Årsmelding 2008 Idrettslaget VETEN
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Årsmelding 2008 Idrettslaget VETEN Årsmelding for IL VETEN – 2008 Årsmøte 25.1.2009 1 INNLEIING 1.1 GENERELT Denne årsmeldinga oppsummerer aktiviteten i Idrettslaget Veten for året 2008. Årsmeldinga er framlegt på årsmøte i Fjellvarden 25. januar 2009. 1.2 STYRET/TILLITSVALDE Styret i 2008 vart valt på årsmøte 10.12.07 og ekstraordinært årsmøte 4.2.08 Styret: Leiar: Thorolf Aarøen NY Nestleiar: Ivar Bergset Sekretær: Kristian Roset-Hansen NY Kasserar: Per Vidar Roset Styremedlem: Irene Kroken Bergset Styremedlem: Jon Bjarne Nytun Varamedlem: Antti Hannukainen NY Varamedlem: Lillian Gausnes Fenn Økonominemnd: Leiar: Per Vidar Roset Medlem: Jorunn Roset Medlem: Anne Nytun Medlem: Tor Åge Berglid NY Utdanningskontakt: Kristian Roset-Hansen NY Barneidrett: Leiar Jorunn Skrede. Medlem: Berit Takle Stensaker Medlem: Sonja Bratland NY Aldersbesetmt fotball: Leiar smågutt: Gunnar Bakken Leiar knøtt/miniputt: Olav Erik Hagen Skigruppa: Langrenn: Leiar: Rune Roset Medl.: Ragnvald Bergset Medl.: Nils Petter Støyva Hopp: Leiar: Jon Kåre Blakset NY Oppm.: Svein Nygård NY Medl.: Leiv Bergset Alpint: Leiar: Olav Erik Hagen Medl.: Anders Bergset Snøbrett: Leiar: Robin Berglid Medl.: Øystein Kristiansen Skitau: Leiar: Jan Reidar Tvinnereim Ass: Kenneth Sølvberg Teknisk anlegg: Nils Helge Sølvberg. Idrettslaget VETEN, 6795 Blaksæter - www.veten.info - [email protected] Årsmelding for IL VETEN – 2008 Årsmøte 25.1.2009 Holmøyskarrennet: Styremedlem: Nils Petter Støyva Utsendingar til årsmøtet i Holmøyskarrennet: Ola Ødegård Rune Roset Ragnvald Bergset Nils Petter Støyva Kolbjørn Roset Orienteringsgruppa: Leiar: Berit Bergset Medlem Kjell Ove Bergset Medlem: Ragnvald Bergset Medlem: Ivar Bergset Trimgruppa: Leiar: Astrid Bakken Medlem : Ottar Ulvedal Medlem : Ann Iren Ulvedal Bading: Matias Sølvberg Fjelltrimmen: Solveig Lien Roset Ridegruppa: Leiar: Kristina Bergset Idrettsmerkegruppa: Leiar: Arne M. Sølvberg Medlem: Edel Roseth Medlem: Torill Fjellvang Medlem: Torbjørn Fjellvang Beltevognansvarleg: Kenneth Sølvberg Premiar/Materialforvaltar: Johanna Myklebust Heimesideansvarleg: Øyvind Blakset Revisor: Jorunn Skrede Kari Sølvberg Nordfjord Fritidssenter: Leiar Erik Ivar Ulveda Medlem : Kirsti Aarøen NY Varamedl.: Rune Berglid NY Varamedl.: Ann Iren Ulvedal Arrangementskomité: Leiar Ola Ødegård NY Medlem: Torbjørn Bergset NY Medlem: Kristian Roset-Hansen NY Valnemnd: Leiar: Øyvind Blakset Jon Bjarne Nytun -------- Idrettslaget VETEN, 6795 Blaksæter - www.veten.info - [email protected] Årsmelding for IL VETEN – 2008 Årsmøte 25.1.2009 1.3 Medlemstal Ved utgangen av 2008, er det registrert følgjande medlemstal som har betalt kontingent, tala frå tidlegare år er med for å vise historikken. 2008 2007 2006 2005 Under 17 år 95 98 97 90 17 år og eldre 181 178 177 181 Totalt 276 276 274 271 Medlemstalet er stabilt og uendra. Dette er positivt, men det er svært viktig å halde trykk på medlemsverving fordi dette saman med idrettsregistreringa vert meir og meir avgjerande for tildeling av støttemidlar. 1.4 Møter og tilstellingar i 2008 1 ekstraordinært årsmøte 4 styremøte 1 årsfest/basar Vi har hatt utsendingar til følgjande møter/seminar: Stryn Idrettsråd Årsmøte i Holmøyskarrennet Sogn og Fjordane Skikrins sitt arrangør- og anleggsseminar på Skei Sogn og Fjordane Skikrins sitt Vårmøte på Skei Sogn og Fjordane Skikrins sitt Haustmøte på Skei Leiaren er fast innkalla på styremøter til Nordfjord Fritidssenter. Talet på saker som styret har handsama i 2008 er 19. 1.5 Særforbund Idrettslaget er medlem i følgjande forbund Norges Skiforbund Norges Orienteringsforbund Norges Fotballforbund 1.6 Utdanning Vi hadde 2 deltakarar på aktivitetsleiarkurs i barneidrett som blei arrangert i Innvik. Sjå elles årsmeldingane til dei ulike gruppene. Idrettslaget VETEN, 6795 Blaksæter - www.veten.info - [email protected] Årsmelding for IL VETEN – 2008 Årsmøte 25.1.2009 1.7 Arrangement Vi hadde 1 større arrangement denne vinteren: Mobildata Cup, kombinert i slutten av januar. I tillegg arrangerte vi Panoramamarsjen i august, med trimgruppa som arrangør. Elles hadde vi dei vanlege lokale renna i hopp, langrenn og nær o-løpa. Viser elles til årsmeldingane frå gruppene. 1.8 Anleggsarbeid Det er ikkje utført større anleggsarbeid dette året. Det har vore jobba med å avslutte ein del tidlegare oppstarta og planlagde prosjekt. 1.9 Tillitsvalde i andre organ: Styremedlem i O-krinsen: Berit Bergset Styremedlem i hoppkomiteen: Berit H. Nygård Team Vest Svein Nygård SIR valnemd Lillian Gausne Fenn 2 AKTIVITETEN I STYRET/ARBEIDSUTVAL 2.1 Generelt Laget har jobba i tråd med årsmøtevedtaka og teke på seg to større renn dette året. Vi har meldt på prosjekt i kommuneplanen for anlegg. Dette gjeld spesiellt tippemidlar plastlegging av hoppbakkar som vi no ser ut til å få inn på 2. plass i den kommunale planen for perioden 2009-2012. Det har vore stor sportsleg aktivitet i mange greiner med gode resultat. IL Veten sin stimulanspokal er ikkje utdelt i år. 2.2 Viktige saker i 2008 100 år 2009 Idrettslaget er 100 år i 2009. Det er valt ein eigen komité for å arbeide med markering av dette jubileumet. Irene K. Bergset er styret sin representant i denne komitéen. Planlagt dato for jubileumsfesten er 7. november 2009. Søknader om spelemidlar Det er i haust (2008) sendt inn fornya søknader om spelemidlar til Stryn kommune. Dette gjeld plastlegging av 3 hoppbakkar, K15, K25 og K40. Dette har samanheng med ekstramidlar til slike anlegg som er muleg å søkje om frå sentralt hald i tillegg til ordinære tippemidlar. Idrettslaget VETEN, 6795 Blaksæter - www.veten.info - [email protected] Årsmelding for IL VETEN – 2008 Årsmøte 25.1.2009 2.3 Ole Petter Støve sitt Minnefond. Idrettslaget har fått ansvaret for å dele ut ein pris frå eit minnefond etter Ole Petter Støve. Prisen skal delast ut til ein person/organisasjon som har nedlagt eit stort dugnadsarbeid for Vangen Aktivitetsenter/Nordfjord Fritidssenter. Denne prisen blei delt ut første gong i 2001. Det blei for 2003 bestemt at fleire prisar kunne delast ut same år. Styret har ikkje klare kandidatar for denne tildelinga for 2008. Prisvinnarane tidlegare år er: 2001 Arvid Sølvberg 2002 Arne Berglid 2003 Ola Ødegård og Bodvar Sølvberg 2005 Torhild, Per Egil Steinsåker og Anders Bergset. 2007 Erik Ivar Ulvedal 3 ØKONOMI 3.1 Generelt. Resultatet viser eit underskot på kr 3453,- mot kr 104020,- i underskot i fjor. Underskotet i fjor kan langt på veg forklarast med utgifter knytta til utbygging og tippemidlar. I år må ein ta hensyn til at Nordfjord Fritidssenter sin del av overskotet på WCB for 2007 blei belasta 2008. Dette utgjer kr 28935, slik at det i 2008 egentlig er eit overskot på kr 25482,-. Revisjonen påpeikar at gruppeleiarane må bli flinkare til å lage oppsett på kva som skal refunderast av startkontigentar, og levere dette til kasserar for fakturering. Dette gjeld spesielt vaksne som er med på løp/renn der laget betalar for alle. Dette kan godt leverast ilag med attestert faktura frå arrangør. Vidare påpeikar revisor at kjøp av painballbane i 2006 ikkje har generert inntekter til laget. Det er heller ikkje levert rekneskap eller tilfredsstillande årsmeldingar for aktiviteten. Laget må ta stilling til om bana må kjøpast ut av dei som driv med aktiviteten. 3.2 Tilskot 2008 Tilskot frå fylke og kommune er ei av dei viktigaste inntektskjeldene til laget. Det er derfor svært viktig at vi kan behalde status som fylkesanlegg i hopp. Her er eit kort samandrag av tilskota i 2008. Fylkesanleggsmidlar for fylkesanlegg i Bjørkelibakken: Fylkeskommunen 50 000,- Stryn kommune 50 000,- Til saman 100 000,- Stryn kommune kulturmidlar: 29 000,- (31 500,-) Gåvetildeling Sparebanken Sogn og Fjordane: 17 000,- (13 000,-) Norges idrettsforbund og Olympiske komite: 25 000,- (22 000,-) Dette er midlar som er delt ut gjennon Stryn Idrettsråd, som skal gå til barne- og ungdomsaktivitetane i laget. Brukt til gratis idrettsskule for alle borna. Idrettslaget VETEN, 6795 Blaksæter - www.veten.info - [email protected] Årsmelding for IL VETEN – 2008 Årsmøte 25.1.2009 3.3 Resultat i dei ulike gruppene Eit kort samandrag av det økonomiske resultatet i dei ulike gruppene: Styret/adm. 52 822,- Orientering -16 722,- WCB -28 935,- Andre aktiviteter -13 960,- Ski -20 405,- Barneidrett 23 747,- (- er lik underskot) For fleire detaljar, sjå vedlegg i rekneskapet. 4 ÅRSMELDINGAR 4.1 GENERELT Styret har motteke årsmeldingar frå desse gruppene: Idrettsmerkegruppa Barneidrettsgruppa Trimgruppa Skigruppa, Langrenn Skigruppa, Hopp Skigruppa, Alpint Orienteringsguppa Arrangementskomité Det har i 2008-sesongen vore lite aktivitet på fotball-sida. 6-divisjonslaget (for vaksne) som vi hadde i samarbeid med Hardbagg har ikkje vore med i serien dette året. Det har heller ikkje vore lag påmeldt frå Veten/Hardbagg i seriespel for aldersbestemte klassar. Men det har vore deltakarar frå våre lag på miniputt- og knøtteturneringar, så forhåpentlegvis er det rekruttering på gang. Den største aktiviteten er i aldersgruppa 5 - 13 år. Dette er naturleg då satsingsområdet til idrettslaget er born i den aldersgruppa. Styret ønskjer innspel for å prøve å få til eit betre tilbod til ungdomane i laget. Idrettslaget VETEN, 6795 Blaksæter - www.veten.info - [email protected] Årsmelding for IL VETEN – 2008 Årsmøte 25.1.2009 Årsmelding for idrettsmerkegruppa Frammøtet til utlyst prøvetaking har ikkje vore særleg stort dei siste åra. Det vart difor ikkje lyst ut merkeprøvetaking i 2008, men dei som har teke merket siste åra vart kontakta direkte. Det resulterte i 6 merketakarar, to kvinner og fire menn. Av desse var det ein som