Melding Frå Dei Unge
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
SAMANDRAG «I 2019 var det lite samarbeid mellom bygdene, snakk om indre og ytre luten og elles gamle tenkemåtar. I 2030 har folk skjønt at bygdene i mellom må samarbeide og inkludere kvarandre» Foto: Kristiane Skjelnes MELDING FRÅ DEI UNGE Innspel til kommuneplan Melding frå dei unge – innspel til kommuneplan Denne rapporten er meint å samle dei unge sine innspel til korleis dei ynskjer utviklinga i kommunen i åra som kjem, og vert nytta til å formulere mål og stategiar i kommuneplanen sin samfunnsdel. Innspela kjem frå ungdommar frå 12 til 23. Innhald Melding frå dei unge – innspel til kommuneplan ................................................................................... 1 Innleiing og metode................................................................................................................................. 2 Oppsummering - Kva er viktig for barn og unge i Kvinnherad? .............................................................. 3 Attraktiv ............................................................................................................................................... 3 Frisk ..................................................................................................................................................... 4 Grøn ..................................................................................................................................................... 6 Alle innspel samla; ................................................................................................................................... 8 Innspel komne gjennom Instagram – #Kvinnherad2050 .................................................................... 8 Dialoggrupper for 8.trinn .................................................................................................................. 11 Ungdomskafe 06.02.19 ..................................................................................................................... 13 Spørjeundersøking KVV og Ungdomstrinnet på Husnes Ungdomsskule .......................................... 15 Spørjeundersøking «Borte bra - heime best?» ................................................................................. 21 Arbeid med Ungdata-undersøking .................................................................................................... 29 1 Innleiing og metode «Alle barn har rett til å seie meininga si, og den skal bli tatt på alvor» står det i artikkel 12 i barnekonvensjonen. Plan og bygningslova § 5-1 andre avsnitt seier at kommunen har eit særleg ansvar for å sikre aktiv medverknad frå grupper som krev særskilt tilrettelegging, som til dømes barn og unge. Planstrategien viser til at det skal leggjast til rette for medverknad frå alle grupper i samfunnet, og at ein aktivt vil syte for at grupper som eller ikkje deltek i samfunnsdebatten får si stemme høyrt. Det har vore gjort mykje arbeid for å prøve å få godt eit grunnlag for innspel frå denne gruppa. Det er viktig at kommuneplanen tek inn i seg kva dei unge meiner er bra med Kvinnherad og kva som kan bli betre. Det er også viktig å høyre på unge innbyggjarar sine tankar kring kva som er gode og trygge oppvekstmiljø. I prosessen med ny kommuneplan for Kvinnherad kommune er det vurdert at «unge» strekkjer seg opp til 23 år. Det er ei gruppe som pga spreiing i alder vil ha ulike behov og interesser. Foto: Hildegunn Furdal 2 Metode Det har vore henta inn innspel på ulike vis, med bruk av ulik grad av medverknad. Det har vore gjennomført spørjeundersøking og dialoggrupper. Det har vore ope for innspel gjennom Instagram og gjennom nettstaden Kvinnherad 2050. Det er henta kunnskap får arbeidet med siste Ungdata undersøking og vil bli sett til svara på elevundersøking som er gjennomført i skulane i Kvinnherad hausten 2019. Innspela frå barn og unge er samla under fokusområda attraktiv, frisk og grøn, men kan lesast i sin heilskap lengre bak i dokumentet. Oppsummering - Kva er viktig for barn og unge i Kvinnherad? Attraktiv Attraktiv handlar, i følgje planprogrammet om korleis Kvinnherad kommune kan arbeide for å vere attraktiv for innbyggjarar og for dei som potensielt skal flytte hit. Dette perspektivet ligg som ei ramme rundt utviklinga til kommunen vår. Det handlar om blant anna arbeid, senterstruktur, velferdsordningar, arbeidsmarknadspolitikk, utdanningstilbod og infrastruktur og er sentrale punkt som set rammer for enkeltpersonar si moglegheit for deltaking. Det handlar om kva som gjer at folk skal velje å bu i vår kommune. Gruppa denne rapporten samlar innspel frå vil ha heilt naturlege forskjellar i kva dei er opptekne av når det gjeld attraktivitet. Det viser seg likevel nokre fellestrekk. Under er det forsøkt henta ut frå innspela kva denne aldersgruppa meiner er attraktivt med kommunen og kva som bør satsast på framover for å verte enda meir attraktive. Kva er attraktivt med Kvinnherad kommune For barn, ungdom og unge vaksne handlar, etter det innspela visar, attraktiv i all hovudsak om det å ha tilgang til arbeid og aktivitet, om å ha butikkar å handle i, om å bli høyrde i det som angår dei og om rett og slett å ha mogelegheiter til deltaking i eigen kommune. Naturen og alt den har å by på vert halde fram som eit fortrinn for Kvinnherad, også frå dei unge. Det handlar om moglegheit for båtliv, fjellturar og å kunne gå på ski om vinteren. Korleis kan kommune bli meir attraktiv? Dei unge har tankar om kva som kan gjerast for at kommunen skal bli meir attraktiv for dei. Det handlar i hovudsak om tre punkt; Samferdsle og kollektivtransport; Kollektivtilbod og moglegheit for å kunne komme seg rundt i kommunen utan bil, er eit viktig punkt for heile denne gruppa. Dette handlar også om korleis komme seg til og frå kommunen i samband med arbeid eller skulegong for dei eldre ungdommane/unge vaksne. Dei er også opptekne av at me må knyte oss saman med Stord og Bergen. 3 Utdanning og arbeid og aktivitet; For dei eldre ungdommane, som er i ferd med å avslutte sin skulegong, handlar attraktivitet også om moglegheit for utdanning og arbeid, og undersøkinga dei har svara på viser at det er viktig for dei å kunne jobbe med det dei utdannar seg til og at dette med å kunne pendle ut av kommunen til eit attraktivt arbeid også er viktig. Dei yngre ungdommane er opptekne av kva utdanning som vert tilbydd i kommunen, og også at det bør vera større moglegheit for arbeid for ungdommar. Å delta og verta høyrde; Innspela visar også at dei unge har eit ynskje om å vera med å påverka og bli høyrde. Innspel som omhandlar bustad er omtala under «Frisk» Frisk Frisk handlar om faktorar som kan påverke folkehelsa gjennom heile livsløpet. Dei faktorane som er grunnleggjande for helse. Dette handlar om familien me er fødde inn i og dei føresetnadane me vert gitt gjennom oppvekstkåra som ligg til rette. For dei unge vil dette i stor grad handle om arenaer dei ferdast på i kvardagslivet. Til dømes staden dei bur, økonomi, trygge vaksne, tilgang til vener, skulen dei går på, arbeidet dei har og deltaking på fritida. «Gode kvardagsarenaer byggjer skaparkraft og identitet «Eg trur at det er viktig å ta vare på hjå dei unge og kan bidra til at dei ynskjer å kome heim dei levande bygdene, med butikkar, igjen.» skule, idrettslag og fritidsaktivitetar. Vestland – folkehelseoversikt 2019 - 2023 Vi treng folk som ønskjer å skapa samhald og som ser at ein kan få ting til i fellesskap. Vi treng Fritid og møteplassar uhøgtidlege møteplassar. Dette kan For barn og unge er trivsel og deltaking nært knytt opp mellom anna vera treningssenter, mot tilgang på gode møteplassar og meiningsgjevande hobby-verkstad, cafe, quiz og aktivitetar på fritida. føredrag lokale... m.m.» Det går igjen i alle innspela som kjem frå ungdom at dei er opptekne av gode møteplasser, der dei kan treffe vener og gjerne vere i aktivitet. Ynskje om møteplassar er felles uansett kvar i kommunen ein er heimebuande. Dei yngre ungdommane vil gjerne ha trygge vaksne i nærleiken, medan dei eldre ungdommane ynskjer stader dei kan treffe vener ein heilt vanleg tysdagskveld, eller i helger. Møtestader slik som dei unge vaksne etterspør har kommunen i svært liten grad i dag. Innspela visar at dei yngre ungdommane oppgjer nokre møteplasser dei nyttar per i dag, men kjem med mange innspel på forbetring og ynskjer tilgang til fleire møteplasser. Saman med dette heng også innspela som går på kollektivtilbodet til kommunen. 4 Det vert halde fram at det er relativt liten valfridom med omsyn til fritidsaktivitetar i vår kommune. Dei unge i Kvinnherad er aktive og deltek i stor grad i aktivitetar på fritida. Innspela viser at fritidsaktivitetar innan både kultur og idrett er viktige, men det vert etterlyst eit større mangfald enn det som er tilfelle i dag samt moglegheit for å delta uansett økonomi. Kulturskulen vert halden fram som viktig med tanke på at barn og unge får høve til å driva med og utvikla seg i ting dei likar å drive med. Det kjem også fram eit ynskje om arenaer for aktivitetar saman med familien. Spørjeundersøkinga som er gjennomført blant unge frå 12 år og opp til 25 (ref side 15,16 og 20) viser at gode aktivitetar på fritida samt gode kulturtilbod er viktig for dei fleste i denne gruppa. Erfaringane frå gjesteboda og gruppa unge vaksne støttar opp under dette, og viser til at møteplassar og aktivitetar på fritida er av stor betydning for denne gruppa. Det trygge miljøet Alle er som regel, uansett alder, oppteken av å kunne føle seg trygge og ha ein god plass å bu. Målgruppa kan sei ein del om kva som skal til for at dei skal føle seg trygge både