Hægebostad Sogelag

Total Page:16

File Type:pdf, Size:1020Kb

Hægebostad Sogelag HÆGEBOSTAD SOGELAG ÅRSSKRIFT 2013 Framsida: Kronprinsparet blir vist rundt i Tingvatn Forminnepark og Besøkssenter av ein engasjert Erling Stokkeland. Erling Stokkeland har vore ein aktiv pådrivar i arbeidet med å få oppretta besøkssenteret på Tingvatn. Foto framside: Rune Eikeland ISBN 978-82-996632-1-2 ÅRSSKRIFT 2013 HÆGEBOSTAD SOGELAG 3 Grafisk produksjon: Setesdalstrykk as ISBN 0809-5248 4 Innhald Føreord om litt av kvart Torger Kvåle ................................................................................................................ s Kulturprisen i Hægebostad 2011 Torger Kvåle Kongens fortenestemedalje til Samuel Gysland Torger Kvåle Kongeleg hyllest til Hamran Sigurd Haugsgjerd Kongens fortenestemedalje til Torger Kvåle Rune Eikeland Krigsmoderen. Ragnvald Hommen. Tor Arild Bakke Fotokavalkade på midtsidene. Rune Eikeland Stemmerettsjubileet 1913 - 2013 Tor Arild Bakke Kafeen på Dyblebrotet Dagfinn Eikeland Kafeminne Torger Kvåle Hægebostad i.l. 1936 – 2011. 75 år Tor Arild Bakke Frå Farsunds Avis A for 25 og 50 år sidan Regler Ord og uttrykk. Hægebostad sogelag Nestsiste sida:Lokalhistoriske skrifter. Fotballaget frå 1979. Føreord om litt av kvart Av Torger Kvåle Det førre årsskriftet til Hægebostad sogelag kom ut til til Hægebostadreiå 2010. I år har me laga ein biletkavalkade om likt og ulikt som har hendt dei siste åra. Den finn de midt i heftet. Og det har hendt litt av kvart å skriva om. Tingparken på Tingvatn har blitt opna! Den fyrste utstillinga hadde med mykje grøss og gru frå Agder. Det har gitt oss utstoppa elgar, Alfred Vågsvold si kunst, vikingdagar, kronprinsparbesøk, mange kunstutstillingar, stemmerettsjubileum, nynorskstafettbesøk, og det er bare å ha augene med seg og få med seg det som skjer – og bruka Tingparken! Tingplassen – den fjerde i moderne tid, først på Tingvatn, så på slutten av 1940-talet til Vikingar i Tingparken tevla i ulike kampsituasjoner til stor begeistring for besøkande. Foto. Torger Kvåle 6 den idrettsplassen i (Berkjelands) Hagan, så i 1962 til Helle, rett over Birkelandsbrua, til Tinget fekk ein tilrettelagt plass på Kollemo. Konkurransen mellom sommerarrangementa på Sørlandet har hardna til, men Tinget heng framleis med. Nå ligg mykje godt til rette på Kollemo, så som gode plasstilhøve, godt samarbeid med Kollemo grendehus til glede for begge partar, gode grunnforhold, vatn og straum og det som blir kalla ei ei solid merkevare ”Tinget”. I 2012 var det også eit showprogram som tiltrekte seg ungdom, med vågale snøscoo - terhopp og motorcrosshopp, i 2013 blei det vist akrobatikk på høgt nivå – både i over - ført og bokstavleg tyding – av motocrosskøyrarar. Og Tingcupen på laurdag dreg folk. I 2013 var det med 450 barn, og så kom alle foreldra og søsken, som også tok turen til Tinget. Det er også andre som har funne ut at Tingplassen er godt eigna for større arrangement. Kollemofestivalen, som starta som trekkspelfestival, er blitt årleg og dreg mykje folk. Det var om lag 250 bubilar og campingvogner som la vegen hertil. Alternativmessa dei siste åra burde borga for god helse til alle som tek turen dit, i 2012 var det og ein større speiderleir der. Grendestova er stor nok til ulike arrangement, og ikkje minst held det opp gode mattradi - sjonar med komp og blodpylsa, og jamen har det blitt servert smalahove og rakfisk også. Nå er det på tide å få laga godt samband mellom Tingplass og Tingpark. Kan det bli med å bruka den gamle Klevelandsbrua som ligg inne på Bjørkesletta, eller kan det bli ein kopi av skotlagsbrua som låg der i 1691, då Salve på Tingvatn blei lei av si Asjer og ville bytta ho ut med ei ung Ingeborg frå Klungland? Elles har livet i bygda gått sin vante gang, men ein kan sjå at over tid forandrar bygda seg. Bøndene blir færre – og driv større. Den nyaste tilveksten er i desse dagar på Gy - berg, med kyllinghus for slaktekyllingar som Morten Eikeland byggjer. Og jakta om hausten er vel så mykje samlingsplass for utflytta døler og deira etterko - marar som det er for bygdefolk. Og der ein før talde elg, er det nå heller hjort. Skal ein summera opp om jakta, blir det vel slik: Lite fugl, meir hjort, mindre med elg. Det blei også skote to gauper i 2013. Men det ser ut som synet på rovdyrjakt har foran - dra seg, og rovdyrjaktmotstandarane har blitt såpass aggressive og ufine i sine fram - 7 Kyllinghuset – 1600 kvm - til Morten Eikeland kjem til å produsera ca 140000 stk kyllingar i året. Dei kjem når dei er mindre enn ein dag gamle. Dei veks frå 40 g til 1640 g slaktevekt på 34 dagar. Det blir 6-7 gonger med nye kyllingar per år. Foto: Rune Eikeland gangsmåtar, at jaktlaget ikkje ville fortelja kven som skaut desse. Sist det blei skote gaupe, kom skyttaren på framsida i FA. Før klaga folk over lite fisk i vatn og elv, no vrimlar det av fisk, men mest ingen vil fiska, sidan det er rundorm i han. Hegre og fiskeørn har glede av fisken, og anda sym med sine ungekull på Lygnevatnet. Men det kan bli meir og finare fisk. Laksetrappa i Kvåsfossen er straks ferdig. Dei første laksane har blitt flytta opp i elva ovanfor fossen, og om nokre år kan det bli storfisk å få. Då får kanskje Eilefstad gard eit oppsving med nymotens lakselordar? Det er fleire tungemål å høyra i arbeid og i barnehagar og skule, og langt fleire enn før har sine foreldre frå andre stader enn Hægebostad, også frå andre stader enn Europa og Noreg. Det kan merkast at Hægebostad har teke mot folk som har fått innvilga asyl i Noreg. Hæ - gebostad har også fått sin del av arbeidsinnvandrarar frå aust-Europa, og dei gjer nyttig arbeid både i industri, jordbruk og andre næringar. Det skjer husbygging her og der. Byggjefelta på Kollemo er fylte opp, og det kjem det eine huset etter det andre på Birkeland og på Bjærum. Barnehagen på Kollemo har blitt bygd på. Snartemo har blitt sivilisert med sykkel- og gangsti. På stasjonen har perrongen blitt heva og forlenga til å passa med toga, og stasjonsbygningen har fått ei skikkeleg oppussing. 8 Elles har kongen vore raus med sitt sølv over bygda. Samuel Gysland og Elling Ham - ran fekk kvar sine velfortente heidersmedaljer i 2010, og Torger Kvåle fekk same med - alja i 2013. Så kan ein ta med at Gunhild Kvåle som første kvinne frå Hægebostad sokn tok doktorgrad i 2012 med “Multimodalt samspill i bildeskriftkomplekser. En so - sialsemiotisk undersøkelse av relasjoner mellom skrift og bilde”. Den første mannen frå Hægebostad til å ta doktergrad var Bjarne Fidjestøl med temaet «Det norrøne fyr - stediktet» i 1981. Idrettslaget har svært aktive medlemmer, og Heieturane som det er lagt opp løyper til, er blitt svært populære. Den første triatlon i Hægebostad gjekk føre seg laurdag 18. august 2012 (i eit ufyse - leg ver!) med å springa frå Bautaparken til Tengstøl, symja over Fiskelausvatn og Re - vetjødn (Fy, så kaldt det var!), og sykkel ned att til Bautaparken. Det viste seg at det var mange spræke folk i Hægebostad. Om det var ein kald og våt tur, blei ikkje folk av - skremde av det, og det blei det ny triatlon i år med endå fleire som var med. Og denne gonga var veret godt. I år som i 1998 fekk bygda storfint besøk. Kronprinsparet besøkte bygda 17. septem - ber og blei vist rundt på Tingparken, og dei var innom Hamran snekkerverkstad og fekk til og med mat der. Det var ei fin fjør i hatten for ei stødig og framgangsrike be - drift, som har skaffa seg eit godt omdømme rundt på Sørlandet. Det viste seg i alle fall Egil Sandbakken (til høgre) og ein jaktkamerat med to gaupeungar som Egil sandbakken skaut ovanfor Høyland 19. februar 2013. 9 Asfaltering av Lidragsvegen ved Ulstjødn,6. juli 2013. Foto: Rune Eikeland slik då «Årets bedrift» skulle kårast på Sørlandet i 2012. Dei slo til med ein 2. plass, og det kan vera Trond Hamran og co var litt glad for ikkje å gå heilt til topps. Dei hadde då lova å gå Sesilåmi på sjølvlaga treski! Men dei hadde nok greidd det også godt. Som vanleg nær sagt har det vore syklistar frå Kollemo skole som har hevda seg godt, både på fylkesplan og til og med nasjonalt i Trygg trafikk sine årlege konkurranser. Malin Ei - keland vann fylkesfinalen i 2010, og vann like godt Noregsfinalen også. Ho representerte Noreg på ein god måte i Europafinalen i Skopje. men her møtte dei elevar som hadde ligge i treningsleir på førehand, og dei var ikkje gode å slå. Ho vann fylkesfinalen året etter også, men då Tingcupen og landsfinalen i sykling kolliderte, valde ho Tingcupen. Fylket har vore raus med asfalt i kommunen dei siste åra. På Rv43 har det kome asfalt gjennom mest heile dalen. Vegen over Kvinesheia blei overteken av fylket, og dei slo til med full utbetring og asfaltering. Den vegen som kosta under 4 millionar i 1994, blei ut - betra for 18 millionar nå i 2013. Og vegen over Naglestadheia er under arbeid og har blitt forsterka, utvida og asfaltert. I 2012 blei det siste av dei gamle kretsskulehusa selt. Det var Hægebostad skulehus som var det aller siste. Snartemo Vel overtok det. Elles er kommuneplanar noko kommunen held på med, og akkurat nå er kommunedel - planen for Snartemo – Tingvatn under arbeid. Så dersom ein har tankar om korleis kom - munenen skal vera i framtida, er tida nå! 10 Martin Heddan ved Fåland Skule. Foto: Arkiv, Farsunds Avis Det ser ut som kommunestyret har god tru på at det skal bli kommunalt styre og stell frå Kommunehuset også i framtida, for nå har huset frå 1964 blitt pussa opp for ca 10 mil - lionar, og står fram i ny og moderne drakt.
Recommended publications
  • Farsund & Listalandet
    Live Camera CITY HARBOUR [Farsund2000] [GPS] [Photo-PostCard-NEW] [HELP] [About us] [NewsLetter] [Tell-A-Friend] [GuestHarbour ] [Weather] [PhotoGallery] [Members] [Forening / Lag] [©CopyRight] [Admin] - Chose County - Chose Counsil N -Chose AirPort.No Velkommen til VisitEurope.NO Akershus Agdenes Alta Airport Aust-Agder Alstahaug Andøya Her kan din bedrift profileres med både oppføringer og bannere til svært Buskerud Alta Bardufoss gunstige priser og betingelser. Portalen er tilknyttet den europeiske Finnmark Alvdal Båtsfjord hovedportalen VisitEurope.TV som representerer alle land i Europa. Vi inkluderer gode og viktige funksjonaliteter uten ekstra betaling. Bestill nå eller få mer informasjon ved å klikke på overskriften. Velkomm channel: - Turn ON Radio -------> Farsund & Listalandet 1200 EPostCards/Photo's Welcome to Farsund! The municipality of Farsund has ca. 9.200 inhabitants, mainly concentrated on three centres of population - Farsund town, Vanse and Vestbygda. It also includes the outlying districts of Lista, Herad and Spind. Shipping, fishing and agriculture have been the main industries in the area. Today Farsund is the largest agrcultural district in the county of Vest-Agder, having 26 km2 productive land, 88 km2 forest and 17 k m2 freshwater areas. Farsund was already recognized as a trading centre in 1795, and in 1995 celebrated its 200-years jubilee with town status. Vanse: was formerly the largest centre of population in the district. Today it has 2.500 inhabitants, and some of the council offices are still situated there. Vestbygda: is built round the only harbour of any size in a particularly exposed stretch of the coast. There was a considerable emigration to the United States from this region in former times.
    [Show full text]
  • Vessel Import to Norway in the First Millennium AD Composition And
    VESSEL IMPORT TO NORWAY IN THE FIRST MILLENNIUM A.D Composition and context. by Ingegerd Roland Ph.D. thesis. Institute of Archaeology, University College London, June 1996. ProQuest Number: 10017303 All rights reserved INFORMATION TO ALL USERS The quality of this reproduction is dependent upon the quality of the copy submitted. In the unlikely event that the author did not send a complete manuscript and there are missing pages, these will be noted. Also, if material had to be removed, a note will indicate the deletion. uest. ProQuest 10017303 Published by ProQuest LLC(2016). Copyright of the Dissertation is held by the Author. All rights reserved. This work is protected against unauthorized copying under Title 17, United States Code. Microform Edition © ProQuest LLC. ProQuest LLC 789 East Eisenhower Parkway P.O. Box 1346 Ann Arbor, Ml 48106-1346 Abstract : More than 1100 complete or fragmentary imported vessels in bronze, glass, wood, horn, clay and silver from the first millennium A.D. have been found in Norway, approximately 80% of them in graves. The extensive research already carried out has produced a vast body of literature, which generally keeps within strict chronological boundaries, concentrating on vessels from either the Roman Period, the Migration Period, or the Viking Age. Two main approaches to the material have traditionally been applied: 1) typo­ logical studies, on the basis of which trade connections and systems have been discussed from different theoretical perspectives, and 2) imports as status markers, from which hierarchical social systems of a general kind have been inferred. Only very rarely have their function as vessels attracted any serious consideration, and even more rarely their actual local context.
    [Show full text]
  • Planomtale Kommunedelplan Tingvatn – Snartemo 2017 - 2027
    PLANOMTALE KOMMUNEDELPLAN TINGVATN – SNARTEMO 2017 - 2027 01 27.10.2017 Revisjon Frans-Arne Stylegar Bjørn Andresen 00 17.10.2017 Utkast Frans-Arne Stylegar Bjørn Andresen REV. REV. DATO BESKRIVING UTARBEIDD AV KONTROLLERT AV GODKJENT AV 2 INNHALD 1. Samandrag ....................................................................................................................................... 5 2. Bakgrunn for planarbeidet .............................................................................................................. 5 2.1. Planområdet ............................................................................................................................ 5 2.2. Moglegheitsstudie ................................................................................................................... 5 2.2.1. Snartemo ......................................................................................................................... 6 2.2.2. Birkeland sør .................................................................................................................... 7 2.2.3. Birkeland nord ................................................................................................................. 8 3. Føremålet med planen .................................................................................................................... 8 3.1. Samfunnsdelen av kommuneplanen ....................................................................................... 9 4. Noverande situasjon .......................................................................................................................
    [Show full text]
  • Hægebostad Sogelag
    HÆGEBOSTAD SOGELAG ÅRSSKRIFT 2014 Framsida: 1. mai 2014. Odd Rynning Jørgensen legg ned krans på minnesmerket over dei som omkom under arbeidet med jernbanen på strekninga Kristiansand – Moi. Foto: Torfinn N. Hageland. ÅRSSKRIFT 2014 HÆGEBOSTAD SOGELAG 3 Grafisk produksjon: Setesdalstrykk as ISBN 0809-5248 4 Innhald Føreord om litt av kvart Torger Kvåle ............................................................................................................ s. 6 Kjennskap til slekt kan endre interesse for gamle dager Tor Arild Bakke .............................................................................................................. s. Anders Olsen Solberg Tor Arild Bakke .............................................................................................................. s. Frå Hægebostad 1814 Torger Kvåle ................................................................................................................... s. Stortingsmann Hans Jacob Rolfsen Torger Kvåle ................................................................................................................... s. Kladdebok for Ingeborg Lea, Livets skole, siste klasse Ingeborg Lea .................................................................................................................. s. Fotokavalkade v/Rune Eikeland. ............................................................................................................. s Sørlandsbanen 70 år 1. mai 2014 Torger Kvåle ..................................................................................................................
    [Show full text]
  • Sword in Early Medieval Northern Europe
    The ‘Living’ Sword in Early Medieval Northern Europe: An Interdisciplinary Study Volume 1: Thesis, Appendices and Bibliography Susan Elaine Brunning Institute of Archaeology, University College London PhD Supervisors: Professor Andrew Reynolds (Institute of Archaeology) Dr. Jeremy Tanner (Institute of Archaeology) Dr. Chris Abram (formerly Department of Scandinavian Studies) Word Count: 74,276 (excluding appendices and bibliography) 1 Signed declaration: I, Susan Elaine Brunning, confirm that the work presented in this thesis is my own. Where information has been derived from other sources, I confirm that this has been indicated in the thesis. …………………………………………. 2 Volume 1 Table of Contents Abstract ...................................................................................................................... 10 Acknowledgements .................................................................................................... 11 Chapter 1. Introduction ............................................................................................. 13 Chapter 2. Literature Review .................................................................................... 16 1) Form and function .............................................................................................. 16 a) Typology ........................................................................................................ 16 b) Production and distribution ............................................................................ 18 c) Combat function ............................................................................................
    [Show full text]
  • Farmers, Mariners, and Lords of Long Ago Archaeology and Prehistory in the Agder Region
    farmers, mariners, and lords of long ago Archaeology and prehistory in the Agder region By Frans-Arne Stylegar VEST-AGDER FYLKESKOMMUNE The author wishes to thank a number of people who contributed to this book, each in his/her own way: Dag Nævestad, Tor Kviljo, Karl Ragnar Gjertsen, Erik Peersen, Berit Sellevold, Martin Rundkvist, Aslak Fjermedal, Annette Booth, Ole Bertil Madsen, Torinn Hageland, Snorre Haukalid, Pål Nymoen, Tom Bloch-Nakkerud, Svein Mjaatvedt, Tom Heibreen and May-Liss Bøe Sollund. ISSN 1504-7520 Reports from the Departement of Regional Development, Vest-Agder County Council farmers, mariners, and lords of long ago Archaeology and prehistory in the Agder region contents The landscape - 6 The irst settlers - 26 Early farming - 40 Farmers and mariners - 52 Romans and barbarians - 74 Aristocrats of the Migration period - 102 Kings and vikings - 146 Portal from Hylestad stave church, Valle: Detail showing Regin forging a sword. Regin is working with hammer and tongs, while a helper operates the bellows . the landscape It is a commonplace of tourist brochures to state that a given region has ’everything’. But when it comes Agder, Norway’s southernmost region, it is almost true. Even if the two Agder counties are rather small com- pared to other Norwegian regions, the nature is remarkably varied and so are the ways of life. Just recently I woke up at the Penne farm to a Eidsfjorden with Listeid and Briseid, Farsund. Elle farm in the foreground to the working-day on Lista. It was May, and the sun was shining. Dressed in right. Isthmuses like Listeid and Briseid shorts and t-shirt I went ahead with my business, surveying bronze-age were for a long period natural routes of Agder is the southernmost region in Norway, comprising the communication, and yachts are still being rock-art.
    [Show full text]