på havet, vart det nemnt både i aviser og i offisielle dokument som noko omframt gledeleg.

Slik ser ein det praktisert utover heile 1800 talet. Berre når dei store ulukker hende, når eit heilt mannskap eller fleire mannskap vart borte, vart det ut på slutten av hundreåret slege særskilt opp.

131

«Det som er dagligdags»

Kyrkjebøker, dagbøker, aviser og tradisjonar i folkeminnet fortel oss tydeleg kor vanleg det var med sjøulukker i eldre tid. Med grunnlag i desse kjeldene kan me i store drag følgje ulukkene i kystfolket sin kvardag gjennom 1800-talet.

I året 1800 forliste to Harams-båtar. Den eine var frå Longva. Heile båtlaget på 8 mann omkom på heimveg frå Storegga. 10 mann frå Haram omkom det året.

I 1802 var det Herøy og Sande som var verst ute. Derifrå omkom to båtlag, kvart på 6 mann.

Eit båtlag frå Borgund på 8 mann omkom på bankfiske i 1805.

I fjordane var snøskred ein fåre, ikkje berre på landjorda, men for Sjøfarande ög.

I 1808 omkom 4 mann frå Stranda på veg til Norddal kyrkje.

Dei tre åra 1808 - 10 omkom 20 mann frå Herøy, og i 1813 omkom 8.

I 1812 forliste ein Vigra båt, og 5 menneske omkom Det kan ha vore på kyrkjeferd, etterdi det var ei kvinne med.

1814 var eit ulukkesår for Skodje og Vatne. Der omkom 9 mann i juni månad, truleg på bankfiske. Tre av dei var utasoknes.

Same året forliste ei Volda jakt i Flåværfjorden på heimveg frå Bergen. Mannskapet på 5 omkom. Det forliset fekk eit leitt etterspel. Kornvarer og anna som dei hadde kjøpt i Bergen, rak i land og vart berga av nokre menn som tileigna seg vrakgodset og ikkje gav det opp. Det vart det rettssak om, og dei skuldige fekk fengselsstraff.

I 1815 var det mange sjøulukker i Borgund og Giske. Det tok til med at ein kyrkjebåt frå Alnes med 17 menneske støytte på grunn og kantra, men dei vart berga, så nær som ein av dei, ein mann frå Heissa, som tente på Alnes. To båtlag frå dette prestegjeldet forliste, begge med 4 mann som omkom. 10 mann herifrå omkom det året.

Frå kring 1816 er det fortalt om to Ulstein båtar, kvar med 5 mann, som var ute på bankfiske og fekk uver. Dei rådslo med kvarandre om å gå i lag i ein av båtane og la den andre drive, men vart ikkje samde om kva for båt dei skulle forlate. Dei kom frå kvarandre. Stormen rasa i dagevis. Etter fleire døgn landa den eine båten på Harøya og den andre ved Kristiansund. Ein unggut låg då død i den eine båten. I den andre båten kom alle levande i land, men ein av dei døydde då dei kom til folk.Det gjekk fleire veker før dei siste kom heim att. Folk hadde syrgt dei av, og lensmannen var i ferd med å registrere buet deira då dei kom.

I 1817 omkom eit båtlag frå Bø i Herøy på 5 mann. Det gjekk lenge gjetord om denne ulukka og dei låke tilstandar for enkjer og born som sat att. Dei tre åra 1817 - 19 var harde år for Herøy såleis.

4 mann omkom i 1818 og 9 i 1819, i alt omkom 19 mann dei åra. Største ulukka etter Bøulukka hende på Herøy- fjorden, då ein båt frå Berge forliste og dei 5 om bord omkom.

Futen på Sunnmøre skriv i 1818 at ei bondejakt herifrå, lasta med 900 våger fisk og dessutan tran og rogn, var forlist ut for Stad på veg til Bergen. Om mannskapet omkom nemner han ikkje, og i kyrkjebøkene kan me heller ikkje sjå at noko slikt mannskap har kome bort det året.

1819 var og eit ulukkesår for Veøy prestegjeld. Då omkom 11 mann derifrå i tre ulukker, alle i oktober månad.

I siste ulukka - 24. oktober forliste presteskyssen på veg til Tresfjord kyrkje, og alle omkom. Dei 5 skysskarane fann dei att, men presten, prost Stub, vart ikkje funnen.

I Bud og Hustad var åra 1820 - 21 ulukkesår. 7 menneske kom bort dei to åra.

Tre av dei omkom 8. mai 1821, ein måndag, som sidan vart kalla «Galnemåndagen».

Omkring denne dagen har det laga seg mange ulukkessegner som ikkje let seg stadfeste. Dateringa på dagen er også ulik. Eit notat seier 8. april. Då skulle det ha omkome 140 mann på kysten frå Runde til Bud.

132

( Jeg har nevnt mere om denne «Galnemåndagen» i min ættesoge ).

9. april er ein annan dato for stort mannefall. Då skulle det - etter «Bjørkedals krønike» - kome bort i alt 100 mann frå Nordøyane.

Ein tredje dato er 11. mars.

Då omkom det 300 fiskarar berre frå Haram sokn, har Peder Fylling opplyst i Sunnmørsposten 13. februar 1884, og dette er også gått inn i Ålesunds Historie ( I s. 69).

Det kan ikkje ha vore så gale som ordet har gått.

I Haram sokn, som skulle vere verst ute, har kyrkjeboka ingen omkomen det året. I Borgund ( med Giske ) nemner kyrkjeboka to omkomne 17. mars og ein omkomen 30. august.

Kyrkjeboka for Vigra ( Roald sokn ) har bokført 10 omkomne 10. mai med den merknaden at det var tre båtlag som forliste.

Det er mogleg at dateringa er feil og at rette datoen skal vere 8. mai.

Då samsvarar det med kyrkjeboka for Aukra, som har bokført 13 omkomne den dagen. Ved den eine av dei som er nemnd omkomne i Bud og Hustad 8. mai, står den merknaden at han omkom med ein båt frå Bjørnsund sjølv åttande. Eit båtlag til frå Bjørnsund forliste då.

Alle dei 13 som er nemnde omkomne i Aukra kyrkjebok denne dagen, var frå Bjørnsund. Det var ikkje nok med det. 3. november same året ( 1821 ) forliste endå ein Bjørnsund båt, og mannskapet på 5 omkom. Bjørnsund miste 18 mann det året.

I 1822 forliste eit båtlag frå Ørsta. 6 mann vart borte i det forliset. Det og var i mai månad.

Eit båtlag frå Herøy på 4 mann, alle frå Koparstad, forliste same året.

Året etter forliste ein kyrkjebåt frå Ulstein, og 4 menneske omkom. Dei var på heimveg frå Herøy kyrkje.

I Herøy omkom 9 mann i 1825. Det var to båtlag, eit frå Tjørvåg og eit frå Moldtustranda. «6 enker og mange barn begræt sine menn og fædre,» skreiv sokneprest J. Ristesund i 1925. Han la til at det var største sjøulukka som hadde råka indre Herøy i historisk tid.

I Sande og omkom 9 menneske i 1825. Først eit båtlag på 6, som omkom ved Riste i torskefisket. Dei tre andre omkom i august på Sandsfjorden.

Denne vinteren, 1. februar, gjekk 5 menneske gjennom isen på Sykkylvsfjorden og drukna, alle frå Straumsheim.

I 1828 vart Herøy atter råka av ei sjøulukke. Eit båtlag frå Goksøyr på 5 mann strauk med.

På Vigra omkom eit båtlag på 5 i 1829.

I torskefisket 1830 var det stort mannefall på Sunnmøre.

9 mann frå Borgund omkom 16. mars. Det skulle vere tre åttringslag som forliste. Det var då åttringen til Knut Bang brotna på midten og Knut, saman med Ola Torsteinson Standal, dreiv på den eine halvparten inn til Erkna og vart berga der. (Sjå I s. 124 f.) Det fortaldest at ein lærar på Giske den natta hadde drøymt om folk som trong hjelp på Erkna. Då dagen kom og det vart kikra dit ut, såg dei at der var folk. Men hardveret varde ved, så ber- gingsmennene leggje år, me fekk ei line i land og hala dei to til seg.

I same uveret omkom 5 mann frå Hjørundfjord.

I Herøy omkom eit båtlag på 5, alle frå Koparstad. Hardast vart Sande råka. Der omkom to båtlag, eit på 7 mann frå Kvamsøy og eit på 6 frå Fastlandet. Attåt desse omkom ein mann i Vanylven.

33 mann frå Sunnmøre vart liggjande att i havet i den stormen. 133

Vinteren 1831 var det Haram som vart råka. Då forliste to båtar frå Løvsøya, og 12 menneske kom bort.

Sæts-åttringen med 8 mann 16. februar og ein båt frå Lauka med 1 mann og 3 kvinner 27. mars. Tre av dei om- komne var frå andre sokner. Aret etter forliste atter ein båt frå Haram, denne gongen frå Myklebust. Dette året kom det også mange ulukkesbod til folk i Aukra. 9 menneske er nemnde omkomne der frå ymse stader i preste- gjeldet. Same året forliste ein båt frå Norddal, og 4 menneske kom bort.

I 1834 forliste Sætre båten i Gursken, og båtlaget på 6 mann omkom. Eit båtlag frå Gjerdsvika var ute i same stormen. På denne båten holkestøytte dei masta og drog henne etter seg. Alle mann måtte ause med alle dei kjerald dei hadde. Etter ein stygg sjø dei fekk over seg, sakna dei ein mann. Dei trudde han hadde vorte utslegen, men då dei tok til å ause ut att sjøen, fann dei han under ei tofte, der låg han i svime. Dei dreiv like nord om og kom seg inn til Kristiansund. Då hadde dei att berre ei heil år, og fisk og vegn og alt laust i båten var skylt ut. Folk tok seg av dei, forkomne som dei var av svolt og vakster.

Dei hadde sår på nevane etter alt slitet, og i andletet bar dei merke all sin dag sidan av dei store hagla dei hadde vore ute for. Dei kom heim att 8 dagar etter dei hadde reist ut. Den andre båten vart funnen i med ein mann som hadde bunde seg fast. Dei og hadde holkestøytt masta, men ingen kunne fortelje om deira siste strid.

I Aukra omkom i 1835 7 mann. Dei fem åra 1835 - 39 omkom nokon på sjøen der i prestegjeldet kvart år, i alt 18 menneske.

Eit båtlag på 8 mann frå Ørskog prestegjeld omkom i vinterfisket 1835.

I oktober dette året forliste ein båt frå Sande ved Gjøneset på heimveg frå Herøy kyrkje. To menneske omkom. Det var haugianarhovdingen på dei kantar, Amund Brekke, og kona hans. Noko før jul same året var det ein mann i Sande som fraus i hel i båten.

På Vigra omkom 16 menneske dei tre åra 1836 - 38.

Største ulukka hende 17. mai 1837, då 8 mann omkom, alle frå Blindheim.

I 1836 forliste ein båt frå Goksøyr, og 6 mann omkom. I Borgund omkom det nokon kvart einaste år frå 1832 til 1842, i alt 44 menneske. Flest var det i 1842, då der omkom 9 menneske.

Bud og Hustad vart hardt råka åra 1839 - 40. 17 menneske omkom der på dei to åra, 13 det eine året og 4 det andre.

I Sande omkom eit båtlag frå Hakallestranda på 6 mann i vinterfisket 1839.

Grytten prestegjeld vart råka av to sjøulukker i desember 1843.

4 mann omkom i den eine og 3 i den andre.

I Veøy og omkom to båtlag det året, det eine i februar med 3 mann og det andre i desember med 5 mann. Her var det i alt 13 mann som omkom på sjøen dette året.

I Norddal omkom også eit båtlag på 4 mann. Dei tre åra 1841 - 43 omkom 9 mann frå Norddal.

I 1843 omkom eit båtlag på 4 mann frå Ørsta.

I Ulstein prestegjeld hende det sjøulukker kvart einaste år i åra 1841 - 49. Verst var det i desember 1846, då 11 mann omkom - to frå Hareid og to frå Vartdal, dei andre frå Ulstein.

I alt kom 29 mann bort denne ni-årsbolken i Ulstein prestegjeld. Ein av dei var frå .

I januar 1844 forliste ein båt frå Nesset med 4 mann, som alle omkom. Dei var på veg til Molde.

For Sunnmøre var 1846 eit ulukkesår.

134

På Vigra forliste to båtlag, og 8 mann omkom.

I Borgund forliste likeins to båtlag, og 7 mann kom bort.

Same året forliste eit båtlag frå Ørsta, og der omkom 4 mann.

I Ulstein prestegjeld omkom 3 mann dette året, i Herøy 2, i Ørskog 3, i Hjørundfjord 3 og i Volda 3.

I det heile omkom 34 menneske på Sunnmøre i 1846. Det var mykje hardt ver i torskefisket denne vinteren. Amtmannen melde til departementet 23. februar om store tap av båtar og garn, «et virkeligt nationalt Tab».

I ny melding 30. mars set han skaden til 40 - 50 tusen spd. No melder han også om tapte menneskeliv. 50 mann var sakna i Ålesund den 18. mars, men folk vona på at dei hadde drive i land lenger sør. Sist i meldinga heiter det at amtmannen «antager med Sikkerhed at 60 Mennesker ere omkomne». Postbudet sette i melding 28. mars tapet av menneskeliv til 41.

I 1848 omkom 9 mann frå Herøy - eit båtlag frå Leine 19. juni og ein losbåt 6. september.

Ofte hende det at losdrenger omkom på heimveg etter at dei hadde sett los om bord i farty.

I 1850 - 51 omkom 5 mann frå Sande og ein frå Volda på den måten. I begge tilfelle har kyrkjeboka merknad om at dei tente i Goksøyra. Det er fortalt at det var vanskeleg for Goksøyr folket å få drenger, det var livsfårleg teneste.

Fiskemeldinga frå Molde 15. mars 1851 fortel om storm. «Den 5te forulykkedes flere Baader paa Søen, uden at nogen af Mandskaberne kunde reddes endog af de Baade, der vare ved Siden eller i Nærheden af dem. Hvor stort Antallet af de forulykkede Baade var, vides ikke bestemt, men 4 Stykker har man Vished om.»Fiskarane lét seg ikkje skremme. Same meldinga opplyser: reiser en stor Del Romsdalinger til Ulla, hvor Fisken skal have vist sig i stor Mængde.»

Etter det kyrkjebøkene opplyser, omkom den vinteren 6 menneske i Bud og Hustad , 4 frå Nerland og 2 frå Male, 1 frå Stranda, 1 frå Hjørundfjord, eit båtlag på 4 frå Ørsta, 1 frå Hareid, eit båtlag på 4 frå Vanylven og frå Herøy fleire båtlag med i alt 15 mann, av desse ein frå Bolsøy, ein frå Volda og ein frå Syvde - den største folkeskade ein i det heile veit om i Herøy, skriv Paul Moltu.

Med 3 mann i Sande, 4 i Fræna og 5 som elles omkom, syner kyrkjebøkene det året eit tap på 44 menneskeliv i Sunnmøre og Romsdal. Det kan ha vore fleire enn desse som me har funne fram til.

På Sunnmøre var tap av menneskeliv på sjøen mesta like stort i 1852. Størst var mannefallet i Borgund med 8. Deretter kjem Sande med 7 og Haram med 5. Herøy og Vanylven med 5 kvar. Dessutan 6 frå andre prestegjeld.

18. mars 1852 hadde Morgenbladet ei melding frå Ålesund om tre forliste båtar: ein åttring frå Giske, ein seksring frå Synes og ein seksring frå Molnes. Av åttringen omkom 2, av seksringen frå Synes 3 og av seksringen frå Molnes 5. 10 mann omkom i desse forlisa. Dette er fleire enn dei me finn i kyrkjebøkene.

Talet på omkomne på Sunnmøre denne vinteren kom over 40.

Året etter forliste ein båt frå Ørskog med 5 menneske som omkom, 3 menn og 2 kvinner. Ein losbåt frå Herøy forliste, og 4 mann omkom. Ein båt frå Sande med 7 mann forliste, og av desse omkom 5. Dei to andre vart berga av eit anna båtlag.

I 1854 forliste to båtlag frå Vigra, og 6 mann omkom. Eit båtlag frå Sykkylven med 3 mann omkom og dessutan to andre frå Ørskog prestegjeld. I Herøy omkom eit båtlag på 5 mann, to av dei var frå Selje. Ein los i Kvalsvika vart same året teken av båra, han gjekk og plukka fisk som grunnbrotet hadde slengt fram i fjøra.

I 1855 omkom eit båtlag frå Ulstein på 5 mann, ein av dei var frå Volda.

Året etter omkom eit båtlag frå Fræna på 6 mann.

I 1857 kollsiglde tre båtar i Sandøy sokn, og 7 mann omkom, alle frå Harøy. Dei hadde vore på Røsokflua med søkkjenot og var på heimveg.

135

I 1858 forliste to båtar frå Haram - ein frå Longva og ein frå Farstad og 8 mann kom bort. Seinare på året forliste ein annan båt frå Haram, og 2 mann omkom.

Frå Bud og Hustad omkom 7 mann i 1859, eit båtlag på 4, 2 mann i eit anna forlis og dessutan ein til, ein bergens- skipper.

3 mann frå Otterøya omkom i Buadjupet same året.

Likeins forliste ein Hareids-båt, og 5 mann omkom. I Sande omkom 2 mann frå Gjerdsvika.

Bud og Hustad vart råka av ei stor ulukke i 1860 og, i torskefisket. Då omkom eit båtlag på 7 mann. Ein merknad i kyrkjeboka opplyser at båten vart sigld «isønder». Året etter omkom der 5 menneske, der imellom 2 kvinner på heimveg frå Kristiansund.

Nokolunde i desse tider forliste ein båt frå Midøy, og 4 mann kom bort. Ein båt frå Hole forliste likeins i dei tider, og av det båtlaget omkom 3 mann.

Ein losbåt frå Ona forliste i 1860, og losen med ein son og ein dreng omkom. Ein fjerdemann greidde å få båten på rett kjøl og berga seg. Denne fjerdemannen fortalde sidan om ulukka: «Båten la seg over, tok inn sjø, så hadde eg båten over meg. Eg dukka fram, fekk tak i ei år som eg hengde meg over. Der låg eg med ei hand på båtripa og den andre rundt åra. Dei andre freista å kome seg bort til båten, men dreiv andre vegen. Alt håp var ute. Eg kan ikkje gløyme korleis dei kjempa for livet. Det siste eg såg, var då dei gav seg havet i vald. Dei ropa farvel til meg og gjekk ned, far og son i armane på kvarandre.»

Han som berga seg denne gongen, omkom 3 år etter på Lyngværfjorden.

I Skodje og Vatne sokn omkom eit båtlag på 6 i 1860.

I vinterfisket 1861 omkom eit båtlag frå Volda på 6 mann.

Året etter omkom 6 mann på Vigra, ved eitt høve eit båtlag på 4.

Same året omkom eit båtlag frå Sykkylven på 4 mann og frå eit båtlag på 3 mann.

I 1863 omkom 5 menneske frå Ona, dei var på heimveg frå Molde med matvarer. To av dei var losar.

Eit båtlag frå Volda på 6 mann omkom i torskefisket 1864.

I 1865 forliste ein losbåt frå Sandøy sokn, og 3 losar omkom. Båten vart funnen drivande med kjølen opp ut for Ona. 3 mann til frå Sandøy omkom det året i ei anna sjøulukke.

I eit hardver på Sunnmørskysten den våren forliste 6 båtar på havet, heiter det i Postbudet 3. juni. 22 mann omkom. Det var ein båt frå Herøy, ein frå Ulstein, to frå Borgund og to frå Haram. Det var største ulukkesdagen på lange tider, seier meldinga. Ulukkesdagen var den 16. mai. Då omkom det 5 mann på Vigra, 3 i Sande, 5 i Ulstein og 8 i Borgund, etter det kyrkjebøkene opplyser.

Eit båtlag på 5 mann frå Bud og Hustad omkom hausten 1867. På Vigra omkom 6 mann det året, i Borgund 8 og i Herøy 7.

5. februar 1868 forliste ein gravferdsbåt i Aukra. 9 mann skulle føre eit lik frå Magerøy til Aukra kyrkjegard. Båten kollsiglde i ein kastevind, og 6 mann omkom. Liket fann dei att på ein av Gosseholmane.

12. mars dette året melde Romsdals Budstikke at ein båt frå Bud kollsiglde på havet, og mannskapet på 5 mann omkom. Kyrkjeboka for Bud og Hustad nemner ingen omkomne det året.

Meldinga i Romsdals Budstikke fortel og at same dagen vart ein båt frå Bjørnsund sigld tvert av. Folket vart berga, men båten med last gjekk tapt.

Oppsynssjefen melder om året 1868 at 3 båtar i Haram forliste, og mannskapet på den eine - 8 mann - omkom.

Han melder og om dei 5 omkomne frå Bud.

136

7. juni same året er i Borgund kyrkjebok oppførd omkomen Peter Samundson Slinning med merknad om at han omkom på bankfiske, skøyte med mannskap gjekk under. Me finn ikkje fleire nemnde frå dette forliset. Det kan tenkjast at skøyta var svensk.

Den svenske skøyta «Doggeren» forliste det året med heile sitt mannskap.

Likeins skøyta «Springeren» frå Ålesund, skipper Peder Hellevik. Om dette finn me ingenting i kyrkjebøkene.

25. februar 1869 var ein skadedag på Sunnmørskysten.

Silda hadde sett inn på nordsida av Stadlandet, og mengdevis av fiskarar hadde samla seg der. Etter nokre storm- dagar la veret seg den dagen, så båtane drog ut og skulle drage garna. Då braut stormen laus. Minste båtane vart først ferdige og kom seg over Vanylvsgapet til Haugsholmen. Dei som låg att fulllasta av sild, vart heilt hjelpe- lause. Ein båt som sette segl og ville ta seg over fjorden, kollsiglde. Ein annan båt kom forbi, han hadde nok med seg sjølv. Dette såg dei frå Haugsholmen. Ein nordfjordbåt la ut og fekk berge to mann, den eine låg på båtkvelvet, den andre heldt seg oppe med to kaggar. Dei fire andre av mannskapet var borte. Dei lasta båtane la seg for anker ved Rivjehornet og ville berge seg sjølve og lasten på den måten. Stormen stod frå land, og dei låg i lé for Rivje- hornet.

Men så sette storm og sjø inn frå vest. For å berge livet køyrde karane båtane sine i fjøra og kom seg på livs vågnad i land.

«Kl. 2 om Natten stod over 100 Mand reddede paa Stranden. Kort efter fandtes der ingen Baad mere, kun Splinter. Blottede for Alt søgte de Skibbrudne hen til de nærmeste Gaarde; Trængselen var stor nok i forveien af logerende Fiskere. Saaledes hændte det flere Steder denne Nat, at Fiskerne af Mangel paa Husrum maatte sove staaende sammenstuvet, Mand støttet mod Mand.»

Stormen heldt ved fleire dagar. Dei skipbrotne hadde ingenting å leve av, dei ville forkomast av svolt. Sorenskrivar Tambs i Volda - som gjorde oppsynsteneste - fekk då i veg dampskipet «Ærknø», som hadde med matvarer og fekk fiskarane om bord, så dei kom til rettes.

Skildringa i Romsdals Budstikke av desse ulukkesdagane opplyser at 173 mann vart båtlause og 18 mann omkom.

Dei fleste omkomne må ha vore folk frå Nordfjord og lenger sør, for i kyrkjebøkene her finn me berre 3 omkomne - 2 frå Sande og 1 frå Vanylven.

Straks etter desse ulukkesdagane kom det ein skadedag til. Det var 2. mars.

Denne gongen hende ulukka ved Ulla.

I storm og snøkave kom båtane inn frå havet. Av dei som skulle inn det tronge Ullasundet var det ikkje alle som kom vél frå det. Somme lét stå til opp i brotet og berga seg i land på Ullaholmen, der dei vart verande natta over i nokre smalefjosar. Andre omkom i brotet. 16 lik vart berga i land dagen etter. To omkomne fanst ikkje att.

I ei skildring av denne ulukka har Nils K. Finnøy fortalt etter ein av dei som berga seg, at det vart bore opp frå stranda 21 lik.

I oppsynssjefen si melding er talet på omkomne i Haram oppført med 14, som omkom ved Ullahammar.

Ulukkesdagen på søre Sunnmøre er ikkje nemnd. Av omkomne i ulukka ved Ulla finn me i kyrkjebøkene 3 mann frå Haram, 3 frå Borgund og 1 frå Vatne. Tap av båtar og reiskapar berre i Haram vart taksert til 7 350 spd.

1870 var og eit ulukkesår.

Oppsynssjefen melde frå torskefisket det året at det hende tre sjøulukker, og 19 fiskarar omkom.

Første ulukka hende ved at eit spansk dampskip køyrde ned ein fiskebåt ut for Runde. Dei 4 i båten omkom. 3 av dei var frå Ulstein.

22. mars forliste ein båt frå Løvsøy og ein frå Fjørtoft, og 15 mann omkom.

I dagboka til Knut Molnes på Vigra er det notert på 30. april: 137

«Tvende baade har gaaet under med mand og mus, nemlig Elias Rønstad og Johan Fjørtoft den 22. marts. O Herre, saa har du atter igjen skjenket familien sorg over sine kjære som du har ladet søen opsluge. Trøst de igjenlevende og hjælp dem at indse hvor ubestandige livets glæder ere.» Båtar vart Øydelagde, og reiskapar gjekk tapt dette året ög.

I torskefisket 1871 var det to ulukkesdagar. 21. februar på Sunnmøre og 8. mars i Romsdal.

På Sunnmøre omkom eit båtlag i Ørsta og eit båtlag i Hareid, begge på 7 mann.

I Romsdal vart ulukkesdagen sidan kalla «Galne-åttandemars».

Då omkom eit båtlag på 6 mann frå Fræna, to båtlag på til saman 16 mann frå Aukra, eit båtlag på 4 mann frå Bud og eit båtlag på 7 mann frå Bjørnsund, etter dei opplysningar som ligg føre. I alt forliste fem båtar på Romsdals- kysten den dagen, og 33 mann omkom. Dessutan omkom ein mann frå Julnes 7. februar.

48 mann frå Sunnmøre og Romsdal sette livet til på sjøen denne vinteren.

Frå ulukkesdagen 21. februar har Laurits N. Myklebust i Ørsta som miste far sin då - fortalt:

Sundag 19. februar hadde nokre fiskarar som låg i Valkve, vore heime i Ørsta etter ny matforsyning. Dette heldt dei «skjåbør» på då dei kom ut att i fiskeværet. Skjåbør var «eit lite kalas, der dei i lag smaka på den nye nista heimanfrå og drakk av Ølkaggane sine».

Det fylgde gjerne noko uro med dette. I båtlaget hans Sæs-Åmund frå Vartdal hadde det den natta vore så mykje bråk at Åmund - som var ein streng mann - kommanderte ut laget sitt og strauk på sjøen, endå det var så dårleg sjøver at hine låg heime.

Om morgonen 21. februar spurdest det at Åmund var innkomen med fiskelast. Då strauk dei andre på sjøen, men Amund vart liggjande heime. Fisken beit denne dagen og. Båtane tøygde på utover dagen, endå dei såg at det var uver i vente. Så var stormen og snøkaven over dei. Nils Myklebust med båtlaget sitt skulle krysse seg opp Staur- sundet, og då var det ulukka hende. Alle sju mann omkom. Ytrelands folket hadde høyrt ropet frå dei, men veret var så fælt at dei visste ikkje å prøve på berging.

Rasmus Løvøy skreiv ned det som bestefar hans, Rasmus Uksnøy, fortalde frå den dagen:

Rasmus heldt ute båt. Denne dagen lika han ikkje veret, han gjekk gong etter gong opp på haugen attmed stova og såg i veret, medan karane sat i båten og venta på han. Motvillig gjekk han med på å fare. I Flesstraumen møtte dei ein Fjørtoft-båt. Styremannen der ropte: «Kva trur du om veret i dag, Rasmus?» Rasmus svara: «Hadde me alle vore i lag i dag, skulle ikkje ein båt ha kome ut om skjera !»

Dei kom snart ut på Landmeen, la masta og tok til å drage garna. Det var hard straum, og garna sette seg faste. Uversbanken nærma seg, og det kom snøflukser så store som Rasmus aldri hadde sett maken til. Brått var stormen over dei med snødriv så tett at det var mest ikkje råd å få augo opp. Noko av det verste på åttringane var å få masta opp i storm. Denne gongen hadde dei ein kraftig rorskar med seg, Store-Pé. Der han fekk tak, der heldt han. Det gjekk greitt å få masta opp. Innover bar det i ei vågsam og våtsam sigling. Dei greidde så vidt å halde båten lens. Det var berre tette kaven og snødrivet omkring dei. Måtte dei la stå til i blinde inn gjennom fallgarden?

Då rivna det eit lite hol i kaven, så dei fekk sjå landemerka for innsiglinga. Det tok seg opp ein stor skavl attafor dei, som reiste båten på ende. Då treiv Store-Pé seglet inn i fanget og førde det fram åt masta og fekk såleis minka på farta. Dei kom seg vél inn Nogvafjorden. Rasmus såg det som eit Guds under at dei fekk den vesle glytt i kaven, så dei fekk landkjenning.

I 1872 kom Romsdal etter måten rimeleg frå det. Oppsynssjefen melde då om 4 romsdalingar som omkom under torskefisket på Sunnmøre.

På Sunnmøre hende fleire ulukker i torskefisket.

138

Oppsynssjefen sette det året opp ein tabell over forlis og omkomne i torskefisket:

19. februar 1 båt frå Sande med 6 omkomne 2. mars 1 båt frå Vigra med 7 omkomne 18. mars 1 båt frå Alnes med 5 omkomne 18. mars 1 båt frå Godøy med 1 omkomen 18. mars 2 båtar frå Vigra med 8 omkomne

Det vart i alt 5 forlis med 27 omkomne. Men dette var ikkje alt. I Borgund var det to forlis med til saman 10 omkomne den 18. mars. Same dagen omkom 2 mann frå Ørskog prestegjeld og 1 frå Stranda. 27. februar omkom 2 mann frå Vanylven. I alt omkom 42 mann på Sunnmøre denne vinteren. Johan O. Synes på Vigra, som førde dagbok, noterte ulukkesdagen 18. mars: To båtar forliste den dagen, begge frå Borgund. Dei låg til fiske på Blindheim. På den eine omkom ein mann. På den andre omkom alle. Ein båt frå Alnes forliste ög den dagen. Mannskapet på fem omkom. Natt til 17. mars køyrde dampskipet «Kong Sverre» på ei svensk fiskeskøyte, som sokk med 1600 torsk om bord. Mannskapet vart berga. Oppsynsmeldinga 1873 nemner ikkje ulukker, men den vinteren forliste ein Volda båt, og 6 mann omkom. Det var 18. mars, same dato som ulukkesdagen året før. Dette året forliste og Alet båten på Molnes, første møringsbåten i Haram prestegjeld, og 7 mann omkom. Elles var det fleire forlis med tap av menneskeliv både på Sunnmøre og i Romsdal. 29. mai omkom eit båtlag på 4 mann i Aukra. 20. juni omkom 3 mann i Bjørnsund. 3. september omkom 3 mann i Hareid. 11. november omkom 2 i Herøy, 2 i Sande og 1 i Rovde. Galeasen «Nornen», Ålesund, forliste i desember det året, og der omkom 4 mann frå Ålesund. Det var i alt 32 omkomne. I tillegg til dette finn me i kyrkjebøkene 13 som omkom einskildvis. Endå eit forlis hende i Herøy dette året. 16. desember hadde ein båt frå Goksøyr vore inne i Straumen og gjort innkjøp til jul. Ved Langeneset på Runde vart båten fylt av ein nordavindsskavl, og alle 6 som var om bord, omkom.

51 menneske omkom såleis i Sunnmøre og Romsdal 1873.

Ei sjøulukke i Ulstein 18. januar 1874 kravde 8 menneskeliv. Same dagen omkom ein mann i Hareid. Om hausten same året omkom 3 mann i Ulstein. I alt kom 12 menneske frå Ulstein prestegjeld bort det året. 3. mai forliste ein båt frå Kvalsvik i Herøy, og 4 mann omkom. I 1875 omkom eit båtlag på 3 mann frå Giske, eit båtlag på 4 frå Ålesund og eit båtlag på 5 frå Sykkylven. I Hustad sokn omkom 5 det året. Året etter forliste ein losbåt frå Sandøy på heimveg frå skip som dei ikkje nådde. 4 mann kom bort. Ein båt frå Ørskog forliste, og 4 mann omkom. I 1877 omkom 6 mann frå Borgund. I eit forlis i Herøy omkom 4 mann, og i eit forlis i Aukra 2 mann og ei kvinne og i eit forlis i Haram 2 mann.

139

I ei oppgåve over båtar, mannskap og fiske i 10-årsbolken 1868 - 77 for Haram, Borgund, Ulstein, Herøy og Sande, er også forlis og omkomne teke med.

Etter denne oppgåva hende det i Haram forlis kvart år i åra 1868 - 74, frå 2 til 20 forlis, i alt 47 forlis på 7 år. I 28 forlis åra 1868 - 70 og 1872 omkom 52 menneske i Haram. I Borgund var det 2 forlis i 1871, 2 i 1872 og 3 i 1875. I desse forlisa omkom 34 menneske. I Herøy var det eit forlis i 1872 og eit i 1875. I desse forlisa omkom 9 menneske. For Ulstein og Sande er ikkje forlis eller manneskade nemnt. I torskefisket 1878 forliste ein Hareids-båt, og 6 menneske omkom. 12. juni omkom 4 menneske i Volda og 8 i Ørsta. I Sande vart 5 menneske borte på sjøen det året. Oppsynet melde om 17 omkomne i vinterfisket på Sunnmøre «en i Betragtning af Veirforholdene vistnok ret gunstig Udgang». I torskefisket 1879 forliste to båtlag frå Grytten prestegjeld. I det eine omkom 3 og 2 i det andre. I merkeboka for Ålesunds oppsynsdistrikt er det notert 22. februar at Jakob M. Monsaas, Grytten, totalforliste med si skøyte på 8 lester med 7 mann. Likeins er det notert at Knut Grebstad, Sykkylven, kollsiglde med søringsbåten sin: «Baaden med Mærke sunket ved Kuldseiling.» Korleis det gjekk med mannskapa i desse to forlisa er ikkje nemnt. I april forliste skonnerten «Vikingen» frå Ålesund, og 6 mann omkom. I Borgund omkom 7 mann. 13. juni same året forliste ein losbåt frå Sandøy sokn, og 3 mann omkom. Den fjerde fekk snutt båten og kom seg om bord, auste med sydvesten og lensa unna og dreiv i land i Haram, der han med sine siste krefter berga seg fram til folk. I januar 1880 omkom 4 mann frå Midsund på heimveg frå Husøy, dei hadde vore ut med ved til vinterfisket, som stod føre. 10. mars låg ein båt med tre mann ut for Runde og fiska. Dei fekk storm og søkte land i Goksøyr. Det braut på revet, og båten forliste i brotet. Fem mann la frå land og skulle berge. Dei Og vart nedslegne av bårebrotet. Bergingsmennene omkom saman med dei som skulle bergast. Denne hausten omkom eit båtlag på 4 frå Hjørundfjorden. I Ålesund omkom til ymse tider 6 mann det året. I 1881 vart Herøy atter heimsøkt av sjøulukker. 4 mann omkom der den vinteren. Dessutan omkom 4 utvandrarar frå Tjørvåg, som drog til Sør-Afrika: Elias Kristenson Rafteset med kona og to døtrer. 25. februar forliste eit båtlag frå Borgund og eit frå Alnes. Der omkom 9 mann. Ein båt frå Ålesund forliste, men mannskapet vart visstnok berga. Natta mellom 25. og 26. februar omkom 20 mann, skriv Johannes O. Rørvik i dagboka si. Vinden var storm av nordost med snøkave. 15. mars omkom 3 mann i Haram. I eit nytt forlis den 29. mars omkom 2 mann. Same dagen omkom eit båtlag på 7 mann frå Vatne og eit båtlag frå Hareid, det ög på 7 mann. Hans Geitvik frå Volda har fortalt at han var ute ei stormnatt i 1881, då det omkom tre åttringar med 21 mann. Seks åttringar forliste den vinteren, og kring 40 mann omkom. Sommaren 1882 forliste to båtar i Bud og Hustad. I det eine forliset omkom heile båtlaget på 5 mann. 4 mann omkom i det andre forliset.

140

Den 4 mar. 1882 omkom 5 mann frå Sykkylven ( Ramstaddal ) utafor Sandvika på Alnes, Godøya. ( Jeg har nevnt denne ulykka i min ættesoge, der min Tippoldefar omkom. )

Etter det Sivert E. Skotheim har fortalt, kom det bort dobbelt så mange i vinterfisket i Romsdal denne vinteren. Det var ein uversvinter. 28. mars var ein av verste dagane. Han var sjølv ute den dagen. Far hans hadde vore styremann på båten, men no hadde ein yngre teke over. Den gamle sat likevel på styremannstofta. Han la merke til at styremannen var ottefull og uroleg og spurde om han fraus. Styremannen svara med å gje kommandoen over til gamlingen. Dei kom velberga heim. Eit par dagar etter fekk dei vite at det var bortkome tre båtlag for Straumnes - ein garnbåt med 8 mann og to linebåtar med 5 mann på kvar. Mellom dei omkomne var tre brør. Frå Stranda omkom i torskefisket 1883 3 mann i eit forlis. Seinare på våren omkom ein ungdom frå Stranda, og seinare på hausten omkom eit båtlag på 4 mann derifrå. 8 mann frå Stranda lét livet på sjøen det året. I Ålesund omkom eit båtlag på 4 mann i desember månad. 1 1884 omkom 3 mann frå Aukra. Dei var ute i skyss og forliste på heimvegen. Tre av båtlaget vart berga. I vinterfisket omkom 4 mann på ein skøytebåt — tre av dei var frå Valderøya, den fjerde frå Ålesund. Året deretter, i 1885, vart Ålesund råka av den største sjøulukke som byen i det heile har vore ute for. I ein nordveststorm 13. august forliste 7 båtlag derifrå under bankfiske. 33 mann omkom. Av desse høyrde 29 heime i Ålesund. To mann vart berga: Ein reid kvelvet i 18 timar til han vart observert av dampskipet «Herø» og teken om bord der. Den andre dreiv i havet i tre døgn i båten, som var fylt av sjø. Til slutt vart han sett av folk på Vigra, som berga han. Folk snakka seinare om «Buholmstrand-ulukka». Dei omkomne var for det meste frå Buholmstranda. To av dei var frå Borgund. Der hadde eit båtlag på 4 mann omkome 15. mai. I april det året omkom 3 mann i Sande på kyrkjeferd. I torskefisket same året omkom 5 mann i Hustad sokn. I Herøy omkom 3 mann i dette torskefisket, alle frå Bremanger. Herøy vart også råka av ei sjøulukke i april året etter. Då forliste losbåten frå Runde, og mannskapet på 5 omkom — dei fire frå Goksøyra, den femte frå Moltu. I februar 1887 omkom 4 mann i Aukra då dei skulle ro i land frå storebåten. I Sandøy sokn omkom også 4 mann, to frå Orta og to frå Ona. 5. januar det året forliste ein båt frå Stordal sokn, og 7 menneske omkom, største sjøulukka som har råka Stranda prestegjeld. 12. mars denne vinteren forliste skøyta «Perlen» frå Brandal i Hareid, og heile mannskapet på 9 mann omkom, alle frå den vesle grenda Brandal. Ein månad etter - 3. påskedag - kollsiglde ein båt frå Løvsøya. Dei var 4 mann, og 3 av dei omkom. I november 1888 hende den store ulukka på Sandøy som det før er fortalt om ( s. 107 ). Då omkom 6 mann. I juni same året forliste ein båt frå Gursken i Sande, og 3 mann omkom. I merkeboka for Ålesundsdistriktet er G. Johnsen, Ålesund, registrert med ei skøyte på 8 lester med 5 mann. Ein merknad opplyser at skøyta med merke var nedsokken på havet. Det er ikkje nemnt noko om mannskapet. Aret etter forliste endå ein båt frå Sande, båtlaget til Elling Gotten frå Gjerdsvik. Då omkom 4 mann derifrå. Det året forliste også ein båt frå Sande i Herøy, og 6 mann kom bort, mellom dei ein mann med tre søner. Endå eit forlis hende i Herøy den vinteren, då omkom 2 mann, far og son.

141

I kyrkjeboka for Skodje og Vatne finn me eit forlis 23. mars, der 5 mann omkom. 3 mann til derifrå omkom same året. Ein Borgund båt forliste på Valderhaugfjorden i februar det året. Dei hadde vore i byen med rogn og var på veg ut att i Hustruhamna, der dei låg til fiske. Alle dei 7 som var om bord, omkom. I februar 1890 forliste presteskyssen i Veøy på veg frå Veøy til Rødven kyrkje. 3 mann omkom. Dei tre andre vart berga. Presten - Nyhagen kunne symje og berga seg etter ein hard tørn. I mars same året forliste dokterskyssen i Borgund, og ein av skysskarane omkom. Distriktslækjar Randers og dei andre skysskarane reid kvelvet i fleire timar til dei dreiv i land på ein holme. Ikkje alltid var det så langt å fare etter ulukka. 20. september 1892 omkom 4 mann frå Bud då dei heldt på å berge fiskestablane sine, som var tekne av sjøen. 3 menneske til omkom i Bud og Hustad det året. 9. april var ein «sorgens dag» for Nordre Bjørnsund, skreiv Romsdals Budstikke 13. april 1892. Då forliste ein fiskebåt med 6 mann under innsiglinga, og alle omkom. Tre av dei var frå Nordre Bjørnsund, dei tre andre frå indre Fræna. Denne hausten forliste skøyta «Kjartan» frå Ålesund, skipper Peder Trandal. Alle mann kom bort. Dei var ute på sin siste tur på makrellen den hausten. Noko føre jul kollsiglde ein færing frå Stadsnes i Borgund tett ved Slinningsodden på veg til Ålesund. Ni mann og ei kvinne hadde stuva seg inn i den vesle båten. Berre to av dei ti vart berga. Ei sjøulukke av dei største hende i Sandøy sokn 3. mai ( helgetorsdag ) 1894. Då reiste ein båt med 14 menneske frå Finnøy til Uggelvik kyrkje. Det var ein fin morgon, men på heimvegen kom det ein sørvestfloding over dei. Båten skar seg full, og 13 menneske kom bort. Ein mann berga seg på båtkvelvet og dreiv i land på Orta. Det hadde vore eit sårt syn for han å sjå den strid dei omkomne hadde før dei vart borte i havet. Sju av dei var kvinner, og for dei var striden hardast, for dei flaut så lenge på kleda. I Herøy omkom eit båtlag på 7 mann i torskefisket det året. 3 mann på Vigra-skøyta «Delphin» omkom også i torskefisket. Dei var ute på ein dory og drog line. Dei tre var frå Rovdestranda. Eit heilt båtlag frå Rovdestranda omkom 29. mai året etter,1895. 7 mann vart borte då. Same dagen forliste 4 båtlag frå Haram, og 9 mann omkom. Frå denne ulukka har Karl Rogne, som miste far sin då, fortalt: «Nokon nordanfor fann båten som far var med på. Dei fann linor på rek og tok til å drage. Liket av Karl Hagen fylgde med. Då skar karane lina av og sleppte enden. Dei ville ikkje ha meir lik i båten. Enn om dei andre to var faste i lina. Det vilde vere betre for oss om far kom att som lik, enn aldri å sjå han meir. Enno ser eg deg, far, om det er meir enn 60 år sidan du bleiv.» I torskefisket same året omkom eit båtlag på 3 mann frå Hustad sokn. Då forliste også eit båtlag på 7 mann frå Vanylven, som låg til fiske på Vigra. Dei skulle gå inn etter Synes fyren, men snøkaven tok fyren inne, dei kom for langt nord og inn på nokre grynner, der dei vart nedslegne av brotet. Ein av mannskapet berga seg i land og vann seg til folk. Dei 6 andre omkom. I 1896 omkom 4 mann i Hustad sokn. Der var det sjøulukker kvart år dei fire åra 1894—97 med til saman 13 omkomne. I Herøy omkom 6 mann i 1896. 27. juni same året omkom Fredrik Baade på Voksa med 2 søner og 2 drenger. Han var på veg til båtstemna i Trondheim og forliste på Valderhaugfjorden. I april 1897 forliste ein båt frå Fjørtoft, og 6 mann omkom. Ein dekksbåt frå Rogne forliste i oktober same året, og 5 mann omkom - tre frå Rogne, ein frå Vatne og ein frå Fjørtoft.

142

I 1898 hende atter ei sjøulukke i Sandøy sokn. I torskefisket det året forliste ein båt frå Ona, og 5 mann kom bort. I 1899 omkom 6 menneske i Herøy, tre av dei i eit forlis i Skorpesundet i torskefisket. Frå dette året har det sidan gått gjetord om den fælslege «Titran-natta», natta til 14. oktober, då kring 140 mann omkom.

Ein fiskedampbåt og 27 seglfarty vart sporlaust borte, og resten av dei 114 fiskefarty, som då var på havet ved Titran, vart meir og mindre skadde. Etter det me kan finne ut, omkom 23 mann frå Romsdal, 10 av desse frå Hustad sokn. Frå Sunnmøre kom det bort 12 mann, dei fleste med skøytene «Frøia» frå Løvsøy og «Haabet» frå Valderøy, som forliste. Mykje har vorte fortalt frå den natta av dei som overlevde.

Somme vart berga på utruleg og underfull måte. Ein vart slegen ut av båra og slegen inn att på dekket av ei anna båre. Ein dreiv åleine i ein liten båt gjennom mørke natta og vart av ei båre slengd inn på eit skutedekk. Fleire slike soger vart fortalde. Uveret rasa over heile kysten, om ikkje nettopp alle stader så hardt som ved Titran. Karl Knutsen frå Fosnavåg fortalde i 1954 frå den natta på Svinøyhavet. Han var ute på ein knapt 40 fots dekksbåt og fekk eit bask med å sigle seg inn att til Fosnavåg. «Me siglde på inn igjennom, og då det leid på, syntest me sjå ein skugge av land og meinte det måtte vere Runde. Etter det gjorde me våre utrekningar og Iét det stå til innover. Me kom inn rette leia, Breisundet. Det var eit kvitt bort alt det me timde fram føre oss.

143

Kva som var fall og kva som var lei såg me ingen skilnad på. Men om det hadde vore høgst å dag, kunne me ikkje ha gått rettare. Me kom oss Vél igjennom alt i hop og inn i Vågen. Det var nok ei høgare makt som var med.»

Men alle dei som gjennom år og tider ikkje kom inn, men gjekk under i vilt hav - og alle svarlause naudrop i natta - og alle dei som venta og venta på dei som ikkje kom att …..

Sjøulukker på 1900 talet

Kring 1900 minka det med opne båtar i fisket. Så å seie all nykostnad no var dekksfarty. Straks etter 1900 slo motorkrafta igjennom. Utetter åra vart fartya større og motorane sterkare og meir trygge i drift. Det vart tryggare å ferdast på havet. Men ulukker hende det utetter dette hundreåret og. Største ulukkene hende i ishavsdrifta. Men også i det vanlege fisket hende det ulukker med tap av mange menneskeliv på ein kjøl. Og anten det var mange eller få eller berre eitt menneske som omkom, så sette ulukkene djupe merke der dei råka. 24. mars 1900 var ein open båt frå Småge i Aukra på veg heim frå havet med 700 torsk og to garnsetningar om bord. Ved fallet Sveinann fekk dei to brotsjøar over seg, som fylte båten, så han sokk under mannskapet på fem minutt. Fem mann omkom. Den sjette vart berga og har fortalt om ulukka. Han bykste ut då første brotsjøen kom, fekk rengje av seg oljetrøya og fann ei tilje å flyte på. Etter ein times tid kom det folk til og berga han. Då sildefiskarane ein dag i desember 1901 måtte berge seg og søkje hamn for sørveststorm, skreiv Sunnmørsposten at det var «et storartet skue» då hundrevis farty kom siglande og stimande inn leia til Ålesund. Det var mindre storarta det som hende på havet denne uversnatta, natta til 17. desember. Då gjekk Borgund-båten «Solon» ned med heile Sitt mannskap, åtte mann frå Borgund og ein frå Hjørundfjord. Det hende fleire ulukker denne natta. På dekksbåten «Maagen» frå Syvde vart føraren slegen ut av ein brotsjø. Ein Volda-båt hadde og mist ein mann. Ein båt frå Sande likeins. Ein Ålesunds båt siglde seg på fallet Daudingane ved Haramsøya og forliste, men mannskapet berga seg i lettbåten. Ein dekksbåt frå Stadlandet miste ein mann. Etterpå vart dekksbåten i seglsliten stand berga inn til Alesund av redningsskøyta «Feie». Ein annan dekksbåt frå Stadlandet hadde kollsiglt, men mannskapet berga seg i doryen, der dei med den einaste åra dei hadde, styrde unna vinden nordover til dei vart berga av ei skøyte. Då «Solon» ikkje kom heim att, vart det telefonert til søre Sunnmøre, der dei fekk vite at båten hadde vore innom Flåvær. Då «Solon» heller ikkje kom til rette dagane etter, vart båten etterlyst på nytt, og då kom det for dagen at den båten som hadde vore innom Flåvær, var eit anna farty med same namn. No var det julafta og storhelg, men tre redningsskøyter, ein fiskedampbåt frå Ålesund og eit rutedampskip frå Kristiansund tok ut på leiting. Dei fann ikkje anna enn nokre garn med avhoggen kabel, som hadde tilhøyrt «Solon». Denne natta vart sidan kalla «Solon-natta». Mange båtar hadde ein hard tørn med å berge seg til lands i uveret. «Fiskarane tok til å drage og berge garna,» fortel L. K. Grønnevet, som var ute den natta. «Men stormen vart så sterk at det var vanskeleg å få noko inn. Ingen hadde dampeller motorkraft å gå opp under med, så det gjekk seint å drage, og mange dreiv saman med garnlenkjene. Me fekk inn berre fem garn før me kom saman med ei onnor garnlenkje. Me sleit inn på garn for garn til i 12 - 1 tida, då vart veret så hardt at me våga ikkje å liggje der lenger, og me valde eit løgje for å få snu båten. Me strekte ein reva stormklyver, og når vinden fylte han, hogde me kabelen, og båten vart snudd mot land.» Karl Spjøtøy i Ulstein hadde ei engelsksmakke og var ute den natta. Dei fekk ikkje inn garnlenkja, og det var det som berga dei, fortalde ein av dei som var med. Dei dreiv nordover med lenkja og kom til lands langt nordafor ein stad. Heime var dei avsyrgde, og det vart glede på folket deira då Karl telefonerte heim. Slike netter var det uråd å halde lanternene brennande. Dei vart sløkte av storm og sjø. Dette skapte fåre for kollisjon. På dekksbåten frå Stadlandet, som dreiv seglsliten og utan lanterner, berga dei seg fleire gonger frå kollisjon med å rope alt dei makta når andre farty kom nær dei. 144

Berre fem månader etter «Solon-natta» forliste atter ein Borgundbåt med heile sitt mannskap på åtte mann. Det var dekksbåt «Trygg» som forliste 28. mai 1902. Seks av mannskapet var frå Borgund - tre av dei var brør ein frå Alesund og ein frå Namsos. 4. februar denne vinteren hadde Vartdal vorte råka av ei sjøulukke. «Albatross», ein dekka møring derifrå, forliste då om natta, og mannskapet på fem omkom. Fem heimar sat att i sorg og saknad, skriv L. K. Grønnevet. I januar 1904 var det storbrand i Ålesund. Det var ikkje berre byen som brann. Det var i vinterfisket, og torskefisket stunda til, så det låg mange farty på hamna. Båtlaga fekk ein strid tørn med å få båtane sine ut. Mange greidde det ikkje. Båtar tok fyr og brann ned til sjøgangen. Somme berga båtane med å hogge hol i botnen og søkkje dei ned. I oktober dette året omkom tre born frå Linge ved at båten dei hadde rott ut i, vart hivd rundt av eit vindkast. I februar 1905 omkom to gutar i Sørbrandal. Dei var på skuleveg og vart tekne av elva og førde til fjords. Dette året var eit ulukkesår for Hareid og Ulstein. Dei to fiskeskøytene «Heimdal» frå Hareid og «Cellina Maud» frå Ulstein forliste 15. september på heimveg frå Island. Lastesluppen «Bjørn» frå Molde forliste i same uveret. Dei tre Hareids-skutene «Heim», «Heimdal» og «Vonheim» heldt lag frå Island og la bakk då dei fekk storm opp under norskekysten. Skutene skildest i uveret. Då det spakna, kom først «Heim» inn til Hareid og deretter «Vonheim». Ingolv Hareide har fortalt i ein avisartikkel at då «Vonheim» kom på Breisundet på veg inn til Hareid, la skipperen Peter Bø - skuta bakk og samla karane til ei bønestund. Ved eit høve seinare sa postopnar Bøe i til Ole Brubakk, skipperen på «Heim»: «Det var underleg at «Cellina Maud», den staute skuta, skulle gå under. Nei, svara Brubakk, det var ikkje underleg, men at vi kom velberga heim att det var underleg ! Den replikken seier noko om kva skipper og mannskap tenkte og var ute i den natta. 14 mann frå Hareid og Ulstein omkom med dei to fiskefartya og 3 - 4 mann med sluppen «Bjørn». I januar 1906 omkom eit båtlag på tre mann frå Hjelset i Bolsøy og i juni eit båtlag på to mann frå Bjørnsund. I november dette året forliste atter ein båt frå Borgund, m/b «Bjarne», med heile sitt mannskap, fire frå Borgund, etter som kyrkjeboka opplyser, og ein frå Sykkylven. Borgund vart atter heimsøkt i januar 1907. Då omkom eit båtlag på tre mann derifrå. Sist i same månaden omkom eit båtlag på fire mann frå Vestnes sokn. Eit båtlag frå Syvde omkom 4. februar. Dei var tre mann. 25. mars 1909 kom Trondheims båten d/s «Wilfred» inn til Ålesund med flagget på halv stong. Skipet kom frå England med kollast og skulle til Trondheim. Ut og nord for Runde hadde skipet kollidert med motorskøyta «Norge» frå Haddal i Ulstein, som kom frå fiskefeltet med 1300 torsk om bord og gjekk for segl med motoren i sakte gang. Fem av mannskapet omkom, to vart berga. Ulukka hende på høglys dag. Berre ein mann var oppe på skøyta, dei andre var nede og fekk seg mat. 20. november same året forliste fiskedampskipet «Stat». Mannskapet var frå Ålesund (?) , Skodje, Ørsta og fleire stader, i alt 11 mann. Thomas Gresdal frå Skodje var skipper. Det vart leita etter fartyet, men det fanst ikkje spor etter det. Tre veker seinare vart fiskedampskipet «Bjørn» frå Ålesund ute for eit fælt uver. Ein brotsjø slo ned rorhuset og skylde ut skipperen, Karl Ytrevik, som omkom. Aukra-båten «Falken» forliste i desember 1910. Mannskapet kom frå forliset med livet, men hadde hatt ei dramatisk oppleving. Ein av dei har fortalt om det: Dei dreiv sildefiske på Svinøyhavet, men drog svarte garn. Då dei frette at det vart fiska sild ut for Kristiansund og ut for Bjørnsund, tok dei i veg nordover. Dei dreiv ut for Bjørnsund 1. desember. Vinden friska, og dei tok til å drage garna. Vinden auka til storm. Det var bra med sild i garna, draginga gjekk seint, og stormen auka. Då garna var inne, hadde dei drive så langt nord at dei greidde ikkje å gå seg opp til Bjørnsund. Dei bakka vestover for fokke og mesan, men stormen var for sterk, segla stod ikkje. Før dei fekk dei ned, vart mesanen flerra. Dei visste ikkje anna råd enn å lense unna nordover. Det gjekk bra medan dei såg fyrane på Nordneset og Kvitholmen, men så tok snøkaven dei inn, så dei såg ikkje lenger enn skutelengda fram for seg. Mørkt var det, farvatnet fårleg, og stormen hadde auka til orkan. Motoren var for veik til å andøve med. Dei måtte berre la det stå til.

145

Det gjekk som dei ottast, dei gjekk på grunn og fekk med same ein fælsleg brotsjø over seg. Fire brotsjøar fekk dei medan båten stod på grunn. Den siste og største slo over bord alt som på dekket var, 30 - 40 mål sild, heile garnlenkja og heile rorhuset, som var fest til dekket med jarnstenger. Båten vart kasta over grunnen og tok til å drive. Mannskapet visste ikkje anna enn at dauden var viss. Dei hadde klengt seg kring stormasta og gjeve seg Gud i vald. Då dei merka at båten flaut, prøvde dei å strekkje stagfokka, så dei kunne få båten under styring og kanskje kome til lands nokon stad. Då fekk dei sjå at lugaren var fylt av sjø heilt opp i køyane, og dei skjøna at dei kunne ikkje lenge berge seg om bord. Ei lukke i ulukka var det at lettbåten hadde halde seg på plass innabords, og etter ein mislukka freistnad greidde dei å få han ut. To mann kom seg i båten, men der var ikkje fangline. Dei greidde ikkje å halde fast og dreiv av, prøvde å ro seg opp til skuta, men greidde det ikkje. For dei som stod att om bord, var all von ute. Brått sprang vinden over på nordvest. Då greidde dei to i lettbåten å kome fram til vraket, og alle mann kom seg ned i båten før skuta sokk. Lettbåten hadde teke inn mykje sjø, og der var ikkje auskjerr. Men siste mann som kom seg i båten, hadde vanvares støytt seg bort i ein pøs, som han treiv med seg, så dei fekk ause. Han som fortalde dette, mintest kor tungt det var å forlate «Falken», som hadde bore dei over så mang ei båre og så mang ein gong ført dei vél i hamn. Men no fekk dei tenkje på si eiga berging. Det vart å drive og andøve i den vesle båten i storm og sjøgang og belmørk natt. Gjennomvåte og frosne, så dei ikkje kjende føtene sine, dreiv dei frå halv fire-tida om natta til ti-tida neste morgon, då nådde dei land i Ulvåg, om lag tre km nord for Vevang. Det budde ein mann på den vesle øya, og han såg dei og kom og tok imot dei. Då han såg den vesle båten og det tilstand dei var i, sa han: «De har ikkje vore åleine i natt, de har hatt ein hjelpesmann.» Dei kom i hus og fekk godt stell og var der til dei fekk kreftene att. I Haram omkom eit båtlag på to mann i februar 1912 og eit båtlag på tre mann i mars 1913. I april 1913 omkom ein mann frå Kvamsøya i Sande saman med dotter si og to andre kvinner. Nyårsdag 1914 forliste ishavsskuta «Rap» frå Brandal ved Hammarsundoddane nord for Kristiansund. I det forliset omkom sju mann frå Brandal, to frå Ulstein og to frå Ørsta. Fem mann kom seg opp på eit skjer. Dei var hardt medtekne då folk i land oppdaga dei og kom dei til hjelp. Seinhaustes det året var Alesunds-båten «Sigurd» ille ute på Trænabanken. Det var storm, og dei låg bakk. Då båten reid på eit brot og slo atterenden i sjøen, brast rorstamma av, og skipet var utan ror. Då rigga dei opp ein stortrehuk på formasta og styrde fartyet med å slakke og teite på denne sørover havet. Då dei var komne ut for Ona, rigga dei til eit ror av ei luke, som dei feste til ein bom. I den støyten skipet fekk då rorstamma small av, fauk bakseluka over bord, endå ho var fastskrua til ein karm i dekket. Ein av karane, ein tjukkfallen kar, jumpa lynsnart ned i holet og stod der, medan sjøane slo over han, og hindra såleis at maskinromet vart fylt av sjø. I desember 1915 vart d/s «Lihaug» frå Ålesund borte. Skipet var på veg frå Gøteborg til Ålesund, men spurdest ikkje att. Ein av mannskapet, ein ungdom frå Vanylven, vart funnen 6. april året etter ei mil søraust for Skagen fyr. Skipet hadde truleg forlist på Skagen Rev. Mange nordmenn omkom ved forlis i fiske på vestkysten av Amerika kring 20. januar 1916. Mellom dei omkomne der var to søner til skipper Ole Hessen og fem mann frå Ulstein. Dei sistnemnde forliste med fiskebåten «Onward Ho». I desse tidene var Europa i krig. Vårt land var nøytralt, men handelsflöten vår vart hardt ute for krigen. I juletider 1916 vart d/s «Herø» frå Ålesund søkkt av tysk ubåt sørvest for Lindesnes. Ubåten tok om bord mannskapet og førde dei til Tyskland. Derifrå kom dei heim. To Ålesunds båtar vart torpederte i april 1917 i Nordsjøen av tyske ubåtar. Mannskapa berga seg i livbåtar, rodde inn til norskekysten og kom seg til folk etter opp til over 40 timars roing. Året 1917 var største skadeåret i norsk ishavssoge. Orkan og sjø og is braut ned 7 skuter, og 89 mann omkom. Skutene som forliste var d/s «Admiralen» med 12 mann, d/s «Arctic» med 12, d/s «Aslak» med 12,«Heim» med 13, d/s «Hercules 2« med 14, d/s «Lunheim» med 13 og d/s «Ceres 1» med 13 mann. 146

Tre av desse hadde skipper frå Brandal, ei skute hadde skipper frå Ålesund, ei hadde skipper frå Herøy, og ei hadde skipper frå Langevåg. Storparten av mannskapa var frå Ålesund og sunnmørsbygdene. To av skutene, «Hercules 2» og «Ceres 1», var frå Oslo og Tønsberg, dei andre fem var sunnmørsskuter. Då sommaren hadde gått utan at dei sju skutene kom att og utan at nokon visste noko om dei, vart ishavsskuta «Flemsøy» med leiar Johan Olsen og skipper Johannes Brandal send ut på leiting. Dei såg ikkje spor etter skutene og fekk ikkje greie på noko om dei, anna enn at det var funne to fangstbåtar - ein ved Langanes på Island, som hadde tilhøyrt «Lunheim» og ein på fangstfeltet, som hadde tilhøyrt «Aslak» - og ei gråmala skipsside. No laga det seg sterke rykte om at skutene var torpederte av tyske ubåtar. Rykta kom på grunnlag av meldingar om torpederte skip, som stod å lese i eit tysk blad, der same namn som på nokre av dei sakna skutene var oppførde. Men det var nok uveret som braut dei ned. Fleire som var i Vestisen denne turen og som greidde seg i stormen, mellom andre voldingen Peder Eikrem, har fortalt om det dei opplevde. «Den store stimskuta ( «Skansen» ), som var over 100 tonn, forekom meg so lita når ho for siglande opp over em svær sjø. Det var nett som eg hadde sett treskorne mine ned på havet,» heiter det i Peder Eikrem si skildring. Denne skuta var den einaste av dei gamle som fekk sjå att land etter stormen. Dei andre som kom att, var dei nye store skutene «Driftig», «Øst», «Lysningen» og «Polhavet». Dei reid truleg stormen av i ope hav. På nyåret 1918 gjekk dampkutter «Nordishavet» ned nord for Hitra. I det forliset omkom 13 mann. To av dei var frå Ålesund, fire frå Volda og resten frå ymse andre bygder på Sunnmøre. Skipperen var frå Brandal. 19. februar 1919 om kvelden var m/k «Korsfjord» på veg til sildefeltet. Det var uver. Båten gjekk på grunn ved Grasøyane, og sju mann omkom. Båtar som kom inn i morgontimane, hadde høyrt naudrop, men visste ikkje råd med å prøve på berging. Vaktbåten «Brand», som var stasjonert i Ålesund, gjekk ut og fann vraket, der to mann hadde hengt seg fast i riggen. «Brand» fekk ut livbåt, og med stor fåre for eige liv greidde dei tre i livbåten å berge dei som hang i riggen. Av dei omkomne var tre frå Ålesund, to frå Herøy, ein frå Vanylven og ein frå Sande. 14. februar 1920 forliste ein båt frå Aukra, og mannskapet på seks omkom. Dette året var atter eit ulukkesår i ishavsdrifta. Då forliste dei to Ålesunds-skutene «Alheim» og «Kviteggen» i Vestisen. Kyrkjeboka for Ålesund nemner 14 omkomne i desse to forlisa. 14. juni 1921 forliste Vatne-båten m/b «Nor» ut for Sunnmørskysten. Mannskapet på sju omkom. 1924 var atter eit ulukkesår for ishavsflöten, denne gongen i Kvitesjøen. 24 skuter - fjerdeparten av den norske selfangarflöten - gjekk då ned i storm og is-skruing i eit tre dagars uver. Merkeleg nok gjekk ikkje menneskeliv tapt. Dette hende dagane 24. - 26. april Med ein Herøy-båt gjekk det heilt motsett til i juleveka same året. M/k «Isstjernen» gjekk frå Aurvåg 28. desember og skulle ein snartur til Ålesund. Dagen etter vart skuta observert i drift ut for Harøy. M/b «Remmen», skipper Elias Breivik, gjekk ut og fekk slepar på skuta og berga henne i land. Skuta var i orden. Det stod endå til mat på bordet i lugaren, og lampen brann. Men lettbåten og mannskapet på åtte var borte. Det vart leita over området frå Runde til Steinshamn, men ikkje minste spor etter lettbåt eller mannskap vart funne. Ulukka var og vart verande eit mysterium. Av ein familie vart tre borte i denne tragedien. 20. januar 1925 forliste Sandøy-kutteren «Norrøna 111 » på Griphavet. Med denne omkom 11 mann. To av mannskapet, skipper og maskinist, var frå Sandøy, to frå Bud, ein frå Vestnes, fem frå Nordmøre og ein frå Nordland. Ingen veit korleis ulukka bar til. Ein av grannebåtane som dreiv på same feltet, kom i mørkret inn mellom Griptarane, men kom seg ut frå det fårlege farvatnet. Det kan tenkjast at «Norrøna 111» kan ha drive same vegen og kome for nær eit av dei mange grunnbrota der. I september 1926 forliste m/b «Nøringen» ved Træna. I dette forliset omkom tre mann frå Ellingsøya.

147

Ulukkesåret 1927

Frå nyåret 1927 var det mykje ruskever og mykje landlege med sildefiskarane. I slutten av januar spakna det noko. Fredag 28. januar var veret rimeleg, og mange båtar tok ut. Men det vart ei uversnatt av dei verste. Ein Ulstein-mann som var ute den natta, har fortalt om det han opplevde: Eldre fiskarar lika ikkje veret denne dagen, men båt etter båt kasta laust og gjekk til det berre var att den båten han var med. Det var med ulyst skipperen gjekk med på å gå. Tre gonger, då dei møtte kvasse vindröser, ville han snu. «Ein tek ikkje hatten av før ein ser mannen,» var det ein av mannskapet som meinte. «Eg trur du får helse på han i natt,» svara skipperen. Då dei hadde sett og låg i lenkja, kom vaktmannen ned i kahytta og sette seg og sat der og tagde. Skipperen spurde kvifor han ikkje sa noko. Då sa mannen: «Vert det ikkje storm i natt, så har ikkje eg vit på ver!» «Det har eg sagt heile tida,» svara skipperen. Maskinisten gav seg til å fyre opp motoren. Det tok tid å fyre opp eit 20 kilos glødhovud og få i gang «ei malmrøys på 35 Hk.», men i 10-tida om kvelden hadde dei lenkja inne, der var berre lite sild. Stormen kom, og det gjekk på livet laust inn gjennom skjergarden frå Svinøyhavet. Under arbeid med mesanen hadde dei nær mist ein mann. Dei tre yngste om bord fekk ordre om å gå til køys. Ein var i maskinromet og tre i rorhuset saman med skipperen. Kappeloket til maskinromet og skylightet flaksa opp og att som papir, endå så sterkbygt som alt var. Maskinisten måtte skjerme mot sjøvæte når han skulle smørje motoren og leggje fyringshetta over glødehovudet, så ikkje motoren skulle bli kald og stoppe. Gong etter gong måtte dei halde av for å kome klar fall. Dei gav opp å kome inn til Ulsteinvik og heldt av til Ålesund. I 5-tida laurdags morgon la dei fast ved ei sjøbu i Skarbøvik. «Me var nok ikkje einaste båtlaget som sende ei takk til Gud for hjelp gjennom stormen etter å ha kome Vél i hamn.» Harams-båten «Odd», som dreiv på Storholmhavet, fekk vanskar med koplinga til spelet, og dette arbeidde dei med i timevis før dei fekk skaden bøtt. Då dei hadde fått garna inn, var det full storm, som etter kvart auka til orkan. Sjøen braut inn rorhusdørene og truga med å fylle maskinromet. Omnen i lugaren vart hivd mot skotet og knust. Doryen, som var fastsurra på dekk, måtte dei skiftast om å ause. Og verre enn alt dette: Maskinisten hadde lite smurningsolje, og natta igjennom måtte han spare på den vesle skvetten han hadde. Fallgarden var som ei kokande gryte då dei i dagninga kom inn mot Fjørtoft. Med naud og neppe fekk dei gje båten litt av storseglet attåt motoren, så dei vann å kome opp for Flaten, eit lite skjer vest for Fjørtoft. På Fjørtoftneset stod fiskeri inspektør Otterlei og fylgde med dramaet i kikerten. Då «Odd» klappa til Larsen kaia på Austnes, stogga motoren av smurningsløyse. Ein motorbåt frå Valderøya fekk knekt roret og greidde å kome seg inn til Ålesund ut på dagen med mesanbommen til naudror. Fiskedampskipet «Borgund» grunnstøytte lenger sør på kysten. Det såg ut som skipet heldt på å søkke. Mannskapet sprang i sjøen og berga seg opp på ein holme. Der var dei natta til endes, gjennomvåte i storm og kulde. Då skipet framleis heldt seg flytande, kom dei seg om bord att. Sidan kom det bergingsbåt og tok skipet på slep inn til Bergen. Mange kunne fortelje frå denne uversrykken om hard strid for livet før dei nådde hamn og fekk leggje fast og puste ut. Ikkje alle kom i hamn. Det vart både båttap og mannefall. Fire farty med til saman 33 mann gjekk ned i stormen i månadskiftet januar - februar.: Wk «Sjøfuglen» frå Ulstein forliste med åtte mann. Av desse var fem frå Ulstein, tre av dei var brør, og fire frå Davik i Nordfjord. M/k «Tordenskjold» frå Haram forliste med sju mann, fire frå Flemsøy og tre frå Vatne. M/k «Havbrot» frå Midsund forliste med sju mann, fire brør frå Tautra, to brør frå Otrøya og onkelen deira. Motorskøyta «Rebekka» frå Herøy forliste 2. februar med 10 mann. Berre skipperen var frå Herøy, elles var mannskapet frå ymse andre stader. To av dei skulle vere med berre denne turen og drage sei. Ein mann frå Midsund vart slegen ut av ein brotsjø. Dei to eldste sønene hans såg faren omkome utan å kunne hjelpe.

148

I august same året forliste d/s «Torbjørn» frå Ålesund ved Island med 17 mann. Atte av mannskapet var frå Ulstein. Elles var det mannskap frå Ålesund, Kristiansund, Borgund, Vestnes og Herøy. Fiskarar hadde sett «Torbjørn» 27. august gå mot land stormdagen ein times gang frå land. Venteleg hadde skipet vorte fylt av ein brotsjø og gått ned. Radio var enno ikkje vanleg om bord i fiskebåtar. Difor var det ikkje lett å nå fiskarane med stormvarsel. Tett føre jul 1928 omkom ein mann med to born frå Standal i Hjørundfjord. M/b «Anker» frå Ellingsøy forliste 2. september 1932 med sju mann. Av dei var tre frå Ellingsøya, tre frå Hamnsund sokn og ein frå Skodje. Dette var eit av dei gåtefulle forlis. Den 50 fots dekksbåten dreiv bankfiske. På fiskedampskipet «Arne» hadde dei sett «Anker» 1. september stå innover mot land for fulle segl. Det bles sterkt og var stygg sjø. Halvparten av doryen til «Anker» vart funnen ved Fjørtoft. 6. februar 1933 var ein av dei gode sildedagar på Skorpeflata, og veret var bra. Då bar det til ei ulukke. Fleire snurpedampskip låg der, og det var kasting og nøter i sjøen og höving av sild. Då sjøen tok til å fløde, tok straumen nota og notbåtane til ulsteinsnurparen «Skjervøy» inn mot Langfallet. «Skjervøy» tok tamp i nota, og Hareids-snurparen «Fangst» tok tamp i «Skjervøy» og skulle slepe nota og båtane frå fallet, men greidde det ikkje. Straumen tok nota, og brotet tok båtane. 24 mann vart liggjande i lause sjøen. Ålesunds-snurparen «Njørd» kom først til hjelp, gjekk kloss inn åt fallet, fekk småbåt ut og plukka 21 mann or sjøen. Tre mann kom bort, og den fjerde døydde etter at han var berga i medteken tilstand. Av dei omkomne var tre frå Ulstein og ein frå Hareid.

1934 var eit ulukkesår av dei verste. I førstninga av februar var Ålesunds-båten s/s «Eika» ventande til Ålesund. Skipet gjekk frå England 6. februar og kom aldri fram. Det hadde gått ned med heile sitt mannskap på 14 mann, alle frå Ålesund. Ein av mannskapet vart funnen ved Skudenes. 10. mai forliste Borgund-båten m/k «Signal» på Haltenbanken med fire mann, alle frå Borgund. Ei ulukke av særskilt slag og av stort omfang hende dette året i april inst i fjordane.

Då stokk Langhammaren i Tafjord ut og rasa i fjorden og sette bylgjer i ei høgd på 62 meter, største bylgjehøgd som er registrert her i landet.

Flodbylgjene flådde strendene og sopte bort sjøhus og stovehus og ei mengd andre hus i Tafjord og Fjørå og gjorde skade på jord og hus fleire stader utetter fjorden. 40 menneske omkom i bylgjene. 31. januar 1935 grunnstøytte Vigra-båten «Fri» ved Flø i tett snøkave og tungsjø og forliste med fem mann. Ein av mannskapet berga seg i land. I september 1936 var det nye havfiskefartyet m/s «Reform» frå Ålesund ute i hardt ver ved Island på sin første tur. Det skulle vere det hardaste ver Island hadde hatt dei siste 35 år. Om lag 100 menneske omkom på havet ved Island verste stormnatta. «Reform» hadde inne 45—50 tonn torsk og nokre tynner kveite og var på heimveg. Skipet fekk ein brotsjø som sopte dekket reint, knuste rorhuset og fylte det og tok med seg skipperen over bord, så han låg i lause sjøen. Han fekk tak i eit tau som han hala seg etter inn til skipssida og greidde med sine siste krefter å kome seg om bord. Men fem andre av mannskapet, som hadde vorte slegne ut, vart borte. To av dei var frå Ålesund, ein frå Brønnøy, ein frå Ellingsøya og ein frå Remøy. Eit oppsynsskip og eit redningsfarty kom til hjelp og fekk skipet inn til Reykjavik. Der låg det ei tid og reparerte. 11. oktober kom «Reform» til Ålesund med flagget på halv stong. På nyåret 1937 gjekk tre mann frå Bud ut på hysefiske på ein 28 fots motorbåt. Det gjekk noko seint med draginga av vegna, så det var mørkt då dei kom under land og skulle inn gjennom skjergarden. Dei fekk mas 149

kinskade og dreiv for ein stiv søraustkuling ned på eit lite skjer, der båten vart knust til vrak. Karane reiv av seg støvlane og det meste av kleda og ville symje i land. Dei kom seg først opp på eit skjer, sumde så over eit sund til eit større skjer, og der vart dei gåande gjennomvåte i den vesle påkledninga si den lange kalde natta til endes til over middag dagen etter. 20 timar gjekk dei der. Då vart dei observerte og vart berga og kom til folk. Livet var berga, men båt og vegn og fangst var gått tapt.

150

28. Omkomne på sjøen i Sunnmøre og Romsdal frå kring 1700 til 1970 åra

Hovudkjelda til namnelistene over omkomne på sjøen er kyrkjebøkene.

Dei går i somrne prestegjeld tilbake til 1690, i andre prestegjeld til 1730-åra eller seinare. Dei er førde på ulike måtar i eldste tida og er i somme høve ugreie å finne fram i. Det ser også ut til at det i somme kyrkjebøker er ført opp berre døde som er jordfeste og ikkje dei som vart borte i havet. I somme høve er dødsårsak ikkje nemnt.

I munnlege tradisjonar og i lokalhistoriske skrift er det nemnt år eller tidbolkar med store mannetap på sjøen, som det ikkje er stadfesting på i kyrkjebøkene. Slike tradisjonar har også gått frå tida før kyrkjebøkene. I skifteprotokollar kan ein kome lenger tilbake enn i kyrkjebøkene, men berre i nokre få tilfelle har me opplysningar derifrå. Utanom desse kjeldene er det her nytta opplysningar frå aviser og andre publikasjonar. Frå krigstida 1940 - 45 er også ymse minneskrift nytta. I nokre høve vil ein sjå at det er ein etter måten lang tidbolk utan omkomne på sjøen. Det gjeld t.d. Vigra 1908 - 1935. For Giske ser det også ut til å vere eit «hol» ein bolk før 1900. Det har ikkje vore råd å finne samanhangande kyrkjebøker i slike tilfelle. Heller ikkje frå lensmannskontora har det lukkast å få opplysningar. Det kan kanskje lukkast å få listene kompletterte, om nokon tek på seg vidare arbeid med det.

Talet på omkomne ihoplagt i Sunnmøre og Romsdal i tidbolken kring 1700 til 1970-åra, slik det kjem fram i desse listene, ligg på godt 5000.

Som ein skjønar, er dette eit minstetal.

Listene gjeld omkomne på sjøen, ikkje berre i fiske, men også i andre høve, t.d. kyrkjeferd, skipsfart, bading, ærendsreiser, krigsforlis. I nokre høve kan det ha vore grensetilfelle som ein har vore uviss om. Frå siste krigstida har det vore teke med personar som vart skotne medan dei var om bord i båt. Listene er ordna prestegjeldsvis og soknevis etter som kyrkjebøkene er førde. I nyare tid har prestegjeld vorte regulerte, og nye prestegjeld og sokner har kome til. Leitar ein etter namn frå si eiga sokn i eldre tid, må ein ta for seg lista for prestegjeldet som sokna høyrer til eller har høyrt til. Når fleire namn står i kompress med same dato, vil det seie at dei har omkome i same ulukke.

Nedtegning av navna på disse kan fåes hos undertegne etter nærmere avtale.

151

29. Dei etterlatne

Kva det er å få ulukkesbod og sitje att i sorg og saknad etter kjære som vart rivne bort, veit berre den som har prøvt det. Somme miste fleire av sine på havet. Meir enn ein gong omkom far og søner i same ulukka. Me anar noko av den rådløyse og fortviling mange måtte røyne og dei bører dei måtte bere for å halde heimen og livet i gang for dei som var att. Særleg hardt var det i eldre tid, då det ikkje var sosiale trygder å få hjelp av. Mange måtte nøye seg med mindre enn lite og prøve å berge seg og sine gjennom ein dag om gongen. Dei store ulukkene reiv opp heile bygdesamfunn og bysamfunn og hadde verknad endå vidare. Dei som vart borte, var borte og var eit minne. Alle tenkte på dei som var att, på enkjer og farlause og sonelause. Over 30 born vart farlause i sjøulukka i Hareid i 1881. Etter Buholmstrand ulukka i 1885 var det 31 enkjer og over 100 farlause born. Etter Titrannatta var tala langt større.

Minnegudstenester vart haldne. For dei etterlatne gjorde det godt å kjenne samhugen frå andre. Etter Buholmstrand ulukka kom det opprop i avisene om pengeinnsamling til dei etterlatne. Innsamlinga vart oppgjord året etter med ein sum på 57 562 kroner. I ulukka ved Slinningen 1892 omkom 8 menneske. Etter dei sat det att 6 enkjer og 21 born. Soknepresten bad gjennom avisene om hjelp til desse. Han ville sjølv stå føre innsamlinga. Etter Titranulukka i 1899 vart det etter opprop i avisene frå dei fremste menn i Kristiansund og Ålesund sett i gang innsamling til dei etterlatne. 1 1922 forliste ein eggabåt frå Hustad, og seks mann omkom. Det vart sett i gang innsamling til dei etterlatne. Ei enkje sat att med ni born. Ved dette høvet opplyste avisene at ein Oslo mann hadde sendt 1000 kroner.

I Ålesund vart det innsamling til dei etterlatne etter både d/s «Lihaug»s forlis i 1915 og dei omkomne etter d/s «Eika»s forlis i 1934. Der vart det og på 17. mai 1920 avduka ei mine til innsamlingsbøsse for etterlatne etter omkomne på havet. Det same vart gjort i dei store ishavsulukkene. Såleis vart store hjelpetiltak sette i gang når dei store sjøulukkene hende. Vissaste hjelpa vart likevel å hjelpe seg sjølv. Det fekk dei hardast røyne, dei som sat att etter einskildulukker, som ikkje løyste ut slike ekstra hjelpetiltak. Frå Romsdal er det fortalt at i somme bygdesamfunn - såleis i Sandøy og Hustad - var det tradisjon å ta seg av enkjer som hadde mist forsytaren i fisket.

Frå Sandøy er det fortalt slik: Det var skikk at dersom det fanst ein ugift bror av den omkomne, gifte han seg med enkja og vart såleis forsyrgjar for familien. Høvde det ikkje med slik løysing, vart garnluten til den omkomne overteken av den båten som vanlegvis fiska best, eller to båtar overtok kvar sin halvpart av luten. Enkja hadde då avkastinga av denne garnluten.

152

I Hustad rådde den skikken at grannebåtane tok om bord eit garn eller to av den omkomne sin garnlut, så enkja framleis skulle ha fortenesta av han. Dette heldt fram til kanskje ein son kom så langt at han overtok luten. Oftast var det hovudsmannen på båten som sytte for at «enkjegarnet» vart bøtt etter fisket. Det gjorde han sjølv, eller han fekk ein annan til å gjere det. Dei som hadde arbeid dei måtte leige folk til, sette det først og fremst bort til enkja og borna hennar. Ein viss klasseskilnad kunne nok stikke seg fram i slike høve. Enkjer av velvørdt folk eller som hadde godt ord på seg i omgjevnaden, hadde lettare for å gli inn i denne skipnaden enn enkjer av ringare folk eller enkjer som stelte seg på ein måte som folk mislika. I siste tilfellet kunne samfunnet gripe inn, kanskje setje bort borna til andre og la enkja kome på legd. Det er uvisst om det var liknande ordningar i andre fiskarbygder på våre kantar. Varig hjelp frå bygdesamfunnet kunne ein nok ikkje rekne med, ein måtte rekne med å greie seg sjølv så godt ein kunne. Sat enkja med gard, vart ho gjerne ikkje verande lenge i enkjestand. Gardenkjer var ofte godt gifte. Ungkarar gifte seg gjerne til ein gard. Eller til eit plassebruk om enkja sat med ein plass. For husmannsenkjer var det verre, dei hadde ingen eigedom som kasta noko av seg. Det var like eins for enkjer etter oppsitjarar ute i fiskeværa, som hadde lite eller inkje jord. For mange enkjer - anten mannen var død på sjø eller land - vart det hardt slit. Grannar kunne nok tenkje på dei med ein matbit og eit kleplagg ein gong imellom. Men kvar hadde jamnast nok med å greie seg sjølv. Det laut enkjer og gjere. Det hende at dei laut overlate borna eller nokon av borna til oppfostring hos andre. Det var tyngste og siste utvegen. Vissaste utvegen var å ta arbeid av ymse slag så sant det var å få. Det kunne vere husvask og klevask for anna folk, spinning og strikking og kva som føre fall. I fisketidene var det jamnast fiskearbeid å vere med på. Og var det sildekjøpar i nærleiken eller farty som kjøpte sild, så tok dei seg arbeid med sildesalting. Borna måtte tidleg hjelpe til heime med innearbeid og med utearbeid om dei hadde ein jordflekk å røkte. Somme var kanskje i teneste hos andre med å gjæte eller passe småborn. Det er utruleg korleis fattige enkjer kunne greie å få framfødd ein barneflokk. I ein minneartikkel om Hareidsulukka i 1881 heiter det: «Merkelig nok, alle disse barna, som ble farløse den gangen, kom seg fram gjennom verden. De ble både velstandsfolk, og mange ble gamle folk.» Den harde skule slike born fekk å gå, kunne også gjere dei skikka til å ta seg fram. Dei hadde, vel så mykje som andre, lært både arbeid og samarbeid.

Fattigkassa

I 1895 omkom det kring 30 menneske på sjøen. Då skreiv Norsk Handels - og Sjøfartstidende at det vel ikkje fanst annan utveg enn fattigkassa for dei etterlatne, som sat att i små kår, som vanleg var i fiskarfamiliar.

Eit innlegg i Sunnmørsposten etter at fem mann frå Vartdal omkom vinteren 1902, peika også på dei fattige kår for dei etterlatne. Tre enkjer sat att på Vartdalstranda. For to av dei såg det ut som dei måtte gå frå garden. Det var såleis godt høve for folk med hjartelag til å yte hjelp, heitte Det hende at det vart halde tilstellingar til inntekt for trengande familiar, både etterlatne etter omkomne og andre naudlidande. Det vart særleg gjort i Ålesund. Aalesunds Fiskerforening ytte og stundom ei lita pengehjelp til trengande, i 1893 25 kroner til ein sjuk fiskar og 30 kroner til enkja etter ein omkomen, heiter det. Hjelp såleis var dei trengande takksame og glade for. Men til fattigkas sa kvidde ein seg for å gå. Det drygde ein med til det ikkje fanst annan utveg.

Om Karl Sørenson Kvalsvik, los frå 1837 til 1871, fortelst det: «Då versonen, Petter Steffenson, omkom i losteneste i 1874, var det Karl som tok seg av heile barneflokken hans. Han hadde då slutta å drive, men kjøpte no ny båt og heldt fram med losing og fiske til alle borna var vaksne. Då versonen omkom, var det nauda på tørre landet der i huset. Dåpssølvet til borna vart selt. Minstebarnet vart teke or vogga og vogga seld på tvangsauksjon. Ei grisepurke med 8 ungar vart seld for 2 kroner. Ein granne tala då fram på om at dottera og dei fem borna måtte no fattigkassa ta seg av. 153

Då gneista det til i augo åt Karl, og han sa fast: «Nei, så lenge det finst hamp i Riga og korn i Bergen, skal eg vere mann for å forsørgje dei ! Han gjekk ikkje frå orda sine».

Sosiale tiltak

I oppsetet i Sjøfartstidende i 1895, som er nemnt ovafor, vart det spurt om det ikkje skulle vere på tide å gjere noko alvorleg for å få i stand hjelpekasse for etterlatne etter omkomne fiskarar. Spørsmålet synest noko merkeleg, for det var kome i gang hjelpekasser. Den eine av dei var jamvel mykje over 100 år. I Romsdal hadde det frå 1783 vore i drift ei hjelpekasse for fiskarar, der det vart innbetalt premie og ein pengesum utdelt til etterlatne etter omkomne på sjøen. Opptaket til denne hjelpekassa var gjort av amtmann Even Hammer. Premien var 4 skilling for året av kvar mann i vårtorskefisket og 8 skilling av kvar styremann. Hjelpekassa skulle ha ein direktør, to inspektørar og ein kasserar. Ingen av desse skulle ha betaling for arbeidet, «da den Glæde at kunne bidrage til en saa velmeent og nyttig Indretnings Opkomst og Fremgang bør være enhver retskaffen Mands kjæreste Belønning». Amtmannen vart sett til direktør. Dei to inspektørane skulle veljast av båteigarane, som skulle møte opp til val når dei fekk innkalling. Inspektørane skulle sjølve vere båteigarar, og dei skulle vere kunnige i skriving og rekning. Skipinga av hjelpekassa med vedtekter vart godkjende av det danske kanselli 12. februar 1783. Det hende at torskefisket var så mislukka at det vart hardt å greie premien til hjelpekassa.

I 1802 var det mislukka fiske og hardt ver med mykje garntap, eit tap som futen ( konst. fut Rasmus Ræstad ) sette til 3000 rdl. Då søkte futen om fritaking for premien til hjelpekassa det året.

I 1895 var Ivar O. Ræstad rekneskapsførar. Det året vart det utdelt stønad til 111 søkjarar med ein sum på til saman 1050 kroner. Kassa hadde då i eige 17 939 kroner og hadde av dette 12 361 kroner på utlån. Denne trygdeskipnaden var gjennom eit heilt hundreår den einaste i landet av dette slaget. Ei trygdeordning for sjømenn vart skipa i Ålesund i 1855, «Understøttelseskassen for uheldige Sømænd og deres trængende Efterladte». Denne hjelpekassa var skipa med eit grunnfond på 160 spd. Premien til kassa var lagd på tonnasjen, 1 ½ spd. av kvar kommerselest, betalt av reiarane, men den hovudsaklege inntekta var frivillige tilskot frå sjøfolka sjølve. Frå Ålesund hadde det tidlegare i fleire år vore innbetalt tilskot til «Trondhjems Understøttelseskasse», og ved skipinga av slik kasse i Ålesund venta dei å få betalt tilbake ein god sum, men fekk berre 80 spd. Av den hjelpekassa var det på dei 16 åra 1855 - 71 betalt ut 2200 spd. til «Trængende af Sømandsklassen» og dessutan oppspart 1200 Spd., vart det opplyst på årsmøtet i 1872. I 1883 hadde formannen i fiskeriselskapet i Bergen, kaptein Juel, ei lang utgreiing i Norsk Fiskeritidende om sjølvhjelpslag for fiskarar og viste til at slike lag var i drift i somme andre land frå kring 1830. I januar 1888 sende fiskeri inspektør Westergaard i Søre oppsynsdistrikt ei innbyding til fiskarane i Romsdals amt til å skipe sjølvhjelpslag. Han hadde gjort ei ferd her på kysten og hadde sett fiskarane i sitt fårlege yrke. No ville han gjere opptak til eit slikt lag for Sunnmøre. Laget kom i gang i 1888. Norsk Fiskeritidende tok inn vedtektene for «Søndmørsfiskernes Selvhjælpsforening 1888». Premien som skulle innbetalast, var 1 krone av kvar medlem.

Utbetaling i tilfelle dødsfall var 200 kroner for kvar som var trygda. Om utbetalinga heiter det i vedtektene:

154

«Ret til Erstatning bortfalder, hvis Døden er en Følge af grov Uagtsomhed, Drukkenskab eller Slagsmaal, og Vedkommende ikke er sagesløs.»

Våren 1890 betalte laget ut første stønaden på 200 kroner til etterlatne etter ein omkomen fiskar. «Det kan tænkes hvilken Hjælp og Trøst en saadan pengesum er for et fattigt Hjem, hvor man sidder nedsunket i Sorg over at være berøvet Familieforsørgeren, og uden denne Hjælp maaske var nødt til at gaa den tunge Vei til Fattigkassen», skreiv Sunnmørsposten. Bladet la til at det burde vere ei æresak for kvar fiskar å vere trygda. Kontingenten var billeg og gagnet stort. Tiltaket fekk ikkje den tilslutning som var venta. Var det fordi stønaden som vart utbetalt etter omkomne, vart rekna for fattighjelp, som ein ville kvi seg for å ta imot ? Var det fordi mange syntest dei ikkje trong om slik stønad? Eller var det same likesæla som synte seg i denne sak som med å plassere redningsutstyr om bord ? Det var skøytefiskarane i Ålesund som utgjorde største medlemstalet. Det kunne ein takke reiarane for, som melde inn mannskapa og betalte premien. Dei betalte dessutan 1 krone av kvar båtslut. Oppgåva over innbetalte premiar av skøytelutene i 1890 er eit register over Ålesunds skøytene med opplysning om kor mange båtsluter kvar hadde og kven som var reiar. Det var i alt 44 skøyter og 2 fiskedampskip. Største reiarane var Laurits Madsen og Emil F. Rasmussen, som kvar hadde 7 skøyter. Etter desse kom H. W. Friis med 5, Carl E. Rønneberg & Sønner med 4 og I. Vogt Svendsen likeins med 4. Skøytene hadde 1 til 4 båtsluter, dampskipa 5. Endå storparten av fiskarane synte lite interesse for denne saka, særleg ute i bygdene, arbeidde styret trufast med å halde laget i drift. På årsmøtet i 1899 vart styret attvalt: I. Walderhaug, B. Berntsen og I. Kavli. Medlemstalet var 1074. 444 på landet og 630 i byen. Laget hadde i eige 7200 kroner.

På Ona hadde dei ei privat hjelpekasse ut på 1800-talet. Med innsamlingar og basarar fekk dei inn pengar til kassa, som dei delte ut til treng ande. Då det kring hundreårsskiftet kom dekksbåtar i bruk og det vart slutt med opne båtar, vart det tryggare på havet, og det vart mindre bruk for hjelpekassa. «Den store flokken av fiskarenkjer kvarv inn, og trongen til hjelp for slike vart mindre etter kvart», heiter det i eit udatert og usignert dokument frå Ona. «I tidsromet mellom 1910 og 1971 kom det ikkje bort folk på sjøen frå Ona. Før århundreskiftet gjekk det aldri mange år mellom kvar gong, ofte var det store flokkar.» Etter som åra gjekk utan slike ulukker, minka interessa for hjelpekassa, og då dei bygde møtehus i 1913, vart dei innsamla midlane sette inn i huset. I Ålesund vart det skipa ymse private fond og legat til hjelp for etterlatne etter omkomne på sjøen og trengande fiskarfamiliar. I 1914 skipa Aalesunds Fiskerforening eit pensjons - og hjelpefond som hadde til føremål å yte pensjon til medlemer av foreininga eller deira enkjer og på annan måte hjelpe trengande fiskarar og etterlatne. Aalesunds Skipperforening skipa enkjekasse i 1907 til hjelp for skipperenkjer. Skipperkonene kom til å vere den berande kraft for enkjekassa med si kvinneforeining. 1 1923 fekk skipperforeininga si eiga pensjonskasse. Livstrygdelag var kome i gang her i landet i 1847. I dei opplysningane me finn om omkomne utover 1800 talet, er det ikkje nemnt om nokon hadde ordna seg med slik trygding. Den rådande tanken synest ha vore at det fall for dyrt. Sjølvhjelpsforeininga for sunnmørsfiskarane var i gang utover 1900 talet og gjorde nyttig teneste så langt ho rokk. Nokon veksande institusjon var det ikkje, men gjennom åra hadde det vore utbetalt 4400 kroner i 22 tilfelle, er det opplyst i 1920. Samstundes var det betalt ut 4018 kroner i sjukepengar og 1000 kroner i gåver til trengande. 155

Største utteljinga foreininga hadde hatt, var i 1903, då fiskedampskipet «Terje Viken» forliste og 11 mann omkom. I 1929 var stønadssummen til etterlatne framleis 200 kroner i kvart tilfelle. I tillegg til dette vart det betalt ymse tilskot i sjukdomstilfelle. Premien var 1 krone for dei som var medlemer i vinterbolken frå nyår til 30. april. Heilårsmedlemer betalte 2 kroner, og då fekk dei opp til 30 kroner til doktor og 30 kroner til medisin. No som tidlegare vart det klaga på at fiskarane synte lite interesse for sjølvhjelpsforeininga. Dersom det ikkje vart betre tilslutning, var det fåre for at foreininga måtte gje opp. Slik vart det og. I 1933 vart foreininga oppløyst etter å ha vore i verksemd i 45 år. Midelen som foreininga hadde, var om lag 7000 kroner. Denne summen vart gjeven til aldersheimen Sjømanns Kvile i Ålesund, som var ferdig og vart innvigd 12. april 1932. Den gamle «romsdalske undsetningskasse» frå 1783 var i verksemd utover 1900-talet. I 1911 og åra utetter var det mykje drøfta både i aviser og i fiskarmøte kva som skulle gjerast med denne trygdekassa. Somme ville ha institusjonen nedlagd. Ordninga svara ikkje til dei noverande tilhøve. Andre meinte at kassa burde vere i verksemd framleis, men vedtektene burde formast ut slik som det høvde med den nye tid. Nye vedtekter vart også forma ut, og kassa vart verande i funksjon utetter åra. På 1900-talet tok det seg opp med livstrygding. Av dei omkomne med Hareids-skøyta «Heim» i 1905 var det tre som var trygda for 1000 kroner kvar. Med tida vart det meir og meir vanleg med livstrygding. Frå 1909 vart det dessutan offentleg fiskartrygding, som utetter åra vart utbygd og gav kjærkomen hjelp til økonomisk tryggleik for fiskarfamiliane.

Minnesmerke

Både mellom dei etterlatne sjølve og i samfunnet elles voks det fram ynskje om og trong for å minnast og heidre dei omkomne på synleg måte. Berre eit lite fåtal av dei hadde funnest att og var gravlagde. Det store fleirtal låg att i havet. Dei fleste av dei etterlatne måtte sakne den trøyst det er i å få gråte ved ei grav. Frå Lillehammer skreiv Anders Sandvig i 1909 eit brev til væreigar Hans Tande om å reise minnesmerke over omkomne frå Bjørnsund. Lat oss reise slike minnesmerke frå Svinesund til Vardøhus ! heiter det i brevet. Og lat oss rite namna deira inn på bautasteinar og på tavler i kyrkjene ! Dei som vart att ute i havet, har alle etter evne vore med på å byggje landet og rydje veg for lysare kår for oss som kom etter. Det er over våre fedrars graver den nye fiskeflöte er vaksen fram langs kysten.

156

Med brevet fylgde ein pengesum til reising av minnestein. 157

Truleg første minnesteinen over omkomne på sjøen på våre kantar er den som vart reist på Herøy kyrkjegard i 1914 over dei omkomne i Goksøyr-ulukka 1880. Dei var gravlagde der så nær som den eine, som var frå Rovde. Ved indre Herøy kyrkje vart seinare reist minnestein over omkomne i Vestisen 1952. På Fjørtoft vart det reist minnestein i 1928. Plata med namna på dei omkomne vart hengd opp inne i kyrkja. Etter Tafjord-ulukka i 1934, då 40 menneske omkom i flodbylgjene, vart det reist minnesmerke på Norddal kyrkjegard. På Rovde kyrkjegard vart minnestein reist i 1935. På Voksa vart det i 1938 reist minnestein over Fredrik Baade, som omkom saman med mannskapet sitt på veg til båtstemna i Trondheim i 1896. Ved Haram kyrkje vart det likeins reist minnestein i 1938. I Sande sokn vart 17. mai-dagen 1942 nytta til å avduke minnesteinen som var reist ved Sande kyrkje. I Gursken sokn vart minnestein reist i 1945. I Ørsta er det reist minnestein over omkomne til 1944. På Giske vart minnestein reist i 1948. Minnesmerket over omkomne frå Bjørnsund fekk form av ein isbjørn og vart reist i 1951. I Hjørundfjord vart minnestein reist ved Sæbø kyrkje i 1953. I Ulstein og Hareid står det minnesmerke over omkomne til 1969. Sandøy sokn fekk sin minnestein i 1973 og Hustad sokn i 1975. På Løvsøy vart minnesmerke over omkomne derifrå reist i 1982. Fleire stader er det også reist minnesmerke over krigsforliste, oftast saman med omkomne på annan måte i samband med krigen 1940—45.

Her er et folk i krig for livet uavlatelig med dyre mannefall i kampe uten tall. ( B. Bjørnson )

158

30. Sjø og fiske på Hildrestranda og i Haram

På Hildrestranda var det frå tidlege tider sjøen og det ein kunde hauste der, ein måtte lite på. Gardane var for det meste små, og jordbruket åleine gav ikkje nok til levemåten. I siste halvdelen av 18. århundre var det ei oppgangstid for torskefisket utanfor Nordøyane. I den tida, og lenge før, var åttringar frå Hildrestranda med på dette fisket.

Dei fleste båtane derfrå hadde tilhelde på Ulla.

Kvart åttringslag hadde si «Vålbud», som dei vart kalla. Namnet kom avdi dei var bygde på Vålen, området mellom Ullahammaren og Krogsholmane.

Etter det ein får opplyst, reidde desse gardane ut åttringar: Steffagarden, Hansgarden og Nilsgarden. Ivergarden og Jakobgarden på Skjelten hadde båt ilag. Også ein åttring frå Alvestad ha vore med.

Ole Ullahammer, som er fødd i 1904, minnest so vidt Synnafor-buda, som var den siste som sto att. Saltebuda deira sto like innanfor Hammaren, og bustadbuda like ved. Denne var bygd av tømmer. Midt på golvet sto omnen, med røykrøyr opp gjennom taket. Rundt veggane var det køyer i to høgder. Til endes med huset var det eit tilbygg. Etter at fiskarane i tidleg morgon hadde drege garna, bore fisken opp i saltebuda og flakt og salta den, var det seine kvelden. Dei hengde oljehyra i tilbygget, slik at verste råma gjekk ut av den over natta. Det var alltid slik at ein av mannskapet gjekk heim til buda før dei hine. Soleis kunde mannskapet kome til varmt hus med middagsmat på bordet. Det gjekk som oftast på blodfersk torsk med rogn og lever. Dei hadde med seg turrmat heimanfrå for heile fiskje. - Det var ogso smed på Ulla i vinterfiskje; Ole Elias Myren ( «Myr-Ol-Eljas» ) frå Hildre. Han hadde eit lite kryp-inn ovanfor Storebuda. Ole Elias for alltid heim om helgane. Under torskefisket kunde det vere omlag 500 mann på Ulla; av dei særs mange tilreisande. Etter det Paul Moltu fortel i «Fiskarsoga» hadde gamlebåtane 21 garn i ei setning i sjøen i gongen. Kvart garn var 18 famner langt og 18 mauskar djupt. Mauskevidda var 6,5 omfar på alna. Slik ei mauskevidde tyder på at fisken var storvören. Med denne utrustninga hadde dei vinterfangstar frå 3000 til 7000 torsk. Det var brennevinsutsalg på Ulla den tida, og det var ikkje so bra for dei som ikkje kunde rå med bruken av slike saker. Ingeleiv-Sevrin ( Sevrin G. Ulla ) fortalde om ein tørst fjordamann som korkje hadde pengar eller brennevin då han skulde fare heim att frå fiskje. Men utkropen som han var, fylte han seks liter vatn på den 12 liters brennevinskaggen sin. So gjekk han på Eljasbuda, der utsalet var, og bad om å få fylt opp kaggen med franskbrennevin. Og handelsmannen so gjorde. Men kreditt vilde han ikkje gi, og det enda med at handelsmannen slo dei 6 liter han hadde fylt på kaggen attende på fatet. Fjordamannen var særs so nøgd med dei seks liter han hadde att, sjølv om brennevinet berre hadde halv styrke. Etter 1890 gjekk det snøggare med omskifte frå opne båtar til dekksfarty og motorbåtar. Dette førde med seg at fangstane auka mykje. Ifylje Paul Moltu si fiskarsoge vart det i 1912 ført i land 1,35 million torsk på Ulla, og i 1916 heile 1,2 million torsk ( mot 868 tusen i Alesund ). Vinterfisket etter torsk hadde stor innverknad på økonomien på innlandet, sameleis som på bygdene elles. 159

Sjølv om hamnetilhøva på Hildrestranda er dårlege, kom det etter kvart motorbåtar dit ogso. Jonas G. Hildre i Gunnagarden ( 1876 – 1932 ) var tidleg ute og kjøpte motorbåt. Det som fortelst her, skriv seg frå samtalar med Ragnhild Hurlen, dotter til Anna og Jonas G. Hildre.

Trass sine 90 år ( 1997 ) er ho ein klår og god forteljar. Det er interessant å lyde på henne når ho fortel om lukkelege barneår i Gunnagarden, og å dele med henne dei mange lyse minne ho har frå den tida. Ho var berre småjente då faren kjøpte første motorbåten sin, og det er ikkje å vente at ho hugsar alt so nøye. Båten heitte, eller vart kalla Vesle-Sverre, fortel ho. Då Vesle-Sverre vart skifta ut med ny båt, minnest Ragnhild, fekk me ungane byssa frå båten. Øvste-Myra hadde torvteig like ovanom oss. Og eg hugsar so godt at Myre-Marta fekk koke kaffe på byssa vår. Gustav Hildre, bror til Jonas Hildre, for tidleg til Amerika. Han gjorde det godt der, og fekk seg eigen farm. Omsider kom han på vitjing til gamlelandet. Det var meininga å fare attende til Amerika, men det vart aldri noko av. Men farmen selde han ikkje. Gustav hadde spart pengar i Amerika, og det kom vel med no når han kjøpte ny båt ilag med Jonas og Olav Risnes. Nybåten kalla me Store-Sverre, fortel Ragnhild.

Dei dreiv sildefiske, sommarfiske på Grynna og vinterfiske etter torsk. Under torskefisket stelte og salta dei fisken heime. Gunna-naustet var i minste laget, og derfor brukte dei Syvernaustet og Risnesnaustet ogso. Det var dårleg med hamn på Hildre, og difor hadde motorbåten liggeplass i Søvika. Gustav døydde under Lofotfisket i 1935. Han fekk blindtarmbetennelse på feltet og nådde ikkje tidsnok fram til sjukehuset i Harstad til å redde livet. Han var berre 53 år då han fall frå. Jonas vart heller ikkje gamal. Han døydde i 1932, 57 år gamal. Petter I. Hildre ( Iver-Petter ) har sett merke etter seg både når det gjeld båtar og sjøbrukt og på mange vis elles. I si tid hadde han fleire båtar, men best kjent av dei alle er vel «Hugnad». Det måtte vere i siste halvdel av 20-åra han kjøpte båten, som han gav slikt eit triveleg namn. Etter det eldre folk fortel, var det Gryt-Ola-Martinus på Lepsøy som fekk bygt båten i 1892; då som seglbåt og uten motor. Den vart seinare selt til eit båtlag i Vatne kommune. Det kom i økonomiske vanskar, og det enda med at Iver-Petter kjøpte og overtok båten. Etter kvart synte det seg at her var rett mann komen på rett plass. Han dreiv Storsildfiske, Eggafiske og delvis Finnmarksfiske. For å få best mogleg utbytte av Lofotfisket, utvega han seg på sin eigen måte. Han kjøpte seg ein lekter, eller rettare sagt ei svenskeskøyte, som han tok på slep nordover. Denne hadde lugarar og hus på dekk som vart nytta til garnbøting og førefallande arbeid. Først og fremst tente den som saltefarty. Fangsten vart salta ombord og frakta heim att når sesongen var slutt. Etter det ein får opplyst, var «Hugnad» 45 - 46 fot lang og hadde ein 25 hk «Stabil» motor. Ikkje so lenge før krigsutbrotet selde Iver-Petter båten. Den vart nytta som fraktefarty ei tid, men kom sidan på andre hender; og vart gløymt. Men den over 100 år gamle skuta er slettest ikkje ute av soga:

Sommaren 1997 var Njål Remmereit på songarstemne i Brønnøysund. På hamna såg han ein båt han drog kjensel på. Det synte seg å vere «Hugnad». Og no hadde den seglrigg, nett sameleis som då Gryt-Ola- Martinus fekk den bygd for over 100 år sidan. Og framleis ber den namnet «Hugnad» ! Det var rett ei storhending då «Disko» vart levert frå båtbyggeriet i 1938. Iver-Petter var sterkt engasjert i tiltaket. Han var forretningsførar for rederiet og hadde mange oppåver i samband med det. Dei hine eigarane var: Karl Hildremyr, Lars og Peder Rogne, Hilmar Austbø, Sivert Alvestad, Ingard Sønderland og Johan Sønderland.

«Disko» var 110 fot lang og hadde 340 hk, 4-sylinders Finnøy-motor. Same året gjekk den til Grønland med Johan Sønderland ( Knut-Johan ) som skipper og Iver-Petter som bestmann.

Mannskapet elles hadde lang røynsle frå hav og fiske. Fleire av dei hadde vore på Grønlandsfiske tidlegare. 160

Både Knut-Johan og Rognebrørne var med «Koralen» på kveita i 1932.

Torskefisket ved Vest-Grønland var eventyrleg i førkrigsåra.

Fangsten var so stor at dei måtte gjere avbrot i brukta for å få fisken i salt. På to turar hadde dei 900 og 1000 kroner i lott. Det var storturar å rekne for. Når heimferda byrja, med 120 tonn saltfisk ombord, låg dekket i sjø. Kvar tur varde i omlag 2 månader. Etter krigen endra tilhøva seg.

I 1948 vart AS Utrustning med anlegg i Færingehamn skipa. Stasjonen leverte utrusting til flåten, tok imot fangsten og hadde elles andre funksjonar. Det at fisken kunde leverast på Grønland, førde til at det vart gjort berre ein tur i året. Lotten var jamnast rundt 3000 kroner for ein seks månaders tur. Ein halv års linetur til Vest- Grønland var ikkje søte myse berre. Dei sto på mesteparten av døgret. Skoddevér og kulde sleit på. Svullfingrar og andre plager høyrde til dagens orden. Men humøret var det inkje å klage på. Dei var sterke, både fysisk og psykisk desse karane som drog på langtur til Vest-Grønland. Utanom Grønlandsturane dreiv «Disko» ymse slags fiske på kysten og i nære farvatn. Nemnast kan sildefisket ved Island. Den store og feite islandssilda var attraktiv vare. Den vart salta i tønner ombord. Dei gjorde som regel ein snurpetur tidleg på sommaren. Ein av mannskapet fortel at dei ein gong tok full fangst på tre kast. Prisen var 100 kroner tønna. Ei tomtønne kosta 20 kroner. Ein snurpetur gav ein lott på omlag 1800 kroner. På garnturen om hausten var fortenesta bedre av di det då berre var halvt mannskap.

På slutten av 50-åra vart «Disko» selt til Bjarte Rogne på Leinøy. No ligg den ærverdige skuta på djupt vatn i Voldsfjorden. Heilt frå ungdomen av og i manndoms år var sjø og båtar og fiske Iver-Petter si store interesse. Men so var det garden då. Å vanvyrdsle ein gamal slektsgard som Ivergarden kom ikkje på tale. Dermed valde Petter å drive både gard og sjø. Iver-Petter førde dagbøker. Til det bruket nytta han ein 7. Sans, som han hadde for handa alltid. Når ein les dagbøkene hans, får ein eit inntrykk av kor utruleg stor arbeidskapasitet mannen hadde. Attåt var han systematiker, som nøye planla arbeidet og nøytte tida maksimalt. Ein skulde tru at han hadde meir enn nok med fiske og gardsdrift, men etter kvart fekk han mange andre gjeremål i tillegg. Han var bokhaldar for Brattvåg Kraftverk, styreformann i Haram Sparebank og forretningsførar for Disko- rederiet. I tillegg hadde han offentlege tillitsverv og var medlem av kommunestyret. Når han seinkvelds var ferdig med dagens arbeid, sat det ofte folk heime og venta på han. Dei skulde ha hjelp med sjølvmeldingar, skøyter og liknande ting. Dagbøkene hans femner ein lang tidebolk og inneheld interessante opplysningar om fiske, vérlag og alt han var oppteken med. Ein finn ogso hushaldrekneskap og noteringar om dei ymse ting som er kjøpt til borna og dei vaksne. Sjølv små postar er medtekne. Ein av gutane hans seier at ved å gå gjennom dagbøkene, kan han sjå kva tid han fekk nye klær og sko, kva tid han var med tannlege og kva konfirmantdressen hans kosta. Dagboknotatane var korte og konsise.

Ein nemner nokre døme:

«1949. Laurdag 15: Årets første sildefangst. Stor sjø over Stadthavet. Nørvesund forlist. 23. april: Fekk løn frå Kraftverket for 1947 og 48. Tilsaman kr 1600.»

Det hende mest aldri at han tok seg fri, men laurdag 4. juni var eit undatak: «Tok meg ein slarkedag. Sette berre istand hønsegjerdet og stelte litt rundt husa. 28. juni: Vekslande bris, held merra for hest.»

161

12. august fekk han oppgjer med Sauesund for krabben han hadde levert hausten før, pris pr. stk. 35 øre. «4. desember: Selde gris til Odd Longva. 84 kg ä kr 4.15.

1950. 5. januar: Kaldt. Bøtte garn. Låg til sengs ettermiddagen. 6. januar: Kaldt. Bøtte garn. 2. juli. Regn og atter regn. Judith og Alf (Harnes) vigde. 6. august: Sølvbryllup Hilda og Karl Alvestad. Presang kr. xxx.

1951. 2. påskedag: Ein sau lamba tvillingar. «Molik» fekk ein kvigekalv. 9. april: Hansine 50 år. SV lett bris.» 1. mai er teksten den same kvart einaste år: «Blanda kunstgjødsel. Settepoteter til spiring.

1952. 21 juni: Resultat av storsildfisket. Delingsfangst kr 266.165.29. Lott kr 5323.30. Sams kr 366. 27. oktober: Var med Disko og heiv lastebilen til Tennøe & Skaar opp på kaia. Den rulla på sjøen laurdags kvelden. Det var ikkje folk med. 1953. Styremøte i banken. Billett og mat kr 4. 21. juli: I Brattvåg. Disko-rekneskap. Fekk sykkelen eg hadde lånt med Per overkøyrd. Bakhjulet benda. Elias Bjørlykke ordna det for kr 1.»

Iver-Petter var ein utprega ordensmann. Han arkiverte bilag for alle inn - og utbetalingar som gjekk gjennom hendene hans, og han kunde til ei kvar tid gjere reide for seg til siste øre. T.d. nytta det ikkje for mannskapet på båtane å klage på avrekningane. Han hadde kvitterte og godkjende avrekningskopiar for kvar einaste oppgjerd. Heimefisket, eller matfisket, som det ogso nemndest, har alltid vore ein viktig del av eksistensgrunnlaget på Hildrestranda. Fisk er den maten som mest har vore brukt. Det var lettvint å ro bort i landbakken med pilken eller egne på ei hyseline når ein trongde ferskfisk. Somme dreiv ogso fiske som attåtinntekt og andre att satsa på småfiske som leveveg. I mellomkrigsåra var det mange som skaffa seg båtar med det som føremål.

Båttypen «klegg» var omtykt og brukt av mange. Ein «klegg» var 25 - 30 fot. Den hadde eit lite og lågt overbygg forut med lugar til ein eller to mann, og so «stall», som var litt høgre og gav god utsyn under styring og manøvrering. Dekksplassen var god. I midten vardet ei opning på vel ein meters breidde, som gjekk frå lugar og akterut. Der var det særs so lagleg å stå og arbeide. Alle dei fire brørne i Hansgarden på Alvestad dreiv småfiske. Petter som attåtinntekt til gardsdrifta, og Marius, Nils og Olaus som leveveg. Gardsdrifta førde med seg mykje arbeid og små innkomer. Med ein mjølkepris på ni Øre literen og tilsvarande prisar på andre jordbruksprodukt, kan kvar og ein skyne at dette ikke strakk til når ein hadde stor huslyd å forsyrje. Rett nok dreiv Petter fiske med færing, på seinvinteren garnbrukt etter hyse og torsk. Eldre folk hugsar at han køyrde til Brattvåg med hest og vogn og selde fisk. I 1947 kjøpte han seg motorbåt. Torskefisket slo godt til nokre år då. Han brukte garn på Lestabukta og sør for Breifluda, og ei veke fekk han 10.000 kg på tre drag. so barst det ikkje verre til at han sette fast og miste åtte garn. Men han fann dei att og berga dei. Og i tillegg 2200 kg torsk. I 1957 selde han motorbåten, kjøpte seg påhengsmotor og dreiv fiske med færingen. Det var eit syn å møte denne vikingen, med krefter som ein bjønn og nevar som sleggjer, når han vinters dag med austavinds kuling og bikkjekulde drog torskegarn ute på fjorden. Vottane slengde han frå seg på tofta, og garna drog ha med handemakt. Då han drogst på åra, fekk han ein gong ein ungdom med på sjøen for å vere til hjelp. Det gjekk greitt for denne å dra inn enden. Men då han letta på garna, sa han: «Det er so tungt, garna er sikkert fast.» Petter tok tak og drog nokre famner: «Dei er so tunge,» slo han fast. Ei tid dreiv Petter krabbefiske i lag med ein av gutane sine. Dei rodde sør til Revet og sette teinene, får sør att neste morgon og drog dei, for so å halde fram med roren til Brattvåg der dei leverte krabben - for 5 øre stykke ! Og so var det å ro heimatt til Alvestad, få seg mat og gå igang med arbeidet på garden.

Ein gong, då Petter var komen i høg alder, kom han ut for eit hardt uver med frålandsvinds storm ute på fjorden. Han rodde av alle sine krefter og nådde land i Hellandshamna. Men då var hendene hans hudlause og blå. Det seiest at han blei liggande fleire dagar etter denne ferda. Ein sein haustkveld held det på å gå reint gale med Hans-Petter. Han drog krabbeteiner på Reitefluda, gleid på islagt tilje og får overbord. Heldigvis hadde han bunde seg med tau rundt livet. Han fekk eine foten over ripa,

162

men makta ikkje kome seg ombord. Reint ved eit tilfelle høyrde Filip-Arne ropa hans og fekk med seg mannskap og berga han. Slik var det berre. Me skuldar slitarane frå den tida, dei med mold under fingerneglane og trælar så harde som horn i nevane at dei ikkje går i gløymeboka.

Hans-Nils ( bror til Petter ) sin båt heitte «Dollar». Ein minnest at den var særs låg på hekken og hadde ein 5 hk bensinmotor. Han starta motoren på bensin, men når den hadde gått seg varm, slo han over til parafin, som var billegare drivstoff. Sjølv om det var meir kveite den tida enn no, var det sjelden å få det slaget. Ein dag var Nils bort i ei «storsøse» på Åmundgrynna, men etter å ha bala med ho eit langt bél, rauk fortaumen på snøret. Neste dag var Nils på Åmundgrynna med nytt snøre og var rett so heldig å få fast fisk. Og då fekk han kveita ombord. Den vog vel so 30 kg. Einar Reiten var mannskap med Nils på «Dollar» i sin første ungdom. Som nemnt dreiv dei hine to brørne i Hansgarden, Marius og Olaus fiske på heiltid. Marius rekna seg sjølv for å vere perfeksjonist når det gjalt sjø og fiske og méd og merke. Langt på veg hadde han rett i det. Låg han på ein stad og fiska og andre kom til, gjekk han derfrå med ein gong. Han vilde ikkje lære bort kunsten, og elles treivst han godt åleine. Han fekk oppleve å få oppattkalla ein kjend fiskeskalle etter seg. Idag nemnest den berre «Mariusskallen.» Berre einskilde eldre på Helland kallar den «Vitraskallen,» og på Skår er namnet «Gamleskallen,» som det har vore i år og aldrar. Marius, som i sitt liv var meir på sjø enn på land, var vél fortent å få namnet sitt knytt til ein fiskerrik skalle og eit monument på havbotnen, Olaus var på ein måte litt ulik dei hine brørne. Han var engasjert i samfundsspørsmål og politikk, las mykje og var oppteken med det som rørde seg i tida. Etter at han var flytt til Brattvåg, var han sommars dag kvar søndag føremiddag å finne på «Samfundspartibenken» som ivrig debattant. Det høyrer med til sjølivet at ein kjem ut for kritiske og tildels fårlege situasjoner. Ein gong brukte Olaus hummarteiner ute ved Sværslingane. I visse årstider kryp hummaren mest fram i fjøresteinane, og det er ein sjanse å ta når ein set på grunt vatn. Olaus tok sjansen. Det skulde han ikkje ha gjort. Tungbåra fekk hand om båten og knuste den mot steinane. Det gjekk bra likevel. Han kom seg heimatt med ein annan båt, utvega seg med tomme oljefat som han plaserte i rommet og held båten flytande. Botevon for fartyet var det ikkje. Vraket vart senka utanfor Brattholmen og Olaus kjøpte seg ny båt. For ein stor del var det linefiske kleggane og sjarkane dreiv. So vidfarne var dei ikkje. Dei brukte ute på fjorden, i Ullasøyla og Råsene, i Sandøysøyla og Harøyfjorden og liknande felt. Dei fleste hadde liggjande båtane i Brattvåg om natta; der var det god hamn. Dei fekk kome under tak på Sildoljefabrikken, der det var lagleg å egne line om kvelden og ut etter natta. Dei brukte til vanleg 12 liner på mannen, og det var ikkje gjort i ei handevending å egne tolv hundre krok. Før det grydde av dag var dei på veg til feltet, fekk vegna i sjøen i lysinga og drog når mondet var over. Fangsten vart som regel levert i Ålesund, og på vegen vart fisken sløya og stelt. Fiskeprisen låg på 30 - 40 øre kiloen. Og so var det å fare heimatt og egne line til morgondagen. Det var fleire båtar enn som her er nemnde som dreiv liknande fiske. Ein slitsam måte å livberge seg på, meiner mange idag. Men sporten og spenninga var ei sterkt medverkande årsak til at dei valde denne livsforma. Bernt-Magnus og Petter-Rasmus, begge med etternamn Alvestad, må nemnast når ein skal fortelje om fisket på Hildrestranda. I oppveksten var det lite som tyda på at Rasmus skulde bli fiskar. Like etter konfirmasjonen var han å finne som skysskar for turistane i Geiranger, og særleg lang tid gjekk det ikkje før han var utdanna agronom frå Gjermundnes Landbruksskule.

I 20 åra held pelsdyrnæringa for alvor sitt inntog på Sunnmøre. Rasmus såg sjansane og var tidleg ute.

163

Som 25-åring fekk han i oppdrag å leide arbeidet med bygging av pelsdyrfarm for stortingsmann Langeland, og like etterpå fekk han ansvaret for oppbygginga av ein av dei største pelsdyrfarmar på Austlandet. Der vart han verande i seks år, men byrja so for seg sjølv. Først i Tomrefjord og seinare på Hildre. Rasmus hadde forstand på dette med pelsdyravl: På Vestlandsutstillinga i 1937 fekk han pokalen for beste sølvrev.

I tillegg fekk han 11 førstepremiar. so kom krigen og sette ein stoppar for pelsdyrnæringa, og Rasmus vart fiskar. Ilag med svogeren sin, Magnus Alvestad, byrja dei drive laksenot i tida mai-august. Om vinteren og våren dreiv dei garnog linefiske. Og so var det krabbefiske fram til november. Soleis vart det heilårsfiske i tillegg til gardsdrifta. Dei kjøpte seg ny båt med Søren Frostad i Tomrefjorden. Denne gav dei namnet «Sjøfuglen.» Yrkesbrørne deira tykte at dette var eit vel so ambisiøst namn på ein 27-foting med 7 - 9 hk. Nogva-motor, og dermed kalla dei den «Petra-Laura» etter ektefellene til Magnus og Rasmus. Under dette namnet vart båten velkjend og til ære og gagn både for gudmødrene og reidarane. Magnus og Rasmus dreiv intensivt og profesjonelt fiske. T.d. brukte dei spesialbygde krabbeteiner, fleire hundre i talet. I 1948 var dei største krabbeleverandøren til Sauesund Preserving. Først på 50-åra la dei om drifta frå levering av krabbe til fabrikk og gjekk over til forbrukarsalg. Dette førde med seg meirarbeid med kvalitetskontroll. Sjølv om dei fiska på felt som var kjende for god matkrabbe, hende det likevel at det var stor innblanding av vasskrabbe ( tomkrabbe ) som måtte sorterast ut. Same kor påpasseleg ein er, kan ein ikkje gardere seg mot at ein del vasskrabbe vert selt saman med matkrabben. Og kjøparane klaga, sjølv om dei hadde grunn til det eller ikkje. Ein dag med stor innblanding av vasskrabbe var Magnus moalaus og tok seg ein rusletur på byen. Der møtte han ein kjenning, og sa til han: «Eg skal seie deg det farr, at det er ikkje alltid so lett å vere einkristen mann når ein har båten full av vasskrabbe.» Desse to karane held fram med bryggesalg i 25 år, lenge etter at dei hadde vortne pensjonistar. Og det skulde vel vere prov på at folk var nøgde med krabben deira. Etter kvart vart Alvestadkarane eit velkjent og fargerikt innslag på hamna i Alesund. Dei var kjent med dei fleste og snakka med alle, og «til pigerne hadde de skjæmtsomme ord, de spøgte med byens børn,» sameleis som Terje Vigen. Pressefolk og turistar som vitja Ålesund tok kontakt med desse typiske representantane for den norske fiskerstand; vérbarka og trauste som dei var. Attåt var dei særs fotogene. Foto av dei vart brukt i tidsskrift og aviser, og til og med i kalenderar, i mange land og verdsluter, mellom anna i Japan.

164

Åttringer i Haram i 1794

Så tidleg som i 1784 var det 93 åttringar i Haram.

Men sjølv om denne båten var vanleg til fram mot førre hundreårsskiftet, finst det berre ein einaste åttring att frå «gamletida», og den står no på Sunnmøre Museum.

I tillegg fekk det nemnde muséet bygt ein åttring i 1951 som demonstrasjonsbåt, før dei fekk inn den gamle. Også Sunnmøre kystlag eig ein åttring, som dei fekk bygt i 1982.

Desse tre åttringane er alle laga i Bjørkedalen, der det i si tid vart bygt fleire hundre av denne båttypen.

Til eggafisket var det berre åttringen som vart brukt. Ein slik tur varde i 3 - 4 dagar, og det tok sju timar å segle med god bør, eller 8 - 10 timar å ro - kvar veg. Snøret ( djupsokn ) var einerådande fiskereiskap fram til 1830, då line etter kvart kom i bruk.

Dette var sommarfiske og kunne starte når «Skule-kua» ( snøbreen på Skulefiellet på Longva – Skuløya ) hadde kalva tre gonger.

Det var naudsynt med trygt vér for å fare så langt ut i havet, så dei tok ut berre i nordleg eller austleg vind.

På ein god sommar kunne dei greie tolv turar, fortalde Lars Longva.

Frå midt på 1700-talet tok fiskarbonden til å lage klippfisk, særleg av torsken, men frå rundt 1830 var det vanleg å selje sommarfisken direkte til handelsmenn. Av levra vart det laga lyse og seinare tran, og rogna gjekk til Frank- rike der dei brukte ho til sardin-agn. Ein tredel av fangsverdien kom faktisk frå tran og rogn.

Åttringen var ein open båt, og det var ikkje farefritt å sigle nesten 40 nautiske mil ( vel 70 kilometer ) ut i havet.

Likevel var det få som kom vekk i eggafisket, som gjekk føre seg sommarstida i bra vér.

Men under vinterfisket etter torsk var det relativt mange fiskarar som «bleiv» ( druknet – omkom ) på sjøen.

Nemnast kan til dømes at 2. mars 1869 kom rundt 20 mann vekk då fleire båtar prøvde å kome seg inn gjennom Ullasundet i mørker og snøkave.

165

Merkeførde åpnebåtar i Ulla merkedistrikt 1879 til 1890

166

Dekksbåter i tida 1892 til 1900

167

Antall åttringer i Haram i 1836

168

31. Kvinnene – «Havets døtre»

Historiene handler om sterke personligheter i kystmiljøet. De fleste av dem har vært menn. Kvinnene, mødrene har liksom vært usynelege. Jeg har lyst å nevne litt om disse og hedre disse.

Dette kapittelet er viet kvinnene, mødrene, de usynlige, som ikke hadde stemmerett, i mange tilfeller heller ikke talerett. Likevel var det de som hadde ansvaret og bar de tyngste byrdene i mange av kystbygdene. Flere av dem var husmødre og bønder, gift med fiskere og sjøfolk som tok lite ansvar hjemme, selv når de var der. Noen av de største avgjørelsene i kystbygdene ble tatt i kaffepausene på kvinneforeningsmøtene mens mannfolka var på fiske. Trøste og bære den mannen som ikke var enig i at kapell skulle reises, allmenningskai bygges og skolehus fornyes. Mange av kystkvinnene fikk aldri mannen hjem etter stormnetter med ulykker og forlis. De måtte sitte fremst under minnemøtet, og etterpå ta over mannens oppgaver som eneforsørger for en stor barneflokk. Noen klarte det, andre bukka under. Mange klarte ikke presset. Fiskerne fant henne drivende livløs i sjøen da de kom fra havet. Ikke alle kvinner ville føye seg inn i utværas mannsdominerte mønster og brøt over tvert. Noen reiste til byen, andre til utlandet. På tross av nådeløse vilkår, kjempa mange av dem seg gjennom og ble til noe. Felles for de fleste var en sterk vilje og et varmt hjerte som kvinner og mødre. De måtte ofte være hardere enn ønska når de skulle være både mor og far. I tidligere tider måtte folk i isolerte kystbygder oftest klare seg selv både ved barnefødsler og under sykdom. Mange, oftest kvinner, lærte seg derfor å bruke urter og planter til medisin. Slik kunnskap kunne komme hele bygda til gode. I tider der hedenske skikker og ritualer hang igjen i folkedypet og der overtroa blomstra, var det lett at slike ble omgitt med mystikk. Var kvinnene i tillegg selvstendige og trassige mot øvrighetene kunne ryktene om trolldom lett begynne å svirre. Inntraff et uforklarlig dødsfall, eller det hendte en ulykke i bygda kunne slike lett få skylda og hekseprosessen var i gang. En prosess som kunne føre en vergeløs stakkar helt til bålet uten anna bevis enn sladder og baktalelse. Kysthistoria har mange triste kapitler med tragisk utgang for uskyldige. De fleste av dem er skjult i middelalderens mørke, men uhygge og forbannelse har hvilt over henrettelsesplassene helt fram til vår tid. Korte hendelsesrike livshistorier og deres grusomme slutt har levd på folkemunne, ofte krydra med fantasi og god fortellerkunst. En og anna gang dukker de dødsdømte opp i protokollene, helst i form av kvitteringer på utgifter som er betalt til bøddlene. I tillegg til heksene kom alle de enslige mødrene som hadde født barn i hemmelighet. Det hjalp lite om de forklarte at barnet var dødfødt. Det endte ofte med dødsdom, gjerne utført på en grusom måte på en avsidesliggende øy eller holme, nær leia. Slike hendelser kunne arte seg som rene folkeforlystelser, men ble såre og onde minner å slite med livet igjennom for mange. Ikke bare henrettelsesdagen var fæl, men hodet til den døde ble oftest satt på stake til skrekk, advarsel og til uhygge, og gjorde mang en kveldsvakt skremmende for de leifarende ( Oterhals 1993). Den vakre og høyt respekterte Maren Jektvik fra Gjeldsøy i Kvenvær på Hitra ble anklaga for å ha drept sin eldre rike ektemann. Maren ble først frikjent, men da hun kort tid senere var i ferd med å forberede bryllup med sin ungdoms kjæreste, forlangte naboene at saka skulle tas opp igjen. 169

Maren ble arrestert mens hun var i ferd med å sy brudekjole. Hun ble dømt til «å miste sin hals». Uten tegn til frykt, og med over fem hundre tilskuere ble hun henretta på Buholmen ved Hitra i juni 1848. Siste morgen mottok Maren nattverden i arresten etter en god natts søvn. Den dødsdømte deltok i salmesangen med sin klare og rene stemme før Øksa falt.

Ikke alle markante kvinner i kysthistoria er hekser, noen er også helgener, eller kunne bli opplevd som det.

De virkelige helgenene er oftest sagnpersoner. Den mest kjente er den irske prinsessa Sunniva. Sammen med et stort følge med kristne rømte hun fra hedenske vikinger på 900-tallet i to skip. De lot seg føre med vind og strøm over havet og havna etter store prøvelser på øyene Kinn og Selja. Sunniva og hennes følge omkom på Selja, der det senere ble bygd et kloster. Sunniva ble dermed den mest kjente av mange kvinner fra England og Irland som kom til kystbygdene på den tida. De fleste var tatt med som treller av barske vikinger som brukte dem til så mangt, også til barnevakter. På den måten fikk barna i kystbygdene høre om Kvite Krist og en ny religion med et nytt menneskesyn fikk smått om senn innpass blant folket. Febersyke fiskere har sett engler i sykestua på betelskip eller fiskerheimer etter ukelange opphold med hostekuler i trange, rå og skitne lugarer. Andre har sett dem med tente lykter på haugene i utværa i stormnatta. De har seilt etter lyset og nådd havn. Senere har mange sjøfarende sett vakre kvinneskikkelser både i fantasien og i virkeligheten og kalt dem både helgener og engler. En jakteskipper fra Midthordland, som havarerte på Møre-kysten så en engel. Han hoppa ut i stormnatta og landa på svaberget foran føttene på en kvinne i hvit nattkjole med en fjøslykt i hendene. Hun ble senere hans kone. Andre ganger har kvinnene vært reddende engler når hjelp trengtes, noen ganger i en hvitmalt skøytes skikkelse. Kommandør Hanna Cornelia Ouchterlony ble på sine reiser i Nord-Norge sterkt grepet av de mange forlisene. Han fikk Frelsesarmeen til å bygge en redningsskøyte. I februar år 1900 ble den døpt «Catherine Booth» og satt inn i tjenesten med brigader Emil Ovesen som fører, og ble for mange sjøfarende i havsnød en engel med hvite seil. Andre har sett hvite engler ute på selve havet. Kvinnene utgjør oftest bare et fargeløst bakteppe for store varp eller dype tragedier der deres menn og sønner spilte hovedrollene. Gjennom generasjoner har kystkvinnene omtrent gått i ett med det flere tusen år gamle landskapet, tatt vare på det, pleid og stelt det. Trær har blitt hugd og einer brent for at grasbakkene og lyngheiene skulle bli beitemark for buskapen. Røsslyngen var en del av vinterforet til utegangersauene med feit og sterk underull godt egna til varme sjøklær. I dette landskapet fant kvinnene mose og lav til å farge garnet de spant på rokk og håndtein. Beiting, lyngslått og torvtaking har siden holdt kulturlandskapet i hevd helt fram til vår tid. Hjemmet og gården var kvinnenes selvfølgelige plass, oftest usynlig for andre enn sine nærmeste. Slik som det var for mora, ble det også gjerne for hennes døtre. Om kvinnene var usynlige, var de slett ikke uvirksomme. De viktigste avgjørelsene i bygdene ble ofte tatt av kvinnene mens mennene var på Lofot - eller Finnmarkfiske. Nåde den mann som ikke var enig i deres uskrevne vedtak, om ny kai, vei eller kirke, og ikke tok det opp i styrer og råd når han var vel hjemme. Den som fremma saka fikk gjerne også æra etterpå. Det brydde kvinnene seg lite om, bare det ble som de ville. Kvinnene er for lengst blitt synlige i samfunnet, dermed også i kystbygdene, om det er noen igjen. Samtidig sprer det seg en sterk iver for å ta igjen det forsømte, for å synliggjøre fortidas usynlige. Vi har fått kvinner på sokler av gneis og granitt i flere kystbyer og bygder, kvinner med barn på arma, speidende mot havet etter mann og far som aldri kom. Det begynte med den godt utførte statua ved Titran kirke, reist som minne om redselsnatta i oktober i 1899 da 29 båter forliste, 140 fiskere omkom, 29 kvinner ble enker og 80 barn ble farløse på en eneste natt. Navnene på de omkomne står på sokkelen. Kunstneren har meisla inn fortvilelsen og håpløsheten til de etterlatte, speidende utover sine forsørgere og sønners havsalte «kirkegård», mens vrakrester etter uforsikra båter, ubetalt vegn, proviantkasser og køyklær fylte strendene. Siden har det kommet mange lignende monumenter. 170

Det er riktig at kystkvinnene blir hedra, men jeg er ikke sikker på at bildet som blir tegna av dem er helt rette, og frykter at vi er i ferd med å gjøre kystkvinnene en ny urett. Fiskerkvinnenes særpreg har først og fremst vært prega av trofasthet og ansvar. Redselen hun ofte følte måtte skjules for andre, og aller mest for barna. De små ble nok ikke med til utkikkshaugen om hun selv gikk dit, noe hun sjelden gjorde. Pliktene var for mange og nytta ubetydelig. De fleste ulykkene skjedde i mørke og snøfokk, ofte langt hjemmefra. Dramaet var oftest utspilt når «lyset kom på». Kvinnene hadde hus og fjøs som skulle stelles, eldre som skulle ha omsorg, ofte i tillegg til en stor barneflokk. Skarpe kvinneblikk granska nok fallgarden fra kjøkkenvinduet etter stormnetter, men det var helst gamlekarene som gikk til utkikshaugen.

Gurine Rasmusdatter fra Nordre Bjørnsund hadde utsikt både til sin fars, sin manns og til sine sønners våte graver fra kjøkkenvinduet, men slik utsikt var det få som hadde. Uvissheten kunne ri kvinnene som en mare. Hardt og oppofrende arbeid kunne få tankene over på andre ting for en stund og arbeid var det nok av. Barnestell, matlaging og klesvask med vann henta langveis fra. Lyng måtte rives og tang skjæres til dyra i fjøset. Hun håpa i det lengste på et under, men en dag måtte hun si fra til barna at faren nok aldri mer kom hjem, og så innta sin plass på fremste benk under minnemøtet. Det hendte at mannen kom hjem etter minnesamlinga, og fortalte dramatiske historier om forlis og berging. De fleste måtte forsone seg med at de hadde blitt enker og barna farløse. Den eneste utveien var å krumme nakken og arbeide enda mer, til de en dag kunne ruste ut de eldste guttene og la de seile til havs over fedrenes graver. Kystfolket levde ofte tett og støtta hverandre. Møtene i «Saniteten» eller misjonsforeningene, der det meste dreide seg om folk som hadde det enda verre, gjorde underverker. Kaffepausene med uforpliktende drøs og bønnemøter hvor de kunne lette sine hjerter var en livskilde for mange. Likevel ble presset for hardt for noen. Andre streva så godt de kunne, men klarte det ikke. Det var ofte en stor spenning for kvinner og barn når uværet kom og mannfolka var på heimsjøen. Bedre ble det ikke når båtene ble større og fiske - og fangstturene gikk til fjerne farvann. Det var ofte ingen kommunikasjon fra mannen tok farvel i ytterdøra og til han sto der igjen, månedsvis etterpå. Mange kystbygder kunne være uten voksne mannfolk i lange tider. I de beste sildeåra var det bare handelsmannen igjen i mange kystbygder og han fungerte i tillegg både som lege og tannlege. Fangstskutene dro i isen rett etter sildefisket, så ishavsbygdene var mannfolktom hele vinteren. Om somrene lå de på Grønland. Men kvinnene klarte som regel brasene selv.

Kvinnenes plass i heimen dengong, som stort sett i alle heimer var på garden, husmannsplassen eller liknande. Der fostret mann og kone opp dyra sine og barna sine. Den gang var det klare skiller mellom mannfolk arbeid og kvinnfolk arbeid – basta ! Men mannen dreiv mannfolkarbeid som jorda og fiske, var kvinnens plass å passe dyra, melke, fore og passe barna, og den gang var tallet på barn mange. Og kvinnens arbeide måtte gjøres 365 dager i året, uansett ver og vind, og om ho var svanger i 1 eller 9 mnd. Dyra måtte ha mat og stell, og barna måtte ha pass, mat , klær og tilsyn.

171

Min mor Margith forteller om livet på Røvreiten, på Hildre i Haram kommune.

Mors besteforeldre Ingeborg f.24.06.1870 og d. 16.04.1957 og Ole. E f.07.07.1867 og d.19.08.1955 sine barn og etterslekt har eg nedtegnet og kan følges i min ættesoge. Sjå også Min Røvreit historie.

Ingeborg og Ole E. overtok bygsla på garden 17.10.1894 da dei giftet seg i 1894. Nå fekk Ingeborgs foreldre Ingebrigt og Marie Gurine Laurentse kår. Dei fikk eit kammers i den lille tømmerstova som blei deres kårbolig. Når ein tenker på at her etterkvart kom 12 barn til verden som voks opp her, kan ein tenke seg at her måtte det bli trange kår. Her bodde nå 16 personer ! Ingeborg hadde i 1891 fått ei datter, et såkalt «uækte barn»; Petra Anna Karlsdatter f.18.02.1891 og d.01.06.1914 før hun blei gift med Ole E. Far var Karl Jørgensen fra Jørgengarden ( «Jørg – garden» ) på Hurlen. Så her blei det 12 barn som vokste opp. Ole E. adopterte Petra Anna då han gifta seg med Ingeborg. Dette blei starten på eit langt liv med mykje slit, mange gleder og mange sorger for Ingeborg og Ole E. Ingeborg var ei dyktig husmor, og Ole E. ein flink arbeidsmann. Dei var nok veldige forskjellige, og hadde sine feider, men med Ole E. rolige sinnelag, dempet det seg ned. Ingeborg var i sine yngre dager ei utadvendt og handlekraftig kvinne. Alle kjente «Røvreit-Ingeborg». Når hun skulle utrette noke, sala hun på hesten, og slik har nok mange stifta bekjentskap med henne. Med hest og vogn, og gjerne et par unger i vogna, tok hun seg frem over alt. Det var ikkje uvanlig at hun tok seg en tur til Gryta ( Grytastranda ) og besøkte datteren sin Olga, da var det hesteskyss hun brukte. Men hun hadde kjentfolk og slekt etter vegen alle stader, så det kunne bli mange stopp, og mange kaffekopper. Hun var en mektig dame, som ordna det meste. I dei dager, da det blei meieri i Ålesund, blei melkespannene fraktet med båt fra Skjeltekaia. Man hadde da en ordning hvor bøndene, på omgang, fraktet melkespannene til Skjeltekaia. Her var skyssen selvfølgelig hest og vogn. Så måtte spannene over i båten og seinere lastet av i Ålesund. Tilbake på ettermiddagen med tomspanner. Dette gikk på omgang blant bøndene, ein uke kvar. Dette ble kalt «pliktmann». Det var en plikt alle som leverte melk, måtte ta på seg. Ingeborg var sjølvsagt «pliktmann». Det hadde hun styrke til. Mange var det som blei kjent med Ingeborg gjennom disse turene med båten som pliktmann. Det var ein rutebåt som gjekk frå Otrøya og hadde alle øyane og fastlandet som stoppestad før den kom til byen. Siste stopp var Store-Kalvøya. Min mor Margith har fortalt mange historier om sine besteforeldre, og nevner disse rutebåtene. Her var ein egen stemning ombord i disse kullfyrte båtene. Det var kombinert gods - og personbåt. Her ble det fraktet alt fra mjelkespanner, levende - og døde dyr, varer av alle slag, likkister og folk som skulle på bytur. Turen nyttet man til å prate og frette nytt. Kvinnfolka hadde alltid med seg handarbeid, her måtte man utfylle tiden, må vite. Ingeborg var viden kjent for at hun var så flink med dyrene. Fekk noen problemer i fjøset, ble Ingeborg hentet. Hun visste en råd for både sykdom hos dyra, og vanskelige fødsler. Hun fungerte som en dyrlege.

172

Hun hadde og dyrlegesprit. Det var vel fra det lageret hun senere brukte og smøre på gikta si med. Det virket slik på lukten fortalte min mor. Det fins ennå eit synlig bevis på hennes hjelpsomhet med dyrene. Ein kveld ble hun hentet av Raffel-Knut på Alvestad for å bistå dem med en vanskelig fødsel i fjøset. Ingeborg ble der heile natta og fødselen gjekk til slutt bra både for ku og kalv. Dette betydde selvfølgelig mykje for ein bonde. Og Raffel-Knut var glad og takknemlig.

Han kom seinere på Røvreiten med eit synlig bevis på sin takknemlighet, eit fruktfat og asjetter til. For ein luksus for «Røvreit-Ingeborg». Veit ikkje om hun noen gang hadde råd til å bruke det. Det sto pent i eit skap, og mors og hennes søsken beundret det ofte. Det har hennes datter Inga Olivia som fikk dette serviset når oldemor gikk bort. At hun fungerte som dyrlege, var nok kjent, men hun var nok også kjent for å drive både som lege og tannlege. Hun dreiv med mye rart, og min mor sa at hun hadde vel blitt brent på heksebål om hun hadde levd noen hundreår før Hun hadde vært med på mang ein fødsel, og hadde mange råd for sykdom. Men på sine eldre dager, gjekk hun aldri bort lenger. Men hun drev da litt «legevirksomhet» hjemme. Det var «kontortid» på søndag ettermiddag. Denne virksomheten hennes husker min mor godt. Spesielt godt husker hun når hun drev med årelating. Ein trestamp ble satt midt på golvet på kjøkkenet. Mener det var varmt vann i stampen. Så satte «pasienten» bena ned i stampen. Så gjekk oldemor til verket. Her blei det brukt både igler og noen sugekopper. Et instrument hun hadde, snippert, ble brukt til å gi et lite snitt så blodet fikk fritt leide.

Dette instrumentet til oldemor, har jeg arvet fra min mor og det vil bli tatt godt vare på.

173

Min mor husker disse «doktordagene» med ein skrekkblandet fryd. Det var veldig spennende, både behandlingen og praten. Tror ikkje dei enset at min mor satt musestille på vedkassen og fulgte med.

Det kunne være mange «pasienter» på disse søndagene, og praten gjekk livlig. Kaffekjelen hang på ovnen og kokte heile tida. Min mor har fortalt at hun beundret karene for at dei traff ovnsdøra når dei sendte ein «snusstråle» over golvet. Hun hadde nok drevet noe «tannlegepraksis» og, men heldigvis hadde ikkje min mor sett det i praksis. Min mor har fortalt at hennes bestemor viste henne ein gang ei tang som hun hadde trekt mange tenner med både hos dyr og mennesker. Tanga hentet hun frå snekkerskrinet til min oldefar. Eg trur det var slik min mor fikk tannlegeskrekk har sagt til meg, og den har min mor «beholdt» siden. Ellers hadde oldemor råd for det meste. Ofte luktet det reine apoteket inne hos henne har min min mor fortalt. Hun samlet urter av alle slag som hang til tørk. Her ble det medisiner for alle slags plager. Min mor tror at alle som kalte henne bestemor, har vært utsatt for hennes behandling. Alt visste hun eit råd med. Hun utnyttet nok godt tiden den tid hun var husmor her på Røvreiten. Det var ikke noe latmannsliv og bestyre en slik stor familie. Fjøsstell hadde hun og. Dette var før mjelkemaskinen hadde gjort sitt inntog, så det var ingen mannfolk som mjelka den gangen. Det var kvinnfolkarbeid. Min mor har fortalt at hun fortalte at da hun gikk etter dyrene om kvelden, hadde hun strikketøyet med. Hun gikk og strikka etter vegen. Og det var ikkje kjøpegarn hun strikka av. Nei, dette garnet hadde hun klipt av sauene, vasket, kardet, og spunnet selv. Etterpå blei sokkene tovet. Sengetøy, gangtøy, golvtepper og håndklær ble selvfølgelig vevet. Hun kunne veve oldemor, det har mor fortalt meg. Mor husker at hun strikka ulltepper og tova dem etterpå. Men dei hadde hun vevd før. Undertøyet deres var og av ull. Det husker min mor at hun fikk strikka med «strikkersker». Det var onner heile året på en gard i dei dager. Man gikk ikkje på butikken og kjøpte mjøl. Korn ble sådd om våren og haustet om høsten. Det skar man med sigd og hengte det opp til tørk. Så tok man det inn på låven og tresket det. Kornet blei kjørt til mølla. og det blei mjøl av det. Dette ble lagret i store tønner på stabburet. Halmen blei benyttet til sengebolster. Det ble skiftet til kvar jul. Det var stor stas når man fekk ny halm i senga har mor fortalt, da lå man «høgt» en stund.

Ein aktivitet som var meget viktig på denne tida var torvspading. Dette var så visst ikkje noen hobby, men ein absolutt nødvendig aktivitet som alle måtte gjøre. Han var avhengig av brensel til vedovnene både til oppvarming og koking. Her var ikkje noko skog og ta av, så torvmyrene ble redningene. Alle hadde torvteiger. På Røvreiten hadde dei torvteig i myrene ovenfor Rysgården, og en teig i myrane ovenfor Søre-Skjelten. Kvart år i mai måtte man i veg og skjære torv. Det var da en onne dette og. Torvet skulle først spaes opp i passe stykker, så skulle det trilles til ein egnet plass og legges til tørk. Senere skulle dette «huses», reises og løes etter eit system. Slik sto det og tørka utover sommeren. Om høsten blei det kjørt hjem. Så hadde man brensel til ein lang vinter. Torvspading er nok historie nå. Det er nok en aktivitet som har gått over i historien for godt.

Elektrisitet var det dårlig med. Man sløset heller ikkje med strømmen. Ei liten pære i taket på dei viktigste rommene fekk klare seg. I fjøset var det ikkje innlagt strøm. Her hadde man med seg ein parafinlykt ( fjøslykt ).

Det var ikkje vanlig med innlagt vatn i husene før 2. verdenskrig. Tenk hvor mange liter vann min oldemor har båret både inn og ut. Det fantes selvfølgelig ikkje noko bad den tid min oldemor hadde 12 barn. 174

Men hun var en reinslig dame. Barna blei badet i ein trestamp som ble plassert midt på kjøkkengolvet. Her bada barna etter tur. Slik foregikk det ukentlige badet til langt etter 2. verdenskrigen. På Røvreiten var det til tider problem med nok vatn, sommers tid og på vinteren. Vi hadde brønn oppom grushøla, og den brønnen gjekk tom av og til, og ved sterk kulde fraus vatnet i slangen frå brønnen. Da var det mykje styr, husdyra måtte ha mykje vatn. Da var det å kjøre vatnet fra naboer til fjøsen, og til husholdninga. Dette husker jeg godt. Først på 1960-tallet blei det vanlig med elektrisk komfyr, vaskemaskin og fleire andre hjelpemidler. Det er nesten uvirkelig å tenke seg at ingen av disse tekniske hjelpemidlene var tilgjengelig for Ingeborg med hennes 12 barn. Det var nok et hardt blodslit mange ganger for å få alt til å fungere. Men dei tok seg likevel tid til å holde kontakt med slekt og venner. Dei spente for hesten og dro på besøk. Ein kan lure på om døgnet hadde fleire timer på den tiden. Men etterkvart som barna voks til, måtte dei nok ta et tak. Dei fikk tidlig ansvar for både søsken og dyr. Gutane reiste på sjøen på fiskeri i 15 års alderen. Nå kunne dei tene penger, og det ble ei stor hjelp. Jentene dro i «teneste» (som dei sa ) hos andre, eller dei «gjekk på fabrikken». Olaus Rogne startet fiskevegnfabrikk ved Hildre elven, og her kunne dei få seg arbeid, og tene sine eigne penger. Denne Olaus er også av mi slekt, sjå kapittel om Sjurgarden. Det var kjærkomment. Nå kunne jentene begynne å lage seg utstyr til dei skulle gifte seg. Litt nytt tøy kunne dei vel kjøpe seg og. Dei likte då å pynte seg dengong som i dag.

Og noe fritid ble det da ein råd med. Ungdommen møttes i forskjellige sammenhenger da også. Det var foreninger, lag og forskjellige andre aktiviteter. Det var nokså vanlig på den tiden at det var en losje i hver bygd. Det var det og på Hildrestranda. Rundt 1930 var det en losje her ( Samband ? ), hvor i hvertfall mors tanter Inga Olivia og Palma Matea Olivia var med. Rundt 1920 ble det bygd ungdomshus på Kvithaugen. Her på «Brage» ble det råd med en svingom på lørdagskvelden. Søndagen brukte ofte ungdommane å samlast, og ofte kunne turen da gå på fjellet om sommeren. Dei fant da alltid på noe ungdommen på den tiden og. Dei kom da såpass sammen at dei etterhvert fant seg kjærester. Slik gjekk det med jentene på Røvreiten også, dei ble etterhvert gift og dro ut fra Røvreiten.

Hun skal ihvertfall ha æren for at dei var godt forberedt til husmorgjerningen sin frå Ingeborg. Der hadde hun lært alle sine døtre kva ei god husmor skulle kunne. Hun fikk eitt langt og slitsomt liv Ingeborg. Ikke rart at gikten herjet med henne på hennes eldre dager. Det blei kreft hun døde av. Hun var sengeliggende hjemme, slik som det oftest var vanlig på den tiden. Henne hadde man aldri fått på sykehus. Der hadde hun aldri vært før, og dit skulle hun ikkje nå heller. Hun hadde født sine 12 barn heime, og hun hadde kurert sine sjukdommer selv. Men kreften kunne hun ikkje kurere. Hun døde 16.04.1957 på Røvreiten.

175

Gardsjenta Brithe fra Sjurgarden på Ulla.

Om min Tipp tippoldemor Brithe Hansdatter Ulla f.05.03.1798 og d.04.09.1887 fra Sjrgarden på Ulla på Haramsøya i Haram kommune. Brithe drev som bygdejordmor i tillegg til å være gardkjerring. Hun hadde vel fått opplæring av en som drev som barselkone. Det var slik utdannelsen var på den tiden. Det var såkalte barselkoner i alle bygder. Alle fødte sine barn hjemme. Det sies at Brithe røkte krokpipe. Når hun var ferdig med en fødsel, og hadde stelt mor og barn, tok hun seg en god pipe. Hun fikk nok og en god kopp «jordmorkaffe». Det kunne være en stri jobb for en som skulle bistå en fødsel på den tiden, tungvint som alt var. Ikke var det innlagt vann og ikke var det elektrisk lys. Vann måtte bæres både inn og ut. Ved måtte til, for en måtte fyre i ovnene for å få varmt vann og varme i stuen til mor og barn. I de tider var mannfolkene langt unna «fødestuene». De fikk først komme inn og «beundre sitt verk» når mor og barn var vasket og stelt, om de da ikke var på sjøen.

176

VEDLEGG.

«Galnemandagen» 11 mars 1821 – Myte eller fakta ?

177

«Galnemandagen» 11. mars 1821 Myte eller fakta ?

178

«Galnemandagen» 11 , mars 1821 - Myte eller fakta ?

I årboka for Vatne Sogelag for 2007 har Margrethe Ulvestad Hofseth ein artikkel om «Ver og uver», der ho viser til at veret har skifta gjennom tidene frå ekstremt dårlege periodar med mykje uver og tiår og til veldig gode år.

I det alt vesentlege bygg ho artikkelen sin på Peder Fyllings bok «Folkesagn og Historiske Optegnelser», som Sunnmøre Historielag ved Odd Vollan og Ivar Grøvik gav ut i 1972.

I denne vesle boka eller heftet er det m.a. eit avsnitt om «Uaar paa Søndmøre» som omhandlar perioden 1612 til 1849.

Det som fanga mi interesse var opplysningane om at på den såkalla «Galnemandagen» 11. mars ( årstal utegløymd av Ulvestad ) var det slik voldsom storm at det berre i Haram prestegjeld omkom 300 mann på sjøen denne dagen. Eg reagerte straks på dette talet og tenkte at her har nok prentesvarten lagt til ein null for mykje, men endå meir forundra vart eg då eg slo opp i ovannemnde hefte og på side 56 fann følgjande tekst:

« Den saakaldte Galnemandagen, den 11 . Marts 1821, er endnu her ifriskt Minde, da der paa nævnte Dag inntraf en saa rasende Storm, medens Fiskerne vare paa Søen, at alene i Harhams Præstegiæld bortkom 300 Mand.»

Når ein veit at Haram prestegjeld som den gongen også omfatta Vigra sokn, hadde omlag 2000 innbyggjarar, så blir eit mannefall på 15 % heilt oppsiktsvekkande, og endå merkelegare om dette skulle vere rett, så er det gått heilt ut av minne for folk i Haram.

Hadde ei slik ulykke verkeleg råka Haramsamfunnet, så ville det nok sjølv i dag, snart 200 år seinare, vore godt kjent i folkeminnet, og som Palmar Fjørtoft, vår fremste lokalhistorikar, sa det då eg førela han spørsmålet: Hadde dette vore tilfelle så hadde det vorte reist bautasteinar ved alle kyrkjene våre.

Martinus Rogne har i si Haram Bygdebok frå 1947 eit heller langt kapittel om «Verlaget før og no», og han skriv ikkje noko som helst om 1821

Bjarne Rabben har i sitt verk «Folk ved Havet», bind 3, ei lang opprekning av omkomne på havet på Sunnmøre og i Romsdal frå 1600-tale og fram til våre dagar.

På side 109-110 omtalar han den såkalla «Galnemåndagen». Rabben skriv at det har laga seg mange ulykkessegner om denne dagen som ikkje let seg stadfeste. Det er også usemje om datoen, både 8. og 9. april, 8. og 10. mai har vore nemnt, og til Sunnmørsposten 13. februar 1884 har så Fylling opplyst at det 11. mars 1821 omkom 300 fiskarar berre frå Haram sokn.

«Endnu her i friskt Minde» skreiv Peder Fylling i si tid, men kva tid han skreiv dette første gongen er eg ikkje heilt viss på.

Peder Fylling levde frå 1818 til 1890, og 1821 skulle då vere levande i folkeminnet i Peder Fylling si samlartid. Men det forunderlege er, at så vidt eg kan sjå, så er det ingen skribentar eller lokalhistorikarar frå Haram som har fått med seg denne hendinga, som i tal på omkomne var langt større enn både Tafjordulykka og ulykkene i Loen, samt Verdalsraset til saman.

Til samanlikning omkom det 140 mann i den forferdelege og mykje omskrivne «Titran natta» i 1899.

Då Alexander Kielland velta i 1980, omkom det 123 personar, og ved brannen om bord i Scandinavian Star i 1990 omkom det 158 personar. Haram åleine skulle altså på ein dag i 1821 ha eit tap på 300 mann, og det truleg utan at det i dag er nokon i Haram som har høyrt om hendinga.

Det er varsamt sagt heilt utenkjeleg.

179

Peder Fylling som vert rekna som ein nøktern og påliteleg kar i sine «Historiske Optegnelser» , kan neppe mistenkast for å ha «dikta» opp denne katastrofehendinga, men kva som er grunnlaget og samanhengen er ikkje godt å seie i dag. Det kan vel neppe vore tatt ut av lause lufta. Rabben nemner fleire store ulykkesdagar i desse åra, men ingen er i nærleiken med så mange omkomne. Moltu si fiskarsoge viser til ei Bjørkedals krønike om at det 9. april dette året skulle kome bort i alt 100 mann frå Nordøyane. Det rare er at i flg. kyrkjebøkene for Haram så var det ingen omkomne på sjøen i 1821 verken i Haram sokn eller i Fjørtoft sokn. Kyrkjeboka for Vigra viser 10 omkomne den 10. mai 1821.

Basert på Rabben sin gjennomgang av kyrkjebøkene for Haram og Vigra, så kom det bort på havet 54 personar frå Haram sokn og 61 personar frå Vigra sokn i dei 50 åra frå 1800 til 1850. Folketalet i Haram var på denne tida om lag tre gonger så høgt som i Vigra, og mange, bl.a. Eilert Sundt, har difor undra seg over grunnen til at det høvesvis kom bort så mange fleire frå Vigra.

Den største kjente sjøulykka på våre kantar er vel den såkalla Buholmstrandulykka frå 1885 då 33 fiskarar omkom på havet, dei fleste frå Ålesund.

Det er såleis som eit mysterium korleis Peder Fylling kunne skrive at det 11. mars 1821 omkom i alt 300 mann frå Haram prestegjeld.

Og endå meir ufatteleg er det at lokalhistorikarar i alle år har tatt dette for «god fisk» utan å stille eit einaste spørsmål, men dei som har skrive fiskarsoge har vore meir skeptiske.

Paul Moltu refererer i si «fiskarsoge» frå 1932 til «Bjørkedals Krønike», der det er sagt at det i 1821 omkom 100 frå Valderøya og vidare nordover øyane. Moltu har kontrollert med dåverande sokneprest Tafjord i Haram og funne ut at dette ikkje kan samstave. Bjarne Rabben stiller seg også tvilande og skriv «at det kan ikkje ha vore så gale». Det er vel det ein kallar «understatement», men heller ikkje han går nærare inn på kva som kunne vere grunnlaget for Peder Fyllings påstand.

Lektor Kristian Bugge skriv i sin Aalesunds Historie frå 1923, bind I side 69, «og som under stormen på «Galnemandagen», den 11. mars 1821, alene i Haram sogn omkom 300 fiskere».

Bugge giev ikkje opp noko kjelde for dette, men det er vel lett å tru det er Peder Fylling.

Bugge skriv også at det under ein storm i 1743 på ein dag på Sunnmøre under fisket drukna 174. Dette har han nok også etter Peder Fylling, for han skriv det same i sine «Optegnelser».

Etter Bjarne Rabben sine opprekningar etter kyrkjebøkene skal det vere berre 10, men det kan vere at ikkje alle prestegjeld hadde like pålitelege kyrkjebøker på den tida, og det kunne vere ulik praksis med innføring av bortkomne på sjøen.

Men i alle tilfelle synest talet 174 å vere høgt sett i høve til folketalet på Sunnmøre på den tida.

M. Rogne nemner ikkje noko om året 1743 i Haram Bygdebok.

Det som er meir ufatteleg er at ikkje Vollan og Grøvik stilte med ein liten fotnote då nemnde hefte vart oppattrykt i 1972, for ikkje å snakke om at faghistorikaren Jarle Sulebust i sin elles framifrå biografi om Peder Fylling frå 2002 ikkje tar eit lite atterhald om denne opplysninga om 300 omkomne frå 1821, men berre gjengjev setninga slik eg har gjort ovanfor.

Det er såleis ikkje så rart at Margrethe Ulvestad Hofseth har skrive 300 omkomne utan å reflektere nærare over talet.

Det ein sit att med i dag er undringa om kva det var med året 1821.

Ligg det noko fakta bak eller er det berre myte. 180

Det er utruleg merkeleg at «Galnemandagen» kan ha levd i lokalhistoria så lenge dersom det ikkje finst noko som helst grunnlag. Eitt eller anna må det vel ha vore, for til og med i ein «Optegnelse om aarveiene i Vestnes fra aar 1772 - 1886», inntatt i den såkalla Brovollboka, er det for 1821 skrive: «8.april bortkom fra Runde til Bod 140 fiskere».

Paul Moltu viser til at ein O.N. Løberg i si bok «Norges Fiskerier» nemner både 174 omkomne i 1743 og 300 frå Haram i 1821.

Moltu trur Løbergs opplysningar visstnok skriv seg frå ei avhandling som i si tid var skriva av statsråd Ludvik Daae, og at det store talet har sitt opphav gjennom ein trykkfeil. Men det er ikkje heilt lett å sjå korleis ein trykkfeil kan bli til 300 frå 0 ( Haram sokn ) eller i beste fall 10 ( Vigra sokn ).

Så kanskje finn ein svaret på Solnør ?

Dette kan kanskje vere ei påminning til lokalhistorikarane om å vere litt meir kritisk til det som blir gjengjeve som fakta frå sekundærkjelder. I alle tilfelle kan det vere interessant å utfordre våre lokalhistorikarar på den såkalla «Galnemandagen», korleis den har oppstått og korleis den har eksistert i lokallitteraturen i om lag 150 år utan at det er stilt særleg mange spørsmål ved realismen i dei oppgjevne tala.

Referansar /merknader:

Denne artikkelen var trykt i Sunnmørsposten 14. april 2008.

Artikkelforfattaren opplyser at han så langt ikkje har registrert ein einaste reaksjon på artikkelen.

181