Good Evening Europe, This Is Norway
Good evening Europe, this is Norway Ei innhaldsanalyse av dei tre internasjonale Eurovision Song Contest- finalane arrangert i Noreg Silje Marie Hatlestad Masteroppgåve i medievitskap Institutt for informasjons- og medievitenskap Universitetet i Bergen Juni 2011 Føreord Store fjernsynshendingar som får millionar av menneske til å samle seg framfor fjernsynsapparatet nøyaktig til same tid, har fascinert meg lenge. Ved slike høve har eg alltid sete klistra til skjermen, livredd for å gå glipp av noko som alle andre får med seg. Eg fekk verkeleg kjenne på kroppen korleis det var å vere utanfor fellesskapet, då eg våren 2009 var på utveksling i Australia. Dårleg internettforbindelse og sending i opptak grunna tidsforskjell, gjorde at eg måtte droppa verdas største underhaldningsprogram, Eurovision Song Contest. Eg vakna klokka sju på morgonen 17.mai av følgjande SMS frå mamma: ”Du må våkne, Norge har vunne Grand Prix”. Eg visste det ikkje då, men dette vart starten på mi masterreise. Eit år med sjølvstendig skrivearbeid ligg bak meg. Likevel kunne eg ikkje gjort dette utan støtte frå andre. Ein stor takk til rettleiar Anders Johansen, for inspirerande og konkrete tilbakemeldingar. Takk til flotte studievenninner og studiekameratar i 6.etasje, for hjelp, oppmuntrande ord og god stemning. Takk til vener, familie, sangstudiner og kollegaer, for at de har trua på meg. Takk til pappa for glimrande nynorsk korrektur, ikkje berre på denne oppgåva, men gjennom heile studietida. Sist men ikkje minst, takk til min kjære Karsten for tolmod, støtte, og for at du alltid lagar middag. 1 Innhaldsliste 1.Innleiing ......................................................................................................................................... 4 2. Metode ......................................................................................................................................... 6 2.1 Tekstanalyse ...........................................................................................................................
[Show full text]