Kartlegging Av Naturtypar I Ørsta Kommune
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Kartlegging av naturtypar i Ørsta kommune Rapport J. B. Jordal nr. 1-2007 Utførande konsulent: Kontaktperson/prosjektansvarleg: ISBN-nummer: Biolog John Bjarne Jordal John Bjarne Jordal 6610 Øksendal epost: [email protected] 82-92647-14-7 Oppdragsgjevar: Kontaktperson hos oppdragsgjevar: År: Ørsta kommune Magnar Selbervik 2007 Referanse: Jordal, J. B., Holtan, D. & Bøe, P. G. 2007: Kartlegging av naturtypar i Ørsta kommune. Rapport J. B. Jordal nr. 1-2007. 126 s. Referat: Det er utført kartlegging av prioriterte naturtypar og raudlisteartar i Ørsta kommune etter ein fastsett, nasjonal metodikk. Det er avgrensa og skildra 117 naturtypelokalitetar frå hovudnaturtypane havstrand/kyst, kulturlandskap, myr, ferskvatn/våtmark, skog, berg/rasmark og fjell. Fleirtalet av desse er besøkt i felt. Det er samanstilt funn av nasjonale raudlisteartar av sommarfuglar, ferskvassblautdyr, augestikkarar, lav, mosar, planter og sopp. Materialet er presentert dels i rapportform, dels i database. Ørsta sitt særpreg er særleg innanfor naturtypane edellauvskog med m.a. eik, lind og alme- og hasselskogar, viktige bekkedrag med bestandar av m.a. elvemusling, kulturlandskap med m.a. solblom og den største kristtornbestanden på Nordvestlandet, og svært nedbørrike fjell med ein sjeldan, oseanisk moseflora. Ørsta kommune har fleire verneområde i skog og myr. Dei er oppretta for å ta vare på planteliv og/eller fugle- og dyrelivet. I tillegg er Norangselva og Bondalsvassdraget varig verna mot kraftutbygging. Ørstanaturen er framleis mangelfullt kjent. Emneord: Biologisk mangfald Prioriterte naturtypar Planter Kulturlandskap Sopp Myr Mose Skog Lav Rasmark Insekt Fjell Fugl Ferskvatn Framsidebilete: Øvst t.v.: Setre under tinderad, Myklebustsetra på Standalseidet. Området har eit oseanisk preg med kystbundne planter og engvegetasjon. Øvst t.h.: Kvistadsetra, litt attgroande naturbeitemark med kystmaure i forgrunnen. Midten t.v.: Austsida av Hjørundfjorden har mykje varmekjær lauvskog. Biletet viser området ved Lyngneset, Storevika og Barlindneset nord for Nes ved Trandal. Her er ein stor barlindbestand og mange uvanlege, varmekrevande planter. Midten t.h.: Tussefossen ved Bjørke hadde iallefall tidlegare fossesprøytpåverka vegetasjon med fleire sjeldne, kystbundne mosar. Nedst t.v.: Under fjella er det mange stader opne snørasenger med beitepåverka engvegetasjon slik som her under Saksa i Urkedalen. Nedst t.h.: Rundt Stenes i Norangsfjorden er det store naturbeitemarker der terrenget vert halde ope av geit. Alle foto: John Bjarne Jordal ©. 2 FØREORD Forvaltning av natur har tidlegare i særleg grad vore eit statleg ansvar, men kommunane vil no gradvis få ein større del av dette ansvaret. Etter at Noreg slutta seg til Konvensjonen om biologisk mangfald i 1993 har Stortinget bestemt at alle norske kommunar skal gjennomføra ei kartlegging av viktige naturtypar for å styrka vedtaksgrunnlaget i det lokale planarbeidet, jf. St. meld. nr. 58 (1996-97) og St. meld. nr. 42 (2000-2001). Første runde av dette arbeidet går no mot slutten både i Møre og Romsdal og resten av landet. Ørsta kommune har motteke statleg tilskot til dette arbeidet og også løyvd eigne midlar. Denne rapporten er laga på oppdrag av Ørsta kommune av biolog John Bjarne Jordal. Per Gunnar Bøe, Dag Holtan, Perry Larsen har også delteke under feltarbeidet, og dei to førstnemnde har levert skriftlege bidrag. Arbeidet er finansiert av Ørsta kommune og Møre og Romsdal fylke, Areal- og miljøvernavdelinga. I tillegg er det inkludert resultat av feltarbeid som har vore ein del av andre prosjekt, m.a. nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap i Midt-Noreg ( 2005, betalt av NTNU i Trondheim), og supplerande kulturlandskapsregistrering i Møre og Romsdal (2006, betalt av Landbruksavd. hos Møre og Romsdal fylke). Rapporten er basert dels på samanstilling av kjent kunnskap og dels på innsamling av ny kunnskap gjennom feltarbeid og kontakt med folk. Materialet er systematisert etter ein fast metodikk som gjeld for heile landet. Det er meininga at rapporten skal kunne brukast som eit kunnskapsgrunnlag i både offentleg og privat planlegging. Forfattarane ønskjer å takka alle som har bidratt med opplysningar, både lokalt og elles. Jordalsgrenda 19.01.2007 John Bjarne Jordal prosjektansvarleg 3 INNHALD SAMANDRAG.................................................................................................................................................... 7 INNLEIING....................................................................................................................................................... 12 BAKGRUNN ................................................................................................................................................... 12 KVA ER BIOLOGISK MANGFALD? ............................................................................................................... 12 VERDIEN AV BIOLOGISK MANGFALD ........................................................................................................ 12 TRUGSMÅL MOT DET BIOLOGISKE MANGFALDET ................................................................................... 13 FORVALTNING AV BIOLOGISK MANGFALD I KOMMUNANE.................................................................... 14 FORMÅLET MED RAPPORTEN...................................................................................................................... 15 NOKRE OMGREP ........................................................................................................................................... 15 METODAR OG MATERIALE....................................................................................................................... 17 INNSAMLING AV INFORMASJON ................................................................................................................. 17 VERDSETTING OG PRIORITERING ............................................................................................................... 19 PRESENTASJON............................................................................................................................................. 20 NATURGRUNNLAG....................................................................................................................................... 21 LANDSKAP M.M. ........................................................................................................................................... 21 KLIMA............................................................................................................................................................ 21 GEOLOGI ....................................................................................................................................................... 22 LAUSMASSAR ............................................................................................................................................... 22 NATUR- OG BIOGEOGRAFISK PLASSERING ............................................................................................... 22 HOVUDNATURTYPAR.................................................................................................................................. 24 HAVSTRAND/KYST....................................................................................................................................... 24 KULTURLANDSKAP...................................................................................................................................... 24 SKOG.............................................................................................................................................................. 25 MYR ............................................................................................................................................................... 25 FERSKVATN .................................................................................................................................................. 26 BERG, RASMARK OG KANTKRATT ............................................................................................................. 26 FJELL ............................................................................................................................................................. 26 LOKALITETAR............................................................................................................................................... 27 1 HJØRUNDFJORDEN: GJEVENESSTRANDA NATURRESERVAT (EDELLAUVSKOG) ............................... 27 2 HJØRUNDFJORDEN: SØR FOR MOLAUPEN (EDELLAUVSKOG).............................................................. 27 3 HJØRUNDFJORDEN: BARLINDNESET NATURRESERVAT (EDELLAUVSKOG, BARLINDFØREKOMST)28 4 HJØRUNDFJORDEN: STOREVIKA (EDELLAUVSKOG, BARLINDFØREKOMST)...................................... 29 5 HJØRUNDFJORDEN: TRANDAL-NES (EDELLAUVSKOG)........................................................................ 29 6 HJØRUNDFJORDEN: TRANDALSDALEN SØR FOR OLAJØLET (EDELLAUVSKOG)................................ 30 7 HJØRUNDFJORDEN: TRANDALSDALEN (NATURBEITEMARK).............................................................. 30 8 HJØRUNDFJORDEN: RØNNINGEN (EDELLAUVSKOG) ............................................................................ 31 9 HJØRUNDFJORDEN: LINDEREMMEN (EDELLAUVSKOG)....................................................................... 31 10 HJØRUNDFJORDEN: LIA UNDER SAKSA (EDELLAUVSKOG)...............................................................