Møteinnkalling
Total Page:16
File Type:pdf, Size:1020Kb
Side 1 av 1 MØTEINNKALLING Organ: FAGOPPLÆRINGSNEMNDA Møtestad: Lavik Fjord Hotel, Lavik Møtedato: 04.02.2019 Tid: 11:00 Medlemene blir med dette kalla inn til møtet. Eventuelt forfall må meldast til utvalssekretæren straks. Varamedlemer møter berre etter særskild innkalling. SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. / Tittel 1/19 19/583 Skriv og meldingar FON Agenda for møtet: - Ny organisering, fylkesdirektør for opplæring Sogn og Fjordane Bekka Skaasheim - Synleggjering av oppdraget - Samansetning av fagopplærings-/yrkesopplæringsnemnd i nye Vestland fylkeskommune https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/horing-av-forslag-til-endring-i- opplaringsloven.-opplaring-i-kvensk-og-yrkesopplaringsnemnder/id2615716/ o Utfordringar by og land o Kva vil nemndene vektleggja for samansetjinga o Kva saker er viktige for nemnda o Kva arbeidsform – tal møte o Størrelse på nemnda – arbeidsutval - Oppnemning av prøvenemnder i nye Vestland fylkeskommune, jf. dokument under sak 1/19: Skriv og meldingar FON o Partane si rolle o Kriterier MØTEBOK Organ Fagopplæringsnemnda Møtestad Lavik Fjord Hotel, Lavik Møtedato 04.02.2019 Kl. 11:00 – 15:45 Faste medlemer til stades: Tom Knudsen (NHO) leiar Nils P. Støyva (LO) Karen Marie Hjelmeseter (HNK) Henrik Oppen (HO) Jasmin Eminovic (Lærarorg.) Elisabeth Solhaug (lærlingrepr.) Eli Grov Østerbø (LO) Gunnlaug Olsvoll Røed (KS) Hildegunn Tretteteig (YS) Forfall til møtet: Hans-Jacob Sunde (VIRKE) Festus Kwizera (elevrepr.) Varamedlemer til stades: Ingen vararepr. hadde høve å møta Til stades med møte- og talerett: Fylkesdirektør Bekka Skaasheim Roald Sandnes (repr. opplæringskontora) Sekretariat for møtet: Teamleiar Sissel Brusegard Ingen merknader til innkalling og sakliste. Møtet var eit fellesmøte med yrkesopplæringsnemnda i Hordaland. Utvalet vedtok ope møte. Fagopplæringsnemnda valde møteleiar og Hildegunn Tretteteig til å godkjenne møteboka på vegner av organet. Munnlege orienteringar/drøftingar: - Ny organisering, fylkesdirektør for opplæring Sogn og Fjordane Bekka Skaasheim - Synleggjering av oppdraget - Samansetning av fagopplærings-/yrkesopplæringsnemnd i nye Vestland fylkeskommune https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/horing-av-forslag-til-endring-i- opplaringsloven.-opplaring-i-kvensk-og-yrkesopplaringsnemnder/id2615716/ o Utfordringar by og land o Kva vil nemndene vektleggja for samansetjinga o Kva saker er viktige for nemnda o Kva arbeidsform – tal møte o Størrelse på nemnda – arbeidsutval Møtebok Fagopplæringsnemnda 04.02.2019 SAK 1/19 Skriv og meldingar Følgjande skriv vart handsama: 1. Oppnemning av prøvenemnder i Vestland frå og med 01.01.20 -------------------------------------------------------- Side 2 av 2 Side 1 av 1 Saksframlegg Saksbehandlar: Merete Husabø Nornes, Opplæringsavdelinga Sak nr.: 19/583-1 Skriv og meldingar FON 2019 1. Oppnemning av prøvenemnder i Vestland frå og med 01.01.20 Side 1 av 3 Opplæringsavdelinga Sakshandsamar: Sissel Brusegård E-post: [email protected] Tlf.: 40524464 Vår ref. Sak nr.: 18/9583-2 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 4428/19 Dykkar ref. Notat Dato LEIKANGER, 29.01.2019 Til: Fagopplæringsnemnda i SFFK og yrkesopplæringsnemnda i HFK Frå: Fylkesdirektørane for opplæring i SFFK og HFK Oppnemning av prøvenemnder i Vestland frå og med 01.01.20 Rettsleg grunnlag Opplæringslova §§ 4-8, 12-3 6. ledd Forskrift til opplæringslova § 3-52 Samandrag Prøvenemnder vert oppnemnd og administrert av fylkeskommunen, jf. opplæringslova § 4-8 og forskrift til opplæringslova § 3-52. Kvar nemnd skal ha minst to medlemmer som har formell fagleg kompetanse innanfor fagområdet, og dei skal så langt det er mogeleg ha oppdatert arbeidslivserfaring i faget. Frå 01.01.20 skal prøvenemndene være oppnemnd i og skal utføre oppdrag for Vestland fylkeskommune. I oppnemninga vil vi ta geografiske omsyn for i størst mogeleg grad å unngå lange reiser for prøvenemndene. Begge fylka må ha ei felles forståing av kva kriterier som skal gjelde for oppnemning og honorering av prøvenemndsmedlemmer. Oppnemning og opplæring må være fullført i løpet av hausten 2019, slik at nemndene er i funksjon frå 01.01.20. Fylkeskommunen har ansvaret for å sikre at prøvenemndsmedlemmene har fått opplæring i dei formelle lovar og reglar som gjeld for arbeidet og at dei har vurderingsfagleg kompetanse før dei starter arbeidet som prøvenemnd. Prøvenemndene vert og nytta som yrkesutval. Yrkesutvala kan nyttast til dømes ved godkjenning av nye lærebedrifter og i andre saker der fylkesadministrasjonen treng ei fagleg vurdering. Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune må sikre likeverdige tilhøve for alle parter, og må være einige om - oppnemningsperiode - kriterium - opplæring - honorering av arbeidet Arbeidet med prøvenemnder er ein svært viktig oppgåve for fylkeskommunen. I Vestland vil vi ha trong for om lag 1100 personar for å gjennomføre ca. 4000 prøver pr. år i meir enn 100 ulike fag. Fag- og sveineprøver vert gjennomført heile året, men med det største talet prøver i mai-juni og i august-september. Besøksadresse: Postadresse: E-post: Telefon: Bankgiro: [email protected] 57638000 4212 02 02000 Fylkeshuset Askedalen 2 Heimeside: Org.nr : 6863 LEIKANGER www.sfj.no NO 941 388 841 MVA Side 2 av 3 Det er viktig at partane i arbeidslivet kjem med forslag på kandidatar til prøvenemndene. Partane må ha eigarskap til fagopplæringa for å sikre at medlemmer i prøvenemndene kjem frå både arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida, og at prøvenemndsmedlemmene får høve til å utføre det viktige arbeidet med å vurdere fag- eller sveineprøver for nye fagarbeidarar. Kriteria for arbeidet i prøvenemndene Oppnemningsperiode Prøvenemndsmedlemmer vert oppnemnt for ein periode for 4 år frå og med 01.01.20 og føl fylkestingsperiodane. For å sikre at det er nok tid til opplæring av prøvenemndene før årsskiftet, vert oppnemninga gjort om lag 6 mnd. før ny periode startar. Medlemmar i prøvenemnd kan som hovudregel ikkje være oppnemnd for meir enn tre samanhengande periodar. Vi har mange medlemmer som har vore i prøvenemnd samanhengande sidan 90-tallet. Samtidig som dei sikrar kontinuiteten i arbeidet, skjer det av og til at nokon får eit usunt eigarskap til faget og til måten å gjennomføre prøvene på. Det er sunt med utskifting av medlemmer i prøvenemndene med jamne mellomrom. Slik kan ein jamt sleppe nye fagfolk til som kan sjå på prøvegjennomføringa med nye auge. I nokre fag kan det være vanskeleg å skaffe nye medlemmer i prøvenemnda fordi faget og fagmiljøa er små. I slike tilfelle må hovudregelen for oppnemninga vurderast. Kompetanse Medlemmer i prøvenemnd skal ha fag- /sveinebrev og som hovudregel være aktiv i faget. Dei må ha oppdatert kompetanse og oppdatert arbeidserfaring i faget. I nye fag kan minimum 5 års praksis i faget erstatte fag- /sveinebrev. Prøvenemndene har en overordna rolle i å kvalitetssikre sitt fag ved å vurdere sluttkompetansen for kandidaten. Medlemmer i prøvenemnd må ha relasjonskompetanse, gode kommunikasjons- og samarbeidsevner samt gode digitale og skriftlige ferdigheter. Fylkeskommunen skal sikre at prøvenemnda har tilfredsstillande kompetanse til å vurdere prøva før dei startar sitt arbeid. Dei som vert oppnemnd må ha interesse for ungdom og stor interesse for faget. Dei må ha høve til å få fri frå sitt vanlege arbeid for å utføre sitt verv som prøvenemndsmedlem. Dette må være avklart med arbeidsgjevar på førehand. Medlemmane må normalt vere eksterne til lærebedrifta og skulen der kandidaten har fått opplæring. Når ein er oppnemnt i prøvenemnd, er det ein plikt å delta på prøver og å arbeide for ei effektiv prøveavvikling slik at det ikkje vert for lang ventetid for kandidatane. Det siste er særs viktig etter at nye forskrifter gir lærlingar og lærekandidatar rett til å få avlagt sin prøve før læretida er omme. Opplæring Fylkeskommunen arrangerer kurs og møter for prøvenemndene for å sikre at prøvene vert gjennomført etter regelverket. For perioden som startar 01.01.2020, må opplæringa for dei 25 største faga bli gjennomført hausten 2019 og være ferdig innan årsskiftet. For dei mindre faga kan opplæringa bli gjennomført i perioden januar-mars 2020. Fylkeskommunen vil og arrangere kurs og møter jamleg i løpet av den 4-årsperioden oppnemninga gjelder for. Den einskilde medlemmen i prøvenemnda har plikt til å delta på etterutdanning og møter som fylkeskommunen arrangerer for nemnda. Kurs og samarbeidsmøter er obligatorisk for både nye og gamle medlemmer slik at dei alltid er oppdaterte om ev. endringar i lover, forskrifter og læreplanar i perioden. Vurderingskompetansen kjem til å få større merksemd i opplæringa av nemndene framover. Medlemmer som ikkje deltek på kurs, vil ikkje bli brukt i prøvenemnda. I 2019 og 2020 kjem det til å bli trong for meir midlar i budsjettet til opplæring av prøvenemndsmedlemmer enn det som vi bruker i resten av oppnemningsperioden. Klager Fylkesdirektøren må ha høve til å permittere medlem frå arbeid i nemnda dersom fagopplæringa får gjentekne klager frå kandidatar eller bedrifter på måten prøvene vert gjennomførte. Side 3 av 3 Ny oppnemning i Vestland fylkeskommune Ved ny oppnemning av prøvenemnder, vil vi ta kontakt med dei prøvenemndene vi har og informere om kva kriterier som gjeld. Dei kan be om å få fortsette i prøvenemnd gitt at kriteria er oppfylte. Når fylkeskommunane har fått oversikt over kven som skal halde fram og kva behovet for nye medlemmar er, tek vi kontakt med partane i arbeidslivet og informerer om behovet og frist for tilbakemelding. Det er særs viktig at dette arbeidet har ei god forankring i yrkesopplæringsnemnda/ fagopplæringsnemnda,