Laksesmolt Frå Oselva, Granvinsvassdraget Og Eio 2018- Utvandringstidspunkt Frå Elv Og Fjordvandring
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
2019 INAQ Rapport Laksesmolt frå Oselva, Granvinsvassdraget og Eio 2018- utvandringstidspunkt frå elv og fjordvandring Delrapport: Salmon Tracking 2020 Henning Andre Urke Helge Bostwick Bjerck Torstein Kristensen Jo Arve Alfredsen Thrond Oddvar Haugen 1 Refererast som: Urke, H.A., Bjerck, H. B., Kristensen, T., Alfredsen, J.A. & Haugen, T.O.2019. Laksesmolt frå Oselva, Granvinsvassdraget og Eio 2018- utvandringstidspunkt frå elv og fjordvandring. INAQ Rapport 1528-1. Trondheim, juli 2019 RETTSHAVAR INAQ AS. Publikasjonen kan siterast fritt med referanse til kjelda TILGJENGE Open PUBLISERINGSTYPE Digitalt dokument (pdf) KVALITETSSIKRA AV Randi N. Grøntvedt, INAQ AS OPPDRAGSGJEVAR PO3 Kunnskapsinkubator Kunnskapsdepartementet FRAMSIDEBILDE Vest om Varaldsøy i midtre del av Hardangerfjorden med fri sikt mot havet. NØKKELORD Akustisk telemetri, akvakultur, laks, smoltutvandring, vandringsåtferd KEY WORDS Acoustic telemetry, aquaculture, Atlantic salmon, smolt migration, migration behaviour Henning Andre Urke ([email protected]), INAQ AS, 7462 Trondheim. Helge Bostwick Bjerck ([email protected]), Fakultet for akvakultur og biovitenskap, Nord universitet, 8049 Bodø. Torstein Kristensen (torstein. [email protected]), Fakultet for akvakultur og biovitenskap, Nord universitet, 8049 Bodø. Jo Arve Alfredsen ([email protected]), Institutt for Teknisk Kybernetikk, NTNU, 7491 Trondheim. Thrond Oddvar Haugen ([email protected]), Fakultet for miljøvitenskap og naturforvaltning, Norges miljø‐ og biovitenskapelige universitet, NMBU, 1432 Ås. 3 Innhald Abstract ..................................................................................................................................... 6 Samandrag ................................................................................................................................ 7 1 Innleiing ......................................................................................................................... 8 1.1 Målsetjingar ................................................................................................................. 8 2 Metodikk ........................................................................................................................ 9 2.1 Områdeskildring .......................................................................................................... 9 2.1.1 Oselva .................................................................................................................. 9 2.1.2 Granvinsvassdraget .............................................................................................. 9 2.1.3 Eio (Eidfjordvassdraget) ...................................................................................... 9 2.1.4 Bjørnafjorden og Hardangerfjorden ................................................................... 10 2.2 Innsamling og akustisk merking av fisk .................................................................... 10 2.3 Stasjonsnett med passive lyttebøyer .......................................................................... 10 2.4 Vassføring og -temperatur i vassdraga ...................................................................... 12 2.5 Vertikalprofilar for salinitet og temperatur i fjorden ................................................ 12 2.6 Kvantitative analysar ................................................................................................. 13 2.6.1 Merking-attfangstanalysar: overlevings- og observasjonssannsyn .................... 13 3 Resultat ........................................................................................................................ 15 3.1 Utvandringstidspunkt ................................................................................................ 15 3.2 Fjordvandring ............................................................................................................ 18 3.2.1 Opphaldstid i elveosen ....................................................................................... 18 3.2.2 Vandringsfart og opphaldstid ............................................................................. 18 3.2.3 Estimert overleving i ulike delar av utvandringsruta ......................................... 21 3.2.4 Vandringsdjup .................................................................................................... 22 4 Diskusjon ..................................................................................................................... 23 4.1 Metodikk og datakvalitet ........................................................................................... 23 4.2 Vandring og overleving ............................................................................................. 24 4.2.1 Utvandringstidspunkt ......................................................................................... 24 4.2.2 Framdrift i fjordsystemet ................................................................................... 25 5 Konklusjon................................................................................................................... 26 6 Vidare arbeid ............................................................................................................... 27 7 Referansar ................................................................................................................... 28 4 Forord I «Salmon Tracking 2020» prosjektet skal det mellom anna gjerast ei kartlegging av vandringsmønster til laks og aure frå Eio, Granvinsvassdraget og Oselva ved bruk av akustisk fisketelemetri over tre år. Denne rapporteringa gjeld laksesmolten som vart akustisk merka i april 2018. Vi vil takke oppdrettsaktørane for bistand med utplassering og tilsyn av lyttebøyer og Os Elveeigarlag, Os sportsfiskarlag, Granvin Grunneigarlag, Granvin Sportsfiskarlag, Eio Grunneigarlag, Unik Filter AS, Granvin Herad og Eidfjord kommune for tilrettelegging av fasilitetar i vassdraga. Utan denne innsatsen hadde ikkje prosjektet latt seg gjennomføre. Vi takkar vidare Jarle Molvær for samanstilling av vertikalprofilar for temperatur og salinitet og Knut Alfredsen for innhenting av data på vassføring. John Birger Ulvund, Eskil Bendiksen, Ove Kambestad, Geir Ove Henden, Rune Holm, Torkjell Grimelid, Eivind Hvam og Benjamin Eilertsen, skal alle ha stor takk for bistand under feltarbeidet. Prosjektet er finansiert av PO3 Kunnskapsinkubator AS og Kunnskapsdepartementet (KD). To masterstudentar frå NMBU og ein Ph.D-grad finansiert av KD i regi av Nord universitet, er så langt involvert i gjennomføringa. Trondheim 10.7.2019 Henning Andre Urke INAQ AS 5 Abstract A study of migration timing and marine migration behaviour of Atlantic salmon (Salmo salar) smolts/post-smolts was conducted using acoustic telemetry in the rivers Eio, Granvinselva and Oselva and the adjacent Hardanger and Bjørnafjord fjord system, Western Norway. During April 2018, 74, 86 and 93 salmon pre-smolt individuals from Eio, Granvinselva and Oselva, were captured (electric fishing) and tagged with acoustic transmitters. 80-94% of the tagged salmon were recorded as migrants (i.e. detected in the estuaries and beyond). The tagged salmon post-smolts from Eio and Granvinselva moved rapidly through the estuary and westwards to the coast, using on average 9.2 days to reach the outer fjord areas, predominantly using the upper 1-2 meters of the water column. A sequential Cormack-Jolly-Seber model revealed no distinct survival bottleneck sections for the tagged salmon post smolts. The resulting minimum total fjord-migration survival probability was 21 % and 42 % for the smolt from Eio and Granvinselva, respectively. Residence time in the middle and outer fjord areas, presumed to be the major impact area of aquaculture in terms of sea lice infection pressure, was short and took place earlier in the spring for most individuals than assumed in the current sea lice infection risk model. This study has provided novel knowledge about the migratory behaviour of salmon smolt from the three rivers in the study. Samandrag Kartlegging av utvandringstidspunkt og marin åtferd til smolt av laks vart undersøkt ved hjelp av akustisk fisketelemetri (AT) i Eio (Eidfjordvassdraget), Granvinselva (Granvinsvassdraget) og Oselva sesongen 2018. I april 2018 vart totalt 74, 86 og 93 pre- smolt av laks frå Eio, Granvinselva og Oselva akustisk merka. 80, 81 og 94% av fisken vart registrert som utvandra i alle vassdraga. I 2018 var mediant utvandringstidspunkt for akustisk merka laksesmolt frå Eio, Granvinselva og Oselva høvesvis 17. mai, 12. mai og 20. mai. Mediant utvandringstidspunkt for laksesmolt frå desse vassdraga er i trafikklysregimet sett til 28. mai, 21. mai og 14. mai. Laksesmolten frå Eio og Granvinselva hadde kort opphaldstid i osområda, og søkte seg raskt utover mot kysten, med gjennomsnittleg framdrift på 0,85 kroppslengder i sekundet. Laksesmolten frå Eio og Granvinselva nyttar i snitt 9,2 dagar på å vandre frå osen og ut til ytre del av Hardangerfjorden, og dei vandrar i det øvste vasslaget (1-2 m). Ei sekvensiell merking-attfangstanalyse (Cormack-Jolly-Seber parameterisering) fann ingen markerte flaskehalsar i overleving for laksesmolten på strekninga frå elv til ytre fjord. Den totale estimerte overlevinga ut til dei ytre fjordområda vert høvesvis på minst 21 % og 42 % i Eio og Granvinselva. Denne studien har gjeve reelle data på opphaldstid og vandring i fjordsystemet til vill laksesmolt frå tre vassdrag som utgjer 28 % av den estimerte smoltproduksjonen i produksjonsområde