HÆGEBOSTAD SOGELAG ÅRSSKRIFT 2013 Framsida: Kronprinsparet blir vist rundt i Tingvatn Forminnepark og Besøkssenter av ein engasjert Erling Stokkeland. Erling Stokkeland har vore ein aktiv pådrivar i arbeidet med å få oppretta besøkssenteret på Tingvatn. Foto framside: Rune Eikeland ISBN 978-82-996632-1-2 ÅRSSKRIFT 2013 HÆGEBOSTAD SOGELAG 3 Grafisk produksjon: Setesdalstrykk as ISBN 0809-5248 4 Innhald Føreord om litt av kvart Torger Kvåle ................................................................................................................ s Kulturprisen i Hægebostad 2011 Torger Kvåle Kongens fortenestemedalje til Samuel Gysland Torger Kvåle Kongeleg hyllest til Hamran Sigurd Haugsgjerd Kongens fortenestemedalje til Torger Kvåle Rune Eikeland Krigsmoderen. Ragnvald Hommen. Tor Arild Bakke Fotokavalkade på midtsidene. Rune Eikeland Stemmerettsjubileet 1913 - 2013 Tor Arild Bakke Kafeen på Dyblebrotet Dagfinn Eikeland Kafeminne Torger Kvåle Hægebostad i.l. 1936 – 2011. 75 år Tor Arild Bakke Frå Farsunds Avis A for 25 og 50 år sidan Regler Ord og uttrykk. Hægebostad sogelag Nestsiste sida:Lokalhistoriske skrifter. Fotballaget frå 1979. Føreord om litt av kvart Av Torger Kvåle Det førre årsskriftet til Hægebostad sogelag kom ut til til Hægebostadreiå 2010. I år har me laga ein biletkavalkade om likt og ulikt som har hendt dei siste åra. Den finn de midt i heftet. Og det har hendt litt av kvart å skriva om. Tingparken på Tingvatn har blitt opna! Den fyrste utstillinga hadde med mykje grøss og gru frå Agder. Det har gitt oss utstoppa elgar, Alfred Vågsvold si kunst, vikingdagar, kronprinsparbesøk, mange kunstutstillingar, stemmerettsjubileum, nynorskstafettbesøk, og det er bare å ha augene med seg og få med seg det som skjer – og bruka Tingparken! Tingplassen – den fjerde i moderne tid, først på Tingvatn, så på slutten av 1940-talet til Vikingar i Tingparken tevla i ulike kampsituasjoner til stor begeistring for besøkande. Foto. Torger Kvåle 6 den idrettsplassen i (Berkjelands) Hagan, så i 1962 til Helle, rett over Birkelandsbrua, til Tinget fekk ein tilrettelagt plass på Kollemo. Konkurransen mellom sommerarrangementa på Sørlandet har hardna til, men Tinget heng framleis med. Nå ligg mykje godt til rette på Kollemo, så som gode plasstilhøve, godt samarbeid med Kollemo grendehus til glede for begge partar, gode grunnforhold, vatn og straum og det som blir kalla ei ei solid merkevare ”Tinget”. I 2012 var det også eit showprogram som tiltrekte seg ungdom, med vågale snøscoo - terhopp og motorcrosshopp, i 2013 blei det vist akrobatikk på høgt nivå – både i over - ført og bokstavleg tyding – av motocrosskøyrarar. Og Tingcupen på laurdag dreg folk. I 2013 var det med 450 barn, og så kom alle foreldra og søsken, som også tok turen til Tinget. Det er også andre som har funne ut at Tingplassen er godt eigna for større arrangement. Kollemofestivalen, som starta som trekkspelfestival, er blitt årleg og dreg mykje folk. Det var om lag 250 bubilar og campingvogner som la vegen hertil. Alternativmessa dei siste åra burde borga for god helse til alle som tek turen dit, i 2012 var det og ein større speiderleir der. Grendestova er stor nok til ulike arrangement, og ikkje minst held det opp gode mattradi - sjonar med komp og blodpylsa, og jamen har det blitt servert smalahove og rakfisk også. Nå er det på tide å få laga godt samband mellom Tingplass og Tingpark. Kan det bli med å bruka den gamle Klevelandsbrua som ligg inne på Bjørkesletta, eller kan det bli ein kopi av skotlagsbrua som låg der i 1691, då Salve på Tingvatn blei lei av si Asjer og ville bytta ho ut med ei ung Ingeborg frå Klungland? Elles har livet i bygda gått sin vante gang, men ein kan sjå at over tid forandrar bygda seg. Bøndene blir færre – og driv større. Den nyaste tilveksten er i desse dagar på Gy - berg, med kyllinghus for slaktekyllingar som Morten Eikeland byggjer. Og jakta om hausten er vel så mykje samlingsplass for utflytta døler og deira etterko - marar som det er for bygdefolk. Og der ein før talde elg, er det nå heller hjort. Skal ein summera opp om jakta, blir det vel slik: Lite fugl, meir hjort, mindre med elg. Det blei også skote to gauper i 2013. Men det ser ut som synet på rovdyrjakt har foran - dra seg, og rovdyrjaktmotstandarane har blitt såpass aggressive og ufine i sine fram - 7 Kyllinghuset – 1600 kvm - til Morten Eikeland kjem til å produsera ca 140000 stk kyllingar i året. Dei kjem når dei er mindre enn ein dag gamle. Dei veks frå 40 g til 1640 g slaktevekt på 34 dagar. Det blir 6-7 gonger med nye kyllingar per år. Foto: Rune Eikeland gangsmåtar, at jaktlaget ikkje ville fortelja kven som skaut desse. Sist det blei skote gaupe, kom skyttaren på framsida i FA. Før klaga folk over lite fisk i vatn og elv, no vrimlar det av fisk, men mest ingen vil fiska, sidan det er rundorm i han. Hegre og fiskeørn har glede av fisken, og anda sym med sine ungekull på Lygnevatnet. Men det kan bli meir og finare fisk. Laksetrappa i Kvåsfossen er straks ferdig. Dei første laksane har blitt flytta opp i elva ovanfor fossen, og om nokre år kan det bli storfisk å få. Då får kanskje Eilefstad gard eit oppsving med nymotens lakselordar? Det er fleire tungemål å høyra i arbeid og i barnehagar og skule, og langt fleire enn før har sine foreldre frå andre stader enn Hægebostad, også frå andre stader enn Europa og Noreg. Det kan merkast at Hægebostad har teke mot folk som har fått innvilga asyl i Noreg. Hæ - gebostad har også fått sin del av arbeidsinnvandrarar frå aust-Europa, og dei gjer nyttig arbeid både i industri, jordbruk og andre næringar. Det skjer husbygging her og der. Byggjefelta på Kollemo er fylte opp, og det kjem det eine huset etter det andre på Birkeland og på Bjærum. Barnehagen på Kollemo har blitt bygd på. Snartemo har blitt sivilisert med sykkel- og gangsti. På stasjonen har perrongen blitt heva og forlenga til å passa med toga, og stasjonsbygningen har fått ei skikkeleg oppussing. 8 Elles har kongen vore raus med sitt sølv over bygda. Samuel Gysland og Elling Ham - ran fekk kvar sine velfortente heidersmedaljer i 2010, og Torger Kvåle fekk same med - alja i 2013. Så kan ein ta med at Gunhild Kvåle som første kvinne frå Hægebostad sokn tok doktorgrad i 2012 med “Multimodalt samspill i bildeskriftkomplekser. En so - sialsemiotisk undersøkelse av relasjoner mellom skrift og bilde”. Den første mannen frå Hægebostad til å ta doktergrad var Bjarne Fidjestøl med temaet «Det norrøne fyr - stediktet» i 1981. Idrettslaget har svært aktive medlemmer, og Heieturane som det er lagt opp løyper til, er blitt svært populære. Den første triatlon i Hægebostad gjekk føre seg laurdag 18. august 2012 (i eit ufyse - leg ver!) med å springa frå Bautaparken til Tengstøl, symja over Fiskelausvatn og Re - vetjødn (Fy, så kaldt det var!), og sykkel ned att til Bautaparken. Det viste seg at det var mange spræke folk i Hægebostad. Om det var ein kald og våt tur, blei ikkje folk av - skremde av det, og det blei det ny triatlon i år med endå fleire som var med. Og denne gonga var veret godt. I år som i 1998 fekk bygda storfint besøk. Kronprinsparet besøkte bygda 17. septem - ber og blei vist rundt på Tingparken, og dei var innom Hamran snekkerverkstad og fekk til og med mat der. Det var ei fin fjør i hatten for ei stødig og framgangsrike be - drift, som har skaffa seg eit godt omdømme rundt på Sørlandet. Det viste seg i alle fall Egil Sandbakken (til høgre) og ein jaktkamerat med to gaupeungar som Egil sandbakken skaut ovanfor Høyland 19. februar 2013. 9 Asfaltering av Lidragsvegen ved Ulstjødn,6. juli 2013. Foto: Rune Eikeland slik då «Årets bedrift» skulle kårast på Sørlandet i 2012. Dei slo til med ein 2. plass, og det kan vera Trond Hamran og co var litt glad for ikkje å gå heilt til topps. Dei hadde då lova å gå Sesilåmi på sjølvlaga treski! Men dei hadde nok greidd det også godt. Som vanleg nær sagt har det vore syklistar frå Kollemo skole som har hevda seg godt, både på fylkesplan og til og med nasjonalt i Trygg trafikk sine årlege konkurranser. Malin Ei - keland vann fylkesfinalen i 2010, og vann like godt Noregsfinalen også. Ho representerte Noreg på ein god måte i Europafinalen i Skopje. men her møtte dei elevar som hadde ligge i treningsleir på førehand, og dei var ikkje gode å slå. Ho vann fylkesfinalen året etter også, men då Tingcupen og landsfinalen i sykling kolliderte, valde ho Tingcupen. Fylket har vore raus med asfalt i kommunen dei siste åra. På Rv43 har det kome asfalt gjennom mest heile dalen. Vegen over Kvinesheia blei overteken av fylket, og dei slo til med full utbetring og asfaltering. Den vegen som kosta under 4 millionar i 1994, blei ut - betra for 18 millionar nå i 2013. Og vegen over Naglestadheia er under arbeid og har blitt forsterka, utvida og asfaltert. I 2012 blei det siste av dei gamle kretsskulehusa selt. Det var Hægebostad skulehus som var det aller siste. Snartemo Vel overtok det. Elles er kommuneplanar noko kommunen held på med, og akkurat nå er kommunedel - planen for Snartemo – Tingvatn under arbeid. Så dersom ein har tankar om korleis kom - munenen skal vera i framtida, er tida nå! 10 Martin Heddan ved Fåland Skule. Foto: Arkiv, Farsunds Avis Det ser ut som kommunestyret har god tru på at det skal bli kommunalt styre og stell frå Kommunehuset også i framtida, for nå har huset frå 1964 blitt pussa opp for ca 10 mil - lionar, og står fram i ny og moderne drakt.
Details
-
File Typepdf
-
Upload Time-
-
Content LanguagesEnglish
-
Upload UserAnonymous/Not logged-in
-
File Pages64 Page
-
File Size-