1200-2006-0056 Fjeldsende
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Nord- og Midhordland jordskifterett Rettsbok Sak: 1200-2006-0056 FJELDSENDE Gnr. 130 i Lindås kommune Oppstarta: 30.01.2008 Avslutta: 19.09.2011 SAKSFØREBUANDE JORDSKIFTERETTSMØTE Rettsmøtedag: 30.01.2008 Stad: Nordhordlandshallen, Isdalstø i Lindås Sak nr.: 1200-2006-0056 FJELDSENDE, gnr. 130 Saka gjeld: Krav om sak etter jordskiftelova § 2 Jordskiftedommar: Olav Bruflot Protokollførar: Rettsformann Solfrid Stigen assisterte ved protokollføringa Saka er kravd av: Ruth Fjellsende og Ketil Vetås Til handsaming: 1 Gjennomgang av kravet 2 Vidare framdrift i saka Partar: Eigar av gnr. 130/1, Ketil Vetås, Fjellsende, 5938 SÆBØVÅGEN Eigar av gnr. 130/2, Ruth Karin Fjellsende, Fjellsende, 5938 SÆBØVÅGEN Eigar av gnr. 130/5, Eva Michaelsen, Fjellsende, 5938 SÆBØVÅGEN Eigar av gnr. 130/5, Tor Henrik Quam, Fjellsende, 5938 SÆBØVÅGEN Eigar av gnr. 130/6, Gunnar Tjore, Fjellsende, 5938 SÆBØVÅGEN Eigar av gnr. 130/12, Gina Fjellsende Furevik, Søre Soltveit, 5911 ALVERSUND Eigar av gnr. 130/12, Jonny Kjetil Furevik, Søre Soltveit, 5911 ALVERSUND Eigar av gnr. 132/1, Inge Askild Alver, Soltveit-nordre, 5911 ALVERSUND Eigar av gnr. 132/3, Nils Remme, ved Oddvin Remme, Vågedalen 5, 5162 LAKSEVÅG Eigar av gnr. 132/4, Asbjørn Gerhard Knarvik, Olsvoll, 5938 SÆBØVÅGEN Eigar av gnr. 132/7, Ingvill Eide Gullbrå, Soltveit-nordre, 5911 ALVERSUND Eigar av gnr. 132/7, Bjørn Ove Isaksson, Soltveit-nordre, 5911 ALVERSUND Eigar av gnr. 132/23, 132/29, 132/36, Oddvin Remme, Vågedalen 5, 5162 LAKSEVÅG Eigar av gnr. 132/23, 132/29, Ina Remme, Eliasmarken 13, 5163 LAKSEVÅG Eigar av gnr. 132/23, 132/29, Per Ovald Thomassen, Eliasmarken 13, 5163 LAKSEVÅG Eigar av gnr. 132/30, Jan Helge Alvær, Soltveit-nordre, 5911 ALVERSUND Eigar av gnr. 132/32, Rune Alver, Soltveit-nordre, 5911 ALVERSUND Eigar av gnr. 132/35, Alfred Haukeland, Mobakken 1 A, 6869 HAFSLO Eigar av gnr. 132/41, Kjellaug Margrete Knarvik, Nordre Nattlandsfjelle 104 A, 5098 BERGEN Eigar av gnr. 133/4, Odd Arne Soltvedt, Soltveit-søre, 5911 ALVERSUND Eigedomane ligg i Lindås kommune. Til stades: Ketil Vetås, Ruth Karin Fjellsende, Jan Flekke, Tor Henrik Quam, Gunnar Tjore, Inge Askild Alver m. fullmakt frå Rune Alver, Oddvin Remme, Asbjørn Gerhard Knarvik, Bjørn Ove Isaksson, Odd Arne Soltvedt, June Breivik og Nils Kaalaas. I tillegg møtte Solfrid Stigen frå jordskifteretten. Dei andre partane var lovleg innkalla, men møtte ikkje. 1200-2006-0056 FJELDSENDE, gnr. 130Nord- og Midhordland jordskifterett 1 På spørsmål hadde ingen merknader til innkallinga til møtet eller til måten retten var samansett på. Partane har fått tilsendt kopi av habilitetsreglane i domstollova. På førespurnad kjende ingen til noko som kunne tilseie at jordskiftedommaren var inhabil. Jordskiftedommaren gjorde greie for at føremålet med munnleg saksførebuing er å avklare partstilhøva og å få oversyn over dei problema som ein ønskjer å få løyst. Dommaren gjorde merksam på at det ikkje blir teke realitetsavgjerder i dette møtet. Følgjande dokument vart framlagde: 1. Krav om sak ved jordskifteretten frå Ruth Fjellsende og Ketil Vetås datert 13.12.2006. Vedlegg 1: Notat ang. veg til Fjellsende frå Gina og Jonny Furevik. Vedlegg 2: Kopi av brev frå Lindås kommune til Ketil Vetås, datert 20.10.2006. Vedlegg 3: Kopi av brev frå Statsarkivet i Bergen til Lindås kommune, datert 10.06.2006. Vedlegg 4: Kart datert 23.10.2006 med innteikna 4 alternative trasar. 2. Forkynning av krav om sak for jordskifteretten, datert 04.01.2007. 3. Brev frå Asbjørn Gerhard Knarvik til jordskifteretten, datert 09.01.2007. 4. Brev frå Lindås kommune til jordskifteretten, datert 10.01.2007. 5. Brev frå Inge A. Alver til jordskifteretten, datert 29.01.2007. Vedlegg 1: Kopi av erklæring om tilskot til veg Alverstraumen-Fjellsende- Vetås, datert 15.08.1959. Vedlegg 2: Kopi av fråsegn omgrunnavståing og gjerdehald for veg Alverstraumen-Fjellsende-Vetås, datert 08.08.1959. Vedlegg 3: Kopi av erklæring om tilskot til andre byggetrinn av bygdeveg Alverstraumen-Fjellsende, datert 1959. Vedlegg 4: Kopi av fråsegn om grunnavståing og gjerdehald for veg Alverstraumen-Fjellsende-Vetås, datert 15.08.1959. Vedlegg 5: Kopi av fråsegn om grunnavståing og gjerdehald for veg Alverstraumen-Fjellsende-Vetås, datert 08.08.1959. 6. Oversending av dokument 3, 4 og 5 til partane, datert 05.02.2007. 7. Brev frå Alfred Haukeland og Oddvin Remme til jordskifteretten, dat. 12.02.2007. 8. Brev frå Nils Remme ved Oddvin Remme til jordskifteretten, dat. 12.02.2007. 9. Brev frå Rune Alver til jordskifteretten, datert 18.02.2007. 10. Brev frå Per Thomassen m.fl. til jordskifteretten, datert 21.02.2007. 11. Oversending av dokument nr. 7-10 til partane, datert 29.05.2007. 12. Brev frå Ruth Fjellsende til jordskifteretten, datert 08.10.2007. Vedlegg 1. Kopi av brev frå Lindås kommune om drøftingsmøte for veg til Fjellsemde, datert 20.03.2006. 13. Innkalling til saksførebuande rettsmøte den. 30.01.2008, datert 29.11.2007. 14. Fullmakt frå Rune Alver til Inge A. Alvær datert 20.01.2008. 15. Kopi av kart som syner LNF-område der friluftsliv er dominerande, målestokk 1:3500. 16. Kopi av arealdel til kommuneplan for Alverstraumen. 1200-2006-0056 FJELDSENDE, gnr. 130Nord- og Midhordland jordskifterett 2 Dokumenta vart referert så langt partane ønskja det. Rettsformannen orienterte om jordskifteretten og kva sak som er kravd, og korleis slike saker vert handsama handsaminga. Jordskifteretten orienterte partane om jordskiftelova §§ 1, 2, 3 bokstav a, 17, 42, 43 første og andre ledd. Rekvirentane Ketil Vetås og Ruth Fjellsende v/Jan Flekke gjorde greie for kravet. Deretter fekk dei andre partane ordet etter tur og heldt fram det dei ønskja. Det vart gitt høve for replikk. Lindås kommune v/Nils Kaalaas orienterte kort om at kommunen har prøvd å løyse vegsaka, utan å få partane samde om vegtrasé. På førespurnad hadde ingen partar merknad til at jordskifteretten nyttar Nils Kaalaas frå Lindås kommune og Ottar Haugen frå Fylkesmannen i Hordaland som sakkunnig i samband med planlegging av veg til Fjellsende, dersom saka vert fremma. Retten tok deretter pause frå 11.00 til 11.45, før møtet heldt fram med synfaring i marka. Før pausen opplyste rettsformannen at det var frivillig å vere med på synfaringa under dette saksførebuande rettsmøtet. Til stades under synfaringa: Ketil Vetås, Jan Flekke, Inge Alver, Nils Kaalaas, June Breivik, Odd A. Soltveit, Oddvin Remme, Asbjørn Knarvik og Solfrid Stigen frå jordskifteretten. Under synfaringa vart trasé for vegalternativ 1 og 3 påvist. Vegalternativa er skissert og ikkje nøyaktig planlagt. Det vart også påvist noko granskog som kan ha nytte av vegutløysing. Merknader frå partane: Ketil Vetås: Han er ”hobby-bonde” og har nokre villsauer. Garden har ikkje veg som er brukeleg. Dei må køyre med firehjulstrekkar via nabogardane i Radøy for å kome til post og kommunesenter i eigen kommune. Postadressa er difor i nabokommunen Radøy. Dei må sjølv frakte vekk bosset fordi søppelbilen ikkje kjem fram til dei. Det har vore drøfta planer om veg til Fjellsende sidan 1938, utan at det har blitt noko løysing. Det har vore mange møter, men ikkje noko semje om veg. Dei fikk difor anbefalt å krevje jordskiftesak for å få til ei vegløysing. Det er ein gamal vegrett for Fjellsende i retning nordre Soltveit. Ruth Fjellsende v/Jan Flekke: Ho driv gardsbruk med sau og villsau. Dei har dårleg tilkomst, og all transport må skje med eigen tilhengjar eller traktor. Dei har ingen skog, men dei slår graset på fleire andre eigedomar. Det er imidlertid vanskeleg å få frakta graset til garden når vegen er so dårleg. Gunnar Tjore: Han har bustadeigedom på Fjellsende og ønskjer veg. Han meiner dei har ein gamal vegrett i retning Soltveit. I dag må dei køyre via nabokommunen Radøy. Tor Quam: Han har bustadhus på Fjellsende og ønskjer å få brukande veg fram til eigedomen. Han syner til innleverte dokument frå 1959 som gjeld vegrett. 1200-2006-0056 FJELDSENDE, gnr. 130Nord- og Midhordland jordskifterett 3 Inge Alver: Han syner til innsendt brev, jf. dok. nr. 5. Han eig utmark med skog som vil ha nytte av vegutløysing. Han har tidlegare bygd ein traktorveg fram til skogen. Odd Arne Soltveit: Han har lite skog og har berre tatt ut ved av sin eigedom. Han ser ikkje at han har noko nytte av ny veg. Han har ikkje beiteområdet eller skogsdrift. Bjørn Ove Isaksson: Han har eit bustadhus som ligg inntil vegalternativ ein. Han har tilfredsstillande veg i dag og er ikkje interessert i ny veg. Oddvin Remme: Han har hytte som ligg langs vegalternativ 1. Dersom det vert veg kan han køyre heilt fram til hytta. Han synes det vert stygt med mye sprenging og minner om at det ligg brønnar i traséen til vegalternativ nr. 1. der. Både alternativ 1 og 2 vil berøre vassleidning. Eigedomene bnr. 23 og 29 vert ikkje berørt av vegsaka. Eigedomen til Nils Remme, gnr. 132 bnr. 3 har ingen nytte av veg. Store deler av utmarka er utlagt til turområde. Asbjørn G. Knarvik: Utmarka som høyrar til gnr. 132 bnr. 4 består av lyng og einer. Det står ikkje noko planta skog på teigen. Han har difor ingen nytte av vegen, men forstår at rekvirentane ønskjer vei. Nils Kaalaas frå Lindås kommune: I kommuneplanen er vegalternativ nr. 1 innteikna og godkjend som veg til Fjeldsende. Det må søkes om bygging av landbruksveg dersom andre vegtraséar enn alternativ nr. 1 skal byggast. ---------------------------------------------- Under synfaringa vart det halde fram at Radøygruppen og Frank Mohn har planar for eigedomar i Radøy og Lindås, som kan få verknad for kvar vegtraséen til Fjeldsende bør leggjast. Det vart og halde fram at det har vore offentlege planar for ny veg over Alverstraumen og vidare til Radøy, som kan få verknad for saka. Jordskiftedommaren gjorde merksam på at det er partane sitt ansvar å skaffe fram dokument og andre bevis.