Sjø og fiske 1 Sjø og fiske Båten er M/S Geir UT MOT HAVET Melodi: Edvard Fliflet Bræin Tekst: Henrik Straumsheim Ho står der på bryggja, no lyfter ho handa og vinkar og smiler til meg som fer ut. Og båten min seglar sin kos ut med stranda, og ho står der einselg med saknad og sut. Eg kjenner vel og som eit sog i mi brinje men båten krev sitt, så det må eg nok tvingje. for no ber det langt ut om holmar og skjer men tanken går heimatt til den eg har kjær. Ja visst kan eg ha mine tungsame stunder i einsemda her på eit endelaust hav, men dagane går, ja dei går som eit under Når tankane krinsar om den eg held av. Om dagen er gruggen og nettene svarte eg går her og nynnar ein song i mitt hjarte til henne der heime går tankane radt til henne som smiler den dag eg kjem att. Til minne om alle mine som hadde og har sitt virke på sjøen, om min mor som ønsket denne sangen i sin begravelse, og til alle mine som bleiv igjen. 2 Innhold: 1. Litt om båten si soge på Sunnmøre 2. Havet, landet og leiene 3. Losteneste 4. Fiske og båtar i førhistorisk tid 5. Havteigar og sjørettar 6. Utrorstader og fiskevær - Leigekarar i fiske - Fjordbønder i fiske - Fiskevær - Værtvang - På Sunnmøre - Kjøpmann, jorddrott og leiglending - Rorbuer 7. Frå mellomalderskyming til utliggjartid - Fisketilverking og omsetning - Folkesetnad, skyld og skatt - Fisk og kval - Fiskarbønder og handelsborgarar - Fiskerett for utlendingar - Tiend - Utliggjarane 8. Fiskenæringa i bondesammfunnet i tida 1600 til 1800 - Nye reiskapar - gammal skikk - Garn og line slår igjennom 9. Havfiske - Tomas Longva - Med Runde-fiskarar på Storegga - Eggafiske 10. Sildefisket - berging i brødlause tider - Unytta rikdom - Konflikt mellom not og garn - Det store sildefisket 11. Torskefiske - Fisket ei hovudnæring - Torskefisket på 1700-talet - Embetsmenn drøfter fiskerispørsmål - Borgundfjordfisket - Regulering i torskefisket 12. Eldste båtregisteret 13. Fisketilverking - Tunfisk - Klippfisk - Forbod mot rundfisktilverking - Vanstelt fisk - Lever og rogn 14. Fjordfiske 3 15. Handelsvegar - Bergensjaktene - Molde-kjøpmenn - Handelsmenn i fiskeværa - Sunnmøre og Bergen 16. Hollendertida 17. Trengsler og tiltak 1800 – 1860 - Krig og trengselstider 18. Båtbygging og båtvigsle 19. Gardsbruk og sjøbruk 20. På Storegga 21. Frå fiskevær til kjøpstad - Direkte fiskehandel med Spania 22. Isdrift og ferskfiskeksport 23. Storfisk og småfisk - Etter kveite - Seifiske - Akkarfiske - Etter hummar 24. Tare og tang - Tarebrenninga og fiskernæringa - Ei gammal kystnæring gjekk ut 25. Fyrlys og hamner 26. Helsetilstand og helsevern 27. Dei dyre mannefall – dei som bleiv att på sjøen - Sjøulukker på 1600 - og 1700-talet - Sjøulukker på 1900 talet 28. Omkomne på sjøen i Sunnmøre og Romsdal frå kring 1700 til 1970-åra 29. Dei etterlatne - Fattigkassa - Sosiale tiltak - Minnesmerke 30. Sjø og fiske på Hildrestranda og i Haram - Åttringer i Haram i 1794 - Merkeførde åpnebåtar i Ulla merkedistrikt 1879 til 1890 - Dekksbåter i tida 1892 til 1900 - Antall åttringer i Haram i 1836 31. «Havets døtre» - en hedring av disse kvinnene, mødrene VEDLEGG: «Galnemandagen» 11 mars 1821 – Myte eller fakta ? 4 1. Litt om båten si soge på Sunnmøre Relieff av åttringsbåt på minnesteinen over fiskarar og sjøfolk reist på kyrkjegarden på Haramsøy. Kunstnar bak utforminga var Anton Flem. Utkast til dekksbåt for Ola Mydske, Haramsøy, frå ca. 1890. Utkastet er signert J. Remmen. Ein merkar seg at båten er tenkt utstyrt med motor (trømotor!). Remmen var maskiningeniør frå Tyskland og son til Yohan Aakrerem. Han emigrerte til USA like etter hund- reårsskiftet. Deler av støypemodellane finst på Haramsøy enno (på Åkrerema). Trømotor var angiveligprøvt i dekksbåten Harald (eigar Petter Ostnes m. fl.), men utan suksess. Litt seinare kom dei vanlege oljefyringsmotorane. (Teikninga er skaffa av Magne Godøy, Godøy). 5 Der er ei gammal historie som eg kom over for mange år sidan, skrevet av Bjarne Rabben som jeg gjengir her; Dei skulle byggje eit skip til atlanterhavsfart. Og dette skipet skulle vere so stort og so stødigt at «ein kunne gå like trygg omborg som på sitt eige stovegolv heime». So gjekk skipet ut, og då synte det seg at atlanterhavsbylgjene ikkje hadde større respekt for dette skipet enn for andre skip. Det hivde på seg, og inne på salongen der dansa bord og stolar og vart liggjande hulter til bulter i ein haug, dei var ikkje fastskrua, for det skulle ikkje trengast ! Det var ei hovudsak at når folk skulle i båt, so måtte det vere ein trygg båt å gå ombord på. Me skal sjå litegrand på kva båthistoria har å seie. Det er eit umåteleg stort emne, so det vert å jage igjennom det det her. Me har lese i soga om dei gamle vikingskip, det var sikkert trygge skip etter dei tilhøve som då var. Då me henta Kvalsundbåten, den store på godt og vel 18 meter, var han henta på Straumshamn hamn og skulle til Herøy. Remøybuen kom og sløpte Kvalsundbåten, der var elles fleire båtar og. Eg var med Sunnmørspos-båten Svint og såg på. Ute på Bøfjorden fekk me ein nordavindkuling med skavlsjø. Det var underleg å sjå kor stødig Kvalsundbåten låg, og mest ikkje rugga på seg. Og dei som var ombord fekk mest ikkje ein sjøskvett innanbords. Og me kan godt tenkje oss at dei større skipa då av same kaliber kunne ta sjøen fint. Det er makelaust til god skipsbyggjarkunst, dette, frå gammal tid ! Og det er noko av det same når me kjem til Sunnmørsbåten, færing, seksring, åttring, han var låg på sjøen, men det var ikkje ofte ein slik båt kollsiglde. Sunnmørs-åttringen var bygd slik at borda var skøytt saman noko framanfor midten, med ei aln omskøyt. Det gjorde at båten liksom smøygde seg fram i sjøen, og det var ein stor føremon. Sunnmørsbåten hadde i si tid ord på seg for å vere den beste sjøbåten på kysten. Og når me seier det, so er det fordi det var eit nokso vidt gjetord om Sunnmørsbåten. Både Hans Strøm og Eilert Sundt er inne på det. Eilert Sundt spurde ut Haramsfolk om Sunnmørs-åttringen, og det var ikkje måte på dei lovord haramssokningane hadde om åttringen ! I 1770 kom det førespurnad frå Det islandske kompani om å få nokre mann frå Noreg som kunne lære islendingane å byggje båtar, og lære dei å fiske og sigle. Dei ville gjerne ha 30 mann til Island. Det melde seg nokre frå Sunnmøre, frå Romsdal og frå Helgeland. Det vart 20 mann som reiste til Island. Av dei som vart med til Island er nemnd Anders Ellingsson Leikongsbakken frå Herøy. Det var ei tid på 3 år dei skulle binde seg til å vere der, og lære frå seg båtbygging, garnbinding, siglas og fisking. Anders var ein nevenyttig kar og dei ville at han skulle stoppe der. Han skulle få gard og grunn, tilmed kone, so det skulde ikkje stå på nokon ting som ein mann hadde bruk for. Men Anders var i den forfatning at han hadde ei jente heime. Dei hadde vel møtt kvarande ved Rovde kyrkje, det var ved kyrkja vanlegvis ungdom møttest i gammal tid. Jenta heitte Pernille Hånes. Dei hadde sett so pass nøye på kvarandre at det skulle vere dei to. Anders måtte seie at han kunne ikkie ta i mot tilbodet frå islendingane. Og heime på Rovde gjekk ho Pernille, tekkjeleg og giftandes jente. Det kom friarar til henne, men ho viste dei frå seg. Ho hadde Anders. Honom skulle ho vente på. Folket hennar sa: «Du må ikkje vere so kaut på det, du ser det er no godt folk dette og». Men ho høyrde ikkje på dei. So gjekk dei tre åra, han Anders hadde tent si tid ut, og korleis han kom heim att det veit ingen no. 6 Men heim kom han. Og so tenkjer eg meg til at dei møttest ved Rovde kyrkje den fyrste sundagen han var heime, og so vart det dei to, som hadde venta på kvarandre. Dette er ikkje berre ein tradisjon som har gått. - Det har ikkje stått i seriøs historie om det, men det har vore skrive om det. - Og det stemmer ogso med kyrkjebøkene. I 1770 åra vart dei to gifte. Dei busette seg på Flåvær, var der ei stund og so flytte dei til Saunes i Ulstein. Og der vart det etterkomarar etter dei. Ein gong eg var i Ulstein og tala på ein fest, so nemnde eg noko om dette, og eg spurde om her var etterkomarar etter Anders og Pernille. Og fleire hender gjekk i veret. Ikkje berre i Ulstein men ogso i Herøy var det mange etterkomarar etter dei. Jordomsiglaren Ragnar Thorset er ein av dei. No ja, dette vart litt romantikk, menneske er menneske, og det er so gildt, synest eg, når ein får eit glimt av mennesket inni soga. Sunnmørsbåten hadde ein høg status, for å seie det slik. Men han hadde sine veike sider og. Dette med at skøytane på borda var på same stad, det gjorde at båten var mjuk og ledug i sjøen; men det gjorde ogso at han vart veik, og det hende at båtar vart siglde av på ein bårerygg. Eg veit om to eller tre tilfelle, den eine var ein ørstabåt som brotna utanfor Geitmaren, utanfor Kvalsvika. Det andre tilfellet var ein kjend fiskar frå Ålesund. Han kom drivande på halve båten inn til Erkna, då hadde båten brotna, og det var to mann som berga seg i land. Ein mann på Giske la merke til at der var folk som hadde kome på land på Erkna, og dei reiste ut og fann dei to karane som hadde berga seg på land.
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages181 Page
-
File Size-